Til toppen

Mistillit til mediene


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Massemediene er ein alvorleg ting. Dei er mennesket sitt viktigaste verktøy til å forstå samfunnet ho lever i, og til å forstå seg sjølv som deltakar i det. Alvoret ligg i at det ikkje er garantert at kommunikasjonen er god. Det er ikkje innlysande at massemediene har gjort oss til betre menneske enn me ville vore utan dei.

Eg har sterk skepsis til mange trekk ved mediene. Eg føler meg bedradd for gode moglegheiter som eg ser er der, men som ingen kan benytte seg av i offentlegheita. Dei som før eller sidan merkar eit slikt mishag bør dyrke det istadenfor å undertrykke det.

Mitt mishag har vore spesielt sterkt overfor norsk kringkasting. Enkelt sagt er både radio og fjernsyn strukturelt udemokratiske og har vore det gjennom heile det 20. århundret. I mange tiår var kringkasting basert på streng einvegskommunikasjon, og produsentane var dei einaste som kunne gje programma innhald. Det sette dei i ein annan klasse både kulturelt og økonomisk. Lyttarane kunne ikkje delta i den kommunikasjonen dei likevel deltok i. Her er det ein urettferdig og unødvendig forskjell på produsentane og brukarane si makt til å bestemme kva som skal presenterast, og korleis det skal snakkast om. Dette klasseskiljet gjalt i det elitistiske NRK på 1970-talet, og gjeld i det kjendisstyrte TV 2 i vår tid.

I utgangspunktet er einkvar kritisk tanke basert på intuisjon. Det byrjar kanhende med irrasjonelle kjensler om kring slipsfarge og stemmeleie. Mishaget blir sakte formulert til ein meir strukturell kritikk, og sjølv om den nok er unyansert, er den eit fyrste forsøk på å formidle kva som er gale. Engasjementet kan etterkvart ta form av praktiske forslag til kva som må gjerast for å skape ein ny og meir jambyrdig tilstand. Kanskje les du faglitteratur for å finne hjelp til å argumentere for dine forslag, og byrjar å fremje dei offentleg.

Fire menneskelege feil

Unødvendig einvegskommunikasjon. I vår digitale samtid finst det stort potensiale for at brukaren kan vere ein aktiv deltakar på SMS, epost, chattesider, innringing og liknande. Likevel vert ikkje dette brukt til å forbetre den kommunikative kontakten mellom heimen og offentlegheita. Den vert i hovudsak brukt til konkurransar, avstemmingar og andre kommersielle sjangrar, og telefontenestene er overprisa for at stasjonen skal kunne tene mest mogleg pengar.

Mangel på dialog. Det finst mange samtaleformer i kringkastinga, men det er konstant for lite bruk av reell dialog i programma. Istaden er det ein endelaus rituell debatt der ingen av synsarane nokonsinne skiftar standpunkt, men blir meir og meir kjente for standpunktet sitt. Slike argumentposørar har ikkje ein spesielt positiv innverknad på den offentlege samtalekulturen. Det minste ein kan krevje av dei som lever av å føre offentlege samtalar er at dei strevar etter å utøve god kommunikasjon.

Fokus på eigeninteresse. Den redaksjonelle profilen er bygd opp omkring personlegheiter og deira eigeninteresser. Dette skapar eit konstant tillitsproblem. Menneska ved mikrofonen og kamera gjer seg til ankerfeste for identifikasjon og idolisering utan å ha gjort seg fortent til det på bakgrunn av livet utanfor mediene. Ja, det er tildels eit sjablongprega rollespel frå heile lauget. Denne åtferda gjev kringkastinga eit litt overlegent og arrogant preg som sedimenterer den skeive fordelinga av makt til å setje dagsorden i offentlegheita.

Overdriven redigering. Programma er så hardt redigerte at det er lite rom for gjenkjenning av verkelegheita slik me ser den omkring oss, utover det me skjønar fordi me er velskulerte i mediet sine eigne konvensjonar. Dette er med på å styrke journalistane og produsentane si definisjonsmakt, fordi språket som medieringa føregår i ikkje kan talast av vanlege folk. Her er det tre generasjonar med klippespråk og evna til å vere cool som gjeld. Du må ha utstyr for minst 100.000 kr for å snakke på denne måten.

Desse fire trekka ved samtidas norske massemedier gjer dei til dårlegare forståingsverktøy enn dei kunne vore. For kommunikasjonen hadde ikkje trengt å vere så dårleg. Både oljeplattformar og atomkraftanlegg kan destruerast, og det er ingen tvil om at det også går an å byggje ned att kringkastinga sine grunnformer.

Utstyrsretorikken

Mange lesarar vil nok meine at min kritkk er bak mål, for demokratisering og interaksjon er jo øverst på dagsorden i medieoffentlegheita. Debatten går høgt blant synsarar, industrifolk og politikarar om kva som er dei beste løysingane, og kva marknaden og konsumentane vil ha. Sidan midten på 1990-talet har alt dreid seg om at radio og fjernsyn skal flyttast bort frå det analoge sendenettet og over på digitale plattformar. Her er det nye moglegheiter og meir rom for demokratisk samtale.

Men gjennom kringkastinga si historie har det føregått ei kontinuerleg ombygging der grunnfunksjonen likevel alltid er den same: einvegskommunikasjon. På 1920-talet kjøpte folk seg krystallapparat med høyretelefon, så kjøpte dei røyrmottakarar med høgtalar. På 1950-talet kjøpte dei transistorradioar, på 1960-talet svart-kvitt fjernsyn og bilradio, på 1970-talet fargefjernsyn, på 1980-talet videoopptakar og satelittutstyr. På 1990- vart kringkastinga prega av fleire apparaturar, til dømes innringing på telefon, epostmottak og SMS.

Alle må kjøpe nye apparat med nokre års mellomrom, men det betyr ikkje nødvendigvis at den kommunikative funksjonen til mediet blir endra, det betyr kanskje berre at alt blir som før. Det tekniske potensialet for god kommunikasjon blir ofte ignorert. For eksempel kunne radio ha vore svært interaktiv frå tidleg på 1920-talet. Programfolka kunne enkelt ha kobla telefonnettet saman med radiostudio, men det gjorde dei aldri.

På midten av 2000-talet er plattformane for interaktiv massekommunikasjon meir framtredande enn nokonsinne: Digital-TV på fastnett og satelitt, web-TV og web-radio med internasjonal tilgang, teksttenester og timeshifting; mobilbiltelefon med FM-radio, tekst-nyheiter, foto, og etterkvart også mp3-musikk og video når det tredjegenerasjons mobilnettet vert utbygd. Blant konsumentane er kjensla av forbetring sterk når slikt nytt utstyr kjem i hus. For kvar gong du kjøper nytt utstyr har det nemleg komme nye funksjonar som skal gjere kommunikasjonen betre. Eg meiner dette i stor grad er ein retorisk skapt illusjon.

Det er av og til nyttig å tenkje på medier og journalistikk som ein økonomisk industri. Saman med elektronikkindustri, reklamebransje og investorar har medieinstitusjonane sjølve vore viktige drivkrefter i den stadige ombygginga. Industrien har ein velutvikla retorikk som gjev gode grunnar for å skifte ut utstyret. I 2004 er det framleis interaktivitet som er det største honnørordet. Tanken er at brukarane kan gje feedback på SMS eller trykking med fjernkontrollen, og at dei blir meir demokratisk representerte i programma, og blir meir aktiviserte i det dei ser og høyrer på fordi det heile er interaktivt.

Men dette er ikkje godt nok. Mangelen på tillit vil etter alt å døme ha like godt grunnlag som før digitialiseringa. Big Brother på TVNorge og Nattønsket på NRK radio er to tilfeldige eksempel på personlegheitsorientert interaktivitet som ikkje akkurat bringer verda vidare. Hovudmotivet for at slike interaktive tenester blir bygd ut er å gjere kringkastinga meir profitabel, ikkje å gjere kommunikasjonen betre. Til dette målet finst det minst femti betre måtar å organisere medieforholda på.

Forsking for god kommunikasjon

Som eg alt har sagt må mistilliten organiserast dersom den skal kunne få gjennomslagskraft. Innspela bør ha eit perspektiv som er minst mogeleg fargelagt av industrien si sjølvforståing. Bransjen vil trenga sterkt ytre press for å gå med på verkelege endringar i funksjonane sine.

Det trengst eit manifest eller ein strategiplan for å peike ut eit alternativt mediesystem. Gjennom forskingsprosjektet Good Communication ved Universitetet i Bergen arbeider eg med å formulere ein radikalt reformulert funksjonalitet for massemediene. Det er sentralt for prosjektet å utvikle ein prototype for meir demokratisk massekommunikasjon i skjæringspunktet mellom kringkasting, telefoni og internett. For å endre medieforholda til det betre trengst det eit klart verdisyn, ein grundig argumentasjon for det, og resolutt handling for å realisere det.