Til toppen

Radioen vert marginalisert


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Tradisjonell radio tapar terreng i møte med øyretelefon-kulturen. Unge menneske veks opp utan tilkopling til radioen som offentlegheit, men også vaksne folk endrar vanar.

London er full av folk som lyttar i øyretelefonar mens dei er på reise gjennom byen. Slik “wearable” lytting i urbane omgjevnader utgjer ei stor, men enno ganske dårleg forstått offentlegheit. Resepsjonsstudien som vart introdusert i mitt forrige innlegg “Livet i lydbobla” fangar opp nokon av dei endringsprosessane som er i sving når det gjeld lyttevanar, og den tek altså for seg folk som er på farten med høyretelefonar på, og ikkje folk som er heime, på kontoret eller i bilen.

I dette innlegget vil eg gå spesielt inn på radioens skjebne. Tal frå Ofcom viser at i Storbritannia brukar aldersgruppa frå 16-24 opp til 61% av lyttetida si på streaming, downloading og podcasting, medan berre 24 prosent høyrer på live radio. For aldersgruppa 35-44 er tala heilt omvendte, der brukar dei 17% på nye lydmedier og 74% på tradisjonell radio. Sjølv om det er mange faktorar i spel, så trur eg at mediekulturen knytt til lytting i øyretelefonar er ei delforklaring på nedgangen i radiobruk, og at utviklinga vekk frå radio er sterkast i urbane omgjevnader.

Ti informantar i London vart spurte kva dei tykkjer om tre typar lydinnhald som dei skulle høyra på mens dei var undervegs i byen. Det var ei speleliste på Spotify, live-nyheiter frå radiostasjonen LBC, og ein podcast med opplysningspreg frå BBC Radio 4.

Musikk var populært. Informantane var klart meir interesserte i musikk enn i nyheitsradio og podcasting. Spelelista me hadde laga var prega av urban musikk, med t.d. Jay-Z, Prince, Fugees og Sugababes, og den fekk i gang tankeverksemda til informantane. Dei framstilte musikk som svært tilfredsstillande og lite forstyrrande å lytta til når ein navigerer seg gjennom byen. Dette skuldast at utvalet av musikk vanlegvis passar med brukarens smak, og ofte er driven av genuin kjærleik til musikk. Brukaren lagar seg eit system av spelelister for ulike humør og situasjonar (Laura har ei liste kalla “Moving”). Desse listene er basert på “kuratering”; det å gjera eit utval av innhald som allereie er laga av nokon andre. Her finst det ikkje nokon redaksjonelt styring eller innhaldsproduksjon slik radioen tilbyr, og innretninga på denne aktiviteten er ikkje offentleg. Listene vert produsert av den enkelte til seg sjølv.

Live radio vart sjeldent brukt. Informantane reagerte generelt negativt på radiostasjonen LBC sin dagsorden, og tilkjennegav frustrasjon med lokale Londonaviser som Evening Standard. Alle har for stort fokus på ulukker, brotsverk og andre negative ting. Men eg hadde bedt informantane om å lytta minst ein time på LBC, og fleire rapporterte om positive opplevingar av live radio undervegs. Cathrine (39) følte seg tett på dei folka som snakkar i studio, og oppfatta stemmene i høyretelefonane som veldig sosiale. John (38) følte seg også involvert i samtalen, og dette er gjenkjenneleg som ei kjensle av “liveness”. Isaac (41) gjekk gjennom Shaftesbury Avenue samstundes som LBC rapportera om ei stor ulukke i the Apollo Theatre. Teateret ligg i nett den gata som Isaac spaserte i, og han fortalte om ei intens og tilfredsstillande oppleving av “breaking news”. Denne opplevinga var forårsaka av vårt metodeopplegg, og var ikkje uttrykk for regulære vanar i kvardagen til informantane, men den viser potensialet til radio i ein urban samanheng.

Podcasting fungerte ikkje særleg bra på farten. Informantane skulle høyra på “In Our Time” med Melvyn Bragg og tre akademiske ekspertar som deltek i samtale rundt bordet. Dette er eit klassisk opplysningsprogram med tema som “The Neanderthals” eller “The American West”. Informantane oppfatta dette programmet som altfor autoritativt og paternalistisk, både i tiltaleform og i forventinga om interesse frå lyttaren. Dei syntest også at slik snakking vart monoton, at det ikkje passa til å vera i bevegelse, og at det vart mykje spoling fram og tilbake for å få med seg poenget.

Dei haldningane som kjem til uttrykk i London er interessante for ein norsk medieforskar. Når teknologiane og lyttevanane endrar seg skjer det ofte noko med dei gamle media, og me ser truleg endringstendensane tidlegare i London enn til dømes i Bergen. I dette tilfellet er det radiolytting på AM, FM og DAB som er offeret. Tradisjonell radio vert overflødig i kvardagen til dei folka som vandrar omkring med øyretelefonar, og då vert også nokon kulturelle praksisar svekka. BBC London og andre allmennkringkastarar utgjer offentlege arenaer som kanskje ikkje kjem til å vera så viktige for framtidas mediebrukarar.