Til toppen

Truverde på spel


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Då Åsne Seierstad kasta seg mot bakken midt under tv-opptak i Bagdad, vart krigen røyndom for alvor. Den profesjonelle roa var borte. I staden såg vi ei redd jente. For sjåartala sin del kunne ingen produsent ha planlagt det betre. I moderne kringkasting baserer truverdet seg på personlegdom. Det er eit skjørt forhold.

Åsne Seierstad står trassig framfor kamera i Bagdad og fortel kva som skjer. Ho er eit storøygd vitne til verdshistoria nett no, akkurat der. Stemma frå Bagdad er roleg og kontrollert. Ho er ein kjølig observatør, og hennar stoiske ro vert endå meir stoisk etter kvart som alle sjåarane får sjå meir og meir av krigen som rasar rundt henne. Uansett kva ho rapporterer, risikerer ein at det er ho som vert tema i dei norske stovene. «Korleis greier ho å jobba så mykje og vera så roleg», kan me tenkja. Eller: «Ho let seg ikkje vippa av pinnen, ho der.»

Erling Lægreid, derimot, er ikkje synleg for lyttarar av radio. Men sjølv den som aldri har sett mannen, vil sjå han for seg. Det er ikkje ein redd liten journalist med flakkande blikk som sit der i studio. Det er ikkje ein småivrig kjekkas som briskar seg. Det er ikkje ein kosepratar som dullar ved mikrofonen. Lægreid har ei stemme som signaliserer at han har levd ei stund, veit ein del. Han har det ikkje travelt, han ser med ei viss oppgittheit og tidvis arroganse på det som skjer rundt han i verda. Slik lever Erling Lægreid i medvitet til lyttaren lenge etter at det han sa, er gløymt.

Me høyrer kva dei seier, både Lægreid og Seierstad. Me får jamvel med oss litt av innhaldet. Men noko anna er meir sentralt enn fakta, nemleg måten ting skjer på. Måten journalisten opptrer og fører seg på. Personlege forhold er eit vesenstrekk ved kringkastinga, og her står det sanselege og det nærverande ved lydar og levande bilete heilt sentralt. Både Seierstad og Lægreid gir oss stemningar som er knytte til det me oppfattar som personlegdomen deira.

Desse emosjonelle kvalitetane er ikkje eit randfenomen i yrket, slik det tradisjonelt har vorte oppfatta i utdanning og lærebøker. Vår meining er at dei i staden er vortne sjølve kjernen i radio- og fjernsynsjournalistikk.

Spelet om personlegdomen

Menneske-stemmer er stemningsskapande. Dette vert slått fast allereie i 2. Korintarbrevet, der Paulus seier at «bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande». Frå den mørke mellomalderen til slutten av det 19. hundreåret stod skriftkulturen sterkt, men med utviklinga av radio og fjernsyn har vekta på det levande og personlege vorte dyrka til nye historiske høgder.

I norsk kringkastingshistorie byrja det med Rolf Kirkvaag. I etterkrigstida vart han sakte, men sikkert etablert som eit kjenne- merke for NRK, ein ung, dynamisk nordmann, ein kjernekar og eventyrar. Kirkvaag prata lett og uforpliktande med gjestene. Han serverte blødmer og halvkveda viser, og var den verdsvande damenes Jens. «Kirkvaag-metoden» innebar ein lågmælt, men tydeleg personlegdom med mykje indirekte merksemd på seg sjølv i studiesituasjonen. Ideen om å tillata seg å vera personleg på lufta var importert frå USA.

Med Kirkvaag slapp NRK laus ein sterkare sosial identifikasjon i norsk radio enn det som hadde vore vanleg før krigen. Programleiarane var mindre formelle i stilen enn kva rikskringkastinga tradisjonelt hadde tillate. Kirkvaag var såleis ein av dei fyrste som var dus med dei tusen heimar, sjølv om det skjedde på 1950-talet sin distanserte måte, og utan at han nokosinne titulerte samtalepartnaren med «du».

Gjennom tiåra vart det klarare at personlegdom var i ferd med å verta eit yrke, der menn så ulike som Erik Bye, Kjell Edlund, Herbjørn Sørebø og Knut Bjørnsen alle levde av å levera ein personlegdom med journalistikken sin. Og med kommersielt TV har det utvikla seg eit breitt persongalleri for norsk TV. Det har vorte stadig vanskelegare for mediepersonlegdomar å hevda seg med ei eintydig framtoning, samanlikna med monopoltida. I ein kultur der personlegdom er eit yrke, vert det vanskelegare å verta akseptert som faktisk oppriktig, og lettare å verta oppfatta som ein posør blant mange andre. Aktørane i denne bransjen vert difor tvinga til å satsa på høgt personleg truverde (1).

Personlegdomsprofilar har vorte merkevare, og aktørane utviklar sinnrike strategiar for å verta mest mogleg effektive i den personlegdomen dei har valt. Dei dresserer sitt eige sosiale sjølv for kamera og mikrofon. Ein god stemningsskapar må kunna setja seg sjølv i eit passande humør for kvar einaste tenkjelege situasjon, vera i stand til å seia interessante ting, og vera imøtekommande utan å verka kunstig. Alle aktørane freistar å opptre så naturleg som sjangeren tillet dei, i ulike dosar gir dei unikt av seg sjølve. Dei er «sjølvspelarar», som Espen Ytreberg har sagt om redaksjonen i Mamarazzi på NRK P3 (2). Og: Jo fleire folk som synest Erling Lægreid er ein sjarmerande og farleg mann å høyra på, desto meir vellukka er den retoriske veremåten hans.

Kjensler gjennom apparatet

Stemmer og stemningar utgjer dermed eit viktig journalistisk felt i etermedia fordi det faktisk vekkjer kjensler hjå publikum, ikkje trass i. Retoriske stemningar og kjensler er syskenbarn i kringkastinga, og det er ein lønnsam strategi. Treffer ein med appellen, er det rom for store lyttar- og sjåartal. Til dømes har P4 konstruert ei sosial grunnstemning som passar for arbeidsdagen til svært mange nordmenn (ca. 20 % av lyttarmassen kvar dag).

I jungelen av medietilbod er det såleis ofte magen og ikkje hovudet som avgjer programvalet for lyttarar og sjåarar. Retorisk identifikasjon, snakka Kenneth Bruke om, og tenkte då på ein bevisst bruk av nærheit, intime kjensler og psykologi for å skapa identifikasjon hjå den andre (3).

Dette gjeld for både radio og fjernsyn. Ta dømet Åsne Seierstad. Ein av dei få gongene ho «vert seg sjølv», er då ho spring ut av kamerabiletet for å søkja dekning då det smell frå gevær i nærleiken. Dette skjer under rapportering for svensk fjernsyn, men klippet går fleire gonger på norsk fjernsyn. Av alle Seierstad sine rapportar frå Bagdad er det den der ho viser at ho kjenner seg truga, som vert vist om att og om att. Fordi ho har vore så nøktern i rapportane, vert dette vesle spranget vekk frå kamera svært dramatisk. Seierstad er ikkje den som søkjer dekning for det minste – det veit me frå før. Her seier ho ikkje eit ord, men spring. Bagdad-Åsne viste mot, og det er viktig for fascinasjonen vår. Når vert redd, vert vi redde. Krigen vert brått verkelegare.

Teknologi vert altavgjerande, og her er det eit interessant paradoks. Jo mindre spektakulære verkemidla er, desto større kan kjensla av drama vera. Fordi teknologien bak radio- og fjernsynsformidling er så følsam, med fargebilete, berbart utstyr og krystallklar lyd, har den kome så nær på oss alle. TV-overføringa skapar ofte ei kjensle av at eg er der, eller du er her hjå meg. Anders Johansen snakkar om fjernsynet sin «lavtrykksstil» (4), og tenkjer på at heile ansiktet fyller ruta, og siklet kan sjåast på haka viss ein ikkje er forsiktig. Jo mindre spektakulære verkemidla er, desto større er kjensla av nærvær – og ein sterk og påtakeleg identifikasjon kan oppstå. Åsne Seierstad smatt ut av kamerabiletet, medviten om si offentlege rolle, men samstundes som ein redd privatperson. Ho viste ei menneskeleg svakheit, og den gjorde kommunikasjonen ekstra sterk.

Bileta utgjer ein stor forskjell i journalistane sitt arbeid med retoriske stemningar. Fjernsynet er alltid mest spektakulært, medan radioen er basert på stemma åleine, og difor gir rom for meir intense personlege stemningar. I pakt med salige Marshall McLuhan slår me fast at:

Radio pregar dei fleste på ein intim måte, person til person, og tilbyr ei verd av uuttalt kommunikasjon mellom manuskript-talaren og lyttaren. Dette er det umiddelbare aspektet ved radio. Ei privat erfaring (5).

Åsne Seierstad smatt ut av kamerabiletet, medviten om si offentlege rolle, men samstundes som ein redd privatperson. Ho viste ei menneskeleg svakheit, og den gjorde kommunikasjonen ekstra sterk.

Ingen medium er meir eksplisitt prega av stemme, individualitet og uklar sosial identifikasjon enn radio.

Dokumentert røyndom

Den 12. april 2002 eksploderer ei bombe på ein marknadsplass i Jerusalem. Nokre minuttar seinare rapporterer NRK sin Midtausten-reporter Lars Sigurd Sunnanå direkte i programmet Her og nå via mobiltelefonen sin (6). Heile tida sit ein reporter i studio og spør Sunnanå om kva han ser, og ber han skildre. Han er augevitne, om ikkje til sjølve eksplosjonen, så i alle fall til det som skjer i minuttane etterpå.

Formidlinga av bombeeksplosjonen er kaotisk og engasjerande, full av sirener, bråk og forvirring. At Sunnanå sjølv høyrest forvirra ut, forsterkar lyttaren si kjensle av å vera vitne til noko som skjer akkurat no. Det gir innslaget eit sterkt preg av nærvær og autentisitet. Her er eit utdrag:

– … en kraftig eksplosjon, sykebilene kommer i strie strømmer, og vi har antakelig da en ny alvorlig [druknar i sirener]… på denne ettermiddagen, [druknar i bråk frå plassen]
… hvor jeg går nå og småløper for å komme bort til åstedet. Jeg ser bare at en tjue ambulanser er på plass, hjelpemannskapene strømmer til og [druknar i sirener]…
enda en alvorlig ugjerning i Jerusalem denne ettermiddagen like før det er jødisk høytid. Vi blir nå bedt om å forlate området, for det kan jo være andre bomber i nærheten.

Lyttarane opplever her det handverket som kan kallast vitnejournalistikk, og som er utbreidd i nyheiter og aktualitetsprogram på radio og fjernsyn (7). Vitnejournalistikk betyr ikkje berre direkterapportering der journalisten sjølv står midt oppi hendingane og skildrar på direkten. Det omfattar også andre journalistiske former der mikrofon og kamera vert brukte som vitne til ei hending, og der journalisten i etterkant dramatiserer nærværet sitt retorisk. Det er ofte sjølve vitnemålet som er den fremste nyheitsverdien i slike reportasjar.

Nærværsautentisitet er eit viktig stikkord. John Durham Peters peikar på at vitne og vitning er spørsmål om sanning og erfaring, om nærvær og fråvær, om truverde eller mistillit. Sunnanå sin jobb i eksempelet ovanfor er å formidla nærværet på ein overtydande måte, å seia rette ord til rett tid og utnytta kairos, som det vert kalla i den retoriske tradisjonen (8).

Det handverksmessige målet er å meistra situasjonen på ein retorisk fordelaktig måte, og i vitnejournalistikken betyr det å vera til stades. Her er det rom for mykje tvil om journalisten verkeleg er på den staden der han gir inntrykk av å vera. Ikkje minst kan den reint lydlege journalistikken operera innanfor ein brei skala av nærvær og truverde sidan han ikkje er bunden av kamera og biletmateriale. Lydlege kvalitetar kan få oss til å tru, tvila og undrast, alt avhengig av sjangeren og stemninga.

Dersom me tenkjer reine, rasjonelle fakta, er ikkje Sunnanå-innslaget meir omfattande enn dette skriftlege samandraget: «Ei bombe har gått av på ein jødisk marknadsplass i Jerusalem. Det er enno ikkje kjent kor mange som er såra eller drepne, og heller ikkje kven som står bak angrepet.» Denne «rasjonelle» informasjonen kunne ha venta ein time til før han vart hovudsak, men den meir dramatiske nærværsautentisiteten har for lengst vorte eit hovudpoeng for nyheitsredaksjonane.

Kva er «sanning» her? Vitnejournalistikk formidlar jo ein kommunikativ verdi langt utover den faktiske informasjonen. Dette skjer no! Slik høyrest det ut! Dette er den kvaliteten Her og nå-redaksjonen har prioritert, og som dei truleg vil meina denne reportasjen er eit dramatisk og engasjerande eksempel på.

Direkteoverføringa mellom Jerusalem og Oslo gir sendinga preg av å vera eit spor av røyndom, og reporteren sitt vitneprov peikar vidare til nye vitne, nemleg lyttarane. Når NRK rapporterer direkte frå bombestaden berre ti minuttar etter at bomba small, vert lyttaren til stades i tid, sjølv om han ikkje er til stades i rom. Kjensla av å vera vitne til noko vert difor mykje større enn om saka vart send i opptak, eller referert i avisa neste dag. Reportasjen bringar dei dramatiske hendingane på verdsarenaen nærmare enn skrifta ville gjort, og skapar emosjonelle utfordringar på grunn av dette.

Kjensle av røyndom

Me utroper overføringa frå bombeeksplosjonen i Jerusalem til å vera ein autentisk og viktig erfaringstype, og meiner at kringkastinga si kjensle av nærvær og røyndom er ei vinning for den enkelte borgaren og ålmenta. Radio og fjernsyn skapar ei fargerik og sanseleg formidling av røyndomen, og har gjort kommunikasjonslivet til folk flest meir sensitivt enn det var på 1920-talet. Men kva er det eigentleg som garanterer for autentisiteten i slike innslag? Strengt tatt ingenting. Radiolyden er ein tynn tråd som det er lett å klippa av. På høgskulen lærer studentane grepa for redigering og tilrettelegging før dei lærer å finna gode emne å formidla.

Dette er dilemmaet ved den lydlege vitnejoumalistikken, ingenting kan gi lyttaren ein klar garanti for at det ho høyrer, er det som skjer.

Intervjuet med Sunnanå kunne vore tatt opp på førehand, kanskje fordi Sunnanå måtte vidare og ikkje kunne venta til Her og nå gjekk på lufta. Og eit slikt opptak kunne det vore freistande å lydleggja endå meir dramatisk. Kjapp harddiskredigering med fleire spor, og ein kunne på få minuttar fått lagt på sirener, folkemasse og kaos. Den skeptiske kan vidare mistenka Sunnanå for å stå rett utanfor hotellet, og berre lata som han var ved eksplosjonsområdet. For det er ingen opplysningar han kjem med, som han i så fall kunne vorte arrestert på.

Dette er dilemmaet ved den lydlege vitnejoumalistikken, ingenting kan gi lyttaren ein klar garanti for at det ho høyrer, er det som skjer. «Usikkerheitas tidsalder», snakkar John Ellis om. Ein slik garanti finst heller ikkje for fjernsynsmediet, sjølv om det kan finnast sikrare teikn på autentisitet der. Om Sunnanå stod framfor TV-kameraet i eksplosjonsområdet, ville det vore vanskeleg å tvila på at han faktisk var der. På radio treng ikkje journalisten møta opp ved hendinga, han kan seia at han er der, eller indirekte lata oss forstå det. Her er me framme ved eit stort dilemma i truverdet.

Sjølv om journalistar ofte brukar lydlege verkemiddel som ikkje er autentiske, kan reportasjen framstå som «realistisk» innanfor rammene av temaet og forteljingsforma. Ein kan tenkja seg radioteateret som ytterpunkt på fiksjonssida og direkterapportane som eit ytterpunkt på faktasida, men det finst eit felt imellom med sjangrar og format der normene for autentisitet er høgst uklare. Forteljargrepa «legg til rette» for ulike typar tillit, frå den gode trua på det sanne og autentiske til den gnagande tvilen om kva som faktisk er sant. Det er viktig å koma til større klarheit om den sterke samanhengen mellom journalisten sin medvitne realisme og lyttaren si kjensle av røyndom.

I eit innslag om heimvende australiarar etter terroraksjonen på Bali i oktober 2002 nyttar journalist Sidsel Wold dei lydlege konvensjonane for autentisitet på ein måte som lurer lyttarane trill rundt:

[Snakking, støy, reporteren byrjar å snakka oppå lyden]
– I velkomsthallen på flyplassen i Sydney kommer australiere hjem fra Bali. Med surfebrettet under armen og de mest grufulle opplevelser ferskt i minne omfamner de slekt og venner og lar følelsene slippe løs.
[Folk som snakkar, hulkar, ein kan oppfatta ord som «sorry buddy, oh I´m so sorry»]
-Voksne menn gråter åpenlyst.
[Ei kvinne i bakgrunnen seier «It feels like everyone is wounded cause you know we are all Australians». Bakgrunnslyden held fram.]
– Nå er alle australiere en familie. For ikke siden andre verdenskrig har Australia opplevd et slikt angrep på sivile. Da bombet japanerne Darwin i Nord-Australia og 240 mennesker omkom.

Sjangeren er utan tvil den strenge etterrettelege nyheitssaka. Alle «narrative grep» peikar i retning av at journalisten er eit vitne, at ho er i Australia, på flyplassen i Sydney og ser dei heimkomne. Ho ser at dei ber på surfebrett. Her er utan tvil autentisk lyd frå ventehallen, autentiske intervju med heimkomne australiarar, journalisten fortel jamvel at «voksne menn gråter åpenlyst».

Utan det personlege truverdet ville radio og fjernsyn ha vore like lite kommunikative som ein stråleomn eller ein brødristar.

Men ho har altså ikkje vore der. (Ja, me lurte såpass at me måtte spørja henne på e-post.) Alle intervjua er klypp frå nyhendebyrå som sender ut tv-bilete til kringkastingsstasjonar verda rundt. Alt innhaldet er også henta frå desse tv-bileta. Ho har med vilje late vera å klargjera at ho ikkje er der. Til hennar «forsvar» kan det seiast at ho heller ikkje hevdar at ho er der – ikkje med reine ord. Men det er ingen tvil om at ho med hjelp av konvensjonsbaserte stemningar fortel oss at ho er der. Journalisten veit korleis den jamne lyttar vil oppfatta dette.

Noko vert utnytta her, men ikkje nødvendigvis på ein negativ måte. Det handlar om lyttaren sin «ibuande» tendens til å oppfatta det han ser og høyrer i kringkastinga, som sant til det motsette vert bevist, dvs. lyden og bileta sin dokumentariske autoritet og lyttarane og sjåarane sin perseptuelle velvilje. Den blotte overføringsverdien er tilstrekkeleg, og det trengst ikkje ein analyse av situasjonen og komplekse detaljar om samfunnet for at fullverdig formidling kan skje.

Kor lett ein journalist kan få vitnestatus hjå lyttaren, seier kanskje denne historia noko om. Ein reporter i NRK-Hordaland fortel om bestemor si:

Ho trudde eg hadde farta over heile fylket sist veke. ‘Ja, ja. Skal seia du får reist, det høyrer eg,’ sa ho. Men alt eg hadde gjort, var å intervjua personar frå distriktet på telefon. For bestemor tydde det at eg snakka med dei, at eg hadde vore på besøk hjå dei. At det var på telefon, var ikkje nok til at ho skjønte at eg sat her i Bergen!

Dei fleste av oss er ikkje så tillitsfulle som denne bestemora. For oss er telefonen eit sikkert teikn på at reporteren ikkje har reist nokon stad, men er i studio. Den overtydinga som bestemora har, fortel likevel kor sterke førestellingane og forteljingane om røyndom er. Mennesket har ei grunnleggjande erfaring for at det me ser og høyrer, faktisk skjer no. I radio og fjernsyn vert denne medfødde evna brukt retorisk. Kjensla av røyndom kan dominera, samtidig som me veit at det eigentleg ikkje er slik. I Bali-reportasjen er denne velviljen med på å gjera det reporteren seier, endå meir truverdig. Ho er der, ho ser det, og det engasjerer.

Det er eit avansert spel med røyndomsoppfatningar her, og det er publikums stadig meir utvikla «sansing» i høve til forteljegrepa som gjer at tvilen vert liten og klagemåla om falskneri vert få. Men ein balanserer på ei lunefull line her. Dersom lyttaren får vita at journalisten ikkje er i Sydney, kan han føla seg lurt og trekka i tvil det meste i reportasjen. Då har stemnings-retorikken slått attende på journalisten, og sidan journalisten opererer i ein sjanger der kravet til sanningsverdi er større enn i underhaldningsjournalistikken, kan ho ha «brukt opp» sitt personleg truverde, i alle fall for dei lyttarane som «avslører» henne.

Oppmodning til kritisk tillit

Lyttarane sine kjensler overfor mediepersonlegdomar er ambivalente, og spenner frå kjensla av røyndom og godtruande identifikasjon til mistru og forakt. For mange framstår mediepersonane difor som sjarmerande og folkelege personlegdomar som er gjenkjennelege frå eige liv — fordi dei alltid har vore der i bakgrunnen.

Men er desse personane og stemningane berre liksom koselege fordi journalisten sin veremåte vitterleg er planlagd, eller er dei verkeleg koselege når lyttaren føler at dei er det?

Vårt syn er at dette er fullverdig kommunikasjon, og at han forpliktar dei talande og lyttande på det dei seier og høyrer. John Ellis hevdar at lyttarane er ansvarlege ved at dei opplever hendinga medan ho skjer, og vert sitjande att med den kunnskapen sendinga formidlar. Svoltkatastrofane og krigane er noko me har sett og høyrt sjølve, dei er ikkje abstrakte skriftlege storleikar. Det gjer oss ansvarlege (9). Den same logikken gjer difor at personane som snakkar, heller ikkje kan avfeiast som reine overflatefenomen. Lyttarane bør krevja at den som snakkar, står fullt og heilt inne for det ho seier. Den som driv personlegdomsspel, må oppfattast som personleg ansvarleg for åtferda si.

I eit slik perspektiv er det mykje som ville framstå som urimeleg. Mange fjernsynskjendisar oppfører seg slik at dette kravet vert meiningslaust. Det er til dømes ikkje noko problem å ha ein utskiftbar «personlegdomsprofil». Anne Grosvold kan vera både superseriøs nyheits journalist, kulturjournalist, hyggeleg kjendisdame og valdebattleiar i løpet av kort tid.

Men kva skjer dersom den som driv personlegdomsspel, må stå personleg ansvarleg for åtferda si? Som ei øving går det an å førestella seg at personen var slik heile tida, at dersom du trefte Christine Koht eller Espen Thoresen eller Alf Tande P., ville dei framleis vera like støyande som på TV. Utifrå eit slikt scenario er det mange mediepersonlegdomar me ikkje ville ynskja å kjenna personleg. Nålauget for personleg truverde vert trongare dersom publikum tenkjer slik.

Radio og fjernsyn har i hovudtrekk basert seg på dei same prinsippa som andre felt innanfor «journalistikken», nemleg at journalisten ikkje skal stå i vegen for bodskapen, at fakta og andre viktige kjelder skal sjekkast på førehand, at integritet og gode argument er viktig, etc. Men same kor mykje ei lærebok terpar på slike verdiar, handlar kringkasting djupast sett om å få dei fram gjennom stemmer og fjes. Desse retoriske grepa kan ein læra seg gjennom karrieren, men enno ikkje på journalistutdanningane.

Journalistane opererer i eit medium der kjensler rår over resonnement, og der dei sjølve difor står som garantistar for den framstillinga dei til kvar tid gir. Det står ikkje i lærebøkene, det vert ikkje sagt på medieutdanningane, men vår påstand er likevel denne: Truverdet til kringkastings-journalistikken står og fell på journalisten sjølv. Utan det personlege truverdet ville radio og fjernsyn ha vore like lite kommunikative som ein stråleomn eller ein brødristar.

Notar

1. I eit lesarbrev til Mamarazzi føler Alf Tande Petersen behov for å presisera at Dagbladet for nokre år sidan «fikk utført en markedsundersøkelse som konkluderte med at nettopp to mediearbeidere hadde høyest tillit i folket. Hans Wilhelm Steinfeldt var den ene, undertegnede den andre». (Dagbladet 20.3.03).
2. Sjå Espen Ytreberg: Selvspill i radio. Mamarazzis ukonvensjonelle populærjournalistikk (2002).
3. Sjå Kenneth Burke: A Rhetoric of Motives (1950).
4. Anders Johansen: Talerens troverdighet (2002), s. 162.
5. Frå kapitlet «Radio: The Tribal Drum», i McLuhan: Understanding Media (1964), s. 299. Vår omsetjing.
6. Copyright NRK Pi, 12.04.02.
7. For ein grundig analyse av kva «vitne» har dreidd seg om i kommunikasjonshistoria, sjå Durham Peters (2002). I boka Seeing Things (2000) drøftar John Ellis vitnejournalistikken i britisk kringkasting i det 20. hundreåret.
8. For ein presentasjon av begrepet «kairos» sjå Øivind Andersen «Rette ord i rette tid» (1997) og Lars Nyre «Retorisk spontanitet og kontroll» (2000).
9. John Ellis: Seeing Things. Television in the Age of Uncertainty (2002), s. 1.

Litteratur

Andersen, Øivind (1997): «Rette ord i rette tid» i Rhetorica Scandinavica, nr. 4/1997.
Burke, Kenneth [1959] (1969): Rhetoric of Motives. Berkeley: University of California Press.
Durham Peters, John (2001): «Witnessing» i Media, Culture & Society, nr. 6/2001.
Ellis, John (2000): Seeing Things. Television in the Age of Uncertainty. London: LB. Tauris.
Johansen, Anders (2002): Talerens troverdighet. Tekniske og kulturelle betingelser for politisk retorikk. Oslo: Universitetsforlaget.
Nyre, Lars (2000): «Retorisk spontanitet og kontroll» i Rhetorica Scandinavica, nr. 14/2000.
Ytreberg, Espen (2002): Selvspill i radio. Mamarazzis ukonvensjonelle populærjournalistikk. Oslo: Unipub.