Til toppen

Mediedesign langs Bybanen


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Illustrasjon: Stig Hovlandsdal Øvreås

Det er rart at det ikkje vert produsert skikkeleg live-radio til mobilen. Her finst det eit stort ubrukt potensial for nyheiter, trafikkmeldingar og anna stoff, og dette kunne vore eit supplement til DAB-radio.

Eg er opptatt av den lyttinga som føregår mens folk går eller tek kollektivtransport dit dei skal. Det kan til dømes vera å ta Bybanen gjennom Bergensdalen, slik som figuren ovanfor viser.

Kollektivradio

I Bergensområdet brukar mange ti-tusen menneske rundt ein time kvar vekedag på slik transport, og alle aldersgrupper er aktive reisande, men pensjonistar reiser minst. Mange brukar høyretelefonar for å høyra på noko mens dei er undervegs, særleg dei yngste.

Dette åtferdsmønsteret har potensial for å verta ein ny type offentlegheit, der nyhende, musikk og anna innhald vert produsert og lytta til langs vegen. Men folk lyttar i liten grad på tradisjonelle radiosendingar mens dei er på farten. Dei brukar iTunes, Spotify, WIMP og andre tenester der musikken kan lastast ned på førehand.

Live radio er lite brukt. Det er ikkje lenger så vanleg å ha FM-mottakar i mobiltelefonen – særleg ikkje i dyrare modellar, og nesten ingen mobilar vert levert med DAB-mottakar. Då står streaming med mobildata igjen, og der er lyttartala for eksisterande radiostasjonar svært låge. I 2003 var det 6% på landsbasis som oppgav at dei høyrer radio på internet, og dei fleste av desse lyttar på kontoret eller heime.

Radioens kvalitetar – direktesending, kjente stemmer, god musikk, etc. – kunne fungert godt i slike mobile samanhengar. Og det finst günderverksemder som testar ut spennande nye løysingar. Capsule.FM er ein norskprodusert app basert på syntetisk tale og musikk. Ei datastemme er “programleiar”, og diverse nyheiter, vermeldingar, etc. vert lest opp av andre datastemmer mellom musikkspor som er henta frå din mobil. Når det gjeld meir tradisjonelt innhald har The Guardian laga ein serie med lydreportasjar i Kings Cross-området i London, kalt StreetStories. Her vart historiar om folk og stader fortalt i reportasjeform.

“Amplifon”

Eg har vore nysgjerrig på “kollektivradio” i Årevis, og bestemte meg til slutt for å utforska det gjennom å etablera prosjektet “Amplifon” med Bergen som dekningsområde. Dette er eit forskingsbasert utviklingsprosjekt med studentmedverknad, også kalt “mediedesign”.

Våren 2014 vart Amplifon synkronisert med arbeidet til studentar og kollegaer på eit bachelorkurs i nye medier ved Universitetet i Bergen. Me eksperimenterte med enkle prototypar for å kombinera godt innhald frå FM-radioen med god teknologi frå mobil og internett. Meir presist så kombinerte me ein kjent innhaldssjanger (lokale nyheiter og musikk) med ein lokasjonssensitiv applikasjon for Android-telefonar.

Amplifonseminar våren 2014

Det vart laga to forskjellige prototypar. Ei studentgruppe laga “Railio” – ei nyheitsteneste for passasjerar på Bybanen. Når du beveger deg langs traseen får du nyheiter og musikk utifrå kor du er, fordi nyheitene er spesiallaga for stader langs det langstrakte dekningsområdet, og særleg stasjonsområda. Prosjektet er avslutta, så det går diverre ikkje an å prøva appen.

Amplifon-prosjektet har så langt lært oss at det er enkelt å setja opp teknologien, men at det er meir krevande å laga godt innhald. Difor er det viktig å satsa nettopp på innhaldsutvikling. Det er liten tvil om at det kunne lagast mykje godt innhald for ein slik type radio, i hvert fall hvis ein tenkjer positivt. “Lokativ radio” kunne verta sterkt samfunnstenleg. Den ville ikkje berre gje lyttaren hyperlokale nyheiter langs utvalgte traséar, men kunna også gje henne betre verkemiddel til å delta i den lokale Bergenske offentlegheita.

Saman med kollegaer arbeider eg vidare med Amplifon-prosjektet, og me kjem til å utforska diverse tekniske og innhaldsmessige muligheiter dei neste åra. Våre eksperiment kjem i all hovudsak til å føregå i mediebyen Bergen.