Til toppen

Medievitskap, naturlegvis


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det kan virka som faget vårt enno ikkje torer å slappa av med identiteten sin. Sjølv om medieforskarane eigentleg ikkje lurer på kva dei driv med, har faget så lang tradisjon for å diskutera sin eigen identitet at usikkerheita har blitt ein vane.

Dette inntrykket festa seg etter ein serie debattar knytt til Espen Ytreberg si bok «Hva er medievitenskap» (Universitetsforlaget). I løpet av vinteren vart det fyrst arrangert debattmøte på Litteraturhuset i Oslo, og deretter på Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB. «Hva er medievitenskap»-debatten i Bergen skapte inntrykk av at tilhøyrarane hadde omtrent same forståing av kva medievitskap er, men at dei var ueinige om i kva grad Espen Ytreberg hadde greidd å formidla dette i boka. Likevel er debatten framleis prega av at seniorekspertar er litt indignerte fordi deira før-medievitskaplege tradisjonar blir ignorert, til dømes semiotikk, British cultural studies eller Habermas. Yngre medievitarar har ein mindre komplisert identitet fordi dei har vakse opp i eit fag som allereie hadde ein nokolunde stabil identitet.

Etter tjue år bør me vera ferdige med den disiplinskapande grunnlagsdebatten, og sleppa å jobba i eit slags akademisk limbo av postmoderne ansvarsfråskrivande tverrfaglegheit. Debatten bør heller tenkjast på som ein terapeutisk aktivitet der verdien av å problematisera sitt eige virke er viktig, men der det ikkje lenger er slik at faget genuint lurer på kva det dreier seg om.

Det finst ein enkel og inkluderande definisjon på medievitskap, nemleg at me studerer alt som har med medier å gjera. Psykologi studerer jo det som har med psyken å gjera, og sosiologi studerer sosiale krefter mellom menneske. Kvifor kan ikkje medievitskap enkelt og greit studera medier?

Norsk medietidsskrift har ei rolle å spela i dette forenklingsarbeidet. Det finst no ein tydeleg meny av metodar og teoriar, og dei stammar frå 20 års forsking på norsk om norske og internasjonale medieforhold. Desse tradisjonane vil me dyrka vidare i våre spalter.

I dette nummeret trykker me tre vitskaplege artiklar som diskuterer media i sosiologisk, etisk og historisk perspektiv. Som lesarane vil merka har forfattarane den same grunnleggande forståinga av kva medier er, utan at det eingong vert problematisert. Dette er eit sunnheitsteikn.

Toril Aalberg ved NTNU er ein empirisk samfunnsforskar som studerer media si rolle samband med stortingspolitikk, og ho gjer det med kirurgisk nøyaktigheit. Artikkelen «Kritiske kvinner og medievridde menn. En empirisk studie av Stortingsmedlemmers forhold til norske medier» undersøker korleis Stortingsrepresentantane oppfattar sitt forhold til nyheitsmediene. Ho fann ut at det er vesentlege forskjellar mellom korleis mannlege og kvinnelege politikarar ter seg. Mannlege stortingsrepresentantar har hyppigare kontakt med journalistar enn sine kvinnelige kollegaer, og dei mannlege stortingsmedlemmene har i større grad tilpassa seg media sin logikk. Kvinnene synest å vera meir kritiske til krava som vert stilt for å få merksemd i media. Hmm.

Dei to andre artiklane i nr. 2/2009 er skrivne av medieforskarar ved Høgskulen i Volda. Djupast sett er det sjølvsagt tilfeldig, men likevel er det eit godt teikn for høgskulane si rolle i norsk medieforsking. Her byrjar eit lite lam å kle seg i ulveklær.

Svein Brurås er ute etter å laga orden på eit begrep knytt til etikk i journalistikken. «Media Accountability Systems: Regulerende krefter mellom marked og lov» diskuterer ei lang rekkje instrument for å betra kommunikasjonen mellom presse og publikum, slik at redaksjonsarbeidet vert meir transparent og i siste instans gjer at journalistikken vert av høgare kvalitet. Konseptet om Media Accountability Systems er normativt ved at det insisterer på at pressa skal tena samfunnet, og ikkje berre eigarane sine. Det ivaretek ein tradisjonell ansvarlighetsideologi som koblar mediesystem og samfunnssystem, der medias kvalitet heng saman med demokratiets kvalitet. Brurås ynskjer å bidra til ei presisering av begrepet «ansvar» i den presseetiske og mediepolitiske diskursen, og argumenterer for at breidda av MAS-instrument inneber eit potensial for kvalitetsforbetring i pressa.

Den siste artikkelen i dette nummeret dreier seg om mediehistorie, og er dessutan ei svært visuelt orientert undersøking. «Det globale 1968-opprøret i pressefoto» av Rolf Werenskjold og Erling Sivertsen er ikkje berre ei empirisk undersøking av pressefoto, det er også ei aktiv framsyning av dei bileta som vert analysert. Fotografane spelte ei viktig rolle i presentasjonen og tolkinga av de mange protestane i 1968. Fotoa har blitt en del av det kollektive minnet om konfliktane mellom demonstrantar og myndigheiter, og NMT viser dei fram i lekker svart/kvitt. Werenskjold og Sivertsen utfører ei kvantitativ analyse av alle foto om protestfenomenet i dei tre største norske avisene i 1968, og viser korleis aviser med ulike partipolitiske bindingar gav uttrykk for sine politiske haldningar til protestane gjennom ’framing’ i pressefotoa.

Det var innlysande gjennom heile redaksjonsprosessen at desse tre artiklane tilhøyrer sjangeren medievitskap. NMT behandlar dusinvis av manuskript kvart år, og det er svært sjeldan at forfattarane er forvirra i forhold til kva disiplin dei skriv i. Avslutt grunnlagsdebatten, vér sjølvtrygge når de forskar på media, og publisér resultata i Norsk medietidsskrift!