Medieforsking kan trygga mediemangfaldet
Vilkåra for kvalitetsjournalistikk i Noreg er dårlege, og akademia bør verta meir aktivt involvert i vidareutviklinga av samfunnsoppdraget. Mangfaldsutvalget bør utgreia denne muligheita som del av arbeidet sitt.
Eit ekte problem
Den norske offentlegheita har eit ekte problem, noko nedskjæringa i Bergens Tidende hausten 2015 viser godt. Sakte, men sikkert går kuttinga av redaksjonelle ressursar ut over kvaliteten på journalistikken.
Tenk hvis denne utviklinga varer i eit tiår til. Då er det fare for at den nasjonale offentlegheita har vorte varig svekka, og at mangfaldet i medieformer, innhald og brukargrupper har vorte mindre. Denne bekymringa er formulert av mange, og bør ikkje takast lett på.
Åmås-utvalget er i sving
No har Regjeringa tatt grep. I september utnemnte kulturminister Thorild Widvey (H) “Mediemangfaldsutvalget”, som skal bidra til ei løysing på den økonomiske og journalistiske krisa i norsk offentlegheit.
Mediemangfoldsutvalget skal formulera framlegg til kva som bør vera statens mål for breidde og mangfold i medietilbodet i Noreg. Dei skal ha særlig fokus på ”nyhets- og debattformidlingen, samt allmennkringkastere og deres betydning for Norges språk og kultur” (Kulturdepartementet 2015).
Leiar for utvalget er Knut Olav Åmås, direktør for Fritt Ord. Utvalgsmedlemmene er ellers direktørar og leiarar frå Dagbladet, TV 2, NRK, Nettavisen, nokre lokalaviser, ein bransjeorganisasjon og Universitetet i Bergen.
Utvalget skal finna ut korleis ein best kan innretta økonomiske verkemiddel på medieområdet for å bidra effektivt til mediemangfald og ytringsdom. ”Utvalgets forslag skal ta utgangspunkt i uendret ressursbruk på området samlet sett, men det kan også fremmes forslag om økt eller redusert ressursbruk” (Ibid.)
Infrastruktur for offentlegheita
Det finst mange forklaringar på problema som har ramma nyheitsmediene. Sjølvsagt har Internett, Facebook og liknande disruptive teknologiar mykje av skulda. Men Sven Egil Omdal, kommentator i Stavanger Aftenblad, peikar på at mediene vert drivne med profittmotiv og gjerne kuttar i redaksjonen sjølv når avisa – går med overskot – for at eigarane kan få utbyte.
Omdal meiner at minskinga av redaksjonelle ressursane rammar kjernen i den politiske offentlegheita, og at profittmotiv eller samanbrot i marknaden ikkje kan få lov å påverka demokratiets “energiforsyning” på denne måten. Det heile må gjerast meir berekraftig, og difor må kvalitetsjournalistikken sikrast offentleg finansiering, skriv Omdal (26.09.15).
Her er det ei kobling til Mangfoldsutvalget ved at det er etablert med heimel i Grunnloven §100 sjette ledd, det såkalte ”infrastrukturkravet”. Her vert offentlege myndigheiter gitt ansvar for å legga til rette for dei mediekanalane som utgjer infrastrukturen for offentlig utveksling av informasjon og meiningar (Kulturdepartementet 2015).
Det er ikkje klart korleis akademiske institusjonar passar inn i utvalget sitt mandat, men eit fyrste poeng er at akademia jo i all hovudsak er statleg, og såleis bør kunna oppfattast som bidragsytarar til å innfri infrastrukturkravet og hjelpa med å oppretthalda kvalitetsjournalistikken.
Svekka autoritet for journalistikken
Dei journalistiske institusjonane slik som NRK, Aftenposten eller Dagbladet hatt tradisjonelt hatt stor autoritet. Men som eg var inne på i byrjinga så byrjar autoriteten å verta svekka.
Nye aktørar har bygd opp nye former for truverde, og det kan vera alt frå citizen journalism og kjendisbloggarar til Facebook- og Twitter-profilar. Her vert det utvikla eigne truverdigheitsformer som ”konkurrerer” med journalistikken.
Universitetet dyrkar autonomi akkurat som journalistikken, og bør kunna koblast sterkare til vidareføringa av kritisk, uavhengig journalistikk. Ja, utifrå stoda i 2015 kan ein lura på om det kanskje særleg er i akademia at journalistikken som fag og metode vil ha best vilkår for å vidareutvikla seg. Men dette må vera ei naudløysing, og ikkje ei permanent ordning.
Tradisjonell medieforsking
I Norge fåregår det interessant forsking på redaksjonell og økonomisk innovasjon, både frå eks-journalistar som har omskolert seg til akademia og blant teoretisk utdanna forskarar.Men likevel er nytteverdien av denne forskinga ganske liten.
Bidraget frå akademia er vanlegvis av låg intensitet og med veldig langsiktig nytteverdi. Det raskaste bidraget i UH-sektoren er dei treårige bachelorutdanningane, der unge folk får fagleg kompetanse som journalist, fjernsynsprodusent eller liknande.
Vidare leverer akademia empirisk forsking, teoribygging, metodeutvikling, historiske analysar, offentlege utgreiingar, fagdebatt, blogginnlegg, etc. Alt dette kan verta lest av medlemmene i nye utvalg som skriv rapportar, men har likevel låg intensitet.
Difor er det ikkje så rart at politikarane ikkje ser noko særleg direkte nytte i å engasjera medieforskarane i å løysa krisa i journalistikken.
Teknologisk medieforsking
Sjølv om akademia alltid har vore ein kunnskapsbakgrunn for journalistikken, så er mitt framlegg eitt hakk meir aktivt. Universitetet kan bidra til vidareføringa av sterke infrastrukturar for journalistikken. Her handlar det både om å skapa eit frirom for autonom, redaksjonell praksis i andre former enn me kjenner no, og om å utvikla nye tekniske løysingar.
Det siste er viktigast. Den forskinga som verkeleg trengst er direkte teknologisk, med utvikling av prototypar, med originalt redaksjonelt innhald, og utprøving saman med vanlege borgarar. Her kan forskarar og journalistar samarbeida. Det er også viktig å eksperimentera med forretningsmodellar i samband med prototypane.
Sjølv om det finst små forskingsmiljø som driv med mediedesign manglar det likevel ein nasjonal forskingskultur for slike metodar. Då måtte dette vore eit stabilt stort satsingsområde i fleire tiår.
Konklusjon
Mangfaldsutvalget har muligheita til å utvikla eit nytt verkemiddel i politikkutforminga. Design-orientert, teknologisk medieforsking bør finansierast meir resolutt enn tilfellet er no, eventuelt ved å gjera visse typar forsking til ein eksplisitt støtteverdig part i mandatet til framtidige mediepolitiske utvalg.
Det manglar enno mykje kunnskap om korleis ein ny teknologi kan styrast planmessig mot større journalistisk verdi for samfunnet, og denne måten å forska på er dessutan enno ganske uvanleg. Difor vil det sikkert ta ei stund før mediedesign framstår som eit legitimt verkemiddel i mediepolitikken, men denne tilnærminga har uansett framtida for seg.
Kjelder
Kulturdepartementet (2015) «Skal finne løsninger for fortsatt mediemangfold» pressemelding på Regjeringen.no 18. september 2015.
Kulturdepartementet (2015) «Vedlegg: Mandat for offentlig utredning om mediemangfold» på Regjeringen.no 18. september 2015.
Omdal, Sven Egil (2015) «Støtteforeningen for syke mødre», kommentar i Bergens Tidende 26. september 2015.