Til toppen

Mot informasjonsstraumen


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Den utvekslinga av meiningsfulle bodskapar frå menneske til menneske som skjer ved hjelp av teknologien, vert i dag hovudsakleg mystifisert av hokuspokusorda «cyberspace» og «virtual reality».

Informasjon er ikkje utan vidare av verdi, den kan like gjerne skapa forureining av tanken, påstår Hans Skjervheim i artikkelen «Den klassiske journalistikken og den nye medieideologien» i Nytt Norsk Tidsskrift nr. 1/1987.

Mange teoretikarar støtter opp om den frittflytande og stadig aukande informasjonsstraumen, medan Skjervheim opplever medieutviklinga som forkasteleg. Han forsøker å gje ein treffande kritikk av den «pseudomodernistiske medieideologien» som støtter opp under utviklinga av informasjonssamfunnet. I Dagbladet 29.2.96 skriv Morten Søby «Produksjon av bits og elektroner er det sentrale i informasjonssamfunnet», medan Hans Fredrik Dahl har hevda at «… enhver informasjonsutvidelse er riktig og viktig» (Nytt Norsk Tidsskrift nr. 4/1986). Skjervheim sin argumentasjon råkar dei begge: Den nye medieideologien er samtidsopportunistisk, skriv han. Me lever liksom i ei historisk utvikling der nye medieformer og ein medfølgande journalistikk har kome til med nødvende. Det kan ikkje nytta å setja seg imot den, for då vert ein nostalgikar.

Eg vil argumentere for at den tankegangen Skjervheim går til åtak på har vokse seg sterkare sidan 1987, ikkje minst hjelpt fram av Internett-oppglødde framtidsoptimistar som Søby. Teknologien vert gjort til ein naudsynt, ufråkomeleg storleik som me like gjerne kan omfemna fordi me ikkje i noko tilfelle slepp unna: «Teknologien blir en selvstendig livsform. Tilbake ligger overflødige mennesker. Overflødige kropper, kunnskap, nasjoner og økonomi. Ikke alle vil finne seg til rette i cybersfærens interaksjonsnett, men vi har egentlig ikke noe valg.» Søby er like framfus på vegne av framtida no som Dahl var i 1986: «For meg står det slik at det er informasjonssamfunnets krav alene som gir pressen og de andre media en konsistent og tilstrekkelig omfattende begrunnelse.»

Informasjonssamfunnet sine behov for å maksimere talet på og straumen av informasjonar er grunnlaget for handlingane, sjølvutfaldinga og livet til det moderne mennesket, resonnerer Dahl.

Hjå Dahl vert informasjonsstraumen ein nærmast mytisk storleik, svarar Skjervheim. Fortvilinga hans over Dahl sine teknologiske forenklingar i 1987 kan gjelda like mykje for Søby sitt ordgyteri om Internett-kulturen i 1996. Skjervheim understrekar at informasjonsomgrepet har to åtskilde tydingar som stadig vert blanda saman: «den formale tydinga ‘binær 0/1-kode’ og den daglegdagse tydinga ‘meiningsinnhaldet i ein bodskap’ … tenkjer vi oss litt om, så er det ikkje informasjonsstraumen som skaper informasjonar, det er journalistar litt langt borte som har lagt til rette informasjonane og plassert dei t.d. i fjernskrivarnettet. Til Norge kjem det då som ein straum.» Skjervheim lot seg ikkje fortrylla av ord i 1987, og ville ikkje gjort det idag heller.

Den utvekslinga av meiningsfulle bodskapar frå menneske til menneske som skjer ved hjelp av teknologien, vert i 1996 hovudsakleg mystifisert av hokuspokusorda «cyberspace» og «virtual reality».

Skjervheim trur på skiljet mellom overtaling og overtyding, mellom sofistisk retorikk og ekte talekunst. Som mange filosofar før han, hevdar han eit skilje mellom å påverka ved hjelp av propaganda og å overtyda gjennom rasjonelle argument. Det fyrste er forkasteleg, men kan finnast att overalt i den moderne informasjonsstraumen. «Overgangen frå den klassiske journalistikken til tabloid-journalistikken er ein overgang frå kommunikativ til instrumentell handling.»

Mykje av kunnskapen som vert produsert i det moderne samfunnet er faktainformasjon om den materielle verda, teknisk informasjon om forskjellige metodar for å manipulere med verda og administrativ informasjon om korleis ein best kan organisere menneske for instrumentelle føremål. Slik kunnskap er «sann» dersom den faktisk fungerer til å endra den materielle verda. Kommunikativ handling kan ikkje vurderast etter dette kriteriet, den avheng av om einskildpersonar lykkast i å utveksla intensjonar, om veven av intersubjektive relasjonar vert halden ved like slik at kultur kan kallast eit sett av subjektive meiningar som den einskilde har om seg sjølv og omverda.

«Den klassiske journalistikken er basert på eit tillitsforhold; journalisten set si ære i å formidla sann og relevant informasjon, og for det vert han verdsett av lesaren,» skriv Skjervheim. Tabloidjournalistikken gjer lesaren til eit objekt som skal påverkast, men han vert ikkje tenkt på som einskildperson, han finn seg att som element i ei målgruppe, som lesarsegment. «På bakgrunn av slike informasjonar om lesarmassen, informasjonar som er samla inn ved spørjeskjema, vert systemet i tabloidjournalistikken konstruert, heile tida med tanke på den effekt det skal ha på lesaren.» Når informasjonsutvekslinga vert verknader av eit effektmaskineri, har den endra karakter frå kommunikativ til instrumentell handling. Sjølv den enklaste lesaren har eigne vinklingar, ein fortolkingshorisont som korkje marknadsgranskaren eller journalisten kjenner til. Lesaren er ikkje ei maskin, heller ikkje ein «nettnomade» som «ligner mer på en kyborg enn et menneske», slik Søby så besnærande formulerer seg.

Skjervheim er oppgjeven over medieteoretikarane sin prinsipielle mangel på krav til innhaldet i produkta av informasjonssamfunnet. Dahl skriv: «Informasjoner produserer mot-informasjoner, og kan selv bare møtes med andre informasjoner. Hva i informasjonsstrømmen som er av «verdi», qua informasjon, oppløses ofte i et umulig spørsmål.» Ein høgst merkeleg påstand, seier Skjervheim. «Ein mann som kan alle avgangstider for tog i Norge frå alle stasjonar, er han ein velinformert mann?» Skjervheim er ikkje samd med Dahl; det er innlysande at ein kan stilla same spørsmål i høve til informasjonsstraumen som Sokrates stilte i høve til retorikarane sin talestraum. «Dahl skil ikkje mellom samtidsprognose og program, mellom det faktiske og det normative, men skifter fort frå det eine til det andre.»

Skjervheim sin kritikk av den instrumentelle tabloidjournalistikken i 80-åra er uhyre kompatibel til datateknologien i 90-åra. Nettverket av PC-ar på informasjons-motorvegen vert omtalt som ein subjektlaus prosess, ein straum av mystiske «virtuelle» hendingar som eigentleg ikkje involverer oss menneske, me er liksom «overflødige kropper» som Søby seier. Det kommunikative aspektet ved Internettet vert systematisk oversett til fordel for det instrumentelle, digitaliserte brukargrensesnittet.

Vidare trur eg den retorikken Søby brukar er like sofistisk som Dahl sin 80-talsversjon, begge er samtidsopportunistar som ikkje stiller krav til informasjonsstraumen, som nøyer seg med å seia at den er vidunderleg, ny og verdsomspennande.

Sjølv om Skjervheim sine synspunkt kan oppfattast som gammalmodig moralisme av dei mest framtidsretta, trur eg me treng å hugsa ideala om gjensidig, respektfull kommunikasjon for å demma opp mot Dahl og Søby sine straumar av instrumentell informasjonsretorikk.