Akademiske prototypar. Ei retning for medieutviklinga på Vestlandet
Verdiskapinga i den norske mediesektoren kunne vore større. For å hanskast med utfordringane bør ein satsa sterkare på forskingsbasert produksjon av redaksjonell medieteknologi. Det trengst medieforsking som har som mål å laga nye medium, og som dermed ser framover i tid. Ein slik strategi står i kontrast til etablert medievitskap, som leverer historiske, sosiologiske og kulturkritiske analysar, og som baserer seg på å akkumulera informasjon om det som allereie er fortid.
Utsyn over Sognefjorden på veg ned til Vik. Foto: Isak Wendelbo Nyre.
Introduksjon
Dersom medieforskarane testar ut dei kreftene som skapar endring i kommunikasjonen, kan me i beste fall kontrollera nokon av dei, og deretter gje dei ei retning som passar for våre tilhøve. Ved å satsa på konkret utvikling av redaksjonelle teknologiar oppstår det ei moglegheit til å forma vilkåra for kommunikasjon i framtida, særleg dersom teknologien vert teken i allmenn bruk i delar av eller heile folkesetnaden i Noreg.
«Medieutvikling» er difor eit normativt prosjekt; ein vilje til å forma røyndomen rundt seg i ei viss retning, og dermed vinna over det som skjer tilfeldig, tøya naturlovene som styrer teknologiane og dempa ulike typar støy. Det er ikkje så vanskeleg å byggja eit nytt skip, men det er vanskeleg å byggja ei velfungerande lokal offentlegheit. Ikkje berre trengst det medieteknologi, det trengst også eit engasjerande, demokratisk inkluderande og dannande innhald. Innhaldet er alltid retta mot ei målgruppe eller det som i hermeneutikken vert kalla ein «implisitt lesar». Dei menneska du har meint skal vera mottakar av bodskapen din, til dømes innbyggarar på Voss, er dei implisitte lesarane. Utviklarane av nye medium må prøva å laga innhald til ein konkret «implisitt brukar» for mediet.
Her vil eg ta utgangspunkt i medieforskinga på Vestlandet, med særleg omsyn til aktivitetane ved Høgskulen i Volda, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen. Desse institusjonane og deira faglege omland kan få større felles retning. Eg føreslår at det vert laga redaksjonelle teknologiar med vestlendingar som implisitte brukarar. Med ‘vestlendingar’ tenkjer eg på dei som bur i byar og bygder, på øyar, i dalar, langs fjordar og oppover i lier frå Ålesunds-kanten i nord til Stavanger i sør. Vestlendingar bør vera den fremste testgruppa og målgruppa for utviklinga av nye medium på Vestlandet. Dette er samfunnsøkonomisk lønnsamt, og den varierte naturen gjev interessante teknologiske utfordringar som kan auka potensialet for oppfinning og innovasjon i framtida. Meir om dette seinare.
I dette essayet vil eg argumentera for akademisk medieutvikling på ei rekkje nærskylde måtar. Fyrst gjev eg ein introduksjon til norsk medieutviklingshistorie slik at lesaren kan få eit grovt inntrykk av min posisjon. Deretter definerer eg dei to viktige omgrepa «oppfinning» og «innovasjon» i forhold til kvarande. Oppfinning er å laga noko nytt, medan innovasjon er å setja retning på innføringa av det ein har funne opp. Etter kvart skiftar eg ut «oppfinning» med «design», og fortel om tre mediedesign-prosjekt eg har utført i perioden 2005-2015, alle med vekt på innhald og brukargrupper knytt til Vestlandet – nærare bestemt Volda, Voss og Bergen. Mot slutten tek eg for meg verdiskaping, og presenterer fem interesser som er med å prega retninga på innovasjonen; start-up medium, legacymedium, studentprosjekt, akademiske prototypar og grunnforsking. Siste del tek for seg gjennomføringskrafta universitets- og høgskulesektoren på Vestlandet har når det gjeld medieutvikling, og presenterer nokre råd for korleis samarbeidet mellom ulike institusjonar kan gjerast sterkare.
Sverre Liestøl
Resonnementa mine er knytt til hovudpersonen i denne boka, Sverre Liestøl. For meg representerer han både Høgskulen i Volda, mediebransjen på Vestlandet og eit sjølvstendig entreprenørskap. Arbeidslivet hans er eit godt døme på dei kvalitetane som trengst hjå dei medverkande i den typen utviklingsprosjekt som eg tilrår.
Spesialisert teknologikunnskap er viktig. Sverre arbeider med elektronikk og kan bruka loddebolt og knipetong. Han har laga mikrofonar og han har bygd om miksebord og konstruert fysiske løysingar for fjernsynsstudio. Sverre har jobba med slike materielt handfaste medieforhold i heile sitt liv, og dette er heilt avgjerande for ei god medieutvikling. Han har bidrege med viktig «loddeboltkunnskap». Over tid endrar dei tekniske tilhøva seg, men den praktiske forståinga av teknologiar er like viktig uansett. I samtida vår er det viktig å kunna programmera, laga grafisk design og redigera lyd og video på nett, og det trengst meir programmeringsbasert kompetanse enn før.
Saman med spesialisert teknologikunnskap kjem det ofte også eit mot til å eksperimentera. Sverre var oppteken av nettet og var med på å etablere nettavis for journalistikkutdanninga i Volda allereie på 90-talet. Han var også tidleg ute med å oppmoda til å bruka mobil i undervisninga, både til å ta bilete og senda inn stoff med, og til å rapportera direkte på radio. Då eg var stipendiat ved Høgskulen i Volda tidleg på 2000-talet gjekk Sverre rundt og sa at det føregår ei «demokratisering av produksjonsmidla». Sjølv om utsegna nok var litt ironisk, så ber ho ei viktig innsikt: No er det faktisk mogleg for oss alle å engasjera oss i utforminga av nye medium. Liestøl oppmuntra både studentar og tilsette til fagleg utforsking av dei nye produksjonsmidla på vegner av samfunnet, og det var eit viktig bidrag til det prosjektet eg skriv om her.
Fornorsking av media
Mitt emne er altså det breie fenomenet «medieutvikling». Her vil eg skissera ei historie om dette emnet i Noreg og ta for meg utviklinga i redaksjonelt innhald, den låge innovasjonsgraden i norske teknologibransjar, og til slutt ta for meg nokre nye initiativ som er knytte til norsk medieinnovasjon.
I Noreg har me tradisjonelt laga vårt eige redaksjonelle innhald til medium som allereie var oppfunne andre stader. Dersom me ser på norsk medieutvikling frå 1800-talet og framover, vil det visa seg at dei fleste media har kome ferdiglaga til Noreg. Trykkpressene, elektrisitetsoverføringa, lys og telefoni kom frå USA. Radiomediet kom til Noreg med eit skip tidleg rundt 1920. Dei fleste av medieteknologiane vart funne opp i Tyskland, England, Frankrike og USA. Naturlegvis har Noreg ei stolt historie med lokalaviser, gründerar som A. O. Vinje og allmennkringkastinga som har dominert den audiovisuelle innhaldsproduksjonen i mange tiår.
Dette «produktet» kan kallast legacy-medium. Dei har stor sentralisert makt, og vert eigt av konsern som Schibsted, Amedia og Egmont. Legacy-media har bidrege stort til det norske samfunnet med lokaljournalistikk, kritisk journalistikk, dokumentarisme og alle kanalane til NRK. Legacy-medium er ganske konservative både når det gjeld teknologiutvikling og utprøving av nytt innhald. Det har aldri vore nokon spesiell innovasjonstrong i desse media. Her handlar det om å vidareutvikla det som fungerer bra, slik at det blir god journalistikk etc. Kvaliteten og omsetjinga av han er i sin tur knytt til pressestøtte, til parti-alliansar (i alle fall tidlegare), og til organ som Pressens Faglige Utvalg.
Behovet for innovasjon har pressa seg på frå utsida. Heilt sidan internett vart etablert som eit «vanleg» medium på midten av 1990-talet, har den redaksjonelle mediebransjen i Noreg vore utsett for ein permanent innovasjonsprosess som bransjen ikkje taklar så godt. Dei er ekspertar på innhald, men ikkje på å takla ein forstyrrande teknologi som til dømes Facebook. Nye nettløysingar er oppe til vurdering nesten dagstøtt, og redaktørane held pusten og håper dei valde riktig denne gongen. Det finst ein flora av forsking og rådgjeving som er meint å hjelpa medieverksemdene til å få fast grunn under beina (Morlandstø og Krumsvik 2013; Ruud 2014; Vaagan og Barland 2015).
Viss me løftar blikket og ser på teknologiutvikling generelt i Noreg, så har det vore relativt lite innovasjon. Sørensen (2010) skriv om ei spenning mellom forsking og industri i Noreg etter 1945: «Mens forskerne prøvde å skape et grunnlag for avanserte, norske innovasjoner, var næringslivet mer interessert i mer kortsiktige og mindre risikopregede utviklingsprosjekter» (Sørensen, 2010:76). Han argumenterer for at utviklinga av det norske innovasjonssystemet i siste halvdelen av det 20. hundreåret har vore prega av ei gradvis forskyving fra stat til marknad, «fra statlig satsing på utvalgte teknologier og bedrifter til en mer generell og indirekte stimulering til innovasjon og nyskapning» (Sørensen, 2010:77). Her minner han om at den store suksessen Norsk Data sakte vart svekt og forsvann på grunn av internasjonal konkurranse.
For medieutviklinga sin del må eg nemna nokre originale norske teknologisuksessar før eg held fram. Noreg har vore langt framme i mobilutviklinga, der NMT-standarden og seinare GSM langt på veg vart utvikla i Noreg. Som ein utløpar frå TV 2 har Vizrt i Bergen levert redaksjonelle teknologiar for TV-selskap over heile verda, og gjort stor internasjonal suksess. Det finst også andre eksempel som kunne vore løfta fram.
Likevel er det slik at Noreg ikkje er ein vinnar på teknologiområdet. Sørensen snakkar om «Den norske gåten»; det fenomenet at sjølv om Noreg har høg økonomisk vekst så skårar me lågt på innovasjonsindikatorane, har ein låg andel av brutto nasjonalprodukt på FoU-utgifter, har færrast patentar per innbyggjar av dei nordiske landa, eit næringsliv som forskar mindre enn i andre land og ein lågare andel innovative føretak (Sørensen, 2010:69). Gåta er at Noreg likevel har høg økonomisk vekst. Sørensen forklarer korleis det heng saman. Noreg har ein annleis næringsstruktur enn landa me vert målt mot, med større innslag av råvarebasert produksjon og ein mindre del av såkalla høgteknologisk, forskingsintensiv industri enn dei fleste andre land (Sørensen, 2010:87). «Det gir opphav til en innovasjonsmåte som er mer problemdrevet og mindre forskningsdrevet enn det som er vanlig. Når me kan snakke om en norsk innovasjonsmåte er det også fordi mye innovasjonsvirksomhet går ut på å tilpasse importert kunnskap og teknologi til norske forhold» (Sørensen, 2010:87).
Enno vert nye medium hovudsakleg oppfunne i USA og sette saman i Kina. Noreg importerer det eine mediet etter det andre, og tilpassar dei tilhøva våre så godt som råd. Men fordi Noreg er eit lite land i global målestokk, er det lite sannsynleg at desse medieteknologiane passar spesielt godt til norske forhold. Det er meir sannsynleg at dei er tilpassa til urbane strok som New York og Shanghai, eller er så generelle at dei korkje passar eller ikkje passar spesielt godt nokon stad. Fornorsking av utanlandske innovasjonar er difor ei viktig oppgåve. Sørensen (2010: 84) skriv at det er viktig at teknologi blir tilpassa naturmessige, næringsmessige og kulturelle tilhøve i Noreg, og kan skapa eit kompetansegrunnlag som gjer at Noreg deretter kan etablera seg som deltakar i ei internasjonal teknologiutvikling. Dette inneber mellom anna ei «omsetjing» av teknologiutvikling til den norske arbeidslivskulturen, med krav om godt og trygt arbeidsmiljø, oppbygging av utdanningskapasitet og av forskingskompetanse.
Her har Noregs forskingsråd ei viktig rolle. Dei siste åra har det vorte satsa meir enn før på medieutvikling både i private medieverksemder og i det nasjonale støttesystemet for forsking og utvikling. Under verkemiddelet «Brukerstyrt innovasjonsarena» (BIA) har to medieorienterte prosjekt fått støtte i 2014 og 2015. I Trondheim har NTNU og Adresseavisen har fått midlar til å utvikla tilrådings- og personaliseringsteknologi for medium, der lesaren kan få ein tilpassa lesemeny utifrå sine preferansar og tidlegare val, og kor i verda einer. Løyvingane gjer det mulig å investera i ressursar og utviklingskapasitet til en samla verdi på 40 millioner kroner (Sved, 2015). I Oslo har prosjektet Organizing for Media Innovation (OMEN) fått 24 millionar kroner over fire år til eit strategiorientert prosjekt. Det vert leidd av Arbeidsforskingsinstituttet ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Avisene Nationen, Moss Avis og Sunnmørsposten er med som partnarar frå næringslivet (Senter for tverrfaglig medieforsking, 2015).
I denne samanhengen der eg er spesielt oppteken av Vestlandet, står utviklinga av Media City Bergen sentralt. Frå 2017 skal seks deltakarar vil driva med medieproduksjon og -innovasjon under same tak, og dei er TV2, NRK, Bergens Tidende, Bergensavisen, Vizrt og Universitetet i Bergen. Her er det openbert eit stort potensial for utviklingsprosjekt knytte til redaksjonelle teknologiar, og arbeidet er i full gang under paraplyen til NCE Media (Norwegian Center of Expertise). Media City Bergen er enno berre i startgropa, men er likevel eit viktig grunnlag for argumentasjonen min.
Noreg i 2015 har fleire spennande innovasjonsprosjekt og eit veksande økosystem for medieutvikling. Dei passar godt inn i det Sørensen (2010) kallar «fornorsking». Det mest radikale ville likevel vera å ikkje trenga å «fornorska» medium, men heller byggja dei her ganske bokstavleg. Denne typen sjølvberging er framleis underutvikla i det norske innovasjonssystemet, og treng å verta utforska vidare. Dét er hovudærendet mitt vidare i essayet.
Fyrst oppfinning
Eit alternativ til fornorsking er å byrja frå scratch, med dei verktøya og moglegheitene me har her omkring. Det er lurt å skilja mellom oppfinning og innovasjon, og viktig å utføra dei i den rekkefølgja som gjev størst kontroll og størst direkte påverking på utviklinga vidare. Her argumenterer eg for at det fyrst må vera ein oppfinnings- eller designfase, og deretter kan innovasjonen byrja. Dette synet finn støtte mellom anna hjå Winston (1998), som skil mellom innovasjon og oppfinning, og hjå Kotsemir et.al. (2013) som set denne moglegheita opp i lag med ei rekkje andre strategiar.
Frå no av må me tenkja på det som ein medviten strategi: fyrst oppfinning, deretter innovasjon. Oppfinning føregår i spenninga mellom gamal og ny teknologi, mellom det amatørmessige og det profesjonelle, mellom risiko og tryggleik, mellom tilgang og ikkje-tilgang til teknologi. Ei oppfinning er ei ny, praktisk løysing på eit teknisk problem. Det dreier seg om produksjon av nye teknologiar, det vil seia nye fysiske, materielle design/produkt som har ulike innebygde handlingsprogram som brukaren er meint å fylgja. Oppfinning refererer til skaping av eit artifakt; ein ting, ein teknologi, eit innhaldsprodukt etc.
«Medieoppfinning» er krevjande fordi ein kan eksperimentera med alt som er involvert i eit medium – nytt teknisk grensesnitt, nytt innhald til grensesnittet, ny type interaktivitet, ny forretningsmodell. Slik oppfinning er grunnleggjande eksperimentell, og flaks eller «serendipity» er eit viktig element. Du veit ikkje på førehand kva du skal laga, og skjønar ikkje kva du har laga før du ser det i bruk blant folk. For mediesektoren sin del vil eg hevda at det luraste me kan gjera er å satsa på forskingsbasert produksjon av ny teknologi. Dette betyr å satsa på «invention» – på eit sterkt handlingsprogram som finst i ein fungerande teknologi. Noko mindre er uansvarleg, og overlet for mykje til tilfeldigheitene.
Deretter innovasjon
Innovasjon er her peikt ut som ein prosess som kjem etter oppfinninga. Me ventar til vanleg at innovasjon fører til «the implementation of goods (products) that are new to consumers, or higher quality than their previous counterparts» (Kotsemir et.al., 2013:4). I tilknyting til dette er det naturleg at det finst ein bransje for «produktinnovasjon»: «I en mediesammenheng kan produktinnovasjon innebære innovasjon av nye medieplattformer, for eksempel iPad eller smarttelefonen, eller av nye medietjenester som for eksempel tv, Wikipedia, eller media-apper for lesebrett. Videre kan det også innebære innovasjon av sjangre og kommunikasjonsmønstre» (Morlandstø og Krumsvik:21).
Innovasjon må tenkjast som det å setja retning på oppfinningane, og då er det nokre teknologiar som fungerer betre enn andre, avhengig av retninga. Det er ideelt dersom eit nettverk klarer å få kontroll over både oppfinningar og innovasjonsprosessar samstundes. Til dømes kan forskingsgrupper ved eit universitet eller ein høgskule fyrst laga og testa oppfinningar i relativ fred frå marknaden, og deretter samarbeida med medarbeidarar som har gode nettverk utover i mediebransjen. Slik planlagd veksling mellom oppfinning og innovasjon gjev størst sjanse for at gode teknologiar faktisk vert introduserte i samfunnet.
Ein mogleg suksessdefinisjon kan vera evna til å designa og testa nye teknologiar i lokale miljø, vurdera kor godt dei fungerte, og dersom dei fungerer godt; setja i gang med massespreiing i veltilpassa habitat i Noreg og internasjonalt. Eg formulerer ei retning for medieinnovasjonen på Vestlandet som har preg av den optimismen «social engineering»-tradisjonen har om at forskarane kan bidra aktivt og konkret til samfunnsutviklinga.
Sjølv om «social engineering» har ein negativ klang for mange som voks opp i etterkrigstida, er det eigentleg ein ærbar forskingsaktivitet. Ein filosof som John Dewey ynskte at forskarane skulle leggje seg i selen for å konstruera gode konsekvensar. Forskarar må ta i bruk alle slags teknologiske løysingar i jakta på gode konsekvensar for samfunnet, særleg knytte til eit sunt demokrati og gode levevilkår: «Technologies should be subject to constant and well-equipped observation of the consequences they entail when acted upon, and subject to ready and flexible revision in light of observed consequences” (Dewey 1994:203). Dewey er påpasseleg med å minna om at det også trengst endring i språkføring, formidlingsformer og debattmetodar. Forsøk på å forma desse tilhøva i framtida kan kallast «social engineering».
Mediedesign for Vestlandet
Det er vanskeleg å operasjonalisera dei høgtflygande ideala om samfunnsendring med konkrete prototypar, men det er nettopp dette som er poenget med mediedesign. Mediedesign er ei akademisk tilnærming med ordinære vitskaplege krav til systematikk, dokumentasjon og målretta åtferd. Dette er ei samling av metodiske ressursar henta frå både informasjons- og medievitskap, og ein kombinerer interaksjonsdesign, programmering og innhaldsproduksjon for å setja i hop prototypar på nye medium (Fagerjord 2012; Nyre 2014a). Eit prosjekt bør ha eit tverrfagleg team, der det er med representantar for tre område som Gynnild (2014) også identifiserer som viktige, «the newsroom approach, the academic approach, and the entrepreneurial approach». Samarbeid der slike kompetansar inngår kan føra til prototypar som kan testast på brukarar som representerer både bransjen (journalistar, produsentar osv.) og vanlege menneske som det er tanken skal bruka det nye mediet i dagleglivet.
Mediedesign, slik vi definerer det her, utgår frå undervisning og forsking på universitet og høgskular, og er meint å vera eit systematisk alternativ til dei evig foranderlege utviklingsmetodane i medie- og IKT-bransjen. Ei rekke konkrete design har blitt bygde og testa av norske forskarar. Fagerjord (2015) presenterer ein mobilapp for lytting til kyrkjemusikk i dei kyrkjene den vart komponert. Liestøl (2009) utforskar 3D-grafikk-display for visning av arkeologiske utgravingar; Hoem (2009) utforskar korleis kommunikasjonsmønster kan gje bidrag til utforming av kommunikasjonssystema; Tessem, Johansen & Veres (2013) utforskar lokative informasjonstenester for søk og saksinformasjon; Løvlie (2011) skapte Textopia, ei teneste med skriftlege og opplesne utdrag frå norsk skjønnlitteratur som skildrar stader i Oslo.
Me må verta endå flinkare til å byggja medium for dei geografiske vilkåra me har på Vestlandet, med den typen infrastruktur som fungerer her hjå oss. Her vil eg rykka endå nærare på det vestnorske samfunnet på 2010-talet, og visa korleis forsking kan vera svært kontekst-sensitiv. Det er viktig å understreka at motivasjonen ikkje treng vera patriotisk og provinsiell, men effektiv og instrumentell. Sørensen (2013:70) skriv: «Den regiontypen som har høyest andel ansatte i bedrifter som ut fra målingene regnes som innovative, er mindre tettsteder og småbyer. Slike små industristeder huser den teknologiske kjernen til mange norske eksportindustrier». På Vestlandet er geografien, busetnadsmønstra og teknologiforholda ganske spesielle. Mellom fjord og fjell er det ekstreme krav til kommunikasjonsstrukturen, og dette kan skapa originale teknologiske kjernar, slik Sørensen skriv. Det faktum at me har ein godt utbygt infrastruktur for mediedrift og personleg kommunikasjon vil seie at den tekniske kompetansen er høg. Vestlandet har signaltårn overalt og 3G eller Edge langt opp i dalane og på mange fjell. Distriktskontora til NRK sender i alle krinkelkrokar av Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Likeins er det ein stor flora av lokalaviser og ein veksande lokal databransje, der såvel grafisk design som PR og audiovisuell redaksjonell produksjon er representerte.
Vestlandet har fostra ei rekkje utviklingsprosjekt, men ikkje så mange akademiske prototypar. Eg vil gå nærare inn på eit prosjekt frå Høgskulen i Volda. Hypernytt (2010) var eit eksperiment med bruk av web for å presentera reportasjebaserte TV-nyheiter (Aam 2010; 2013). Målet var å auka informasjonsverdien og læringsmoglegheitene i reportasjesjangeren gjennom å laga ein original medieavspelar med ny organisering av innhaldet. Interaktive funksjonar vert brukte for å koma djupare inn i fakta enn ein tradisjonell reportasje kan gjera, ved å skilja mellom ein hovudreportasje og detaljerte underreportasjar som ein fekk ei visuell oppmoding om å klikka på. I juni 2010 gjennomførte Aam ein to vekers intensiv produksjon av videonyheiter med denne dramaturgien under Ekstremsportveko på Voss. Han samarbeidde med ein programmerar som lagde eit originalt grensesnitt, pluss journaliststudentar som filma og redigerte og to forskarar som gjorde intervju. Det vart gjort brukartestar med tjue informantar som alle prøvde grensesnittet og den nye journalistikken, før dei vart intervjua kvalitativt.
Sjølv om Hypernytt har klare parallellar til tradisjonelle fjernsynsnyheiter, så sørgjer Aam for at valmoglegheitene er større enn i den lineære forteljetradisjonen, utan at han dermed mister den lineære forteljinga av syne. Brukaren får meir å velja i, men kontrollen over den gode forteljinga ligg framleis hjå journalisten. Alle forteljingane i reportasjen er avslutta, men heng tematisk saman gjennom ein enkel hypertekst-struktur. Hypernytt vart aldri forsøkt innovert ut i mediebransjen. Kanskje TV2 eller NRK burde ha prøvd det ut, og kanskje det kunne bidrege til å fornye nyheitsformidlinga? Men det er typisk for akademiske designprosjekt at dei vert verande ukjende og uverksame i det offentlege livet.
Tre akademiske prototypar
No vil eg gå gjennom tre forskingsprosjekt eg sjølv har stått i spissen for, og som har dreidd seg om å konstruera prototypar på nye redaksjonelle teknologiar.
Demostasjon i 2005 var eit mediedesign for demokratisk samtale i form av innringing på radio (Nyre, 2007). Sjølv om redaksjonen var i Volda, var føremålet nasjonalt. Saman med kollegaer i Volda og Bergen konstruerte me eit medium ved hjelp av hyllevare. Me laga både prosedyrar for innhald gjennom ulike sett av reglar for samtalane, og faktisk innhald gjennom å ha testpersonar med til å prøva ut dei ulike regelverka. Demostasjon var såleis ein serie med sosiologiske “eksperiment” med mål om å gje deltakarane størst mogleg rom for å uttrykka seg, under ansvar.
Me fann ut fleire nyttige ting om å moderera offentleg debatt. Kvar talar kan vera på lufta veldig lenge, opp til 20 minutt. Talarane kan diskutera med kvarandre og ikkje berre med programverten. Fordi programmet går live, er både talarar og vertskap på like fot (samanlikna med innspelte reportasjar, til dømes). Alt dette gjorde heilt klårt sitt til å styrkja deltakingsrommet til innringarane. Men likevel vart det nok eit keisamt format. Eit samtaleformat kan verte for seriøst til at det klarer å bli populært blant større brukargrupper. Jobben med å rekruttera deltakarar var svært tidkrevjande. Det ville kort sagt vera svært dyrt å driva ein slik stasjon i den «verkelege» verda, og han ville truleg aldri verta etablert.
Lokanytt (2009) vart gjennomført på Voss, og hadde som målsetjing å produsera lesverdige, faktabaserte lokalnyhende på spesifikke stader ved bruk av GPS-informasjon og mobile grensesnitt (Nyre et.al. 2012; Tessem og Nyre, 2012; Øie 2013; Øie 2015). Sjølv om papiravisa har nyhende om lokale forhold så justerer ikkje nyheitssakene seg etter kor lesaren er i forhold til dei. Med mobiltelefonen går dette an, og Lokanytt var konstruert for å utforska desse såkalla «kontekst-sensitive» muligheitene. Me skreiv tre versjonar av alle nyheitssaker, ein for dei som er veldig nær (0-100 m), for dei som vil måtta gå eller køyra litt for å koma fram (250 – 500 m) og dei som er så langt borte at dei neppe kjem til å dra forbi. Grunnlaget for slik journalistikk skulle vera godt på Voss. Bygda er full av skiturisme, hytteliv, jazz og barnefotball. Eksperimentet vårt vart utført under Ekstremsportveko i 2009.
Det nye mediet fungerte godt til å formidla hendingar, men ikkje så lett til strukturelle nyhende utan tydeleg tilknyting til ein kjent stad på Voss. Testlesarane klarte fint å forholda seg lett til innhaldet, og vart ikkje forbausa eller forstyrra av konseptet. Det fanst likevel eit stort minus knytt til det redaksjonelle arbeidet. Det var vanskeleg å finna gode stadsorienterte skrivemåtar. Det fanst ikkje noko godt språk frå før, for å skriva om dei romlege forholda på ein så detaljert måte som våre prinsipp føresette. Forskarane og journalistane hadde store vanskar med å finna gode måtar å vinkla, skriva og fotografera stader. Ukritisk journalistikk var eit anna problem. Det var vanskeleg å skriva ordentlege nyheiter, og innhaldet ’forfall’ til promosjonsjournalistikk. Det er dyrt å produsera med høg kvalitet, og difor vanskeleg å satsa økonomisk på. Trass i desse ankepunkta er det all grunn til å fortsetja med utvikling av lokasjonsbasert lokaljournalistikk. Folk har kunnskap om kvar det er god utsikt, dårlege butikkar, korleis trafikken er, sykkelruter, sportsarrangementet og liknande. Alt dette har potensiell offentleg interesse, og kan foredlast redaksjonelt så det blir ein meir verdfull informasjonstype for brukarane. God lokasjonsjournalistikk kan gje borgarane ei sterkere kjensle av å ta del i ei lokal offentlegheit, i sitt eige område.
Amplifon (2014-) er ein radiostasjon for mobiltelefonen, med eit urbant nedslagsområde og ein journalistisk profil som kan minna om NRK Hordaland og andre lokale radiostasjonar (Nyre, 2014b). Teknisk sett skil Amplifon seg frå tradisjonell radio ved å vera basert på datatrafikk til mobiltelefonar og lytting i øyretelefonar. Me testar ulike former for lydjournalistikk for folk som er i rørsle gjennom geografien, enten til fots, med buss eller bane, eller med fly. Studentar har laga til saman fem prototypar på mobile, lokasjonsbaserte lydmeium. Blant produksjonane finn me ein dokumentarisk turistguide for Bergen sentrum, eit nyheitsmedium langs Bybanen frå sentrum til Nesttun, eit informasjonsmedium om konsertscenen i Bergen, og ein lydapplikasjon for flyturen mellom Bergen og Oslo. Me har ikkje gjort grundige brukarstudier av desse løysingane enno, men reknar med å kunna vidareutvikla og finpussa løysingane utifrå framtidige funn. Forskingsprosjektet fortset på ubestemt tid.
Dei tre prosjekta Demostasjon, Lokanytt og Amplifon lært meg at det er fullt mogleg å driva med akademisk medieutvikling på Vestlandet, og at det kan skrivast vitskaplege artiklar som vert publiserte og byggjast karrierar på denne typen forsking. Dei tre prosjekta er også i slekt med prosjekt som er utførte av andre forskarar på Vestlandet (Jon Hoem, Bjørnar Tessem, Tor Gjøsæter og Ivar John Erdal, Pål Aam, Kjetil Vaage Øie og Ana Laws). Essensen er at me byrjar med oppfinning og fokuserer på kommunikative verdiar. Slike kvalitetar må det byggjast vidare på i framtidige forskingsprosjekt.
Ulike retningar på verdiskapinga
No skiftar eg fokus til dei interessene som driv innovasjonen, og eg deler dei i to grove kategoriar: økonomisk og kommunikativ verdiskaping. Dette kan vera næringsinteresser, men også ulike offentlege og demokratiske interesser. Analysen er meint å dekkja heile spekteret av moglegheiter i det (vest)norske samfunnet anno 2015.
Morlandstø og Krumsvik (2013) skriv at når det gjeld medieverksemder ligg det eit tosidig perspektiv på verdiskaping i botn: «Det ene er å skape verdier for egen bedrift, og da gjerne økonomiske verdier, det andre er […] verdiskaping i form av demokrati, trivsel, bærekraftige lokalsamfunn og styrking av mellommenneskelige relasjoner» (Same stad:25). Fem typar innovasjonsprosjekt vil truleg særmerka vestnorsk medieutvikling i framtida, og dei vert viste på figur 1.
Figur 1.
Økonomiske verdiar er førte på y-aksen, og dét betyr at jo høgare oppe i systemet eit prosjekt er, jo meir prioriterer det inntening, effektivitet, klikk og andre kvantifiserbare verdiar. Kommunikative verdiar er ført på X-aksen, og jo lenger til høgre i systemet eit prosjekt er, jo meir prioriterer det sannferdig informasjon, dialog, kritisk grunnhaldning, relevans, venleik, danning og andre reint menneskelege verdiar.
Start-up-firma vert etablerte kvar einaste dag. Her er det risikotakarar, gründarar og entreprenørar som rår grunnen, ofte med støtte frå Innovasjon Noreg. Det er mange visjonære og idealistar i start-up-universet, og dei slit seg ofte ut med lang arbeidsdag og dårleg timelønn. I mediesamanheng er det vanleg at start-up-innovatøren kastar seg på trendar og teknologiar i håp om å treffa mediebrukarane på rett tidspunkt med rett produkt.
Utvikling i etablerte mediehus er også viktig. I denne kategorien er det mykje smerte. Dei etablerte mediehusa tapar terreng til sosiale medium, gratis nettaviser og liknande truslar mot forretningsmodellen deira. I motsetning til dei fire andre kategoriane er etablerte mediehus prega av at innovasjonsprosessane skjer mot deira vilje. Dei ynskjer å halda fast på etablerte kommunikasjonsverdiar som dei må prøva å tena pengar på i eit nytt økonomisk verdsbilete. Fordi dei etablerte mediehusa har pressa økonomi, både pga. nedgang i inntekter og sterkare krav om utbyte frå aksjonærane, så vert kommunikasjonskvaliteten gjerne ofra på alteret. Behovet for inntening og effektivisering veg naturleg nok tyngst. Det ideelle ville vera at etablerte mediehus held fast på sine tradisjonelle kommunikasjonsverdiar, og overtyder eigarane om å satsa på dette over lang tid. Då ville dei flytta seg nærare det balansepunktet der den raude pila er.
Vidare har me studentprosjekt. Så langt har eg skildra den private innovasjonen, men universitet og høgskular er naturlegvis også involverte. Studentane er viktige aktørar i innovasjon. Dei sug opp det nye mykje raskare enn fullvaksne folk i arbeidslivet. Studentane er nyttige for alle involverte som eit uttrykk for framtida. Studentprosjekt er prega av ei salig blanding av økonomiske og kommunikative verdiar. Studentane høyrer litt på alle, og er såleis brubyggjarar mellom mediebransjen og akademia. I same slengen er studentane så urøynde og naive at dei stadig vekk lagar verkeleg spennande prototypar og tenester.
Akademiske prototypar er allereie grundig introdusert. Desse prototypane er ofte forseggjorde, med programmering, testing, innhaldsproduksjon og evalueringar i felten. Men utover å skriva vitskaplege artiklar der alt vert dokumentert, vert det sjeldan noko reelt ut av prosjekta. Akademiske prosjekt har sterkt fokus på kommunikative verdiar, der det til dømes er viktig med sannferdig informasjon, god brukaroppleving, originalt innhald og dyrking av diverse andre menneskelege kvalitetar. Forskarar er vanlegvis statstilsette, og fritekne frå direkte omgang med marknadskreftene. Forskarar er difor korkje heilt for eller heilt imot økonomisk verdiskaping, og framstår ofte som marknadsagnostiske.
Grunnforsking fører ikkje direkte til prototypar eller tenester, men dreier seg om å formulera i skrift og tale kva verdiar som er viktige, og kva retning samfunnet bør ta i framtida. Denne typen fundamentale spørsmål er ofte historisk informerte, og kan ha så langsiktige perspektiv at nytteverdien er liten på kort sikt. Teoretisk grunnforsking kan bera preg av opprør og kjetteri, der radiale alternativ til det noverande vert kasta fram. Målsetjingane er så godt som 100 prosent kommunikative. Det handlar om berekraftig utvikling, ynske om ansvarlege haldningar, god samfunnsorganisering, omsorgsfull omgang med kvarandre, likestilling, demokrati og ytringsfridom. Det ideelle er at slik forsking får føregå utan noka som helst innblanding utover at staten finansierer ho.
Å byggja lokale og globale nettverk
Siste punkt er å drøfta korleis ein kan pressa fram ei forskingsbasert «klynge» innanfor mediesektoren på Vestlandet. I denne sektoren er det som eg nettopp har skildra ein flora av ulike interesser og kompetansar. Utfordringane står i kø, og ein kan lura på om det i det heile tatt er mogleg å få til eit sterkt samarbeid. Utfordringa er likevel nettopp denne: å få auka samarbeid på tvers, for å styrka Vestlandsregionen og lokale verksemder. Då trengst det kvalitetar som Sørensen (2010: 81) har formulert godt:
1) Et akademisk lederskap som evner å formulere og iverksette en strategisk visjon.
2) Juridisk kontroll over akademiske ressurser, inklusive intellektuelle opphavsrettigheter over forskningsresultater.
3) Organisatorisk kapasitet til å overføre teknologi gjennom patentering, lisenser og inkubasjon.
4) En entreprenøraktig innstilling blant administrative og vitenskapelige ansatte så vel som blant studentene.
Eg vil leggja til at leiinga må vera realistisk. Dei som styrer prosjekta må erkjenna at ein må læra å gå før ein kan springa, og ikkje pressa fram urimeleg ambisiøse målsetjingar med kort frist. Dette er lagnaden til næringslivet, men han kan ikkje verta reprodusert i akademia. Eit sterkt handlingsprogram har ingen sjanse til å lykkast med ein utolmodig leiar. Ofte vil ikkje leiarane det same som ei pressgruppe av menneske, til dømes dei som er interesserte i mediedesign ved høgskular og universitetet i Noreg. Då kan nettverka byggja seg sjølve opp frå grasrota. Då handlar det ofte om å samla dei gode kreftene, dei som har omtrent dei haldningane Sørensen nemner, pluss dei eigenskapane eg framheva Sverre Liestøl som ein representant for, og ta ansvar for utviklinga heilt til formelle institusjonar (medieverksemd, høgskule, statleg etat) ser potensialet og byrjar å støtta initiativet aktivt.
Law and Callon (1992) prøver å forklara kva som trengst for å byggja varige institusjonar. Dei skildrar eit forhold mellom lokale og globale nettverk. Eit utviklingsprosjekt er ein balansekunst der heterogene element både frå innsida og utsida av prosjektet står mot kvarandre. Forfattarane studerer korleis ein aktør alltid vil prøva å mobilisera og stabilisera eit nettverk av aktørarar med ressursar, og at dette er avgjerande for å byggja ut og gjennomføra prosjektet.
Det lokale nettverket har hovudansvar for å byggja alt det fysiske, inkludert testing med hjelp frå informantar. Eit laboratorium er det beste verkemiddelet på kort sikt. Ein velutrusta medielab med gode vilkår for brukartesting er ikkje ei uoverkomeleg investering for nokon institusjon. Ein slik profesjonell medielab ville gjera det mogleg for studentar og forskarar å utvikla realistiske løysingar over tid. Utviklingsmiljøet må vera i nærkontakt med trendar og utviklingstrekk, utan dermed å følgja moten til punkt og prikke. Dette bør vera eitt eller fleire labmiljø der forskarar og studentar er sterkt integrerte, har godt utstyr, og tilstrekkeleg arbeidskraft. Ei viktig miljø er «Gruppe for IKT og medium» i UH-nett Vest. Gruppa har eksistert sidan 2010 og er sett saman av 20-30 forskarar og lærarar. Me møtest ein gong i året til vårt eige fagsymposium, og arbeidet vårt dreier seg i stor grad om å byggja og testa ut våre eigne medie-prototypar. Her vert ein heil serie med element og bitar produsert og setet saman, slik at dei vert til eit fungerande artifakt – eit nytt medium.
På sikt kan dette verta ein medielab som er felles for nedslagsfeltet til UH-nett Vest. Ein slik ekspertise ville vera attraktiv for mediebransjen og kunne medverka at verksemdene får kompetanse til å utforska meir langsiktige problemstillingar for sine redaksjonelle medium. Her kan ein ta inspirasjon frå dei såkalla næringsklyngene på Vestlandskysten og deira haldning om å samarbeide når dei kan og konkurrere når dei må: Resultatet er at dette miljøet er verdsleiande. Noreg (og Vestlandet/Sunnmøre) har vist at me kan vere leiande på utviklinga av teknologi for oljebransjen, og at høgteknologi kan kome få dei karrigaste små grender og dei fjernaste fjordarmar.
Konklusjon: Me er ikkje gode nok enno
I dette essayet har eg drøfta ei rekkje viktige tema knytt til medieutviklinga, og freista å laga ein raud tråd mellom dei. Hovudpoenget har eg formulert mange gonger gjennom teksten, og avsluttar med ein siste versjon. Høgskular og universitet kan ikkje nøya seg med å produsera kompetanse hjå folk som lagar medium og innhald etter dei er ferdigutdanna, me må ha interne miljø som produsera redaksjonelle teknologiar direkte. Må me sjølve utvikla dei media som studentane (vonleg) ender opp med å jobba i. Fyrst då bidreg UH-sektoren reelt til å utvikla framtidas medium på Vestlandet. Men dette kjem til å ta lang tid. Forsking knytt til akademiske prototypar har ikkje sterkt nok fotfeste i vestlandsk akademia enno. Det må satsast på prototyping og grunnforsking i mange år før fagmiljøa har styrke til å hevda seg med genuint verdfulle oppfinningar og innovasjonar. Mitt hovudpoeng er at fyrst må oppfinninga av nye kommunikasjonsformer få gode vilkår, og deretter kan innovasjonen setjast i verk og bidra til den økonomiske verdiskapinga.
Referanser
Dewey, John (1994). The Moral Writings of John Dewey. Collection edited by James Gouinlock. Amherst: Prometheus Books.
Fagerjord, Anders (2012). «Design som medievitenskapelig metode». Norsk medietidsskrift, nr. 3/3012. 198-215.
Fagerjord, Anders (2015). Humanist Evaluation Methods in Locative Media Design. The Journal of Media Innovations, 2(1). 107-22.
Gynnild, Astrid (2014). Journalism innovation leads to innovation journalism: The impact of computational exploration on changing mindsets. Journalism 15(6). 713-730.
Hoem, Jon (2009). Personal Publishing Environments. Institutt for kunst- og medievitenskap, Norges Tekniske Naturvitenskapelige Universitet (NTNU), Trondheim. Ph. d.
Kotsemir, M., Abronskin, A. & Meissner, D. (2013). Innovation Concepts and Typology – an Evolutionary Discussion. Working Papers in Science, Technology and Innovation. Moscow. National Research University Higher School of Economics.
Law, John & Michael Callon, (1992). “The life and death of an Aircraft: A Network analysis”, in Bijker, Wiebe and John Law (eds): Shaping Technology/building society. Studies in Sociotechnical change. Cambridge, Mass, MIT press.
Liestøl, Gunnar (2009). Situated Simulations: A Prototyped Augmented Reality Genre for Learning on the iPhone. International Journal of Interactive Mobile Technologies 3(2009) Special Issue IMCL2009.
Løvlie, Anders Sundnes (2011). Textopia. Experiments with Locative Literature. Institutt for medier og kommunikasjon (IMK). University of Oslo. Ph.d..
Morlandstø, Lisbeth og Arne Krumsvik (red.) (2013). Innovasjon og verdiskaping i lokale medier. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Morlandstø, Lisbeth og Arne Krumsvik (2013). Hva påvirker innovasjon og verdiskaping i lokale medier? i Morlandstø, L. og A. Krumsvik (red). Innovasjon og verdiskaping i lokale medier. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Nyre, Lars (2007): “Minimum Journalism. Experimental procedures for democratic participation in sound media”. Journalism Studies (8)3. 397-413.
Nyre, Lars; Solveig Bjørnestad; Bjørnar Tessem, Kjetil Vaage Øie (2012). ”Locative journalism: Designing a location-dependent news medium for smartphones”, Convergence 18(3). 297-314.
Nyre, Lars (2014a): “Media design method. Combining media studies with design science to make new media”. Inaugural issue of Journal of Media Innovations. Vol 1(1).
Nyre, Lars (2014b). ”Amplifon. På sporet av et mer intelligent radiomedium”. Nordicom-Information. 36(4). 92-96.
Ruud, Geir Terje (2014). Journalistiske entreprenører. Medienes krise – din mulighet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Senter for tverrfaglig medieforsking (2015). «24 mill til STM-forskere», 24. mai 2015. Sjå: https://blogg.hioa.no/stm/2015/05/24/24-mill-til-stm-forskere/.
Stilgoe, Jack, Richard Owen & Phil Macnaghten (2013). Developing a framework for responsible innovation. Research Policy 42. 1568-1580.
Sved, Børge (2015). 40 forskningsmillioner til Adresseavisen og NTNU, Adresseavisen 1. februar 2005, sjå: http://www.adressa.no/nyheter/trondheim/article10600133.ece.
Sørensen, Knut (2010). “Det norske samfunn – et innovasjonssystem?” i Frønes, I. og L. Kjølsrød (red.). Det norske samfunn. 6. utgave. Oslo. Gyldendal Akademisk.
Tessem, B., B. Johansen, C. Veres (2013). Mobile Location-Driven Associative Search in DBpedia with Tag Clouds. CEUR Workshop Proceedings 2013, Volum 1026. 6-10.
Tessem, Bjørnar; Nyre, Lars (2012): ”Lokaljournalistikk for mobilen”, i M. Eide, L.O. Larsen og H. Sjøvaag (eds) (2012). Nytt på nett og brett. Journalistikk i forandring. Universitetsforlaget. 127-153.
Vaagan, Robert og Jens Barland (red) (2015): Entreprenørskap og ledelse i media. Oslo. Cappelen Damm Akademisk.
Winston, Brian (1998). “Introduction: A Storm From Paradise Technological Innovation, Diffusion and Suppression”, in Winston, B. (1998). Media Technology and Society. A History From the Telegraph to the Internet. London. Routledge.
Øie, Kjetil Vaage. (2013). Location Sensitivity in Locative Journalism: An Empirical Study of Experiences while Producing Locative Journalism, Continuum 27 (4). 558-571.
Øie, K. V. (2015). News Narratives in Locative Journalism. Forthcoming in Journal of Media Practice.
Aam, Pål. (2010). «TV-reportasjen 2.0. Ny teknologi – styrking av samfunnsoppdraget for TV- og videojournalistar», i J. Roppen and S. Allern (eds.), Journalistikkens samfunnsoppdrag. Kristiansand. IJ-forlaget.
Aam, Pål (2013). Fjernsynsforskaren – frå kritikar til innovatør. Som døme: mediedesign av interaktiv journalistikk med levande bilde. Institutt for kunst- og medievitenskap, Norges Tekniske Naturvitenskapelige Universitet (NTNU), Trondheim. Ph. d.