Til toppen

Inntrykk frå Ålesund


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Den 14. norske medieforskarkonferansen i Ålesund viser at medievitskapen har ein ganske stabil rolle i det norske akademiske landskapet. Konferansen er eit ritual som bind oss saman, der me oppdaterer kvarandre på stillingar, undervisningsbyrde, disputasar og publisering. Under paperpresentasjonane vekslar sjalusi og misunnelse med imponertheit og ektefølt ros.

Konferansen vart arrangert av Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, og vart halden i Ålesund fordi hotellkapasiteten i Volda er for dårleg. Erling Sivertsen, Johann Roppen og Solgunn Ose Bjørneset hadde hovudansvaret.

Det var over nitti deltakarar på torsdagen og fredagen, pluss at prekonferansen «Journalistikkens samfunnsoppdrag» på onsdagen hadde over førti deltakarar. Dette er omtrent det same oppmøtet som på Lillehammer, Bergen og Trondheim, og tyder på at faget vårt verken er i krise eller har ein høgkonjunktur.

Mitt hovudinntrykk frå Ålesund er at norsk medievitskap er inne i det Thomas Kuhn kallar ein normalvitskapleg fase. I denne fasen sit alle framoverlent og utviklar sin felles vitskap. Forskarane styrkar etablerte felt som journalistikkforsking og filmanalyse, og utviklar nye felt som brukarstudier av multiplayer online games og kvantitativ innhaldsanalyse av nettsider. Det finst reglar for korleis ein går fram, og reglar for kva som er ei god vitskapleg løysing på problemet. I Ålesund vart det bekrefta at mediefenomen som Twitter og Facebook let seg inkludera i det normale paradigmet. Puh! Det var ein lettelse.

I Volda har nyheiter og journalistikk alltid vore eit viktig tema, og det var riktig å gjera det som miljøet har best greie på til hovudtema for konferansen. Særleg konferansens fyrste dag var godt fokusert. Då handla det om at nyheitsinstitusjonen er i endring. Stig Hjarvard snakka om mediatisering av samfunnet på generelt grunnlag, Hallvard Moe snakka om allmennkringkasting på internett, og Toril Aalberg tok for seg endringar i mediebrukarane si rolle.

Temaet for den andre dagen var nyheitsinstitusjonen i fiksjonen. Dette var ein uklar tittel, men det viste seg å handla mykje om korleis journalistar blir portrettert i film, og det byrja med ei visning av filmen «En helt vanlig dag på jobben» på onsdag ettermiddag. Sesjonen besto av eit foredrag ved Douglas Underwood (University of Washington, USA) om representasjonen av journalistar i anglosaksisk litteratur der blant anna Poe, Dickens og Hemingway vart nemnt, og eit lystig foredrag om journalistar i norsk film ved Gunnar Iversen, der blant anna Arne Skouens Det brenner i natt (1955) vart fyldig analysert.

I denne oppsummeringa må det også seiast at Hans Fredrik Dahl vart tildelt Norsk medieforskarlags ærespris, og Helge Rønning fekk formidlingsprisen. Dette var høgst fortente prisar, og den anerkjenninga som følgde frå kollegaene hjelper ikkje berre til å laga god stemning, den er i seg sjølv eit uttrykk for den stabile og ukontroversielle identiteten faget vårt har no for tida.

Programmet for konferansen var fornuftig, men nyheiter og institusjonar er likevel eit tradisjonelt tema som for eksempel ikkje hjelper oss å sjå så godt innover i framtida. Det hadde gått an å legga opp til ein friskare tematikk, med meir kontroversielle forelesarar. Lista over foredragshaldarar var dessutan mannsterk, og begge årets prisvinnarar var menn. Dette er ikkje representativt for vårt fag, og ville ha vore lett å unngå. Ein annan anomali under konferansen var det påfallande store fråveret av seniorforskarar frå Oslo, Bergen og Trondheim. Dei fleste som har vore med å byggja opp faget medieforskinga i Norge var ikkje til stades, og det er eit teikn på at profesjonen ikkje er heilt i harmoni med seg sjølv.

Eg trur eg snakkar for fleirtalet når eg seier at gruppesesjonane er den viktigaste grunnen til å dra på konferansen. Her presenterer forskarane sine papers, skrivne under press frå undervisning og administrasjon, og framlagt som små perler av grundigheit i ein travel kvardag. Mykje intellektuell energi blir brukt på paperpresentasjonane, og det er her den tydelegaste faglege utvekslinga føregår, både når det gjeld tema og aldersgrupper.

Websida for konferansen var ikkje særleg god. Det var spesielt skuffande at papers og timeplanar for gruppene ikkje var tilgjengeleg på ei webside (om nødvendig bak eit pålogg). Dersom alle papers var tilgjengelege kunne folk ha lest paper dei synest såg interessante ut uavhengig av gruppemedlemsskap. Folk kunne bevegd seg lettare mellom gruppene, og å shoppa etter interessante paperpresentasjonar. Slik det fungerte i Ålesund måtte du ta kontakt med gruppeleiaren for å få tilsendt papera, og dét var det få som gjorde. Dette sette ein stoppar for ein type tverrfagleg kommunikasjon før og under konferansen som garantert ville vore fruktbar.

Informasjonen før konferansen byrja var dårleg. Det vart knapt laga nokon PR i det heile tatt. Det burde vorte sendt ut epostar med jevne mellomrom utover hausten, der alle påmeldte fekk små oppdateringar og påminningar. Denne oppkøyringa før ankomst kunne også føregått på Facebook eller Twitter, slik at deltakarane var litt oppgira før me kom fram. Mangelen på PR-strategi er litt underleg når Høgskulen i Volda har både informasjons- og journalistikkutdanning.

Til slutt må det nemnast at byen Ålesund er svært visuelt attraktiv. Den store mengda med murhus i same stil gjev byen eit roleg preg, samstundes som husa ligg på ei tynn, haugete landstripe med sjø på alle kantar. Dette var ein intens stad å vera på, men sidan me er ekte akademikarar sat me jo nesten berre inne på hotellet og jobba.