Til toppen

Klassekampen har nett-trøbbel


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Denne helga feirer Klassekampen at det er 30 år sidan dei byrja som dagsavis. Klassekampen har hatt stor vekst etter at Bjørgulv Braanen kom i redaktørstolen, og leverer eit solid journalistisk «produkt». Optimismen for framtida er sterk.

Men for ei politisk avis som Klassekampen bringer suksess med seg eit dilemma. Jo meir vellukka avisa er i marknadsmessig forstand, jo større er sjansen for at innhaldet går på akkord med interessene til den radikale venstresida. Eg vil ta for meg eit konkret eksempel på dette, nemleg Klassekampen si manglande satsing på Internett.

Det er ikkje økonomisk lønnsomt for Klassekampen å satsa på internett, difor har dei ein strategi om å berre bruka klassekampen.no som salgsorgan og kundeservice, pluss at kundane får ein liten smaksprøve på det redaksjonelle innhaldet. Slik håpar dei å kanalisera lesarar til papiravisa, som er deira eigentlege produkt.

Klassekampen har gode motiv for å satsa på papiravis. Dei driv klassisk, grundig avisjournalistikk, og har stor offentleg slagkraft, samstundes som det er denne kjerneaktiviteten som hald avisprosjektet økonomisk i live.

Det store problemet med å satsa på internett er jo at alt innhaldet i praksis er gratis for brukarane. Dette er farleg for ei avis som Klassekampen, som alltid lever med kniven på strupen. På internett kan inntekter berre komma frå reklame, og Klassekampen vil neppe få substansielle reklameinntekter på grunn av skepsis frå annonsørar.

I tillegg er det slik at hvis Klassekampen skulle lykkast i å etablera ein stor og aktiv nettstad ville det kunna verta skadeleg for abonnementstalet for papiravisa. Dette blir ofte kalla «kannibalismeproblemet». Jo meir av avisa sitt redaksjonelle innhald lesarane får på nettet, jo fleire vil la vera å abonnera, og slik motarbeider bedrifta seg sjølv.

For tida er Klassekampen inne i ein god periode, med 10.000 i opplag og fortsatt vekst. Det er viktig å konsolidera stillinga. Konklusjonen er at det er best å halda seg unna internett.

Mitt poeng er at dette berre er den marknasmessige sida ved saka, og ikkje den politiske. Eg har alt sagt at jo meir vellukka avisa er i marknadsmessig forstand, jo større er sjansen for at innhaldet går på akkord med interessene til den radikale venstresida. Det er katastrofalt hvis ikkje venstresida klarar å prega internettsfæren med arenaer som har større sosial intelligens og politisk samvittigheit enn dei kommersielle aktørane som dominerer no.

På internett blir borgaren aktivisert som ein skrivar like mykje som ein lesar. Sjølv om det er ein klisje at internett fostrar interaktivitet, og sjølv om den har blitt misbrukt på nesten alle mogelege måtar allereie, så er det eit faktum. I Klassekampen sitt tilfelle så kunne ei god interaktiv heimeside supplera den tradisjonelle nyheits- og kulturjournalistikken på ein politisk slagkraftig måte.

Lat meg dra opp eit scenario. Heimesida må sjølvsagt vera redaksjonelt styrt, men den må ta i bruk programvare for ulike typar tillitsbasert skriftkommunikasjon. Brukarane kan assistera journalistane med kritisk kjeldearbeid på ein Wikipedia-aktig måte, der det for eksempel vart oganisert eigne innsatsgrupper i Stavanger, Bergen, Trondheim, osv. Prinsippa bak YouTube dyrkast i ein skriftbasert og argumentativ retning, der det ikkje gjaldt å laga den morsomaste videoen, men den beste samfunnsanalysen.

Klassekampen si nettsatsing kunne tenkjast som ein nasjonal treningsleir for venstreorientert politisk åtferd, med vekt på argumentasjon og diskusjon kring dei viktigaste politiske sakene. Det ville vera ein stor ressurs for venstersida dersom veljarar, aktivistar og sympatisørar hadde moglegheit til å spela ei reell rolle i offentlegheita, på www.klassekampen.no.

Men dette er diverre draumerier. Sjølv om eg trur redaksjonen i Klassekampen hadde klart å laga ei redaksjonelt bunnsolid interaktiv nettavis, så er det lite sannsynleg at noko skjer all den tid redaksjonen sjølv er imot å satsa på internett.