Til toppen

Vi treng forsking, ikkje innovasjon


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Nye medier handlar om meir enn mobiltrendar og graden av økonomisk suksess for VG+. Mediesamfunnet treng den typen langvarige, kjedelege og grundige undersøkingar som berre universitet og høgskular kan tilby.

Eg er på forskingsreise til Amsterdam saman med gode kollegaer, og på torsdag hadde me meldt oss på konferansen”Wireless Stories. New media in public space” organisert av dei nederlandske firmaene Sandberg og Mediafonds. Her vart state of the art innafor medieutvikling presentert, i det minste slik arrangørane ser det.

Breidda i foredraga er imponerande. Her er det amerikanske, engelske, danske og nederlandske smartingar, og det er er film, dataspel, fiksjon, læringsverktøy og kunstinstallasjonar – alt bakt saman med GPS-lokalisering og kartografi. Hvis du er interessert i detaljar kan du sjå programmet på www.wirelessstories.nl. Ifølge arrangørane skal alle foredraga leggast ut i streaming video.

Det var også ein demonstrasjon av ein spennande ny applikasjon, der eg kunne registrera ’like’ på Facebook gjennom ein knapp utstyrt med RFID-brikke. Fyrst måtte eg registrera knappen slik at den vart kobla til min konto på Facebook og vart ’min’. Etterpå kunne eg dra den over ein kortlesar med samme utsjånad som dei på undergrunnen i London. Dette er the revenge of the physical, og hvis dette blir ein trend må me gå ned på Bergen Kino for å lika den nyaste filmen på Facebook, etter fyrst å ha sett ein piratversjon heime i stova.

”Wireless Stories” er ein lokal nederlandsk suksess. I elleve år har Sandberg hatt konferansar om nye medier. Dei tidlegare åra har det vore rundt 200 påmeldte, men i dag var det 600. Det er lett å spekulera i kvifor frammøtet er så stort. Nye medier blir stadig viktigare både blant studentar, forskar, private IT-firma og statlege instansar. Viljen til å betala for medietenester aukar, sjølv i ein pressa økonomisk omgivelse. Veksten i mediebransjen er logaritmisk, og kanskje til og med bærekraftig.

Men same kor spennande og positivt dette arrangementet er, så dreier det seg i liten grad om ordentleg forsking. Dette er innovasjon og utvikling der det er heilt greitt å gå vidare utifrå kva som fungerer godt, og kva som blir oppfatta som artig, underhaldande, fascinerande av brukarane. Men brukarane vert for eksempel i liten grad spurt systematisk om kva dei synest. Det er djupast sett utviklarane sjølve sine prefransar som vert vidareført, basert på deira subjektive fortolking av anekdotiske data. Det er vel og bra som medieinnovasjon, men det stryk på alle kriterier for ordentleg forsking.

Forskaren skal testa ut ein hypotese, og ikkje gå vidare i utviklinga basert på popularitet. Det kan gjerast mange velfungerande funn utan at dei nødvendigvis er relevante for hypotesen, og dei har kanskje ingen spesiell verdi utover å vera profitable. Dette er eit trivielt funn i forskingssamanheng.

Medieforsking må dreia seg om å forska på samfunnet ved hjelp av medier. Hypotesen kan til dømes vera at NRK sitt gamle kringkastingsideal om informasjon, opplysning og underhaldning kan gjeninnsetjast i samfunnet i ei ny medieform som er innstilt på maksimal dannande effekt, og der mobile medier med deira audiovisuelle ressursar vert prøvd ut.

Målet ville altså vera å skjøna betre korleis allmenndanning kan fungera i vårt noverande samfunn, og dette kan gjerast ved å bygga inn eit tydeleg formulert handlingsprogram i eit nytt medium, rekruttera eit rikeleg antal testpersonar til å prøva det ut, og deretter analysera datamaterialet. Forskarar har ikkje lov til å seia at hvis alle er fornøyde så er det berre til å fortsetja rett fram. Då er det berre innovasjon, og ikkje ordentleg forsking. Hvis den teknologiske løysinga ikkje skaper den ønska åtferda så er hypotesen falsifisert, eventuelt så er det grunnlag for å gå vidare etter å ha justert løysinga.

Ei slik tilnærming vil ha mange verdifulle følgefenomen uansett kva resultatet blir. For sjølv om det ikkje ville visa seg mogeleg å anbefala at det aktuelle mediet vart realisert på brei front i det norske samfunnet, så ville truleg dei publiserbare analysane og drøftingane av grunnlaget for denne konklusjonen vore verdt alle midlane som var investert. Eit negativt funn er ikkje problematisk for forskaren, det er kanskje spesielt interessant.