Til toppen

Sats på mediedesign!


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Samfunnsoppdraget til medievitskapen i Norge utvidar seg sakte men sikkert i retning av ”mediedesign”. Dette er ein metode for å bygga eit heilt medium i forskingslaboratoriet, uavhengig av mediebransjens krefter.

Slike tilnærmingar har tradisjonelt vore heilt marginale. Utvikling av nye medium skjer hovudsakleg ute i medieindustrien, og i liten grad i norske universitetsmiljø. Men det er eit problem at private mediehus ikkje er nøytrale i si utforsking av kommunikasjonen. Dei prøver å tilfredsstilla dei behova som er kommersielt drivverdige innafor den rådande økonomiske modellen for mediedrift. NRK-systemet har dei siste åra laga radikale TV-program om Bergensbanen, Hurtigruta, osb., og dette er gode unntak frå regelen.

Tenk på kor mange andre måtar ein kan kommunisera på enn dei som er kommersielt drivverdige. Dei fleste kombinasjonsmåtane vert verande uutforska, og ingen får vita om dei kunne hatt nytteverdi. Poenget er at universitetet kan operera langt friare og meir idealistisk enn medieverksemdene, og kan laga medium som det er lite truleg at andre har tid eller kunnskap til å satsa på.

Mediebransjen har bruk for teoretisk velinformert mediedesign, sjølv om dei ikkje akkurat etterlyser det til dagleg. Den hektiske utviklingstakten gjer det vanskeleg å ta omsyn til, eller i det heile tatt finna ut av, korleis den aktuelle teknologien vil påverka samfunnsutviklinga. Dette kan sosiologar og humanistar best finna ut av. Forskarar på universitetet arbeider sakte og langsiktig, og deira funn vert sjeldan synkronisert med dei tekniske utviklingsprosjekta. Men innsikter om folks erfaringar, ferdigheiter og interesser ville openbert vore verdifulle supplement til bransjens noverande innsikter.

I Noreg finst det fleire miljø som driv med teoretisk velinformert mediedesign. Ved Universitetet i Oslo driv Gunnar Liestøl og hans medarbeidarar kontinuerleg utvikling av den pedagogiske applikasjonen Situated Simulations, som viser vikinggraver, romerske ruinar og andre historiske fenomen. Eg sjølv samarbeidde med Bjørnar Tessem om utviklinga av Lokanytt i 2009, og me prøvde ut lokaljournalistikk for mobiltelefonen med GPS-basert nyheitsprioritering. Frode Guribye, Jon Hoem og andre bergensforskarar har laga løysingar for formidling frå museum og bibliotek.

Slike forskingsprosjekt er direkte innretta på samfunnsnytte, og viser at universitets- og høgskulesektoren har gode vilkår for utvikling av teknisk fungerande nye medium. Men i framtida må universitetet ta eit endå tydelegare ansvar for å finna opp medium som er rett for vår geografi, våre transportmåtar og folkesetnad. Nye medium som Twitter og Facebook kjem nesten alltid frå utlandet, utan å vera tilpassa det norske samfunnslivet. For å representera norske tradisjonar må mediet vera egalitært, deltakande, kooperativt og lokalt.

Universitetssektoren har spesielt gode vilkår for mediedesign fordi både forsking og undervisning skjer ved same anstalt. Synergien mellom forsking og undervisning er avgjerande. Til dømes er det å laga eit nytt medium så omfattande at det kan trengast mange medarbeidarar. Mediedesign dreier seg om å laga eit komplett medium, og då trengst det grensesnitt, prosedyrar for redaksjonelt innhald, og ein invitasjon til ei viss form for sosial interaksjon. Praktisk utprøving kan gjerast av studentar, og kombinerast med opplæring i blant anna hermeneutikk, sosiologi, narratologi, programmering, interaksjonsdesign og brukartesting.

Ressursbehovet til slik forsking og utvikling er moderat. Det trengst rett nok ein velutrusta medielab med gode vilkår for brukartesting, men dét er ikkje ei uoverkomeleg investering for nokon institusjon. Ein medielab gjer det mogeleg for studentar og forskarar å utvikla realistiske løysingar for dei same plattformane som bransjen og borgar-konsumentane brukar.

Slik medieutdanninger generelt fungerer no lærer studentane ferdigheiter som trengst både for ”mediedesign” og tradisjonell kreativ verksemd. Dei lærer til dømes grafisk design, lyddesign, filmproduksjon og interaksjonsdesign. Dette er grunnferdigheiter som bransjen forventar hjå alle.

Nokon undervisningsopplegg er basert på at studentar skal ha nærkontakt med verksemder. Dei siste åra har studentar ved UiB laga videoapplikasjon i samarbeid med NRK Hordaland, intern programvare for redaksjonen i Bergens Tidende, ungdomsorientert webside for Den Nationale Scene, med meir. Felles for prosjekta er at det vert laga ein prototype med design, innhald og dokumentert brukartesting. Dette er mediedesign for ”verkelegheita”, samstundes som det føregår på øvingsnivå. Frå slike oppgåver er det kort veg til reelle utviklingsprosjekt i samarbeid med private og offentlege verksemder.

Ikkje berre treng bransjen løysingsorientert forsking, dei treng også uteksaminerte studentar. Omtrent kvart år har Nordiske mediedagar eit panel der behovet for nye typar digital kompetanse vert diskutert. Behovet viste seg også før jul, då Aftenposten hadde ei dobbeltside kalla ”Vi søker flere digitale hoder”. Der utlyste dei sytten stillingar knytt til mobil- og webutvikling (og førtidspensjonerte mange som hadde utdatert kompetanse). Bransjen har altså sårt bruk for kandidatar med ein slik digital kompetanse som eit fokus på mediedesign produserer.

Torsdag 7. februar vart det offentleggjort at Bergen får ein ny mediebydel i DnB-bygget på Nygård, og fagmiljøa skal etter planen kunna flytta inn i dei nye lokalitetane i 2016. Dette gjev det best tenkjelege grunnlaget for eit sterkt regionalt fagmiljø innafor det eg her kallar ”mediedesign”.