Forsking i Media City Bergen
Ordet ”innovasjon” vert hyppig brukt i samband med forsking på nye medium, men ”design” er faktisk viktigare. Media City Bergen startar opp i 2017, og det trengst ei begrepsavklaring.
Rektor Dag Rune Olsen og SV-dekan Knut Helland vil at universitetet skal ”utvikle et senter for forskningsdrevet innovasjon innen journalistikk og teknologi, i samarbeid med mediehusene og teknologimiljøene i regionen” (Dagens Næringsliv 23.08.2015).
I dette nye laboratoriemiljøet skal forskarane “utvikle nye, journalistiske genrer, forske på nye distribusjonsmetoder på mobile plattformer og andre områder som kan bidra til å peke vei ut av hengemyren mange av mediebedriftene står overfor” (same stad).
Design versus innovasjon
Det er fort gjort å ta det nye for gitt, men hugs at det må skapast. Før ”innovasjonen” ut til folk kan byrja må det føregå ein (udisiplinert) kreativ prosess blant enkeltpersonar eller grupper, og denne skapingsprosessen kan kallast “oppfinning” eller ”design”.
Det er produktivt å skilja design frå innovasjon. Medan design er å laga noko nytt, er ”innovasjon” å setja retning på innføringa av det som er nytt. Universitetet bør satsa mest på det fyrstnemnte; på oppfinning og design av nye ting. I eit akademisk utviklingsprosjekt bør design difor komma før innovasjon i prosessen.
Fyrst design
Det er ikkje noko stort skilje mellom design og oppfinning. Det dreier seg i begge tilfelle om ei original praktisk løysing på eit teknisk problem. Oppfinnaren lagar eit fysisk produkt eller grensesnitt med eit innebygd handlingsprogram som brukaren er meint å fylgja. Det mest interessante med oppfinningar er deira fysiske framtoning, deira status som artifakt, ting eller teknologi.
Oppfinning er grunnleggjande eksperimentell. Det er bra for kreativiteten å vera litt sprø slik som Petter Smart, og flaks eller “serendipity” er eit viktig element. Du veit ikkje på førehand heilt kva du skal laga, og veit ikkje kor godt oppfinninga ville fungert ute blant folk. Det er gunstig for oppfinningsprosessen å arbeida i ein slik beskytta, naiv fase, og universitetet kan forlenga den lengst mogeleg.
Deretter innovasjon
Innovasjon er ein marknadsorientert prosess som kjem etter at oppfinninga er laga. Innovasjon må tenkjast som det å setja retning på oppfinningane. Den prøver å finna ut kva slags grupper i samfunnet som bør ta i bruk den nye teknologien, og ofte kven den kan seljast til, til kva slags pris.
I tilknyting til dette er det naturleg at det finst ein bransje for produktinnovasjon. “I en mediesammenheng kan produktinnovasjon innebære innovasjon av nye medieplattformer, for eksempel iPad eller smarttelefonen, eller av nye medietjenester som for eksempel tv, Wikipedia, eller media-apper for lesebrett. Videre kan det også innebære innovasjon av sjangre og kommunikasjonsmønstre” (Morlandstø og Krumsvik:21).
Denne typen produktinnovasjon kjem til å vera viktig i Media City, men ikkje for akademia så mykje som for mediebransjen. Forskarane må konsentrera seg om referansen til det vesle ordet “ny”, og få den til å verta nyttig, verdifull, bærekraftig for framtida.
Medielab i to deler
Media City Bergen skal ha eit medielaboratorium med godt utstyr og høg kompetanse, pluss gode moglegheitar for å utveksla erfaringar. Laboratoriemiljøet kjem truleg til å bestå av bransjefolk frå start-ups og etablerte medier, studentar på bachelor og master, pluss forskarar frå universitet og høgskular.
For å dyrka forskjellen på innovasjon og design bør laboratoriet ha to avdelingar. Lab 1.0 vil kunna vera orientert mot innovasjon i den vedtekne tydinga. Då vil det vera viktig med testmiljø for nye dingsar, med alt frå fokusgrupperom og eye-tracking til online surveys. Dette er vanleg utrustning til dømes hjå NetLife og andre medie-orienterte firma.
Lab 2.0 kviler tyngre på metodar enn på utstyr. Dette må vera eit forskingslaboratorium for nye design knytt til kommunikasjon. Forskarar må utvikla akademiske prototypar på nye medier, og utviklinga må få lov å føregå i sakte fart, med stor grundigheit og tradisjonell publisering av innsikter. Denne delen av labben bør verta ein tungt finansiert grunnforskingsinstitusjon, noko som sikkert vil ta 5-10 år å få til.
Konklusjon
Forskarar ved universitet og høgskular bør fyrst laga og testa oppfinningar i relativ fred frå marknaden, og deretter samarbeida med bransjeaktørar om å bringa oppfinningane ut i samfunnet gjennom innovasjon. Slik planlagd veksling mellom oppfinning og innovasjon gjev størst sjanse for at nye medieteknologiar vert relevante for samfunnet, og vidarefører demokratiske verdiar i den norske offentlegheita.