Til toppen

Dette er ikkje eit blogginnlegg


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Haustens bloggsatsing i Journalisten er ikkje særleg vellukka dersom den vert vurdert som blogging i ordets vanlege betydning. Innlegga er kloke og fornuftige, og det kjem nye fleire nye innlegg kvar veke, men dette er eigentleg kommentarar av same typen som papiravisene har.

Tusenvis av menneske i Norge skriv ekte bloggar, og titusenvis les det dei skriv. Altså har offentlegheita ei ganske klar forståing av kva ein blogg er for noko. Utifrå slik common sense peikar eg ut tre grunnar til at spaltistane i Journalisten ikkje er bloggarar, men skriv kommentarar.

1) Frekvensen på nye innlegg er svært låg samanlikna med ekte bloggarar. Ein blogg må veksa og leva og reagera på omgjevnadene, og liknar såleis meir på ein samtale enn på ei bok, sjølv om den er skriftleg. Det må vera eit innlegg om dagen, eller 3-4 innlegg i veka. Vampus har skrive 41 innlegg sidan august, og Voe har skrive 25 innlegg så langt i desember. Den mest aktive i Journalisten er Carl Erik Grimstad med ti innlegg, medan Maren Sæbø er på andreplass med sju. Dei fleste bloggarane har skrive tre-fire innlegg i løpet av hausten, slik som Terje Angelshaug, Jens Barland og Kristina Nilsen.

2) Innlegga til Journalisten sine bloggarar er for nøye gjennomtenkte og analytiske. Dei handlar om ytringsfridom, pressestøtte, kjeldearbeid, medieøkonomi, etc. Ekte bloggarar tek utgangspunkt i kvardagen, arbeidsdagen, samtalar med vener, og allslags handlingar, reiser, etc. Innhaldet må vera litt personleg, slik at du har ei forteljingsramme og kan tillata deg ein meir pratete og uformell tone. Det er umogeleg å skriva fleire innlegg for dagen hvis poenget alltid skal vera nøye gjennomtenkt og abstrahert vekk frå ditt eige erfaringsliv.

3) Bloggarane brenn for lite for det dei skriv om. Eg kan bruka meg sjølv som eksempel. Eg valgte å skriva om undervisninga i journalistikk, men det var strevsomt å reflektera over undervisninga i ein blogg samtidig som eg brukte så mykje tid til undervisning. Eg miste motivasjonen. Dei som klarer å halda oppe ein blogg over lang tid er som oftast drivne av ei så djup personleg og/eller økonomisk interesse at bloggen ikkje stoppar opp. Eit ynskje om å bli modell eller klesdesigner får deg til å laga ein moteblogg, dersom du er politikar lagar du ein politisk blogg, etc. På dette punktet kan ein blogg vera ein flott CV eller handverksmessig portefølje.

Eg har lært mykje om blogging i haust, og ikkje berre frå min jobb som halv-levande bloggar i Journalisten. Som ansvarleg for introduksjonskurset i medieproduksjon ved Universitetet i Bergen leia eg ein trevekers praksis i bloggproduksjon.

I november skulle alle 51 studentar laga ein individuell blogg, med ein sakleg og gjerne personleg profil. Resultatet vart fargerikt og mangefasettert, som ein lett kan tenka seg. Her vart det filmblogg, teknologiblogg, fotoblogg, spelblogg, bokblogg, matblogg, og så vidare (sjå http://brostein.uib.no). Eg hadde grundige diskusjonar med enkeltstudentar om kva profil deira ein blogg skulle ha, slik at den skulle bli mest mogeleg interessedriven og dermed forhåpentlegvis meir overlevelsesdyktig.

Her oppstår det eit interessant empirisk spørsmål. Kor mange av studentane har liv i bloggen sin ved slutten av neste semester, i juni 2011? Det skal eg rapportera om hvis eg klarer å oppretthalda bloggen min så lenge. Det same spørsmålet kan stillast overfor Journalisten. Kor mange av skribentane driv med ordentleg blogging om eit år? Eg veit i hvert fall at eg må gjera ei radikal endring i min skrivemåte hvis eg skal klara det.