Til toppen

Bevisstheit ut av ingenting


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Ei ny bok presenterer ein utfordrande teori om bevisstheit. Daniel Dennett vil laga ein naturvitskapleg teori om bevisstheit som ikkje er i strid med nokon sentrale humanistiske prinsipp. Ære vere han for det!

Eg melder åtte bøker om kunstig intelligens som eg leste i Nissedal sommaren 2017. Dagens bok er rangert som nr. 2, og denne fekk eg anbefalt av Bjørnar Tessem: Daniel Dennett: ”From Bacteria to Bach and Back. The Evolution of Minds” (2017).

Daniel Dennett (75) er professor i filosofi ved Tufts University i Boston, USA. Han har skrive eit dusin bøker om evolusjon, bevisstheit og datamaskiner, og utvikla tenkjemåten sin over fleire tiår. Har har vorte stadig meir trygg på seg sjølv., og i den siste boka fyrer han av alt skytset.

Dennett kjem fyrst med ein streng vitskapsteoretisk kritikk av humanistar, deretter argumenterer han for at memer gjorde det mogeleg for den biologiske og kulturelle evolusjonen å nå nivået for sjølvbevisstheit. Til slutt i boka koplar han det heile til kunstig intelligens-diskusjonen i vår tid, men er sjølv ingen alarmist. Han trur ikkje på singulariteten.

Den kartesianske tyngdekrafta

Alt er René Descartes sin feil, seier Dennett. Det finst eit mem som han kallar ”den kartsianske tyngdekrafta” (s. 16). Denne tyngdekrafta tvinger oss til å oppfatta tenkinga som ein dualisme mellom ånd og materie, mellom hjernen som eit vått, materielt organ og tenkinga som noko sjeleleg, åndeleg og ubegripeleg.

Biologar og humanistar har kvar sine forklaringar på kva tenkjing er, og nektar til dels å forholda seg til kvarandre. Uansett så er det ikkje ordentlege koplingspunkt mellom forklaringane deira. Dennett har brukt heile karrieren sin på utvikla begrep og empiriske eksperiment som støttar opp under ein naturvitskapleg holdbar teori om bevisstheit, men som samtidig handlar om sjølvbevisstheit, språk og kultur.

Dei fleste lesarane av denne bokmeldinga står nok på den åndelege sida av kløfta, og rynkar automatisk på nasen av biologiske forklaringar av språk og kultur. Men då kjem Dennett og åtvarar lesaren om å vera på vakt mot den kartesianske tyngdekrafta. I hundrevis av år har den forseinka og forvrengt vår forståing av bevisstheitsfenomenet, seier Dennett.

Fyrst dei siste tiåra har det blitt mogeleg å sjå for seg ein komplett naturvitskapleg teori om bevisstheit, og Dennett vil vera blant dei som forsøker seg. Han vil vera ein paradigmebyggar, der ein sameina teori om bevisstheit er det store målet.

Design utan designar

I den fyrste delen av boka presenterer Dennett det han kallar evolusjonens algoritme: ”Evolusjon ved naturleg utvalg betyr at endringar i populasjonar skjer utifrå variasjon i karaktertrekka til individa, som fører til ulik grad av reproduksjon, som er arveleg” (s. 138).

På stillehavsøyene har det vore dyktige kanobyggarar i titusenvis av år. Dei lagde nye kanoar ved å herma etter dei som var der frå før. Dei dårlegaste kanoane forliste til havs, så dei vart ikkje kopiert. Her føregår det ein naturleg seleksjon der treverk, vatn og menneske verkar saman. Dei beste kanoane vert eigentleg vidareført av havet, seier Dennett (s. 214). Det er Stillehavet sjølv som selekterer for overlevingsdyktig kanobygging på øyene.

Båtar kan bli veldig gode utan at båtbyggaren veit heilt kvifor, og heilt utan at han designa, testa og til slutt gjennomførte sin eigen personlege plan for å laga ein god kano. Planen var der frå før, i form av eit mem.

Dennett vil ha oss til å sjå av verda er full av velfungerande, intelligent design utan at det står ein designar bak (s. 36). Han ville helst tatt begrepet ”intelligent design” tilbake frå dei fundamentalistisk kristne i USA. Intelligent design er ein enkel, ubevisst FoU-prosess som skjer nedanfrå og opp, driven av den naturlege seleksjonen og kommunisert gjennom memer (s. 379). Dette frigjer oss frå å ha ein skapar med overnaturlege krefter.

Bevisstheit ut av ingenting

Ein gong for kanskje 70.000 år sidan oppstod det bevisstheit hjå Homo Sapiens. Men akademia stiller svakt til å forklara dette fascinerande fenomenet, seier Dennett.

Dennett tek i bruk det utskjelte begrepet ”mem”, som fyrst vart introdusert av Richard Dawkins på syttitalet. Memer er tenkjeverktøy som er delt mange menneske. Dei er ikkje basert på genetisk instinkt, men på vidareføring av teknikkar gjennom hukommelse, imitasjon, ferdigheitsutvikling og naturleg seleksjon (s. 209). Slike memer påverkar hjernen sine interne oppkoblingar, og vert lagra som ”frittflytande rasjonalitet”.

Vanlege dyr som hest og løve har ikkje særleg god evne til å ta opp nye perspektiv på omgjevnaden. For å klara å ta opp nye perspektiv trengst det ein evne til å la seg «smitta» av memer, seier Dennett. Dette er kognitive kompetansar/vanar/skikkar som er designa andre stader og som vert installert i hjernen. Jo fleire frittflytande rasjonalitetar det er i eit gitt gruppe av menneske, jo større muligheiter vert det for at intelligensen aukar. Den kognitive arkitekturen i hjernen til Homo Sapiens endrar seg mot større kompleksitet, og over ein lang tidsperiode fører dette til bevisstheit (s. 388). I det kjente univers er det berre menneska som har hatt ei slik utvikling, seier Dennett.

Språkrevolusjonen

Den kulturelle evolusjonen gjennom memer hadde foregått lenge før det oppsto ”moderne” språk. Talepråket vart ein turbo i den akkumulasjonen av meining som memene står for.

Korleis byrja talespråket? Dennett ser for seg grupper av 100-150 menneske som måtte sanka mat og planlegga framover. Då vart små lag på 1-2 personar sendt ut i ulike retningar, for så å komma tilbake og rapportera om kor gode muligheiter det var der, og også forklara kor ein hadde vore.

Jo betre evner mennesket har til å overføra informasjon i lydar og gestar; jo betre kan ein planlegga ressursbruken saman med dei andre i forsøket på å overleva. Ord oppsto frå lydar som trengte arbeid, seier Dennett (s. 270). Hjernen har nevrale system for lytting og artikulasjon, og talespråket utviklar trenger seg på og lagar rom for memene.

Snakkinga er altså motivert av at det er nyttig å kunna formidla detaljerte ting om verda til dei andre menneska (s. 267). Språk handlar om kommunikativ nytte, om å kommandera, be om noko, inspirera andre, eller trua fiendar, og underhalda vennene sine (s. 251). Når desse kreftene fyrst er sett i spel vert det den sterkastes rett også i kulturell samanheng. Nokre vitsar vert reprodusert og dominerer blant vitseforteljarar, medan andre vert uttalt så sjeldan at dei døyr ut.

Intelligens etter mennesket

Memer har reprodusert seg i menneska i mange titusen år,
men det er ingenting som hindrar dei frå å forlata reproduksjon in vivo til fordel for reproduksjon in silico, seier Dennett (s. 384). Ei datamaskin treng ikkje forstå dei teknikkane den brukar så effektivt (s. 411).

Hvis du brukar Google Translate til å omsetja mellom to språk vil du nesten aldri bli ordentleg skuffa. Viser ikkje dette ei seriøs grad av forståing? spør Dennett retorisk (s. 394). Nei, eigentleg ikkje, svarar han. ”Deep learning” finn relevant informasjon frå det som alt har skjedd, og leitar ufortrødent og utan forståing etter mønster og svar (s. 399).

Dennett seier at kunstig intelligens kan skilja ting frå kvarandre, men den kan ikkje merka ting (s. 397). Samanlikna med menneskedyret i ein tidleg fase, er AI sengeliggande. Den treng ikkje kjempa for sin eksistens og har ingen mål utover å auka mengda av godt indeksert informasjon. Datamaskiner manglar praktisk resonnering omkring sjølvvalgte mål som heile tida forandrar seg. Memene sin kamp for tilværet må flytta inn i datahjernen og utspela seg dersom kunstig intelligens skal bli bevisst.

Til slutt tvilen

Menneska vil så gjerne bruka hjernane våre til å forstå hjernane våre. Men er dette mogeleg, spør Daniel Dennett? ”Viss hjernen var så enkel at me kunne forstå den ville me vore så enkle at me ikkje hadde klart det”, seier han (s. 371). Gjennom heile boka har Dennett argumentert energisk for teorien sin, og då har han inntatt eit teoretisk utanfrå-perspektiv.

Heilt til slutt i boka tenkjar han på mennesket frå innsida, og då vert det raskt vanskelegare. Han er like bekymra som andre for korleis det vil gå med oss. ”Faren er ikkje at maskinene vert meir intelligente enn oss, og tek over rollen som kaptein over vår skjebne, men at me overvurderer forståingsevna til våre nyaste tenkjeverktøy, og delegera autoritet til dei for tideleg, til oppgåver som er langt forbi deira kompetanse”, seier Dennett heilt til slutt (mi omsetjing, s. 402).

Det er typisk menneskeleg å vera i tvil, og godt å sjå at Dennett er ein tvilar han også. Forresten så tippar eg at eigenskapar som tvil og tvisyn ikkje kjem til å overleva i den naturlege seleksjonen av kunstig intelligens.

———–

RANGERT LISTE:

1:8. Herbert Simon: ”The Sciences of the Artificial” (1969, tredje utgåve 1996).

2:8. Daniel Dennett: ”From Bacteria to Bach and Back. The Evolution of Minds” (2017).

3:8. John von Neumann: ”The Computer & the Brain” (1958, tredje utgåve 2012).

4:8. Ray Kurzweil: ”The Singularity is Near. When Humans Transcend Biology” (2005).

5:8. Jerry Kaplan: ”Humans Need Not Apply. A Guide to Wealth & Work in the Age of Artificial Intelligence”.

6:8. George Zarkadakis: ”In Our Own Image. Savior or Destroyer? The History and Future of Artificial Intelligence (2015).

7:8. Hubert Dreyfus: ”What Computers Still Can’t Do” (1972, andre utgåve 1992).

8:8. Pamela McCorduck: ”Machines Who Think. A Personal Inquiry into the History and Prospects of Artificial Intelligence” (1979, ny utgåve 2004).