Til toppen

Nyttig idioti på TV


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Heile veka ristar folk på hovudet over skvalderet i politikken og journalistikken, men får seg ikkje til å le. Den forløysande latteren kjem fyrst under “Hallo i uken” på NRK P2 laurdag ettermiddag. Då får me det rette perspektivet på sakene.

Skvalderet i det offentlege rommet gjer ordskiftet mindre operativt, og “godtfolks lyst til å ta budskapet på alvor reduseres”, meiner Dagsrevy-sjef Hans Wilhelm Steinfeld (Dagbladet 20.11.98). Ikkje overraskande synest Steinfeld at Dagsrevyen enno er “en livbøye for fornuften”, og altså ikkje fer med skvalder.

I motsetjing til Steinfeld synest eg at Dagsrevyen og TV2-Nyheitene er blant dei dyktigaste skvaldrarane i landet. Med sosiologen Pierre Bourdieu sine ord vil eg seia at fjernsynsnyheitene ofte fungerer som ei banaliserande kraft i journalistikken. Måten dei to kanalane dekka opninga av Gardermoen på, er det perfekte eksempelet på banal journalistikk.

Ein heil dag messa journalistane i Dagsrevyen og TV2-nyheitene om det siste flyet frå Fornebu. Begge kanalane satsa si dyrebare tid på ei grundig dekning, og enda opp med klisjeaktig og rutinemessig repetisjon av dei yttarst få saksforholda som var involverte. Sanninga om kor viktig denne nyheitssaka var kom i “Hallo i uken” laurdagen etterpå:

I dag blir, som sikkert alle har fått med seg, hovudbusshaldeplassen i Storgata i Sykkylven lagt ned. Den nye hovudbusshaldeplassen 200 meter lenger ned i høgget står klar til å ta imot sin første buss. Det er ein dag prega av høgtid og fest, men også av vemod og ettertanke. Om ikkje så altfor lenge skal den siste bussen trille ut frå busshaldeplassen i Storgata. Den haldeplassen som har vore den viktigaste i Sykkylven i over femti år. Vi skal følge denne siste bussen og sjølvsagt vere med på feiringa av den nye busshaldeplassen (NRK P2, 10.10.98).

Tilbod og etterspurnad

Pierre Bourdieu fortvilar høglydt over tendensen til “å trekke oppmerksomheten mot forhold som kan interessere alle og enhver, nyheter som er omnibus, som ikkje sjokkerer noen. De skal ikke være omstridte, de skal ikke splitte, men være egnet til å enes om, de skal være av interesse for alle, men på en slik måte at de ikke berører noe viktig” (s. 20 i Om fjernsynet, 1998).

I den avpolitiserte journalistikken er det tilbod og etterspurnad på ein mystisk sjåartalsmarknad som er den høgaste lova. Nettopp difor er nyheitene ein usikker business, og det tryggaste er at konkurrentane i hovudsak satsar likt. Den enorme merksemda om saka bestemmer i seg sjølv at den er det viktigaste som skjedde i dag. Redaktør Steinfeld ville aldri tenkt på å redusera Gardermo-opninga til ei kort melding. Eit slikt val er idiotisk utifrå måten nyheitsmarknaden fungerer på.

Bourdieu meiner at tv-journalistane sine prioriteringar er motiverte av forholda innafor “det journalistiske feltet”. Dei har ingenting med samfunns-ideal å gjera. Det journalistiske feltet er ei lukka verd av politikarar, pengefolk, reklamemenn og viktige administratorar som held kvarandre oppe gjennom ein logikk som alle på innsida tener på. “For å vite hva en skal si, må en vite hva de andre har sagt” (:30).

Me kjenner alle innforståttheita mellom journalistar og andre offentlege personar, den kameratslege og profesjonelt kranglande tonen på pressekonferansane og debattane. Alle i feltet tener å snakka slik at kompliserte ting ikkje kjem klart fram; politikarane fordi dei ikkje har nokon klar bodskap, journalistane fordi klare bodskapar krev kostbar tid og kanskje er kjedelege (skrekk og gru).

Virtuell viktigheit

Kva er det verste med banaliseringa av fjernsynsnyheitene? Jo, at journalistiske storsatsingar skapar langt større inntrykk av viktigheit enn saka fortener i det verkelege livet. Slik virtuell viktigheit kan bli veldig sterk og realistisk, noko trenaren til Vebjørn Rodal nyleg fekk erfara. Både valdsfaren i Oslo, hyppigheita av ulukker på vegane og den politisk-økonomiske krisa i Noreg vert overdriven og skapar unødig angst fordi alle journalistar kastar seg på det same. “Hallo i uken” og andre satireprogram har ein verdfull funksjon fordi dei set sakene inn i sitt rette perspektiv.

No er det berre nokre sekund igjen før den siste bussen triller ut frå holdeplassen Storgata i Sykkylven.
Ja, det stemmer det. Passasjerene har løst sine billetter og sitter nå og venter stille på at bussen skal starte. Det er en vemodig stund, men også en stund fylt av forventning. Og der kjører den siste bussen!
Og det vil for alltid vere stille i Storgata i Sykkylven.
Nei, nei, vent litt. Det, det der var ikke den siste bussen, det kommer en til. Det var sikkert den nest siste.
Ja, då får vi komme tilbake seinare då.
Eh, ja vi må vel det.

Banaliserande  kraft

Mange journalistar er smerteleg klar over den banalisernade krafta i yrket deira. Bourdieu seier at dei grovt sett er delt i to leirar. “På den ene siden de store og formuende stjernene, de som er spesielt synlige og spesielt høyt lønnet, men som også er spesielt kuet, og på den andre siden de usynlige arbeidsmaurene i nyhets- og reportasjeavdelingene, de som er stadig mer kritiske fordi de er stadig bedre utdannet” (s. 51). Dei journalistane som vil forandra noko, er typisk nok ikkje i posisjon, og når dei har kome i posisjon, er dei for lengst straumlinjeforma av strukturane i feltet.

På TV-dagane i Bergen sist vår fekk Hans Wilhelm Steinfeld sagt tydeleg ifrå om at han er motstandar av utdanning for journalistar, og det har han god grunn til, for Dagsrevyen har mykje å tapa på å verta granska kritisk frå innsida. Men Steinfeld har lite å frykta, for kreftene på hans side er langt sterkare enn alle slags motkrefter. Som gammal sosialist er det Pierre Bourdieu si store sorg at marknaden alltid vil vera den sterkaste strukturen i fjernsynet, fordi den skapar pengar og ære.

Den kommersielle strukturen i kringkastinga vert halden oppe av karrierebehovet til menneska i kringkastinga. Banalitet i offentlegheita er ikkje eit grunntrekk ved samtida vår, den stammar frå politisk og journalistisk åtferd motivert av personleg vinning. Ein av dei som har mest å vinna på status quo, er Hans Wilhelm Steinfeld.

Det er en vemodig stund, men også en stund fylt av forventning. Og der, der går den siste bussen. Nei, nei, forresten. Sorry, det var en unge på trehjulssykkel.