Til toppen

Kulturen bak kunstig intelligens


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Kunstig intelligens vert laga av menneske, og har difor ein tung kulturell dimensjon i tillegg til den tekniske.

Eg leste åtte bøker om kunstig intelligens i Nissedal sommaren 2017. Dagens bok er rangert som nr. 6: George Zarkadakis: ”In Our Own Image. Savior or Destroyer? The History and Future of Artificial Intelligence (2015).

George Zarkadakis tek for seg kulturane rundt teknologien i denne velskrivne introduksjonsboka. Boka er delt i tre, og berre den siste handlar om kunstig intelligens i streng forstand.

Fyrst fortel han om evolusjonen av mennesket, språkfenomenet og andre sentrale trekk ved det å vera eit menneske. Så viser han at menneska alltid har laga ”automata” og dikta opp menneskeliknande maskiner. Blant dei mest kjente er den jødiske golem, Frankensteins monster, Terminator og tamagochi.

Vår tids ”golem”; kunstig intelligens, er imidlertid ikkje berre ei forteljing. I den tredje delen går Zarkadakis gjennom dei filosofiske og logiske føresetnadane for kunstig intelligens, med omtrent den same namnerekka som McCorduck (sjå tidlegare melding). Han har til dels imponerande forklaringar av koblinga mellom dei logiske prinsippa til matematikarane og programvaren som anvender desse i ei datamaskin.

Men det mest interessante med boka er likevel forfattaren sine analysar av korleis menneska tenkjer på datamaskiner. Vår forståing er sterkt prega av dei metaforane og omgrepa me brukar for å snakka om den, seier Zarkadakis. Hjernen har opp gjennom historia vorte skildra både som ei mølle, eit urverk, eit sentralbord, og sjølvsagt som ei datamaskin.

Desse metaforane får oss til å tenkja at datamaskiner simulerer vår måte å tenkja på, sjølv om dette i liten grad er riktig. Det er feil å seia at eit fly ”flyr” slik som fuglar og insekt gjer, og det riktige er å seia at det ”glir” eller ”svevar” gjennom lufta. På same måte er det feil å seia at ei datamaskin ”tenkjer” slik som mennesket, istaden kan ein seia at den ”prosesserer informasjon” (s. 272).

Maskiner har ikkje samme type intelligens som mennesket, og vil heller aldri få det, seier Zarkadakis. Dette argumentet stammar frå Hubert Dreyfus, men Zarkadakis lagar si eiga forklaring.

Han skriv: ”Den som programmerer ei datamaskin må definera ting a priori for at dataprosesseringa skal kunna finna stad. Men som Wittgenstein viste treng ikkje me definisjonar for å bruka språket meiningsfullt. Meining kjem frå språkbruk, og det er difor uråd å definera meining uavhengig av ordbruk mellom språkbrukarar. Datamaskiner vil for alltid vera ute av stand til å forstå meininga i dei orda me brukar” (s. 311-312, mi omsetjing).

Den noverande logiske innretninga av datamaskiner måtte ha blitt skrota, og utviklinga av datamaskiner måtte ha byrja heilt på nytt for at ein skulle kunna lykkast med å duplisera menneskeleg språk og intelligens. Alle noverande typar av maskiner er basert på den same regelbundne språkbruken, og har same begrensingar. Dette gjeld både symbolsk, seriell programmering og parallelle, neurale nettverk. Ingenting av dette er ”tenking”, det er ”dataprosessering”.

Blant menneska føreset intelligens at ein er sjølvmedviten, men dette gjeld openbart ikkje for datamaskiner, seier Zarkadakis. Det er tilstrekkeleg at den framstår som intelligent for menneska under interaksjonen. Viss den kunstige intelligensen klarar Turing-testen; å ha interaksjon med eit menneske utan å verta avslørt som eit ikkje-menneske, så er det i praksis like intelligent som mennesket.

Datamaskiner klarar jo Turingtesten kvar einaste dag, og det er eit omen frå framtida. ”Kunstig intelligens-maskiner er i stadig større grad i stand til å vera smartare enn menneske i den praktiske anvendelsen av intelligens, dei lærer fortare enn me klarer, og dei kan kommunisera med oss i våre eigne språk. Det er ingen tvil om at verda er på veg ut i ukjent farvatn” (Zarkadakis, s. 265, mi omsetjing).

Det vart ein illevarslande slutt på denne meldinga. Kva er det med kunstig intelligens gjer at det er så skummelt og samtidig så tiltrekkande? Dét tek eg for meg i neste melding, og då handlar det om Ray Kurzweil og hans superoptimistiske varsling av ”singulariteten”.

KOMMANDE MELDINGAR:

5:8. Jerry Kaplan: ”Humans Need Not Apply. A Guide to Wealth & Work in the Age of Artificial Intelligence”.

4:8. Ray Kurzweil: ”The Singularity is Near. When Humans Transcend Biology” (2005).

3:8. John von Neumann: ”The Computer & the Brain” (1958, tredje utgåve 2012).

2:8. Daniel Dennett: ”From Bacteria to Bach and Back. The Evolution of Minds” (2017).

1:8. Herbert Simon: ”The Sciences of the Artificial” (1969, tredje utgåve 1996).