Lista viser alle tekstar sortert under sjangeren "Leiarartikkel" på larsnyre.no.

Mikke Mus-faget slår tilbake

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det har blitt ein del av folkloren i akademia at medievitskap er eit Mikke Mus-fag, det vil seia at me ikkje driv med ordentleg forsking, og at me veljer våre forskingsobjekt utifrå kva me sjølv synest er gøy (tv-seriar og nettverking på web 2.0). Sissel Benneche Osvold omtalte i si tid medievitarar som «såkalte forskere». […]

Medievitskap, naturlegvis

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det kan virka som faget vårt enno ikkje torer å slappa av med identiteten sin. Sjølv om medieforskarane eigentleg ikkje lurer på kva dei driv med, har faget så lang tradisjon for å diskutera sin eigen identitet at usikkerheita har blitt ein vane. Dette inntrykket festa seg etter ein serie debattar knytt til Espen Ytreberg […]

Den femte statsmakt

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Vårt fag kan tenkjast på som ei femte statsmakt, som overvåker den fjerde statsmakta (og den igjen overvåker makta i stortinget, rettssystemet og regjeringa). Etter kvart har media fått ein dominerande plass i spekteret av samfunnsmakter, og har blitt ei meir egoistisk statsmakt enn før. Merksemd målt i sjåartal, annonsekroner og omtale i andre medier […]

Det norske i norsk medievitskap

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


På same måte som andre vitskapar har medievitskapen plikt til å forska på vilkåra i det norske samfunnet, i notid og fortid. Me arbeider for skattebetalarane sine pengar, og det minste dei må få igjen er ei ordentleg framstilling av forholda i Norge. Journalistar og den breie offentlegheita kan også ha nytte av analysar av […]

Publiseringskulturen blant seniorforskarar

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Vårt tidsskrift får ikkje inn mange nok vitskaplege manuskript til å kunna hevda at me publiserer det beste av norsk medieforsking, sjølv om me naturlegvis publiserer det beste av det me får inn. Ei rekkje yngre forskarar sender jevnleg inn manuskript til Norsk Medietidsskrift, og eit korps av fagfellar gjev konstruktiv respons på tekstane. Men […]

Offentlege kretsløp utanfor journalistikken

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I vinter har det vore ein runde med heftig forskingsformidling i NRK-programmet Hjernevask, og ein like heftig debatt har utspelt seg i spaltene til regionale og nasjonale aviser. Programskaparane i NRK klarte å lokka kjønnsforskarar ut på glattisen, og me ser alle kor risikabelt det er å formidla kompleks, forutsetningsrik forsking i den journalistiske offentlegheita. […]

Inntrykk frå Ålesund

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Den 14. norske medieforskarkonferansen i Ålesund viser at medievitskapen har ein ganske stabil rolle i det norske akademiske landskapet. Konferansen er eit ritual som bind oss saman, der me oppdaterer kvarandre på stillingar, undervisningsbyrde, disputasar og publisering. Under paperpresentasjonane vekslar sjalusi og misunnelse med imponertheit og ektefølt ros. Konferansen vart arrangert av Avdeling for mediefag […]

Temanummer om metodeutvikling

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Er det slik at nye medier krever utvikling av nye metoder? Hvilke nye metoder er i så fall viktigst for norske og nordiske medieforskere å ta i bruk? Medieforskere prøver blant annet ut kvantitativ webanalyse, interaksjonsdesign og en rekke nye tekniske løsninger for å høste data om innhold og bruk av medier. Særlig yngre forskere […]

Velkommen til NMT Intranett

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Redaksjonen i Norsk medietidsskrift lanserer stolt vårt nye NMT Intranett. NMT Intranett er eit verktøy for å senda inn manuskript og fagfellevurderingar, og for å følgja arbeidsprosessen frå fyrsteutkast til trykkeferdig artikkel. Vårt system er utvikla av medievitar Ana Laws i rammeverket Open Journal Systems, og kan finnast på www.nmt-intranett.org. NMT Intranett gjer at artikkelkvaliteten […]

Norsk medietidsskrift bør slutta å publisera på papir

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det papirbaserte tidsskriftet vert mindre viktig år for år. Til kvardags brukar forskarane bibliotekets elektroniske tidsskriftskatalog, sidan universitet og høgskular uansett abonnerer på dei mest sentrale tidsskrifta. Forskarane lagrar dei vitskaplege artiklane som PDF-filer på sine personlege datamaskiner, medan papirversjonen står til pynt i hyllene på universitetsbiblioteket. Tidsskriftet Digital kompetanse, eller Nordic Journal of Digital […]