Til toppen

Det norske i norsk medievitskap


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


På same måte som andre vitskapar har medievitskapen plikt til å forska på vilkåra i det norske samfunnet, i notid og fortid. Me arbeider for skattebetalarane sine pengar, og det minste dei må få igjen er ei ordentleg framstilling av forholda i Norge. Journalistar og den breie offentlegheita kan også ha nytte av analysar av norske forhold.

Sjølv om det høyrest innlysande ut, er det viktig å oppretthalda dette fokuset med aktive verkemiddel, og Norsk medietidsskrift er eit slikt verkemiddel. Ville tidskrift i andre land valgt ein norsk profil? Forgeddaboudid.

Mange norske medieforskarar har forskingsprosjekt med empirisk datamateriale frå Norge, men likevel blir det ofte publisert berre på engelsk. Det kan for eksempel gjelda EU-samarbeid med komparativt materiale der Norge er eit av fleire land, og forskaren er nøgd med sin engelske publikasjon og har det dessutan altfor travelt. Dette er sløsing med ein god ressurs for den breiare offentlegheita.

Slik engelskorientering er også til dels uheldig fordi redaksjonen eller fagfellene kan tilrå at empirien blir beskjært til fordel for meir teoretiske eller metodiske betraktningar. Jostein Gripsrud advarte meg ein gong om ”the N-word” i internasjonal publisering. Det vil ikkje gagna deg å gå i detalj om Norge.

Det er likevel liten grunn til å hevda at det vert publisert lite på norsk i vårt fag. Forlaga har er flora av fagbøker og antologiar på norsk, og ein heil horv med kronikkar og debattinnlegg vert skrivne i aviser og magasin kvart år. Mange PhD-kandidatar skriv artikkelbaserte avhandlingar, og det blir vanlegare å skriva ein av dei på norsk.

Den fremste kanalen for originalt stoff frå det norske fagmiljøet er likevel Norsk medietidsskrift. Me prioriterer eksplisitt forskingsresultat og teoribygging knytt til det norske samfunnet, noko kvar einaste utgåve kan brukast som døme på.

Denne profilen har ein viktig implikasjon, nemleg at NMT ikkje kan vera eit nivå 2-tidsskrift. Universitets- og høgskulerådet ville neppe godkjent NMT til opprykk frå nivå 1 til nivå utifrå den følgjande argumentasjonen: «I noen fag publiserer man for det meste på norsk i Norge. Dette vil da være det normale på nivå 1, hvor det er forutsatt av fire av fem publikasjoner vil befinne seg. Nivå 2 bør da ikke representere et incentiv til flere publikasjoner på norsk i Norge, men til å publisere i kanaler som er møtesteder for flere lands forskning i emnet» (Vekt på forskning (2004), s. 40).

Vårt tidsskrift blir i realiteten straffa for å vera det beste tidsskriftet for norskspråkleg medievitskapleg forsking. Etter regelverket måtte me faktisk ha laga ein internasjonal profil med bruk av engelsk (muligens tysk eller fransk) for å bli aktuell for nivå 2.

Men vårt mandat som formidlar av norskspråkleg forsking på norske forhold er ein kjerneverdi som tidsskriftet sjølvsagt ikkje vil gå bort frå. Me meiner at det nettopp er den som bør gje oss status som nivå 2-tidsskrift.

I dette nummeret av Norsk medietidsskrift har me tre vitskaplege artiklar med norsk empirisk materiale i botn, og dei spenner over perioden 2006-2009.

Kristine Jørgensen har skrive ”Conan eller Josefine? Politikk og økonomi i den norske spillbransjen”. Artikkelen kartleggjer norsk spelbransje, og peiker på nokon ressursar som kan utnyttast for å vidareutvikla norsk spelbransje og gjera den viktig også i internasjonal samanheng. Norsk spillbransje har ein styrke ved at den aldri har vore sterkt knytta til internasjonale utgjevarselskap. Forsking på dataspel er såpass nytt i Norge at det er verdifullt med ein slik introduksjons- og oversiktsartikkel.

Dei to neste artiklane utfyller kvarandre, ved å vera knytt til norsk fjernsyn i kommersiell tapning i TV 2 og public service-tapning i NRK. Trygve Beyer Broch og Kari Fasting har skrive ”TV 2 konstruerer en håndballkriger. Kjønnede og symbolske medierepresentasjoner av herrehåndball”. Artikkelen tek for seg dei maskulinitetane som vert konstruert gjennom norsk TV 2 si formidling av herrehåndball. Datamaterialet består av transkriberte kommentatorutsagn frå ti herrehåndballkampar på internasjonalt nivå. Forfattarane finn ut at det berre er ei form for maskulinitet som kjem til syne, og den er svært streng og utan særleg rom for alternativ. Artikkelen drøftar denne hegemoniske forma for maskulinitet, definert som ”håndballkrigeren”.

Medan TV 2 vert kobla til sportsjournalistikk, vert NRK kobla til deltakingsorientert journalistikk av det politiske slaget. Karoline Andrea Ihlebæk har skrive ”Folkejournalistikk i NRK. Redaksjonelle valg og utøvelse av kontroll”. Artikkelen tek for seg eit forsøk med såkalla ”folkejournalistikk” der redaksjonen ynskte å endra journalistane si portvaktrolle ved å gje ”vanlege” folk større makt. Ihlebæk har studert NRK Hedmark og Oppland sin produksjon av Østnytt-Magasinet, og drøftar redaksjonelle dilemma i forhold til kor sterkt dei kan kontrollera sendingane utan å bryta med det folkejournalistiske mandatet.

Medieforskarar må arbeida med og forstå seg på Norge. Kast dine halvferdige engelskspråklege manuskript i søppelbøtta, og skriv heller ut analysen din på norsk. Norsk medietidsskrift trykker den så sant den blir godkjent av fagfellene.