I akademia betyr kritikk at forskaren gjer ei grundig lesing av ein tekst, og vurderer den utifrå kriterier som sanning og relevans. Kritikk betyr også å motbevisa ei utsegn eller refsa ein svak fagleg innsats. Viss røyndomen vert forvrengt eller viktige emne vert ignorert av vitskapen, så vert det refs. Eg er ein streng kritikar av min eigen disiplin medievitskap i Norge og Europa.


Velorganisert om leiing

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Analysane av leiarrolla er høgst relevante for forståinga av det norske samfunnet i 2012. Leiaren er ein viktig figur i norsk yrkesliv, og det er stadig debatt om kva som er god og dårleg leiing. Difor er det lurt av Universitetsforlaget å gje ut ei «Hva er»-bok om leiing. Jan Ketil Arnulf er førsteamanuensis ved […]

Offentleg mediedesign

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Kva er den vesentlegaste medieforskinga fram mot 2020? Svaret er forskingsbasert mediedesign. Her er det offentleg tilsette medieforskarar som lagar eit komplett medium, med grensesnitt, prosedyrar for redaksjonelt innhald, og ein invitasjon til ei viss form for sosial interaksjon. Forskarar har allereie byrja å arbeida direkte med verkelegheita, og det finst gode eksempel på konkrete […]

Kvinners politiske makt

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Bok med potensial til å verta eit standardverk for folk som er opptekne av kvinnesakas historie. Skard har skrive ei global historie om kvinners politiske makt, og fokuserer på kvinner som har nådd toppen i sine land gjennom verv som statsminister eller president. Kva skjedde som gjorde at mønsteret med mannleg makt vart brote, spør […]

Journalistikken koloniserer universitetet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Både universitetsleiinga og journalistikken krev forskingsformidling. Dette tvingar forskarar til å læra seg ei kommunikasjonsform som ikkje er viktig for å utføra forsking, og som dermed forstyrrar vår hovudaktivitet. Journalistikkens verdisyn koloniserer i særleg grad samfunnsvitskapane og humaniora. I denne artikkelen definerer eg profesjonane «journalistikk» og «forsking» som to skarpt forskjellige kommunikasjonsformer. Så fortel eg […]

Læraren veit best

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eg presenterer eit manifest for den myndige læraren. Målet er å bruka regelverket i kvalitetsreforma og kvalitetsrammeverket til å styrka lærarens rolle, ikkje svekka den ytterleggare. Eg ser dette i forhold til Kunnskapsdepartementets nye krav om læringsutbyteformuleringar. Den såkalla prosessorienterte pedagogikken har etter mitt syn gjeve studenten for stor definisjonsmakt i undervisningssamanhengar. Dialogisk kommunikasjon vert […]

Er evolusjonen subjektiv?

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Analysane av utviklingshistoria til mennesket er fascinerande, men også litt spekulative. For 3,7 millionar år sidan gjekk det ein menneskeskapning over ei solsvidd slette i Afrika, og leidde eit barn i handa slik at dei skulle halda følgje. Dette er eit fascinerande bilete på omsorg som følgde meg gjennom resten av boka. Magne Lindholm er […]

Tidsskriftet er daudt, leve tidsskriftet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Papirversjonen av Norsk medietidsskrift vart nedlagt den 18. oktober på Hotel Norge i Kristiansand. Då avgjorde generalforsamlinga i Norsk medieforskarlag «å gå over til ren elektronisk publisering av NMT». Dette vil truleg skje frå byrjinga av 2015, for då går den gjeldande kontrakten mellom tidsskriftet og Universitetsforlaget ut, og tidspunktet er passande i forhold til […]

Forvirrande om Romarriket

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Kan ein kopla leiarskap i Romarriket til moderne leiingsforsking og psykologi? Boka tek for seg måten leiarskap vart utøvd på i Romarriket, og ynskjer å kopla dette til moderne leiingsforsking og psykologi. Forfattarane er alle tre tilknytte BI, og driv seminarverksemd gjennom firmaet B&E. Dei meiner at ei god historie er eit maktmiddel, og at […]

God vitskap om tillit

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Grundige empiriske analysar av tillitsforhold i dagens Noreg. Kvar gong eg opnar avisa, ser eg ordet «tillit» i ei overskrift. Offentlegheita er uroleg for at folk får svekt tiltru til helsebyråkratiet etter Ahus-skandalen, eller til politiet etter 22. juli-handteringa. Med minkande tillit ville me få eit farlegare og meir brutalt samfunn, og det er alle […]

Farvel leiarskap!

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Hermed sluttar eg som redaktør i Norsk medietidsskrift. Eg seier takk til redaksjonsmedlemmer, fagfeller, forfattarar og forlag for godt samarbeid i fire og eit halvt år. Redaktørvervet i NMT er det mest givande av dei leiarverva eg har hatt. Alt arbeidet er fagleg orientert, det vert gjort på dugnad, og redaksjonen får ikkje noko anna […]