Til toppen

Offentlege kretsløp utanfor journalistikken


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I vinter har det vore ein runde med heftig forskingsformidling i NRK-programmet Hjernevask, og ein like heftig debatt har utspelt seg i spaltene til regionale og nasjonale aviser. Programskaparane i NRK klarte å lokka kjønnsforskarar ut på glattisen, og me ser alle kor risikabelt det er å formidla kompleks, forutsetningsrik forsking i den journalistiske offentlegheita. Ikkje minst er det vanskeleg å redda seg inn igjen etter eit feilskjær, når alt foregår i munnleg tale med eit kamera og ein ondt flirande Harald Eia opp i ansiktet.

Forsking er ein saktegåande aktivitet som står i eit direkte og detaljrikt forhold sine empiriske og teoretiske kjelder, medan media si forskingsformidling er rask aktivitet som står i eit indirekte og overflatisk forhold til kjeldene. Dette gjer at det kanskje aldri vil kunna oppstå ein god dialog mellom forskarar og journalistar.

Eg meiner det er lite å henta på å vera med i denne typen forskingsformidling, utan at eg dermed meiner at forskarar skal bli sitjande åleine i elfenbeinstårnet. Det finst minst seks andre måtar å formidla forsking på som ikkje gjer oss avhengige av det journalistiske kretsløpet i offentlegheita (sjå meir nedanfor).

Men kvifor halda avstand? Problemet med journalistikken er at forskarane ikkje får bestemma kva som er viktig nok til å bli framstilt. Me er korkje i elfenbeinstårnet eller kontrollrommet, me er på venterommet. Redaksjonane sin dagsordenfunksjon er fullstendig uavhengig av forskarane sin. Dersom forskarane tilfeldigvis har ein dagsorden som passar i lag med deira vil dei bli løfta fram (flaks for biologane denne gongen), og viss dei har ein heilt annan vil dei bli ignorert eller motarbeidde.

Men me bør ikkje klaga, meiner Espen Ytreberg. Mandag 12. april vert han intervjua av Olav Brostrup Müller i Klassekampen under tittelen «Forskere må møte media». Ytreberg meiner norsk akademia manglar både mediekompetanse og viljen til å skaffa seg den. «Nå er det viktig at forskerne ikke trekker seg tilbake», seier han med tilvising til Hjernevask. «Forskningens legitimitet er mer avhengig av det populærjournalistiske kretsløpet – altså medier med bred appell, som VG og NRK1 – enn tidligere». Han meiner at forskarane burde streva hardare for å nå fram til dei som ikkje les Klassekampen, Morgenbladet og forskning.no. «Disse menneskene har ikke mindre krav på oss forskere enn andre», for «tilgjengeliggjøring av forskning er også et demokratisk spørsmål».

Her kan det høyrast ut som Ytreberg blandar saman offentleg eksponering med journalistisk eksponering, men han presiserer heldigvis at det finst viktige arenaer utanfor massemedia. «Jeg mener ikke at det å være i VG er det eneste som teller. Mange forskere deltar allerede aktivt med formidling i masse små deloffentligheter parallelt, som eldreuniversitetet, skolebesøk og bokutgivelser. Poenget er at de får ut stoffet sitt». Det er mitt poeng også, og det impliserer at forskarar kan halda trygg avstand til det offentlege kretsløpet som blir styrt av journalistikkens omskiftelege dagsorden. Her er ei liste over seks offentlege kretsløp som er uavhengige av journalistikken:

1. Vitskaplege tidsskrift som Norsk medietidsskrift, norske og internasjonale akademiske forlag og akademiske onlinepublikasjonar. Dette har alltid vore den viktigaste offentlegheita, og sjølv om den er ekskluderande på mange måtar, så er den vår fremste arena for forskingsformidling. Her vert innhaldet skrive av forskarar for forskarar, utan tanke på at populær appell skulle vera viktigare enn forskarens eige språk.

2. Klasseromsundervisninga, der forskarar systematisk formidlar viktige innsikter frå tidlegare og noverande forsking til titusenvis av unge menneske som bringer våre lærdommar ut i samfunnet. Her vert innhaldet presentert på ein pedagogisk måte som tek høgde for mangel på kunnskap, men som føreset både stor erkjenningsinteresse og kritisk tileigning av forskinga.

3. NOU-rapportar, deltaking i offentlege råd og utval, og levering av høyringsuttalelsar. Gjennom kritisk deltaking i staten si forvaltning av samfunns- og naturressursar vert forskinga brukt på ein måte som har konkrete implikasjonar for vanlege folk i notid og framtid. Det fremste eksempelet i 2010 er arbeidet som føregår i Mediestøtteutvalget, som kan få store ringverknader for offentleg støtte til mediedrift.

4. Heimesider, bloggar og profilar på sosiale medier har vokse fram dei siste 10-15 åra, og vert stadig meir potente verkemiddel for å få ut forskingsresultat uavhengig av både det journalistiske kretsløpet og tidsskrift og forlag. Her er forskaren sjølv i mange tilfelle sin eigen redaktør (på godt og vondt), og studentar og allment interesserte siterer i stadig større grad blogginnlegg og twittermeldingar som del av nye tekstar.

5. Kommersielle foredrag, der forskarar vanlegvis må tabloidisera og forenkla forskinga, men der den journalistiske dagsorden likevel ikkje styrer utvalet, og forskarane snakkar direkte med yrkesgrupper som ellers ville hatt liten kontakt med forskingsmiljøet.

6. Kronikkar i tradisjonelle aviser. Sjølv om redaksjonen naturlegvis er ein portvakt for debatt- og kronikkinnlegg, er det ein utbreidd praksis at teksten enten vert antatt eller avvist, og at den i liten grad vert endra redaksjonelt. Kronikkar er nesten som ei kort offentleg forelesing i skriftleg form. Den er eit høve for forskaren til å formidle viktige tankar med sjølvvalde ord, og utan fortolking frå journalistar.