Clay Shirky i Bergen
Internettguruen Clay Shirky passar perfekt inn i si tid. Men har han noko å fara med?
Den globale rikssynsaren Clay Shirky kom til Bergen torsdag 27. oktober. Newyorkeren er ekspert på internett, og 300 mediemenneske lytta nysgjerrig til han i Grieghallen. Jobbane deira avheng av kva som skjer, og difor vil dei så gjerne forstå det.
Denne artikkelen er delt i fire, og dei enkelte oppslaga kan langt på veg lesast uavhengig av kvarandre. Fyrst formulerer eg eit problem med Clay Shirky sitt truverde som samfunnsanalytikar. Deretter går eg kritisk gjennom tre optimistiske innsikter frå Shirky: sosiale medier skapar slagkraftige politiske offentlegheiter, ein ny type kollektivt tolkingsarbeid, og eit stort kognitivt overskot. Shirky har gode poeng, men dei vert svekka av publikum sin tendens til å tolka dei i kommersiell retning.
Yrke: Medieguru
Eg skjønar kvifor Shirky har fått status som medieguru. Han snakkar med ein kombinasjon av empiriske anekdotar og teoretiske aforismar som er ganske engasjerande. Det var mange som lente seg fram då han sa «The design of the invitation matters as much as the nature of the task». Dette er ei modernisering av Marshall McLuhans ”the medium is the message” som er mesteren verdig.
I 1965 skreiv Tom Wolfe eit intervju med McLuhan som heitte ”What if he is right?” Parallellen til Shirky er klar. Det har kome eit nytt medium som alle brukar, enten det er fjernsyn eller sosiale medier, og det er stor forvirring om korleis det bør brukast. Alle treng rettleiing, og medieguruen gjev oss det.
Det største problemet for Shirky er at hans status som medieguru virkar mot at han vert tatt på alvor i forskingsmiljøa, og eventuelt av historieskrivarar. På 1960-talet var dei ’ekte’ forskarane svært skeptiske til McLuhan, og avskreiv han som ein tabloid teknologisk determinist, i lomma på Corporate America.
Foredragsverksemda føregår på ein amerikansk kapitalistisk måte der guruen forsøker å maksimera inntektene sine mens han er ’hot’. Han tek difor gjerne over 200.000 kr for å halda eit foredrag. Det er ikkje slik at orda hans difor automatisk blir til salgs for høgstbydande, men det kan henda at han veljer ut dei poenga som fell i best jord hjå publikum og boklesarar.
Her lurer det ein sjølvforsterkande kommersiell logikk. For arrangørane blir det viktig å gjera ei storhending ut av Shirkys foredrag for å få selt dei dyre billettane, og for Shirky blir det viktig å seia noko som blir tatt vel imot. I det minste vil ein kunna mistenka at han opptrer slik.
På grunn av prisnivået snakkar Shirky mest til næringslivet, og fordi ingen i den bransjen fortel gode idéar til sine konkurrentar dreier det seg mest om å bli inspirert. Dette vart bekrefta i Bergen: På Twitter skriv @emodal: «Er inspirert etter møte med Clay Shirky og andre digitalfolk på #nmdshirky i Bergen i går». Ei anna formulering av inspirasjon kjem frå @herdis: «Noko av det beste med #nmdshirky var å få stadfesta at det vi jobbar med til dagleg, er rett. Samt få pusteproblem fordi endring hastar». Shirkys jobb er liksom å få oss alle til å føla at me no forstår internett betre på godt og vondt, og dra heim med ny energi.
Men McLuhan hadde gode poeng på tross av sin corporate guru-profil, og kan hende er det meir enn ein grunn til at dusinvis av norske bransjefolk flyr eins ærend frå Oslo til Bergen for å høyra på Shirky. What if he is right?
Lause politiske offentlegheiter
Den arabiske våren og Occupy Wall Street er to fenomen som er verkeleg imponerande å følgja med på, for dei har så sterk politisk kraft i seg. Sosiale medier vert gjeve mykje av æra for deira gjennomslagskraft, og Clay Shirky er i front internasjonalt når det gjeld analysen. ”Do digital tools enhance democracy?”, spør han. Blir det meir kollektiv handling, og blir det politiske livet betre enn før desse verkemidla var oppfunne?
Han formulerer ei fin lovmessigheit:
«As the communications landscape gets denser, more complex, and more participatory, the networked population is gaining greater access to information, more opportunities to engage in public speech, and an enhanced ability to undertake collective action. These increased freedoms can help loosely coordinated publics demand change»
Og hendingane det siste året ber preg av å vera laust koordinerte offentlegheiter. Både Facebook-mobiliseringa på Tahrir-plassen og Occupy Wall Street framstår som glimrande eksempel på kva som kan skje ifølgje Shirkys analyse, og han formulerte analysen før nokon av desse hendingane skjedde. Her synest eg Shirky er god.
Shirky seier at sosiale medier skapar ”ridiculously easy group-forming”. Eit engasjerande tema kan mobilisera hundretusenvis av menneske sjølv om dei ikkje er på same stad, og dei kan utføra ei kollektiv handling på kort varsel, gjerne i løpet av minuttar og timar etter den fyrste meldinga. Dette er flashmob i stor skala. Organisasjonsapparatet ligg klart frå før, og heiter Facebook eller Twitter.
Det er interessant å samanlikna Tahrir i Egypt med 22. juli i Norge. Er det noko i Shirkys analyse som gjeld for begge to? Desse hendingane føregjekk jo i to svært forskjellige politiske kulturar, og var også svært forskjellige i sine politiske implikasjonar. I Egypt dreide det seg om eit undertrykt raseri over urettferdigheit og korrupsjon, og det vart mobilisert til protest gjennom sosiale medier. I Noreg dreide det seg om ei plutseleg overveldande terrorhandling som skapte sjokk, avsky, sorg og hat, og alle nyansar vert diskutert gjennom sosiale medier. I Noreg fekk den lause politiske offentlegheita ein reint terapeutisk funksjon, og dette gjer den reaktiv i motsetning til Egypts aktive mobilisering. Eg synest ikkje Shirky sin analyse er nyansert nok til å fanga opp denne typen nasjonale og kulturelle forskjellar.
Episodiske fellesskap
På framsida av Here Comes Everybody (2008) står det følgjande: ”Revolution doesn’t happen when society adopts new technology, it happens when society adopts new behaviors”. Her posisjonerer Shirky seg som sosiolog, og ikkje som tekno-geek slik mange andre guruar gjer. Under foredraget i Grieghallen sa han: «We overestimated the importance of access to information, and underestimated the importance of access to each other» (sitert frå @benteka).
Shirky serverte mange teoretiske aforismar, og ein av dei føltest som ei god oppsummering av hans sosiale teori. «Large crowds don’t self-moderate well». Jo større antal menneske som skal utføra kollektive handlingar, jo vanskelegare er det å organisera dei. Slagkraftig kollektiv handling vert nesten alltid utført av regjering, statlege institusjonar og tunge næringslivsaktørar. Men på grunn av dei sosiale mediene er det ikkje lenger noko problem for nye aktørar å koordinera handlingane til mange menneske.
I sosiale medier vert det heile tida skapt nye tolkingsfellesskap. Dersom du følgjer ein viss hasjtag eller ein vennekrets på Facebook, så har du eit rammeverk for å forstå og tolka verkelegheita. Det er ei episodisk offentlegheit som gjev deg ein ny tryggleik.
Lat meg ta twitringa på hasjtagen #nmdshirky som eksempel. Den føregjekk hovudsakleg på smarttelefon mens folk var i Grieghallen, og på byens utestader. Eg var sjølv aktiv på Twitter under foredraget. Frode Bjerkestrand i BT skriv: «En stund var det nesten ufrivillig komisk i Peer Gynt-salen. Mange deltakere så ut som om de var mer opptatt av å tvitre om foredraget, enn faktisk å absorbere alt som ble sagt. Treffende nok er denne multitaskingen et presist eksempel på Clay Shirkys argumenter om mediebruk og samhandling».
Eg trur det ligg noko her som er meir substansielt enn årets ferdigheiter i multitasking. Då eg sat der og trykte på touchscreenen min var eg med på å laga ei lita offentlegheit som varte i ca. to dagar, men som gav deltakarane ei svært presis nytte og innsikt (og snikksnakk). Slike episodiske offentlegheiter har utfordra sentrale institusjonar i samfunnet sidan 1990-talet, og det er ingenting som tyder på at dei er kome under kontroll. På foredraget sa Shirky: «It is less management and more culture that now determines what happens in the media». Dette er ein høfleg måte å seia at alt er komplett kaos.
Kven får overskotet?
Tolkingsarbeidet i sosiale medier skapar eit kognitivt overskot. For kva er det folk gjer når dei twitrar og skriv og fotograferer? Dei akkumulerer ein enorm kulturell timeinnsats som i prinsippet kan brukast til alt mogeleg. Shirky brukar eksempelet med Wikipedia versus fjernsyn (sjå Øvrebø 2008, Hoem 2011, Wiese 2011). Det trengst berre ein brøkdel av tida amerikanarane brukar på TV for å få skrive heile Wikipedia, og jo meir av folks interesser som går i retning av tolking og skriving, jo større vil overskotet bli. Shirky snakkar om folks tolkingsarbeid; ein ressurs som har uendeleg stort potensiale dersom folk er viljuge til å endra måten dei brukar tida si på.
Og her har Shirky eit snedig poeng. Eit slikt overskot finst berre ei kort stund etter at eit nytt medium er oppfunne: «If people knew what to do with a surplus with reference to the existing social institutions, then it wouldn’t be a surplus, would it?” I denne fasen er det eigentleg ingen som har anelse om korleis overskotet skal utnyttast, og folk byrjar å eksperimentera med korleis dei kan integrera det i kvardagslivet. I den prosessen kan samfunnet verta endra, særleg dersom det finst radikale konstruktørar som pressar muligheitane til det ytterste.
Her i Noreg følest det ikkje som dei sosiale mediene er i ferd med å skapa revolusjon. Arbeidet med å profitera på det nye kollektive tolkingsarbeidet er forutsigbart, ikkje minst i mediebransjen. Folks frivillige arbeidskraft må brukast til å spara lønsmidlar i bedriftene. @vampus: «VG hadde god utnyttelse av kognitivt overskudd da de lot leserne fylle ut info om lokalpolitikere etter kommunevalget 2007″. Kudos til VG, liksom.
Innafor det individualistiske moralsynet som rår i bransjen er naturleg å promotera seg sjølv og andre, gjerne i ei litt uskuldig og kameratsleg form. Under foredraget twitra @bergenmediarena at «Om noen på #NMDShirky-arrangementet vil rekruttere unge smarte mediehoder bør de følge @KommVolda. Bra med engasjerte studenter!» Her handlar det om suksess og atter suksess.
Både i Amerika og Noreg er det utan tvil marknaden som kjem til å stikka av med overskotet. Men er det bra at verkelegheita er slik? Tenkjer Shirky på dét spørsmålet? Hjå Shirky dreier det seg om effektivitet og rasjonalitet, for han snakkar til mediebransjen. Google og Facebook har blitt gigantiske kommersielle foretak utan genuin sosial omtanke for befolkninga, og når Shirky analyserer befolkninga så tenkjer han i same stemningsleie som dei store bedriftene.
Shirky passar perfekt inn i si tid. Ikkje berre spinn han mediene slik at han tener mest mogeleg pengar, han fortel folk noko som gjer at dei bøyer nakken og går ut att i verkelegheita med fornya styrke til å driva businessen vidare. Det dreier seg ikkje om å dyrka eit best mogeleg sosialt liv mellom menneske, men om å skjøna mekanismane for det sosiale livet best mogeleg.
Litteratur og lenker
Grøndahl, Carl Christian (2011): ”Clay Shirky #NMDShirky”, 27. oktober 2011.
Kalsnes, Bente (2011): «10 ting du bør vite om Clay Shirky», 26. oktober 2011.
Nyre, Lars (2011): «Nei, det er ikkje ein Facebookrevolusjon», 4. mars 2011.
Nyre, Lars (2011): ”Politisk kritikk av sosiale medier”, 8. april 2011.
Shirky, Clay (2008): Here Comes Everybody. The Power of Organizing Without Organizations. New York: Penguin.
Shirky, Clay (2010): Cognitive Surplus. Creativity and Genorisity in a Connected Age. New York: Penguin.
Shirky, Clay (2011): ”The political power of social media. Technology, the public sphere, and political change”, i Foreign Affairs 90(1).