Til toppen

(1:8) Hans Jonas og problemet med moderne teknologi


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Hans Jonas var 81 år då «The Imperative of Responsibility» kom ut på engelsk i 1984. Etter eit langt liv i det godes teneste kunne han tillate seg å moralisere. (Pressefoto).

Utviklinga av medier og IKT er prega av permanent innovasjon og stadige kontroversar i offentlegheita. Optimistar meiner vi har det betre enn nokonsinne før, medan pessimistar meiner vi vert framandgjorte og mistar kontrollen. I dette essayet følgjer eg den pessimistiske vegen.

Essayføljetong

Dette er fyrste episode i ein essayføljetong om ansvarleg utvikling av medier og kommunikasjon. I essayet presenterer eg utvalte poeng frå Hans Jonas og koplar dei til medieutviklinga i samtida.

  1. Hans Jonas og problemet med moderne teknologi
  2. Framtida er viktigare enn notida
  3. Tradisjonell etikk er utdatert
  4. Teknologiane vert sterkare av seg sjølv
  5. Menneska gjer alt for å skape framskritt
  6. Framskritt er opium for folket
  7. Ein konspirasjon for det gode
  8. Krisemaksimering som retorisk strategi
  9. Frå miljøvern til kommunikasjonsvern

Skumle innsikter frå ein gamal filosof

Moralfilosofen Hans Jonas (1903-1993) tilhøyrer den pessimistiske gruppa, og allereie på 1980-talet gav han ut ei kritisk bok om problema med moderne teknologi. Eg leste denne boka i sommar, og vart slått av kor relevant kritikken er for medier og kommunikasjon i vår tid.

I dette essayet vil eg difor undersøke hans fundamentalkritikk av det moderne samfunnet slik han formulerer den i boka The Imperative of Responsibility (1984). Jonas meiner at moderne teknologiar har gitt oss ein særskilt type makt over naturen som gjer dei svært farlege for oss sjølve. Han skriv:

«Moderne teknologi, som vert utvikla med grunnlag i ei stadig djupare gjennomtrenging av naturen og driven framover av marknadskrefter og politikk, har auka menneskas makt utover alt nokon har høyrt om eller drøymt om før. Det er ei makt over materielle ting, livet på jorda, og mennesket sjølv, og den veks med akselererande fart» (s. ix).

Jonas peikar ut ei rekkje dilemma med den vekstautomatikken han meiner utspelar seg i moderne teknologi, og hevdar at den må addresserast meir aktivt i politikk og næringsliv, og verte meir synlege i den offentlege sfæren.

Eg har brukt meir tid på «The Imperative of Responsibility» enn noko anna bok dei siste åra. Foto: Barbara Wendelbo.

Kulturkritisk vinkling

Jonas er mest opptatt av utfordringane for miljøet, men resonnementet hans er i stor grad også gyldig for medier og kommunikasjon. Etter at eg hadde lese Hans Jonas si skumle og tankevekkande bok føltest det nødvendig å oppsummere dei viktigaste poenga og knyte dei til mediesamfunnet i vår eiga tid. Dette essayet er difor vinkla mot å adressere det problematiske ved moderne medier.

Eg gjev døme på uheldige, negative og skadelege trekk ved mediene i samtida, og ynskjer å skremme både meg sjølv og lesaren til å tenkje gjennom kor fastlåste vi er i dei rådande teknologiane. Kritikken er «fundamental», og det betyr at at den gjeld heile samfunnet, og ikkje enkeltpersonar, grupper eller institusjonar.

I andre samanhengar arbeider eg med positive tilnærmingar. Mediedesign og innovasjonspedagogikk er løysingsorienterte og konstruktive faglege tilnærmingar som involverer kollegaer og studentar i tverrfaglege samarbeid.

Det er svært viktig å arbeide for ansvarlege medieløysingar. Dette essayet kan lesast som ein moralfilosofisk bakteppe for det store arbeidet som skal gjerast i det nye senteret for forskingsdriven innovasjon, MediaFutures, som vert etablert ved Universitetet i Bergen hausten 2020. Jo betre forståing vi har av fare og risiko, jo betre stilt er vi til å gjere noko med dei.

Det teknologiske imperativet

The Imperative of Responsibility. In Search of an Ethics for the Technological Age (1984) er ei storfelt kritisk analyse av menneskas jakt på teknologisk betring og vidareutvikling. Her argumenterer Jonas for at menneska må lage alternativ til dei mest skadelege trekka ved teknologiutviklinga, og han peikar ut nokon store hinder for at dette vil kunne skje.

«Ingen stiller spørsmål ved det «teknologiske imperativet», og det let seg ikkje stille spørsmål ved fordi det er antropologisk grunnleggande og integrert i den menneskelege tilstanden. Det treng ingen talspersonar i den vestlege verda i det 20. århundret fordi begeistringsrusen har overteke fullstendig. Slik vi oppfører oss no tek den teknologiske drivkrafta hand om seg sjølv på grunn av trykket frå dei nødvendigheitene den har skapt, dens besnærande lovnader, dei kortsiktige belønningane for kvart steg som vert tatt, og ikkje minst gjennom si sjølvforsterkande kobling med framskrittet i vitskapen» (s. 203).

Koplinga mellom teknologi, vitskap og menneskeleg åtferd vert framstilt som ei nesten ustoppeleg kraft for vidare framskritt og vekst, og denne utviklinga er skadeleg for naturen og dermed også for mennesket sidan vi sjølv er ein del av den. Det teknologiske imperativet treng å verte balansert med eit imperativ om menneskeleg ansvar; eit prinsipp om at vi som lever no har ansvar for livsvilkåra for menneske og dyr langt så langt innover i framtida som teknologiane våre strekkjer seg (og det er langt!).

Ansvarleg teknologiutvikling

Boka har inspirert økologar, moralfilosofar, klimaforskarar og miljøaktivistar i fleire tiår. The Imperative of Responsibilityhar vorte ein av dei teoretiske grunnsteinane for miljørørsla saman med økosofien frå Arne Næss og Gaia-hypotesen til James Lovelock.

Tankane til Hans Jonas har vore eit viktig grunnlag for den tradisjonen som vert kalla Responsible Research and Innovation (RRI). Denne er særleg knytt til å gje ei framtidsansvarleg grunngjeving for målsetjingane til forsking og utvikling i Europa.

RRI er eit forsøk på «å utvikle nye former for styring som bedre kan håndtere modernitetens skyggesider og problemer» seier professor i vitskapsteori Roger Strand ved UiB i nettartikkelen «Ansvarlig forskning og innovasjon – et politisk begrep i støpeskjeen» (2015). Han kallar RRI «en prosess der samfunnsaktører og innovatører har ansvar for å forholde seg aktivt til hverandre og arbeide for at forskningsresultater og teknologi blir etisk akseptable, bærekraftige og ønsket av samfunnet».

Det finst spor etter Jonas sin tankegang i ei rekkje etiske analysar av utfordringane med moderne teknologi, ofte utan at det er direkte sitat. Dette gjeld til dømes Spiekermanns Ethical IT Innovation (2015), Jasanoffs Ethics of Invention(2016), Bowles Future Ethics (2018) og Cockelberghs AI Ethics (2020).

Om Hans Jonas

Hans Jonas (1903-1993) var ein tysk-jødisk filosof som opplevde 2. verdskrig på kroppen og vart prega av det i si tenkjing. Jonas rømte frå det nazistiske regimet i Tyskland og vart soldat for dei allierte i Midt-Austen. Han kjempa også for Israel i den arabisk-israelske krigen i 1948. Erfaringane frå krigen og jødeutryddinga gav arbeidet hans eit eksistensielt alvor, og eit nøkternt for ikkje å seie negativt syn på menneska.

På midten av 1950-talet emigrerte Jonas til New York der han budde resten av livet. Han vart professor i filosofi ved New School for Social Research, og arbeidde med biologisk etikk, livsfilosofi og naturfilosofi. Ei anna av hans kjente bøker er The Phenomenon of Life (1966). Stipendiat ved NTNU Sigurd Hverven har skrive om denne boka i artikkelen «Hans Jonas og fenomenet liv» i Filosofisk supplement (udatert).

Boka som eg tek for meg; The Imperative of Responsibility (1984), er prega av at Hans Jonas hadde Martin Heidegger som rettleiar på doktorgraden sin. Jonas hadde eit komplisert forhold til denne innflytelsesrike filosofen gjennom heile sin karriere, og på 1960-talet tok han eit generaloppgjer med Heideggers nazisme.

Samtidig finst det tydelege element av Heideggers teori om moderne teknologi i resonnementa til Jonas. Der Heidegger i stor grad er beskrivande er Jonas normativ. Han peikar ut dei moralske implikasjonane av at teknologi har fått så enorm kraft i samfunnet, og her ligg det ein spennande dialog med Heideggers filosofi.

            Det har vorte skrive ein del om Hans Jonas på norsk. Alfred Fidjestøl utgav i 2004 boka Hans Jonas. Ein introduksjon på Universitetsforlaget, men den er diverre utselt frå forlaget. Klassekampen gjorde eit intervju Fidjestøl med tittelen «Etikk for en ny tid» då boka kom ut.

Utover dette har eg funne to korte pedagogiske framstillingar som er verdt å lese; Hein Berdinesen (2017) «Hans Jonas og ansvaret for fremtiden» på nettstaden Klimaaksjonen og Morten Fastvold (udatert) «Ansvarsetikk» på nettstaden Filosofi i skolen.

Engelsk Wikipedia har eit grundig og leseverdig oppslag om Hans Jonas.

Omsetjinga

Eg har omsett alle sitata til nynorsk. Hans Jonas skriv godt, og han formulerer tankar med eit slikt alvor at eg får frysningar på ryggen. Han brukar slåande metaforar, har slagferdige poeng og fører innsiktsfulle resonnement. Men samtidig er det ingen tvil om at han skriv vanskeleg. Han skriv til eit fagfilosofisk og akademisk publikum og smykkar seg med grundige drøftingar av alt frå dydsetikken til filosofen Immanuel Kant til marxistisk utopisk teori frå Ernst Bloch.

Jonas skriv resonnement på mange titals sider som går så djupt inn i det filosofiske grunnlaget for framtidsetikken at det nesten vert uleseleg. Han har sjølv omsett sin tysk til eit engelsk, og dette gjer ikkje saka betre. Det er innskotne setningar i dei innskotne setningane, liksom.

Difor har eg utført ei semantisk omsetjing. Eg har lagt større vekt på kva som er poenget med setninga enn å omsetje den nøyaktig med dei norske orda som ville tilsvart dei engelske, eller med tilsvarande setningsoppbygnad. Nynorsk er eit aktivt språk, og eg har i mange tilfelle «aktivert» Hans Jonas sine setningar.

Sjølvpublisering

Dette er open access-publisering med meg sjølv som redaktør, typograf og korrekturlesar. Her gjer eg intellektuelle sonderingar og kastar ut halvferdige tankar akkurat slik essaysjangeren tradisjonelt innbyr til. Det er frigjerande å skrive så langt og detaljert eg berre vil utan å tenkje på formelle krav, fagfellevurderingar og publikasjonspoeng.

Takk til designer Stig Hovlandsdal Øvreås for mange års utvikling og stell av nettstaden larsnyre.no. Takk også til stipendiat og kollega Anja Salzmann for dei intense diskusjonane av problema i moderne datateknologi og muligheitene for ei meir ansvarleg teknologiutvikling i framtida.