Til toppen

Ingen intelligens utan kropp


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eg leste åtte bøker om kunstig intelligens i Nissedal sommaren 2017. Dagens bok er rangert som nr. 7 av 8: Det gjeld Hubert Dreyfus: ”What Computers Still Can’t Do” (1972, andre utgåve 1992)

I 1972 kom ”What Computers Can’t Do”, og den skapte stor internasjonal merksemd. Mange humanistar og samfunnsvitarar kjenner truleg betre til Hubert Dreyfus sin kritikk av kunstig intelligens enn bøker som forklarer teknologien positivt (til dømes boka til Herbert Simon som eg melder heilt til slutt).

Hubert Dreyfus var ein filosof som underviste ved MIT på 1960-talet, og han festa sitt kritiske blikk på kunstig intelligens-miljøet. I 1965 fekk han eit engasjement ved Rand Corporation medan dei jobba med eit AI-prosjekt der, og han brukte høvet til å skriva ein streng kritikk av målsetjinga til AI-miljøet.

Dreyfus angrip GOFAI-tradisjonen (”good old-fashioned artificial intelligence”) med skyts frå europeisk fenomenologi, særleg Maurice Merleau-Ponty og Martin Heidegger. Det er umogeleg å få datamaskiner til å simulera hjernen sin virkemåte, seier han. Kunstig intelligens er for sterkt prega av logikk. Datamaskinene kan berre verta gode til å spela sjakk, rekna reknestykke og løysa andre problem som kan formulerast symbolsk, men dei kan aldri verta gode til å dansa eller fiksa eit problem med plenklypparen.

Dreyfus har fleire forklaringar på kvifor det er umogeleg å simulera menneskehjernen. Datamaskina fungerer serielt og digitalt, medan hjernen fungerer parallelt og analogt. Hjernen er eit nevralt nett (s. 159) med ”globale prosessar som ikkje kan forståast som ein sekvens, og heller ikkje som eit parallelt sett med samtidige operasjonar” (s. 166, mi omsetjing).

Medan datamaskina reknar seg lynraskt gjennom ein serie spesialiserte operasjonar, famlar hjernen sakte gjennom all tilgjengeleg informasjon heile tida. Datamaskina er som ei rasktflytande elv med stryk og fossefall, medan hjernen er som ein grunn og kjempestor sjø.

Kunstig intelligens-prosjektet er dømt til å feila fordi dei overser tre viktige trekk ved menneskeleg intelligens, seier Dreyfus. ”All intelligent åtferd er basert på (1) kroppen sin rolle i å organisera og samla vår oppleving av objekt, (2) situasjonen sin rolle i å gje oss ein bakgrunn som gjer at me kan ha ryddig, men ikkje regelstyrt åtferd, og (3) dei menneskelege behova som er med å organisera situasjonen, slik at gjenstandar vert attkjende som relevante og tilgjengelege” (s. 234, mi omsetjing).

Kjernen i Dreyfus sin kritikk er at AI-teknologiane ikkje tek høgde for at menneskets kropp er definerande for intelligensen vår. Kropp, syn, høyrsel, lukt, smak og kjensler fungerer som ein intelligent heilskap (ein ”Gestalt”). Hjernen sine neuronar, synapsar og axonar får dette til å skje i ein prosess som ikkje kan simulerast med symbolsk baserte datamaskiner, seier Dreyfus.

Utover i 70- og 80-åra skjedde det viktige framskritt på tekniske område som knapt fanst då Dreyfus formulerte sin kritikk, og dette gjorde kritikken mindre treffande. Boka vart dessutan lest som ei oppskrift på kva AI-forskarane burde jobba med for å skapa ein meir realistisk menneskeliknande intelligens, noko som parakdoksalt nok også svekka kritikken hans. Forskarar som Terry Winograd brukar Heidegger og fenomenologi i si kunstig intelligens-forsking.

Dreyfus ironiserte over mangelen på persepsjon i datamaskiner, men samtidig arbeidde teknologane med nevrale nettverk, og utvikla effektive verktøy for maskinlæring. Datamaskiner vart i stand til å gjenkjenna mønster i bilete, til dømes det menneskelege ansiktet. Den same utviklinga har skjedd innafor syntetisk tale og talegjenkjenning, såvel som læring av bevegelsar med robotarm eller andre hydrauliske verktøy. Til saman er det liten tvil om at datamaskinene er i ferd med å simulera menneskeleg persepsjon og kropp.

Eg synest det verkar sannsynleg at datamaskiner kan få ein type intelligens som er basert på sansing, slik Dreyfus føreset at berre mennesket kan. Men det er viktig å presisera slik sansing og intelligens vil vera forskjellig frå mennesket sin.

Til dømes kan ”syn” bety at at femti parallellkopla 360-kamera vert spreidd over heile byen, og ”høyrsel” kan vera basert på sytten mikrofonar av ulike typar. Muligheitane for eksperimentering er nærmast uendelege. Eg er kursleiar for eit masterkurs i ”Teknologi: Teori og utvikling” i Mediebyen Bergen i haust, og der skal eg utfordra studentane til å laga ”intelligente agentar” baserast på datasyn, talegjenkjenning og syntetisk tale. Det skal bli interessant å sjå kva me lærer.

Raskt oppsummert vil eg seia at det var svært stimulerande å lesa Dreyfus-boka, men mest som eit døme på korleis eg sjølv IKKJE ynskjer å tenkja. Mi tilnærming til medievitskap er sterkt prega av persepsjonsfilosofi frå Maurice Merleau-Ponty, men eg går ein annan veg enn Dreyfus.

I staden for kritisk analyse vil eg driva med vitskapleg teknologiutvikling. Eg oppfattar ikkje kroppen og situasjonen som uoverstigelege hindringar for vidare utvikling av kunstig intelligens. Tvert om er eg svært nysgjerrig på kva slags data-persepsjon det går an å laga, og kva slags nytteverdi den kan ha.

Om slik intelligens liknar på mennesket sin intelligens er mindre viktig, synest eg.

BØKENE I RANGERT ORDEN:

8:8. Pamela McCorduck: ”Machines Who Think. A Personal Inquiry into the History and Prospects of Artificial Intelligence” (1979, ny utgåve 2004).

7:8. Hubert Dreyfus: ”What Computers still Can’t Do” (1972, andre utgåve 1992)

6:8: George Zarkadakis: ”In Own Image. Saviour or Destroyer? The History and Future of Artificial Intelligence (2015).

5:8. Ray Kurzweil: ”The Singularity is Near. When Humans Transcend Biology” (2005).

4:8. Jerry Kaplan: ”Humans Need Not Apply. A Guide to Wealth & Work in the Age of Artificial Intelligence”.

3:8. John von Neumann: ”The Computer & the Brain” (1958, tredje utgåve 2012).

2:8. Daniel Dennett: ”From Bacteria to Bach and Back. The Evolution of Minds” (2017).

1:8. Herbert Simon: ”The Sciences of the Artificial” (1969, tredje utgåve 1996).