Til toppen

Blind makt i journalistikk


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Blind maktbruk er å styra over handlingsrommet og kunnskapstileigninga til andre menneske utan sjølv å tenkja over det, utan å vita kva konsekvensar denne styringa får, og utan å interessera seg for det.

Blind makt er vanleg i journalistikken fordi dei som makta blir utøvd på ikkje har høve til å gje tilbakemelding, sjølv om dei gjerne er klar over at dei vert styrte. Eg trur mykje av den konstante folkelege irritasjonen mot mediene skuldast slik blind maktutøving.

Mediene har sjølvsagt stor makt. Dei som er mektigast er dei riksdekkande dags­avisene pluss NRK og TV2, for desse slår ned i dagleglivet til folk på svært kort sikt, og pregar oss ekstra djupt nettopp av den grunnen. Desse nyheits- og aktualitets­mediene set dagsorden for kvardags­debatten heime i stovene. I veldig stor grad formar dei det foranderlege intellektuelle handlings­rommet som vert kalla å vera oppdatert.

Politikarar og andre sentrale samfunns­aktørar vert endå meir påverka av aktualitets­mediene. Dei får ofte sine strategiske valg bestemt av emne­vala og vinklingane som vert gjort. I vekes­vis no har AP-folk måtta forholda seg til det store spørsmålet om Jagland skal gå av eller ikkje, heile partiet har vorte sett i offentleg oppkok pga. mediene sitt press på denne saka. AP-folka blir tvungne til å ta stilling til Jagland enten dei har lyst eller ikkje.

Dette er den klassiske forståinga av mediene si makt. Den vert kalla dagsorden­funksjonen, og vert gjerne formulert slik: Mediene bestemmer ikkje kva folk skal meina, men dei bestemmer kva folk skal meina noko om. Dette er ei forståing der mediene vert sagt å berre ha indirekte makt. Makt som ikkje grip inn i folk sitt tankeliv, makt som alle kan forstå, som er oppå bordet og vert bevisst utført. Journalisten tenkjer liksom: Kva bør den politiske offentlegheita verta opplyst om i dag. Det gamle slagordet All the news thats fit to print viser avisa si gode dømmekraft og ansvarlege haldning til dagsordenmakta si.

Etter mitt syn er dette ei altfor forsiktig formulering av aktualitetsmediene si makt, ja det er ei formulering som tener mediene. Når alle er einige om at mediene set dagsorden, kan me alle vurdera det som vert sett på dagsorden, og måten mediene set den på. Maktbruken er liksom open for kritikk, og mediene framstår som redelege innehavarar av legitim makt.
Tre typar blindskap

Men eg er ein vanskeleg type. Eg trur aktualitetsmediene si påverkingsmakt er større og langt meir problematisk enn dette. Eg vil som antyda argu­mentera for at det føregår ein blind maktbruk i mediene. Lat meg understreka at blind i høgste grad er metaforisk meint, dvs. at ein overser ting, er omsynslaus, utan antenner, vinglete, utan kontroll, etc. Eg tenkjer ikkje på den blinde sin forsiktige gange gjennom gatene, men på blind vold. Eg vil analysera mediene sin maktblindskap på tre nivå.

Den mest fundamentale blindskapen finst på systemnivået. Den omfattande tekno­logiske infra­strukturen, den kompakte organiseringa og den råe marknadsstyringa gjer dei store mediene til samfunnskrefter av kolossale og ukontrollerbare dimen­sjonar. I 1999 er gjennom­slags­krafta til VG, Dagbladet, TV2 og NRK primært eit kakofonisk kommersielt fenomen der kortsiktige kulturelle trendar styrer det meste. Dette er ei upersonleg maktutøving som overskrid eitkvart enkelt­menneske si fatte- og styringsevne. Systemet har ei makt over redaksjonane og journalistane som er blind i same forstand som ville, skremte dyr er blinde. Den rasande oksen dundrar framover utan nokon taktikk. På makronivået finst det ingen mesterhjerne som trekkjer i trådane, berre marknads­krefter og intertekstualitet i ei hysterisk blanding.

Det neste nivået av blind maktbruk finst i redaksjonane og journalistane sin stadig aukande profe­sjo­nali­tet. Ein heil generasjon av journalistar er utdanna utan nokon redaksjonell ideologi, og utan nokon andre ideal enn å laga gode program og gode artiklar. Utan at dette gjeld alle, vil eg påstå at det finst ein slags funksjonær­mentalitet i dei store mediene. Legitimeringa av og ansvaret for det som vert gjort vert skyvd oppover til redaktøren, som også har funksjonærmentalitet og difor skyv alt vidare opp på nivået for marknadslogikken, og i verste fall appellerer til ytringsfridomen og mediene sitt samfunnsansvar som fjerde statsmakt. Det som skjer er altså at redaksjonen vert blinda av det rutinemessige og handverksmessige i arbeidet sitt, og overser at ferdigheitene inneber ideologi, politikk, verdiar og sterke kjensler som i realiteten er ei makt over publikum.

Det tredje nivået for blind maktbruk er eg minst sikker på, så her må eg vera mindre bombastisk. Eg trur kanskje det er slik at medan alle vaktar på og forsøker å avsløra maktbruken i nyheitssjangeren, så lever magasin-, reportasje- og under­haldningssjangrane eit fredleg medieliv utan anklagar om å vera potensielt farlege eller mogleg å misbruka bevisst eller ubevisst. No ser eg bortifrå vold- og sexproblematikken i tv-seriar og filmar! Det eg tenkjer på er meir Norge Rundt, Norgesglasset og featurejournalistikken i avisene. Korkje redaksjonane eller publikum ser nokon maktbruk i reportasjar om hermetisering av kjøt eller koslege samtalar mellom programleiaren og ei gamal dame med ein rørande dyrehistorie. Eg mistenker altså at det finst ein sjangermessig blindskap: dette er harmlaust og fell difor utanfor alt som har med makt å gjera. Den potensielle makta i koseleg journalistikk vert oversett, maktforhold vert oppfatta som å tilhøyra den politiske offentlegheita.

Kanskje de no oppfattar det slik at eg er for kritisk eller nedlatande overfor journa­listikken. Eg vil forsvara meg med å seia at det er medieforskaren si fordømte plikt å kritisera samtida. Fortida kan me bruka til å grava fram interessante ting frå, og skriva tjukke bøker der me kritiserer andre forskarar for å ha misforstått kjeldene sine. Framtida er eit ope rom som me kan laga kvalifiserte spekulasjonar om, og slå oss lause med visjonar om det ideelle medie­samfunnet der alle er likestillte og alle vert klokare heile tida. Felles for både for- og framtida er at den ikkje let seg forma av kritikk, same kor god den er. Men notida derimot både kan og bør kritiserast av den enkle grunn at det faktisk er mogleg å forandra ting ifølge kritikken. Det er alltid her og no at me handlar, særleg journalistane.

Etter å ha avslørt alle hovudtankane mine, vil eg no utdjupa og belegga dei meir grundig. Til slutt vert det kanskje litt debatt, dersom de er usamde i det eg påstår.

Systemet styrer journalistikken

Slik eg ser det er kvardagsmediene, til dømes VG, Dagbladet, TV2 og NRK eit mangesidig monstrum av teknologiske og intellektuelle kontroll­mekanismar. Desse potente og autoritative mediene er avantgarden i ein nasjonal medieindustri som alltid strebar etter å få kontroll over folk sitt mediekonsum. Sidan dei alltid kon­kurrerer med kvarandre og difor alltid øydelegg for kvarandre, får dei aldri denne kontrollen, og set difor stadig i verk endå meir intrikate verkemiddel for å lykkast.

Når infrastrukturen fyrst er vel utbygd og vert godt vedlikehaldt, kjem stasjonane og avisene fram til vanvittig mange menneske på fast basis. Utover kjøp og salg av allslags elektronisk utstyr, er det lisens og reklame som er fremste livnæring for aktørane innafor medieindustrien. Mediene lever av at nesten alle menneska i landet brukar lite pengar og energi på hyppig bruk av tilboda. Dei lever av ei formalisert merksemd som kan målast i pengar. Sjåar- og lesaroppslutnad er den høgste økonomiske lova.

Monstrumet vert i stadig sterkare grad drivne av ein vekst- og profittlogikk. Sjølv om eg kanskje er maxistisk inspirert, er dette eit udiskutabelt faktum. Liberalistiske teoretikarar framhever det som ein styrke, som sjølve livskrafta til mediene i kapitalistiske samfunn. Eg meiner at denne kommersielle logikken slavebinder journalistane minst like mykje som diktatoriske stats­ordningar. Dvs. at eg meiner journalistane like mykje som publikum vert forsøkt underlagt mediemonstrumet.

Marknadslogikken er blind for innhaldet. Det er strengt tatt uvesentleg kva som vert snakka om, kva bilete som vert vist, etc.. Sjølvsagt trengst det eit ­innhald for at folk skal ha grunn til å lesa, sjå og høyra mediet, og ein viss kvalitet må det ha for å få legitimitet som noko det er vits i å bruka tid på. Men på systemnivået er innhaldet i mediene likegyldig så lenge det økonomiske apparatet har det kom­fortabelt. Om Norges­glasset har reportasjar om hermetisering av kjøt eller tusen­årsnamnet betyr ikkje ein dritt så lenge det gjeld­ande kravet om lyttartal vert opp­fylt. Dette er systematisk blindskap forårsaka av profittmotivet.

I historisk perspektiv er det berre tjue år sidan NRK og avisene var ideologisk styrte, og redaksjonane hadde uhorveleg store politiske forpliktelsar som tvang dei til bevisstheit. NRK skulle vera nøytrale, avisene skulle vera lojale partiorgan. Kontrasten til 1990-åras profittjournalistikk er stor.

Eg meiner det har føregått ei automatisering av journalistikken. Samtidig som innhaldet strengt tatt er vilkårleg, vert det utvikla ei rekkje reglar og konvensjonar for å sikra at innhaldet oppfyller dei formelle krava i marknaden. Innhaldet vert basert på faste format, på langsiktig programmering og målgruppetenkjing. Alle produkt skal vera appellerande, underhaldande, aktuelle.

Fordi kampen om merksemd er hard og ressursane begrensa, må midla for å skapa merksemd vera effektive. Den redaksjonelle romslegheita vert mindre fordi alt må vera fortare ferdig fordi det vert laga så mykje meir stoff enn før. Spekteret av til­nærmingsmåtar vert mindre, og journalistikkfaget vert meir og meir eit handverk. Eitt overordna format vert lagt på alt; finn minste felles multiplum slik at kommu­nikasjonen vert effektiv overfor flest mogleg i forhold til kostnaden. Det er som å vilja saga til alle fjella i Norge så dei vert akkurat tusen meter. Då har ein vorte blind for den naturlege variasjonen.

Det har kome ei endringa frå vekt på innhald/sak/overtyding til vekt på uttrykk/­personlegdom/underhaldning, frå vekt på sakleg truverde til image. Me kjenner alle den vennlege og koselege intimiteten i no­tidas kringkasting. Eg kallar den liksom-spontanitet fordi det ofte er åpenbart at journalistane ikkje eigentleg er så blide og tjomslege som dei prøver å vera. Dette er ei journalistisk åtferd som står i nær samanheng med kommersiali­seringa fordi det no er ‘kunden’ som har makta. Fordi kunden kan skifta merksemd ved å skifta kanal, må han mest mogleg effektivt smigrast til ikkje å gjera det.

Dette er nok eit paradoks: Det kan ikkje takast nokon hensyn til publikum i kampen om publikum. Det kan knapt nok takast hensyn til journalistane.

Journalistane er inni makta si

Journalistane har makt over kunnskap og stemningar i publikummet sitt. Dei har denne makta sjølv om dei er underlagt ein streng redaksjonssjef, og sjølv om allslags konvensjonar for presentasjon kan følast som ei begrensing av handlings­rommet. Det vil seia at journalistane har stor makt enten dei veit om det eller ikkje, enten dei bryr seg eller ikkje.

Mange lever så intenst i si mektige rolle at dei ikkje ser makta som det den burde vera: ein grunn til beherskelse. Eg vil fyrst presentera tre typar av journalistar som ser makta si på ein forvrengt måte, så den store båsen av journalistar som er meir totalt blinde for makta si.

Den suksessrike kjendisjournalisten tenkjer på makta si som ein personleg kvalitet som reflekterer godt på han sjølv og dei som kjenner han. Det er eg som er mektig, ikkje funksjonen eg har i systemet. Nyheitskjendisar i NRK Fjernsyn og TV2 er typisk i denne kategorien. Anne Grosvold, Terje Svabø, Per Ståle Lønning. Dette er maktberuselse; ei haldning som ikkje nødvendigvis skade, men som er særdeles uelegant for den som veit kor viktige også andre faktorar er for makta deira.

Den arrogante og kyniske journalisten tonar bevisst ned det faktum at han har makt. Han er dyktig, og skriv sjeldan noko feil. Men same kva som skjer som følge av journalistikken hans, beklagar han aldri noko. Og kvar gong han får kritikk eller truslar om søksmål viser han til den heilage ytringsfridomen. Dette er ei komplisret form for maktmisbruk i grenseland mellom seriøs journalistikk og uthenging.

Den ideologiske/idealistiske journalisten driv politisk kritikk mot styresmakter og andre mektige aktørar, systematisk og med eit vedvarandre trykk. Han trur så sterkt på saka at han set til sides alle andre hensyn. Den ideologiske/idealistiske journa­listen brukar mediet som verktøy eller brekkstang til å få ei løysing på eitt problem. Slike journalistar finst berre i Nationen, Klassekampen, religiøse nærradioar og andre spesielle fora. Dette er også maktmisbruk, i det godes namn.

Den blinde maktbruken finst særleg hjå unge, nyutdanna journalistar som enno ikkje har skjønt kva samfunnsmakt dei har i eigenskap av å skriva i VG eller vera i TV2-nyheitene. Hans Skjervhem sa i ein annan samanheng: Dei ser ikkje bjelken i sitt eige auga, for det er den dei ser med. Det eg snakkar om er ikkje eit sjølv­bedrag, det er meir ei feilfokusering.

Ein stor og sterk mann trykkjer kanskje ei hand så hardt at han skadar den, men han meinte det heile godt. Han oversåg berre eit trekk ved seg sjølv. Ein journalist som er blind for makta si kan gjera langt større skade, for han overser at i rolla som journalist er han sjølv eit sylskarpt og drepande våpen. Skaden som vert gjort kan vera individuell, for eksempel ved identifisering av personar som viser seg å vera uskuldige i brotsverket. Eller den kan vera ein langsiktig prosess som fungerer ganske umerkeleg på opinionen, for eksempel i tendensen til å frita Gro Harlem Brundtland for all kritikk i siste delen av hennar regime i Norge.

Som antyda meiner eg at blindskapen er mest utbreidd blant profesjonelle journalistar, dvs. dei som skriv berre fordi dei er gode til det, og enten overser eller ignorerer at deira ord utgjer ein forskjell i samfunnet. Kort sagt; profesjonelle journalistar er dei som ikkje har nokon sjølvbevisst ideologisk eller på andre måtar ansvarleg substans i det dei skriv.

Ingen reagerte då heile den eksploderte redaksjonen i Klassekampen fekk seg jobb i andre hovudstadsmedier, t.d. Dagens Næringsliv. Dei kunne gå frå å vera ideologisk forankra til å verta gode journalistar. Ja, kanskje mange av dei har vore god journalist heile tida, og fyrst deretter er kommunist eller radikal. Kommunisme var kanskje berre ei rolle som passa ein kort periode, nesten eit karrieresteg. Oppbrotet frå Klassekampen viser at profesjonaliteten er sterkt framtredande sjølv hjå dei mest progressive journalistane.

Det seier seg sjølv at dersom du er profesjonell, så let du deg lett marknadsstyra. Desse ser nemleg på journalistikk som eit yrke, eit handverk like praktisk som skreddarsøm og arkitektur. Dei reduserer grunngjevinga for det dei skriv til eit spørsmål om god ingress, kjeldekritikk og sitatreglar. Er du ein god handverkar så er du ein god journa­list. Journalistikken som kjem frå den auto­matiske journalisten liknar på blind vold, den rammar heilt uventa, og den som gjorde det angrar alltid når han ser konse­kvensane.

Makt gjer blind. Når ein studerer dei norske riksmediene verkar det som dei redaksjonelle miljøa langt oftare undervurderer enn overvurderer den argu­mentative makta som ligg i yrket deira. Eg forstår denne systematiske gløymselen, for det må vera like upraktisk og ubehagleg for journalisten å tenkja på at folk skal lesa det han skriv, som det er for legen å tenkja på at folk skal opererast av han. Andre si sårbarheit er lett å gløyma. Diverre er det slik at jo meir ein mektig person undervurderer makta si, jo meir skade vil han kunna gjera med den.

Det må nesten vera slik at journalistane lever inni makta si, ellers ville dei leva i kontinuerleg sjokk og handlingslammelse. Marknadssystemet og dei profesjonelle regima krev at journalistane er ubevisste om kva dei er med på.

Koseleg makt

At nyheitsjournalistikken har makt over folk er heilt innlysande. Men det er meir diskutabelt om Norgesglasset og andre magasinprogram med informasjon, hygge og underhalding som formål, har noko særleg makt. Finst det noko slikt som kosemakt?

Nyheitsjournalistikken er så formalisert i presentasjon at den trekkjer seg heilt tilbake og let saka få all merksemd. Sjølv om magasinjournalistikken er full av jinglar, faste postar, og rutinar, er den likevel mykje meir fleksibel i form, den er meir levande og personleg og emosjonell. Medan nyheitene er stive som byråkratiet, er magasinstoffet like lettsindig organisert som kvardagslivet. Ordenen er der for å gjera det råd å leva med ei viss oversikt, ikkje for å detaljstyra eit eller anna.

Magasinjournalistikken driv like profesjonell henvending som nyheitene, men måten å engasjera folk på er definitivt flytta frå hovudet til kroppen, frå logikk og resonnement til kjensler og identitet. Henvendinga ber preg av minste felles mulitiplum, det vil seia at dei den er preglaus nok til å kunna aksepterast av mange.

Lat meg ramsa opp nokre sjangerkjenneteikn: Det er mykje latter, ein buddy-stemning overfor medjournalistar og intervjuobjekt. Journalistane gjer sitt ytterste for å vera vanlege, venlege, koselege folk. Stoffet er lettfattleg, og ber preg av å vera skrive med redsel for å verka nedlatande: journalistar og lyttarar skal vera likemenn. Magasinet er like omskifteleg som dagleglivet, dvs. i den eine augne­blinken er det humor og tull, i den neste ein alvorleg samtale om arbeidsløyse eller sjukdom. Programmet svingar frå det veldig spesielle og bemerkelesverdige til det uhyre ordinære. Målet er å skapa kjensler i folk, ja faktisk skapa motstridande kjensler i løpet av veldig kort tid. Det heile er ein emosjonell leik.

Ein vellukka leik inneber engasjement frå heimen til skjermen, istadenfor engasjement frå studio til sjåaren. Leiken skapar ikkje eit irritert og opprørt ideo­logisk engasjementet, den skapar ei grad av positivt engasjement som alvoret aldri kan få til. Folk sit og skriv ned matoppskrifter, eller ringer entusiastisk inn på spørje­konkurransen. Sendeflatene er i stor grad fylte med ei leikande henvending, rett og slett fordi det er den mest elegante måten å oppfordra folk på. Den er ikkje tiggande, den er kvikk, assosiasjonsrik, tullete og ofte intrikat.

Er dette heilt uskuldig journalistikk, heilt utan maktforhold? Nei, det trur eg ikkje. Eg meiner at sjølv om slik journalistikk openbert er eit overskotsfenomen, ein slags presang til offentlegheita, er det råd å kritisera den. For den kan oppfattast som ein ny salgs- og tiltrekkingsideologi i mediene: folk fortener å mora seg, fortener å få friminutt frå sin traurige kvardag. Heile tida er mottoet: Lat oss for ein gongs skuld ha det litt artig. Konkurransen mellom kanalane og avisene står om å skapa det mest attraktive friminuttet.

Folk sitt personlege engasjement kan oppfattast som blindande. Den faste lyttaren til Norgesglasset likar journalistane og deltakarane og stemningane så godt at dersom det kjem ein sur medievitar og kritiserer programmet, forsvarer dei det spontant og av rein magekjensle. Slik er det råd å antyda at også publikum i ein viss forstand vert blinda for det dei knyter seg til, og det som ein direkte konse­kvens av koselegheita i magasin- og underhaldningssjangrane. Det publikum vert blinda for, er sitt eige potensiale som kritiske lyttarar og lesarar.

I mine mest pessimistiske augneblinkar har eg kjensla av at i 1999 aksepterer offentlegheita kva som helst frå mediene.