Til toppen

Singulariteten er nær


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Datamaskina er det kraftigaste verktøyet mennesket nokon sinne har funne opp, og no er me i ferd med å mista kontrollen over den, seier Ray Kurzweil.

Eg melder åtte bøker om kunstig intelligens som eg leste i Nissedal sommaren 2017. Dagens bok er rangert som nr. 4, nemleg Ray Kurzweil: ”The Singularity is Near. When Humans Transcend Biology” (2005). Eg fekk den av Kjetil Vikene rett før sommarferien og seier takk!

Singulariteten oppstår i det øyeblikket den kunstige intelligensen vert større enn menneska sin. Då vil utviklinga vil gå vidare på måtar som menneska ikkje kan kontrollera eller forstå fordi me ikkje er intelligente nok lenger.

Det var datapionéren John von Neumann som fyrste gong brukte omgrepet singularitet på ein vitskapleg måte. Kurzweil siterer: ”Den stadige akselerasjonen av teknologi ser ut til å bevega seg mot ei slags essensiell singularitet i historia om vår rase, og på den andre sida vil ikkje menneskeleg verksemd slik me kjenner den kunna fortsetja” (s. 10, mi omsetjing).

Den fyrste figuren eg har lagt ved viser tydeleg kva eksponensiell vekst går ut på, og Kurzweil koblar dette til datakraft. Moore’s lov seier at prosessorhastigheita vil dobla seg kvar 18-24 månader, og dette har stemt på ein prikk i mange tiår. Konsekvensane byrjar å bli synlege, og Kurzweil lagar si eiga historieforteljing basert på ”the historical exponential view” (s. 11). I eit evolusjonsmessig perspektiv har det vore eksponsensiell vekst heilt sidan liv oppsto, slik Kurzweil forsøker å visa i den andre figuren.

Utviklinga har kome så langt at det snart går an å ”reverse engineer the human brain”, seier Kurzweil. Det betyr at programmeraren kan herma etter dei prosessane som dominerer i hjernen, nemleg dei parallellkopla, sjølv-organiserande og kaotiske prosessane, og laga intelligente teknologiar med dei ( s. 485, mi omsetjing). Under slike vilkår vil singulariteten kunna oppstå.

Kurzweil forklarar ganske vidkløftig at i framtida vil det gå an med dataprosessering utan bruk av energi eller utvikling av varme. Det ser ikkje ut som det føregår mykje i ein stein, seier han (s. 132). Men det er 10 opphøgd i 25 atomar i eit kilo med stein, og dei er svært aktive. Dei utvekslar elektronar, endrar partikkelspinn og lagar elektromagnetiske felt. All denne energien kan omdannast til intelligens gjennom informasjonsbehandling. I framtida vil det vil gå an å prosessera data utan energiforbruk, og lagra dei som steinar, seier Kurzweil.

Eit anna omstridt tema er ”transhumanisme”, og her har Kurzweil mykje å seia. Han forventar at alle menneske som forheld seg aktivt til helseteknologi og medisinske innsikter, og praktiserer mest mogeleg av dette på sin eigen kropp, vil kunna leva svært lenge. Koblinga mellom genetikk, nanoteknologi og prosessering kan sikra at menneska får nærmast evig liv. Kurzweil sjølv reknar med å vera i god form i 2072 (s. 141), og då vil han i så fall vera 124 år gammal.

I 1965 skreiv nyjournalisten Tom Wolfe ein artikkel om Marshall McLuhan som heitte «What if he’s right». Den fyrste setninga passar også på Kurzweil: «Tenk om han er den han høyrest ut til å vera; den viktigaste tenkjaren sidan Newton, Darwin, Freud, Einstein og Pavlov.» Tankane hans er uhyrlege og kan liksom ikkje takast på alvor av ein forstandig person. Men kva om han har rett?

Mange meiner at kunstig intelligens vil bli menneskets undergang. Stephen Hawking er bekymra for kreftene i kunstig intelligens, og det same er Elon Musk. Eit av problema er at det til slutt vil trengast uendeleg med energi for å halda dataprosessane gåande, og då vert alt anna oppslukt. Kurzweil svarer tørt at singulariteten vil inntre lenge før den tid, og då vert spelereglane endra uansett.

Oppsummeringsvis vil eg seia at Ray Kurzweil er ein kunnskapsrik forfattar med god pedagogisk stil, og i forklaringane av singulariteten brukar han eit vell av fakta henta frå genetikk, nanoteknologi og robotikk. Det er tidvis svært interessant lesestoff. Han får sjølv dei villaste spekulasjonar til å framstå i eit vitskapleg lys.

Ray Kurzweil er også ein mektig mann. I 2012 vart han hyra inn av Google i Silicon Valley, California for å vera sjef for utviklingsprosjekt basert på maskinlæring og prosessering av naturlege språk. Denne mektige posisjonen gjer at hans visjonar har større sjanse for å bli realisert enn dei ellers ville hatt. Det er viktig å forstå kva han snakkar om.

Mr Kurzweil kjem forresten til Oslo i oktober 2017 for å halda innlegg på Aftenposten sin Techkonferanse.