Til toppen

Verdiskaping i Media City


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Media City Bergen vert montert bit for bit. Handverkarar byggjer om bygningane slik at dei kan husa mediefolka. Teknikarane lagar datanettverk som skal halda orden på all informasjonen, og journalistane lagar (godt) innhald akkurat som får. Øvst i tårnet skal det snart sitja leiarar og forsøka å styra den verdiskapinga som kjem ut av det nye bygget.

Bergen får eit nytt økosystem for mediedrift, og her presenter eg eit kart over aktivitetane som truleg kjem til å finna stad. Eg tek særleg for meg verdiskaping knytt utvikling av nye media og nye kommunikasjonstenester; det som gjerne vert kalla medieinnovasjon.

Verdiskaping

Figuren nedanfor har delt verdiskapinga i to. Den raude pila viser idealet; eit økonomisk berekraftig medium som samtidig fremjar god kommunikasjon blant folk.

Økonomiske verdiar er ført på y-aksen, og det betyr at jo høgare oppe i systemet eit prosjekt er, jo meir prioriterer det inntening, effektivitet, klikk og andre kvantifiserbare verdiar.

Kommunikative verdiar er ført på X-aksen, og jo lenger til høgre i systemet eit prosjekt er, jo meir prioriterer det sannferdig informasjon, dialog, kritisk grunnhaldning, relevans, venleik, danning og andre reint menneskelege verdiar.

No vil eg presentera dei fem typane innovasjonsprosjekt som truleg vil særmerka Media City Bergen, og gje hint om kva retning deira prioriteringar bør ha.

Start-up-firma vert etablerte kvar einaste dag. Her er det risikotakarar, gründerer og entreprenørar som rår grunnen, ofte med støtte frå Innovasjon Noreg. Det mange visjonære og idealistar i start-up-universet, og dei slit seg ofte ut med lang arbeidsdag og dårleg timelønn.

Naturleg nok er denne typen utvikling mest prega av økonomiske verdiar, der du må ha ein god forretningsmodell, og vekst i brukartal og andre indeksar for å overleva. I mediesamanheng er det vanleg at start-up-innovatøren kastar seg på trendar og teknologiar på rett tidspunkt med rett produkt, i håp om å treffa mediebrukarane.

Start-up-innovatørar er lite bevisst på korleis den aktuelle teknologien vil påverka samfunnsutviklinga. Den hektiske utviklingstakten gjer det vanskeleg å ta omsyn til, eller i det heile tatt finna ut av, slikt noko.

Det ideelle ville vera at start-up-media var basert på prototypar med klare kommunikative kvalitetar, og kom nærare den raude pila i midten av koordinatsystemet.

Utvikling i etablerte mediehus

I denne kategorien er det mykje smerte. Dei etablerte mediehusa tapar terreng til sosiale media, gratis nettaviser, og liknande truslar mot forretningsmodellen deira. I motsetning til dei fire andre kategoriane, så er etablerte mediehus prega av at innovasjonsprosessane skjer mot deira vilje. Dei ynskjer å halda fast på etablerte kommunikasjonsverdiar som dei må prøva å tena pengar på i eit nytt økonomisk verdsbilete.

Fordi dei etablerte mediehusa har pressa økonomi, både pga. nedgang i inntekter og sterkare krav om utbyte frå aksjonærane, så vert kommunikasjonskvaliteten gjerne ofra på alteret. Behovet for inntening og effektivisering veg naturleg nok tyngst.

Det ideelle ville vera at etablerte mediehus held fast på sine tradisjonelle kommunikasjonsverdiar, og overtyder eigarane om å satsa på dette over lang tid. Då ville dei flytta seg nærare det balansepunktet som den raude pila er.

Studentprosjekt

Så langt har eg skildra den private innovasjonen, men universitet og høgskular er naturlegvis også involverte. Studentane er viktige aktørar i samanheng med innovasjon. Dei sug opp det nye mykje raskare enn fullvaksne folk i arbeidslivet. Studentane er nyttige for alle involverte som eit uttrykk for framtida.

Studentprosjekt er prega av ei salig blanding av økonomiske og kommunikative verdiar. Studentane høyrer litt på alle, og er såleis brubyggjarar mellom mediebransjen og akademia. I same slengen er studentane så uerfarne og naive at dei stadig vekk lagar verkeleg spennande prototypar og tenester.

Akademiske prototypar

Denne kategorien prøver å fanga opp forskingsprosjekt på høgskular og universitet. Det vert nemleg laga prototypar på nye medier også i her. Desse prototypane er ofte forseggjorte, med programmering, testing, innhaldsproduksjon og evalueringar i felten. Men utover å skriva vitskaplege artiklar der alt vert dokumentert vert det sjeldan det vert noko reelt ut av prosjekta.

Akademiske prosjekt har sterkt fokus på kommunikative verdiar; der det til dømes er viktig med sannferdig informasjon, god brukaroppleving, originalt innhald og dyrking av diverse andre menneskelege kvalitetar.

Forskarar er vanlegvis statstilsette, og fritatt frå direkte omgang med marknadskreftene. Forskarar er difor korkje heilt for eller heilt imot økonomisk verdiskaping, og framstår ofte som marknadsagnostiske.

Forsking knytt til akademiske prototypar har ikkje noko sterkt fotfeste i vestlandsk akademia, og bør utvikla seg på eigenhand i nokre år enno. Men etterkvart vil det vera stort potensial for å inngå i samarbeid med etablerte mediehus og/eller start-up-media, og såleis auka den økonomiske verdiskapinga.

Grunnforsking på media

Grunnforsking fører ikkje direkte til prototypar eller tenester, men dreier seg om å formulera i skrift og tale kva verdiar som er viktige, og kva retning samfunnet bør ta i framtida. Denne typen fundamentale spørsmål er ofte historisk informerte, og kan ha så langsiktige perspektiv at nytteverdien er liten på kort sikt.

Teoretisk grunnforsking kan bera preg av opprør og kjetteri, der radikale alternativ til det noverande vert kasta fram. Målsetjingane er så godt som 100% kommunikative. Det handlar om berekraftig utvikling, ynskje om ansvarlege haldningar, god samfunnsorganisering, omsorgsfull omgang med kvarandre, likestilling, demokrati og ytringsfridom.

Det ideelle er at slik forsking får føregå utan nokon som helst innblanding utover at staten finansierer den.

Konklusjon

Kartet eg har presentert viser fem typar av medieutvikling som alle høyrer naturleg heime i Media City Bergen. Det er ganske openbart at start-up-firma og etablerte media kjem til å vera godt representerte med økonomiske verdiar. Men dersom satsinga skal verta genuint verdifull og interessant på lang sikt må leiarane i tårnet satsa på kommunikativ verdiskaping. Det betyr i sin tur at dei må sikra ei god tilknyting til studentprosjekt og forskingsprosjekt basert på å laga akademiske prototypar. Tilknytinga til dei akademiske fagmiljøa på Vestlandet vert alfa og omega for Mediebyen.