Til toppen

Er evolusjonen subjektiv?


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


evo

Analysane av utviklingshistoria til mennesket er fascinerande, men også litt spekulative.

For 3,7 millionar år sidan gjekk det ein menneskeskapning over ei solsvidd slette i Afrika, og leidde eit barn i handa slik at dei skulle halda følgje. Dette er eit fascinerande bilete på omsorg som følgde meg gjennom resten av boka.

Magne Lindholm er biolog ved Norsk institutt for vannforskning og har skrive mykje om evolusjonsteori. Lindholm argumenterer for at organismane tek del i si eiga utvikling. Evolusjon er ein endringsprosess som langt på veg er ønskt eller tilstreva av ulike artar. Og det er forbausande kor langt nedover i næringskjeda Lindholm identifiserer denne intensjonaliteten.

Subjektet har tradisjonelt ikkje vore tema for biologane, men no kjem det for alvor. Sjølv den enklaste organismen kan oppfattast som subjekt i sitt eige liv. Levande vesen kan læra komplekse åtferdsmønster, hugsa dei og overføra kunnskap til neste generasjon. Dei kan bruka magnetisme, stjernehimmelen og vindar til å navigera, finna tilbake, og ikkje minst ha eitt eller anna merkeleg behov for å venda tilbake. Dyr kan bruka verktøy samansett av kvist, steinar og buskar til å effektivisera matauken. Lindholm tek oss av garde frå maur til fisk til fugl og pattedyr, og bygger grundig opp til behandlinga av det merkelegaste dyret av alle, som sjølvsagt er mennesket.

Hendene og armane gjev mennesket eit handlingsrom som alle andre dyr manglar. Også den oppreiste gangen vår, og den distanserte, lite lukt- og smaksbaserte utforskinga av omgjevnadene, gjer oss spesielle. Lindholm har ein interessant påstand om at koking av kjøt og grønsaker frigjorde energi som elles måtte ha gått til tygging og sanking, og energien vart kanalisert til hjernen. Dette la i neste omgang grunnlaget for utviklinga av kompleks språkleg kommunikasjon.

Slike analysar av utviklingshistoria til mennesket er fascinerande, men dei verkar også litt spekulative. Lindholm vil så gjerne visa at mennesket er både objekt og subjekt i evolusjonen, og tolkingane hans ber preg av at han er ute etter å ta oppgjer med den biologiske determinismen til Richard Dawkins.

Den evolusjonsfaglege diskusjonen står fram som ein av dei viktigaste forskingsfrontane på 2010-talet. Her vert den empiriske kunnskapen om menneskeslekta utvida i nye og spennande retningar, og dei lærde slåst om kor mykje eller lite deterministisk utviklinga har vore.

Men det er det synd at forskarane er så polemiske mot kvarandre. I Noreg er boka Det biologiske mennesket (2010) av Terje Bongard og Eivin Røskaft eit viktig bok innanfor den meir ’biologistiske’ tilnærminga. Lindholm skriv litt hysterisk at dei forvekslar biologi med ideologi, og at dei fremjar «etnisk nepotisme, inn- og utgrupper, raseforskjeller og husmødre» (s. 195).

Det er lite generøst av Lindholm å skulda meir deterministiske posisjonar for å vera brune og rasehygieniske. Dersom ein forskar oppfattar ein forklaringsmodell som sann, må dette prioriterast over eventuelle moralske implikasjonar. Dette er jo faktisk røyndomen utifrå forskarens empiri, enten ein likar den eller ikkje. Eg har stor sans for at Lindholm vil gjeninnføre fridomen for både menneske og dyr, men i nokre parti er boka så subjektiv at ho mest bør lesast som eit verdibasert innlegg i evolusjonsdebatten.