Språkrørsler i radio
Den kvardagslege forståinga av radiotale liknar meir på musikkoppleving enn på lesing av tekstar. Å snakka dreier seg om å utøva ein retorikk der klangen frå stemmer og personlegdomar er fundamentet for samforståing. Å lytta er like mykje eit levande, kroppsleg forhold som ein intellektuell og rasjonell prosess.
Snakkinga er så kvardagsleg at både sosio-materielle og grammatiske føresetnader for den vert tekne for gitt. Til dagleg må måtane å bruka språket på vera underforståtte til fordel for emnet, elles vert kommunikasjonen håplaust komplisert og ineffektiv. Men i forskinga må derimot dei uproblematiske føresetnadene ha hovudrolla, og etter mitt syn trengst det debatt om kva grunntrekk ved kommunikasjonen som er mest betydningsfulle. Enno står dei lingvistiske og tekstuelle strukturane i sentrum for forskarane si språkinteresse. Retoriske verkemiddel i teksten, argumentative innhaldselement og strukturelle maktforhold vert prioriterte som analyseobjekt, og denne tendensen er så sterk at dei momentane kroppslege aspekta ved språkhandlingane berre får ei birolle. Både kulturanalytikarar og språkteoretikarar gjev merksemd til tekstane sin elocutio («utforming») og logos («fornuft») på kostnad av den sosiale actio («framføring»). Dei har ikkje eit handlingsbasert begrep om forståing, men eit teiknbasert. På denne måten vert heilskapen av språk og handling redusert til teoretisk stabiliserte språkelement åleine.
Dersom dei reelle føresetnadene for språkbruken skal studerast, må det også gjevast teoretisk merksemd til ustabiliserte, levande språkmoment i den munnlege kommunikasjonen. Både i kvardagslivet og i kringkastinga er framføringa av språket fundamental, og dette momentet er personleg like mykje som det er tekstleg, individuelt like mykje som det er strukturelt, og kroppsleg like mykje som det er kognitivt. Eg meiner her finst ein blindflekk i medieforskinga som best kan overvinnast ved hjelp av fenomenologiske og pragmatiske perspektiv på språkbruken. I denne artikkelen er ambisjonen å skissera ein teori om radiospråket der meining vert grunnfesta i kroppsleg kommunikasjon.
Korleis bør så dei levande momenta i snakkinga begrepsfestast? Dei er perseptuelle og intersubjektive, og Ugg i botnen av alle forsøk på å tekstualisera snalddnga, enten den føregår i film, fjernsyn, radio, telefon eller andlet til andlet. Dei utgjer ein dimensjon som kan kauast srvakkinga si novereform; det at den nødvendigvis føregår i ein notidig situasjon som pregar ordval og forståing. Dei levande momenta er såleis eksistensielle, dei inkluderer ein personleg stil som er den einskilde sin måte å leva med seg sjølv, omgjevnadene sine og andre menneske på (Lanigan 1972: 15). Sidan språket i kringkastinga hovudsakleg vert talt og ikkje skrive, er slike levande moment det naturlege utgangspunktet for teoribygginga. Føresetnadene for vellukka massekommunikasjon ligg altså i langt fleire forhold enn det logiske, kognitive og retoriske systemet.
Mitt resonnement om radiospråket er bygd på Maurice Merleau-Ponty (1992) sitt kroppsfilosofiske perspektiv på kommunikasjon, men eg nyttar blant anna også Alfred Schutz (1970) og Harold Garfrnkel (1987) sine drøftingar av sosiale føresetnader for kunnskap og språkbruk i vår felles kvardagsverd (sjå også Scannell 1993, 1995 for bruk av slike perspektiv på kringkastinga).
Ein meiningsteoretisk mellomposisjon
Eg vil demonstrera min meiningsteoretiske ståstad gjennom kort å drøfta to hovudtradisjonar i humaniora. Den strukturalistiske tenkjemåten frå blant andre Ferdinand de Saussure, Roman Jakobson og Michel Foucault grunnlegg meining i teiknsystem, kodar, tekststrukturar og andre element som let seg analysera vitskapleg. Meining er synkron; den kan haldast fast i tida. Fenomenologisk tenking frå blant andre Martin Heidegger, Hans-Georg Gadamer og Maurice Merleau-Ponty grunnlegg meining i erfaringslivet, praktiske regelkunnskapar, historisitet og andre føresetnader som let seg beskriva. Meining er noko som føregår. Sidan tradisjonane leitar etter språkmeininga på ulike «stader» i kommunikasjonen har dei utvikla ulike begrepsapparat og ulike metodar. Difor finn dei naturlegvis ulike ting. Strukturalistar finn logiske lover for korleis språksystemet umedvite styrer vår meiningsskaping, og språket vert ein mental storleik. Fenomenologar vil overvinna slik dualisme mellom tanke og verd gjennom å anerkjenna handlingane i kvardagsverda som meiningsberande, og språket vert ein perseptuell, kroppsleg storleik.
Begge desse tradisjonane har skapt vesentlege erkjenningar, men det er ingen tvil om at den strukturalistiske tenkjemåten har «vunne» i medieforskinga. Denne skjeivheita i meiningsteorien stammar mykje frå intellektuell strid i Frankrike på 60-talet, der blant andre Claude Levi-Strauss, Michel Foucault og Pierre Bourdieu kom til å stigmatisera fenomenologien som «subjektivisme». I 70- og 80-åra fekk strukturalismen hegemoni i (britiske) kulturstudier, tekstanalyse og etter kvart resepsjonsanalyse, og vert no vidareført blant anna gjennom kulturanalyse, poststrukturalisme, kognitiv teori og nyretorikk. Fenomenologiske perspektiv er marginaliserte.
Bourdieu sin kritikk av fenomenologi for å vera subjektivistisk (til dømes Bourdieu 1990), baserer seg på at fenomenologane aksepterer bokstavleg det folk seier om intensjonane sine i staden for å dechiffrera implisitte føremål, at umedvitne strukturelle likskapar vert oversett til fordel for subjektive grunngjevingar for handling. Foucault skriv at den fenomenologiske tilnærminga må avvisast fordi den gjev absolutt prioritet til det observerande subjektet (1994: xiv). Etter mitt syn er slik kritikk feilslått. Det fenomenologar gjer er å nekta å ta einskildmenneska ut av teorien, sidan me faktisk finst og praktiserer språket individuelt og situasjonelt. Strukturalisme kan kritiserast for det stikk motsette; nemleg å lata «subjektposisjonar» i språksystemet erstatta dei levande, handlande menneska; å gjera personane underordna strukturane. I staden for å gå til det eine eller andre ytterpunktet i forholdet mellom individualitet og språksystem er det råd å innta ein mellomposisjon. Det strukturelle, analyserbare ved språket kan sjåast saman med det levande, kroppslege. Slik eg tolkar Maurice Merleau-Ponty, gjer han nettopp dette.
I hovudverket Phenomenology of Perception frå 1945 og i seinare artiklar fram til han døydde i 1961, gjennomførte Merleau-Ponty ei radikal anerkjenning av at språket faktisk vert levd ulikt og kreativt av einskildpersonar, samstundes som det har systematiske trekk. Spørsmålet om språket sine umedvitne strukturar vert ikkje ignorert, språket forsvinn ikkje ut av fokus, men byrjar i eit intersubjektivt, kroppsleg handlingsrom som inneheld radikalt mykje meir erm ytringar av lingvistiske fonem i forskjellige semantiske univers. «Språk» vert gjeve ein brei handlingsbasert definisjon der dynamiske sosiale situasjonar er like avgjerande for meiningsproduksjonen som det logiske og kulturelle elementet.
Det finst forbausande likskapstrekk mellom Merleau-Ponty sin kroppsfilosofi og Ludwig Wittgenstein i hans seine periode. «Eit uttrykk si meining (betydning) er bruken av det» (1), skreiv Wittgenstein (i Lubcke 1991: 185), og Merleau-Ponty skreiv at lingvistisk språkbruk er ein tvingande heilskap av vokale gestar som får meining gjennom sin aktuelle bruksverdi (Merleau-Ponty 1964). Begge insisterer på at meininga med eit uttrykk er måten det vert framført på i fellesskapen, språket sin interne struktur er på ingen måte tilstrekkeleg. Språket vert oppfatta som eit «rørleg ekvilibrium» mellom menneske, innanfor grupper som spelar det same perseptuelle og sosiale spelet. Attåt mentale, logiske element har språkbruken altså viktige handlingsbaserte, sanselege moment. Språket er menneskelege dugleikar, strukturane er inkarnerte i historisk og situasjonelt foranderlege bruksmåtar, systema er alltid i bruk når dei gjev meining. Dette er min meiningsteoretiske utgangsposisjon, og den kan også formulerast i to små ordspel: Språket er perseptuelt, like mykje som persepsjonen er språkleg. Strukturane er kroppslege, like mykje som kroppen er strukturert.
Når språk vert bunde til handling, vert det også bunde til åstader. Sosiologen Alfred Schutz begrepsfestar mennesket som ein «biografisk determinert situasjon» (1970: 73), og knyter daglegspråket til konkrete sosio-materielle omgjevnader der me posisjonerer oss i handling og språk. Dette er ei naturleg følgje av å vektlegga individualiteten. Me lever saman med andre på stader der me tileignar oss allslags dugleikar, og opparbeider oss interesser og strategiar, status, rolle, moral, ideologi og historie. Når språket vert bunde til handling, vert det også bunde til novere. Schutz skriv at liva våre er orienterte i ei livaktig notid («vivid present») (: 70) som har både private og intersubjektive aspekt. Moderne, siviliserte samfunn har ei felles, synkronisert tid, og i persepsjonen har me alle ei sterkt tidbunden erfaring av omverda vår.
Kroppslege infrastrukturar
Den tankegangen eg forsøker å identifisera må leggja sterk vekt på vårt organiske tilvere i romlege og tidslege forhold. Korkje dominerande sosiologi eller medievitskap har nemneverdig interesse for at menneska faktisk uttrykkjer seg gjennom å overskrida kroppen sine fysiske grenser på fellesskapande måtar. Dei har ikkje eit kroppsleg og handlingsbasert begrep om persepsjon, men eit kognitivt og teiknbasert: Bill Nichols skriv at «persepsjonen avheng av å koda verda til ikoniske teikn som kan representera den i medvitet vårt [within our mindj» (i Casebier 1991: 10) og Jostein Gripsrud kallar persepsjonsaugneblinken «ei synkron leiterørsle i alle dei audiovisuelle og ikkje-verbale kodesystema» (1995:108). I staden for å aner kjenna at persepsjonen gjev oss konkret meiningsmateriale i ei handfast verd, let dei meininga oppstå inni hjernen.
Slike mentalistiske utgangspunkt fører i siste instans til dualisme mellom tanke og verd. Forståing vert ein indre, kognitivt determinert prosess, ikkje eit kroppsleg engasjement i omgjevnaden. I motsetnad til dette, legg Merleau Ponty stor vekt på at våre perseptuelle dugleikar vert lærte og er historiske (sjå også til dømes Lowe 1982, Johansen 1993). Forståinga vert utvikla ved at me inkorporerer nye handlingstypar og kunnskapar i kvardagsliva våre. Somme kan spela gitar, andre er engasjerte ornitologar. Alle har eit handlingspotensiale som skuldast at me har evna til å rutinisera handlingsformer som enno er ukjende for oss, og slik utvida kunnskapane og forståingshorisontane våre (jf. Schutz 1970, Garfinkel 1987, Berger & Luckmann 1991, Scannell 1995). Både intellekt, språk og sosialitet vert trygt plasserte i det praktiske, kroppslege handlingsrommet i staden for i eit system av mentalt oppbevarte språkstrukturar.
Merleau-Ponty, Garfinkel og andre fenomenologar understrekar at språket føregår i ei stoffleg verd der meining vert utveksla materielt. Når nokon snakkar, spreier det seg lydbølgjer i lufta omkring kroppen, og desse bølgjene er påstandar, spørsmål eller uvisse, dei er ikkje mekaniske vibrasjonar som kan dekodast til påstandar, spørsmål eller uvisse gjennom auditive kodar. Merleau-Ponty (1992) utarbeidde eit perspektiv der vår evne til å forstå er ei kontinuerleg tileigning av situasjonell, dynamisk meining, ein korrelasjon (2) der korkje hjernen, sanseapparatet eller kroppen åleine er tilstrekkeleg for ein definisjon. Omgjevnadene våre er kulturelt meiningsmetta objekt for handling, og den språklege forståinga er såleis ein materiell samverknad mellom engasjerte kroppar og ei felles sanseleg verd. Ein slik teoretisk posisjon kan gjeme kallast økologisk (sjå til dømes Gibson 1966, Skjervheim 1974, Ihde 1990).
Kva tyder begrepet «materielt» i denne tankegangen? Eit elementært døme er at den døve ikkje kan leva seg inn i eit radioprogram sidan dette objektet er strengt lydleg, og han manglar evna til auditiv tileigning av erfaring. Materialitet er «det som kan persiperast», og den kan vera kulturelt strukturert og framført (talen), eit naturfenomen (regn i hovudet), dødeleg (bilkollisjon), og økonomisk (ujamn fordeling av materielle gode). Materialiteten er grenselaust variabel, og ikkje minst er den alltid uttrykksfull for menneska.
Radiomediet sin munnlege tiltale er strengt lydleg og personleg, skrifta er taus og rasjonell, medan ein protestdemonstrasjon er kaotisk og varmblodig. Å anerkjenna at meining er materiell treng ikkje føra til positivisme eller behaviorisme, for ein treng ikkje ha som premiss at den let seg systematisera fullt ut. «Fenomenologisk materialitet» er ikkje under full kontroll, den determinerer ikkje mennesket mekanisk, fysiologisk eller økonomisk, men fungerer etter visse rammer som kan kallast vår kroppslege infrastruktur.
1) Fysiologisk og materielt fungerer alle kroppar på same måte. Difor er intersubjektivitet, felles identitet og felles handlingsmoglegheiter til ei viss grad determinerte av den før-personlege verkemåten til kroppen. Eg bestemmer meg ikkje for at trykkluftboret bråkar, eg kan berre omgå det eller halda hendene for øyro. Folk som er ute i ausregn vert våte uavhengig av sin nasjonale eller etniske identitet, sidan verda trengjer seg på oss i visse fysiologiske former.
2) Emna for persepsjonen opptek oss så sterkt at måtane me lever kvardagen på vert anonymiserte og uproblematiske. Vår evne til å ta kompliserte perseptuelle prosessar for gitt er den fremste garantisten for vellukka, merksam kommunikasjon. Radiolyttaren kunne reflektert over korleis radioen «eigentleg» fungerer, men gløymer det fordi han lever seg inn i det som vert sagt. Erfaringsmåten bleiknar framfor det som vert uttrykt: «Persepsjonen vår fører til gjenstandar, og når gjenstanden fyrst er konstituert, framtrer den som grunnen til alle opplevingar av den me har hatt og vil kunna få» (Merleau-Ponty 1992: 67). Persepsjonen er ikkje spektakulær, den er ein rutineprosess som vert gløymt til fordel for resultatet av prosessen.
3) Det fremste ekspressive trekket ved kroppen er ein individuell stil som kan kallast personlegdom. Denne er sanseleg og intellektuell, privat og sosial, unik og gjennomsnittleg. Synspunkta, haldningane og stilane til folk tek så ulike former at dei skapar evig kommunikativ spenning og meiningsbryting (jf. Ihde 1976). Ingen røyster har same klang eller snakkemåte, og ingen fingeravtrykk er like. Individualiteten er rotfesta i kroppen.
For å summera opp: Kroppen er ein kreativ instans som lever materielt, persiperer anonymt og uttrykker seg personleg. I denne perseptuelle infrastrukturen beveger vår språklege og motoriske merksemd seg. For å kunna takla kvardagslivet må me delta gjennom motiverte, fokuserte handlingar. Merksemda løftar noko fram til primær relevans i ein periode av noveret mitt, og gjer det dermed til gjenstand for mi kroppslege eller intellektuelle utforsking. Merksemda er vår mest subjektive og personlegdomsskapande evne. Utan den variasjonsrikdomen som slik individualitet skapar i menneskelege interesser og gjeremål ville samfunnslivet vore mekanisk og forutseieleg.
Stemmene gjev språket liv
Eg rår altså til at forskinga på kringkasting må gje merksemd til dei levande språkmomenta i munnleg kommunikasjon. Eitt levande moment i snakkinga er allereie kjent og omstridd i mediefaget gjennom Roland Barthes sitt uttrykk «the grain of the voice». Dette materielle momentet kan spelast inn på band, slik lysvariasjonar kan festast til film. Grannet i stemma er materialiteten til kroppen som snakkar morsmålet sitt, eller friksjonen mellom framføringa og språket den vert gjort i (Barthes 1977:182).
Lyttinga til stemma innleier relasjonen til den andre: Stemma me gjenkjenner dei andre på (lik skrifta på ein konvolutt) er eit indisium på veremåten deira, gleda eller sorga, tilstanden dei er i; stemma ber fram eit bilete av kroppen deira og ein heil psykologi bakom den igjen (me taler om varme stemmer, kalde stemmer, osb.) (Barthes 1995: 51).
Stemma er djupt personleg, og formidlar dermed eit rikt spekter av situasjonelle forståingar same kva som vert sagt. Me høyrer alder, kjønn, dialektbakgrunn, ro, redsle, ironi og tusen andre emosjonar som vert spelte ut for oss. Slike biografiske, indeksikalske aspekt ved tonefallet og klangen i stemma må ikkje lausrivast frå dei symbolske tydingane i orda, dei former eit heilskapleg system og varierer alltid ilag. «Meininga gror i djupaste forstand opp av den differensieringa av lyden som dei vekslande tonane skapar. Det er ikkje ei ukjent erfaring at viss tonen i ei utsegn motseier den saklege meininga, så er det tonen som vinn!» (Fafner 1985: 13). Kanskje høyrer eg at venen min seier han er glad, men meininga vert sterkt forma av mangel på overtyding i stemma.
Merleau-Ponty hevdar at snakking er personen sin fundamentale veremåte («manner of being»). Me rår ikkje over eit visst lager av ord, slik eit leksikon gjer, men over eit personleg spekter av snakkemåtar som utgjer våre haldningar og uttrykk i den aktuelle situasjonen (Merleau-Ponty 1992: 175). Somme snakkemåtar er knytte til samtalepartnaren sin person («trøytt i kveld, Alex?»), andre til møteplassen («jævla mykje folk her»), eller til veret («godt å koma inn»), og mange er knytte til det aktuelle gjeremålet («kva var det du ville spørja om?»; «eg må ta ut meir pengar»). Me har utvikla felleskulturene «premiss», «avtalar», «reglar» og «forventningar» om at røyndomen er slik eller sånn (Garfinkel 1987: 53, Scannell 1995), og desse pregar samtalane våre sterkt. Sjølvfølger i snakkinga skapar naturlege, udiskutable fakta som kommunikasjonen kan dreia seg om, og utgjer ein referensiell bakgrunn for folk sine noverande gjeremål.
Å snakka og lytta er pågåande eksistensielle erfaringar. Normale, vaksne menneske sin vakne tilstand er eit kontinuerleg potensial for snakking og lytting. Gjennom språkleg identifisering av hendingar og interesser er slik kommunikasjon den fremste måten å gjera kvardagslivet forståeleg på. Personleg ethos («karakter») og truverde har stort spelerom i stemma. Den menneskelege spontaniteten gjev snakkinga eit insisterande nærvere som skriftorda aldri kan få. Sjølvsagt får ei ytring ekstra sterk personleg overtydingskraft når framførarane verkar ærlege og uførestilte (jf. Kjeldsen 1997). Men fordi autentisitet og autoritet er eit spørsmål om stemmeleie og åtferd, kan dyktige folk like sjølvsagt innta ein stil i staden for å vera ein stil fullt ut. Slike framføringsteknikkar er vanlege i kringkastinga, på film og i teateret, men vert også praktiserte i større eller mindre grad hjå folk flest. I profesjonell formidling finst det journalistiske konvensjonar for korleis ein skal gjera seg til, medan retorikken i kvardagsverda er langt meir indeksikalsk og situasjonsbestemt. Det finst dessutan eit utal sosialt sedimenterte framføringsretorikkar, til dømes forholdet mellom over- og underordna (jf. Goffman 1974).
I botn av den levande språkbruken ligg den sosiale actio, kroppsleg framføring av meining. Paul Zumthor skriv at framføringa er ei kommunikativ handling som står i eit direkte forhold til resepsjonen sin (1994: 218). Framføringa er den stunda då uttrykket vert erfart av ein sjølv og andre, for uttrykket og merksemda er simultane. Levande kommunikasjon føreset altså novere. «Difor refererer den [framføringa] til eit tidspunkt som vert erfart som notid, og til det konkrete nærværet til deltakarar som er direkte medverkande i handlinga» (:218). Framføringa er ei hending i konkret materiell tyding: den føregår på ein geografisk stad til ei historisk tid med så og så mange medverkande, overfor mikrofonar og kamera eller overfor nærverande menneske.
Vår levande samtidigheit vert brukt medvite på radioen. Radioen følgjer dagane som ei klokke, den gjev oss nyhende kvar time, faste postar kvar dag, og den gjev oss felles rutinar som synkroniserer folk sine kvardagsrytmar. Eit sterkt verkemiddel i radioen er å utnytta framføringa sitt novere persuasivt («overtalande», «engasjerande»), til dømes ved å lata sendingane føregå direkte for å skapa nyheitsmessig autentisitet. På Dagsnytt 18 høyrer me kanskje Jan Egeland koma heseblesande inn i studio etter at debatten har byrja. Radioen sin moglegheit for reell «liveness» gjer at lyttarane kan verta kontinuerleg oppdaterte i nyheitsbiletet. Trafikkradioen kan gje melding om at no er Europaveg 16 stengt ved Dale, og ein time seinare melda at vegen har opna att. Direktesending er eit sterkt tidsleg verkemiddel i radiojournalistikken.
Indeksikaliteten i stemma vert utnytta i stadig større grad ettersom den formelle stilen frå monopol-NRK vert gløymt, og dette er ein persuasiv bruk av journalistane sin sosiale actio. Folka i Herreavdelingen på P3 ertar og pirkar på kvarandre nett som venner flest, Poprush-folka skrik og hoiar og les opp faksar frå heile Noreg, nyhendejournalistar ler innforstått saman med politikaren så lyttaren reint føler seg utafor, og Espen Thoresen hissar folk opp til raseri på direkten i XL. Slik «regissert spontanitet» er ei journalistisk utnytting av allmennmenneskelege kjenneteikn ved snakkinga, og skapar eit gjenkjenneleg handlingsrom omkring dei talande. Radiofolka seier og gjer nett slike ting som me andre også seier og gjer i våre biografiske situasjonar. Dette rommet deltek som eit vesentleg retorisk verkemiddel i radiomediet.
Radioen sitt rom
Kva forhold i radiokommunikasjonen er det som utverkar fellesforståing? Andrew Crisell definerer radio utifrå blindskapen, og hevdar at vår visuelle førestillingsevne er den fremste kjelda til å forstå dei isolerte lydane (1994: 9). Han understrekar at talen er heilt avgjerande for å skapa kontekstar, sidan alle programtypar vert oppretta ved særskilde forteljarteknikkar. Wenche Vagle (1996) såvel som Paddy Scannell (1995) legg vekt på at radio er eit sosialhistorisk utvikla medium som gjev ålmenta felles røyndomspresentasjonar gjennom rutiniserte talepraksisar.
Mediet vert sosialt gjennom visse kompliserte prosessar mellom avsendar- og mottakarposisjonen. Crisell kallar dette møtet for «fatisk kontakt» (basert på formidlingssituasjonen) etter Roman Jakobson, Scannell kallar det «context-specific occurences in a particular here-and-now», medan Vagle skriv om sosialt fungerande «tekstnormer» mellom lyttarar og framførarar. Berthold Brecht hevda i 1927 at radiomediet er eit reint distribusjonsapparat for samfunnsmaktene, men at det har potensial for å organisera tilhøyraren som aktiv leverandør av offentlege emne (Brecht 1996). Han opna for ei demokratisk utnytting av radioen sitt intersubjektive kontaktpunkt, til dømes gjennom å bruka radioen som reiskap til å ta imot anbod på offentlege byggeprosjekt. I notidas radiopraksis oppstår slik interaktiv kontakt til dømes når folk får oppfylt plateønskje eller svarer på spørsmål i ein konkurranse. Men korkje Brecht eller radioforskarane meiner slik sterk kontakt er em føresetnad for sosiale prosessar mellom dei som snakkar og dei som lyttar. Lyttinga åleine er tilstrekkeleg til at radiolydane vert sosiale.
Etter mitt syn er radioen sitt intersubjektive kontaktpunkt grunnleggande perseptuelt. Det er ein auditiv korrelasjon som er teknisk konstruert gjennom bruk av mikrofonar, bandspelarar og høgtalarar. Ikkje minst er denne korrelasjonen så utbreidd og så enkel å læra at praktisk talt alle har inkorporert den i sitt handlingsrom. Den er distinkt levande og personleg, og må oppfattast som ein særskilt teknisk variant av snakkinga i kvardagslivet. Når det gjeld materiell form er radiosnakkinga svært ulik snakkinga andlet til andlet, men når det gjeld samtaleemne og bruk av retoriske grep er den ganske lik. Eg vil argumentera for at det materielle, tekniske handlingsrommet er uløyseleg knytt til det språkleg-retoriske. Radio er ei heilskapleg utnytting av språk og teknologi.
Denne påstanden må nyanserast for å verta fruktbar. Radio kan vera kompliserte montasjar av opptak frå ulike tider og stader, slik pop-musikk og dokumentarprogram er døme på. Eit intervju kan klippast saman av setningar frå ulike periodar av samtalen, så snakkinga vert manipulert utan at lyttarane nødvendigvis forstår det. Det er likevel meiningslaust å hevda at redigerte opptak er mindre naturlege enn direktesendingar. Både førehandsredigering, miksing under direktesending og arkivering må oppfattast som vesentlege moment i radioen si kommunikasjonsform. Ikkje minst er dei vesentlege i dei retoriske praksisane som har utvikla seg innafor radiojournalistikken. Den levande, personlege korrelasjonen mellom framførar og lyttar vert ikkje borte sjølv om programmet går i opptak eller er redigert på ein skjult måte. Lyttarane høyrer lite på manipulasjonen, men mykje på dei stemmene og samtaleemna som vert manipulerte. I denne forstanden er radioen på same tid språkleg og teknisk.
Kva materiell kontaktflate finst mellom framførarane og lyttarane i mitt perspektiv på radio? Mikrofonen gjer ei identisk, teknisk definert høyring av lydar kvar gong den vert brukt, dersom ikkje mikrofonavstanden eller retningsvinkelen vert endra. Journalisten spør spørsmål og får svar, sendenettet kringkastar lydsporet, og høgtalarane gjev ei identisk framføring av lydane kvar gong den vert brukt, men er avhengige av tekniske spesifikasjonar (jf. Nyre 1997: 66ff). Gjennom denne tekniske kontakten høyrer lyttarane ein akustisk stad definert ved ein mikrofon. Men fordi me er menneske høyrer me ein situasjon, eit rom der ting skjer. Kanskje ringjer telefonen under intervjuinga, og nokon tek den fort og snakkar lågt for ikkje å forstyrra innspelinga. Intervjuet føregår i ein kvardagsleg omgjevnad som vert formidla gjennom sin lydlege dimensjon. Radioteoretikarane kallar gjerne bakgrunnslydar for «sound effects» (til dømes Crisell 1994), men etter mitt syn er det underordna om lydbiletet er konstruert eller er eit autentisk opptak, for lyttarane høyrer i alle høve eit lydleg rom der snakkinga føregår. Ofte vert den lydlege dynamikken i omgjevnaden knebla ved studiobruk eller svært einsretta mikrofonar, andre gonger vert den utnytta medvite, som i overføringa frå ein fotballkamp.
Møtestaden mellom lyttarar og framførarar stammar frå visse kvalitetar i det materialet me kallar lyd, og visse kvalifikasjonar i den perseptuelle evna me kallar høyring. Korrelasjonen er prega av berre å kunna føregå i akutt novere, sidan lydleg materialitet er dynamisk og flyktig. «Ved mi uttaling av ordet «permanent» er og må «perma-«delen vera borte når eg kjem til «-nent»-delen», skriv Walter Ong (1991: 32). Merksemd om tale, musikk og andre lydar lyt difor ta ei meir akutt form enn merksemd om stabiliserte visuelle uttrykksformer, for medan eit måleri kan kontemplerast og ei tekst-linje lesast om att, må ein påstand som vert framført følgjast og fangast opp. Talen i både radio og fjernsyn vert forstått i dynamisk rørsle. Me har ikkje det same tolkingsrommet, eller rettare sagt, me har kortare tolkingstid enn ved lesinga av skrift.
Lydar er dynamiske fordi dei viser til levande framføringar og andre røynlege, spatio-temporale hendingar. Når mikrofon og innspelingsutstyr står på, vert lydane fanga opp utan at kjeldene forblir nærverande, og utan at staden der framføringane føregår treng verta identifisert. Berre den lydlege versjonen av hendinga står att i ein slags teknologisk iverksett isolasjon som vert høyrt av lyttarane. Eg har valt å kalla det høyrde for radioen sitt ikkje-lokale rom: eit menneskeleg rom som ikkje finst på ein særskilt stad. Begrepet er henta frå Espen Aarseth. Han definerer det som «enhver kommunikasjonsform som skaper et sosialt rom uavhengig av geografiske begrensninger» (1993: 24), og gjev ein telefonkonferanse som døme. Spikersuppa i Oslo er eit lokalt rom, men dersom journalistar lagar innslag derifrå høyrer lyttarane ein ikkje-lokal versjon av Spikersuppa frå apparatet. Eit lokalt rom er romleg definitivt i den forstand at folk må vera tilstades for å erfara det. Situasjonar som oppstår der finst berre til ei tid, medan radioen (og opptak i det heile) sine ikkje-lokale rom kan høyrast i tusen heimar og sendast i reprise. Altså er eit lokalt rom perseptuelt heilskapleg, medan det ikkje-lokale er strengt lydleg og gjort til eit elektronisk objekt. Eg vil leggja til at det ikkje-lokale kan fungera uavhengig av begrensingar i den levande notida, fordi lydsporet i ein reprise er materielt identisk med den fyrste sendinga. Men dersom ein person høyrer lydsporet for andre eller tredje gong vert det naturlegvis utvikla og nyansert i hans forståing.
Eit sentralt spørsmål er kva retoriske effektar som kan oppnåast gjennom medviten oppbygging av dei ikkje-lokale åstadene. Klangromma kan aldri vera objektive eller situasjonslause, men dei kan tilretteleggast for å skapa særskilde sosiale kontekstar eller eit taust studiorom omkring framføringane. XL på P3 gjev mange døme på at studiorommet vert brukt som ein integrert del av programmet sin stil. 16.11.97 var Espen Thoresen i sumobrytekamp med noregsmeisteren etter fyrst å ha rydda studioet. Me høyrde korleis møblar vart flytta på, og høyrde Thoresen verta lyfta opp og slengt ned att på golvet. I motsetnad til slike sendingar, der lyttarane kan leva seg inn i det ikkje-lokale rommet, er til dømes det kontekstlause Dagsnytt ei indirekte oppfordring om å lata radiostemmene innta våre lokale rom.
Utifrå systematisk radiolytting kunne det begrepsfestast ein akustisk retorikk, ein typologi over utbreidde måtar å skapa emosjonar, situasjonar og hendingar på ved å tilretteleggja bakgrunnslydane. Det kunne snakkast om ulik akustisk ethos i ulike programtypar.
Høyrande forståing
Sidan dei språkleg-retoriske verkemidla som vert brukte i det ikkje-lokale rommet må vera lydlege, må lytteaktiviteten nødvendigvis drøftast utifrå dei rammene dette skapar. Michel Chion skriv at radio og telefon er akusmatiske medier fordi dei gjev oss lydar me høyrer utan å kunna sjå kjeldene for dei (1994: 221). Når nokon bankar på døra høyrer eg ein akusmatisk lyd, for heilt til døra vert opna kan eg berre identifisera kjelda utifrå lyden åleine. Svært ofte vert den lydlege kjelda fanga opp med blikket, dette gjeld i andlet til andlet-samtalar, på fjernsynet, og når noko plutseleg dett ned og eg ser at det var pennen. På radioen er slik identifikasjon heilt uråd, og forståinga byggjer difor på ein kjeldelaus lydlegdom. Slik sett kan det ikkje-lokale rommet gjerne kallast eit autonomt estetisk objekt som ikkje heng forståast gjennom intensjonane i handlingane som skapte programmet. Me høyrer berre sjølve lyden, og vil difor måtta førestilla oss det aller meste etter eigne utgangspunkt.
Men overfor radioen er det avgjerande ikkje å undervurdera forståingsrekkevidda i høyringa eller spennvidda i lydleg objektreferanse. Høyringa er ein nyanserik sans, men medieforskarane har tendensar til å undervurdera den gjennom å legga overdriven vekt på det visuelle elementet i massekommunikasjonen (sjå til dømes kritikk i Nyre 1997: 4ff, Altman 1992: 35ff). Hjå Crisell gjev det seg utslag i ei sterk understreking av at radioforståing vert skapt av visuelle førestillingar. Eg vil heller gje merksemd til det som er i lyden enn til det som manglar og må leggjast til ved førestillingskrafta. Til dømes er dei talte orda lydlege i alle moglege situasjonar, den identifikasjonen som synet fører til, er ikkje nødvendige for at samtalen skal verta vellukka. Vidare kan høgtalarar i detalj gjengje rørslenyansar av mange slag, kanskje høyrer me kva retning ein person går i, og uansett høyrer me om han kjem til eller går bortifrå mikrofonen. Visualisering er ikkje avgjerande for å skjøna det ikkje-lokale rommet, snarare er det naturleg å tenkja på radioforståinga som ei innleving i den kjeda av handlingar som føregår der (jf. Nyre 1997:130ff).
Den høyrande forståinga er eit trinnlaust spekter av merksemd om lydhendingar og -handlingar. Chion skil mellom «kausal lytting» etter kjelder, «semantisk lytting» etter språkmeining og «redusert lytting» til estetiske eigenskapar i lyden sjølv (1994: 25ff). Crisell skriv at radioen tillet ei rekkje grader av merksemd, frå høyring via «overhøyring» til lytting (1994: 15). Etter mitt syn er det fruktbart å gjera eit begrepsmessig skilje mellom merksam, motivert lytting og tilfeldig høyring som skuldast at ein radio står på i nærleiken. Sjølv om skjemaet «høyring/lytting» er ei forenkling, viser det til eit avgjerande trekk ved den høyrande forståinga, nemleg preget av enten/eller. Enten følgjer lyttaren med på det som vert sagt, eller orda vert ei pludring i bakgrunnen fordi han har merksemd om noko anna. At mange medienarkomane har radioen eller fjernsynet på medan dei les avisa, tyder ikkje at dei har likefordelt merksemd om begge uttrykka.
Når eg hevdar at forståing av radioprogram kan kallast innleving, meiner eg at lydsporet krev å verta gjort perseptuelt nærverande av lyttaren. Me må byggja det ikkje-lokale rommet utifrå dei spora som teknologien overfører til våre rom. Er ikkje det språklege utbytet av programmet eit spørsmål om kor godt me høyrer etter? Og dersom eg høyrer eit program om att, vil eg ikkje då legga merke til stadig fleire detaljar som eg overhøyrde fyrste gongen? Merleau-Ponty skriv at merksemd er å klargjera og artikulera eit objekt som til då ikkje var meir enn ein ubestemt erfaringshorisont (1992: 30). I våre noverande situasjonar vert dei teknisk formidla og «daude» lydane frå høgtalaren levandegjorde til personar som snakkar. Dersom radioen står på utan at nokon høyrer den finst berre «lydar frå radioapparatet». Dersom nokon lyttar finst det til dømes ein stad der Knut Borge snakkar om swingjazz saman med Leif «Smokerings» Anderson. Lytting er den auditive versjonen av lesing, men i staden for at språlomeininga stammar frå stabile teikn som vert fortolka, stammar den frå framførande stemmer som vert opplevde.
Den semantiske meininga som vert aktualisert i lyttinga, har kroppar til kjelde og stemma som uttrykksmateriale, men kroppane og stemmene er sjølvsagt ikkje tomme behaldarar for strukturert, konvensjonell meining, dei er ein integrert del av språket på radioen. Dei er eit språkleg momentum som set igang sosiale prosessar. Me er rett nok ikkje tvungne til å bry oss om personane som snakkar, men me er tvungne til å oppfatta eitkvart talt ord som ei biografisk utveksling med oss. Talen kan ikkje lausrivast frå einkvan si uttaling utan å forsvinna, og sidan personen på denne måten er integrert i radiospråket utan nødvendigvis å vera kjent for lyttarane, er stemmene i utgangspunktet representantar for typar av stemmebruk, til dømes sportsreporteren, nyheitsopplesaren eller plateprataren sin stemmebruk. Snakkinga på radioen er i stor grad «personformer» som lyttarane kan fylla med stadig fleire trekk ettersom me vert kjende med stemmene. Jo meir me har lytta til Margrete Holt si snakking, jo betre føler me at me kjenner henne. Men sidan stemmene framfører offentlege roller ovanpå seg sjølve, er det like feil å seia at lyttarane levandegjer ein sann personlegdom som at me førestiller oss ein ikkje-eksisterande. Somme mislikar «Margrete Holt» for hennar smiskande, falske vennlegheit, andre likar «Margrete Holt» for hennar spontanitet og ærlegheit. Meininga med lydane er alltid ein korrelasjon der lyttarane sitt tilskot er ukjent, men avgjerande for kommunikasjonen.
Er kringkastinga tekstleg?
Mine actio-baserte drøftingar av snakking og lytting i radiokommunikasjonen har som premiss at framføringa («teksten») ikkje kan finnast utan høyrande forståing. Ein definisjon av framføring krev lyttinga som moment, og ein definisjon av lytting krev framføringa som moment. Som eg har argumentert for, er denne perseptuelle korrelasjonen akutt noverande både andlet til andlet, i telefonen, på radio, i fjernsyn og på film. Det satiriske uttrykket til Erling Lægreid på NRK P2 finst berre medan det vert framført og lytta til. Sjølv om orda kanskje vert opplesne frå eit manuskript, og sjølv om innslaget kanskje vert spelt inn og fortolka ved gjenhøyr, er både manuskriptskrivinga og den analyserande haldninga noko anna enn Lægreid si framføring. Dei kjem før og etter framføringa i det framoverskridande noveret me lever i.
Dei tekstualiserande praksisane som er utbreidde i mediefaget er forsøk på å stabilisera og kontrollera framføringa si novereform, dette gjeld likt for radio og fjernsyn. Men Lægreid sine kroppslege eigenskapar vil uansett styra meininga med opplesinga, og fortolkaren sine erindringar av framføringa vil fyrst og fremst styra analysen. Framføringa og lyttinga er ei levande kommunikasjonsform som ikkje har tilstrekkeleg permanens til å kunna gripast ved språklege reiskapar som er baserte på skrift og lesing. Å drøfta Lægreid sitt kåseri gjev fyrst og fremst til resultat at drøftaren sine eigne formuleringseigenskapar vert demonstrerte, at ein ny kommunikativ korrelasjon vert skapt. Framføringa vert gjort til ein tekst som er sjølv tilstrekkeleg og uavhengig av framføringa.
Etter mitt syn har den tekstlege dominansen i mediefaget hindra at kringkastinga si akutt tidslege og korrelative vereform vert teken til følgje i tilstrekkeleg radikal grad. Frå tekniske og litteraturfaglege disiplinar har medieforskarane adoptert ei rekkje reiskapar for å objektivera kringkastinga sin flow. Det vert argumentert med at framføringar kan studerast som tekstar dersom dei gjev resultat som vert materielt ståande att etter at aktørane er ferdige, til dømes på band. Når handlingsmeininga er tilgjengeleg gjennom eit fiksert uttrykk, kan ho tolkast uavhengig av både avsendarintensjonar og særskilde situasjonar (Hansteen 1996: 32). Ikkje minst utviklar aktørane framføringane sine etter ei rekkje syntaktiske, narrative og sjangermessige konvensjonar som determinerer oppbygginga av uttrykket på måtar som kan seiast på førehand. Så kvifor skulle ikkje innspelte radioprogram og Dagsrevyen på video kunna oppfattast som tekstar? Eg vil ikkje hevda at det er feil å fortolka innspelingar tekstuelt for å finna ut kva dei tyder, men eg ynskjer at mediefaget vert supplert med tilnærmingar som følgjer kringkastinga sin kontinuerlege forståingsfluks i staden for å stabilisera den i form av framreflekterte analysar.
Studieobjektet i tekstlege tilnærmingar er alltid eit forstått resultat av språkhandlinga, ikkje handlinga medan den føregår og vert erfart. Jostein Gripsrud hevdar at den perseptuelle tileigninga av meining rett og slett ikkje kan studerast: «[Pjroduksjonen av meining og behag finn stad inni folk sine hovud, og kan difor ikkje på nokon måte verta direkte observert. Persepsjonsaugneblinken, det umiddelbare inntrykket og «prosesseringa» av lydar og bilete, kan faktisk aldri verta studert» (1995: 108, mi omsetjing frå engelsk). Han hevdar vidare at det meir eller mindre mentale arbeidet under og etter programerfaringa er minst like viktig som sjølve erfaringa, og dessutan har den fordelen at det kan snakkast og skrivast om. I sitt arbeid driv Gripsrud openbert ei tekstualiserande forsking på kringkastinga, medan eg ynskjer merksemd om dei umiddelbare forståingskorrelasjonane. Eg ynskjer å studera nettopp dei aspekta ved mediebruken som Gripsrud hevdar ikkje kan studerast: den akutt tidslege framdrifta i levande kommunikasjon.
Kva vil det seia å ta noveret i kringkastinga radikalt til følgje? For det fyrste kan ikkje slike tilnærmingar byrja i ein tekstteori (men kanskje enda opp med ein), dei må byrja i ein erfaringsteori. For det andre må det situasjonelle trykket i eitkvart tilfelle av framføring og innleving anerkjennast som eit svært ustabilt og vanskeleg objektiverbart moment i kommunikasjonen. I staden for å omgå dette må det anerkjennast som språket sin levande dimensjon, eit produktivt intersubjektivt møtepunkt som alltid må finna stad for at «tekst» skal kunna oppstå. For det tredje må den lydlege (og visuelle) materialiteten i kommunikasjonen vera sjølve hovudemnet, særleg auditive moment i actio og ethos, fordi desse har umiddelbare retoriske effektar som ikkje treng verta fanga opp i ei tekstualisering.
Den einaste måten å ta noveret i kringkastinga radikalt til følge på, er ved å bruka relevant lydmateriale i eikvar teoretisering. Lydar gjev oss alltid novere, og difor kan teorien om levande språkmoment berre utnytta potensialet sitt fullt ut i førelesingssamanhengar eller gjennom mulitimediapublikasjonar til dømes på Internett. Skriven tekst er som kjent taus.
Notar:
1. Eg har omsett alle sitat til nynorsk.
2. «Korrelasjon» må ikkje oppfattast som statistisk samvariasjon.
Referansar:
Altman, Rick (1992): «Four and a Half Film Fallades» i Sound Theory. Sound Practice. New York: Routledge
Barthes, Roland (1995) [1976]: «Lytt» i Uten tittel, nr.l 1995. Bergen (omsett av Knut Stene Johansen)
Barthes, Roland (1977): «The Grain of the Voice» i Image, Music, Text. London: Fontana
Berger, Peter & Luckmann, Thomas (1991) [1967]: The Social Construction of Reality. London: Penguin
Bourdieu, Pierre (1990): «Social Space and Symbolic Power» i In Other Words. Essays Towards a Reflexive Sociology. Cambridge: Polity
Brecht, Berthold (1996) [1927]: «Radioteori» i mediumXL. Oslo
Casebier, Allan (1991): Film and Phenomenology. New York: Cambridge University Press
Chion, Michel (1994): Audio – Vision. Sound on Screen. New York: Columbia University Press
Crisell, Andrew (1994) [1986]: Understanding Radio, London: Routledge
Fatner, Jørgen (1985): «Mundtlighed og tekstforståelse» i Lese- og skriveopplæring som emne i lærarutdanninga. Søgne: rapport frå Statens Lærarkurs
Foucault, Michel (1994) [1966]: The Order of Things. London: Routledge
Garfinkel, Harold (1987) [1967]: Studies in Ethnomethodology. Cambridge: Polity Press
Gibson, James (1966): The Senses Considered as Perceptual Systems. Boston: Houghton Mifflin
Gripsrud, Jostein (1995): The Dynasty Years. London: Routledge
Goffman, Erving (1974) [1959]: Vårt rollespill til daglig. Oslo: Dreyer
Hansteen, Hans Marius (1996): «Omvegen om teksten» i Ordet fangar. Oslo: Samlaget
Ihde, Don (1976): Listening and Voice. Athens: Ohio University Press
Ihde, Don (1990): Technology and the Lifeworld. Indianapolis: Indiana University Press
Johansen, Anders (1993): Nærvær og virkelighet. Bergen: Institutt for medievitskap
Kjeldsen, Jens (1997): «Dette er visst ikke fullt saklig, Anne!» i Norsk Medietidsskrift 1/1997
Lanigan, Richard (1972): Speaking and Semiology. Paris: Mouton Lowe, Donald (1982) History cf Bourgeois Perception. Chicago: The University of Chicago Press
Liibcke, Poul (1991): Vor tids filosofi, København: Politikens forlag
Merleau-Ponty, Maurice (1992) [1945]: Phenomenology of Perception. London: Routledge
Merleau-Ponty, Maurice (1964): «On the Phenomenology of Language» i Signs. Evanston: Northwestern University Press
Nyre, Lars (1997): Radioen og det lydlege. Bergen: Institutt for medievitskap
Ong, Walter (1991) [1982]: Orality and Literacy. New York: Routledge
Scannell, Paddy (1993): «Time, Place and Space in Broadcasting» i Skretting (red.) Kringkasting og kino, Oslo: KULTs skriftserie, nr. 15
Scannell, Paddy (1995): «For a Phenomenology of Radio and Television» i Journal of Communication. Vol 45 No. 3. London
Schutz, Alfred (1970): On Phenomenology and Social Relations. Chicago: University of Chicago Press
Skjervheim, Hans (1974) [1959]: Objektivismen og studiet av mennesket. Oslo: Gyldendal
Vagle, Wenche (1996): «Radiosnakk gjennom tidene» i mediumXL. Oslo
Zumthor, Paul (1994): «Body and Performance» i Gumbrecht & Pfeiffer (red.) Materialities of Communication. Stanford: Stanford University Press
Aarseth, Espen (1993): «Postindustriell kulturindustri» i Rasmussen og Søby (red.) Kulturens digitale felt. Oslo: Aventura