Den femte statsmakt
Vårt fag kan tenkjast på som ei femte statsmakt, som overvåker den fjerde statsmakta (og den igjen overvåker makta i stortinget, rettssystemet og regjeringa). Etter kvart har media fått ein dominerande plass i spekteret av samfunnsmakter, og har blitt ei meir egoistisk statsmakt enn før. Merksemd målt i sjåartal, annonsekroner og omtale i andre medier har blitt eit mål i seg sjølv, og kommersiell drift er det normale. Media har blitt ei makt som tidvis opererer i allianse med dei tre formelle statsmaktene i staden for å utfordra dei. I den grad dette skjer må medievitskapen vera ein voktar og levera korrektiv.
Sjølvsagt er dette ein idealistisk definisjon, men den finn gjenklang blant medieforskarar. To innlegg i dette nummeret av Norsk medietidsskrift kan koplast til dette idealet. Hallvard Moe skriv i «Sentrale utfordringer for medieforskningen i dag» at det viktigaste er å undersøka medias funksjoner i og for offentligheita. Demokratisk representasjon og ytringsfridom er viktige stikkord her. Barbara Gentikow problematiserer temaet på sin måte i «Medienes patologier». Ho viser korleis fjernsynsmediet har blitt underlagt ein marxistisk fundert kritikk gjennom mange årtier. Begge krev mykje av medievitaren, og dei underforstår eit samfunnsoppdrag for medievitarane.
Den femte statsmakt fungerer på ein ganske annan måte enn pressa. Det dreier seg om å underlegga media ei stadig kritisk vurdering, og på ulike vis avsløra halvt bevisste verkemåtar og betydingar. Forskarane kan potensielt hjelpa borgarane til å auka si bevisstheit om korleis media verkeleg fungerer, slik at den kritiske vurderinga blir meir utbreidd og får større kraft.
Akademikarar har jo lange tradisjonar for ei kritisk undersøkande haldning til ulike samfunnskrefter. I det Humboldske universitetsidealet vert det forventa at forskaren alltid ynskjer å finna ut meir, vil gjera undersøkingane på sin eigen måte i staden for å ta andre på deira ord, og ikkje vil vera demagogisk eller tabloid i måten ein formidlar innsikter på. Dette er ei makt som uttrykker seg individuelt, og ikkje som ein hær, eit byråkrati eller ein avisdesk. Viss medieforskarar er ei femte statsmakt, så er det ei langt meir sensitiv, men difor også mindre tydeleg statsmakt enn pressa.
Den individuelle sensitiviteten er godt representert i dette nummeret av Norsk medietidsskrift. Anders Johansen er igjen på trykk i våre spalter, med artikkelen «Fotografiet og den tapte tid». Han tek i bruk Marcel Proust og John Ruskin til å skriva eit klassisk Anders Johansen-essay. Dette er ei undersøking av tidsdimensjonen i fotografiet der foto og teikningar frå urtida på midten av 1800-talet vert analyserte. Artikkelen er også ein fundamental teoretisk kritikk av fotomediet.
Humanistisk TV-forsking er tradisjonelt veldig sensitiv for sosiale ulikheiter og misrepresentasjon. Rolf Halse har skrive ei glimrande case-studie av TV-serien 24. Artikkelen heiter «’De kan være naboene dine’. Fremstillingen av en muslimsk familie i sesong 4 av 24», og Halse viser korleis amerikanske TV-seriar spelar på stereotypiar av andre folkeslag i sin dramaturgiske framstilling. Tidlegare forsking på muslimske og arabiske karakterar i filmar og TV-serier frå Hollywood dokumenterer at dei ofte vert stereotypt og negativt framstilt. 24 har møtt sterk kritikk frå muslimske interesseorganisasjonar i USA for si framstilling av muslimar og arabarar. Halse vurderer kor berettiga kritikken er gjennom en tekstanalyse av korleis ein muslimsk familie i Los Angeles blir framstilt i serien.
Mona Solvoll studerer eit veldig presist case, nemleg Wikipedia, og dette temaet er også tettast på den norske samtida. Artikkelen heiter «Organisering av Wikipedia – hvilken rolle spiller administratorene?», og Solvoll tek utgangspunkt i at det frie encyklopedi Wikipedia har hatt stor suksess som oppslagsverk trass i at kven som helst kan skriva og redigera kva som helst slags artikkel. Solvoll undersøker korleis nettstaden blir styrt gjennom ein såkalla administratorfunksjon som nokon få brukarar har tilgang til. Solvoll konkluderer med at desse administratorane spelar ei avgjerande rolle for Wikipedia si evne til å sosialisera, disiplinera og kontrollera brukarane sine.
Sjølv om dei har ei klar kritisk grunnhaldning til fotografiet, TV-serien 24 og encyklopedien Wikipedia, så er ingen av dei tre artiklane i dette nummeret spesielt politiske i sin kritikk. Det siste tiåret har det ikkje vore stovereint å skriva vitskaplege artiklar som har ei klar politisk eller ideologisk innretning, enten den er høgre- eller venstreorientert.
Eg skjønar at ikkje alle er samde i at medieforskinga bør utgjera ei femte statsmakt, og dei kan fortsetja med sitt presumptivt meir nøytrale arbeid. Men samfunnet er polarisert på måtar som også bør koma til uttrykk i forskinga, og me tek gjerne imot manuskript med ei politisk innretning så lenge argumentasjonen er utført med anerkjente empiriske og teoretiske metodar. Dersom du ynskjer at medieforsking skal vera eit korrektiv til den fjerde statsmaka, så må du utøva den gjennom å skriva og publisera i Norsk medietidsskrift!