Radioen og det lydlege (hovudoppgåve)
Dersom eg misser radioapparatet på golvet gjev det lyd frå seg, men i normal bruk kjem lydane gjennom apparatet utan å ha dei verkelege kjeldene sine i mitt nærvere. Radioprogramma skuldast at den lydlege dimensjonen i visse hendingar vert formidla frå eit uklart der gjennom ein sanseteknologi til min lokale omgjevnad her, slik at eg kan høyra på dei.
Jo meir eg spekulerer på radioen, jo meir fascinerande vert alle dei kommunikative prosessane me lever ut som ukompliserte sjølvfølger i kvardagslivet, og jo vanskelegare vert det å setja systematiske ord på dei. Hovudfagsprosjektet mitt stammar frå ei undring over at dette teknologiske sansemirakelet har vorte kvardagsleg og trivielt for lyttarane så vel som for teknikarar og journalistar.
Innleiingsbolken – Med lydar til emne
Andre bolken – Radioen sine sosiale bruksmåtar
Tredje bolken – Den perseptuelle tileigninga
Fjerde bolken – Oppretthaldinga av radiorommet
Sjette bolken – Kroppen i kommunikasjon
Innleiingsbolken – Med lydar til emne
«If you got ears, you gotta listen»
Captain Beefheart
1.1 Radioen – eit trivielt mirakel.
Dersom eg misser radioapparatet på golvet gjev det lyd frå seg, men i normal bruk kjem lydane gjennom apparatet utan å ha dei verkelege kjeldene sine i mitt nærvere. Fossedur og andre lydar i ein lokal omgjevnad skuldast hendingar her hjå meg, dei skuldast kjelder eg kan utforska på andre måtar enn ved høyringa. Radioprogramma skuldast at den lydlege dimensjonen i visse hendingar vert formidla frå eit uklart der gjennom ein sanseteknologi til min lokale omgjevnad her, slik at eg kan høyra på dei. Fjernsynet gjev oss liknande overførte lydar saman med bilete, og telefonen gjev oss dei gjennom interaktiv kontakt med andre menneske. Kringkastinga frå radioen er blant dei mest abstraherte lydlege erfaringane menneska kan ha, for den er lydar åleine.
Hovudfagsprosjektet mitt stammar frå ei undring over at dette teknologiske sansemirakelet har vorte kvardagsleg og trivielt for lyttarane så vel som for teknikarar og journalistar. Jo meir eg spekulerer på radioen, jo meir fascinerande vert alle dei kommunikative prosessane me lever ut som ukompliserte sjølvfølger i kvardagslivet, og jo vanskelegare vert det å setja systematiske ord på dei. Lydane frå kvardagen min blant arbeidsoppgåver, vener og fritid skil seg radikalt frå lydane til kvardagen min frå høgtalarane, men berre i eit teoretisk perspektiv på måten lydane vert tileigna på. For slike perseptuelle skilnader vert overskridne i vår ‘naturlege’ (1), sosiale haldning til lydkjeldene i radioen. Me høyrer menneske, artistar og geografiske stader, me høyrer ikkje lydar utan sine originale kjelder. Eg er altså interessert både i korleis me vanlegvis høyrer på radioen, og i å problematisera den teknologiske forma.
Oppgåva mi er motivert av den fenomenologiske tradisjonen i humanvitskapane, spesielt av Maurice Merleau-Ponty og Alfred Schutz sine teoriar om perseptuell og sosial erfaring. Det vert påstått at Jean-Paul Sartre vart tiltrekt til fenomenologi fordi han vart fortalt at han kunne «skildra gjenstandar akkurat slik dei vert erfarte, og utvinna filosofi frå prosessen» (Hammond et.al. 1994: s.l). Min fascinasjon overfor fenomenologien stammar frå oppdaginga av kor kvardagsnære emne den tek for seg, og mottoet mitt er å skildra radiokommunikasjonen nett slik den gjev seg for oss i sansinga, og utvinna medievitskap frå prosessen (2). Særleg har Merleau-Ponty sin fenomenologi om persepsjonen gjeve meg utgangspunkt for ei handsaming av den ‘naturlege høyringa’ på radio.
«Det verkelege må skildrast, ikkje konstruerast eller formast», skriv Merleau-Ponty (1992: s.x). Ei fenomenologisk haldning til studiet av kommunikasjon inneber to ‘metodar’ som heng nøye saman: At sjølvfølger i den kvardagslege mediebruken vert løfta fram frå den uproblematiserte praksisen og gjorte til gjenstand for refleksjon, og at dei vert skildra i ein så presis og konsistent omgrepsbruk som råd. Dersom lesarane oppfattar det omtalte som sjølvfølger er skildringa fenomenologisk vellukka.
Nokre perseptuelle forhold mellom mediene og menneska er så internaliserte i form av vanar at dei ved fyrste augekast kan verka vanskelege å seie noko fornuftig om. Kanskje verkar dei også unaudsynte eller uinteressante å skildra ‘Eg høyrer alltid lydane frå radioapparatet her og no’. Dersom ei slik sjølvfølge skal få nokon fenomenologisk verdi, må ikkje skildringa dreia seg om korleis elektriske straurnkrinsar fungerer, korleis spreiinga av lydbølger gjennom lufta føregår, eller korleis det indre øyret omdannar bølgene til nerveimpulsar. Slike forklaringar er produkt av analysar som seier lite om korleis erfaringa er, men mykje om apparatkonstruksjon, lydane sin mekanikk og mennesket sin fysiologi.
Fenomenologien «forsøker å gje ei direkte skildring av erfaringa vår slik den er, utan å rekna med dens psykologiske avstamming og dei kausale forklaringane som naturvitskapsmannen, historikaren eller sosiologen kan tilføra» (Merleau-Ponty 1992: s.vii). For å lykkast med å skildra den levde erfaringa må teoretikaren bryta ut av den kvardagslege aksepten av vanane, men også lausriva seg frå dei objektive vitskapane sine perspektiv. Don Ihde skriv at fenomenologen «ekskluderer all direkte kunnskap om fysikk, fysiologi, empirisk psykologi osb. Slike vitskapar ‘provar’ ikkje noko for fenomenologen, i det minste ikkje slik dei vanlegvis vert brukte» (Ihde 1976: s.23).
Det er mennesket no som står i fokus for all fenomenologi, og me har ‘I-verda-vere’ («In-der-Welt-Sein»). Ved å studera våre levande, noverande forhold til gjenstandar i den felles verda, til dømes radiokommunikasjonen, får me kunnskap om korleis folk rettar seg til andre menneske og reiskapar, og korleis dei praktiserer intensjonaliteten sin.
Å ta perseptuelle sjølvfølger på alvor gjennom refleksjon inneber å nekta å følgja intensjonane fram til målet. Når eg lyttar til radio, må eg rykkja meg ut av lyttinga og merka korleis eg lyttar. Refleksjonen «slakkar på dei Intensjonale trådane som bind oss til verda og bringer dei til merksemd på den måten» (Merleau-Ponty 1992: s.xiii). Vissheitane frå den sunne fornufta eller den ‘naturlege haldninga’ må ikkje fornektast, men sidan dei er føresetnader for handling som til vanleg ikkje vert merka, må den fenomenologiske haldninga utsetja anerkjenninga av slike haldningar for å vekkja dei opp, og gjennom denne prosessen leggja merke til dei. «Den radikale refleksjonen oppnår medvit om sitt eige avhenge av eit ureflektivt liv som er utgangssituasjonen» (Ibid: s.xiv).
Ambisjonen min er å skildra visse anonyme prosessar i radiokommunikasjonen på ein måte som gjer skildringa gyldig for forholdet menneske – radio i vår samtid. Ideelt sett skal alle lesarar kunna kjenna att samverknaden mellom høyringa og radiolydane slik eg skildrar den. «Kvart minutt vert me vitne til det mirakelet som relaterte erfaringar er, og likevel er det ingen som veit betre enn oss korleis dette mirakelet vert utverka, for me er sjølve dette nettverket av forhold» (Ibid: s.xx).
1.2 Det lydlege i medievitskapen.
Medieforskinga er i hovudsak forsking på visuelle medier, eller rettare sagt på medier som i hovudsak vert oppfatta som visuelle både av forskarane og brukarane. Litteratur, presse, film, fjernsyn og etterkvart Internettet er vanlege studieemne, medan auditive medier som radio, telefon og plater (LP, MC, CD) er meir sjeldsynte. Slik arbeidsfordeling skuldast sjølvsagt dei individuelle interessene til forskarane, og prioriteringslinjer i tradisjonane dei studerer seg inn i, men det kan også hevdast at dei auditive mediene er offer for ei utbreidd og relativt ureflektert priviligering av den visuelle dimensjonen i det mangesidige forholdet menneskeverd.
Hausten 1994 hadde TV 2 ekstrasending frå ei kapring på Gardermoen. Eit stillbilete av flykroppen stod på skjermen i elleve minuttar, medan telefonsamtalen mellom kapraren og forhandlaren vart overført direkte. Dagbladet skreiv at TV-bileta frå kapringa var noko av det mest dramatiske som er vist på norsk fjernsyn.
Både kritikere, mottakere og forskere sier som regel bilder, når de mener bilder og lyd, og sier se når de mener se og høre, både på norsk, tysk, engelsk og fransk. Men for meg er dette mer enn språklig flisespikkeri. Jeg mener at fokuseringen på bilder fungerer som en slags ‘freudiansk forsnakkelse’ som avslører at vi oppfatter film og fjernsyn som primært visuelle medier. Lyden vurderes derfor som sekundær, selv i innslag som primært baserer seg på auditiv informasjon (Maasø 1994: s.2).
I eit kapittel om kommunikasjonen sin ontologi omtalar Klaus Bruhn Jensen film, fjernsyn og datamediet som visuelle medier (Jensen 1995: s. 175). Terje Rasmussen brukar omgrepet persepsjon synonymt med sjåing (1993: til dømes s.254). Remote Control, ein antologi om «kva meining me skapar frå fjernsynet me ser» (Seiter [red.] 1991), har over tjue tilvisingar til sjåing og ti til lesing, men ikkje ei til høyring. Kvifor forskarar gjev merksemd til det visuelle på kostnad av det auditive er eit så upresist spørsmål at det berre kan få spekulative svar, men eg vil peika på nokre samanhengar mellom sjåing, lesing og humanistisk vitskap som antyder ei forklaring.
Det er ein kjent påstand at sjåinga verkar objektiverande og distanserande, medan høyringa verkar subjektiverande og involverande. Det synlege verkar til å ligga i eit objekt, medan det lydlege strøymer frå eit objekt til den høyrande, skriv Edward Branigan (1996: s.l). Sjåinga opprettar eit skilje mellom subjektet og den sette tingen, medan høyringa vert igangsett av hendingar som trengjer seg på i dynamisk rørsle. Såleis vert det synlege gjerne oppfatta som permanent, romleg og der, medan det lydlege vert oppfatta som flyktig, tidsleg og her. Det er lettare å reflektera over og granska noko som varer ved framfor augo på meg enn noko som heile tida forsvinn.
Aristoteles hevda at sjåinga er vår fremste kjelde til kunnskap, Heraklit at augene er meir presise vitne enn øyrene (Ihde 1976: s.7-8), og dei fleste europeiske språk fløymer over av ord som brukar visuelle metaforar for innsikt, opplysning og refleksjon. «Sjåing er ein komparativ persepsjon av ting framføre oss sjølve, byrjinga på objektivitet. Det er difor sjåinga har vorte tett forbunde med intellektet» (Lowe 1982: s.7).
Eit aspekt ved det visuelle som knyter sjåinga endå fastare til objektivitet og vitskap er lesinga av tekstar. Me lever i ein skriftkultur der talespråket er synleggjort på papir og dataskjermar. Ifølge Walter Ong medfører skriftteknologien «reduksjonen av dynamisk lyd til passivt rom, separasjonen av ordet frå den levande notida, der berre talte ord kan eksistera» (Ong 1991:
s.82). Skrifta er tingleggjort språk, ein stadig sirkulasjon av kunnskap som må lesast med augo, medan den flyktige talen lever i notida og må høyrast frå menneske av andre menneske. Den doble objektiveringa av verda som sjåinga og lesinga deltek i pregar etter alt å dømma medieforskarane sine tilnærmingar til studieobjekta sine, på same måte som den pregar forskarar flest. Objektivitetstankegangen gjer det naturleg å fokusera på det visuelle.
Gjennom 70- og 80-åra har semiotiske og strukturalistiske forståingsmodellar vore til stor inspirasjon i medievitskapen. Dette er disiplinar som analyserer teiknstrukturar og kulturell kodar i språket med vekt på tydingsinnhaldet. Dei fleste slike teoriar vart utvikla spesifikt for litteratur, og har etterpå vorte tilpassa til dei audiovisuelle massemediene. Skriftbaserte teoriar har ein tendens til å overhøyra at ordet er lydleg, skriv Don Ihde. «Dei djupn- og overflatereglane i språket som produserer tydingar vert studerte i ein språkmekanikk som mest er utan sans for framføringa frå ein talar» (Ihde 1976: s.4).
Omgrepsbruken overfor film og fjernsyn er gjennomsyra av skriftlegdom, programma er teiknstrukturar koda til ‘tekstar’ som vert dekoda av ‘lesarane’. Biletpersepsjonen vert studert som «visual literacy», og når retorikk vert henta brukt som litteratur- og medievitskap synest forskarane å ha lita interesse for at denne kunsten opprinneleg dreide seg om tale, ikkje om skrift. Dei skriftbaserte omgrepa skildrar difor ikkje talen i mediene slik den vert erfart, ‘lesing’ er ein vitskapleg metafor for sjåing og høyring. Ong meiner i likskap med Derrida at det talte ordet ikkje er eit teikn, at samtalen mellom menneske ikkje er ein tekst. Det talte ordet er essensielt lydleg, skriv Ong (1991: s.75), medan det skriftlege ordet er essensielt synleg. Ideelt skulle ikkje talen ha vorte kalla teikn på språkleg meining, men framføring av språkleg meining.
Den visuelle og analytiske haldninga i medieforskinga er eit døme på den «privilegeringa av den semantiske dimensjonen» som heile humaniora deltek i (Pfeiffer 1994: s.3). Abstraksjonsviljen går på systematisk kostnad av materialiteten i kommunikasjonen, og i særleg grad på kostnad av den lydlege materialiteten. ‘Logosentrismen’ gjer tekstar ut av all kommunikasjon, og skapar forskarar som overhøyrer at den fremste meiningsinstansen i kringkastingsmediene er språket slik det vert framført gjennom røysta til levande menneske. Den fenomenologiske haldninga til kringkastingsmediene krev at talespråket vert studert som lydlege ord. Dersom orda vert lytta til på denne måten, høyrer me nesten med nødvende den generelle meiningsberande spennvidda i det lydlege.
Det lydlege er ein dimensjon i mogleggjeringa av massekommunikasjonen, og eit vesentleg element i forminga av det språklege innhaldet den har. Alle medieforskarar underforstår dette som ei sjølvfølge, men den semantiske priviligeringa er så sterk at sjølv i radioforskinga vert det lydlege redusert til reine tydingskategoriar. Andrew Crisell skriv at radioen sine kodar består av «tale, musikk, lydar og stille» (Crisell 1994: s.5), medan John Fiske skriv at mediene sin audielle kanal består av «innspelt lyd, tale og musikk» (Fiske 1994: s.33). Slik kategorisering reduserer på paradoksalt vis ‘lyd’ til ei undergruppe av det lydlege, til ‘lyden av ting’ – trafikken, kafeen eller hendingar som trengst i eit høyrespel. Tale og musikk er på forskjellige vis bærarar av kulturell, koda meining som ikkje vert oppfatta som lydleg. Det tilhøyrer den ‘naturlege haldninga’ å overhøyra det lydlege til fordel for meininga, men medieteoretikaren bør reflektera seg ut av denne tilstanden og lytta til kommunikasjonen ved sida av å sjå og lesa den.
1.3 Mediebruk som persepsjon.
At bruken av medier er å sansa noko som difor kan verta forstått, er såpass sjølvsagt at dette åleine truleg begrensar medieforskarane si interesse for å gjera persepsjonen til emne.
I staden framstiller teorimodellane altså brukarane sin forståingsprosess mest som ei gjennomskoding av sansematerialet, men slik formalisering av materialet for meining er berre gyldig for lesinga. Dei symbolske orda på ei bokside har ein lite framtredande materialitet, lesaren ‘ser’ meininga dei representerer direkte i persepsjonen. Gjennomskodingseffekten er så sterk at lesing av skrift vanlegvis ikkje vert inkludert i den ‘visuelle kommunikasjonen’. For i forhold til den trykte teksten har bileta og lydane frå massemediene ei meining som i langt sterkare grad dreier seg om det me persiperer. Journalisten rapporterer direkte frå London, og ‘teksten’ hans skil seg radikalt frå artikkelen om den same saka i BT, sjølv om tydingsinnhaldet gjeme er svært likt. Musikk og film har ei spesielt framtredande perseptuell overflate. Hadde teoriane i medieforskinga hovudsakleg stamma frå kunst- og teaterhistoriske fag, ville den estetiske sida ved dei perseptuelle overflatene truleg vorte framheva, og dersom medieforskinga i større grad var inspirert av fenomenologi ville det perseptuelle forholdet mellom mediebrukar og sansemateriale truleg stått i fokus.
Fenomenologi vert ofte misforstått som ei dårleg grunngjeven subjektiv analyse, skriv Vivian Sobchack, men den er faktisk ein reiskap for å tematisera dei levde spatio-temporale strukturane som oppstår når kroppslege, menneskelege subjekt engasjerer seg perseptuelt i ei objektiv, materiell verd. «Den er difor fokusert på forholda mellom dei subjektive og objektive aspekta ved materiell, sosial og personleg eksistens, og ser desse relasjonane som konstituerande for meininga og verdien med fenomena som vert undersøkte» (Sobchack 1994: s.87). Slike gjennomlevde perseptuelle forhold til verda er underforståtte i vårt daglege virke, me tenkjer sjeldan på oss sjølve som kroppar, me brukar dei i ei ureflektert, ‘naturleg haldning’.
I den grad kroppen vår beveger seg omkring, det vil seie, i den grad kroppen er knytt til eit synspunkt på verda og er dette synspunktet sjølv brakt til eksistens, er den vilkåret ikkje berre for at geometriske syntesar er moglege, men for moglegheita av alle ekspressive operasjonar og alle dei tileigna synspunkta som konstituerer den kulturelle verda (Merleau-Ponty 1992: s.388).
Don Ihde skil mellom to dimensjonar i persepsjonen (Ihde 1990: s.29). Den umiddelbare, kroppslege fokuseringa på eitkvart ved sjåing, høyring osb. kallar han mikropersepsjon, medan den akkumulerte kulturelt-hermeneutiske kunnskapen som alltid skapar konteksten for sansefokuset vert kalla makropersepsjon. Begge dimensjonane er like bundne til livsverda, og like gjensidig samanknytte: Mikropersepsjonen er støtt lokalisert i eit makroperseptuelt felt, og dette feltet har støtt eit mikroperseptuelt fokus.
Forholdet mellom mikro- og makropersepsjon er ikkje avleidd [of derivation], det er meir som eit figur/bakgrunn-forhold i den forstand at mikropersepsjonen føregår innanfor sin hermeneutisk-kulturelle kontekst, men alle slike kontekstar vert berre fullstendige innanfor rekkevidda for kva som er mogleg i mikropersepsjonen (Ibid).
I dette perspektivet er mediebruk eit særskilt mikroperseptuelt fokus som varierer med om den einskilde høyrer/ser fjernsyn, snakkar/lyttar gjennom telefonen eller høyrer radio, medan det makroperseptuelle feltet er den relativt stabile ‘kodedugleiken’, ein sosialt opparbeidd ‘tekstuell kompetanse’ som rammar inn tileigninga av meining (3). Den aktuelle sjåinga eller
høyringa er alltid frontlinja i eit mangfald av opparbeidde sosio-kulturelle og materielle dugleikar som gjennomsyrer handkngskva våre.
Dei einskilde sansane er kunnskapsmaskiner, skriv Merleau Ponty (1992: s.264), me ser tinga slik dei må sjåast for å verta samanhengande heilskapar, og meininga med det som vert persipert framtrer som bygd inn i det, ikkje konstituert av meg. Eg les (meininga i) avisartikkelen, og høyrer (meininga i) det radiojournalisten seier. Mikropersepsjonen gjev oss umiddelbart meininga i dei materielle formene, og meininga er konkret sanseleg på ein måte strukturalismen og tekstualismen i medieforskinga berre underforstår, men ikkje tek til følge i teoretiseringa.
Symbol vert tekne for å vera grunnleggande annleis enn ting. Men lat oss vera heilt klare. For at den einskilde skal kunna persipera noko som helst, same kor abstrakt det er, må det finnast stimuleringsmåtar eller måtar å formidla informasjon på. Han må vera sensitiv for stimuli same kor universell eller fint uttenkt tingen han oppfattar er. Ingen symbol eksisterer bortsett frå slik dei er realiserte i lydar, projisert lys, mekanisk kontakt eller noko liknande. All kunnskap kviler på sensitivitet (Gibson 1966: s.26).
Mitt hovudoppgåveprosjekt dreier seg om ikkje å laga ein fotnote ut av dette argumentet, og deretter studera det makroperseptuelle nivået i meiningsskapinga. Eg vil utforska kommunikasjonen sin sanselegdom; dei perseptuelle korrelasjonane mellom programma og brukarane framføre apparatet, medan den semantiske dimensjonen fungerer som ein generell makro-perseptuell bakgrunn. Ei fokusering på lydlegdomen i radioprogramma treng ikkje motseie innsiktene frå semiotikken, resepsjonsforskinga og andre tradisjonar som studerer meiningsprosessar. Fyrst og fremst er den ei framheving av radiobrukaren si mikroperseptuelle praktisering av ein allereie akkumulert kulturell kunnskap.
1.4 Føremål og framgangsmåte.
Denne oppgåva har ikkje vitskapleg objektivitet, men den er heller ikkje skriven i eit idiosynkratisk vakuum. For sjølv om fenomenologi ikkje har ein standardisert framgangsmåte med streng metodologi, har den ein premiss som let seg gjenfinna i all seriøs praktisering av den. Det overordna målet er å formulera strukturane i det umiddelbare nærveret overfor fenomen i verda, hjå meg radiobruken.
Merleau-Ponty gjev fleire pregnante formuleringar av denne premissen: «Persepsjonen er kunnskap om det nærverande» (Ibid: s.44). «Å ha ein kropp er å ha nærvere» (Ibid: s.79). «Gjennom mitt perseptuelle felt med sine temporale horisontar er eg nærverande overfor notida mi, heile den forgangne fortida og ei framtid» (Ibid: s.331). Det fundamentale utgangspunktet er at persepsjonen er ei nærverande notid, eit kontinuerleg forhold til ein omgjevnad som erfaringa finn stad i, og som vert sedimentert i hukommelsen. Persepsjonen er fenomenologien sitt fremste emne.
Å skildra sjølvfølgene i radiobruken krev refleksjon, hevda eg i avsnitt 1.1. Under lyttinga til radioen må eg avbryta merksemda mi om programmet og gje merksemd til korleis eg lyttar til det. Den effektive involveringa i ei handling må vika for sjølvobservasjon. Eg må forlata det faktum at eg lyttar og forsøka å finna naturen i lyttinga (jamfør Merleau-Ponty 1992: s.xiv). Det ligg til dømes ikkje i lyttinga sin natur å lytta til Ukeslutt, sjølv om dette er eit program eg mest alltid lyttar til. Men etter alt å dømma ligg det i lyttinga sin natur at eg ikkje kan lytta samstundes som eg les ei bok – i det minste ikkje utan at eg går glipp av det leste eller at lyttinga gjev tapt for lesinga. Visse nivå i forholda mellom meg og verda er personlege, andre er førpersonlege og allmennmenneskelege føresetnader for individualiteten. Fenomenologien er berre interessert i dei sistnemnde.
Å driva fenomenologi er ikkje å samla inn empirisk materiale ved å intervjua eit utval av respondentar, for deretter å analysera diskursane og samkøyra resultata med ein teori som enten vert verifisert eller må modifiserast. Men trass i at dei korkje er valide eller reliable i vanleg vitskapleg forstand, har fenomenologiske skildringar ambisjon om å vera gyldige innanfor rammene som emnevalget set. Hovudreiskapen for å nå dette målet er å opparbeida eit mest mogleg presist omgrepsapparat, og gjera systematisk bruk av det.
Sidan prosessane eg studerer i stor grad ligg under kvardagslivet som førmedvitne premissar for det, Ugg dei også under nivået for det som vanlegvis vert snakka om. Folk flest kan gjeme seie kva dei meiner om ein programsjanger, eller kor ofte dei høyrer Ukeslutt, men har vanskelegare for å formulera korleis dei gjer det, og kva perseptuelle forhold dei tek forgjevne når radioen står på. Sidan det ligg i sakens natur at den umiddelbare erfaringa er før-refleksiv, er den primært levd og sekundært tenkt. Evna til å verta medviten om ‘doxiske’, sjølvsagte element i sansinga må øvast opp. Respondentar kan ikkje gjera greie for desse forholda gjennom intervju, og eg må difor stola på relevante tekstar og sjølvstendige resonnement i opparbeidinga av ein systematisk omgrepsbygnad. Kvaliteten på resonnementa står og fell med forfattaren si evne til å bruka seg sjølv som instrument til å finna ut av noko felles, på sensitiviteten og formuleringsevna mi.
Ambisjonen er å finna eit upersonleg sjikt i erfaringa, der ‘eg’ vert det same som ‘ein’. Under det fenomenologiske ‘eg’ som gjennomsyrer mi skildring av radiobruken ligg ei innrømming av risikoen for at skildringane er subjektivt vridne. Sidan eg’et vedgår seg istadenfor å gøyma seg bak ‘me’ og ‘ein’, syter det for heile tida å minna lesaren på denne risikoen. Skildringane kan berre vera ‘sanne’ i den forstand at lesaren finn dei dekkande for sine eigne erfaringar, men kan ikkje målast opp mot ein objektiv standard. Dersom argumentasjonen er overtydande, er den etter alt å dømma ikkje ein rapport om mine erfaringar, men om den typiske radiolyttaren. I så fall har den ei høgare grad av generalitet enn dei fleste resepsjonsstudier, for desse studerer oppfattinga av visse programtypar i visse medier etter spesifikke variablar som kjønn, alder og utdanningsnivå. Det vert fokuserert på det særeigne ved grupper, medan fenomenologien fokuserer på det ålmenne ved einskildpersonar. Dermed utfører eg eit makrostudium av kollektive fenomen, og skildrar dei på ein måte som presumptivt er allmengyldig.
1.5 Samandrag.
Eg har på ingen måte ambisjonar om å seie noko utfyllande om den empiriske radiolyttinga, men nærmar meg radioen sitt perseptuelle felt i fire variasjonar over forholdet mellom menneska og radio. Desse medfører delvis ulik omgreps- og litteraturbruk, men eit samanhengande og veksande resonnement om radiokommunikasjonen sin materialitet.
I andre bolken utgreier eg nokre av radioen sine sosiale bruksmåtar. Dei som kan norsk og er vane med kanalane sine kulturelle kodar vil ha ei ‘naturleg haldning’ til den sosiale meininga med til dømes Nitimen, og vil overhøyra den sanselege og teknologiske kompleksiteten i radioen si strengt lydlege form. Radioprogramma tek del i eit teknologisk skapt rom av sosiale forhold og tydingar som ikkje er strengt nærverande eller fråverande, men ikkje-lokalt (4). Dette er radioen sitt sosiale felt, og me forheld oss til folka i det ikkje-lokale i grader av perseptuell merksemd om programmet: Høyring tyder at den einskilde er retta til sitt lokale rom og gjeremål her medan radioen står på, og lytting tyder at han/ho vender merksemda til radioen og lever seg inn i det ikkje-lokale der.
I tredje bolken handsamar eg radiobruken som perseptuell type, det vil seie at eg oppfattar høyringa på radio som ei viss teknologisk fokusering av kroppen sitt heilskaplege handlingsrom. Det perseptuelle feltet har fått eit komplisert tillegg på grunn av radioteknologien, for i våre strengt lokale omgjevnader får me lydlege ‘nærvere på avstand’ – nærverande lydar frå fråverande kjelder. Det ikkje-lokale stammar i all hovudsak frå hendingar på lokale stader som vert teknologisk perspektiverte, og lyttarane høyrer desse abstrakte lydane i eit perseptuelt kontinuum frå det lokale erfaringslivet. Våre allereie tilvande forhold til radioteknologien står i fokus, og eg utgreier korleis mikrofonen og høgtalaren sine instrumentelle intensjonalitetar skil seg frå menneska sin kroppslege, men samstundes liknar tilstrekkeleg til at me kan internalisera dei. Radioen kan berre gjenskapa ‘naturlege’ intersubjektivitetsforhold mellom menneska fordi røystene ikkje vert objektiverte i teknologiforholdet.
I fjerde bolken står programma sin kommunikative intensjonalitet og brukarane si ‘naturlege høyring’ av programma i fokus. Lydane møter høyringa i eit forhold som grunnar seg på journalistane sine føremålsretta framføringar, og desse er ein medviten bruk av langt meir enn røysta. Alle lydar på radioen er kommunikative fordi dei vert kringkasta, dei vert brukte til å byggja dynamiske stader med ulike grader av innlevingspotensiale. Eg hevdar at oppretthaldinga av det ikkje-lokale rommet føregår i eit novere som er radiolydane si grunnleggande vereform, og drøftar korleis me høyrer lydane sin forskjelligarta, men alltid framtredande tidslegdom.
Femte bolken handlar om korleis lyttinga er ei forståande innleving i radiorommet. Eg presenterer køyrefeltet, og radiolydane si framtoning i det intersubjektive noverefeltet. Premissen for handsaminga av innleving er at den alltid føregår overfor personar som snakkar, og at den korkje er visualisering eller førestilling, men ei indeterminert kroppsleg heilskapleggjering av radiopersonen sine handlingar og intensjonar på bakgrunn av kroppen sin førpersonlege intensjonalitet.
Eg har måtta oversjå ei rad problemstillingar som er naturlege å fokusera på i eit studium av radioen, hovudsakleg fordi dei ikkje er grunnstrukturar i den perseptuelle korrelasjonen høyring – lydar. Det største tapet er at eg ikkje har kunna handsama musikken sitt estetiske og rørslemessige potensiale i det lydlege. Likeeins har eg måtta leggja til sides radiohistoria, politiske og samfunnsmessige målstrukturar som ligg i radiomediet, samverknader mellom programsjangrar og lyttemåtar, ulike lyttargrupper sin forskjelligarta radiobruk, interaksjonsmoglegheiter gjennom telefon, telefaks og E-post, nærradioverksemd, den tekniske infrastrukturen, radioen sin samverknad med andre medier, osb.
Det kan heilt klart innvendast mot denne oppgåva at ho mest ikkje handlar om radioen sine samfunnsmessige sider, og slik sett er politisk og kulturelt irrelevant. Sidan eg ikkje studerer empiriske tilfelle av radiolytting, studerer eg ikkje radiobruken som eit konkret sosiokulturelt fenomen. Eg handsamar føresetnader for empiriske studier av radiobruken, og gjennom bearbeiding kan perspektiva frå denne oppgåva truleg verta relevante som teoretiske reiskapar til å knyta empiriske studier til livsverda.
Andre bolken – Radioen sine sosiale bruksmåtar
2.1 Overskriding av den teknologiske forma.
Sjølv ein sau kan høyra radio, men menneska sin måte å tileigna seg denne uttrykksforma på er ikkje ein instinktiv respons overfor lydlege stimuli i omgjevnaden, den er eit spekter av intensjonelle sanse- og tolkingshandlingar. For radiobruk dreier seg ikkje om å verta utsett for lydar frå eit apparat, den handlar om å forstå andre menneske sine lydlege framføringar slik dei vert presenterte gjennom radioteknologien i form av tale, musikk og andre føremålsretta lydar.
Er høyringa på radio dermed ei sosialt mogleggjort handling? Følgjer den oppøvde mønster som samfunnsmedlemmene deler på bakgrunn av gruppe-, språk-, og kulturfellesskapar? Ja, sjølvsagt. Som all anna samforståing avheng radiobruken av dei rutinemessige gjeremåla i kvardagen, den er bygd på handlingar mellom menneske og føregår etter intersubjektive rammer. Høyringa på radio er ein konvensjonell forståingsmåte.
Men den er ikkje berre sosial. Sidan alle framføringar tek form av lydlege uttrykk i notid der radioapparatet lyder, vert tilhøyrarane tvungne til å gjera bruka av visse perseptuelle dugleikar som tilhøyrer radioen si lydlege form. Hevdar eg no at teknologien determinerer høyrehandlingane? Ja, delvis. For apparaturen og infrastrukturen set rammene for kva type kommunikasjon som kan utførast. Både tilverkinga og høyringa av framføringane er underlagt det tekniske utstyret sin verkemåte. Men i kvardagslivets radiobruk problematiserer me ikkje denne grunnleggande teknologiske og perseptuelle mogleggjeringa av ikkje-lokal kommunikasjon, me forheld oss til radiojoumalistane gjennom sosiale typar som me tileignar oss i den daglege utfaldinga blant menneska i nærmiljøa våre. Høyringa på radio er ein fellesdugleik gjennom vår perseptuelle tilpassing til teknologien, og gjennom dei konvensjonelle, sosialt determinerte typane av radiobruk.
Folk tenkjer lite på den perseptuelle delen av mediebruken sin, hevdar eg, og i denne bolken vil eg undersøka korleis dei sosiale dugleikane gjer det råd for lyttarane å overhøyra radioteknologien si sterkt reduserte presentasjonsform. Radiobruken framstår nemleg som eit meir eller mindre viktig sosialt gjeremål den einskilde utfører overfor personar som trer fram i radioen, ikkje som ein sanseleg abstraksjon i rein lyd. Den vert oppfatta som triviell og daglegdags, ikkje som eit teknologisk og menneskeleg underverk. Dei sosiale kulissane kring radiohøyringa gjer at me vender oss til programskaparane gjennom deira kommunikasjonshandringar overfor oss. Denne teknologisk mogleggjorte intersubjektiviteten svekkar merksemda om radioen si strengt lydlege form.
2.2 Den naturlege haldninga.
Alfred Schutz konstruerer sin fenomenologiske teoribygnad utifrå livsverda, ei nemning for sfæren av erfaringar, haldningar og handlingar i kvardagen til den einskilde, der han/ho utfaldar seg overfor andre menneske og forskjelligarta gjenstandar for merksemd. I denne kvardagslege livsverda tileignar me oss erfaringar gjennom den naturlege haldninga («the natural attitude»). Tilstanden me finn oss i er uproblematisert, rammene for utfaldinga vår vert tekne for gjevne, me er dominerte av føremåla for og utføringa av gjerningane våre, ikkje av føresetnadane for dei.
[V]erda me lever i er ei verd av vel avgrensa objekt med bestemte kvalitetar, objekt som me beveger oss blant, som motstår oss og som me kan handla med. For den naturlege haldninga er ikkje verda berre ei samling av fargepunkt, usamanhengande støy, varme- og kuldesentra, og den har aldri vore det. […] For den er verda heilt frå starten av ikkje den private verda til det einskilde individet, men ei intersubjektiv verd, felles for alle, som me ikkje har ei teoretisk, men ei særdeles praktisk interesse for (1970: s.72-73).
Me vert fødde inn i ei verd som me veit fanst før fødselen vår, som frå byrjinga av er både fysisk og sosiokulturell, der ting hender på ein forutsigeleg måte som alle normale menneske har lært å forholda seg til gjennom oppveksten. Å ta verda for gjeven inneber ei rotfesta tru på at rammene for hendingar og handlingar i all hovudsak vil stå fast i framtida, slik at noko eg har gjort på ein vellukka måte ein gong, kan gjerast omatt på same vis og føra til omlag det same resultatet (Ibid: s.80). Sjølv kriser som omkastar dagleglivet fullstendig, til dømes krigar og naturkatastrofar, føregår på måtar som er perseptuelt og sosialt forutsiglege.
Kanskje spør me oss sjølve korleis elektromagnetiske bølger kan sveva gjennom lufta og verta til lydar frå eit radioapparat, men slikt er me ikkje nøydde til å forstå, me kan slå oss til ro med at emnet er for teknisk og nøya oss med å bruka teknologien til dei føremåla den er konstruert med. I den naturlege haldninga høyrer me nyhenda, Reiseradioen med Knut Borge og «Yesterday», me høyrer ikkje at den lydlege dimensjonen ved kulturelle uttrykk er lausriven frå sin menneskelege heilskap og gjort til masse- kommunikasjon. Me spør oss ikkje korleis medvitet og kroppen vår er istand til å forstå desse abstraksjonane, me lever ut eit aspekt ved menneskelegdomen vår som gjer slik teknologi brukande.
«Miraklet over alle mirakel er at dei verkelege mirakla vert ei daglegdags hending for oss», siterer Schutz (Ibid: s.247) frå Nathan den vise av Gotthold Lessing. Vår utfalding blant andre menneske i dagleglivet er så mirakuløst komplisert at den berre kan fungera dersom me ikkje tek omsyn til alle føresetnadane og prosessane som er involverte, men rettar oss etter
føremåla for våre eigne og andre sine handlingar ved å gje dei perseptuell merksemd.
Men korleis vert den kompliserte veven av høyring, teknologi og røystene til andre menneske ein uproblematisk, daglegdags affære for oss? På det mest generelle nivået ligg svaret i at me inkorporerer nye handlingar og forståingar i livssituasjonane våre etter mønster som er gamle, me strukturerer dagleglivet vårt og gjer omverda trygg ved å læra oss å takla fenomen på faste måtar.
I denne bolken nærmar eg meg radiobruken frå eit perspektiv der menneska sitt handlings- og fortolkingspotensiale vert oppfatta som hovudsakleg sosialt opparbeidd. Utifrå premissen om at den einskilde sitt daglegliv historisk sett er ein fleksibel storleik – ein 70-åring har gått gjennom mange dramatiske intellektuelle og sosiale endringsprosessar – vil eg omgrepsfesta dei atferdsmessige og språklege strukturane som gjer at me tilvenner oss stadig nye element i dagleglivet, og som blant anna har gjort radioen til ein rutine i våre vestlege samfunn.
2.3 Den biografisk bestemte situasjonen.
Somme teoretikarar finn det rimleg å legga vekt på sosiale strukturar framføre aktørane si intensjonelle verksemd i studiet av sarnfunnsfenomena. «Hos de franske strukturalistene gikk det enda så langt at den intensjonelle aktøren og aktørens handlingsprosesser ble utdefinerte som irrelevante i forhold til etableringen og opprettholdelsen av noen for for samfunnsform overhodet» (Nygaard 1995:s.72).
Hjå Schutz er prioriteringsrekkefølga omvendt: «I ein teori om handling må det subjektive synspunktet verta bevart med full styrke. Dersom det vert forsømt vil ein slik teori missa fundamentet sitt, nemleg referansen til den sosiale verda av kvardagsleg liv og erfaring» (Schutz 1970: s.271).
Sansinga utfaldar seg alltid i menneska kvar for seg, og gjev oss subjektive erfaringar som innheld fullstendig private element. Men samstundes overskrid dei einskilde personane sanseverdene sine i samveret og samtalane med andre menneske gjennom erfaringar som dermed berre finst fordi dei er felles. Kvardagslivet må oppfattast både som subjektiv, sanseformidla erfaring, og som felles møtepunkt i objektiverte veremåtar som vert utfalda og forståtte i grupper. Den naturlege haldninga har denne dialektikken mellom sjølvstende og samfunn innebygd i seg, den er ei praktisk sameining av subjekt og objekt, av sjølvstendige intensjonar og funksjonelle strukturar i samfunnet. Fyrst i den teoretiske refleksjonen kan individ og gruppe verta til ein problematisk dikotomi.
Schutz forsøker å overvinna dei tradisjonelle motsetnadane teoretikaren står overfor i drøftinga av individ/samfunn ved å analysera den subjektive meininga i personane sin gruppemedlemskap. Han teoretiserer den naturlege haldninga istadenfor å løysa den opp i dikotomiar. Sosiale forståingar stammar frå den einskilde sitt strev med å definera sin eigen stad og si generelle rolle innanfor samfunnet, særleg rolla innanfor dei forskjellige undergruppene han/ho tilhøyrer. På denne bakgrunnen hevdar Schutz (Ibid: s.17) at sjølv dei mest stereotype kulturelle forståingar berre eksisterer i medvitet til einskildpersonane som absorberer hendingar gjennom kommunikasjonen og fortolkar dei på grunnlag av sin eigen livssituasjon.
Det avgjerande omgrepet i Schutz si drøfting av individ og samfunn er den biografisk bestemte situasjonen. Ved å skildra einskildmennesket som ein situasjon av sosialt determinerte moglegheitar til handling der kroppen er perseptuelt ankerfeste, argumenterer Schutz for at utanfor den vitskaplege tankegangen rår den uproblematiserte intersubjektiviteten som gjer alle til einskild- og samfunnspersonar samstundes (jamfør avsnitt 3.1).
I einkvar augneblink av dagleglivet finn mennesket seg sjølv i ein biografisk bestemt situasjon, dvs. i ein fysisk og sosio-kulturell omgjevnad som er determinert ved han, som han har sin posisjon i, ikkje berre posisjonen hans i tydinga fysisk rom og ytre tid, eller status og rolle innanfor det sosiale systemet, men også hans moralske og ideologiske posisjon. A seia at denne definisjonen av situasjonen er biografisk bestemt inneber å seia at den har si historie; den er sedimenteringa av alle dei tidlegare erfaringane til mennesket, organiserte i dei tilvande eigedelane [possessions] det tilgjengelege kunnskapstilfanget hans gjev rådvelde over, og er såleis hans unike eigedom, gjeven til han og han åleine (Ibid: s.73).
All menneskeleg aktivitet føregår i den biografiske situasjonen sitt romlege ‘her’ og tidslege ‘no’. Eg lever i ein omgjevnad av gjenstandar og menneske som er innanfor perseptuell rekkevidde, enten ved eller utan hjelp av instrument, og her kan eg handla eller verta handla med. Erfaringa føregår i mi livaktige notid («the vivid present»). Me erfarer oss sjølve som opphavet til dei føregåande handlingane gjennom ei indre oppleving av kroppsrørslene våre. Den livaktige notida skapar «korrelerte, essensielt aktuelle erfaringar som er utilgjengelege for minnet og refleksjonen» (Ibid: s.70).
Men også det intellektuelle livet er forankra i den livaktige notida, for mitt tilgjengelege kunnskapstilfang er sedimentert frå erfaringar som ein gong var notidige, og det verkar som eit kontinuerleg oppdatert skjema for fortolkinga av språklege og andre gjenstandar for merksemd. Erfaringa av andre menneske inkluderer kunnskapen om at eg er eit element i deira noverande situasjon slik dei er i min. Eg veit at andre erfarer vår felles verd på ein måte som er substansielt lik min: «Dei finn seg også i ein unik, biografisk situasjon i ei verd som i likskap med mi er strukturert i form av ei aktuell og potensiell rekkevidde, gruppert kring deira aktuelle her og no i sentrum av dei same romlege og tidslege dimensjonane og retningane […]» (Ibid: s. 164).
Radiobruk er personleg motiverte oppsøkingar av eit ikkje-lokalt kommunikasjonsrom som skrid fram i ei felles livaktig notid. Lyttarane erfarer dette intersubjektive rommet i sine biografiske situasjonar og veit at andre gjer likeeins. I radiolyttinga vert me kvar for oss kontinuerleg stabiliserte som deltakarar i ein sosial omgjevnad ved hjelp av dei strukturane i våre subjektive tilnærmingar som gjer radiobruken til eit ordinært møte med samfunnet. For sjølv om all erfaring kan oppfattast som strengt unik, så hjelper den naturlege haldninga oss til å gjenkjenna dei sosio-kulturelle erfaringane på ein måte som gjer omgjevnaden generell og stabil. Istadenfor å vera isolerte einskilderfaringar er radioen ein vanemessig bruksgjenstand. Korleis vert vår unike utfalding til ein generell rutine?
2.4. Typekunnskap.
Menneskelege aktivitetar kan medvite eller umedvite verta koordinerte til mønster eller vanar, og når særskilte former for språkleg og kroppsleg åtferd har vorte ålment utbreidde blant personane i eit samfunn som særskilte typar, har det skjedd ei institusjonalisering. Institusjonane er ikkje berre handlingstypar, men også typar av handlande personar. Dei føreset at handlingar av ein særskilt type vil verta utførte av aktørar av ein særskilt type (Wuthnow 1991: s.40-41). I ein viss forstand er institusjonane kulturelt konstruerte instinkt som gjev oss stabile og sosialt forutsiglege forhold til andre menneske, dempar behovet for å gjera beslutningar heile tida, og gjev oss avlasting frå stadig å måtta definera og omdefinera våre aktuelle situasjonar.
«Institusjonar har dermed som alle andre menneskelege produkt den kvaliteten at dei er objektive og vedvarande, og dei motstår alle forsøk på å verta vesentleg endra eller omgått» (Ibid: s.41). Handlingsrommet vårt vert såleis kontrollert og synkronisert av den sosiale typeåtferda. Politiske og byråkratiske system for sosial styring trengst berre for dei forholda der institusjonaliseringa ikkje er fullstendig vellukka.
Samfunnsfenomenet radio er for lengst institusjonalisert i form av særskilte programtypar og bruksmåtar (jamfør Crisell 1994; Meyrowitz 1986: Scannell 1993). «Kringkasting har en dagligdags og ordinær karakter for oss idag. Dette underkjenner at de former som idag er etablert ofte er utviklet som resultat av langvarige og store anstrengelser for å utvikle
formater, stil og henvendelsesmåter» (Bastiansen 1993: s.45). Teknologien sine perseptuelle krav til lyttarane sin resepsjon er så institusjonaliserte at dei ikkje skapar hinder mot forståing og innleving, dei kan mest kallast radioinstinkt. Ingen spør seg korleis røyster kan koma frå ei lita kasse, det er berre under P2 sine nyhende på urdu kl. 12.50 at eg ikkje forstår det sosiale elementet, og høyrer radioen si lydlege form åleine. All forståingsdugleik i form av typekunnskap begrensar den einskilde sitt handlingsrom gjennom å determinera
[…] sfærane av institusjonell aktivitet og omfanget av moglege situasjonar som kan dukka opp innanfor dei ved å skapa dei typane av rollar som må spelast i einkvar gjeven institusjon, og derfor ved å verka kontrollerande på all slik åtferd. Ved å gjera dette konstruerer den også dei formene for identitet som er tilgjengelege og gjer det råd for den einskilde å lokalisera seg sjølv og andre i den større sosiale verda (Wuthnow 1991: s.47).
Både produsentane og konsumentane av radio er tvungne til faste rollespel og åtferder som den naturlege haldninga sjeldan problematiserer fordi dei er så typiske at me tek dei for gjevne. Journalisten følgjer institusjonaliserte objektivitetskrav og spør typiske spørsmål, eg høyrer Her og nå på P1 medan eg lagar middag, og alle høyrer dette programmet mellom 15.00 og 16.00, for det er Her og nå si institusjonaliserte sendetid. Kunnskapen vår om radioen skapar begrensingar på forståingsutbytet fordi den i hovudsak består av typiske meiningar om dei personane, emna og presentasjonsmåtane som alle andre også kan høyra på radioen.
Lyttarane er dømte til delta i rutinemessige handlingar til faste tider på grunn av radioen sin infrastruktur, og til å ha typiske meiningar om innhaldet på radioen, fordi dei typane me både er produktet av og sjølve opprettheld gjennom deltakinga i sosiale situasjonar hovudsakleg vert oppretthaldne ved hjelp av språket me talar i kvardagen. «Vokabularet og syntaksen i det lokale daglegspråket representerer innbegrepet på dei typifikasjonane som er sosialt aksepterte av den lingvistiske gruppa» (Schutz 1970:s.120).
Både den fysiske og den sosiokulturelle verda vert frå fyrste stund forma av språklege typar: Det finst fjell, hundar og nyhende; det finst gode og elendige radioprogram; det finst typiske sosiale rollar og forhold, til dømes foreldre, soldatar, journalistar.
I den kvardagslege erfaringa framtrer slike typar som tekne for gjevne utan logiske subjekt og predikat eller veldefinerte rammer for gyldigheit, dei tilhøyrer den prepredikative tenkinga. Det trengst inga fortolkande verksemd for å bruka typifikasjonane, for dei er på same tid enkeltståande, unike hendingar i den levande notida, og den generelle røynsla med slike opplevingar forma gjennom språklege konvensjonar.
Den einskilde personen utfaldar seg i eit nettverk av språklege typifikasjonar som viser til andre personar, handlingsmønster, motiv, føremål og sosio-kulturelle gjenstandar som stammar frå gjerningane deira. Typane vart i hovudsak forma av samtidige eller fortidige personar i den gruppa einskildpersonen lever i, men me deltek også aktivt ved til ei viss grad å typifisera våre eigne situasjonar i den sosiale verda. Same kva personleg kreativitet den einskilde måtte ha i omgangen med typane, er alle samfunnsmedlemmene grunnleggande prega av slike intersubjektive forståingsmønster.
Kunnskapen om desse typifikasjonane og om den passande måten å bruka dei på, er eit uåtskiljeleg element i den sosiokulturelle arva gjeve til barnet som vert fødd inn i gruppa av foreldra og lærarane hans/hennar, og av foreldra til foreldra og lærarane til lærarane, den er difor sosialt utvunnen. Totalsummen av desse forskjellige typifikasjonane konstituerer ei referanseramme som ikkje berre den sosiokulturelle, men også den fysiske verda må tolkast på bakgrunn av, ei referanseramme som trass i sine inkonsekvensar og den ibuande mangelen på gjennomsikt, likevel er tilstrekkeleg integrert og gjennomskodeleg til å kunna brukast i løysinga av dei fleste aktuelle praktiske problem (Ibid:s.119).
Kvar type har sin sosiale eller fysiske referanse i eit nettverk av andre som utgjer det sosiokulturelle råmaterialet for kunnskapen til den einskilde, og som krev forskjellige perseptuelle såvel som sosiale måtar å verta tilnærma på. Dagleglivet gjev oss tallause høve til å opparbeida dugleikar med den sosialt rette måten å gjera ting på; musikk kan ikkje fortolkast etter same rammer som ein stumfilm, bestemor krev ei anna åtferd frå mi side enn førelesaren på universitetet, og tidvis dummar eg meg ut fordi eg ikkje kjenner den typiske måten å meistra ein aktuell situasjon på.
Handlings- og språktypane har forskjellige relevansar alt etter kva føremål den einskilde ynskjer å oppnå i sin biografiske situasjon. «Det er vår aktuelle interesse [interest at hand] som motiverer all tenkjinga, prosjekteringa og handlinga vår, og dermed etablerer dei problema som må løysast ved tanken vår og måla som må nåast ved handlingane våre» (Ibid: s. 111). Interessa for eitkvart bryt opp det uproblematiserte feltet av ting tekne for gjevne i eit hierarki av relevansar i forhold til den aktuelle interessa, og denne er igjen eitt element i eit hierarkisk system av interesser som me gjeme kallar planar.
Eg har planar for dagen, for ferien, for alderdommen, og desse modifiserer det tilgjengelege kunnskapstilfanget mitt etter visse typiske relevanslinjer som står i forhold til det som må gjerast for å nå målet. Me er frie til å velja kva føremål me vil oppnå, men det er føremålet som avgjer kva system av relevansar som trengst for ei vellukka utføring. Dersom eg vil høyra Nitimen må eg ha tid til dette gjeremålet mellom kl.9 og kl. 11, same kva eg sjølv måtte meina. Såleis har eitkvart føremål sine ibuande («intrinsic») relevansar som me veljer ved å velja føremålet.
Attåt dei hendingane me planlegg og utfører med stor eller liten suksess, er kvardagen prega av hendingar utanfor vår kontroll, som vil påverka oss med sine ibuande relevansar enten me ynskjer det eller ikkje. «Situasjonar og hendingar som ikkje er knytte til interesser valgte av oss kan verta tvungne på oss som relevansar. Dei stammar ikkje frå våre gjennomtenkte handlingar, og me må ta dei akkurat slik dei er utan noka makt til å modifisera dei ved spontane aktivitetar […]» (Ibid: s. 114). Ei mengd sosiale konvensjonar og naturlege årsaksrekkjefølgjer er påtvungne relevansar for meg. Når nokon ringjer på må eg forholda meg til dei, og dersom straumen går endrar gjeremåla mine karakter.
Handlingsrommet vårt består av geografiske og sosiale sonar med forskjellig relevans for utføringa av det aktuelle føremålet. Den delen av verda som er innanfor mi kroppslege rekkevidde, som eg kan gje perseptuell merksemd til, utverka endringar i ved handlingane mine og på andre måtar dominera, er av primær relevans. Dette er den umiddelbart nærverande omgjevnaden min i den livaktige notida: kontoret medan eg er på jobb, parken eg er på joggetur i, osb., men i vår tid også ein mindre definerbar omgjevnad i form av dei menneska eg kan handla med ved hjelp av telefonen, ved spontant å kasta meg på flyet til Oslo, ved å kommunisera på Internettet. Både den lokale, kroppsbundne omgjevnaden og den ikkje-lokale, massekommunikative omgjevnaden kan vera av primær relevans, eller tvinga seg på og forstyrra eit gjeremål av primær relevans.
Alle handlingane i den livaktige notida er strukturerte i form av relevansar som stammar frå individuelle, subjektive interesser, og dei aktuelle handlingane vert typiske idet eg utfører dei blant gjenstandar og menneske i omgjevnaden. For gjeremåla mine tvinger meg til ei viss åtferd, ein viss språkbruk og visse forståingar som ikkje stammar frå meg sjølv, men som eg er med å oppretthalda så lenge eg gjer dei. Mine institusjonaliserte relevanslinjer, handlingar og åtferder blant andre menneske utgjer den naturlege haldninga mi overfor omverda.
Det følgjer av institusjons- og typeomgrepa at den einskilde ordnar radiobruken sin ved å tilskriva individuelt opparbeidde, men typiske rollar til programma og journalistane han pleier å høyra på i sin biografiske situasjon. Typekunnskapen overskrid einskildpersonen si livaktige notid fordi den naudsynlegvis står i forhold til liknande gjenstandar erfarte tidlegare, og forventinga om å erfara noko liknande i framtida.
Kroppen til radiotalaren slik me høyrer den, er alltid typisk for menn eller kvinner, tonefallet i røysta typisk ironisk eller vennleg, stemninga gemyttlig eller anstrengt, talen er norsk, argumenta er relativt forståelege og føremålet med talen meir eller mindre klart. Alle tek for gjeve at å høyra Her og nå under bilturen heim om ettermiddagen er ein tidstypisk aktivitet, at denne sendinga er typisk for formatet til Her og nå, at programleiaren inntek ei rolle som er typisk for nyhendejournalistar, og at Carl I. Hagen fortel intervjuaren ting det er typisk for han å seia.
Våre biografiske typekunnskapar set radioen inn i kvardagsliva våre og gjer den til ein triviell aktivitet blant mange fleire; typane ufarleggjer og avkompliserer den i utgangspunktet framandgjerande massekommunikasjonen.
2.5. Det kommunikative kontinuumet.
Radiobruken tilhøyrer eit typisk menneskeleg føremål som i vage ordelag kan kallast ‘å kommunisera med andre menneske’. Våre individuelle naturlege haldningar til radioen er ei følge av kva relevans me gjev denne spesielle forma for kommunikasjon i forhold til dei andre typiske måtane å kommunisera på. I 1920-åra var radioen ny og sensasjonell, i 60-åra hadde fjernsynet fått ein sterk posisjon, og no er Internettet i ferd med å laga syntesar av ei rad tidlegare typiske måtar å kommunisera på.
Trass i medieteknologien likar mange best å samtala med vener kring kaffibordet, og i vår tid såvel som alltid tidlegare er andlet til andlet-samtalen sjølve ursituasjonen som all dugleik med medieteknologiar vert bygd på. Lyttarane deltek i ein kommunikativ overskridingsprosess som medfører at dei kan nytta sine biografisk tileigna sosiale dugleikar på dei djupt teknologiske erfaringane av radiorøystene. Eg vil presentera tre formuleringar av korleis mediene medvite overskrid den lokale interaksjonen av samtalar, møter, gjestebod og tallause andre samvereformer.
Dei sosiale praksisane i massemediene er representasjonar av sosiale kontekstar, skriv Klaus Bruhn Jensen (Jensen 1995: s.61). For samfunnet kjem før mediene som meiningsgenerator; meining flyt frå eksisterande sosiale institusjonar og samanhengar i kvardagen via dei profesjonelle medieaktørane til programkonvensjonane i massemediene. For dei fleste menneska mesteparten av tida er massekommunikasjonen neppe den faktoren som bestemmer deira personlege sosiale orientering og handling. Meining vert tilskriven diskursane og praksisane i massekommunikasjonen med referanse til dei sosiale kontekstane som dei representerer og adresserer. I sum ligg sentret av massekommunikasjonen og massekommunikasjonsforskinga utanfor massemediene som såvore […] – innanfor diskursane, praksisane og institusjonane som mediene deltek i å reprodusera (Ibid: s.61-62).
Joshua Meyrowitz omtalar den primære sosiale situasjonen som oppstår i møtet andlet til andlet mellom to eller fleire menneske som eit informasjonssystem (Meyrowitz 1986: s.37). Han let informasjon tyda «alt folk er istand til å vita om oppførselen og handlingane til seg sjølve og andre», og slikt samvere medfører ifølge Meyrowitz eit kulturelt gjeve mønster for tilgang til sosial informasjon som også fungerer i massekommunikasjonen.
Han ynskjer å bryta ned eit unyansert skilje mellom andlet til andlet-samtalen og teknologisk formidla kommunikasjon. «Omgrepet om informasjonssystem antyder at fysiske omgjevnader [settings] og medieomgjevnader er deler i eit kontinuum heller enn ein dikotomi» (Ibid: s.38). Når vener snakkar på telefonen er situasjonen deira berre marginalt knytt til deira respektive fysiske lokaliseringar. Det er fullt mogleg å verta sjalu på ein som deler mitt lokale rom, til dømes dersom han morar seg og ler saman med ein annan i det ikkje-lokale. «[Elektroniske medier har hatt ein tendens til å minska skilnadane mellom direkte og mediert interaksjon. Talen og framferda til andre er no tilgjengeleg utan å vera på den same fysiske staden. Den utbreidde bruken av elektroniske medier leier til mange nye sosiale situasjonar» (Ibid: s.38).
Paddy Scannell utgreier korleis denne glidande overgangen mellom særtrekka ved det lokale og det ikkje-lokale livet har vorte forsterka ved at henvendinga frå framførarane er generelt personleg. Likskapane mellom samtalen i dagleglivet og framføringane i kringkastinga skuldast at programprodusentane over tid har gått bort frå høgtlesing, høfleg tiltale og
andre trekk frå den gamle, offentlege møtesituasjonen. Kringkastinga sin kommunikative stil er forma av at møtet føregår i ei teknologisk skapt kryssing av det offentlege og det private. Det abstrakte sosiale rommet til radioprogramma er eit framforhandla kompromiss mellom radioinstitusjonen og stadene der lyttarane bur.
Kringkastarane kan ikkje tvinga nokon ul å sjå eller lytta. Deltaking utan engasjement er den karateristiske måten å sjå eller lytta på. Publikumma må difor friviljug verta tiltrekte til å engasjera seg i dei kringkasta diskursane, og til deretter å følgja med på dei. […] Hovudsakleg inneber dette at radio og fjernsyn må lata vera å tilnærma seg normene for offentlege former for tale, og istaden tilnærma seg ‘privat’ snakking – ordinær, uformell konversasjon – for dette er i overveldande grad den føretrukne stilen i interaksjonen mellom menneska på dei stadene dei lever (Scannell 1993: s. 14).
Me ville ikkje brukt radioen på vår avslappa, rutinemessige måte dersom den bestod av henvendingar i stil med Kong Harald sine nyttårstalar. Radiobruken vert kvardagsleg fordi henvendinga er kvardagsleg, og omvendt. Den følgjer typiske strukturar som dei einskilde radioarbeidarane hentar frå sine lokale erfaringar og gjer til instrument i profesjonen sin, slik Ruben Friis sin liksom-personlege koseprat i Nitimen er døme på. Slik sett er det kommunikative kontinuumet frå kvardagsliv til radiotale eit svært opplysande omgrep i skildringa av korleis radioen vert eit uproblematisk sosialt objekt, men det er ikkje like uproblematisk å omgrepsfesta dette sosiale forholdet.
2.6. Mellom ‘du’ og ‘dei’.
Schutz reduserer einskildpersonen si sosiale åtferd til to hovudtypar: Du-orienteringa og Dei-orienteringa. Desse er funksjonar av det spatio-temporale forholdet mellom meg og det aktuelle mennesket, av kva perseptuelt handlingsrom eg har overfor den andre.
Du-orienteringa krev ein andlet til andlet-situasjon der eg erfarer den andre direkte; han/ho er fysisk nærverande og deler rommet med meg i den livaktige notida (Schutz 1970: s.184). Eg er medviten om den andre som denne personen, dette særskilte medmennesket, og eg erfarer kroppen som eit felt der symptoma på medvitet hans/hennar utspelar seg. Dersom orienteringa er gjensidig, dvs. dersom eg ikkje observerer den andre i skjul, står me i eit Me-forhold til kvarandre. Dette er den intersubjektive urtilstanden, Mitsein si mest fokuserte form (jamfør avsnitt 3.1).
Mine formelle samtidige er dei eg veit lever samstundes med meg, men som eg ikkje erfarer umiddelbart. Dei-orienteringa er bygd på slutningar eg gjer meg om folk som berre er indirekte tilgjengelege, til dømes må ein ‘postmann’ ha levert breva eg får. I Dei-orienteringa vert folk kjente for meg i form av generelle typar (Ibid: s.222), og eg investerer dei med typiske handlingsmønster. Overgangen frå ‘du’ til ‘dei’ er flytande. Eg er Dei-orientert overfor ein studiekamerat som har flytta frå byen og fått barn sidan sist me treftest i eit Me-forhold, men baserer orienteringa mi i stor mon på Du-erfaringane mine. Han må til ei viss grad ha endra personlegdom og daglegliv, og eg utfyller han etter typane for ‘far’ og ‘barneskule-lærar’. Schutz understrekar at Dei-orienteringa ikkje er oppsøkande og interaktiv, men sjølvrefleksiv:
[O]bjektet for mi Dei-orientering er mi eiga erfaring av den sosiale røyndomen generelt, av menneska og deira medvitsprosessar som såvore, abstrahert frå eitkvart individuelt miljø som dei kan henda i. Kunnskapen min om mine samtidige er derfor skapt ved slutningar og diskursar. Den står ved sin essensielle natur berre i ein objektiv meininjs-kontekst. […] Det er på grunn av denne abstraksjonen frå ein subjektiv meiningskontekst at dei syner fram den eigenskapen me har kalla ‘igjen og igjen’-karakteren deira. Dei vert behandla som typiske, medvitne erfaringar av ‘einkvan’, og som grunnleggande homogene og gjentakelege (Ibid: s.225).
Det er obenbert at Schutz sine omgrep ikkje er tilverka for å kunna inkludera erfaringa av menneska på radioen, i telefonen og på fjernsynet, men dei eignar seg likevel som element i drøftinga av radioen sitt sosiale rotn. Forholdet mellom meg og radiorøystene pendlar mellom Du-orienteringa og Dei-orienteringa (jamfør Johansen 1995).
Radiobruken kan ikkje vera eit Me-forhold sidan eg jo ikkje vert erfart av personane eg erfarer. Kari Sørbø kan berre ha ei svært formell Dei-orientering til meg, eg er ‘einkvan som høyrer Her og nå akkurat no’. Difor er det berre lyttarane sine forskjelligarta forhold til folka på radioen som let seg nyansera ved Schutz sine omgrep. Ytterpunkta i ei orientering til radiorøystene ligg innanfor ytterpunkta til Du- og Dei-orienteringane i det lokale livet. Når eg faktisk høyrer folka sine røyster, kan dei ikkje verta så anonyme som ein person eg les om i avisa, men sidan dei ikkje er heilskapleg nærverande kan dei heller ikkje verta så personlege som ein eg samtalar med over bordet. Eg sluttar meg ikkje til Kari Sørbø sin eksistens, for eg høyrer eit reelt eksisterande menneske, men ho sluttar seg til min eksistens, og eg kan difor ikkje anerkjenna ho som eit verkeleg nærverande ‘du’.
Kva orientering lyttarane har til radiorøystene er i stor mon styrt av kva henvending dei har til oss. Dagsnytt-opplesaren ynskjer ikkje meir enn ei Dei-orientering frå vår side, han skal formidla ‘nøytral’ informasjon. Programleiaren i Nitimen spelar mykje tydlegare på ei personleg henvending som oppfordrar til Du-orientering. Måten lyttarane orienterer seg til radioen på, er i stor grad eit spørsmål om kva sjanger programmet me lyttar til tilhøyrer. Men me er ikkje determinerte eller forplikta til å følgja desse sosiale normene i radioen. Eg kan gjeme mora meg over bodskapen om at ein kjendis er daud, sjølv om henvendinga ikkje inviterer til slik åtferd.
Dei-haldninga kan til dømes innebera at talen til ein bankdirektør som vert intervjua på Dagsnytt vert oppfatta som ‘typisk bankmann-prat’. Han snakkar gjeme om renteauke, lånevilkår og utviklinga i bankmarknaden, emne eg har høyrt om før i liknande framstillingar. Eg tenkjer kanskje at han er Rotary-medlem, har dyr bil og bur i Holmenkollåsen, eg gjev han altså typiske bankmann-eigenskapar utifrå sjølvrefleksive slutningar som har lite med han å gjera.
Du-haldninga kan derimot innebera at eg høyrer ei nervøs skjelving i røysta hans, høyrer at han har ei tilgjort Oslo-dialekt og prøver å gjera seg viktig. Hans psykologiske tilstand gjev seg så og seie for meg, eg lever meg inn i denne personen sin situasjon. Han trer fram med individuelle, særpregande eigenskapar, gjeme på kostnad av informasjonen han er tilstades for å gje.
Slik kan ein og same mann høyrast som noko i retning av ein formelt samtidig type eller transformerast til noko i retning av eit levande, nyansert medmenneske. Radiomenneska si realitetsgrad er ein funksjon både av henvendingsforma i programmet og av mi eiga innlevingsvilje. Folka framstår som relativt fråverande i Dei-orienteringa, og relativt nærverande i Du-orienteringa. Den romlege avstanden står ved lag i ei distansert lytting eller vert overskriden ved ei noverande, innlevande lytting (jamfør femte bolken). Ved den passive høyringa forblir menneska i det ikkje-lokale ein urealisert lydleg bakgrunn for meg, dei vert korkje til ‘dei’ eller ‘du’. Gjennom lytting til radioen deltek me i ein av det ‘nasjonale’ samfunnet sine fellesskapar på ein måte som stadfestar identitetane våre blant landsmenn- og kvinner. Alle som høyrer på har potensiale for å delta ei felles livaktig notid gjennom røystene som talar, og radiobruken kan i dette perspektivet vera ein reiskap for sosial integrasjon (Johansen 1995).
Strengt tatt kan radiolyttinga akkompagnera alle gjeremål som ikkje fell inn under typen ‘kommunikasjon med andre menneske’ i form av samtale, lesing, fjernsynssjåing osb. Den opptek dessutan aldri vår romlege – handlingsdimensjon, den hindrar oss ikkje i å bevega oss omkring så lenge me er innanfor høyrerekkevidde til eit radioapparat, og i walkman-alderen inneber dette at den lydlege massekommunikasjonen kan delta i mest alt me
gjer.
Eg vil minna om at den lokale biografiske situasjonen naturlegvis ikkje forsvinn medan orienteringa mot det ikkje-lokale står på, og at radiobruken difor er ei samansmelting av to parallelle, men gjensidig uavhengige straumar av perseptuell erfaring. Medan Kari Sørbø pratar i Her og nå lagar eg middag. Kringkastinga tek del i situasjonen min sidan eg er orientert til den medan eg braser med grytene, men samstundes er middagslaginga eit gjeremål som radioen ikkje har nokon relevans for. Lytting og koking betingar ikkje kvarandre på nokon måte, eg er berre van med å høyra Her og nå under dette arbeidet. Dette vert ekstra tydleg når kjærasten kjem heim og alle antydningar til Du-orientering eg måtte hatt overfor Sørbø vert fokusert på ho som er her på kjøkenet.
2.7. Korleis får radioen relevans?
Når me ei stund lever i eit sosialtforhold til radiorøystene vert Du/Dei-orienteringa aktualisert gjennom lyttande merksemd. Dersom eitkvart har fanga merksemda mi, får det primær relevans i situasjonen min; eg løfter det ut av erfaringsflyten i den livaktige notida og aktualiserer det som denne konkrete, særmerka, umiddelbart nærverande gjenstanden: «Når den vert gjennomlevd smeltar kvar fase av erfaringa inn i den neste utan klare grenser, men når den vert halden i blikket til merksemda vert kvar fase skilt ut frå den neste i såveret [thusness] eller kvaliteten sin» (Schutz 1970: s.63). Det er berre gjennom framheving av dei akkurat no-verande eigenskapane til eit særskilt program på ein særskilt kanal at menneska i radioen trer fram og vert objekt for ei Du- eller Dei-orientering.
Også merksemda er i stort monn ei sosialt og naturleg determinert evne; det finst typiske gjenstandar å ha merksemd om (lesing av bøker) og det finst emne me naudsynlegvis tenkjer merksamt på (boma våre, framtida). Likevel; denne perseptuelle evna er ikkje bunden til årsakar, den er bunden til motiv. Å seia at noko forårsakar merksemd frå mi side er feil; noko er tilstrekkeleg interessant til at eg gjev det merksemd, for eg herskar sjølv over når og i kva grad eg vil fordjupa meg i eitkvart. Same kor sosialt determinerte rammene for den måtte vera, er merksemda grunnleggande sjølvstendig for alle normale menneske fordi den stammar frå lyst, motivasjon, vilje.
Eit inntrykk vekkjer merksemd, deretter vert det utvikla og gjort rikare gjennom ein kreativ forståingsprosess. Merleau-Ponty skriv at merksemda er ei aktiv konstituering av eit nytt objekt som klargjer og artikulerer det som til då ikkje var meir enn ein ubestemt erfaringshorisont (1992: s.30), den omdannar objektet til ei bestemt («determinate») forståing i ein særskilt samanheng. Den er ei kunnskapshandling («knowledge-bringing event») som set gjenstanden i relieff og merker den med ei meining eg tilfører på bakgrunn av erfaringa mi.
Eg lyttar kanskje til kommentatoren sin kritikk av Gro Harlem Brundtland, eg bit meg merke i eit personleg uttrykk som får klar semantisk tyding ovanpå ein politisk, kulturell og personleg klangbotn. Røysta kritiserer Brundtland i eit indignert, nesten hånande tonefall, eg føler korleis han tek sats og lener seg fram i framføringa av argumenta sine. Merksemda lausriv erfaringspotensiale av særskilte typar frå typetilknytningane sine slik at dei vert unike, noverande handlingar og personar. Den perseptuelle merksemda omdannar høyringa til lytting, den gjer sjåinga til observasjon og kroppsrørslene til handlingar.
Andrew Crisell understrekar at radioen meir enn noko anna medium tillet ei rekkje grader av merksemd, «[…] frå høyring via ‘overhøyring’ til lytting, frå dei som ynskjer smålåten bakgrunnsstøy – ‘akustisk tapet’ – til dei som søkjer ein gjenstand for konsentrasjon» (1994: s.15). Han understrekar også at desse variable moglegheitane til merksemd skuldast eigenskapar ved tileigningssituasjonen. Medan eg høyrer radio lever eg enno i ein situasjon full av andre sanseinntrykk enn radiolydane. Desse forskjelligarta hendingane trenger seg på med same styrke heile tida, og ved å festa blikket på noko eller utføra ei vrien handling, kan eg missa merksemda om radioutsendinga. Den perseptuelle måten radioen må erfarast på er i seg sjølv ei sterk begrensing på brukaren sine moglegheiter til å konsentrera seg.
Radioen kommuniserer berre gjennom ein av våre fem sansar, og utanfor grensene for denne kommunikasjonen er det eit slags ingenmannsland der den ustoppeleg må sloss for lyttaren si merksemd mot dei andre sanseinntrykka som utgjer situasjonen han finn seg i no – om han køyrer bilen, vaskar bestikket og så vidare (Ibid: s. 14).
Sidan radioen berre er ein av fleire inntrykksstraumar i den einskilde sin notidige situasjon, er radiobruken svært ofte underordna andre perseptuelle eller handlingsmessige føremål. Merksemda eg lykkast å gje radiosendinga er ofte meir påverka av dei stadig skiftande omstenda eg høyrer radio i enn av dei programma som lyder. Difor, skriv Crisell (s.213), vert radioen meir enn noko anna medium tilpassa («appropriated») den einskilde sin biografiske situasjon i augneblinken; og justert etter dei meir eller mindre rutinemessige gjeremåla i dagleglivet. Somme høyrer radio på toalettet, andre når dei joggar, somme planlegg lyttinga nøye fordi dei treng stor ro for å konsentrera seg, atter andre lyttar aldri og har radioen berre som bakgrunn. Slike bruksmåtar gjer det rett å omtala radioen som eit sekundærmedium; me har den på medan me gjer andre ting, og me veljer den bort til fordel for fjernsynet utpå ettermiddagen ein gong. Radioen er i stort monn ein sosial bakgrunn for andre gjeremål som får merksemda.
Radioen sin relevans i einskildpersonane sine biografiske situasjonar er trass i typekunnskapen, dei sosialt determinerte forståingsmåtane, og dei perseptuelle rammene for merksemda ein grunnleggande subjektiv storleik. Folk si forståande aktualisering av radioen er teoretisk sett eit opakt, u-gjennomtrengleg fenomen fordi den kviler på det individuelt tileigna erfaringsreservoraret og dei individuelt oppøvde evnene til personen som lyttar. Forståinga føregår i akutt notid under sterkt påtrykk frå medvitstilstanden til lyttaren, og frå forhold i den lokale omgjevnaden. Teoretikaren må difor nøya seg med å formulera dei sosiale og perseptuelle rammene for radioen sin relevans i folk si livaktige notid, medan det forståingsinnhaldet som følgjer av den einskilde sin radiobruk ikkje kan omgrepsfestast.
2.8. Lyttehandlingar og motivasjon.
Me kan høyra interessante ord eller namn som fangar merksemd og skapar lytting, eller høyra musikk som ein del av den perseptuelle bakgrunnen i typiske situasjonar, men lyttinga er openbert den einaste reelt forståande tilgangen til radiorommet. Høyringa er vanlegvis ikkje ein sviktande modus av lyttinga, men ein auditiv rest når den perseptuelle merksemda er retta mot noko som ikkje er lydleg. Dersom eg forsøker å lesa avisa kan radiorøystene forstyrra meg meir enn eit trykkluftbor fordi dei trengjer seg på med sine appellar til lytting utan at eg ynskjer å lytta, og resultatet kan verta at begge kommunikasjon måtane bryt saman (5). Under avislesinga deltek det å ikkje lytta til radioen som del av lesinga, for merksemd om noko krev overhøyring eller oversjåing av andre gjenstandar. Lyttinga til radio krev at me kontinuerleg held i sjakk moglege forstyrringar, til dømes sinnsstemningar (trøyttleik), omgjevnaden sitt ibuande perseptuelle trykk (støy, uventa hendingar), og påtvungne sosiale relevansar (besøk, telefonen). Dessutan krev lyttinga eit motiv som opprettheld merksemda til det aktuelle programmet eller innslaget er over. Forståande merksemd om omgjevnaden føreset støtt eit motivert fokus mot ein bakgrunn av potensiell forstyrring av det.
Under kva føresetnader kan den lyttande radiobruken verta så medviten at den fortener å nemnast som handling? I sin systematiske omgrepsbygnad kallar Schutz åtferda («conduct») for «subjektivt meiningsfulle erfaringar som strøymer frå vårt spontane liv», og desse kan vera skjulte («covert») i det indre livet eller ha ei open («overt») innretting på omverda (1970: s.125). Frå dette startpunktet definerer han handling som ei motivert åtferd uttenkt på førehand. Den er enten skjult i ein performativ «prosess av prosjektert tenkjing slik som forsøket på å løysa eit vitskapleg problem mentalt», eller den er eit ope arbeid «basert på eit prosjekt og karakterisert av intensjonen om å iverksetta den prosjekterte tilstanden ved kroppsrørsler» (Ibid). I terminologien til Schutz tyder prosjektering å plassera seg i ein modo futuri exacti der den aktuelle handlinga har vorte utført, og derifrå rekonstruera skritta som vil ha medført den framtidige tilstanden (Ibid: s. 142). Personen sitt aktuelle kunnskapstilfang og måten han lever det på i prosjekteringsaugneblinken er avgjerande for korleis dette frampeiket vert uttenkt.
Er det råd å passa radiolyttinga inn i Schutz sitt handlingsmønster? Ja, hevdar eg. For sjølv om lyttinga til radio ikkje akkurat ber preg av kroppsrørsler, er den likevel eit arbeid, for den innretter seg på tilstandar i verda kring personen, nærare bestemt på handlingar i det ikkje-lokale rommet. Men sidan gjenstandane for merksemd tilhøyrer det ikkje-lokale, framstår handlinga som skjult også for aktøren. Den manglar rørsler som på ein handfast måte bind aktiviteten til den lokale omgjevnaden og verifiserer den som ei normal ‘handling’.
Medan iverksetjinga av lesing krev at den handsamelege skrifta i bøker vert lausriven frå sin romlege realitet for å verta forståing, krev iverksetjinga av radiolyttinga at den uhandgriplege lydstraumen vert fokusert i det lokale rommet ved at eg skrur på programmet og gjev det tid. Handlingsrommet er så og seia den tida eg avset til lyttinga. Eg kan ikkje lytta når som helst og kvar som helst slik eg høyrer, eg må ha overskot til å fiksera lydstraumen, og difor vert radiobruken berre til lytting når eg er motivert og medviten om kva eg gjer.
Handlingar er prosjekterte, skriv Schutz, og sjølv om det finst mykje tilfeldig radiolytting, finst det også folk som gler seg til å høyra Dagsnytt 18, som har planlagt lyttinga si og forsøker å unngå andre gjeremål frå kl. 18.00 til 19.00 fordi dei vil høyra radio. Det er slik prosjektert radiobruk eg vil kalla lyttehandlingar, medan eg reknar den tilfeldige lyttinga og den reine høyringa for åtferd. Motivasjonen for denne typen handling er av same slag som motivasjonen for å lesa bøker, gå i teateret eller gjera annan aktiv bruk av tid på kulturelle gjenstandar og framføringar.
Ein aktør kan verta motivert av fortidige erfaringar som betingar dei notidige handlingane, eller av den framtidige oppfyllinga av det som vert gjort no, skriv Schutz (Ibid: s. 126-27). Det fyrste kallar han eit fordi-motiv («because-motive»), det andre eit for-å-motiv («in-order-to motive»). Eg måtte ta bussen til jobben fordi bilen punkterte, men utdannar meg på universitetet for å få ein godt betalt jobb. Når forhold i min personlege situasjon eller omgjevnad trengjer seg på og determinerer særskilte handlingar, har eg eit fordi-motiv for dei, medan for-å-motivet oppstår gjennom ei prosjektering av ynskjelege utkome av handlinga og intensjonen om å gjennomføra prosjektet. «Det som vert motivert ved eit for-å er difor eit
«friviljug fiat» [‘det skje’], avgjerda: «Lat oss gjera det!»» (Ibid: s.127).
I mediebrukssamanheng kan begge motivtypane hevdast samstundes; eg gjev meg tid til Dagsnytt 18 fordi eg er van med at programmet er godt og for å halda meg informert om nyhenda i dag, slik aktørane sjølve diskuterer dei. Vanane styrer i stor grad folk sin mediebruk (Crisell 1994: s.212; Scannell 1993: s.20-21). Me brukar tida vår på typiske program til typiske tider på dagen, og motivasjonen til slik radiolytting må naudsynlegvis stamma frå tidlegare erfaringar. Det reine for-å-motivet er meir sjeldsynt. Kanskje ser eg i avisa at P2 skal senda eit program om Hans Skjervheim måndag kl. 14.30, det går ikkje innanfor mi typiske lyttetid og er ikkje eit ledd i mine faste postar, så lyttinga mi vil vera for-å-motivert.
Men trass i at lyttarane vanlegvis kjenner til både tids- og innhaldsrammene for sine vanlege program, veit me ikkje kva konkrete framføringar som skal vera med i det Dagsnytt 18 programmet som byrjar no. Fordi-motivet kan berre medføra at eg skrur på radioen til rett tid og byrjar lyttinga med velvilje fordi eg har høyrt på dette programmet så mange gonger før. I perspektiv av den allereie føregåande lyttinga må for-å-motivet vera hovudleddet i definisjonen på kva lytting er, fordi det verkar til å oppretthalda handlinga.
Medan Grete Faremo taler, skrid lyttehandlinga mi fram gjennom protensjonar om det neste ho vil seia, og samstundes kan eg ha forventingar («anticipations») om kva Berge Furre vil svara når det vert hans tur. Eg konsentrerer meg om å få med fortsetjinga, eg let medvite vera å skifta fokus på grunn av ynskjet om å følgja resonnementet eller krangelen til endes, og desse stadige mikro-motiva må vera av typen for-å sidan dei peikar til framtida. Den fortsette lyttinga vert nemleg motivert av noko som enno ikkje er realisert, og det er for å følgja framføringane til endes at eg enno ikkje har late forstyrringane overmanna meg. Eg har ikkje funne programmet uinteressant nok til å skifta perseptuelt fokus, eg ventar meg enno meir som er verdt å høyra på.
I den naturlege haldninga følgjer forventingane i hovudsak typiske strukturar som har stemt bra så langt og som eg difor har inkorporert i mitt biografisk bestemte kunnskapstilfang (Schutz 1970: s.139). Forventingar viser ikkje til unike framføringar i unike kontekstar, men til mi forming av potensielle framføringar som enno er typar i typiske kontekstar. Typikaliteten deira medfører at forventingane er tomme intensjonar, dei er retningar utan noko innhald, og i aktualiseringa av programmet vert denne tomheita realisert til unike, noverande framføringar som er heilskapleggjorte i mi biografisk situerte lytting. Kanskje forventa eg at Berge Furre ville gje Grete Faremo ei skarp irettesetjing, men dersom det skjedde, ville mi tomme forventing verta oppfyllt av eit ordval eg ikkje hadde klart for meg, av reaksjonar frå programleiaren og Faremo sjølv som eg aldri hadde tenkt på. Aktualiseringa vil sjølvsagt like ofte skuffa forventinga.
Faktisk refererer alle forventingar til sine typiske framtidige hendingar på ein tilfeldig måte, skriv Schutz. Erfaringane i den naturlege haldninga har indeterminerte horisontar, for «kva som enn skjer kunne det ikkje vorte forventa akkurat slik det skjer, og korleis det enn vert forventa å skje vil det aldri skje slik det vart forventa» (Ibid).
I denne bolken har eg greidd ut om den kvardagslege, sosiokulturelt determinerte bruken av radio. Ei slik naturleg haldning overfor mediene er konvensjonell; den er berre mogleg innanfor ein kulturkrins som deler språk, åtferdstypar, institusjonar, historie osb. Men den konvensjonelle radiobruken vert igjen mogleggjort av perseptuelle korrelasjonar mellom kroppen og det som vert sansa; mellom den høyrande/lyttande og dei teknologisk frambrakte lydane. Me overskrid vanlegvis desse mikroperseptuelle forholda gjennom vår naturlege interesse for meiningsinnhaldet i programma, men når me trampar takten til ein fengande låt eller kastar oss ut i dans, syner kroppen seg fram under den skjulte lyttinga.
I tredje bolken vil eg ta for meg den fundamentale fellesmenneskeleg måten å få tilgang til omgjevnaden på som har kroppen til subjekt, og som spelar ei avgjerande rolle i skildringa av korleis radioen vert erfart fordi den spelar ei avgjerande rolle for all erfaring. Mi oppgåve er å gje ei uttømmande skildring av korleis me erfarer radioen si lydlege form, og då må eg ta vegen om persepsjonen, som Merleau-Ponty kallar «knowledge of the present» (1992: s.44).
Tredje bolken – Den perseptuelle tileigninga
3.1. Mitsein.
Edmund Husserl er anerkjent som ein framståande premissleverandør for den fenomenologiske tenkjemåten. Mange kritikarar oppfattar den solipsistiske sida ved hans strengt subjektorienterte erfaringsfilosofi som problematisk, og kan utifrå denne hevda at fenomenologien handsamar eit skinnproblem: Korleis vert ‘den andre’ konstituert som eit ego med same medvitsmoglegheiter som meg sjølv? «Den vansken han [Husserl] kjem opp i kan samanliknast med den som oppstår dersom vi tenkjer oss ein gud som skal skapa ein annan gud, men der det viktigaste predikatet ved også den skapte guden er ikkje å vera skapt av nokon annan. Problemet er her stilt slik at det ikkje kan løysast» (Skjervheim 1996: s.43).
Eg vil framheva at resonnementa eg låner frå Hans Skjervheim og Maurice Merleau-Ponty for å utlegga mediebrukaren sitt perseptuelle vere-i-verda, ikkje har utgangspunkt i eit slikt isolert ego, sjølv om dei elles er djupt inspirerte av Husserl sin erfaringsfilosofi. Dei tilhøyrer ei eksistens-filosofisk linje (6) innanfor samleomgrepet fenomenologi, der eit hovudspørsmål som er relevant for meg kan formulerast slik: Korleis vert den einskilde si naturlege haldning i ei livsverd oppretthalden?
Skjervheim hevdar at ei eksistensfilososfisk analyse av menneska sin dynamiske situasjon i kvardagen må byrja med Martin Heidegger sitt omgrep Mitsein (7); å vera i ei felles verd med andre. Berre eit verande som er vesenskjenneteikna ved Mitsein kan vera åleine. Difor kan ikkje den teoretiske utfordringa vera å byggja ei bru mellom einskildmenneske som opphavleg a framande ror kvarandre. «Brua, intersubjektiviteten, Mitsein, er del primære fenomenet, og å vera ein framand er ikkje mangel på bru, men ein defisient modus av å vera med andre» (Skjervheim 1974: s.51).
Me samordnar og mislukkast i å samordna våre Mifsem-modusar gjennom den språkleg formidla og hovudsakleg kulturelt determinerte kommunikasjonsfellesskapen, og denne vert oppretthalden i vår felles verd. I 1996 er telefon, radio, fjernsyn, film og ei rad andre medieteknologiar for lengst integrerte i vår kvardagslege kommunikasjon i Mitsein, og må gjevast rom som element i oppretthaldinga av den einskilde sin situasjon i ei samtid.
Medvitet er våre einskilde forhold til den verda me lever i, skriv Skjervheim (1996: s.90), eller rettare «det forhold som gjer at vi har ei verd», og det er kjenneteikna ved intensjonalitet: ved alltid å vera medvit om noko.
Når vi tenkjer, så tenkjer vi alltid på noko, når vi elsker, så elsker vi nokon, når vi hatar, så hatar vi nokon, når vi er redde, så er vi redde for noko, når vi talar, så talar vi om noko osb. Med andre ord, objektreferanse høyrer med til medvitet sin natur, medvitet går alltid ut over seg sjølv til noko anna (Ibid).
Me høyrer alltid lydar av noko som skjer; dette er den auditive intensjonaliteten. Me høyrer medmenneska når dei snakkar og køyrer bil, me høyrer vinden og regnet, me høyrer kaffitraktaren når den står på. Gjennom heile livslaupen står me midt oppi situasjonar som skuldast slike naudsynte forhold til omverda: «Eg er eit felt, ei erfaring. Ein dag vart noko sett i gang ein gong for alle, og sjølv i svevnen kan det ikkje lenger slutta å sjå eller ikkje sjå, føla eller ikkje føla, lida eller vera lukkeleg, tenkja eller kvila frå tenkjinga» (Merleau-Ponty 1992: s.406-07).
Grunnlaget for den einskilde si situasjonsforståing er intensjonaliteten, og denne samverknaden let seg analysera i mange sjikt: Maktforhold mellom den einskilde og samfunnet, lesing av bøker, fysiologiske korrelasjonar mellom sanseapparat og stimuli, draumen sin samanheng med erfaringar frå det vakne livet. I denne teksten gjev eg merksemd til den einskilde si høyring på radio, ein intensjonalitet som i høgste grad tilhøyrer det perseptuelle nivået i erfaringa. Eg hevda i førre bolken at den i stor grad er sosialt determinert, men den er perseptuell mogleggjort, og difor vil eg skildra forholdet mellom vår kroppsleg situerte høyring og den materielle omgjevnaden me høyrer.
Merleau-Ponty hevdar at persepsjonen er medvitet sin grunnmodalitet eller opphavlege veremåte, og vektlegg kroppen sin intensjonalitet som føresetnaden for all rasjonalitet, alle verdiar og all eksistens. Denne tesen øydelegg ikkje rasjonaliteten, men prøver berre å få den ned på jorda (Merleau-Ponty 1995: s.6). Dersom persepsjonen vert oppfatta som ein organisk kommunikasjon mellom kroppen og verda av andre kroppar, må den konkrete, noverande omgjevnaden vera føresetnaden for medvitet sine aktivitetar. Eg er det som skjer kring meg på grunn av kroppen min. All kunnskap finn stad innanfor horisontar som vert opna opp av persepsjonen.
«[D]et er ein og same ting for oss å oppfatta kroppen vår og oppfatta vår situasjon på ein særskilt fysisk og menneskeleg åstad, for vår kropp er ikkje noko anna enn sjølve denne situasjonen slik den er realisert og aktualisert» (Merleau-Ponty 1992: s.340). Når eg gjev merksemd til radioen er eg ein lyttar, mitt tilvere medan denne aktiviteten føregår er uløysleg knytt til reint lydlege menneske og medvitet mitt om dei, og når eg vender meg til kjøkenbenken og vaskar opp er eg denne handlinga. Det er meiningslaust å lausriva medvitet frå dei kroppslege utfaldingane som er persepsjonen.
Slik Merleau-Ponty utlegg erfaringslivet, vert våre evner til å opparbeida oss forståing og dugleikar gjevne utgangspunkt i kroppen sin heilskap snarare enn i hjernen, sjela eller forstanden. Menneska har situert, handlande omgang med noko som difor kan intemaliserast som forstått, istadenfor at me fyrst forstår noko som difor kan takast i brak. Forståinga si retning er frå kroppen sine dugleikar til mentale representasjonar, frå omgjevnaden til medvitet om den, for persepsjonen er kunnskapen om det umiddelbart nærverande, og det er her dei andre menneska og tinga vert gjevne for oss.
Slik sett motset fenomenologien seg den dualistiske måten å oppfatta tilhøvet mellom kropp og sjel, sansing og tenkjing på. Den humanvitskaplege tradisjonen etter Descartes og Kant er prega av eit teoretisk skilje mellom medvitet og dei kroppslege stimuli me har medvit om, og
mennesket har vorte forankra i tanken heller enn i verda, i det ‘indre’ heller enn i det ‘ytre’ (Jamfør Meland 1994: s.21), i representasjonar ved teikn snarare enn i engasjement med verda. Medvitet vert knytt til omgrep og idear som ikkje høyrer til i den sansbare verda, men som er apriori tankegods utanfor rom og tid.
Men i røyndomen er den ideen me stør oss til berre gyldig i ei tid av liva våre, eller i ein periode av kulturhistoria. Evidensen er aldri uimotsigleg, tenkjinga er aldri tidlaus sjølv om det vert gjort framskritt i objektiveringa, og tanken er alltid gyldig i meir enn ein augneblink. Vissheita me har i idear grunnlegg ikkje persepsjonen, men kviler på den, for det er erfaringane i persepsjonen som lærer oss overgangen frå ein augneblink til den neste, og sikrar einskapen i tida. I denne forstanden er alt medvit perseptuelt, også medvitet om oss sjølve (Merleau-Ponty 1995: s.6).
Kroppen sine dugleikar i persepsjonen er medvitet; frå barndomen av tileignar me oss eit dynamisk, stadig aukande erfaringsreservoar som skuldast vanane, handlingane og nysgjerrigheita overfor verda (8). Såleis er kroppen ei naturleg haldning retta til visse faktiske eller moglege oppgåver som alltid allereie gjev ei viss meining for meg. Den er eit uttrykksfelt og eit handlingsrom som samhandlar med andre kroppar, og våre naturlege haldningar i ei livsverd vert oppretthaldne ved denne korrelasjonen.
Mennesket er ikkje eit ‘eg er’, men eit ‘eg kan’ (9) (Merleau-Ponty 1992: s.137), og rørsle-evna («motility») er kroppen sin grunnleggande intensjonalitet. Lekamlegskapen og romlegskapen vår er same sak, for rørsle-evna driv kroppen til å eiga rom blant andre kroppar i omgjevnaden, og berre slik vert materialiteten til kroppane og gjenstandane kulturell. Gjeremåla våre skapar dei intensjonale koordinatane for Mitsein, medan utføringa av handlingar er den manifeste måten kroppen er til som intensjonalitet på. Rørsleevna buset oss i ein omgjevnad av handlingar og åtferd som er stadbunden, men nettopp dette er massemediebruken sitt mest kompliserte element (jamfør avsnitt 3.4 og 3.5).
3.2. Perseptuell meining.
Når eg stangar bakhovudet i kjøkkenskåpet har eg ei perseptuell erfaring. Ho som høyrer brølinga mi kjem springande frå stova; noko vart gjeve som ho reagerte på med handling. Den meininga som persepsjonen gjev oss, kjem før einkvar refleksjon og før einkvar kausal
tankegang. All vitskap er basert på dei aktuelle vitskapsfolka sin persepsjon, for før eit menneske kan tenkja kausalt må det ha ei verd som gjer kausale tolkingar av ymse fenomen mogleg (Skjervheim 1996: s.90).
Persepsjonen gjev oss i denne forstanden pre-objektiv meining; den opprettar forholdet mellom det einskilde mennesket og omverda, og dette forholdet let seg fyrst etterpå objektivera ved studier av sosiologi, psykologi osb. «Å oppta seg sjølv med psykologi er, under den objektive tenkjinga som rører seg blant ferdiglaga ting, naudsynlegvis å møta ei fyrste opning til tinga som det ikkje ville vore nokon objektiv meining utan» (Merleau-
Ponty 1992: s.96).
Kring seg opprettheld [subjektet] eit system av meiningar med resiprositetar, samband og involveringar som ikkje krev å verta uttrykte for å kunna utnyttast. Når eg rører meg omkring i huset mitt, veit eg utan å tenkja på det at å gå mot baderommet tyder å passera forbi soverommet, at å sjå på vindauget tyder å ha omnen på venstresida, og i denne vesle verda vert kvar gest, kvar persepsjon umiddelbart lokalisert i forhold til ei stor mengd av moglege koordinatar (Ibid: s. 129-30).
Den pre-objektive meininga som vert gjeven i persepsjonen er at noko er tilfelle, og dette noko er umiddelbart gjeve. Eg har ikkje slutta meg til det (Skjervheim 1974: s.52).
Det umiddelbart gjevne er noko vi både må ha lært å erfara og ha evna til å erfara: I ein
viss forstand lærer vi å sjå fargar. Vi lærer å persipere ulike og fine sjatteringsnyansar. Einkvar som har samla på frimerke, veit det. Men i ein annan forstand lærer vi ikkje å sjå fargar, dvs. vi lærer ikkje evna til å sjå dei. Og om vi har lært å sjå ei bestemt sjattering av ultrablått eller ikkje, dersom vi ser den, er den fenomenologisk umiddelbart gjeven (Ibid: s.55).
Me lærer å oppfatta bestemte meiningsfulle hendingar og handlingar, ikkje alle, og når dei er lærte vert dei umiddelbart gjevne i sine respektive tilfelle. Det er altså gjennom persepsjonen me lærer å forstå meining, og meininga med talen frå nederlandsk radio vil ikkje vera perseptuelt gjeven for dei som er utan kunnskap om nederlandsk, sjølv om det er gjeve at radioen ljomar og at framførarane talar nederlandsk. Våre perseptuelle dugleikar er såleis historiske, for dei endrar seg med våre personlege utviklingshistoriar, og er prega av visse utbreidde M/krøn-modusar og visse utbreidde teknologiar i ei viss samtid.
Men korleis slik innlæring i samfunnet finn stad er eit historisk og psykologisk emne, skriv Skjervheim. «Fenomenologien er oppteken med det vi ser eller kan sjå, med det som er lært, og det som kan lærast. Korleis læringa fann stad, er ikkje eit fenomenologisk problem» (Ibid).
Det gjevne trer fram som gjenstandar eller ting i den vidaste tydinga av orda. Me persiperer noko bestemt i forhold til andre bestemte ting: mor som snakkar i telefonen, treet som står i hagen, kaffien som er brennvarm. Ein gjenstand i fenomenologisk tyding er gjenstandfor perseptuell merksemd, og altså ei hending, ei handling, eit menneske, ei endring like gjerne som ein viss handfast ting i kvardagsleg forstand. Dei fleste gjenstandar vert dessutan erfarte i ein perseptuell heilskap som ikkje vert løyst opp av den naturlege haldninga. Me høyrer bilduren og ser bilen akselerera i ein heilskapleg persepsjon.
Vidare har våre intensjonale korrelasjonar med verda særskilte fokus/-bakgrunn-strukturar som er særleg utprega i dei sjåande og høyrande forholda (jamfør avsnitt 3.5). Frå husværet mitt høyrer eg sjukebilen. Når eg gjev den fokus i merksemda, trer dei andre perspektiverte lydane i omgjevnaden tilbake til fordel for dette perspektivet, og eg høyrer ulinga skrumpa
inn etterkvart som bilen fjernar seg frå min stad. Til slutt overskrid ulinga horisonten for høyrefeltet mitt og vert borte i lydløyse. Då gjev eg merksemd til noko anna, kanskje den boka som eg lenge har tenkt å lesa. Det er heile tida eit ‘eg’ som utverkar denne fokuseringa, det er for eit ‘meg’ at noko artar seg som den ikkje særleg merkbare bakgrunnen, og omgjevnaden min som bestemmer kva horisontar som er gjevne for meg her og no.
«Akkurat som den naudsynlegvis er ‘her’, eksisterer kroppen naudsynlegvis ‘no’; den kan aldri verta fortid» (Merleau-Ponty 1992: s. 140). Me kan erindra og snakka om noko som vart gjeve i persepsjonen for tre år sidan, men me har berre levande meining orientert av notida. For erindringa stammar frå grunnen til at den oppstår no, av det som har skjedd i perioden mellom hendinga og erindringa av den, av prosessar som transformerer den til noverande samtale om noko fortidig. Kort sagt; det fortidige vert gjeve i det noverande.
«Persepsjonen utstyrer meg med eit ‘noverefelt’10 i den vide tydinga, og det strekkjer seg ut i to dimensjonar: her/der-dimensjonen og fortid/notid/-framtid-dimensjonen. Den andre opplyser den fyrste» (Ibid: s.265). Persepsjonen sin røyndom er det som vert gjeve her og no i presensfeltet. At dette feltet er levande, tyder at me står i organisk kommunikasjon med omgjevnaden: «Å vera eit medvit, eller snarare å vera ei erfaring er å halda indre kommunikasjon med verda, kroppen og andre menneske, å vera med dei istadenfor å vera attmed dei» (Ibid: s.96). Mennesket utgjer eit forhold til omgjevnaden i ei livaktig notid som er orientert av fortida mi og retta til gjeremål her eller i framtida.
3.3. Nærvera frå radioen. Kjerneområdet i livsverda er det som er innanfor perseptuell rekkevidde akkurat no, og i munnlege kulturar vert noko som skjer langt borte gjeme oppfatta som noko som skjedde for lenge sidan: «Ens samtidige som en kan identifisere seg med, er folk det går an å treffe og snakke med, altså naboene og sambygdingene. Kommunikasjonens ‘nå’ er forankret i et bestemt, snevert avgrenset sted: Nå er det samme som her» (Johansen 1995: s.l 18).
Men med den kringkastingstekniske utviklinga har kroppane si perseptuelle rekkevidde vorte utvida, gjennom radioen og fjernsynet har ‘nærvere på avstand’ vorte ein perseptuell type for alle normale samfunnsdeltakarar. I min omgjevnad her kan eg oppleva hendingar og handlingar som føregår der, nærare sagt: her kan eg oppleva lydane og bileta av noko
som føregår der. Teknologien har gjort det råd å oppretta dei ‘perseptuelle’ korrelasjonane kamera – verd og mikrofon – verd, og desse lausriv stimulusdelen av korrelasjonen fullstendig frå sin aktuelle omgjevnad, slik at lydane og bileta kan loingkastast til eit utal andre stader og verta presentert for kroppane som ein del av deira lokale omgjevnader.
Gibson skil strengt mellom kjelder for stimuli og stimulia sjølve. «Dei fyrste er objekt, hendingar, overflater, stader, substansar, bilete og andre levande vesen. Dei andre er mønster og endringar i energi ved reseptarar. Eit stimulus kan spesifisera kjelda si, men er openbert ikkje den same tingen som kjelda» (Gibson 1966: s.28). I kvardagslivet problematiserer me ikkje denne distiksjonen, for eg ser huset, eg ser ikkje energimønster på
netthinna. Eg høyrer kaffitraktaren, ikkje energiendringar på reseptorar i øyrene. Meininga i omgjevnaden vert gjeven i korrelasjonen menneske – gjenstand, og den meir presist formulerte korrelasjonen menneske – stimuli – gjenstand har ei underordna rolle. Dersom lyset frå ein bil blendar meg, vert eg kanskje merksam på stimulinivået i persepsjonen, men i hovudsak går eg direkte til tinga.
Når lyttarane høyrer røysta til eit menneske på radioen er høgtalaren
sekundærkjelda for lyden av mennesket, og korrelasjonen er lyttar – stimuli – høgtalar i våre omgjevnader, koordinert med mikrofon – stimuli – menneske i radiostudioet. Under føresetnad om at lydane vert gjevne to gonger i radiokommunikasjonen, nøyer eg meg med oppsettet menneske – teknologi – menneske: mikrofonane si ‘høyring’ av framførarane, og lyttarane si lokalt situerte høyring av radiolydar. I dette perspektivet er radioen ein massekommunikativ Mitsein-modus som vert gjeven ved at menneska på begge kantar forheld seg til ein medieapparatur istadenfor til dei menneska som er målet med forholdet. Mitt emne er dei perseptuelle strukturane som gjer at desse teknologiforholda utverkar kommunikasjon.
Slike menneske/teknologi-forhold er objektiverande persepsjon, for mikrofonen sin mekanikk har ‘høyrt’ talen før me får høyra den, framføringa sin kroppslege heilskap er fokusert til røysta og gjort til ei kulturell eining som vert spreidd ved kringkasting. Sanseteknologiane har gjeve oss objekt for merksemd som gjer at me kan høyra langt bort, og dei gjennomsyrer den teknologiske kulturen på ein perseptuelt krevjande måte, skriv Ihde (1976: s.5). «Det som er av spesiell interesse for den tankefulle lyttaren er difor måten instrumenta, særleg dei i den elektroniske tidsalderen, introduserer måtar å lytta på som tidlegare var utilgjengelege» (Ibid).
Me får høyra høyrselsinntrykk, så og seie, og den teknologiske spesialiseringa inneber nettopp å gjera sanseprosessen til objekt. Eg ser biletet av utsjånaden til bilen, eg høyrer overføringa eller avspelinga av lyden til bilen. Radioen sin perseptuelle type er vanen med slike teknologisk overførte lydar, og den må ha vorte opparbeidd i heilskaplege omgjevnader. Me veit at radiohøgtalarane ikkje lagar desse lydane, for røyster må koma frå kroppar, musikk må koma frå instrument av eit eller anna slag, og bildur må koma frå bilar. Me høyrer meining som vert gjeven her, men som berre gjev meining fordi me veit den ikkje stammar herifrå.
«Eg bekymrar meg ikkje over å høyra eit hom når hornet ikkje er nærverande», skriv Stanley Cavell, «fordi kva eg høyrer er akkurat det same (ontologisk det same, og dersom utstyret mitt er godt nok, empirisk det same) om tingen er nærverande eller ikkje» (Cavell 1979: s.l9).
Mitt hovudargument er at når me lyttar til radioen kan me leva oss inn i eit lydleg rom av ferdig høyrte hendingar og handlingar. Føremålet med denne bolken er å utgreia nokre av dei perseptuelle korrelasjonane som pregar møtet mellom det lokale og det ikkje-lokale rommet. Premissen er heile tida at det lokalt levde rommet determinerer både produsentane si
tilverking av og lyttarane si innleving i det ikkje-lokale.
3.4. Handlingsrommet.
Å vera ein del av Mitsein medfører at kroppen sitt dugleikspotensiale vert projisert på ei kulturell verd og anonymisert gjennom tileigninga av vanar. Kroppen er mi generelle evne til å setja meg i ein situasjon, til å fornalda meg personleg overfor omgjevnaden min, til å smelta saman med gjenstandane for merksemd gjennom korrelasjonen med dei. Difor vil ikkje Merleau-Ponty seia at kroppen er i tida eller rommet, den buset seg i tida og rommet (Ibid: s.139)», og er van med ein materiell omgjevnad som har visse praktiske moglegheiter.
Punkta i rommet står ikkje fram som objektive posisjonar i forhold til den objektive posisjonen som kroppen min opptek, dei markerer, i nærleiken vår, det varierande spelerommet for måla og gestane våre. Å verta van med ein hatt, ein bil eller ein stokk er å verta transplantert inn i dei, eller motsett å inkorporera dei i omfanget [the bulk] av våre eigne kroppar. Vanen uttrykker vår kraft til å tøya vårt vere-i-verda, til å endra eksistensen vår ved å tileigna oss ferske instrument (Ibid: s.143).
Det rommet som utgjer verda tilhøyrer såleis den einskilde sin kropp; hendene og føtene sine dugleikar, og kjem berre i stand gjennom vårt performative og uttrykkande arbeid med menneske, verktøy og andre gjenstandar for persepsjon. Kunnskap kan ikkje verta formulert uavhengig av slikt kroppsleg arbeid, slik operativ intensjonalitet. «Kroppen min er gira
inn i verda når persepsjonen presenterer meg for ein åstad som er så variert og klart artikulert som råd, og når mine motoriske intensjonar mottek dei responsane frå verda som dei forventar» (Ibid: s.250).
Våre kroppslege handlingsrom er individuelle, og sidan det berre er innanfor horisontane av desse at meining kan verta gjeven, er våre forståingar av omgjevnaden individuelt oppnådde. Dei er ikkje dermed private, for dei stammar alltid frå Mitsein, men dei er felles innanfor visse korrelative rammer som gjev rom for forskjelligarta personlege situasjonar. Tileigninga av omgjevnaden føregår til vanleg gjennom ei vaken, merksam orientering av persepsjonen, gjennom eit engasjement i verda som er kroppsleg og rørleg. Radiorommet er eit lydleg destillat frå det kroppslege handlingsrommet.
Kroppen kan enten utverka meining eller verta påført meining, skriv Gibson. Den aktive oppsøkinga kallar han persepsjon, medan den passive opplevinga vert kalla sansing (Gibson 1966: s.31). Eg kan adoptera dette skiljet sidan eg hovudsakleg omtalar den aktive, merksemdskrevjande orienteringa av kroppen. Innlevinga i radiorommet krev nemleg ei merksam og medviten haldning (jamfør avsnitt 2.7, 2.8 og 5.1), ei lytting istadenfor ei høyring. Den merksame oppsøkinga av omgjevnaden kan teoretisk delast opp i eksplorerande og performativ handling:
[N]okre rørsler utverkar åtferd i den vanlege meininga med ordet, og andre rørsler utverkar at stimulus-informasjon vert fanga opp. Dei første vil verta kalla performative eller utførande, dei andre eksplorative eller utforskande. På den eine sida kan einskildindividet oppnå [obtain] stimuli til å styra og kontrollera handlingane sine med, på den andre kan han oppnå stimuli til persepsjonen av verda. […] Dyr og menneske kan velga ut eller forsterka stimuli dei mottek frå verda, eller utelukka visse slag ved å orientera og omstilla sanseorgana sine (Ibid).
Eg gjer noko i performative rørsler, medan eg lyttar til og ser etter noko i eksplorerande rørsler, og desse korrelasjonane vert sameina i persepsjonen si oppretthalding av omgjevnaden: «Det er ikkje ein persepsjon følgt av ei rørsle, for begge dannar eit system og varierer som eit heile» (Merleau-Ponty 1992: s.l 11).
Me har fem grunnleggande måtar å orientera den eksplorerande persepsjonen på: å lytta, å føla, å lukta, å smaka og å granska («look»). Gibson understrekar at desse ikkje må identifiserast med dei passive evnene til å høyra, å kjenna berøringar, å erfara lukter og smakar, og å sjå («see») (Gibson 1966: s.51).
På disseksjonsbordet finn anatomikaren berre sanseorgana, medan dei fem merksemdsmodusane skuldast perseptuelle system der organa verkar saman med kroppen si rørsle-evne i aktiv sansing. «Desse formene for merksemd involverer innstillingar og eksplorative bevegelsar i auge/hovud-systemet, øyre/hovudsystemet, handVkropp-systemet, nase/hovud-systemet og munn/hovudsystemet. Orienteringa av hovudet og kroppen
vert føresett» (Ibid).
Heilskapen av desse evnene kallar han det orienterte eksplorerings-systemet, og dette oppnår informasjon frå utsida av kroppen. Øyre/hovud-systemet kan snu seg til retninga lydane kjem frå slik at kjelda vert identifisert, og dette kallar Gibson open («overt») lytting. Den skjulte («covert») lyttinga involverer ingen kroppsrørsler (Ibid: s.83-84), men er ei sekundær
form for merksemd som eignar seg til innlevinga i radiorommet. Me treng ikkje gjera noko for å leva oss inn, me kan sitja i stolen med augo attletne. Kanskje vert me betre istand til å leva handlingane frå radioen dersom me sjølve er passive, kanskje får me overskot til å innta perspektiva og prosjekta der ved å setja til side involveringa i våre lokale rom her.
Eksplorasjonen gjev oss verda slik den allereie er, medan dei performative handlingane utverkar medvitne eller umedvitne endringar i verda. I korrelasjonen menneske – teknologi – menneske driv lyttarane eksplorativ verksemd overfor framførarane sine performative handlingar, men utover mediene sin spesialsituasjon er menneska ustoppeleg performative heile sine vakne liv. Me lagar frukost, går på jobben, skriv brev, heng opp klede
og dansar til musikk.
Lydar er alltid resultat av noko som skjer, og difor har alle ein kontinuerleg lydleg omgjevnad som skuldast det me sjølve gjer, uavhengig av om lydane er føremålet eller ikkje. Vedhoggaren har sitt lydlege rom, busssjåføren eit ganske anna, og fallskjermhopparen eit tredje. Radiorommet er bygd på at lyttarane kjenner att ‘stader’ ved deira lydlege dimensjon: lyden av eit kassa-apparat plasserer oss i ‘butikken’, lyden av ein dusj gjev oss ‘badet’ osb., og me kan berre leva oss inn i slike radiostader fordi me lever våre motsvarande lokale stader gjennom den performative erfaringsdimensjonen. Når nokon slår på trommer, høyrer eg bokstavleg talt hendene sine kontante slag med stikkene, eg høyrer lyden av ein kropp sine heftige handlingar med ei rekkje reiskapar.
Blant rørslesystema identifiserer Gibson uttrykkssystemet, som skapar kroppshaldriingar, andletsuttrykk og vokale rørsler som gjev indeks på våre kjenslemessige tilstandar og identifiserer oss som særprega individ, og det semantiske systemet, som skapar signaliserande, koda rørsler av mange slag, men hovudsakleg tale (Ibid: s.57). All menneskeleg aktivitet framføre mikrofonar kan tilbakeførast til desse systema.
Merleau-Ponty ville ha nekta for at semantiske uttrykk tilhøyrer eit system som er vesentleg lausrive frå emosjonar, gestar og kroppshaldningar. For kroppen er ei naturleg uttrykkskraft, skriv han (Merleau-Ponty 1992: s.181), og det talte ordet er ein av dei moglege moduleringane av kroppen. Me treng berre å læra dets artikulatoriske og akustiske stil, så vert det ein del av kroppsdugleiken og verkar saman med gestane i heilskaplege meiningshandlingar som er prega av den einskilde si personlege framferd (Ibid: s.175).
Eg vil difor innordna det semantiske systemet i eit meir omfattande uttrykks system, for talen er berre ei spesielt velutvikla side ved kroppen si naturlege uttrykkskraft. Dessutan vil eg presisera at uttrykkssystemet kan verka performativt dersom kommandering, krevjing osb. vert teken til følgje, for då vert gjeremål utførte av andre på grunn av meg Gamfør Austin
1989). I radioen sin objektiverande persepsjon vert det performative elementet i talen svekka fordi det i hovudsak krev ein interaktiv talesituasjon, til dømes andlet til andlet eller på telefonen.
Det er ingen eg høyrer snakka så mykje som meg sjølv, og Gibson understrekar at me persiperer våre eigne røyster som eit fundamentalt ‘her’, medan andre røyster er ‘der’ (Gibson 1966: s.95). Talen er på same tid vokal og symbolsk, personleg og upersonleg, for eg høyrer at min tale (røysta) er ulik andre sin tale, samstundes som talen min (symbola) ikkje er
ulik andre sin (Ibid).
I motsetnad til lesing av skrift, er lytting til tale alltid å høyra lyden av ein kropp som uttrykkjer seg, og røysta er så uttrykksfull at me kan høyra langt meir enn det talaren har til føremål. Kjønn, alder, geografisk bakgrunn, kroppsvolum, haldningar, stemningar – alt dette og mykje meir avslører seg saman med det semantiske føremålet. I hovudsak er ljominga («the sounding») til ordet ein bakgrunn for meininga, men skilnaden på folk gjev seg ved måten talen lyder på. «Den sterke røysta kommanderer der den tynne og spake ikkje gjer det. Likevel trekkjer ljominga seg tilbake som konteksten og innramminga der det som vert sagt kjem til forgrunnen» (Ihde 1976: s. 160).
Innlevinga i radiorommet kjem istand fordi me sjølve ikkje er der, men kjenner att det aller meste frå våre eigne situerte omgjevnader, og dermed har evna til å reagera ‘rett’ på det som skjer i radioen. Eg kan utføra gitarsoloar perfekt på luftgitaren min, og skjønar akkurat kva folk seier så lenge dei snakkar relativt klart på eit språk eg har lært meg. Under mine forskjelligarta orienteringar mot omgjevnaden held persepsjonen meg umiddelbart koordinert med gjeremåla mine og det som skjer når eg utfører dei (Gibson 1966: s.32).
Slik tilbakemelding («feedback») er vår fremste kompetanse overfor radiorommet. Så lenge me talar same språk, veit eg frå mi eiga snakkeerfaring korleis orda på radioen vert ytra. Til dømes kan eg ta orda til journalisten i munnen og smaka på dei, for talerørsler vert kontrollerte av leppene, tunga og drøvelen. Eg har høve til å leva meg inn i den kroppslege,
emosjonelle og vokale tilstanden til framføraren fordi eg kjenner åtferda han/ho inntek på bakgrunn av mine eigne, liknande åtferder.
Både Merleau-Ponty og Gibson framhevar sjåinga som den viktigaste evna for å koordinera gjeremåla våre. Ved tilvande motoriske dugleikar kan me rett nok falla tilbake på kjensla av rørslene til rettleiing, men alle nye gjeremål krev visuell kontroll. Her ligg den blinde sitt største handikap (Gibson 1966: s.38). Handlingssensitiviteten til auge/hovud-systemet
dominerer handlingssensitiviteten til det performative systemet.
Dette skjer når eit verktøy vert brukt istadenfor handa sjølv til å manipulera eit objekt, blant anna ved å gripa det med ei tang istadenfor med fingrane, eller å slå det med ein hammar istadenfor med neven. Den følte handlinga i musklar, ledd og hud er då ganske annleis, men den synlege handlinga er essensielt den same, og det visuelle systemet kan lett kontrollera den motoriske utverkinga. Situasjonen er den same når ein brukar rattet på eit framkomstmiddel istadenfor beina i rettleiinga av bevegelsane sine (Ibid: s.36).
Overfor radioen sitt iWcje-lokale rom er sjåinga ikkje til nokon koordinerande eller eksplorativ nytte, den er snarare ei evig kjelde til forstyrring fordi blikket kan fanga noko interessant i min lokale omgjevnad.
Men naturlegvis byggjer me innlevingane våre på den synlege dimensjonen ved stadene, hendingane og handlingane me høyrer, for lyden av eit menneske impliserer eit synleg menneske. Det er uråd å høyra eit menneske utan på eit vis å ‘sjå’ det, og det er uråd å høyra lyden av køyrande bilar utan å fylla ut denne høyringa med eit ubestemt visuelt inntrykk som
stemmer nokolunde overeins med mine køyre-erfaringar, eller erfaringane mine med å stå ved eit vegkryss. Eg plasserer meg i journalisten sin stad og ‘ser’ det han/ho fortel, eller eg plasserer meg som tilskodar til ein debatt ved å ‘sjå’ dei sitja og krangla. Sidan me grip inn i våre lokale rom med handlingane våre og held oversyn over det ved sjåinga, vil me naudsynlegvis gripa inn i det ikkje-lokale etter dette mønstret.
Merleau-Ponty understrekar at dei forskjellige sansane og rørslene opnar opp det same rommet, elles ville dei tinga sansane kommuniserer med berre eksistera for den relevante sansen (Merleau-Ponty 1992: s.217). Men sjølv om dei tilhøyrer det same rommet er tingstrukturane sansane frambringer ulike kvarandre; dei kan aldri verta presist omsette til ein annan sans.
Lukta av ferskt brød kan aldri verta synleg. Slike openberre skilnader mellom objekta for dei ulike sansane hindrar dei ikkje i å samvirka, dei gjer snarare rommet for moglege performative handlingar svært mangefasettert. Eg kan ikkje sjå støttebjelkane i veggen, men ved å dunka høyrer eg at dei er rett bak her og her, så vel eg ut ein til å slå spikaren i. Likeeins trer det akustiske rommet i eit konsertlokale fram annleis enn det visuelle, utan at
dei to romlegdomane motseier kvarandre. Persepsjonen sin syntese oppstår ved sansane sin kommunikasjon med kvarandre i ei heilskapleggjering som berre vert separert dersom eg inntek ei svært spesialiserande og oppdelande haldning, skriv Merleau-Ponty (Ibid: 225).
Denne haldninga ligg implisitt i sanseteknologiane. Radioen føretek ei perseptuell spesialisering som nærmast gjev oss ferdig-reflektert sansing. Den konsentrasjonen eg måtte hatt for å isolera og gje merksemd berre til noko lydleg i min lokale omgjevnad, er alltid allereie utført når eg vender meg til radioen. Sanseteknologien splittar opp den heilskaplege persepsjonen ved å gje oss ferdig høyrde og ferdig sette hendingar, handlingar og
rom.
Slik me kan sjå på fargemønstra i biletet istadenfor å sjå den avbilda gjenstanden, kan me høyra på lydane frå radioen istadenfor å leva oss inn i det rommet dei er inngangsportalen til. Då aksepterer eg ikkje invitasjonen deira, men høyrer dei som avspelte lydar åleine, som teknologiske, abstraherte sanseobjekt. Kanskje forstyrrar dei andre gjeremål, kanskje er dei ‘tapet’ i rommet mitt, kanskje sjekkar eg kor høgt eg kan skru opp før naboen dunkar i golvet. Men å reindyrka radioen si lydlege overflate i ei estetiserande lytting er mindre vanleg enn å leva seg inn i det høyrte. Slik heilskapleggjerande lytting (jamfør femte bolken) nøytraliserer den teknologiske sansespesialiseringa.
Eg vil understreka at den perseptuelle syntesen ikkje vert motsagt av sanseteknologien, den vert berre ikkje fullbrakt. Lyttarane persiperer at radioen sitt rom ikkje har taktile og synlege kvalitetar, og desse erfaringane stadfestar radioen sin strengt lydlege plass i omgjevnaden min. Kari Sørbø vil berre vera heilskapleg for meg dersom ho er på vitjing hjå meg eller eg
er på vitjing i radiostudioet, og ingen normale lyttarar trur noko anna.
3.5. Objekt/horisont-strukturar.
Handlingsrommet som kroppen samanlagt har til rådvelde tilhøyrer særskilte sansefelt som er der utan nokon forsøk frå mi side: «Sidan eg er i naturleg samverknad med ei verd, er eg istand til å oppdaga ei meining [sense]12 med særskilte aspekt ved tilveret utan sjølv å ha skjenka dei denne ved nokon konstituerande operasjon» (Ibid: s.217). Felta er implisitt nærverande. Dei er ikkje synonyme med gjenstandar, men er regionar der gjenstandane for sansing vert lokaliserte. Når eg skrur av lyset, forsvinn synsfeltet, og høyrefeltet må gje meg tilbakemelding om kva som skjer.
Sansefelta er før-personlege overflater som kontinuerleg er i kontakt med verda gjennom visse avgrensa perspektiv, og det er denne kontakten som gjev oss reelle noverande omgjevnader der radiolydar aldri kan vera meir enn ein liten del av heilskapen.
Alle dei ulike korrelasjonane menneske – verd er perspektiverte forhold som overskrid min noverande omgjevnad på grunn av det handlingsrommet som rørsle-evna gjev meg, og fordi persepsjonen føregår på bakgrunn av sedimenterte erfaringar av alle slag – og stadig sedimenterer nye erfaringar. Den naturlege samverknaden med verda gjev meg eit perseptuelt felt som situerer meg i eit geografisk og sosialt rom der eg fokuserer merksemda og vert konkret retta til gjenstandar. Når eg lener meg ut glaset kjenner eg karmen mot låret, eg høyrer praten innanfrå medan eg siktar og kastar nøklane ned til gjesten som vil inn. Om eg kastar eit blikk utover i gata, vert eg ikkje overraska over å sjå ein flik av Ulriken. Denne noverande, perspektiverte omgjevnaden vert overskriden i medvitet om den delen av verda
som er utanfor mi aktuelle rekkevidde.
Merleau-Ponty skriv at å persipera ein gjenstand er å busetja seg i («inhabit») den, og gjennom denne kjennskapen å gripa alle ting i høve til kva aspekt dei presenterer til min ståstad no. «Tingen er uråd å skilja frå ein person som persiperer den, og kan aldri vera verkeleg i seg sjølv fordi artikulasjonane av den er sjølve vår eksistens, og fordi den står på den andre sida av blikket vårt, eller ved endepunktet for ei sanseleg utforsking som investerer humanitet i den» (Merleau-Ponty 1992: s.320).
Det finst ein objekt/horisont-struktur i persepsjonen som gjer at me aldri er innestengte i våre aktuelle perspektiv på omgjevnaden, for eitkvart objekt (13) er spegelen for alle andre (Ibid: s.68). Å sjå eit tre er enten å ha det i utkanten av synsfeltet med moglegheit til å gje det merksemd, eller å reagera på denne oppfordringa ved faktisk å konsentrera seg om det. Då let eg augo forankra seg i treet, men dette fokuset er berre ein modalitet ved bevegelsen i den eksplorative persepsjonen. «I eitt objekt fortset eg den eksploreringa som tidlegare svevde over alle, og i ei rørsle lukkar eg landskapet og opnar objektet» (Ibid: s.67). Objekt/horisont-strukturen skuldast at gjenstandane heile tida skiftar mellom å vera bakgrunnar (horisontar) for merksemda eller sjølve er fokus (objekt) for den. Våre intensjonale felt krev at me tapar noko i bakgrunnen for å vinna noko i framgrunnen, men bakgrunnen vert ikkje dermed borte.
Eg identifiserer objektet gjennom den horisonten av moglege tilnærmingar det har, horisonten er såleis det som garanterer for identiteten til objektet medan utforskinga mi føregår. Gjenstanden vert gjeven ved eit aspekt som er mogleggjort ved alle dei andre potensielle aspekta i vår perspektivene tilnærming.
Når eg ser på bordlampa mi, tilskriv eg den ikkje berre dei kvalitetane som er synlege frå der eg er, men også dei som skorsteinen, veggene, bordet kan ‘sjå’. Baksida av lampa mi er ikkje meir enn fjeset den ‘viser’ til skorsteinen. Eg kan difor sjå eit objekt i den grad objekta former eit system eller ei verd, og i den grad kvart av dei behandlar dei andre omkring seg som tilskodarar til sine skjulte aspekt, og som garantist for vedvaringa til aspekta (Ibid: s.68).
Dersom eg høyrer eit trykkluftbor frå nokre kvartal borte, veit eg her at bråket vert verre jo nærare eg kjem, og at det avtek om eg går den motsette vegen. Eg sluttar meg iMcje til slik kunnskap, den er gjeven for meg ved lyden frå boret. Same kvar me er, tileignar me oss omgjevnaden ved slike inneforståtte objekt/horisont-strukturar som gjer den til ei samanhengande og omfattande verd. Likevel; den syntesen av horisontar som utgjer min akkumulerte oversikt over omgjevnaden er berre presumptiv, understrekar Merleau-Ponty, for den opererer berre med full visse og presisjon i umiddelbar nærleik til dei aktuelle objekta (Ibid: s.70). Den fjernare omgjevnaden som ikkje er innanfor mi umiddelbare rekkevidde er ein anonym horisont som den upresise hukommelsen rår over.
Vanlegvis rettar me heile merksemda til eit objekt, kaffien vert drukken ved ei handling styrt av visuelle eller motoriske tilbakemeldingar, den luktar godt og skvulpar når eg tømmer den i koppen. Heilskapen i den perseptuelle erfaringa bind gjenstandane til performative objekt/horisont-strukturar såvel som til visuelle og auditive.
Når eg ser koppen, veit eg ikkje berre at den har ei bakside, eg veit også at eg kan knusa den, fylla den med kaffi eller gjera ei anna handling med den, men desse moglegheitane er sovande så lenge eg ikkje faktisk utfører ei av dei. Når eg snakkar med mor på telefonen er våre performative moglegheitar overfor kvarandre reduserte til den auditive dimensjonen, men det som vert gjeve i dette perspektivet peikar til andre horisontar som persepsjonen ikkje let seg fokusera innanfor nett no. Dei er potensielle gjenstandar for eksplorasjon og handling som kan verta aktuelle ein gong i framtida.
Desse objekt/horisont-strukturane i persepsjonen er fundamentale føresetnader for at radio- og fjernsynsprogramma kan gje oss levande, ikkje-lokale stader. Bileta frå Karl Johansgate består ikkje berre av det som kameraet har fanga opp. Me får ei opning til ein viss stad gjennom desse bileta, og kva som vert gjeve ved dei er eit spørsmål om våre tileigna objekt/horisont-strukturar. Oslobuaren ‘ser’ Drammensveien og Slottsparken når Slottet vert filma, medan andre gjerne berre ‘ser’ at Slottet har baksider og tak som ikkje vert viste. Den visuelle todimensjonaliteten i fjernsynsbileta er berre formell, dei vert sette som tredimensjonale og verkelege fordi dei gjev oss objekt/horisont-strukturar som har sine verkelege storleiksforhold i behald, sjølv om dei er gjorte til bilete. Gitarspelet frå radioen har sin auditive tredimensjonalitet i behald, og attpåtil har den ein performativ horisont som er fingerrørslene til einkvan som spelar på gitar. Desse handUngane har igjen visuelle og taktile kvalitetar som er skyvde utover mitt røynlege perspektiv, men som vert antyda i dei objekt/-horisont-strukturane der lydar er objektet.
Mikrofonar og kamera skapar visse instrumentelt låste perspektiv på visse gjenstandar (jamfør avsnitt 3.8), men det som vert gjeve vert ikkje erfart som fastlåst av lyttarane og sjåarane. Me opnar oppatt dei teknologisk avklipte horisontane og gjeninnsett dei aktuelle gjenstandane i eit heilskapleg ikkje-lokalt perspektiv som dei naudsynlegvis må ha for oss. Mine midlertidige busetjingar i det ikkje-lokale rommet er basert på mi kontinuerlege busetjing i eit lokalt rom. Når gjenstandane for mediebilete og -lydar ofte vert erfarte som relativt nærverande og reelle her hjå oss, skuldast det at innlevinga baserer seg på horisontkunnskapen vår.
3.6. Anonymiteten i det gjevne.
Korrelasjonane eg skildrar ovanfor er dei basale strukturane i måten verda vert gjeven på, og desse vert utnytta i sanseteknologien. Men sjølv om mikrofonar og kamera er ei instrumentallisering av visse prosessar i persepsjonen, manglar dei fullstendig moglegheita til ei refleksiv oppleving av ‘persepsjonen’ sin.
Korleis opplever me sjølve våre einskilde perseptuelle orienteringar? Er me opptekne av dei, eller er me snarare opptekne i dei? Til dømes, er du som les dette medviten om di eksplorative lesing av desse skriftorda, og di gjentekne performative vending av ark som nettopp no gjev deg dette resonnementet? Truleg ikkje, – før eg gjorde deg merksam på dei.
Den vidunderlege tingen med språket er at det fremjer si eiga gløyming [oblivion]: augo mine følgjer linjene på papiret, og frå den augneblinken eg er fanga i meininga deira misser eg dei av syne. Papiret, bokstavane på det, augo mine og kroppen min er der berre som minimumssettinga for ein usynleg operasjon. Uttrykket bleiknar bort framfor det som vert uttrykt […] (Merleau-Ponty 1992: s.401).
Sidan du har lært deg norsk, er dei fleste ord og tydingar i dei fleste situasjonane umiddelbart gjevne for deg i persepsjonen, og mine meiningar kan fanga deg opp dersom du finn dei interessante. Naturlegvis kunne du gjeve merksemd til leseprosessen, for du har jo evna til å granska handlingane dine. Men vanlegvis er me så oppslukte av dei medvitne føremåla med den aktuelle persepsjonen at me ikkje merkar den, og når me vert åtspreidde tyder det oftast at me fyllest med gjenstanden for forstyrring, slik du truleg la godt merke til den usannsynlege skrivefeilen ovanfor.
Kva skjer om me forsøker å merka persepsjonsprosessen? Vanlegvis når eg ser bordet eg skriv på, skriv Merleau-Ponty, okkuperer denne persepsjonen meg tilstrekkeleg til at eg ikkje er istand til å sjå meg sjølv sjå på det. Om eg vil persipera persepsjonen min må eg venda meg om til meg sjølv, og skjønar då at den må ha gått gjennom visse subjektive tilsynekomstar for å kunna finna sin stad i perspektiv av mi individuelle historie (Ibid: s.238).
Vanlegvis høyrer eg på radio, men no høyrer eg at eg høyrer på. I den usofistikerte versjonen dreg persepsjonen nytte av arbeid som allereie er gjort, fordi kroppen og sansane mine er ein kjennskap til verda født av vanen, ein implisitt eller sedimentert kroppskunnskap14. «I persepsjonen tenkjer me ikkje objektet, og me tenkjer ikkje oss sjølve tenkjande på det, me er gjevne over til objektet og smeltar inn i denne lekamen som er betre informert om verda enn me er» (Ibid). Difor vert gjenstandane i omgjevnaden tekne for gjevne som middel til å oppfylla føremåla me har, og me tek oss sjølve for gjevne som subjekt for dei performative og uttrykkande samhandlingane med andre menneske. «Persepsjonen vår fører til gjenstandar, og når gjenstanden fyrst er konstituert, framtrer den som grunnen til alle opplevingar av den me har hatt og vil kunna få» (Ibid: s.67).
Omgjevnaden finn stad i ein atmosfære av generalitet og vert presentert for oss anonymt. Til dømes kan eg ikkje seie at ‘eg’ ser det blåe i himmelen i same tydinga som eg seier at eg forstår ei bok eller besluttar å bruka livet mitt til matematikk. Eg kan sjå blått fordi eg er sensitiv overfor fargar, medan personlege handlingar skapar ein situasjon.
Så dersom eg ville omtala den perseptuelle erfaringa, burde eg seie at ein persiperer i meg, og ikkje at eg persiperer. Kvar sansing ber i seg kimen til draum eller depersonalisering, slik me erfarer i den kvasi-sløvheita me er reduserte til når me verkeleg prøver å leva på sansinga sitt nivå. […] Eg er ikkje meir klar over at eg er det sanne subjektet for sansinga mi enn over fødselen eller døden min (Ibid: s.215).
Bonden kan velja å dra på vedhogging ein morgon, og skaper seg såleis ein særskilt situasjon i skogteigen, men han står ikkje i noko personleg forhold til bråket som akkompagnerer arbeidet med motorsaga. Det tilhøyrer hans menneskeleg gjevne korrelasjon, og ville også vorten uttrykt for ein tilfeldig vandrar.
Sanseinntrykka tilhøyrer ei meir grunnleggande kobling mellom menneska og verda enn våre medvitne performative og uttrykkande gjeremål, og denne er alltid allereie synkronisert og velfungerande. Slik kan det seiast at sansinga ber i seg ei kontinuerleg depersonalisering som føregår i periferien av mitt medvitne liv; for eg opplever sanseinntrykka som ein modalitet av omverda sin generelle eksistens, og denne renn gjennom meg utan at eg sjølv er årsaka til den. Det er på denne bakgrunnen Merleau-Ponty hevdar at sanse-erfaringa er før-personleg («pre-personal»).
[Mjitt liv er laga av rytmar som ikkje har årsak i det eg har valgt å vera, men er vilkåret for den kvardagslege innfatninga som er mi. Såleis dukkar det opp ein margin av nesten upersonleg eksistens kring vår personlege eksistens, denne kan i praksis takast for gitt, og eg stolar på at den vil halda meg i live. Rundt den menneskelege verda som kvar av oss har laga for seg sjølv finst ei verd i generell tyding, som ein fyrst av alt må tilhøyra for å vera i stand til å slutta seg inne i den partikulære konteksten kring ei forelsking eller ein ambisjon (s.84).
Kring individualiteten min som ein handlande person finst ein glorie («halo») av generalitet, av eigenskapar eg deler med alle dei andre i ein sosial atmosfære som frå fyrste stund desentrerer meg frå meg sjølv, og gjer meg omslutta av medmenneska mine i ein anonym omgjevnad.
Om eg reiser til Saudi-Arabia opplever eg eit brot med dei fleste av mine gjevne og depersonaliserte dugleikar. Ikkje kan eg snakka skikkeleg med folk, ikkje er eg van med klimaet, og skikkane, åtferdene, veremåtane til innbyggarane er framande. Opplevinga av at eg skil meg ut, kjensla av å verta lagt merke til fordi eg plutseleg er annleis, kan gje erfaringar som liknar på sjukdom i den forstand at eg vert merksam på kor mange ting eg tek for gjeve i kvardagen. Det er ei sjølvfølge at omgjevnaden vert gjeven på forskjellige måtar i dei ulike kulturkrinsane og historiske periodane. Dei økologiske forholda er ulike omkring i verda, det teknologiske utviklingstrinnet og dei performative og uttrykkande praksisane endrar seg i tida. Alt dette må naudsynlegvis spela sterkt inn på dei perseptuelle typane som vert forma.
3.7. Teknologien skapar handlingstypar.
Dei perseptuelle vanane kan skildrast på mange nivå av kulturell kompetanse, frå mitt høgst individuelle ganglang til måten eg barberer meg på eller bruken av ‘virtual reality’-utstyr, og det kan diskuterast kvar dei går ihop med sosiale typar. Somme teoretikarar vil truleg hevda at persepsjonen er heilt og fullt sosialt determinert, men slik tenkjing tek ikkje høgd for dei naudsynte materielle korrelasjonane som menneskekroppen deltek i ved den performative aktiviteten i sin kulturelle omgjevnad.
Dei språklege konstruksjonane rår ikkje over kroppen si åtferd i møtet med ein isglatt oppoverbakke, visse handlingar vert påtvungne meg frå denne gjenstanden dersom eg skal forsera den. Dei fleste verktøy, instrument og apparat har verkemåtar som determinerer vår performative aktivitet dersom me brukar dei til føremåla dei er konstruerte med. Slik aktivitet skuldast altså mindre dei språka me snakkar og dei kulturelle kodane i samtida enn det materielle elementet i teknologien.
Å tileigna seg ein vane er å tileigna seg ei tyding, nærare bestemt ei motorisk griping av ei motorisk tyding, skriv Merleau-Ponty (Ibid: s.143). Dei motoriske dugleikane våre er korrelasjonar mellom kroppen og visse reiskapar med visse føremål: gatelekamen, spaserstokken, bilen, radioen. Det er bokstavleg talt sant at når eg lærer å bruka ein reiskap, så inkorporerer eg reiskapen sitt rom i mitt kroppslege rom (Ibid: s. 145). Dei tilvande reiskapane har slutta å vera objekt med ein storleik og eit volum som vert etablert ved samanlikning med andre objekt, dei har vorte restriksjonar på mitt handlingsrom som krev performativ avpassing frå mi side.
Min kunnskap om maskinskriving stammar frå ein kjennskap («familiarity») til tastaturet som ligg i hendene mine, og den vert berre aktivisert når eg sit med dette verktøyet, eller dersom eg går gjennom rørslene som ei øving eller ein leik. Tastaturet krev ei særskilt innstilling av mi performative rørsle-evne som skapar ei framferd ulik dei andre rørslene mine, og mi motoriske tyding er knytt til denne reiskapen.
Når eg set meg i bilen, klatrar eg gjennom døropninga utan å sjekka breidda og høgda på døra mot breidda og høgda på kroppen min. Skrur eg på radioen, kjem eg i eksplorativ kontakt med ein stad i eit ikkje-lokalt rom, eg leitar ikkje etter Dagsnytt ved å demontera apparatet. Eg veit at medieteknologien krev performativ stillstand. For samstundes som dugleiken tilhøyrer den einskilde personen, tilhøyrer den også dei reiskapane den vert brukt på: min køyredugleik er ikkje mykje verd utan ein bil, på same vis som bilen ikkje er mykje verd utan nokon som kan køyra den. Radioen sin perseptuelle type oppstår berre i møtet med eit påskrudd radioapparat, det er uråd å høyra andre lydar på akkurat den måten fordi denne konkrete kompetansen er ein verknad av korrelasjonen høyring/radioteknologi. CD-speling liknar på, men er slett ikkje identisk med radiobruk.
Reiskapane våre er ein av måtane Mitsein vert koordinert på, for bilen sine eigenskapar krev den same dugleiken frå alle brukarane; den har ein eigen instrumentell intensjonalitet som stammar frå konstruktørane sine performative evner, men som har vorte inkorporert i bilen og slett ikkje lenger er individuell. Svært mange av gjenstandane for kroppslege vanar har denne menneskeskapte, men lausrivne intensjonaliteten, og kan kallast generelle forlengingar av våre evner. Marshall McLuhan omtalar vegane som forlengingar av føtene våre, radioen som forlenging av høyringa, skrifta som ei forlenging av hukommelsen, og elektrisiteten som ei forlenging av nervesystemet (McLuhan 1987).
Vanen med slike reiskapar kan medføra anonymitet av den typen eg skisserte i avsnitt 3.6, dei okkuperer oss som middel til særskilte mål innebygde i verktøyet, slik kroppen er vårt fyrste middel til måla våre i verda, og difor ofte vert ein bakgrunn. Reiskapane sine respektive instrumentelle intensjonalitetar opnar visse perseptuelle moglegheiter og set dermed begrensingar på andre sider av handlingsrommet vårt. Eg er sjeldan fokusert på køyrehandlinga mi når eg køyrer bil, det ville vore direkte farleg ikkje å fokusera heile merksemda på vegen, farten og dei andre bilane.
Don Ihde kallar slike oppslukande forhold til reiskapar for kroppsleggjorte teknologiforhold («embodiment relations»). Briller er det mest innlysande dømet på eit slikt forhold, og eit av dei som krev minst operativ intensjonalitet frå brukaren si side.
Brillene mine vert ein del av måten eg vanlegvis erfarer omgjevnaden min på; dei ‘trekkjer seg attende’ og vert mest ikkje merka, kanskje oversett fullstendig. Eg har då aktivt kroppsleggjort ein synsteknikk. Teknikk er symbiosen av gjenstand [artifact] og brukar innanfor ei menneskeleg handling (Ihde 1990: s.73).
Den perseptuelle kvardagen i 90-åra er gjennomsyra av slike lekamieggjorte teknologiske hjelpemiddel, ikkje minst som forlengingar av høyringa. Mange kroppsleggjorte forhold har retning gjennom teknologi til verda av performativt og eksplorativt rom. Då er reiskapen eit instrument til noko som ikkje er teknologisk. Telefonen er eit auditivt døme på dette; eg talar
med mor mi ved hjelp av elektrisk utstyr.
Men radiobruk er ikkje ein reiskap til å koma i performativ kontakt med verda på den andre sida av teknologien. Den skil seg i likskap med fjernsynsbruken ut frå fleirtalet av handlingstypar ved å vera minimalt performativ og maksimalt eksplorativ, og dette trekket pregar måten meininga derifrå vert gjeven på. Medan det er rimleg å tala om dyktige bilsjåførar eller gitaristar, verkar det mindre rimleg å tala om dyktige radiolyttarar. Den performative dugleiken radiobrukarane må utføra er negativ, og består i å ha tolmod til å vera relativt rørslelaus og relativt fokusert på lydane frå apparatet. Radiomeininga vert gjeven utan at lyttaren sjølv er aktivt med på å utverka den utover å lata apparatet stå på, medan meininga med til dømes telefonsamtalar openbert krev både performativ, uttrykkande og eksplorerande persepsjon frå begge partar si side.
Folk står altså ikkje i same slags kroppsleggjorte forhold til radioteknologien som til telefonen, Ihde skil ut to andre variasjonar av teknologiforhold som den instrumentelle persepsjonen kan medføra, og desse er truleg meir relevante for skildringa av radiobruken. Desse tek også utgangspunkt i intensjonaliteten menneske – teknologi – verd. Når eg les eit kart brukar eg ein teknologi som gjev meg eit utsnitt av verda på ein måte som krev eksplorative dugleikar frå mi side, men eg står ikkje i eit performativt forhold til verda gjennom det. Når eg ser på termometeret har eg likeeins eit kunnskapsbasert forhold til visse røynlege forhold i verda, men eg persiperer ikkje varmen eller kulden gjennom termometeret.
Teknologiar av dette slaget skapar ifølge Ihde eit hermeneutisk engasjement med instrument som gjev oss kontekstuell kunnskap om verda utan å setja oss i direkte perseptuell kontakt med den (1990: s.80-85). Radiobruken ber i høg grad preg av å vera eit hermeneutisk teknologiforhold som omhandlar verda meir enn det handlar inn i verda. Me høyrer menneske snakka om ting som kanskje er relvante for oss, og kanskje ikkje. Me lærer folk å kjenna som me aldri sjølve snakkar med. Me kan gle oss eller sørga over ting som skjer på radioen. Det trengst inga drøfting av radiolydane sin røyndomsreferanse for å slå fast at radioen primært gjev oss eit kontekstuelt og språkleg formidla forhold til verda.
Sjølv om radiobruken heilt klart er eit hermeneutisk teknologiforhold deltek den også i den tredje forma for instrumentel] persepsjon som Ihde legg fram. Dette er eit forhold frå meg til teknologien sjølv der forholdet si fortsetjing i retning til verda er underordna. Instrumentet vert gjort til «den andre» (15) i eit kvasi-menneskeleg teknologiforhold («alterity relations») som er positivt og kjenslemessig (Ibid: s.98). Me seier kanskje om den gamle bilen at den har sjel, og feller ei tåre når den går på skraphaugen. Ihde meiner ikkje berre at me tillegg visse reiskapar menneskelegdom, men også at visse instrument er menneskeliknande, og såleis kan verta objekt for ein fascinasjon som er sjølvrefleksiv.
Slike forhold er vanskelege å omgrepsfesta presist. Eit døme kan vera å forholda seg til radioen som eit slags teknologisk øyre, ei menneskelik ‘høyring’ (jamfør avsnitt 3.3 og 3.8). Eit anna kan vera å forholda seg til den som eit lydtapet der det rett nok er musikk og røyster som strøymer frå høgtalarane, men der me forheld oss til ljominga som ein menneskelik tryggleikseffekt meir enn til spesifikke program eller musikkstykke. Forholdet er ikkje retta til informasjon om verda og ikkje til radiorøyster som er kvasi-nærverande, men til at radioapparatet står på og gjer steminga trivleg.
Radioteknologien har ein svært fleksibel perseptuell instrumentalitet, eit tøyeleg forhold mellom menneska sin eksplorasjon, apparata sin presentasjon og den relative verda som gjev lyd frå seg i dette forholdet. Brukaren si tilvenning til og inkorporering av radioen sitt ikkje-lokale rom kan oppfattast som eit forhold som repeterer, konstruerer og fortolkar ei verd, og dermed gjer den til kultur på ein langt meir gjennomgripande måte enn bilar og telefonar gjer. Radioen sin presenterande instrumentalitet kan innordnast i eit aspekt ved «alterity» forholdet som Ihde kallar «teknologi som spegel av verda»: «Denne spegelen av livet er, som automaten, ikkje formlik med ikkje-teknologisk erfaring, men vert teknologisk endra med
forskjellig effektar som overdriv og forstørrer somme effektar og samstundes reduserer andre» (Ibid: s.104).
Kvar gong me skrur på radioapparatet engasjerer me ein perseptuell handlingstype som tek del i eit allereie objektivert forhold til noko frå verda. Denne typen er dugleik med å høyra lydleg fokuserte presentasjonar som ikkje er våre eigne erfaringar, evna til å gjera ‘lyden av menneske’ om til ‘menneske’, ei tilsidesetjing av våre umiddelbare forhold her til fordel for ei innleving i objektiverte korrelasjonar derifrå. Vivian Sobchack omtalar den visuelle versjonen av denne prosessen: «Å sjå bilete formidla og gjort synlege gjennom teknologisk sjåing gjer oss istand ikkje berre til å sjå teknologiske bilete, men til å sjå teknologisk» (Sobchack 1994: s.88). Spørsmåla i fortsetjinga vert korleis mikrofonen sin instrumentelle intensjo-
nalitet objektiverer ‘verda’ og gjer den presentabel for lyttarane, og korleis lyttarane rettar seg til denne presentasjonen og høyrer teknologisk frå høgtalarane.
3.8. Mikrofonane si ‘høyring’.
Radioen gjev oss objekt for høyrande merksemd som vert objektiverte ved mikrofonen, redigerte og fokuserte ved bandspelaren og presenterte gjennom mottakarapparatet sin høgtalar. Der har dei vorte til stimuli som er lausrivne frå primærkjeldene sine i ein spesifikk omgjevnad. Forenkla sagt høyrer lyttarane ei ‘høyring’ av noko som skjedde i mikrofonen sin omgjevnad, og det er ikkje urimleg å hevda at teknologien mikrofon/bandspelar/høgtalar liknar mykje på den menneskelege korrelasjonen høyring/lydar.
[…] det cinematiske føretok for fyrste gong ei mekanisk projisering og synleggjering ikkje berre av den objektive verda, men av sjølve strukturen og prosessen i det subjektive, kroppslege synet – til den tid berre direkte tilgjengeleg for menneska som den usynlege og private strukturen kvar av oss erfarer som «min eigen». Altså, materialiteten til det cinematiske gjev oss konkret og empirisk innsikt og gjer den reversible, dialektiske og sosiale naturen i vårt eige subjektive syn objektivt synleg (Sobchack 1994: s.96).
Slik kameraet er fjernsynet sitt auge er mikrofonen radioen sitt øyre, og begge er særprega ved både å vera ‘subjektive’ persepsjonsstrukturar som produsentane styrer og formidlarar av objekt som publikum erfarer. Men at mikrofonen skulle gjera vår menneskelege høyring objektivt høyrleg er ein tvilsam påstand, at den skulle gje oss empirisk innsikt i den sosiale naturen til våre subjektive høyringar er endå meir diskutabelt. Den teknologiske persepsjonen kan gje oss negativ kunnskap om sansane våre, for mikrofonen sin einspora innspelingsintensjonalitet skil seg frå menneska sin heilskaplege persepsjon på måtar som gjer dei svært fleksible strukturane i den kroppslege persepsjonen tydlegare. Eg vil også hevda at dei aspekta ved den lydlege (og cinematiske) massekulturen som gjev oss innsikt i vår sosiale persepsjon, naudsynlegvis må stamma frå mikrofon- og kamerafolka sine kroppsleggjorte forhold til instrumenta sine, og frå framføringane og omgjevnadene som vert spelte inn og gjorte til massekultur.
I tolkingane mine av Gibson og Merleau-Ponty har eg lagt stor vekt på den heilskapleggjerande, orienterte eksplorasjonen av omgjevnaden, medan kamera- og rnikrofonbruken sine fremste eigenskapar er å gje oss persepsjon som er spesialisert til ein eller to sansar. Ikkje berre gjer mikrofonen ei spesialisert ‘høyring’, slik til dømes blinde også kan gjera, men den driv høyring åleine. Mikrofonen sin instrumentalitet kan difor kallast ei sansespesialisering som er teknologisk fordi ingen menneske kunne utført den, og difor treng reiskapar for å presentera oss sjølve for den framføre radio- og musikkanlegg.
Ein mikrofon koordinerer ikkje sansinga ved hjelp av rørsle-system, den oppsøker ikkje ein omgjevnad for å lytta til den. ‘Høyringa’ den utverkar kan minna om vår høyring slik den vert presentert av teoretikarar som vektlegg trekk som skiljer sansane frå kvarandre, og som tillegg sjåinga primat på kostnad av høyringa.
Hans Jonas hevdar at mennesket si høyring er prega av uvisse og vilkårlegheit («contingency»). Lydar vert kasta på oss fordi dei stammar frå hendingar som skjer og ikkje frå gjenstandar som er, skriv han, men etter mitt syn passar denne framstillinga mykje betre på mikrofonen enn på mennesket:
[L]yd, som er eit dynamisk faktum, trengjer seg på eit passivt subjekt. For at den høyrande sansinga skal koma istand er den persiperande fullstendig avhengig av noko som skjer utanfor hans kontroll, og i høyringa vert han utsett for denne hendinga. Alt han kan tilføra til situasjonen er ein tilstand av merksam forventing om at lydar kan førekoma (bortsett frå når han produserer dei sjølv) (Jonas 1970: s.316).
Mikrofonar vert alltid utsette for høyring, dei stimulerer ikkje seg sjølve. Dessutan har ikkje lydlege stimuli noka form for tyding i ein situasjon, slik dei alltid har for menneska. Alt det innspelte er like viktig eller uviktig, lydane er ikkje eit indeks på at noko faktisk skjer i min lokale omgjevnad. Mikrofonane si høyring er eit spørsmål om frekvensspekter, retningskarakteristikk, volum og andre lyd-interne kvalitetar, medan menneska si høyring i all hovudsak er retta til dei hendingane og handlingane i omgjevnaden som forårsaka lydane.
Mikrofonar har sansedataintensjonalitet, skriv Ihde (1976: s.74). Innanfor den spesifikke retningsinnstillinga til ein mikrofon vert stimulusdelen av lydhendinga registrert, aldri kjelda. Det er alltid berre lydane som vert høyrde. Heilskaplege hendingar i ein omgjevnad vert reduserte til lydspor. For mikrofonen er lydane aldri kroppslege og situerte, sjølv om produ-
sentane og teknikarane som er med på innspelinga naturlegvis høyrer dei
slik; dei er strengt mekaniske og isolerte.
Oftast er det fleire lydkjelder i omgjevnaden på same tid, slik at fleire bølgefrontar (16) vil nå øyro eller mikrofonen samstundes. Menneska kan lytta selektivt ved å røra øyre/hovud-systemet slik at den interessante bølgefronten vert høyrt best mogleg, og kjelda identifisert. Dessutan kan me retta merksemda bort frå eller til noko etter sjølvstendige motiv. Mikrofonen skiftar ikkje fokus under innspelinga si, den kompenserer ikkje for eventuelle forstyrringar ved å lytta selektivt til det som er føremålet med innspelinga, den berre svingar ilag med alle bølgefrontane som kjem til den aktuelle ståstaden.
Når menneska lyttar til andre menneske vert tilfeldig støy i omgjevnaden overhøyrt gjennom eit intensjonalt fokus på denne spesifikke lydkjelda, medan mikrofonen gjer ei perfekt kopiering av alle vibrasjonshendingane som føregår innanfor retningskarakteristikken den har, og dersom ei fluge skulle landa på nrikrofonhovudet vert summinga innspelt sterkare og tydlegare enn røysta. Såleis har den ikkje eit vedvarande objekt for ‘merksemd’ som den klarar å fanga opp trass i eventuelle forstyrringar.
Bandspelaren min, som ikkje har den same intensjonaliteten som meg, spelar inn alle slike auditive stimuli utan distinksjon, og når eg kjem attende til den for å høyra talen representert, finn eg ut at eg ikkje eingong kan høyra orda på grunn av nærveret til det som var utkantfenomen for meg. Bandspelaren sin «sansedata»-intensjonalitet har endra fenomenet (Ibid: s.74).
I menneskeleg perspektiv har mikrofonar ei ‘medvitsløyse’ og ein ‘dumskap’ som kan øydelegga viktige innspelingar sidan alle vibrasjonshendingar innanfor det perspektiverte innspelingsfeltet vert fanga opp. I lydindustrien vert dette problemet vanlegvis løyst ved at innspelingane føregår i svært kontrollerte omgjevnader, hovudsakleg i studio, men også i spesielt tilrettelagte ‘naturlege’ omgjevnader, til dømes under filminnspelingar på «location» eller når radioreporteren dreg ut i trafikken nettopp for å fanga opp trafikkstøy. Våre dagars høgkvalitetsmikrofonar har ei svært kjenslevar oppfanging («pickup») av alle dei ynskte akustiske aspekta ved lydane, og klangrikdomen, volumvariasjonane og frekvensspektra i dei vibrasjonsrørslene menneska høyrer som ei velmodulert røyst eller eit komplisert musikkstykke, vert fanga opp i minutiøs detalj av mikrofonen. Sidan ‘merksemda’ den er produsert med ikkje varierer i fokus slik vår kroppslege høyring gjer, er kvaliteten på innspelinga like høg heile tida. Trass i at menneska også høyrer svært detaljrikt, og alltid høyrer på ein perseptuell bakgrunn som gjer lydopplevinga fyldig og livaktig, høyrer me med ei viss interesse som påverkar kva som vert gjeve for oss, og dermed går me alltid glipp av noko. Me høyrer ikkje alle kvalitetane i eit innspelt musikkstykke samstundes, ein gong lyttar eg til bassgangane, neste gong til gitarsoloen og fyrste gongen høyrde eg truleg ‘heile’ stykket.
Ein av mikrofonen sine fremste kvalitetetar er at den alltid høyrer nøytralt eller objektivt (innanfor karakteristikken den er produsert med). Etter at innspelinga er gjort, kan den såleis analyserast med eit utal føremål sidan lydhendinga kan høyrast omatt i identisk versjon utan at vår menneskelege høyring av den vert gjenteken identisk. Innspelte lydar er såleis historiske ved å dokumentera visse lydlege stimuli for ei ettertid som kan høyra opptaka på stadig nye måtar.
Attåt dei intensjonale skilnadane mellom sansedata-mikrofonen og det persiperande mennesket som eg skildrar ovanfor, finst det visse intensjonale likskapar som skuldast korrelasjonen mellom ein ståstad og lydkjelder i ein omgjevnad. Både mikrofonen og mennesket sine høyringar er perspektiverte, og fangar dermed opp romma dei føregår i. Men medan me lever i performativ romlegdom, og har høyringa som ein av våre romlege korrelasjonar, er mikrofonen sin romlegdom fullstendig mekanisk, og består berre av dei akustiske effektane som gjenklang, forseinkingar og ekko skapar i membranen. Mikrofonen ‘høyrer’ eit rom som er redusert til sine lydlege aspekt.
Når eg sit i teatersalen og lyttar til talen frå scenen, utgjer min posisjon i forhold til skodespelaren eit perspektiv som er avgjerande for den bølgefronten eg høyrer, og den framføringa eg persiperer: «Lydtrykket strålar i kjegleform ut frå munnen til skodespelaren, og fyller raskt opp heile auditoriet, det sprett tilbake frå veggene, golvet og taket, og bøyest rundt medlemmene i publikumet, stolane og søylene heilt til det er fullstendig absorbert» (Altman 1992: s.21).
Dersom ein mikrofon var i min stad ville dei same bølgefrontane vorte ‘høyrde’, men den auditive romlegdomen ville vorte teken vare på som ein eigenskap ved trykkfordehnga i lydane, istadenfor som eit røynleg rom. På same vis som mikrofonen lausriv lydane av ei hending frå hendinga sjølv, lausriv den lydane av rommet frå rommet sjølv. Denne strukturen gjeld likt for lydkjelder i rørsle, til dømes når ein mikrofon er plassert i vegkanten. Medan menneska persiperer bilane i rørsle blant anna ved lydane, men også ved lufttrykket og synet, skuldast mikrofonen si registrering at det føregår ei frekvensforskyving i bølgetoga frå ei lydkjelde når den er i rørsle (Dopplereffekten), og denne kan fangast opp i mikrofonen sine membranar.
At mikrofonen også høyrer i perspektiv gjev den ein subjektlikskap som Altman kallar romleg signatur (Ibid: s.24). Menneska høyrer lydane der me til eikvar tid måtte vera, men mikrofonen er plassert på ein særskilt stad i forhold til lydkjelda for å gje innspelinga den ynskte romlege signaturen. Ein felleseigenskap ved menneska si perspektiverte høyring og mikrofonen sin romlege signatur er at begge tilnærmingane til ei lydkjelde skapar ein versjon av den, ei forteljing («narrative») om det som skjedde: «Kvar lyd set igang ei hending. Eikvar høyring konkretiserer historia om den hendinga. Eller snarare, den konkretiserer ei særskilt historie blant dei mange som kunne vorte fortalt om hendinga» (Ibid: s.23).
Dersom eg kastar ball i hagen og knuser eit vindauga, høyrer eg knaset direkte, for det finst ikkje veggar og tak som skaper gjenklang utandørs. Far min som sit i godstolen rett innanfor vindauga vert offer for ei heftig høyring av hendinga, mor mi på kjøkenet meiner å høyra at noko vart knust, men den svake lyden ho høyrer gjev ikkje inntrykk av kva. Syster mi på rommet sitt i andre etasje på baksida av huset høyrer ikkje noko av hendinga, i det minste ikkje før ho høyrer far brøla (Ibid: s.23-24).
Det subjektive ved mikrofonen si objektiverande høyring er såleis at plasseringa av den medfører dei same lydlege forholda til ein omgjevnad som menneska si situerte høyring: «For det innspelinga inneheld er ikkje lydhendinga som såvore, men ei innspeling av ei særskilt høyring, ein spesifikk versjon av historia om lydhendinga. Eikvar innspeling er difor faktisk
signert med merket til dei særskilte omstenda den vart høyrt i» (Ibid: s.24). Mikrofonen sin subjektivitet er strengt formell, for den er eit resultat av at bølgetog frå lydkjelder berre kan seiast å eksistera på visse stader i rommet i ein viss periode (Gibson 1966: s.17), og må fangast opp frå visse ståstader. Mikrofonen overskrid aldri perspektivet, sitt slik menneska heile tida gjer (jamfør avsnitt 3.5). Lyttarane må på eigenhand utfylla objektiveringa.
Å spela inn [record] er å gjenkalla i minnet, som ordboka vil ha det til, men liksom dei fleste mnemoniske teknikkar vil lydinnspelinga framheva somme aspekt ved det originale fenomenet på kostnad av andre. Såkalla innspelingar er såleis alltid representasjonar, fortolkingar, delvise forteljingar som likevel må duga som vår einaste tilgang til lydane frå fortida (Ibid.: s.27).
Altman sitt resonnement krev at intensjonen bak innspelinga får ei uttalt rolle. Eg har kamuflert produsentane av innspelinga bak ein menneskelaus sansedata-intensjonalitet, men naturlegvis er det folk som tek avgjersler om kva forteljing mikrofonen skal spela inn. Subjektiviteten i mikrofonen er tilrettelagt av menneskelege intensjonalitetar som i høg grad er sosio-kulturelt determinerte.
Kva skal avstanden til lydkjelda vera? I kva akustisk rom skal innspelinga føregå? Kva retningskarakteristikk skal mikrofonen ha? Kva frekvensspekter skal den vera kjenslevar for? Kva tekniske manipuleringar skal gjerast etter at innspelinga er gjort? Svara avheng av kva effektar produsentane ynskjer, kva fortolkingar av lydhendinga dei vil legga på innspelinga, kva overordna kontekst den einskilde innspelinga skal monterast inn i. Innspelingsvala styrer lyttarane sin persepsjon av hendinga, skriv Altman: «Det er langt ifrå slik at lydteknikaren rett og slett speler inn ei spesifikk forteljing om ei spesifikk lydhending, han har faktisk makt til å
skapa, deformera eller reformulera hendinga» (Ibid: s.25).
Mikrofonen sin sansedata-intensjonalitet er i siste instans ein reiskap for menneska sine performative og semantiske uttrykksformer slik dei er systematiserte i særskilte kulturelle praksisar. NRK har ein innspelingspraksis som er underordna lyttarane sitt forhold til radioinstitusjonen, plateindustrien har ein praksis som vender seg til lyttarane gjennom kommersielle kanalar, og filmbransjen spelar inn lydspor som skal synkroniserast med filmbilete, og difor skil seg radikalt frå både radio- og plateproduksjonen.
3.9. Høgtalarane si framføring.
Fellestrekket i all lydleg massekultur, same kva forskjelligarta endringsprosessar innspelingane måtte gå gjennom før dei lyder hjå lyttarane, er at dei vert gjevne gjennom høgtalarar. Mikrofonen si ‘høyring’ trer inn i menneska sine omgjevnader som ei utseiing eller henvending frå sekundære kjelder. Me høyrer ikkje radioapparatet, me høyrer kva som vert sagt i det, og dette er lydmediene sin grunnleggande perseptuelle type: at me høyrer innover i høgtalarane til eit ikkje-lokalt rom der dei lausrivne lydlege stimulia me høyrer vert sameina med relative kjelder som me sjølve skapar oss (jamfør avsnitta 5.7 og 5.8). Det er aldri radioapparatet som talar og spelar musikk, det er alltid visse menneske som me høyrer lydane av i høgtalarane. Radioen sjølv gjev berre lyd frå seg når me slepper den på golvet eller på andre måtar støyter den mot noko anna.
Mikrofonen si teknologiske ‘høyring’, som eg skisserte ovanfor, må altså supplerast med ei teknologisk ‘snakking’ før resultatet vert lydar som menneska kan persipera. Ved kafébordet høyrer eg talaren sine ord i ein heilskapleg situasjon, men på radioen høyrer eg høgtalaren si framføring av mikrofonen si høyring av talaren sine ord. Det er dette ekstra leddet som gjer at lydar vert brukande til massekommunikasjon.
Høgtalaren er like lite interessant for medieforskarane som papiret er for litteraturteoretikarane, slike instansar er berre mogleggjeringa av kommunikasjonen, kanalane for det interessante. Men NRK si endelaust omskiftlege utsending av lydar frå ein sentral utsendingsstad gjennom lokal infrastruktur til dei potensielle lyttarane framføre høgtalarane, vert forankra og gjorte stabile nettopp i mottakarapparat frå Philips, osb. Vår stabiliserte og uproblematiske lytting til radio skuldast at lydstraumen kan knytast til slike vikarierande lydkjelder. Det er høgtalarar og skjermar me møter i massekommunikasjonen, same kva slags framføringar som måtte komma derifrå.
Å høyra visse lydar frå apparatet er den eksplorative merksemda sin fyrste identifikasjon, det grunnleggande perspektivet frå det lokale til det ikkje-lokale rommet, og byrjinga på det hermeneutiske teknologiforholdet. Når me ikkje driv lyttande innleving i det ikkje-lokale kan lydane verta gjevne i ein anonymitet der me berre er klare over retninga dei kjem frå: «[Å] lytta til ein lyd som strøymer ut av høgtalaren er som å høyra ein plenklyppar gjennom eit ope vindauga; same kvar plenklypparen faktisk måtte vera, verkar det alltid som den er på den sida av huset der det opne vindauga er» (Altman 1992: s.29).
I utgangspunktet er dette naturlegvis rett, men forholdet mellom meg og vindauget er i likskap med forholdet mellom meg og radiohøgtalaren eit så basalt perspektivforhold at det ikkje trengst mykje eksplorasjon for å utfylla dette. Eg er kjent med omgjevnaden utanfor vindauget, eg veit at bilvegen er der og naboen sin plen der, så eg kan høyra at plenklypparen køyrer bakom hushjørna mitt, vidare rundt huset hans og til slutt framføre vind- auget slik at lydane vert til plagsom støy. Altman vedkjenner ikkje høgtalarlydane tilstrekkeleg dynamikk til å kunna høyrast på denne måten:
Medan direktelyd (17) forsyner oss med makelaust mange variablar som kvar og ein tillet og oppmodar til selektiv merksemd, legg innspelt lyd flesteparten av desse variablane saman til ei enkelt, udifferensierbar kjelde. I ein direkte situasjon differensierer me lett mellom dei ulike lydkjeldene som omgjev oss, men overfor innspelt lyd er det ikkje mogleg med slike klare distinksjonar (Ibid).
Dersom folk vanlegvis lytta til monolyd frå tyske kanalar på AM-båndet, ville Altman si skildring vore korrekt, men eg vil hevda at med dagens stereolyd, surroundsound og alle slags forsterkareffektar, kan lyttarane oppnå svært presis lokalisering av lydane i det rommet som vart innspelt. Dersom nokon i publikum hostar under overføringa frå Grieghallen, kan me høyra at hostinga kjem frå periferien av den ildtje-lokale staden som mikrofonane skapar. Føresetnaden for at lyttaren kan høyra slikt er at han/ho eksplorerer lydane frå radioen gjennom innleving (jamfør femte bolken).
Referensialiteten til radiolydane er eit emne eg ikkje har omtalt: kva forhold er det mellom lyttaren si høyring av visse høgtalarlydar og kjeldene for desse lydane framføre mikrofonen? Lydane er lausrivne frå kjeldene sine, har eg hevda, det er lydane som vert gjevne her hjå oss, og dei opnar opp eit ikkje-lokalt rom som har ein svært uavklara ontologisk status (18). I dette rommet vert individuelle versjonar av kjeldene gjevne for oss ved innleving, medan dei ‘originale’ kjeldene ikkje vert gjevne i det heile tatt. Menneske er dei vanlegaste lydkjeldene i radioen, og me kan høyra tale frå radioen, eller me kan lytta til personen Carl I. Hagen sine argument på Dagsnytt 18, men det heilskaplege mennesket vert ikkje i noko tilfelle gjeve, for då måtte han vore tilstades i stova mi.
Sidan lydane frå radioen er lausrivne frå forholdet til sine røynlege kjelder, treng ikkje kjeldene med nødvende føya seg etter kroppslege erfaringsstrukturar, slik objekt i mitt umiddelbare nærvere må. For røystene og personane kan verta borte med eit trykk på ein knapp, eller programmet tek slutt og nye røyster dukkar opp, men når venen min går ut døra vil han berre gradvis verta borte frå mi rekkjevidde. Han må ned trappa, ut på fortauet, inn på bussen. Det er ikkje råd for han plutseleg å forsvinna frå omgjevnaden min utan vidare, men det kan personane og dei andre kjeldene i radioen sitt ikkje-lokale rom. Ein film kan ha usynkronisert tale, orda kan koma før eller etter dei munnrørslene me ser, men noko slikt kan ikkje skje når kameraten talar til meg frå andre sida av bordet. Han og eg er bundne til kvarandre gjennom perseptuelle horisontar som skuldast nærvera våre for kvarandre, men det er berre lydane som er nærverande i radiokommunikasjonen, resten er eit spørsmål om perseptuell og hermeneutisk velvilje.
Det teknologiske forholdet mellom høgtalarframføringane og mikrofonhøyringane gjev oss manipulerbare utsnitt frå den lydlege dimensjonen i visse situasjonar, og difor vil det alltid skilja seg radikalt frå det kroppsbundne perseptuelle feltet. Eg kan aldri få fjerna tjue minutt frå min persepsjon av ei opplesing på Cafe Opera, men journalisten i Studentradioen stoppar truleg innspelinga under pausen, og i kringkastinga vil lyttarane neppe tenkja på om opplesinga inkluderte ein pause eller ikkje.
Tanken om at eit ferdigmontert radioprogram skulle stå i eit ryddig og objektivt forhold til eit samanhengande omgrep om ‘røyndom’ er absurd. Men som Sobchack skriv, likevel gjev materialiteten i mediene sine uttrykksformer oss konkret, empirisk erfaring med verda (1994: s.96, sjå avsnitt 3.8). Me høyrer lydar og ser filmbilete av noko som har skjedd, problemet er berre at denne teknologisk produserte ‘erfaringa’ vert perspektivert så mange gonger at den mest ikkje kan seiast å referera seg til noko einskapleg som fanst før desse prosessane. Spora etter den geografiske plassen og historiske tida innspelinga fann stad i er ganske særleg borte.
Men finst det då ingen aspekt ved gjestandane for innspeling som vert formidla utan substansielle endringar og perspektiveringar? Er det ingenting lyttarane kan vera sikre på at er slik me høyrer det også på andre sida av radioen sin teknologiske persepsjon?
3.10. Røystene.
I avsnitt 3.3 skreiv eg at radioen er ein massekommunikativ Mitsein-modus som vert gjeven ved at menneska på begge kantar forheld seg til instrument istadenfor til dei menneska som er målet med forholdet. Radioen er eit forhold frå min heilskaplege omgjevnad til ein teknologi som omhandlar verda, eit hermeneutisk teknologiforhold som i høg grad er språkleg mogleggjort (Eide 1990: s.84), og som i hovudsak gjev oss tale om verda. Fyrst vert talen perspektivert og objektivert i innspelingsprosessen, så vert den gjeme redigert, og så vert den perspektivert og objektivert ein gong til i høgtalarane si framføring for lyttarane. På grann av radioen sin perseptuelle type overskrid me desse teknologiske prosessane og høyrer lydane som allereie meiningsfulle gjevnader i form av røyster som snakkar om allslags emne me kan vera interesserte eller uinteresserte i. Vert personane bak desse røystene borte i objektiveringane?
Ihde meiner at det såkalla menneskeliknande teknologiforholdet, der teknologien vert den ‘andre’ som me forheld oss til (Ibid: s.107), er relevant for mediene. Med visse modifikasjonar er det openbert dekkande for radioerfaringa. For i kringkastinga er menneske og teknologi to sider av same sak: radio med menneske utan teknisk infrastruktur er like meiningslaust som radio med teknisk infrastruktur utan menneske. Me forheld oss til folk i det ikkje-lokale rommet, folk som me opparbeider para-sosiale forhold til, men som likevel berre er tilstades som røyster frå eit apparat.
Spørsmålet er kva menneskeleg status slike som Brita Blomquist og Hans Petter Jacobsen har for lyttarane. Er dei stimuli frå ein sanseteknologi eg opparbeider eit kvasi-menneskeleg forhold til, eller er dei menneske i sin eigen rett, lydleg formidla gjennom ein teknologi? Kva er det me investerer med forståingsvilje, tolmod, mishag, begeistring og andre former for merksemd når me høyrer på radioen? Å svara Tydar’ er like absurd som å svara ‘teikn’, og å svara ‘heile personar’ er like uklart som å svara ‘kvasi-personar’. Eg kan når som helst skru av radioen eller skifta kanal utan å få dårleg samvit overfor dei røystene eg dermed ignorerer, samstundes som eg alltid oppfattar dei som folk (jamfør andre bolken).
Dersom radioen gav oss ‘lyden av’ journalistar, musikkinstrument og allslags andre gjenstandar, ville den neppe hatt større fascinasjonskraft enn lyden av oppvaskmaskina. Men kva skjer når eg skur av radioen? Det kjennest ofte som om eg vert att åleine, det vert taust i rommet mitt, medan det berre vert stille når maskiner sluttar å dura. Eit talande nærvere vert borte, medan mesteparten av lydane i min omgjevnad er hendingar utan nokon kommunikative føremål. Radiolydane overskrid sitt reint fysiske nærvere, og radiolytting kan oppfattast som akseptering av invitasjonar henta frå Mitsein slik den føregår andlet til andlet, men reduserte til den lydlege dimensjonen åleine.
Grunnen til at røystene kan overskida objektiveringane og sin formelle status som ‘lydar frå ein boks’ er at all menneskeleg kommunikasjon krev forventa tilbakemelding for i det heile tatt å kunna finna stad. Røyster kan ikkje vera gjevne for meg utan å implisera ei henvending til meg som eg er meint å reagera på.
For å tala må du venda deg til ein annan eller andre. Folk med vitet i behald vandrar ikkje gjennom skogen og snakkar vilkårleg til ingen. Du må også lata som du er to menneske for å snakka med deg sjølv. Grunnen er at det eg seier avheng av kva røyndom eller førestilling eg føler eg snakkar inn i, det vil seie, av kva moglege reaksjonar eg kan forventa. Difor unngår eg å senda nett den same beskjeden til ein vaksen og til eit lite barn. For å snakka må eg på eit vis allereie vera i kommunikasjon med det medvitet [mind] eg skal venda meg til før eg byrjar å snakka (Ong 1991: s. 176).
Henvendinga frå menneske til menneske i talespråket er a priori tilstades, den ligg i sjølve røysta såvel som i andletsrørslene og det semantiske meiningsinnhaldet. Om eg så jagar bort ein person, henvender eg meg til han: Mitsein kan ikkje objektiverast bort. Det er grobotnen for våre menneskeliknande forhold til radioen, og kjem alltid før det semantiske meiningsinnhaldet. Me høyrer Mitsein like godt i tyrkisk og nederlandsk radio som på NRK Hordaland. For det lydlege ordet tek alltid del i eit reelt, eksistensialt nærvere som er levande menneske, skriv Ong.
Ei talt ytring vert vendt frå ein verkeleg, levande person til ein annan verkeleg, levande person eller verkelege, levande personar ti! ei særskilt tid i ein verkeleg omgjevnad som alltid inkluderer mykje meir enn berre orda. Talte ord er alltid modifikasjonar av ein heilskapleg situasjon som er meir enn verbal. Dei førekjem aldri åleine, i ein kontekst samansett berre av orda sjølve (Ibid: s. 101).
Når språket er ord er det kroppsleggjort i lydar frå røyster, og desse lydane ber alltid i seg den tilgrunnliggande heilskaplege situasjonen som skuldast kroppen til den talande. Merleau-Ponty skriv at det ‘mentale’ eller kulturelle livet låner strukturane sine frå det naturlege livet, og at det tenkjande subjektet må ha basisen sin i det inkarnerte subjektet. «Den fonetiske ‘gesten’ medfører både for det talande subjektet og tilhøyrarane hans ein viss strukturell koordinasjon av erfaringa, ein viss modulasjon av eksistensen»:
[E]i samantrekning i strupen, ei vislande utsending av luft mellom tunga og tennene, ein viss måte å spela ut kroppen på tillet seg plutseleg å verta investert med ei figurativ tyding som vert meddelt utanfor oss. Dette er korkje meir eller mindre mirakuløst enn kjærleiken sin oppkomst frå begjæret, eller gestane sin frå dei ukoordinerte rørslene i spebarnsalderen. For at mirakelet skal koma istand, må den fonetiske ‘gestikulasjonen’ bruka eit alfabet av allereie tileigna meiningar, ord-gesten må verta framført i ei viss ramme som er felles for talarane, nett slik forståinga av andre gestar føreset ei persipert verd felles for alle, der kvar einskild utviklar og spreier ut meininga si (Merleau-Ponty 1992: s. 193-94).
Når eg lukker ei bok, er det ikkje slik at eit kroppsleg nærvere vert borte, snarare er det førestillingar som veks i meg og vert menneskeleggjorte fordi eg kunne lesa språket dei vart skildra i. Radioen, telefonen og dei levande biletmediene uttrykker personar i umiddelbar form, sjølv om dei er objektiverte gjennom teknologien. Kroppane sine intensjonale uttrykk i åtferd og tale er irreduktible (Skjervheim 1974: s.24), noko Ernst Cassirer impliserer når han hevdar at dei menneskelege uttrykksopplevingane ikkje kan reduserast til subjektlause gjenstandar:
Kva det å konsentrera seg om det reine persepsjonsfenomenet viser oss, er i alle høve
dette: at persepsjonen av livet ikkje går opp i ein rein ting-persepsjon, at erfaringa av eit
«Du» aldri kan løysast opp i erfaringa av eit reint «det», eller gjennom aldri så komplekse formidlingar verta redusert til erfaring av eit reint «det» (19),
Mitt argument er at talen sin lydlegdom åleine inneheld Mitsein, innheld den lingvistiske meininga, inneheld livet, inneheld kroppslegdomen og inneheld personen. Faktisk er røysta til kvar menneskelege talar truleg merkbart forskjellig frå alle andre sine på subtile måtar, for me kan alle identifisera fleire dusin eller fleire hundre personar ved namn utifrå visse eigenskapar ved dei lydbølgene som kjem frå ein telefonmottakar. Ein person si røyst er i likskap med andletet eller signaturen eller fingeravtrykket hans spesifikk for han åleine (Gibson 1966: s.90).
Det primære fenomenet i radioen, det som kan vera gjenstand for innspeling utan substansielle endringar og perspektiveringar, som lyttarane kan vera sikre på er slik me høyrer den også på andre sida av radioen sin teknologiske persepsjon, er altså røysta: kroppen sin lydlege materialitet.
Roland Barthes sitt mystiske omgrep om ‘grannet’ («the grain») i røysta viser til møtet mellom eit språk og ei røyst, materialiteten til kroppen som snakker morsmålet sitt, og friksjonen mellom framføringa og språket den vert framført i. Reiskapane til å uttrykka og oppretthalda kommunikasjonsfellesskapen når den er teknologisert og gjort strengt lydleg, må koma frå dette ‘grannet’.
‘Grannet’ er kroppen i røysta når den syng, handa når den skriv, lemmet [the limb] når det framfører. Dersom eg persiperer ‘grannet’ i eit musikkstykke og innvilger dette ‘grannet’ ein teoretisk verdi (oppkomsten til teksten i arbeidet), set eg uunngåeleg opp eit nytt evalueringsskjema som ganske visst vil vera individuelt – eg er bestemt på å lytta til mitt forhold til kroppen til mannen eller kvinna som syng eller spelar, og dette forholdet er erotisk – men ikkje på nokon måte ‘subjektivt’ (Barthes 1977: s.188).
Fjerde bolken – Oppretthaldinga av radiorommet
4.1. Radioen er framføringar.
Kva er det som vert kringkasta i radioen? Dersom eg gjer ‘program’ til den overordna nemninga, fangar eg opp to vesentlege element i massekommunikasjonen. Programmet er ein kulturell gjenstand, ei teknologisk mogleggjort objektivering av gjeremåla til redaktørar, journalistar og teknikarar, eit produkt som kan dømmast av lyttarar, kritikarar og historikarar. Vidare er det planlagde framføringar retta mot visse målgrupper eller med føremål om visse verknader, slik sjangernemningane barneprogram, underhaldningsprogram, undervisningsprogram kan vera døme på. I denne tydinga målber programmet ein underliggande plan realisert etter visse retningslinjer.
«Alle kringkastingsutsendingar har ein innebygd kommunikativ intensjonalitet», skriv Paddy Scannell, «det vil seia at dei vert tilverka for å høyrast og sjåast av fråverande publikum, og den forma det utsendte programmet vert gjeve vil i sine einskilte trekk kroppsleggjera den intensjonen» (1993:s.12). Emna som vert omhandla og måtane dei vert framførte på vil såleis variera med intensjonen som ligg til grunn for tilverkinga av programmet. Det vil lyda forskjellig alt etter kva folk som er meinte å høyra på. Talehandlingas song og anna kommunikativ åtferd med eit visst motiv og ei viss vedvaring er altså byggesteinane i det som vert eit program i ein viss sjanger.
Eg vil omgrepsfesta korleis det ikkje-lokale akustiske rommet vert skapt av medarbeidarane sine føremålsretta framføringar og oppretthalde av brukarane si naturlege høyring. Eg vil ikkje studera einskilde program si påverkingskraft i eit kulturelt eller politisk perspektiv, heller ikkje analysera program semiotisk og dermed abstrahera dei til koda teiknstrukturar, eg vil gje journalistane sin kroppslege uttrykksaktivitet og lyttarane sin perseptuelle grunnsituasjon ei teoretisk hovudrolle i meiningsskapinga.
Snakkinga, spelinga og dei andre formene for handling med lydar i radioen vert mogleggjorte av personane sine kommunikative intensjonar, dei tilhøyrer kroppane si rørsle-evne, men vert rivne lause frå dei lokale stadene og gjorte til programmateriale gjennom verkemåtane til den lydlege sanseteknologien. I mitt fenomenologiske perspektiv er måtane radiorommet vert tilskipa og oppretthalde på gjennom kroppsarbeid meir interessante enn kva spesifikk tydning einskildprogram har. Når persepsjonen står i fokus kan ikkje uttrykks- og inntrykksaktiviteten reduserast til tekstuelle analyseobjekt, men beheld rørslene sine, personlegdomen sin og si fundamentale lydlege form.
Kva er så ei framføring? Den er ei kommunikativ handling som står i eit direkte forhold til resepsjonen sin, skriv Paul Zumthor (1994: s.218). Framføringa («performance») er den stunda då teksten faktisk vert erfart. «Difor refererer den til eit tidspunkt som vert erfart som notid, og til det konkrete nærveret til deltakarar som er direkte medverkande i handlinga» (Ibid). Framføringa aktualiserer dei mange mogelege utføringane av visse intensjonar i ei særskilt framferd eller fleire menneske sine koordinerte framferder. Den føregår altså på ein geografisk stad til ei historisk tid med så og så mange aktørar overfor eit visst publikum.
Men denne definisjonen vert upresis i lys av sanseteknologiane sine verkemåtar, for telefonen, filmen, radioen og fjernsynet sine ‘tekstar’ bind framføringane til ulike uttrykk som står i forhold til det aktuelle mediet sine perspektiverte begrensingar på persepsjonen (sjåing og/eller høyring), på grada av interaksjon mellom partane i kommunikasjonen, og på mediet sin tidslegdom (direktesending eller opptak). Zumthor understrekar at «medialiseringa» av framføringar gjer det råd å repetera bodskapen i ein forstand som er analog til den litterære teksten, den gjev framføringa eit «ekstratemporalt nærvere».
Dei framføringane som skapte Wesensteen sin Supperådsketsj er så å seia tekne ut av den framoverskridande tida, og kan mangfaldiggjerast, repeterast og analyserast omtrent som trykte tekstar. Alle radio- og fjernsynsprogram som ikkje vert kringkasta i form av opptak vert spelte inn under utsendinga, så storparten av vår tids framføringar går inn i historia på ein meir materiell måte enn kva som var mogeleg i tidlegare tider.
Men framføringane har sine grunnleggande særtrekk i behald trass modifikasjonane, for programproduksjonen føregår i stor grad som teknologifri åtferd framføre teknologiske mikrofonar og kamera, med den vesentlege føresetnaden at åtferda må retta seg etter kva perseptuelt materiale det aktuelle mediet kan formidla. Medialiseringa «forsterkar eller svekkar somme av dei fysiske aspekta ved framføringa, framfor alt dei som har å gjera med ‘perseptibiliteten’ til framføringa», skriv Zumthor. «Men den tillet ein viktig del å fortsetja: utnyttinga [the employment] av forskjellige sanselege stimuli og erfaringar i utsendinga av ein bodskap» (1994: s. 218).
Kroppen si rørsle-evne er det fundamentale utgangspunktet for kommunikative handlingar, den kan ikkje medialiserast bort frå framføringane, så dei må tileignast gjennom ei høyrande og/eller sjåande forståing som liknar på erfaringane i det umiddelbare nærveret. Ei framføring kan ikkje ‘lesast’ som ein ‘tekst’, den må opplevast som eit menneske sine handlingar også når den er redusert til radio eller fjernsyn.
Vivian Sobchack omtalar fotografiet som eit verkeleg spor etter personlege erfaringar, ein konkret ekstroversjon av erfaringar som kan tilhøyra fleire enn fotografen og dei andre som var nærverande, sidan den har fått ei materiell vedvaring (Sobchack 1994: s.92). Kringkastingsprogram, plateinnspelingar og filmar er også ekstroversjonar av menneskeleg åtferd, for dei fangar opp (tilrettelagte) aspekt ved samfunnshendingar og personlege handlingar i form av verkelege persepsjonsobjekt som kan kringkastast, kopierast, sirkulerast, eigast og sparast på som ein av målestokkane for erfaringslivet. Medieprodukta er i dette perspektivet «the money of the real», skriv Sobchack (Ibid).
Dei menneska som deltek i mediene sine ikkje-lokale ekstroversjonar av den perseptuelle erfaringa kan aldri vera fullt seg sjølve, same kor spontane og private handlingane deira måtte verka (skjult kamera, innringingsprogram), for publikum vil oppleva dei som både introverte og ekstroverte på same tid, som subjekt i framføringa og som objekt for programmet, dessutan alltid gjennom det perspektivet som den aktuelle bruken av mikrofonen/kameraet påfører utsendinga.
Det som vert framført på radioen er i all hovudsak bodskapar i form av talehandlingar. På Dagsnytt, i Nitimen og mellom låtane i P3 får me servert folk som snakkar og snakkar enten med kvarandre eller åleine til oss. Talen kan vera autoritær, omgjengeleg, vittig, lærerik, betrevitande, trist, lykkeleg osb. Om dei ikkje snakkar, gjer dei andre framføringar som skal målbera ei meir eller mindre klar meining, og vonaleg gje uttrykk for noko som kan appellera til oss som høyrer på, til dømes speler dei musikk enten på direkten eller i plateopptak. Men språket i radioen må naudsynlegvis vera framføringar, og spørsmålet vert korleis den daglegdagse talen heng saman som semantiske tydingar og kroppslege rørsler. Kort sagt: Korleis vert denne typen språkbruk iverksett for dei potensielle tilhøyrarane? Og kva rolle har den lydlege dimensjonen i slik betydningsaktivitet?
4.2. Den kroppsleggjorte teksten.
Zumthor kallar teksten ein heilskapleg lingvistisk sekvens med ei samla meining som ikkje kan reduserast til summen av dei enkeltvise meiningseffektane som delane av teksten kallar
fram (1994: s.218-19).
Teksten deltek som eitt ledd i det kommunikative arbeidet («work») som framføraren utverkar gjennom utnyttinga av fysiske energiar i intensjonal form.
Det er to seriar av former som arbeidet stammar frå. Ein av desse seriane er gjort av lingvistiske former som samla utgjer teksten, og den andre består kortfatta sagt av det eg har kalla sosio-korporlege former. Desse er alle ikkje-tekstuelle deler knytte til kroppslegdomen til deltakarane, og deira sosiale eksistens som medlemmer i ei gruppe, og som einskildpersonar innanfor gruppa. Arbeidet sjølv stammar frå koblinga av tekstuelle og sosio-korporlege føresetnader (Ibid: s.221).
Det skriftlege arbeidet er noko nær ein rein tekst, og har vanlegvis ytterst få spor etter den som førte det fram til lesaren, medan talen er eit arbeid som er gjennomsyra av framføraren sine sosio-korporlege eigenskapar. Ein munnleg tilverka tekst motstår i langt større grad enn den skrivne å verta lausriven frå sin sosiale funksjon, frå sin stad i ein verkeleg fellesskap, frå ein anerkjent tradisjon, og frå omstenda den vert opplevd i. Dette skuldast at den kviler på ei fysisk røyst, skriv Zumthor (Ibid).
Sjølv den ukompliserte opplesinga av ein skriven tekst krev at framføraren er veltalande, utdjupar Zumthor. Han/ho må ha ein talestil som er uanstrengt, ei evne til å prega lyttaren med stemningar, og ein rytme i uttalinga som dominerer lyttaren og gjer at han/ho vil følgja med. I alle høve vil ljominga («the sounding») i røysta prega tydinga til framføringa. «Språket får ikkje naudsynlegvis ei klar, gjennomsiktig meining under slike omstende. Istaden vert språket sin lingvistiske eksistens gjennomsiktig» (s.222).
Den semantiske meininga kjem til steg for steg i eit avhengeforhold til røysta, og det forholdet som utgjer uttrykksarbeidet vert skapt av kroppen. Kroppen er provet på at talen ikkje berre er ei iverksetjing av det lingvistiske systemet. Talen kan bryta systemet sine grammatiske føresetnader, gjeme også motseia dei. Den umiddelbare tydinga i kvar einskild framføring av talespråket gjer det uråd å skildra språkforståinga på ein uttømmande måte ved berre å ta omsyn til formale teiknfunksjonar.
Talen føregjev ofte å vera nøytralt forteljande, men inneheld alltid ein kommentar til forteljinga gjennom måten røysta ljomar på, og måten talaren beveger kroppen på. Begge aspekta skjenkar teksten uttrykk. Forteljinga og kommenteringa eksisterer saman i uttrykksarbeidet, likevel spelar dei kvart sitt eige, sjølvstendige spel, ifølge Zumthor. Lyttaren forstår det tekstuelle elementet på ulike måtar alt etter kva truverde og tillit han/ho høyrer i den talande si røyst. Det som vert kalla diksjon former ein retorikk for røysta som talaren brukar til å situera både teksten og seg sjølv i det kommunikative kontinuumet han deler med lyttarane (1994: s.222), men den talande har aldri full kontroll over kva effekt retorikken hans/hennar får.
Zumthor gjer ikkje klart kva dette kontinuumet er og korleis det vert oppretthalde. Eg vil rotfesta lyttarane si forståing av dei sosio-korporlege formene i dei lokalt levde Mitsein-erfaringane, under premissen om at både framførarar og tilhøyrarar må byggja sine språkleg-sosiale dugleikar utifrå andlet til andlet-situasjonen (jamfør avsnitta 2.5 og 2.6).
Ifølge J.L. Austin sin omgrepsbygnad (Liibcke [red.] 1991: s.240-41) kan ei ytring involvera tre handlingsledd som verkar i heilskap eller delvist, alt avhengig av konteksten den vert sagt i. Talen vert vanlegvis framsett i form av ei formulering som er meiningsfull for den talande sjølv (den lokusjonære handlinga), og frå dette utgangspunktet har ytringa høve til å verta forstått av ein annan som ein intensjon om noko (den illokusjonære krafta), til dømes som ei skildring, ein lovnad, ei åtvaring, ein trussel osb. Fyrst dersom den tiltalte vert medviten om føremålet med talen, har det kome istand kommunikasjon mellom partane. Den forståtte talen kan vidare få ein bestemt verknad i medvits- og kroppstilstanden til den høyrande (den perlokusjonære effekten), til dømes ved at han vert forskrekka og spring sin veg, eller ler høgt av vitsen.
Både dei lingvistiske og dei sosio-korporlege formene som ytringa består av deltek i oppbygginga av den aktuelle forståingskonteksten. Sidan talen på radioen er strengt lydleg, får ljominga i røysta ei framtredande kontekstskapande rolle. Denne brukar journalistane svært medvite for til dømes å gjera programmet ‘koseleg’, ‘seriøst’, ‘ironiserande’ osb.
Eg vil hevda at alle framføringar kan setjast inn i Austin sitt oppsett sidan dei er intenderte og vert framsette i særskilte kontekstar. Musikk er eit uttrykk som har potensiale for å verta forstått, og det kan openbert skapa effektar hjå lyttaren i form av kjensler, tramping av takten og dansing. Slik sett er det ingen fundamental skilnad på talehandlingane og framføringar som er mindre knytte til lingvistiske uttrykk, for alt kommunikasjonsarbeid følgjer kontekstuelle kontinua. Desse kan oppstå mellom einskildpersonar andlet til andlet, mellom lesaren og den skriftlege teksten, mellom lyttaren og radioframføringa, mellom ein person og eit samfunnsfenomen, eller mellom mange menneske i ein lokal situasjon. Det kommunikative kontinuumet er såleis ei mengd svært omfattande kulturelle dugleikar som einskildmenneska meistrar i større eller mindre grad, og det er med på å bestemma kor vellukka kommunikasjonen mellom dei aktuelle partane vert. Korleis fungerer denne kontekstbygginga i radioen sitt tilfelle? Strengt tatt er ikkje radioen meir enn lokusjonær, for berre den lydlege rørsla i framføringa vert spelt inn, og heile forståingskonteksten må byggast på usikkerheita som dette medfører. Framførarane ved mikrofonen veit ikkje korleis lyttarane ved høgtalarane vil reagera, og kan ikkje forhandla fram ei intersubjektiv fortsetjing. Framføringa vil naudsynlegvis måtta verta ein einetale. Sjølv om radioarbeidarane naturlegvis ynskjer å gjera konteksten velfungerande, vil den måtta vera ei følgje av institusjonaliserte føremål i det aktuelle programmet, ei følgje av visse meir eller mindre klare sjangerrammer.
Ifølge Scannell tilseier sunn fornuft at kringkastarane bør tiltala menneska slik dei vanlegvis snakkar med kvarandre, for utsendingane frå radioen vert vanlegvis høyrde som ein del av dei generelle sosiale forholda i husstanden, og framføraren bør tilpassa framferda, tiltalemåten og den generelle stilen sin etter slike omstende (Scannell 1993: s.14). Eg oppfattar den kringkasta kommunikasjonen som ubestemt i den forstand at det konkrete forholdet mellom partane alltid er ukjent, sjølv om eit større sosialt og kulturelt persepektiv på radiobruken naturlegvis vil stadfesta at den ikkjelokale kommunikasjonen fungerer.
4.3. Med lydar som gjeremål.
Skapar radioen sine perseptuelle begrensingar fattig kommunikasjon? Tapar framføringane i mangfald og handlingsrom ved å verta reduserte til lydar åleine?
Andrew Crisell skriv at radioen kan verka som eit veikt medium sidan publikum ikkje kan sjå dei medverkande menneska slik som på fjernsyn og film, og heller ikkje råder over eit vedvarande objekt som dei kan reflektera over, slik trykt skrift gjer råd (1994: s.5). Radioen sine kodar er reint auditive og øyra er ikkje vårt mest ‘intelligente’ sanseorgan, hevdar han, difor må utnyttinga av kodane vera relativt enkel. «Risikoen for tvetydigheit eller fullstendig kommunikasjonssvikt er stor, så i alle former for radio vert det gjort mykje for å overkoma mediet sine begrensingar og for å etablera forskjellige kontekstar som me vanlegvis ville kunna sett sjølve» (Ibid). Det visuelle vakuumet kan altså oppfattast som radioen sin største veikskap.
Kringkastinga sin tydlegaste reduksjon føregår i handlingsrommet mellom framførarar og publikum. Istadenfor å gjera blindskapen til den mangelen som skapar mistydingar, vil eg hevda at både fjernsyn og radio utset brukarane sine for ei særskilt perseptuell handlingslamming som er den fremste kjelda for kontekstløyse og eventuelle kommunikasjonssviktar (jamfør avsnitt 3.4). Når opplevinga av ei framføring er redusert til lydane som strøymer ut frå ein høgtalar, kan ingen lyttarar ha noka form for lokalt nærvere til eller performativ kroppsdeltaking i det aktuelle uttrykksarbeidet, medan dei som er nærverande på framføringssida gjerne erfarer heile den perseptuelle situasjonen som omgjev innspelinga.
Andlet til andlet-situasjonen vert gjerne oppfatta som den kommunikative ursituasjonen (Ong 1991), og i høve til den føregår all kringkasting ved at partane er strengt åtskilde frå kvarandre. Tileigninga av intensjonen med framføringane må difor føregå ved reint eksplorativ persepsjon, i radioen sitt tilfelle ved hjelp av den høyrande merksemda. Alt som ikkje kan høyrast er borte frå kommunikasjonen sjølv om det like fullt finst eller har funnest på kringkastingssida, og den høyrande kan difor berre ha performativt engasjement i den lokale situasjonen som omgjev radiolyttinga. Sidan me oftast er engasjerte i omgjevnadane våre har radioen ein tendens til å verta eit selmndærmedium. Den lyder med alle sine framføringar utan at me legg særleg merke til den.
Men har ikkje radioen si strengt auditive kringkasting av kultur- og samfunnslivet også sine fordelar? Har ikkje denne reduksjonen av kommunikasjonen visse sterke sider som nettopp skuldast blindskapen og handlingslamminga, sider som radioarbeidarane gjer medviten brak av utan at kontekstvanskane øydelegg lyttarane si forståing?
Jo, naturlegvis. Den lydlege forma skjerpar det allereie lydlege føremålet i tale- og musikkframføringane til ein reinleik og eit fokus som radioen er åleine om å rå over blant massemediene. Radioen sitt lydlege fokus er ei teknologisk avgrensing av journalistane sine arbeidsreiskapar som gjer at dei må bruka all si tid på å skapa eit lydleg kommunikasjonsrom som i størst mogleg grad appellerer til innleving frå lyttarane si side, og nettopp denne perseptuelle eindimensjonaliteten til radioen er dens sterkaste estetiske trekk. For det er ikkje få kommunikative attraksjonar radioen rår over ved berre å vera lydleg. Opplevingsrikdomen som ventar på lyttaren dersom han/ho lever seg inn i det ikkje-lokale akustiske rommet står ikkje tilbake for nokon andre medier.
Kva estetisk og betydningsmessig handlingsrom har radiojournalistane? At menneska alltid høyrer noko som skjer er det fundamentale perseptuelle utgangspunktet, og i den naturlege haldninga høyrer me fyrst og fremst noko som skjer med og mellom ting. Når me ikkje oppfører oss som psykologar, filosofar og medievitarar er lydane også alltid allereie meiningsfulle og omgrepsleggjorte, for eg høyrer lyden av lastebilen, lakkskoa
på parkettgolvet og det forkjøla barnet.
Denne avslappa måten me tek for gitt og ‘identifiserer’ ting på ved lydar er ein del av vår pågåande kvardagserfaring. Denne fellesevna til å lytta ber i seg ein ekstraordinær distinksjonsrikdom og dugleiken til å fornemma bittesmå forskjellar i den auditive teksturen. Ved hjelp av den veit me kva lyttinga vår refererer seg til, og ofte også kvar
den rettar seg (Ihde 1976: s.59).
Når me rettar oss til radioen høyrer me den lydlege delen av talehandlingar og musilckframføringar som i alle høve har si lydlege form som fokus for gjeremålet. Dessutan høyrer me allslags andre hendingar eller handlingar som føregår eller føregjekk framføre mikrofonar.
Dei aktuelle lydsituasjonane er somme tider medvite lausrivne frå ein geografisk stad og den historiske tida til fordel for eit estetisk sjølvstende, til dømes i bokopplesingar eller ved spelinga av den niande symfonien til Beethoven. Andre gonger er mikrofonane medvite tilskipa for å framheva den lokale innspelingsstaden som ein del av lyttaropplevinga, til dømes ved direkteoverføringar av sportshendingar eller konsertar, og atter andre gonger vert staden og tida formulert av journalisten, som ved statsministeren sin tale frå Stortinget. Svært ofte høyrer me intervju og reportasjar der ein del av føremålet med dei er å verta sendt direkte eller kort tid etter innspelinga, slik Her og nå på P1 er eit døme på. Kort sagt høyrer me lydane frå radioen med eller utan sine lokale framførings stader, og med eller utan tida dei vert/vart framførte i, som uttalte deler av føremålet med programmet.
Men har lydane i det lokale rommet dei same eigenskapane som radiolydar dersom ein trekkjer frå blindskapen og lyttaren sin mangel på heilskapleg nærvere til framføringa av dei? Nei, for radiolydane har ein mangel på kobling til sine respektive lokale kjelder som ingen lokale lydar kan ha (jamfør avsnitt 3.3), og dei er alltid kommunikative meiningar som har til intensjon å verta attkjente som intenderte (Scannell 1991: s.5). Denne eigenskapen har slett ikkje alle dei lokale lydane kring oss.
Eg vil omgrepsfesta to typar av lyd i forholdet mellom kroppen og den lokale omgjevnaden; lydhandlingar og lydhendingar. Dersom den aktuelle høyringa av lydar skuldast menneskelege gjeremål som berre vert vellukka dersom nokon høyrer dei, kommuniserer lydane ein intensjon. Dersom lydane er biverknader av handlingar med andre føremål, eller skuldast hendingar heilt utan menneskelege intensjonar, framkjem dei som lydhendingar. Tale og musikk er framståande lydhandhngar, lydane frå bilhorn, dørklokker og sirenar er mindre innlysande. Lydhandlingar vert alltid framførte for menneske, og oppfyller berre føremålet sitt dersom nokon lyttar til dei. Men regnet derimot har ingen tankar om å plaska mot bølgeblekken, sprakinga i vedomnen og maskinlarmen er like blotta for lydlege intensjonar. Dei er lydhendingar som identifiserer kjeldene, rørslene og romma sine, og kan aldri kallast mislukka. Dei levandegjer omgjevnaden for det høyrande mennesket ved å skapa hendingar eller stille ikring oss, dei opnar det lokale rommet og gjer det dynamisk.
Sjølvsagt kan allslags lydar overførast på radioen, dei er jo sjølve reiskapane til å byggja radiorommet med. Lydhandlingane ber i stor grad meininga si uskadd på radioen sidan føremåla med til dømes gitarspelet ikkje ligg i den fråverande gitar/kropp-kjelda, men i den overførbare lyden av handlinga. Kroppane og personane som ytrar seg vert ikkje lausrivne frå talen dei talar, me høyrer at det er Knut Borge som seier det sagte. «Einskildmennesket er sannsynlegvis den einaste årsaka som kan produsera ein lyd, den talande røysta, som karakteriserer dette individet åleine» (Chion 1994: s.26).
Lydhendingane misser derimot si spesifikke kjelde og gjer det råd for radioarbeidarane å bygga opp typiske romlege bakgrunnar for dei framføringane som til eikvar tid står i sentrum. Trafikklydar viser ikkje til eit spesifikt vegkryss, men til ei sosial typeforståing ‘trafikkstøy’. Naturprogrammet føregår ‘i skogen’ eller ‘ved sjøen’, i sportsoverføringa er mikrofonar utplasserte spesifikt for å fanga opp den typiske sosiale støyen av hendinga.
Mikrofonen gjer alle lydhendingar om til slike skildrande uttrykkshandlingar på grunn av perspektivet hendingane vert innspelte frå, og det alltid underliggande føremålet dei vert innspelte med. Journalisten kan spela inn reportasjen sin med støyen som kulisse for bodskapen, bråket får ein importert intensjon som berre kjem til ved hjelp av programkonteksten det vert avspelt i. Kommuniseringa av ei hending gjer den til ei handling. Dei einaste reelle lydhendingane på radioen skjer når sendinga fell ut eller noko fullstendig uplanlagt hender under ei direktesending.
Stille er ein problematisk lydtype (20) i kringkastinga. Maasø skriv at produsentane i dei audiovisuelle mediene har redsle for stumme bilete. Lyd vert assosiert med liv, og stille med død (Maasø 1994: s.70). At radioen vert stille tyder fyrst og fremst fråvere av handlingar, fråvere av menneske. Det har gjerne oppstått ein teknisk feil, kanskje i lyttaren sitt radioapparat eller kanskje frå kringkastarane si side. Stille i radioen medfører hovudsakleg at lyttarane vert usikre. Kva tyder dette? Er noko gale? Skal det vera slik? Så lenge stilla ikkje skuldast ein openberr feil i utstyret, vil den kunna tyda mest kva som helst, alt etter konteksten den inngår i. I ein samtale kan den tyda ‘usikkerheit’, ‘eg ventar’, ‘eg tenkjer’. Varer den ved etter at ei dør vert smelt igjen tyder den truleg ‘ingen er att i rommet’, etter lyden av ein bilkrasj ‘død’, etter ei ringeklokke ‘han søv enno’. Så lenge den ikkje skuldast ein feil er stilla også alltid relativ. I høyrespelet er det gjeme den trauste tikkinga i ei bestefarsklokke som tyder ‘stille’, i samtalen er det små lydar frå pusting, fikling med pennen og liknande.
I det lokale livet kan stille innebera fred og ro, men på grann av radioen sitt lydlege fokus er det ikkje mogleg å gje den ein slik funksjon, for lyttarane vil alltid lura på kvifor det er stille.
4.4. Radioen sitt rørlege rom.
«Kvar stad har si eiga unike stille, og det er av denne grannen at ved lydinnspeling i utandørslokaliseringar, i eit studio eller i eit auditorium vert nokre sekund med ‘stilla’ som er spesifikk for staden innspelt» (Chion 1994: s.57). Om radiojoumalistane ikkje speler inn stille slik filmprodusentane gjer, så brakar dei i det minste rommet der framføringane føregår som ein integrert del av innslaga sine.
Studioet er hovudrommet i radioen. Det er bygd for å stenga ute mest mogleg av allslags lokale lydar, og for å dempa gjenklangen som eit innelukka rom vanlegvis skapar. Brukarane høyrer såleis det statiske, stabiliserte studioet nettopp ved å høyra svært lite anna enn røystene og dei andre aktuelle lydane. Kva er lyd utan gjenklang («reverberation») spør Rick Altman, og svarar at det er «lyd talt av nokon tett ved meg, men det er også lyd talt til meg heller enn bort frå meg. Lyd med liten gjenklang er lyd eg er meint å høyra, lyd som er formulert for meg» (Altman 1992: s.61).
Studioet medverkar til at røystene og det tekstuelle elementet i framføringane kjem så klart og tydleg frå radioapparatet at me kunne tru journalistane sit heime hjå oss og snakkar. Det skapar lydbilete som er så reinskorne for lokal støy at min individuelle, lokale støy fyller ut talestraumen og gjev den ein naturleg stad her. Studiotalen er tilskipa for å lata seg inkorporera i lokale omgjevnader.
Attåt den heimstaden som studioet utgjer for radiorøystene, talar journalistane ofte i omgjevnader som er meinte å ta del i programmet i meir eller mindre lett gjenkjenneleg form. Slike oppsøkte rom er dynamiske. Journalisten beveger seg gjerne omkring og skapar rørsle som mikrofonen fangar opp, og i omgjevnader som ikkje er spesialbygde kan ingen heilt ha kontroll over korleis akustikken trengjer seg på mikrofonen og dei talande. På kontoret ringer telefonen sjølv om journalistane gjer opptak. Det er nettopp dynamikken og autentisiteten i dei oppsøkte stadene som er føremålet med å gjera opptaket der. Når programmet har vasskraft som emne passar det ypparleg å intervjua folk i ein fjellhall der ekko og gjenklangar let lyttaren høyra storleiken på rommet, veggane sin hardleik og kulden der inne.
Frå oppsøkte rom kan me også høyra allslags spor av handlingane til dei involverte, for dei sit ikkje musestille ved eit bord med filtduk på, dei lener seg fram og attende, kanskje spring det born omkring dei, kanskje misser einkvan noko på golvet. Produsentane treng ikkje å tilrettelegga slike effektar, dei er ein funksjon av dei einskilde stadene sitt sosiale og materielle miljø, og staden for opptaket vert valt med omsyn på kva lydleg omgjevnad den har.
Lyttarane si erfaring av posisjonane folk i radiorommet har overfor kvarandre, og rørslene og handlingane dei gjer, er i siste instans alltid eit spørsmål om mikrofonbruk. For i radiorommet er det naudsynlegvis mikrofonen som utgjer den ‘høyrande’ ståstaden, og retningskarakteristikken den har dannar det aktuelle fokus/bakgrunn-perspektivet på lydhandlingane som føregår (jamfør avsnitt 3.8). Einkvan kan koma inn i studioet der bortefra medan ein snakkar her, og då brukar dei ein mikrofon som er meint å fanga opp slik romlegdom. Andre mikrofonar er svært einsretta for å gjera det lokale rommet som vert innspelt minst mogleg høyrleg.
Lyttarane får alltid høyra dei framføringane programskaparane vil at me skal høyra, i det lydlege rommet dei meiner passar best til det aktuelle føremålet. Difor er radioen handling med lydar i konkrete lydlege omgjevnader som utgjer einskilde ikkje-lokale stader i det overordna ikkje-lokale rommet.
4.5. Noveret.
Lydar er flyktige sanseinntrykk. «Ved uttalinga mi av ordet ‘permanent’ er ‘perma-‘ -delen borte, og må vera borte, når eg kjem til ‘-nent-delen», skriv Walter Ong (1991: s.32). For det er ikkje råd å stoppa lydar slik at dei vert permanente. «Eg kan stoppa ein filmframvisar og halda
ei ramme fiksert på skjermen. Dersom eg stoppar rørsla til lyden har eg ingenting – berre stille, ingen lyd i det heile tatt» (Ibid). Lydane presenterer seg gjennom denne forsvinnande forma fordi dei har rørsler som produksjonskjelde.
All sansing føregår i den livaktige notida, men radiokommunikasjonen er underlagt persepsjonen sin tidslegdom i meir reindyrka grad enn nokon andre inntrykksformer fordi dei aktuelle lydkjeldene aldri er nærverande og permanente for oss. Radiolyttarane kan berre erfara endringa, modulasjonane i det ikkje-lokale akustiske rommet. CD-lydane er i det minste
bundne fast til for eksempel desse 34 minutta og 22 sekunda med musikk frå Captain Beefheart si plate Safe as Milk, som eg kan erfara igjen og igjen dersom eg ynskjer.
Den ikkje-lokale radiodimensjonen eksisterer som ei kontinuerleg utsending av stadig nye, om enn typiske og delvis gjentekne framføringar, i ein flyt som ingen kan sjå enden på. Fjernsynet har den same eksistens-modusen sjølv om bileta naturlegvis gjev programma ei relativt klar romleg framsyning i tillegg til framtoninga. Slike kringkasta framføringar kan berre med liten presisjon kallast nærverande eller fråverande, men dei kan alltid kallast noverande. Frå dette perspektivet oppfattar eg radiorommet sin grunnleggande eksistensmodus som eit novere.
Det er journalistane og musikarane sine framføringar som er kjelda for noveret, ikkje lydane som såvore. Den kroppsleggjorte språket og musikken er simultane heilskapar av prosess og resultat, dei er rørsler fulle av tyding som berre kan finnast under utarbeiding, og tydinga tek slutt når arbeidet er fullført. Skriftleg språkbruk kan fyrst verta kommunikasjon når arbeidet er fullført. Ein song føregår så og så lenge, medan boka er så og så lang. Noveret må difor oppfattast som den irreduktible forma til den kommunikative intensjonen når den vert framført, og det kan vera synleg og/eller høyrleg, medan den skrivne meininga berre er synleg og oftast permanent (21). I radioen vert framføringane tilrettelagte og utførte slik at dei får ei abstrahert, strengt lydleg novereform.
Crisell let ikkje framføringane få primat, han framstiller det prosessuelle, livaktige aspektet ved radioen som ein konsekvens av lydane sin natur, og gjer såleis det lydlege til utgangspunktet for noveret: «[D]et faktum at kodane er auditive og difor eksisterer i tid, forklarer den større kjensla av ‘liveness’ me får frå radioen (og dei visuelle mediene) enn me får frå litteraturen» (Crisell 1994: s.9). Faktum er i alle høve at dei auditive kodane stammar frå framføringar som vert gjorte av levande menneske i eit novere. Mikrofonane snappar opp denne ‘føregåinga’ og overfører den til lyttarane sitt lokale rom, eller speler den inn så den kan redigerast før utsending. Sidan noveret er ein del av radioen si lydlege form kan det utnyttast som ein meiningsberande variabel og signalisera aktualitet (Gro si røyst, klikking i fotoapparat, kaos) eller elde (ei knitrande, susande 78-plate), og andre
‘tidslegdomar’ alt etter kva programarbeidarane ynskjer å oppnå i dei einskilde kontekstane.
Sjølv når lyttarane veit at me høyrer eit opptak, til dømes eit høyrespel med Stompa & Co, høyrer me dei spela no, me høyrer eit tidlegare novere som vart spelt inn og kan gjentakast så lenge bandet finst.
[R]adioen ser ut til å vera eit presensmedium sjølv når programma er innspelte; den tilbyr erfaringar med eit utbyte som ligg i ei ukjent framtid. I likskap med teateret, filmen og fjernsynet ser den ut til å vera ei utgreiing om kva som går føre seg no heller enn eit dokument om det som har føregått (Ibid).
Lyttaren kan vera i tvil om han høyrer ekte galopp eller to kokosnøtter slegne mot kvarandre, men han tviler ikkje på at han høyrer denne lyden no, like lite som han tviler på at framførarane høyrde lydhandlingane sine no, då dei vart spelte inn. Høyringa føregår alltid direkte, og korresponderer alltid med direktehendingar på den sentrale sendestaden, sjølv om det aktuelle radioarbeidet ofte består i å lata eit spoleband eller ei plate snurra på avspelaren. Sidan radioarbeidarane og lyttarane er samtidige, deler me ei notid som me koordinerer handlingane våre etter ved hjelp av den objektiverte klokketida, og kringkastinga sitt novere skrid fram i denne ramma.
Den programinterne kompleksiteten i novereformene kan illustrerast med eit oppdikta, men plausibelt Dagnytt frå Marienlyst, som viser nokre av måtane romleg- og tidslegdomen i framføringane kan koordinerast på: Jingel i opptak utan tid- og romidentifikasjon, journalisten les nyhende på direkten, Dag Halvorsen rapporterer frå Beograd i opptak frå tidlegare same dagen, journalisten snakkar med Per Kristian Foss direkte frå Stortingsstudioet og Ivan Kristoffersen direkte på telefon frå Tromsø, journalisten les minneord over forfattar X på direkten, det vert sendt ei diktopplesing med den nettopp avlidne forfattaren i arkivopptak frå 1965. Desse ulike stadene og tidene vert monterte saman i eit tidsrom på omlag tre minutt.
Me som lyttar til denne rekkja av tider og stader og menneske, treng ikkje naudsynlegvis vita kva tid og rom framføringane stammar frå for å skapa oss adekvat forståing av framføringane. Søkinga etter slike lokale spor kan overhøyrast til fordel for merksemd om den stadige fortsetjinga av talen eller musikken. Men dersom eg faktisk ynskjer å vita dette er det ikkje i noko tilfelle råd for meg å høyra på lyden kva dei lokale koordinatane er (22). Kanskje kan eg høyra at utsendinga verkar gamal, til dømes dersom den er ei 78-plate, men vanlegvis får me oppretta slike tid og rom-kontekstar ved at journalistane fortel oss noko som me må stola på.
Konteksten er «nøkkelen til meininga med lydane, musikken og stilla på radioen – og verkemiddelet til å etablera konteksten er i botn verbalt» (Crisell 1994: s.53). Også når eg høyrer Kong Olav tala, og difor veit at dette må vera eit tidlegare novere, er det ein sosial, fortalt kontekst som har gjeve meg kunnskapen om at han er daud – kanskje nyhenda på radioen. Men eg kan ikkje i noko fall høyra at Kong Olav er daud, eg kan berre høyra at han ein gong har vore levande. Så sjølv om det primære noveret til radioen er ein udiskutabel, perseptuell storleik fordi lyttaren sjølv opnar det ved å skru på, er programmet si spesifikke novereform ein kontekstuell storleik, så og seia ein konvensjonell tidslegdom. Lyttarane har typiske erfaringar som til dømes tilseier at musikk har ein tendens til å vera så og så gamal alt etter ‘sounden’ den har, medan nyhende, prateprogram og sportssendingar truleg går direkte. All slik typekunnskap er sosiale dugleikar opparbeidde blant medmenneske både i det lokale og det ikkje-lokale dagleglivet.
Frå den rikhaldige menyen av moglege novereformer vil eg halda fram ‘liveness’; direktesendinga. Når framføringane vert utsende medan dei vert utførte, deler journalistane sitt aktuelle novere med lyttarane. Den livaktige notida er synkronisert og skrid fram i ein slags fellesskap som låner autentisitet til programmet. Direkteoverføringa byggjer opp under ein illusjon om umiddelbart nærvere som tilfører lydane eit særleg preg av kontakt med ‘det verkelege’ (Johansen 1995: s.130). Brukarane veit at produsentane ikkje kan ha fullstendig kontroll over sendinga sjølv om dei planla den grundig. Noko uføresett kan skje når framførarane til ei viss grad er tvungne til å improvisera, til å takla dei ulike samtalane og hendingane spontant og ‘ekte’. Slikt kan vera god radio av fleire grunnar. Sendinga kan verta kontinuerleg oppdatert, lyttarane kan ringa inn og reagera, journalistane kan tabba seg ut, planane kan omarbeidast heile tida. Fleksibiliteten i ei direktesending er potensielt svært stor, for i dette reelle noveret kan heile den innspelte mediehistoria ta del ved avspeling av kva som helst slags tilgjengeleg band. Såleis kan til dømes Erik Bye intervjuast på direkten i 1996 om ei radiosending han leia på direkten i 1960, og me kan høyra utdrag frå den. I kontekstuelt perspektiv er det fullt mogeleg å utnytta desse direkteeffektane i program som er innspelte, sidan radiobrukarane vanskeleg kan avsløra ei falsk ‘direktesending’. Dersom journalistane medvite forsnakkar seg litt og stotrar av og til, kan dei byggja opp eit inntrykk av liveness sjølv om innspelingane føregjekk over ei periode på fjorten dagar, eller dei kan faktisk spela inn programmet utan nokon stopp og senda det ut uredigert etterpå. Begge tilfella gjev døme på fleksibiliteten i radioen sitt novere.
4.6. Velviljen i den naturlege høyringa.
Gjennom radiojournalistikken sin 75 år lange profesjonshistorie har det vorte akkumulert ei stor mengd kontekstuelle kodar og redigeringsknep som produsentane brukar for å skapa den ynskte tid- og romreferansen i utsendinga (jamfør Colbjørnsen et.al. 1987 eller andre innføringar i radioarbeid). Eg har ikkje til føremål å gjera ei systematisk utgreiing om alle desse konvensjonane.
Eg vil fokusera på at dei vert oppretthaldne av brukarane si perseptuelt og sosialt opparbeidde naturlege haldning til radioen, lat meg kalla denne ei naturleg høyring av det ikkje-lokale akustiske rommet (jamfør andre og tredje bolken for dei sosiale og perseptuelle bakgrunnane). Me lyttar sjeldan for å kartlegga mikrofonbruken, dei akustiske forholda på innspelingsstaden, kva lydeffektar som vart brukte, kor mange band som er monterte saman, eller kva redigeringsprosessar sluttresultatet stammar frå. Takka vere den gjensidige kommunikative intensjonaliteten oss imellom (jamfør avsnitta 2.5, 4.1 og 5.1), høyrer me i hovudsak akkurat det radioprodusentane har gjort arbeidet sitt for å lata oss høyra. For i vår vestlege kulturkrins er radiokommunikasjonen institusjonalisert som gjensidig determinerte produksjonsformer og høyremåtar.
Kanskje høyrer me eit intervju gjort på ein kafé der småprat og klirring i koppar og glas ligg under heile den uavbrotne samtalen. Kanskje vart intervjuet gjort i ein heilt stille omgjevnad slik at det kunne klippast etter ynskje, og deretter tilføyd kafélydar for å gje det meir ‘liveness’. Slike triks kan nok avslørast av ein skarp og kritisk lyttar, men det er ganske føremålslaust å oppfatta radioarbeidarane si tilskiping av lydbiletet som løgn eller fiksjonalisering. Det er gjennom slike grep at radioprogram vert laga. Dersom radioen ikkje skulle vore tilrettelagt, konstruert og ‘kunstig’, kunne den ikkje vore massekommunikasjon, den måtte vore ein hobby for amatørar. Den naturlege høyringa på radioen har vorte tilvant stadig nye lydmontasjar i små og store historiske steg som den teknologiske utviklinga har bestemt rytmen i, men radiobrukarane har ikkje naudsynlegvis vore merksame på dei ulike tilskipingane.
Eg vil ikkje drøfta kvifor radiobrukarane godtek konstruksjonar i radiorommet, for eg trur me overhøyrer dei i ei uproblematisk og velforståande tileigning av dei kommunikative intensjonane som menneska i programma har. Det interessante spørsmålet er snarare korleis me høyrer radiolydane naturleg.
Hovudpåstanden min er at me høyrer dei som program. På spørsmål om kva lyttaren høyrer, vert svaret gjeme at eg høyrer på radioen, på P3, på ‘Kritikertorget’ eller på overføringa frå landskampen. I den naturlege høyringa har me alltid allereie konstituert radiolydane som konkrete kulturelle erfaringar av program i vår noverande biografiske omgjevnad. Me konstruerer ikkje ein individuell lydleg heilskap ved hjelp av spontan auditiv kreativitet, me grip den heilskapen som tonar fram frå apparatet slik den vart tilrettelagt for oss på sendestaden. I den naturlege høyringa er radiolydane korkje mystiske eller mirakuløse, for i nittini prosent av tilfella vert dei høyrde av ein lyttar som veit at dei stammar frå radioen.
For sidan radioen berre er lydhandlingar og alltid har eit kontrollert utsendingsvolum, er det vanskeleg å misoppfatta dei som lokale lydar. Når nokon pratar høgt og jevnt og trutt ovanfrå, skjønar eg at naboen har skrudd på radioen, og musikk som ljomar frå eit vindauga let seg umiddelbart høyra enten som CD-speling eller som lokale framføringar på pianoet i
stova.
Utover dei programmessige særeigenskapane som me kjenner att av
kulturelle grunnar, følgjer lydane frå radioapparatet dei same mekaniske lovene som lokale lydar. Vibrasjonsrørslene i høgtalarmaterialet skapar lydar som me persiperer på same måte som alle andre lydar; i den umiddelbare omgjevnaden frå ein ståstad som skapar eit perspektiv. Det teoretiske faktum at radiolydane har kompliserte forhold til kjeldene dei stammar frå, og ofte har like kompliserte forhold seg i mellom når fleire band er monterte saman og lyder ilag, vert overskridne av vår uhyre tilpasningsdyktige persepsjon (jamfør avsnitta 3.4 og 3.7).
Radiolydane er jevne og kontinuerlege for øyro våre, men samstundes er denne programflyten full av brot og overgangar mellom ei rad forskjellige typar av lyd. Den er ein collage, ein heilskap samansett av mange ulike deler. «[Sjølve] naturen til innspelte lydhendingar tillet oss å skøyta ein innspelt lyd saman med ein annan i redigeringsprosessen [editing] utan at skøyten vert merka» (Chion 1994: s.41-42). Til dømes kan ein filmdialog vera stappfull av velutførte skøytar og ihopmonteringar som det er uråd for lyttaren å høyra.
I motsetnad til visuelle kutt, hoppar ikkje lydskøytane tii øyro våre eller tillet oss å skilja ut identifiserbare einingar i lydmontasjen. Kinoen er ikkje den einaste staden dette hender. Lydar har vorte redigerte sidan det vart teknisk mogleg i radioen (for om lag seksti år sidan) og i plate- og bandinnspelinga. Uavhengig av om bilete er involverte, har ikkje omgrepet om eit ‘høyrleg klipp’ eller ei eining i lydmontasjen dukka opp som ei nøytral, universelt gjenkjenneleg eining i nokon av desse tilfella (Ibid: s.41).
Tyder dette at lydsporet konstituerer ein kontinuerleg flyt utan nokon brot, spør Chion, og svarer nei (Ibid: s.45). For me kan merka oss lydeiningar frå radioen, til dømes setningar, støy, musikalske tema og andre slags blokker av lyd, men berre dersom dei tilhøyrer typar me er vande med frå kvardagslivet. Og me identifiserer dei etter kriterier som er spesifikke for
den typen lyd som vert høyrt:
Dersom scenen har dialog, analyserer høyringa vår den vokale flyten til setningar, ord – altså lingvistiske einingar. Vår perseptuelle oppdeling av støy vil skrida fram ved utskiljing av lydhendingar, med større lettheit dersom det er isolerte lydar. I eit stykke musikk identifiserer me melodiar, tema og rytmiske mønster i den grad vår musikalske trening gjer det råd. Me andre ord høyrer me som vanleg, i einingar som ikkje er spesifikke for kinoen og som avheng fullstendig av lydtypen og det valgte lyttenivået (Ibid). Vår naturlege høyring forheld seg ikkje naudsynlegvis til dei einingane som programma objektivt sett er konstruerte av. Det er ikkje dei samanskøyta klippa som konstituerer lydeiningar for oss, for desse flyt saman i ein heilskap me lagar einingar ut av ved våre lokalt opparbeidde perseptuelle typar. Dersom eg høyrer ein samtale på radioen, kan eg oppretta ‘hans setningar’ og ‘hennar setningar’ som to separate einingar åtskilde ved ordskiftet. Det som for meg er hans samanhengande resonnement før ho overtek ordet, kan faktisk vera setningar klipte saman av mange ytringar han gjorde i løpet av den innspelte samtalen. I dette dømet fell ikkje mine høyrde einingar saman med lydeiningane på bandet.
Likvel; i mesteparten av programflata følgjer lydlege brot og tekniske overgangar mønstra frå dei daglegdagse, høyrde einingane. Lydeiningane er oftast identiske med så og så langvarige ytringar frå ein særskilt person. Så vert han/ho kutta og ei ny person ytrar seg, og etterpå kjem nyhenda, som heilt tydleg er redigert etter høyrlege einingar. Når hallodama har sagt ‘Vi set over til vervarslinga i Bergen’, oppstår det ein skøyt som tilhøyrer denne vesle bodskapen, den verifiserer så og seia forflyttinga av det ikkje-lokale rommet frå Oslo til Bergen. Men radioen har også program tilskipa i lydeiningar som me ikkje kan høyra fordi dei lagar ein nøye samansett heilskap der me berre får høyra skøytane dersom produsenten gjer dei høyrlege med vilje. Radioteatret er eit openbert døme, og mest all musikken som vert spelt er nøye samanredigert av ei rad lydeiningar.
I den naturlege høyringa leiter me ikkje etter den faktiske kompleksiteten i lydbiletet, me lever oss inn i det etter kriterier som produsentane skapar ved medvite å utnytta vår måte å høyra på. Me utfører ein «suspension of disbelief’ som del av vår kulturelt skapte velvilje overfor dei abstrakte lydane frå radioen.
4.7. Vår tids perseptuelle infrastruktur.
Mi oppgåve er å setja systematiske ord på forholdet mellom erfaringa og det erfarte når relasjonen mellom desse storleikane er strengt lydleg. Folk sin radioaktivitet er ein lokal bruk av tid til å høyra på noverande ikkje-lokale stader, ei institusjonalisert utviding av våre biografiske situasjonar gjennom samankobling av to i utgangspunktet åtskilde sosiale og perseptuelle rom.
Peter Larsen har skildra dette møtet for fjernsynet sitt vedkomande:
Der er en fysisk lokalitet, en dagligstue, nogle møbler, kort sagt: et sted – som transformeres til et ‘TV-rum’ i det øjeblik en eller anden tænder for kassen i hjørnet. Er række antropologiske studier fra de senere år fortæller os, at dette sted er ‘åbent’, at seerne praktiserer det på uendeligt mange måder, og at mange af disse måder er lige så individuelle og idiosynkratiske som fodgængernes praktiseren af deres by. Ikke desto mindre har disse forskelligartede praksiser en institutionel kerne, hvor minimal den end kan forekomme: de er (som fodboldfans’enes aktiviteter) rettet mod og koordinere! Med de aktiviteter der utspiller sig på det andet sted (Larsen 1996: s.19).
Strukturen i denne stad-korrelasjonen er lik for begge mediene, sjølv om det perseptuelle materialet som vert brukt mellom sjåaren og fjemsynsrommet er forskjellig frå radioen sitt. Lyttarane si sosiale retting mot radioen er den naturlege høyringa som eg skisserte ovanfor, og denne kviler på ei perseptuell koordinering som transformerer den lokale omgjevnaden til eit radiorom. Denne transformasjonen skuldast kroppen sin perseptuelle nærleik til radioen si ljoming, slik fjernsynsparalleilen i tillegg til høyringa krev at blikket er retta til skjermen. For å delta i ikkje-lokale stader må folk vera innanfor høyrerekkevidde av lydar og/eller bilete som må føregå på lokale stader, og den romlege dimensjonen har såleis primat i mogleggjeringa av radiobruken.
Lydar er bølgerørsler som spreier seg i sfæreform frå kjelda si og vert høyrde i ein konkret perseptuell situasjon. Til eit gjeve tidspunkt finst det altså like mange ljomingar av Dagsnytt som det finst påskrudde radioapparat innstilte på NRK, og like mange aktualiseringar av denne ikkje-lokale staden som det finst lyttarar i nærleiken av apparata. Det kringkasta
programmet føregår i mangfaldiggjorte romleg novere som ingen kan vita talet på, det gjennomgår ei pluralisering sidan høyringa føregår på stader der framføringane ikkje føregår/gjekk, og lyttarane dermed høyrer andre lydar enn radioarbeidarane gjer/gjorde. Radio er lydar i den tekniske reproduksjonen sin tidsalder, og forholdet mellom einskildlyttaren og programmet er ei fordobling som bygger bm over den romlege kløfta mellom kringkastinga frå ein sendestad og tileigninga framføre radioen.
Mi innspeling av Oistrakh og Rostropovich som spelar Brahms sin dobbelkonsert med George Szell og Cleveland filharmoniske orkester vart innspelt i Severance Hall. Når eg set plata på stereoen min og senker stiften, vert imidlertid konserten veldig dobbel. Ikkje berre høyrer eg den vidkjente akustikken til Clevelandorkesteret sin faste konsertsal, eg må samstundes halda ut med den mindre enn ideelle akustikken i mi eiga stove. Kvar lyd eg høyrer er såleis dobbel, merka både av dei spesifikke omstenda kring innspelinga og av særeigenskapane i reproduksjonssituasjonen (Altman 1992: s.27).
I platespelinga er det alltid opptak som vert fordobla, i radiobruken vert programma spreidde gjennom ein omfattande infrastruktur som består av elektriske og elektro-magnetiske komponentar for å flytta på lydar, enten medan dei vert framførte eller ei kort eller lang stund etterpå dersom innslaget går i opptak.
Eg vil undertreka at eg ikkje brukar stad-omgrepet metaforisk. Når radiobrukaren skrur seg frå Skumma kultur på Studentradioen til Dagsnytt på NRK, stiller han apparatet inn på eit møte med framføringar frå Marienlyst i Oslo istadenfor frå Nygårdshøyden i Bergen. Dagsnyttjournalisten sit i eit studio i ein bygning og les; rundt omkring i hus, på gater, i bilar og på fjellet lagar hundrevis av menneske program som skal sendast eller er under utsending. I visse strok av Noreg er åtte, ti forskjellige frekvensbånd i bruk 24 timar i døgnet (23). Radiokommunikasjonen er eit ubestemt høve til å møta eit utal lokale stader som er abstrakte og uidentifiserbare i det ikkje-lokale.
Stad-korrelasjonen gjennom fordobling kan medføra eit reelt handlingsrom mellom partane dersom framførarane appellerer til visse gjeremål og somme lyttarar tek appellen til følge. Denne moglegheita vert særleg brukt i direktesendingar, sidan journalisten og lyttarne deler ei gjennomlevd notid og dermed kan koordinera den vanlegaste interaksjonsforma: ‘Klokken er
08.03, dette er Birger Vestmo i Opptur på P3.1 kveld har Rolling Stones konsert på Valle Hovin og vi gir bort billetter til de tjue første som ringer inn på telefon 2233 4455’.
Journalisten treff mange menneske heime, truleg er dei på kjøkkenet med frukoststellet. Alle lyttarane med telefon har potensiale for å få dagen sin endra av Vestmo, og den som kjem på lufta vert ein framførar i nokre sekundars røynleg samankobling mellom studioet og lyttaren sin stad. Han/ho må skru av radioen sin for ikkje å skapa feedback, for dei to stadene kommuniserer i ei perseptuell sløyfe som mikrofonane snappar opp og høgtalarane gjer høyrleg. I kvardagens individuelle radiobruk er slik interaksjon eit unntakstilfelle, men den er i det minste gjennomførleg.
I Bergen finst det minst sju frekvensbånd; NRK Pl, P2 og P3 (nattradio felles med Pl), P4, Puddefjord Radio, Radio 1 og MFM Bergen.
Ingen treng reisa langt for å oppleva noko ildcje-lokalt, for spørsmålet er alltid når eit program går på lufta, og ildcje kvar det går. Den sosiale samklangen mellom lyttestadene og framføringsstadene vert koordinert i tidsrelevansar som dreier seg om sendetider og innslaget si historiske novereform. Om tre kvarter byrjar det direktesendte aktualitetsprogrammet Her og nå, i morgon sender dei eit høyrespel med Stompa frå 50-talet. Radioen sin meny er strukturert etter arbeidsdagen og dei andre medievanane våre, me rettar oss til det ikkje-lokale og gjer lydane til kulturelllærdom i ei innfatning som gjev den tidslege erfaringsdimensjonen primat i brukaren si forståing.
Den tidsleg strukturerte medieinnlevinga skapar individuelle biografiske mediehistoriar i koordinasjon med den klokketidsregulerte mediehistoria på samfunnsnivå, for i den naturlege haldninga akkumulerer me ein svært samansett kunnskap om produkta sine respektive eigentider og dei tidene me erfarte dei i, begge naudsynlegvis relative til våre noverande biografiske situasjonar.
Kvar var du då Oddvar Brå brakk staven? Eg høyrde Revolver fyrste gong i 1982 då eg var tretten år, men visste godt at plata vart utgjeven i 1966 då eg ikkje eingong var født. Det er eit allmenmenneskeleg fenomen å knyta ikkje-lokale hendingar til tida og staden me erfarer dei i, særleg dersom mediehendinga eller min eigen aktuelle situasjon er noko utanom det vanlege. Den perseptuelle stad-korrelasjonen i radio- og anna mediebruk vert fyrst gjort til sosial kontakt med framføringar på ein ikkje-lokal stad når me skjønar noveret deira (jamfør avsnitt 4.5).
Men kor mykje veit radiobrukarane om kva tid programma vert/vart konstruerte? Me veit i det minste at dei berre vert laga ein gong på visse stader, og at alle andre stader og for all ettertid vert dei høyrde utan å verta laga, dei vert berre sendte omatt. Nyhendeprogramma går alltid direkte og vert mest aldri gjentekne, innslag frå aktualitetsprogram (sport, konsertar, intervju med kjente folk) vert gjerne brukte i andre samanhengar seinare, kulturprogram går ofte i reprise kvelden eller veka etter, og høyrespel kan brukast i mange tiår; alt saman innanfor kanalen sine rammer. Svært mykje av musikken gjennomgår ein mest uendeleg, langsiktig repetisjon på tvers av kanalrammene, medan reklame vert repetert intensivt over ein kort periode.
Det avheng av våre individuelle kulturelle kompetansar kva medvit me har om innslaga og sjangrane sine typiske no vereformer, men alle veit at programtypane kjem att etter faste mønster. Veret er nytt kvar dag, men det er ikkje nytt at vérmeldinga kjem etter nyhenda klokka 08. Dei faste postane og mønstra i kanalane sitt programtilbod er lyttarane sin fremste reiskap til å gjera seg kjende med det ikkje-lokale rommet, og til å tileigna seg lyttevanar.
4.8. Frå overføring til innspeling.
Frå lydkringkastinga byrja i 1920-åra til bandspelarteknologien vart ein praktisk brukeleg reiskap i midten av 1930-åra (24), høyrde lyttarane talen og songen frå studio akkurat då dei vart framførte, og presentasjonsforma var ei overføring som enno ikkje kunne kallast ‘direkte’. For i likskap med telefonen utgjorde kringkastinga ei levande novereform som folk høyrde føregå der medan dei høyrde det her. Sjølv om radioen gjerne vart oppfatta som eit mirakel, gjerne også som ein framandgjerande teknologi, hadde ikkje lyttarane føresetnader for å høyra noko anna enn den livaktige notida ein annan stad. Dei hadde ikkje grunnlag for mistanke om at det høyrte kunne ha føregått tidlegare.
Innspeling var synonymt med grammofonplater som folk sjølve spelte heime og kunne kjenna att på radioen (25), og film som alle opplevde i kinosalen sine klart definerte omgjevnader. Innspelinga var såleis ikkje ein integrert del av radioen si overføringsform, men eit eige medium for nedfelling av lydar som stofflege gjenstandar, byrjinga på det som kan kallast
lydobjekt.
Eg dreg fram denne historia om overføring for å visa at omgrepet ‘direktesending’ i vår tids forstand fyrst kunne oppstå når førehandsinnspelte program var vanlege nok til at produsentane fann det naudsynt å skilja ut den direkte sendinga som ein eigen sjanger. «Kategoriane om direkte og innspelt vert definerte i eit gjensidig utelukkande forhold, fordi
førestillinga om direkte vert basert på fråveret av innspeling, og det definerande faktumet ved innspelinga er fråveret av direktesending» (Wurtzler 1992: s.89).
Fyrst då opptaksteknologien og den journalistiske åtferda vart så velutvikla at det ikkje lenger var råd å høyra forskjel på direkteoverførte og innspelte framføringar, kunne omgrepet om ‘liveness’ eller livaktigheit koma til: Kringkastinga si novereform gjer at det alltid verkar som om framføringane føregår nett når me høyrer dei (Fiske 1991: s.67; Crisell 1994: s.9), men dersom lyttarane kunne høyrt forskjell på opptak og direktesending ville ikkje ei slik medviten samanblanding av novereformer kunna lykkast. «Det direkte vert alltid ‘produsert’ som ein kunstig kategori av umiddelbarheit, og er difor alltid eit sitat frå seg sjølv; aldri direkte, alltid ‘direkte’. Paradoksalt nok eksisterer denne lysta på det originale og det autentiske saman med vedkjenninga av at det aldri kan vera ein slik ting» (Wurtzler 1992: s.89, sitert etter Steve Connor). I ein femtenårsperiode var kringkastinga i det minste original og autentisk i den forstand at lyttarane berre høyrde direkteframføringar og heller ikkje mistenkte noko anna for å vera tilfelle.
Innspelinga er ikkje i noko tilfelle umiddelbar, og difor heller ikkje autentisk på den måten alle lydar i alle former måtte vera før lydteknologiane kom til. Det er altså opptaksteknologien som har gjort slutt på radioen si framføringsmessige uskuld og tvunge fram debatt om kva røyndomsstatus det me høyrer skal vedkjennast.
I dag tek me for gitt at allslags lydar kan kringkastast, til og med maurensine fottrinn kan spelast inn og sendast ut. Dei fleste kanalane baserer seg på eit svært omfattande arkiv med opptak av program, einskildmenneske sin tale (forfattarar, politiske figurar, songarar osb.), historiske hendingar, lydeffektar og andre typar av lydmateriale. Støtt og stadig vert små utdrag eller heile programseriar brukte omatt av historiske eller økonomiske årsakar. Kunnskapen om at noko me høyrer på radioen kan ha vorte sendt før – og kan sendast omatt, ligg difor djupt i vår tids naturlege høyring. Ingen trur at framføringane er unike og berre let seg erfara akkurat no, for så å forsvinna for alltid.
Me veit også som del av typekunnskapen om radio at mikrofonen og opptaksutstyret medfører ei fastlåsing av noko føregåande, ei fiksering av eit visst lenge vedvarande novere ein stad til ei tid, og me veit at rekkefølgja i framføringane kan endrast på, at dei kan monterast saman med andre oppå eller etter kvarandre, og at elektronikken gjer det råd å føreta substansielle endringar i lyden etter den er innspelt. Den naturlege høyringa har inkorporert teknologien sine moglegheiter i den forstand at me sjeldan vert overraska over lydframføringane me høyrer i mediekvardagen, men snarare over dei ofte uklare eller direkte uforstålege intensjonane som ligg til grunn for overdriven manipulasjons- eller effektbruk.
Medan overføringstidsalderen gjorde det naturleg å oppfatta studioframføringane som ein original lyttarane kunne høyra i stovene sine, eller eventuelt ta bussen til Store Studio for å oppleva, må oppfattinga av kringkasting som eit forhold mellom ein original og mange kopiar naudsynlegvis verta meir diffus når innspelingsutstyret har kome i dagleg bruk, og lyttarane for lengst er vande med det. Under sendinga av Her og nå kan somme innslag vera innspelte medan andre er direkte, og somme kan vera ei miksing av innspelte og direkte element, alt introdusert av programleiaren på direkten. Forholdet mellom kjeldene, dei ‘originale’ ljomingane som vert spelte inn (eventuelt manipulerte) eller sende ut direkte, og ‘kopiane’ lyttarane høyrer heime i stovene sine er eit svært komplisert teoretisk problem.
Men lyttarane si forståing er neppe eit problem på nokon mål våre perseptuelle og sosiale dugleikar for lengst har gjort oss vane med å høyra på føremåla med framføringane heller enn etter kjeldene og di i referensielle truverdet. Både måten utstyret vert brukt på for å spela inn ikkje-lokale lydar og vår naturlege høyring av dei er grunnleggande konvensjonelle. Dette inneber at forholdet mellom det erfarte og erfaringa er ein historisk foranderleg storleik.
Me treng ikkje å oppgje det originale, det verkelege eller det autentiske, men me må anerkjenna at desse erfaringane og verdiane også er produkt av historisk definerte omstende, og at oppkomsten deira i likskap med oppkomsten av representasjonar av desse fenomena følgjer visse reglar (Lastra 1992: s.85).
Dei romma og tidene produksjonen av dei ulike lydtypane føregår i, vert i stor grad definerte av visse sosiale former for lydproduksjon og -resepsjon. Lastra går utifrå at innspelinga av ein symfoni vert gjort med mikrofonane retta mot orkesteret heller enn mot publikum, med ein viss avstand til orkesteret heller enn frå tuten på tredjetrompeten, og gjennom eit ope rom heller enn frå undersida av ein stol på siste rad (Ibid: s.75). Parallelt med teknikarane si intensjonalisiering av rrukrofonane si ‘høyring’ har lyttaren eit føremål med si høyring. Eg kan lytta til eitt instrument, til heilskapen sin lydlege kompleksitet eller etter feil i framføringa. «Det verkar innlysande at kva me persiperer i ein gjeven situasjon er determinert av ‘måla’ som ligg implisitt i lyttehandlinga. Kva som gjeld som eit betydningsfullt element endrar seg når me endrar rammene våre» (Ibid: s.85).
Innspelinga er ikkje ein reproduksjon av ein lokal original, men eit perspektiv på visse framføringar som berre delvis korresponderer med det som føregjekk framføre mikrofonen, ein versjon som vart tilverka for å lyda slik den no gjer. Innspelinga representerer såleis framføringar gjennom den strategien produsentane valgte ut for å gjengje dei. Det som skal spelast inn vert pre-strukturert for mikrofonen og gjer resultatet til ein konvensjonsskapt konstruksjon.
I dei fleste samanhengar på radioen er bruken av omgrepet ‘original’ om den lokale framføringa av det me høyrer svært misvisande, for studiopraten og intervjua har sjeldan sjølvstendige føremål utover intensjonen om å verta spelte inn slik og slik. «[D]et er ingen identifiserbar ‘ting’ som kan ‘puttast i’ eit apparat, for det er ingen ting-å-representera utanfor måla med sjølve representasjonsakta. Eikvar representasjonshandling, også ved hjelp av teknologi, arrangerer objektet sitt framføre seg på ein slik måte at det vert gjort representabelt» (Ibid: s.75).
Dersom ein teiknar lagar ei skisse av andletet mitt, kan eg synast at gjengjevinga var god eller dårleg. Når eg ser ein reproduksjon av Guernica, veit eg at gjengjevinga er fotografisk presis, men at måleriet eigentleg er kjempestort og ville gjeve eit heilt anna inntrykk dersom eg var i nærvere til det. Dersom eg seier at eg har høyrt dette høyrespelet med Stompa tidlegare, tyder det at eg har erfart akkurat desse framføringane i akkurat denne lydmontasjen tidlegare. Eg tek for gitt at programmet høyrdest fullstendig likt ut førre gongen, og vil berre tenkja på å referera grada av gjenkjenning til mitt personlege minne om det som føregjekk, til merksemda eg hadde førre gongen eg høyrde det.
Eg forheld den ikkje til noko meir originalt enn gjentakinga, for det ikkje-lokale vert berre gjengjeve feil dersom bandspelaren sin avspelingsfart er feil.
Femte bolken – Innleving
5.1. Lyttinga til tale.
Eg er heile tida midt i den perseptuelle utfaldinga mi, men for å skildra høyringa etter fenomenologiske retningslinjer, må eg reflektera meg ut av denne naturlege haldninga til kvardagen, og problematisera dei perseptuelle dugleikane eg forstår lydane med. I denne bolken spør eg ikkje kva som vert forstått, men korleis høyringa bringer lydar til forståing, og difor tek ikkje det konkrete programinnhaldet på radioen del i resonnementet. Emnet er lyttinga slik den føregår i typisk, alltid situasjonsbestemt merksemd om radiouttrykka, og premissen er at den naturlege haldninga til lydane gjer dei umiddelbart meiningsfulle. Me lyttar ikkje til lydar, men til biografisk situert meining med dei, og eg vil klargjera rammene for denne meiningsskapinga ved å omgrepsfesta lyttesituasjonen.
Kva inneber det å lytta til radio? Premissen for slik merksemd er at radioarbeidarane sine framføringar av uttrykk vert utsende til det ikkje-lokale kommunikasjonsrommet, som er ope for tilhøyrarar når radioapparat er påskrudde. Me kan retta den perseptuelle merksemda mot slik ljoming, og då retter me oss frå det lokale til det ikkje-lokale rommet. Grada av merksemd me har om lydane er avgjerande for grada av ordforståing og for grada av innleving i uttrykka. Som eg understreka i avsnitt 4.5, har radiolydane eit udiskutabelt novere for alle brukarane. På bakgrunn av denne vereforma kan framføringane ha forskjellige grader av nærvere eller fråvere alt etter kor sterk innleving tilhøyraren gjev radioen (26).
Når eg lyttar til eit program ved eksplorativ persepsjon trer det lokale rommet tilbake og vert ein bakgrunn for mi innleving i det ikkje-lokale. Eg følgjer med på framføringar som dermed vert nærverande for meg medan eg i perseptuell forstand vert fråverande for omgjevnaden min. Den trekkjer seg tilbake som ein bakgrunn for fokuset på lydane. Når eg utfører gjeremål i performativ modus høyrer eg oftast radioen som sekundærmedium. Den vert eit lite nærverande lydtapet i det lokale rommet, ein del av bakgrunnen for perseptuell merksemd om noko i omgjevnaden som vert nærverande. Radiobruk inneber altså å venda seg til det ikkje-lokale rommet i større eller mindre grad. Med noveret som haldepunkt kan eg gjera radioprogrammet relativt nærverande gjennom innleving, eller ha merksemd om andre ting som dermed tvingar programmet til relativt fråvere.
I den naturlege haldninga er lydane frå radioen velkjente eller ukjente program og røyster med meir eller mindre interessante innhald. Dei er tale, musikk eller lydeffektar som umiddelbart vert forstått slik eller sånn på bakgrunn av våre biografiske situasjonar. At det omskiftlege innhaldet på radioen kjem til medvit for lyttaren berre gjennom høyrande forståing, er ein så lekamleggjort del av kvardagen at særtrekka ved denne forståingsforma sjeldan får merksemd. Men faktisk er den ein svært lite handgripleg kulturell dugleik fordi den føreset så mykje delt perseptuell og kulturell kunnskap. Den består i å retta høyresansen til lydlege føremål som me på førehand er istand til å forstå, og nettopp difor vert utsende. Kulturelle kroppsframføringar vert aktualiserte til meining i ein uproblematisert intersubjektivitet som menneska på begge sider av kanalen er jamstilte deltakarar i.
Eg vil fokusera mine undersøkingar på korleis talen vert høyrt, fordi radioarbeidarane si snakking er det fremste materialet for den lyttande merksemda, medan musikken hovudsakleg vert høyrt (27). Det er ikkje råd å forstå dei språklege betydningane i orda utan å lytta til dei. Når eg høyrer radioen passivt, høyrer eg ein bakgrunnsgraut som ikkje er meir enn lydleg, men når eg lyttar, høyrer eg røyster og språklege utsegner i form av sterke overtydingar, uengasjerande pludring eller nøytrale opplesingar av gruoppvekkande nyhende.
Det er kroppen i heilskap som peikar ut og som snakkar, skriv Merleau-Ponty (1992: s.197), for talen er overskotet ved vår eksistens over dei naturlege gjenstandane. Når ordet vert snakka, vert vår kroppslege eksistens polarisert i ei viss retning og gjeve ei tyding (28) i form av kropprørsler og lydlege modulasjonar. Denne intensjonen vert projisert på kroppen sin materielle omgjevnad, og kommunisert til andre kroppssubjekt. I ytterste konsekvens må kroppen verta den tanken eller intensjonen den uttrykker for oss, hevdar han vidare (Ibid). Når nokon er sint, let det seg sjå på kroppen hans, og høyra i dirringa i røysta. «Gestane får meg ikkje til å tenkja på sinne, dei er sinnet sjølv» (s.184). Når me seier at ein person er morosam,
meiner me faktisk at han er morosam medan det står på.
Men Merleau-Ponty skriv ikkje at det intensjonale uttrykksfenomenet fungerer også når ordet er ribba for alt anna enn røysta sitt register. Han skriv ikkje at det er råd å kommunisera med andre menneske gjennom eit reint lydleg novere i det ikkje-lokale rommet. Slikt svært abstrahert samvere er berre råd fordi røysta ber i seg personlegdomen og haldninga til den
talande kroppen sjølv om andre aspekt ikkje kan persiperast.
Radioen sine program kan ikkje reduserast til kommunikasjonsobjekt, til ‘tekstar’ lausrivne frå framførarane. Dei er lenker av røyster og vert møtte som personar i den naturlege haldninga til lyttarane, og dette må medieteoretikarane anerkjenna i omgangen med den uskrivne språklege kommunikasjonen på radio, film og i fjernsyn.
Emnet mitt i denne bolken er korleis radiorøystene vert levandegjorte for tilhøyrarane i brukssituasjonen. Eg vil utleggja ei tyding av omgrepet innleving som ikkje treng vera emosjonell, som fyrst og fremst er premissen for medkjensle, usemje, keisemd, begeistring og allslags andre menneskelege forhold til røystene i det ikkje-lokale, ei innleving som er persepsjonar av andre menneske heilt frå byrjinga. Men fyrst vil eg skildra nokre av dei strukturane i høyringa som vår naturlege haldning til radioen vert mogleggjort gjennom; dei korrelasjonane mellom kropp og omgjevnad som lever oss inn i lydane og gjer forståinga av radioen sine einsame ord mogeleg.
5.2. Høyrefeltet.
Lydar trer fram for høyresansen samstundes og i sekvensar etter kvarandre, desse to aspekta ved høyrefeltet er alltid tilstades. Til dømes lyder radioen med sine mange samtidige lydar (folk som snakkar i munnen på kvarandre under debatten i Dagsnytt Atten), på same tid som klapringa mi på tastaturet og bilane som køyrer forbi utanfor. Ved eitkvart no utgjer dei aktuelle lydane i omgjevnaden eit mangfald som eg kan fokusera mi høyrande merksemd innanfor medan tida går. Nokre lydar stilnar av, andre kjem til og somme varer ved over lang tid, og slik syner sekvensialiteten i den lydlege dimensjonen seg fram. Høyrefeltet mitt er ei samtidigheit av lydar som skrid fram gjennom sekvensar, eit kontinuerleg tverrsnitt av den lydlege situasjonen som omgjev meg.
Radioprogrammet har si eiga konstruerte samtidigheit som tek del i det lokale forholdet mellom kropp og omgjevnad når apparatet står på, men ved hjelp av høyretelefonar eller svært høgt lydvolum kan eg stenga dei lokale lydkjeldene ute og lata høyrefeltet verta nesten fullstendig oppfyllt av radiolydane. I dei fleste normale lyttesituasjonar, vil høyrefeltet likevel inkludera allslags lydar frå omgjevnaden som plutseleg kan trenga seg på og forstyrra lyttinga til radiorøystene. Med andre ord er radiolyttinga berre eit av dei mange forskjellige forholda mellom kropp og lydar som høyrefeltet mogleggjer, ei mogleg strukturering av den perseptuelle merksemda.
Eit perseptuelt felt er det som er eller kan vera nærverande («present»), skriv Ihde (1976: s.72), men det er ikkje synonymt med dei aktuelle gjenstandane for merksemd. Det overskrid tinga og hendingane som ein region der dei er lokaliserte. Feltet opprettar eit område av moglegheiter til sansing, ei spesifikk form for opning til omgjevnaden (jamfør avsnitt 3.5). Sidan det er perseptuelt, er det grunnleggande knytt til einskildkroppen, og fokus/bakgmnn-strukturane i syns- og høyrefelta illustrerer individualiteten i den perseptuelle merksemda særleg godt. «[MJerksemda er stemt etter dei personleg-sosiale strukturane i dagleglivet på ein slik måte at det finst tilvande og konstante mønster for kva ting som normalt vert verande bakgrunnsfenomen, og for kva som truleg kjem i fokus» (Ibid: s.74). I auditoriet vil eg fokusera både synet og høyringa på førelesaren, medan taket, dei som sit bak meg, skraping med føter, hosting osb., er døme på fenomen som eg truleg ikkje er merksam på, men i så fall som forstyrringar.
Radioprogramma føyer seg inn i dette fokus/bakgrunn-forholdet, men om dei vanlegvis er i framgrunnen eller i bakgrunnen er ein individuell sak, eit spørsmål om kva handlingstypar den einskilde har tileigna seg. Når programmet er fokusert i høyrefeltet, fungerer radioen som eit primærmedium og vert erfart ved lytting, men når programmet er ein bakgrunn for andre gjeremål vert radioen eit sekundærmedium erfart ved høyring.
Sjølv om fokus/bakgmnn-forholdet er ein merksemdsmodus som endrar seg med interessene og hendingane i dagleglivet mitt, står det naudsynlegvis i ein fysiologisk korrelasjon til materialet i omgjevnaden, og denne korrelasjonen er fundamentet for den einskilde sin personlege kroppsfridom. Ved sjåing viser den fokale intensjonaliteten seg som eit sentralsyn i midten av det rundforma synsfeltet, skriv Ihde (Ibid). Feltet har ei definitiv retning framover, for augo er på framsida mi, og for å forandra fokus må eg flytta augene, hovudet og heile kroppen (29).
I samanlikning er ikkje høyrefeltet avgrensa til ei retning framover, for eg kan jo høyra i alle retningar kring meg. Ihde skriv at «lyd omringar [surrounds] meg i min kroppsleggjorte posisjonalitet» (Ibid). Eg kan bruka radioen same korleis kroppen er vendt, berre eg er nær nok til å høyra programmet, men fjernsynet må eg naturlegvis venda andletet til, og apparatet må stå den rette vegen. Fokuseringa av høyringa er ikkje bunden til retninga andletet er vendt i, og er ikkje strengt samankobla med synsfokuseringa. Høyrefeltet er ei sfæreform som omringar kroppen, ei opning der lydar kan trenga seg på frå alle kantar utan naudsynlegvis å gjera det, medan synsfeltet heile tida er oppfyllt. Det finst ingen punkt i synsfeltet som er utan farge, og sjølv når eg lukkar augo ‘ser’ eg fargar. Høyrefeltet kan derimot gje meg trafikkstøy frå ei side, hundeglam frå bakgarden, og svake støvsugarlydar frå husveret ovanpå (30). For sjølv om høyrefeltet omgjev meg, har det ingen konstant homogenitet, skriv Ihde (Ibid: s.75). Grada av oppfylling avheng av talet på hendingar i omgjevnaden, og av kvar dei hender. Difor erfarer me retninga lyden kjem frå som eit vesentleg element ved framtoninga.
5.3. Talen er omsluttande.
Dersom skildringa av høyrefeltet skal verta presis, må eg halda fram at det omringande og det retningsgjevande («directional») aspektet ved forholdet mellom meg og lydane alltid er tilstades saman, sjølv om merksemda sin fokus/bakgrunn-struktur kan påverka forholdet mellom kva aspekt som står fram tydlegast. «Det er også ein noematisk (31) skilnad i forhold til kva type av lyd som klarast presenterer seg sjølv som primært omringande og som primært retningsgjevande, utan å missa motparten sin» (Ibid: s.77). Ihde nemner at kontante, skarpe, klikkande lydar primært er retningsgjevande, slik sonaren sitt ‘ping’ er døme på, medan flytande, vokale, langstrakte lydar hovudsakleg verkar omringande, slik musikken er ein god illustrasjon på.
Lydane frå medieapparata skuldast aldri at noko substansielt hender heime hjå meg, slik lydane frå kaffitraktaren og vedomnen gjer, og denne mangelen på referanse medfører ei svekking av retningsgjevinga til fordel for den omringande effekten. Høyringa av radiolydar er ein for lengst innlært perseptuell type i den forstand at me ikkje spring til telefonen når me skjønar den lyder frå radioen. Alt det me veit kjem frå radioen, er utan kraft til å motivera oss performativt, for som eg har understreka kan me berre vera eksplorative overfor radioen, og difor lyder den lokalt uforpliktande.
Framføringane har ingen årsakar i min omgjevnad, dei er lydhandlingar som berre kan ha motiv for å verta høyrde på. Som ei følgje av dette vil me lata det omringande aspektet ved radiolydane prega vår høyring av dei, sjølv om me alle veit at dei spesifikt kjem frå høgtalarane. Dessutan arbeider elektroingeniørane utrøytteleg for å gjera stereoanlegga sine lydbilete i våre lokale rom så truverdige som råd (‘high fidelity’, ‘surround sound’), og difor er det råd å hevda at dei ikkje-lokale lydane faktisk stammar frå heile det lokale rommet dei lyder i.
Stereoanlegget fyller opp lokalet med lydane sine, særleg dersom volumet er høgt, og ikkje minst vil musikken høyrast med merke frå dei akustiske forholda i lytteomgjevnaden (jamfør avsnitt 4.7). Høyretelefonane lukkar brukaren nesten fullstendig inne i det som vert spelt, og telefonrøyret sin svake mikrohøgtalar er omringande fordi samtalen skapar ei performativ innleving hjå deltakarane som naudsynlegvis krev at me høyrer lydane nærverande og klart. Til og med den vesle transistorradioen kan ha ein sterkt omringande effekt når tilhøyraren gjev merksemd til røystene derifrå. For røyster er i seg sjølv omsluttande («immersive») (32).
Det tilhøyrer lydane sin omringande natur å gjera den høyrande til eit sentrum i ein sfære. «Når eg høyrer, samlar eg til eikvar tid lyd frå alle retningar i lag: Eg er i sentrum av mi høyrlege verd, den hyller meg inn, etablerer meg ved ein slags kjerne av sansing og eksistens», skriv Walter Ong, «Denne sentrerande effekten ved lyd er noko HiFi-lydreproduksjonar utnyttar med intens sofistikasjon. Du kan omslutta deg sjølv i høyring, i lyd. Det finst ingen liknande måte du kan omslutta deg sjølv i sjåing på» (Ong 1991: s.72).
Lydar er såleis einskapleggjerande («unifying»), og denne effekten får sitt sterkaste uttrykk i talen. Slik lyd er alltid retta frå personar til personar med haldningar og tydingar som oppsluker oss, og gjer at språklydar er synonyme med skildringar, påstandar, truslar osb. Det sentrerande grepet høyringa har på vår oppfatting av omverda gjer kvar av oss til eit origo i vår lydlege omgjevnad, og talen gjer oss til grupper, til intersubjektivitetar:
Når ein talar henvender seg til eit publikum, vert medlemmene i publikummet vanlegvis ei eining, seg imellom og saman med talaren. Dersom talaren ber publikummet om å lesa ein folder som vert delt ut, vert einskapen til publikummet øydelagt i og med at kvar lesar går inn i si eiga, private leseverd, og den vert fyrst gjeninnsett når den munnlege talen byrjar att. Skriving og trykt skrift isolerer (Ibid: s.74).
Det er ikkje mange menneske sitt felles nærvere i eit lokale som gjer oss til ei gruppe, det er talen si engasjerande kraft. For sjåinga verkar på eit vis splittande.
Andlet til andlet med ein samtalepartner vil eg utover sjølve samveret si ibuande fellesskaping posisjonera meg visuelt, eg ser den talande der borte og kan oppfatta uttrykksintensjonane hans/hennar gjennom gestar og andletsrørsler like mykje som gjennom røysta. Det er ikkje minst viktig at han/ho vil vera overfor meg, på andre sida av bordet eller der ute på kjøkkenet. Vår klare visuelle posisjonering av kvarandre i det umiddelbare nærveret er ei romleg avgrensing og perseptuell innretting mot den talande som bremsar talen sin omsluttande effekt. Og sidan det naturlegvis er uråd å utføra slik posisjonering overfor dei ikkje-lokale radiorøystene, vil me ytterlegare verta omslutta av framføringane derifrå. Når dei ikkje-lokale røystene kjem til rommet mitt ved hjelp av apparatet si omringande lydgjengjeving, har dei stort potensiale for å fungera einskapleggjerande og omsluttande på meg.
Grada av identifikasjon med røystene er eit subjektivt spørsmål, men dei perseptuelle strukturane legg i det minste alt til rette for at eg skal kunna kjenna tilhøyre til folka frå radioen, trass i dei berre er tilstades ved novere. «Språket-som-ord er ikkje privat eller individuelt som såvore, men er intersubjektivt frå byrjinga av», skriv Ulde (1976: s.175). Når orda lyder frå radioen, har dei denne eigenskapen i full mon.
5.4. Noverefeltet.
Noveret er dei ikkje-lokale lydane sin konstante erfanngsmodus (jamfør avsnitt 4.5), medan nærveret eller fråveret deira er ein relativ innlevingsstorleik for meg. Lokale lydar skuldast hendingar med nærverande kjelder som kan spela ei rolle for mi performative utfalding, og noveret deira er langt mindre kulturelt, konstruert og kontrollert enn radiolydane sitt. Eg vil klargjera korleis radioen deltek i persepsjonen si tileigning av «knowledge of the present» (Merleau-Ponty 1992: s.44); kva rolle det ikkje-lokale har i vår personlege tidserfaringar.
«Sound embodies the sense of time», skriv Ihde (Ibid: s.84) i ei setning eg ikkje kan omsetja til nynorsk utan tap. Lydane føregår i rytmar og regularitetar som skapar ein mangfaldig og omskifteleg lydleg omgjevnad for einskildpersonane. Kvardagane våre har typiske auditive teksturar: Utanfor vindauga mitt høyrer eg morgon- og ettermiddagstrafikken, tog kvin forbi til faste tider, natta er stille, kjøleskapet skrur seg av og på, og frå kafeen lyder støyen heilt til stengetid. Sjølv utfører eg eit utal rutinemessige lydhendingar og -handlingar som saman med dei lydane som trengjer seg på, skapar stabilitet i høyrefeltet.
For det er eit kjenneteikn ved lydar at dei vert gjentekne for oss etter mønster som varierer med våre typiske omgjevnader (33), og desse er me så vande med at dei utgjer ein bakgrunnsrytme i dagleglivet.
Dei temporale rytmane i dagleglyden er strukturerte rytmar, og det er i rytmen at bakgrunnen eller feltet av høyrleg temporalitet er lokalisert. Som ein feltbakgrunn er rytmen ein repetisjon som er indekset på høyrleg ‘likskap’ eller stabilitet. […] Ved dette spelar den rytmiske repetisjonen ei rolle som er funksjonelt formlik med stabiliteten til den vanlege visuelle bakgrunnen av immobilitet (Ibid: s.86-87).
Dei lydane som kjem i fokus for merksemda, vert altså høyrde på ein bakgrunn av strukturerte dagleglivsrytmar som er ein funksjon av det geografiske, sosiale og subjektive rommet den einskilde kroppen finn seg i. Høyrefeltet er eit paradoksalt fenomen fordi det berre kan finnast i ein samverknad mellom rørsler og stabilitet der også stabiliteten er rørsler. «Om lyd alltid er i ‘rørsle’, er det sjølve denne rørsla i regularitetane til rytmen som fungerer som ein stabilitet. […] Temporalitet er korkje rein forandring eller vedvarande stabilitet åleine», skriv Ihde (Ibid: s.88).
Sjølv om durande, statiske lydar vanlegvis har rolla som bakgrunn, er det naturlegvis råd å konsentrera seg om vifta si brumming. Men det er lydhandkngane som hovudsakleg stig fram frå den auditive teksturen og vert gjenstand for lytting, det er dei som oftast er nye for meg. Når eg er merksam, høyrer eg framføringane sine verbale og musikalske modulasjonar, lydhandlingane står fram i meiningberande endring («flux»), medan dei lokale lydane i omgjevnaden verkar som rytmisk stabilisator. Når eg har andre gjeremål for auga lyder radioen stabiliserande saman med dei andre kvardagslydane, og vert ikkje meir enn ein del av flyten («flow»).
Den ‘kunstige’ stabiliteten til radiolydane, som er ein konsekvens både av innspelingsnivået, utsendingsvolumet og tilhøyraren sin ofte beskjedne bruk av volumknappen, skil radiolydane ut frå uformidla lydar i omgjevnaden. Ingen lokalt nærverande personar talar med kvarandre i så jevnt volum som radiorøystene, og ingen levande musikk føregår så straumlinjeforma som den innspelte. Dette særtrekket gjev radioen ein tendens til å falla inn i rolla som stabilisator av andre gjeremål (Crisell 1994: s. 15 og 212-13).
Rytmar, regularitetar og rørslene dei oppstår ved gjer det råd å omgrepsfesta tida, for rytmen er realiseringa av ei form under føresetnad av temporalitet. Det einskilde slaget på tromma kan berre stå fram mellom ekkoet av det førre og forventinga om det neste (Gumbrecht 1994: s.173). Eit no kan ikkje fangast utan noko før og noko etter. «Det er i høgste grad sant at eg ville vore ute av stand til å persipera noko punkt i tida utan eit før og eit etter, og for å vera medviten om forholdet mellom desse tre omgrepa kan eg ikkje vera absorbert i eitt av dei» (Merleau-Ponty 1992: s.415).
Erfaringa av tida er persepsjonen si kontinuerlege overskriding av sine einskilde no, og den subjektivt konstituerte tida er ikkje tida sjølv, men resultatet av tidas gang («passage») (Ibid). Eg høyrer tidsflyten i ein vedvarande gestalt som modulasjonane i melodien, talen og andre lydar presenterer seg gjennom, og for å merka meg atomære særtrekk ved den aktuelle lyden må eg reflektera meg ut av flyten. Augneblinkar kan berre oppstå som abstraksjonar innanfor denne levande erfaringa av tida si gjennomstrøyming, det som Schutz kallar den livaktige notida («the vivid present»).
Medan eg lever i noveret mitt, strekkjer det seg tomme intensjonar framover mot dei fenomena som kjem til persepsjonen. Dei tek form av protensjonar overfor den umiddelbare framtida og forventingar til den fjernare framtida. Det strekkjer seg også retensjonar tilbake til det som nettopp skjedde, og det som har falle inn i fortida kan kallast fram i noveret gjennom erindringar. Ved desse intensjonalitetane vert eg forankra i omgjevnaden på ein dynamisk måte, og noveret mitt er ein subjektiv storleik påverka av mine forskjellige forhold til hendingar i fortida, og mine forventingar til ulike aspekt ved framtida. «Tida er ikkje ei linje», skriv Merleau-Ponty, «men eit nettverk av intensjonalitetar» (1992: s.417).
Han gjer eit omgrepsmessig skilje mellom den pre-objektive tida og den objektiverte, intersubjektive klokketida, eit skilje Schutz opprettheld ved omgrepa indre tid (durée) og ytre, spatial eller kosmisk tid. Vår daglegdagse tidsoppfatting er prega av begge desse.
Me utfører overgangen frå vår durée til den spatiale eller kosmiske tida i og med våre kroppslege rørsler, og dei arbeidande handlingane våre deltek i begge. Til same tid erfarer me arbeidet som ein serie med hendingar i ytre og indre tid, og sameinar begge dimensjonane til ei stadig forandring [flux] som skal kallast den livaktige notida [vivid present]. Den livaktige notida stammar såleis frå ei kryssing av durée og kosmisk tid (Schutz 1970: s.70).
Den andre sin tale og mi lytting vert erfart som ei livaktig samtid, skriv Schutz. «No startar han ein ny setning, han knyt saman ord med ord; me veit ikkje korleis setninga vil enda, og før den er ferdig er me usikre på kva den tyder» (Ibid: s.166). Det avheng av omstenda kring høyringa kor grundig me vil delta i utviklinga av resonnementet hans, men så lenge me gjer det, deltek me i det umiddelbare noveret til den andre sine tankar. Me møtest og gjer ei intersubjektiv samtid ut av våre subjektive novere; ei stund vert me eldre i lag. «Han og eg, me deler ei felles livaktig notid medan prosessen varer ved; vår livaktige notid» (Ibid: s.206).
Radiorøystene deler ikkje novere med meg; eg høyrer Knut Borge sitt novere, som for alt eg veit kan vera innspelt for lenge sidan. Me høyrer alle program i ei novereform som levandegjer røystene, same om dei er i opptak frå 50-åra eller vert sendte direkte. Det er likevel berre når eg lever i trua på at sendinga går direkte, at eg oppfattar noko av den same autentisiteten som lokale erfaringar kan ha, noko av det same intersubjektive truverdet. Dersom klokka er 15.55 og statsminister Jagland skal ha pressekonferanse kl. 16.00, er traleg både eg og journalisten like spente, me kan i det minste vera det sidan me står i same tidslege forhold til den komande hendinga. Dei einaste eg alltid deler novere med i radiolyttinga er dei andre lyttarane. Me er «coevals» som utan å kjenna kvarandre driv ei felles, aktiv deling av tid (Johansen 1995: s. 126).
Radioen føregår berre i den objektiverte klokketida, den er eit element i den kvantifiserte tida som me synkroniserer både våre subjektive novere og dei intersubjektive møta etter i våre dagar. Klokketida er den same på fjernsynet, i radioen og hjå Telenor, bussar og tog følgjer den, og butikkane stenger etter den. Programformatet på radioen følgjer denne tida slavisk.
«Regulariseringa av sendeskjemaet innebar ein pohtikk med å ‘låsa’ den daglege utsendinga til faste tider-på-dagen, slik at publikum raskt ville læra og deretter vera istand til å ta for gitt at favorittprogramma deira alltid ville vera til same tid på same kanal på den same dagen i veka» (Scannell 1993: s.18). Nitimen, Dagsnytt 18 og Sytten tretti på P4 er talande døme på denne
programpolitikken. Radioen krev at eg underordnar meg den objektiverte tida utan forhandlingar, eg kan ildcje gå frå Knut Borge og koma attende, for Swing og sweet sluttar kl. 20.00 uansett. Klokketida veg like tungt på radioarbeidarane som på lyttarane, for same kor spontant og naturleg eit intervju måtte vera, skal det ta slutt etter så og så mange minuttar og
sekundar, for då skal det spelast litt musikk.
Det ikkje-lokale noveret er så formalisert at den livaktige notida sin uforutsigbare dynamikk er borte. Me kan aldri heilt vita når hendingane og handlingane i det lokale vil byrja, kor lenge dei vil vara og kva tid dei vil ta slutt. Bussen kan koma for seint, men på radioen skrid alt fram i same strukturerte tempo i faste sekvensar heile tida. Etter at NRK byrja med nattradio har radioen ljoma tjuefire timar i døgnet, og lyttarane må overvinna denne upersonlege flyten for å leva seg inn i dei utdraga som den høyrande merksemda fangar opp og forstår.
5.5. Den høyrande forståinga.
Når me lyttar til røystene på radioen i den naturlege haldninga, seier me gjerne ‘Hysj, eg høyrer på’, og dette tyder at me er i ferd med å forstå dei orda og setningane me høyrer. Me lyttar ikkje til lydar, men til nyhende, høyrespel og diskusjonsprogram. Dessutan høyrer me folk som snakkar, ikkje tekstar. Nedanfor analyserer eg korleis slik forståing skrid fram, men det er viktig å understreka at i den naturlegehandlinga er den ein spontan, momentan og makelaust fortetta dugleik som føregår i uoppløysleg heilskap.
Kva betydningar eg fangar opp og forstår er i høgste grad eit spørsmål om den perseptuelle merksemda mi. Det språkuttrykket som er i fokus for lesinga eller lyttinga er vanlegvis også i fokus for forståingsakta, medan den aktuelle bakgrunnen i feltet verkar som stabilisator og kontrast for det som trer fram og vert forstått. Dersom eg fell ut av lyttinga til radioen og inn i
ein refleksjon over noko som vert sagt, forstår eg ikkje det høyrde. For at eit aktuelt språkuttrykk skal kunna verta forstått, må forståinga difor delta i det framoverskridande noveret slik det kjem til ved eit fokus/-bakgrunn-forhold i den perseptuelle merksemda. Forståinga kan ikkje henga att i tenkjinga om noko allereie høyrt eller lest, men må skrida fram ilag med persepsjonen. Intensjonane i den aktuelle gjenstanden kan berre verta aktualiserte som meining i noveret. Elementa i den høyrande forståinga av radioen som eg analyserer nedanfor – kontekstdanninga, førestillingskrafta og heilskapleggjeringa («gap-filling») – kan berre byggja på materiale som persepsjonen gjev og har gjeve oss i noverefeltet.
Dersom eg har lyttande merksemd om eit radioprogram, må dei andre potensielt forstyrrande inntrykka frå omgjevnaden vera sette tilsides, eg må ha fokusert høyringa på den lydlege heilskapen som stammar frå apparatet. Volumet på høgtalarane må vera høgt nok til at eg høyrer kva som skjer/-skjedde framføre mikrofonane, lågt nok til ikkje sjølv å verta eit forstyrrande element. Dei lydlege føremåla i framføringane og den like intensjonale høyringa møtest i språkforståinga, og då meiner eg ikkje at lyttaren passivt tileignar seg talaren sine påstandar, heller ikkje at lyttaren naudsynlegvis lever seg inn i talesituasjonen til framføraren, men at han/ho forstår motiveringa bak tilverkinga av dei aktuelle lydhandlingane. Lyttinga til tale er ein djupt menneskeleg korrelasjon. I samanlikning med til dømes høyringa av fossedur, er den ein intersubjektiv aktivitet som krev ein kontekst av fleire ord og setningar i ein forståingssituasjon for at det einskilde elementet skal kunna tre fram som betydningsfullt.
Korleis trer konteksten i radioprogrammet fram for lyttaren, og korleis fokuserer forståinga seg på intensjonane i lydane? Lesing er å forstå skrivne ord medan lytting er å forstå innspelte ord, så trass i dramatiske skilnader i perseptuell form og tileigningsmåte finst det likskapar i føremål, nemleg å gripa språklege forståingar som trer fram i noverefeltet, utan å ha fullstendig menneskeleg nærvere. Difor vil eg legga fram nokre strukturelle moment i Wolfgang Iser sin fenomenologi om lesing som også må gjelda språkforståinga i høyrefeltet.
Han set fram setningskorrelatet som den elementære faktoren i lesinga (1991: s.l 10). Når setningane vert leste, set dei igang ein prosess som fører til danninga av intensjonale objekt som er korrelative til dei skrivne setningane. Det oppstår altså eit samforhold til skrifta i forståinga til lesaren, ei individuell aktualisering av den potensielle meininga i dei skrivne orda. Lesaren er eit vandrande synspunkt i teksten, og under bevegelsen gjennom
setningskorrelata skapar han/ho seg forventingar som også Iser kallar protensjonar.
Sidan denne strukturen er knytt til alle intensjonale setningskorrelat, følgjer det at samspelet deira ikkje så mykje vil føra til ei oppfylling av forventingar som til ein kontinuerleg modifikasjon av dei. Her ligg ein grunnleggande struktur i det vandrande synspunktet. Lesaren sin posisjon i teksten finst ved møtepunktet mellom retensjon og protensjon. Kvart individuelt setningskorrelat prefigurerer ein særskilt horisont, men denne vert umiddelbart omforma til ein bakgrunn for det neste korrelatet, og må difor naudsynlegvis verta modifisert (Ibid: s. 111).
Også dei aktualiseringane som er fullførte kan verta modifiserte når fortsetjinga introduserer korrelat som set det leste i nytt lys, og desse kallar Iser altså retensjonar. «[D]en notidige retensjonen av eit fortidig perspektiv kvalifiserer både fortida og notida. Den kvalifiserer også framtida, fordi dei modifikasjonane den skapte umiddelbart vil påverka eigenskapane til for-
ventingane våre» (Ibid: s.l 15).
Lesinga er altså ein tidsflyt der det fortidige og framtidige kontinuerleg konvergerer i notida, og teksten strøymer gjennom lesaren sitt medvit i eit nettverk av samanbindingar som stadig utvider og endrar seg (Ibid: s.l 16). Slik byggjer lesaren opp ein kontekst som til eikvar tid gjer dei aktuelle setningane korrelerte med heilskapen slik den framstår no, for heile teksten kan ikkje verta fanga opp til noko tidspunkt, den kan berre vera aktualiseringar i lys av pretensjonar og retensjonar.
Lyttinga skrid fram i sekvensar, og er i likskap med lesinga ein notidig konvergens av pretensjonar og retensjonar, men dei overførte orda har ei anna romleg og tidsleg form enn skrifta. Kva skilnader i forståingsmåte medfører denne formulikskapen? «Lyd eksisterer berre når den går ut av eksistens», skriv Ong (1991: s.71), med tanke på at dei talte orda må gripast akkurat når dei vert ytra. «Det talte ordet er alltid ei hending, ei rørsle i tid, og manglar fullstendig den ting-aktige freden til det skrivne eller trykte ordet» (Ibid: s.75).
I bruken av Iser sin modell må eg understreka at medan lesaren vandrar gjennom teksten slik det passar seg, deltek lyttaren i eit fysiologisk framskridande novere. Radioen har eit tempo som tilhøyrer den menneskelege talemåten sin natur, og lyttaren må følgja dette i form av dei uttrykka lydarbeidarane har valgt å fylla tida med (34).I radioen er ikkje konteksten ein integrert del av forståingsprosessen, men ein bonus dersom lyttaren spisser øyro til aktuell merksemd, til aktualisering no eller aldri. Det er såleis naudsynt at lyttarenfølgjer med, men i dagleglivets radiobruk kan det henda eg fell i tankar, nokon ringjer på døra eller grauten kokar over, og på slike forskjellige vis vil eg kunna missa dei orda eg trengte for å finna samanhengen i radiotalen. For eg kan jo ikkje gå bakover att, berre frå forstyrringa tilbake til det som vert sagt no og i fortsetjinga.
Ordforståinga er meir akutt i radiolyttinga enn i lesinga, meir definitiv enn forståinga av lokal tale og meir kritisk noverande enn telefoneringa, alt fordi den skrid fram utan medverknad frå lyttaren si side. Måten språkforma og -forståinga vert korrelert på er romleg forankra i lesinga og tidsleg tvungen til framgang i lyttinga. Sjåinga av skriftteikn kan vera reflekterande, medan den omsluttande lyttinga til tale må vera spontan. For gjev ikkje blikket på dei symbolske orda ein avstand og distanse til språkobjektet som høyringa av levande menneske sine indeksikalske ytringar av symbolske ord manglar? Og medfører ikkje den livaktige talen ei innleving frå lyttaren si side som skuldast presentasjonsforma like mykje som sjølve orda? I fortsetjinga vil eg fokusera på følgjene av radiospråket si lydlege form, på korleis denne oppfordrar lyttaren til levandegjering av menneska bak orda, og på heilskapleggjeringa av det reduserte forståings materialet (35).
5.6. Person, stil, røyst.
I den naturlege haldninga tyder lytting til radioen forståing av personar sin tale. Setningskorrelata som vert aktualiserte i høyringa er uttrykk med kroppar til kjelde. Kroppane er ikkje behaldarar for tydingar, men ein integrert del av språket på radioen, og vår høyrande forståing av det. Dei vert til personar gjennom røysta sitt uoppløyslege forhold til den meiningsfulle talen, og oppfattingane våre av personane som talar endrar seg saman med forståinga av språkytringane. Me er ikkje tvungne til å bry oss om kva talarane heiter, kvifor akkurat han eller ho fekk sleppa til her, eller kva status den einskilde har, men me er tvungne til å høyra eitkvart talt ord som grunnleggande biografisk. Talen kan ikkje lausrivast frå
uttaling utan å forsvinna.
Ytringar er resultatet av lokusjonære handlingar som er braken av røysta, skreiv eg i avsnitt 4.2.1 dette perspektivet er tale lyden av kroppen, den er eit indeks på individuelle personar med private karaktertrekk og biografiar. Don Ihde dreg fram ei tolking av omgrepet ‘persona’ som forsterkar mitt poeng; ordet er samansett av den latinske preposisjonen ‘per’, som blant anna kan tyda ‘gjennom, med, i, for’ og det latinske verbet ‘sonare’, som tyder ‘å lyda’: Ein person er noko som finst gjennom lyd, noko som ytrar seg med ei røyst for andre røyster. «Skriving skapar moglegheita for eit ord utan røyst», skriv Ihde (1976: s.154), «[…] i språket til rapporten, avisa, referatet viser det seg inga røyst; eller dersom det finst ei røyst, er den Uke personlaus som den ‘kven som helst’ Heidegger kallar das Mann. Utan røyst vert personaen viska ut, og moglegheita for ‘depersonalisering’ oppstår» (Ibid: s.155).
Skrifta kan berre gje oss illusjonar om røyster ved hjelp av vellukka litterære grep, radioen kan ikkje gje oss anna enn lydlege kroppsrøyster når den gjev oss språk. Dette er kanskje den fremste skilnaden på lyttinga til tale og lesinga av skrift: Eg høyrer språk tølt av eit anna menneske i spontant novere for meg, eg ser ikkje språk objektivert til skriftteikn på papir. Men
sjølv om berre røysta er tilstades for radiolyttaren, er ikkje dette eit svakt grunnlag å oppfatta personen utifrå. Mykje vert sagt om ein person berre han/ho opnar munnen.
Fiske legg fram to trekk ved den munnlege kommunikasjonen som er indeksikalske, som ikkje kan stå for noko åtskilt frå personen, hans sosiale situasjon og den aktuelle ytringa som vert gjort (1994: s.89). Desse kallar han ikkje-verbale aspekt ved talen. Prosodiske kodar (36) påverkar tydinga til dei orda som vert brukte, hovudsakleg ved aksent (trykk) og intonasjon
(toneleie), slik at ei og same setning kan vera eit spørsmål, ein trussel, ei bekymring eller eit gledesutbrot alt etter korleis den vert uttalt. Andre kodar gjev informasjon om sjølve personen: «Tonefall, volum, dialekt, talefeil og hastigheit indikerer talaren sin sinnssteming, personlegdom, klassetilknytning, sosiale stilling, kva han meiner om lyttaren, og så vidare» (Ibid: s.92-93). Dessutan understrekar Fiske at slike kodar berre kan meddela noko om noet, om talaren si aktuelle haldning mot emnet og lyttaren. Dei kommuniserer ikkje kva personen følte eller meinte førre veke (s.89), for dei tilhøyrer kroppen si utfalding i det framskridande noveret.
Det er svært viktig i mitt perspektiv ikkje å oppfatta desse indeksikalske aspekta lausrivne frå dei symbolske tydingane i orda. Dei former eit heilskapleg system og varierer alltid ilag. Merleau-Ponty skriv at det er feil å oppfatta det tølte ordet som ein klednad for tanken (1992: s.388). Talen er personen sin fundamentale veremåte («manner of being»), skriv han (1992:
s.151). Me rår ikkje over eit visst lager av ord, men over ein særskilt måte («way») å bruka dei på, og under ordet ligg det ei innstilling («attitude»), ein funksjon av talen som betingar den (Ibid: s.175). Røysta held fram stilen til personen som ytrar seg, og denne er ein integrert del av intensjonen, av meiningshandlinga som talaren utfører i det lydlege ordet.
Eg forstår alltid einskapar («unities»), skriv Merleau-Ponty, og i forståinga av menneske forstår eg i særleg grad ein einskap i einskildpersonen
[…] som eg anerkjenner fordi han er anerkjennbar på ein udiskutabelt sjølv-forklarande måte før eg nokonsinne lykkast i å setja fram den formelen som styrer karakteren hans, fordi han held den same stilen i alt han seier og gjer, trass i at han kanskje endrar staden sin eller haldningane sine. Ein stil er ei særskilt framferd i situasjonane som eg identifiserer eller forstår i ein person eller skrivar ved å ta over denne framferda sjølv, på ein slags imiterande måte, trass i at eg kanskje er ute av stand til å definera den […] (Ibid: s.327).
Skjønte eg ikkje at Knut Borge ironiserer, ville eg misforstå omtrent alt han seier, og det er ikkje berre tidlegare møte med stilen hans som hjelper meg i forståinga. Me høyrer ironisering som ei viss tilbakelent, skeivt smilande og nonchalant framferd, og den er konvensjonalisert i form av typiske stemmebrukar, typiske formuleringsmåtar osb.
Radioen si rekkefølgje av røyster er i stor grad oppstykka og omskifteleg, røystene er svært mange og gjeme anonyme. Dei tvinger seg ikkje på med same intensitet som nærverande personar i mitt lokale rom gjer, og avslører difor mindre av stilen sin. Likevel er det naudsynt i det minste å forstå nokre trekk i den aktuelle personen sin talestil, elles vil lyttaren si forståing av det sagte krakelera fullstendig. Mitt spørsmål vert difor korleis og i kva grad me aktualiserer personlegdomar på bakgrunn av den framferda me lyttar til i det ikkje-lokale rommet av radiorøyster.
5.7. Førestiller me oss radiorommet?
Knut Borge si røyst har ein kropp, me ser den berre ikkje når han talar på radioen. Men denne kroppen er eit dårleg døme fordi han er så ofte på fjernsyn at me veit korleis han ser ut og
kva framferd han har.
Dei fleste av røystene som radiorutinen gjer oss van med, enten dei vert hat-objekt eller favorittar, har me ikkje snakka med eller sett bilete av, me har berre høyrt dei i sine ulike rollar på radioen. Likevel har me gjort oss tankar om kva mennesketype dei tilhøyrer, korleis dei oppfører seg, kanskje også korleis kroppane deira ser ut og kva andletsdrag dei har. Kort sagt har me laga oss ‘heile’ personar bak røystene. Men er det rett å seia at me førestiller oss desse menneskelege heilskapane?
Crisell skriv at gjennom førestilhngskrafta («the imagination») kan me gjenskapa inntrykk som me elles ville hatt fyrstehandserfaringar av gjennom sansane. «Sidan det største talet på sansar noko massemedium kan kommunisera til oss gjennom er to (sjåing og høyring), følgjer det at alle media, og ikkje berre radioen, vil kalla på førestilhngskrafta til å kompensera for sine forskjellige manglar» (1994: s.7). Han føreset at persepsjonen krev sanselege heilskapar, slik me førestiller oss lukta og smaken når me ser filmklipp av egg og flesk, og at heilskapleggjeringa føregår i eit sansehierarki der sjåinga er den mest framtredande perseptuelle forma for forståing og fortolking av verda.
Det ser ut som førestillingskrafta sin fyrste impuls er å visualisera (37), skriv han, og spelar på det omgrepsmessige slektsskapet mellom synsinntrykka og førestillingskrafta i orda «image» og «imagination». Me visualiserer også når me ser fjernsyn, framheld han, til dømes ser me for oss ting som er utanfor bildekanten, og det som vert fortalt.
Likevel synest det uomtvistleg at radioen kallar mykje meir på publikum si førestillingsevne enn film, teater eller fjernsyn, sidan ingenting av det den dreier seg om er synleg. Me må førestilla oss ikkje berre personen sine tankar og kjensler, men også uttrykket hennar, den totale framferda, den fysiske situasjonen osb. […] Me er tvungne til å førestilla oss ikkje berre verda av skodespel eller forteljingar, men også den verkelege verda av nyhende, vérmeldingar og aktualitetar (Ibid: s.9-10).
Me kan ikkje forstå radioen sine lydlege kodar utan å forma bilete av kva dei refererer til, hevdar Crisell. Førestillingar synest faktisk å vera så integrerte i måten me dekodar bodskapane på at når me snakkar om radioen sin ‘appell til førestillingskrafta’ meiner me radioen si grunnleggande evne til å kommunisera (s.l0-11).
Crisell legg her fram ein strukturell samverknad mellom persipering og førestilling som baserer seg på at lyttaren veit at handlingane i det ikkje-lokale rommet har fleire element enn dei som er nærverande i det lokale, og at dette fråveret difor vert førestilt som ein integrert del av den høyrande forståinga, hovudsakleg i form av visualisering. Radioen gjev oss fine bilete, synest Crisell å meina, men slik sett hevdar han implisitt at me lagar oss illusjonar om store delar av det me høyrer.
Mitt spørsmål ovanfor var om det er rett å seia at me førestiller oss menneskelege heilskapar når me høyrer røyster på radioen, og Crisell ville nok svart ja. Men ei problematisk følgje av å gjera fenomenet førestilling til ein vesentleg bestanddel i den høyrande forståinga, er grenseoppgangen mot persepsjonen (jamfør avsnitt 5.9). Kva vert forstått gjennom høyringa
og kva ‘manglar’ vert kompenserte for ved mentale førestillingar? Iser definerer den htterære førestillingskrafta («ideation») som det «å framkalla nærveret til noko som ikkje er gjeve» (1991: s.137): «Det er difor klart at me må skilja mellom persepsjon og ideasjon som to forskjellige middel til å gjera verda tilgjengeleg: persepsjonen krev at objektet faktisk er tilstades, medan ideasjonen krev at det er fråverande eller ikkje eksisterer» (Ibid).
Når me lever i førestillingsverda, treng me ikkje lenger å meistra det umiddelbare nærveret eller å overkoma motstanden som gjenstandane i det gjev oss, skriv Schutz (1970: s.257). «Me er frie frå dei pragmatiske motiva i vår naturlege haldning til dagleglivsverda, og frie frå banda til det ‘interobjektive’ rommet og den intersubjektive standardtida [noveret]» (Ibid). Spørsmålet vert om radioen driv oss innover i ei frittståande verd ved hjelp av førestillingskrafta, eller om den held oss i det gjevne og røynlege ved persepsjonen.
Kva er det som vert gjeve gjennom radioen? Det strekk ikkje til å seia at radioen gjev oss ‘lydar’, for eg har brukt denne oppgåva til å visa kor avhengig høyringa er av heilskapen i persepsjonen, av intensjonaliteten i kroppen sine performative og eksplorative dugleikar, og av den samforståinga som intersubjektiviteten skapar. Kva er nærverande og kva er
fråverande i det ikkje-lokale radiorommet?
Er ikkje overgangen mellom det gjevne og det fråverande eit spørsmål om kor stor merksemd brukaren gjev programmet, om kor godt han/ho høyrer etter? Og dersom eg speler inn eit program på band og høyrer det gjentekne gonger, vil eg ikkje då legga merke til stadig fleire detaljar som eg overhøyrde fyrste gongen? I mitt perspektiv er nærvere og fråvere relative omgrep, dei står ikkje i forhold til ei slags sanning som er ‘teksten’, men til konsentrasjonen om å gjera dei noverande røystene nærverande og forståelege, eller til ei interesseløyse som gjer meg fråverande for dei.
Difor vil eg avgrensa omgrepet førestilling til å gjelda innlevinga i fiksjonar som vert representerte ved høyrespel, opplesingar og andre radioprogram som fell inn under det ‘ikkje-eksistererande’. Lyttaren sitt nærvere eller fråvere til røystene og handlingane i det ikkje-lokale vert eit spørsmål om ei heilskapleggjering som berre den perseptuelle merksemda kan
utverka.
Me har alle gjort andleta, kroppane og studioromma nærverande i lyttinga vår, og min påstand er at me ikkje kan gjera noko anna. Når me lyttar til orda vil me også høyra kroppen, det er berre når programmet er ein ufokusert bakgrunn i høyrefeltet at det som skjer på radioen er utan levandegjorte personar i røynlege rom. Men kvifor kan eg ikkje kalla dette
førestillingar? Eg meiner jo ikkje at me faktisk høyrer synsinntrykk, lukter og smakar, for eg erkjenner at slikt naudsynlegvis må vera fråverande i radio-opplevinga. Korleis meiner eg den sanseoverskridande heilskapleggjeringa verkar?
5.8. Indeterminasjonen.
Når ei kjent radiorøyst kjem til syne med sin feite, velproporsjonerte eller spinkle kropp, sitt vakre, uskjøne eller på andre måtar særprega andletsuttrykk, og attpåtil avslører sitt pikante kjærleiksforhold til ein annan kjendis, får radiolyttarane gjeme sjokk. Avisene og fjernsynet kan gje oss visuelle overraskingar som fører til at me plutseleg veit korleis Kari Sørbø ser ut, men hadde eg ei klar førestilling om korleis ho såg på førehand? Skuldast slik overrasking at eit falsk kroppsbilete må bytast ut med det rette? Nei, vil eg hevda. Lyttarane har forhold til radiofolka som visuelt og kjenslemessig er svært uavklarte, for oppfattingane våre er negativt definerte; eg skjønar berre at det ikkje var slik eg hadde trudd ho var.
Handlingane som lyder frå radioen gjev eit spelerom for vår høyrande forståing som er langt større enn om dei vart framførte for oss heime i daglegstova. Fordi menneska, gjerningane deira og romma dei utfaldar seg i vert reduserte til ei strengt lydleg form, får dei ein kontinuerleg indeterminasjon. Ingenting i radioen trer fram i den perseptuelle heilskapen lyttarane veit det har. Alt må rekonstruerast i lyttinga for å verta nærverande og for-
ståeleg.
Iser oppfattar samanblandinga av determinerte og indeterminerte aspekt ved teksten som mogleggjeringa av interaksjon mellom lesar og tekst (1991: s.24), og i litterært perspektiv er det gjennom ideasjon at lesaren fyller tomromma. Men radioen er ikkje fiksjon, og lyttarane driv individuell heilskapleggjering («gap-fiIling») av røynlege handlingar som med perseptuelt nødvende må innebera visse rørsler, verknader og omgjevnader som me med nødvende må vedkjenna dei. Me kan ikkje bruka fri fantasi til å førestilla oss kva som helst ovanpå lydane, for dei bind oss til aktualiseringar innanfor eit konkret moglegheitsrom.
Radioen er indeterminert røyndom, og lyttarane si innleving i radiorommet er forståingsvariasjonar over perseptuelt bestemte korrelasjonar mellom framførarane sitt handlingsrom og lyttarane sine aktualiseringar av det. Slike korrelasjonar gjeld ikkje berre personlegdomar, men alle slags handlingar og situasjonar som radioen kan formidla lydlege spor etter, inkludert intensjonaliserte lydhendingar. I den grad me gjev personane kroppsutsjånad, gestikulasjonar og klede, og utstyrer romma med panel, innbu og geografisk plassering, gjer me det som ubestemte visuelle fortolkingar av det me høyrer.
Også etter aktualiseringa vert radioen sitt ikkje-lokale rom i stor grad utgjort av menneske med udefinerte utsjånader og uklare framferder, dei er lydlege typar som den merksame lyttaren har gjort til heile personar med uverifiserte, men systematiske stildrag. Vanlegvis utrustar me desse personformene med stadig fleire innbyrdes konsistente trekk, for jo meir me har lytta til Margrete Holt, jo betre føler me at me kjenner henne. Men røystene framfører offentlege rollar ovanpå seg sjølve, så det er like feil å seia at lyttarane avslører ein sann personlegdom som å seia at me førestiller oss den. Margrete Holt er neppe så god og koseleg som ho gjev seg ut for å vera, men dei framføringane me har å gå etter må jo innebera at ho ler, smiler og nikkar med hovudet i studioet under sending. Ho må framføra
‘Margrete Holt’ langt utover den lydlege dimensjonen, med allslags røynlege følgjer så lenge ho er på lufta. Lyttarane aktualiserer handlingane hennar som ufysleg hyklarske eller triveleg småpratande alt etter kva personlegdomar me sjølve har.
Me aktualiserer alt me høyrer på radioen til heilskaplege handlingar ifølgje våre individuelt tileigna perseptuelle typar. Akkurat no høyrer eg nokon skriva på eit ark, eg høyrer pennen skrapa mot papir og veit at ei hand må føra den, eg er så van med slike gjeremål at eg kan leva meg inn i skrivinga ved å kalla fram mønsteret for ei slik handling. Eg kan mest kjenna rørslene i mi eiga hand. Det er på dette grunnlaget eg vil kalla den høyrande forståinga ei dynamisk, kroppsleg innleving i det ikkje-lokale rommet. Våre naturlege haldningar i våre biografisk determinerte situasjonar er våre einskilde rammer for den aktuelle innlevinga, og slik heilskapleggjering er ikkje assosiasjonar eller førestillingar, men sjølvfølgjer: Me kan berre gjera radioen forståeleg ved å dra med oss erfaringane frå det lokalt levde rommet inn i det lydlege no veret som radioen presenterer.
I avsnitta 2.5 og 4.2 omtalar eg kommunikative kontinuum som gjer mediene verbalt og sosialt forståelege, no vil eg tilføya at desse er bygde utifrå eit perseptuelt kontinuum som gjer det ikkje-lokale rommet nærverande og heilskapleg på bakgrunn av strukturane i det lokale rommet. Det er berre innanfor einskildpersonane sine individuelle situeringar av lydhandlingane at dei meir konvensjonelle forståingskorrelata kan fungera. I siste instans er innlevinga den strengt naudsynte konsekvensen av at menneska ikkje kan forstå menneskelege handlingar som berre lydar, sjølv om radiorommet i perseptuell forstand berre finst i form av lydar.
5.9. Auditive førestillingar.
Standardforklaringa på korleis me gjer radioen meiningsfull er at me skapar oss visuelle førestillingar om det høyrde. Eg har derimot hevda at me fyller ut og heilskapleggjer lydhandlingane etter mønster av dei perseptuelle typane dei tilhøyrer, og at denne innlevinga er kroppsleg. Etter alt å døma er måtane det lydlege vert aktualisert på eit lite utforska felt innanfor medieforskinga, og mitt Merleau-Ponty-inspirerte argument om kroppsleggjering som forståing er naturlegvis ikkje sjølvtilstrekkeleg. Både det visualiserande og den heilskapleggjerande framlegget til forståingsmodell må spesifiserast nærare dersom teorien skal kunna verta adekvat, og bør dessutan supplerast med undersøkingar av den
auditive førstillingsevna.
Me seier gjerne at me førestiller oss ‘bilete’, men me førstiller oss også ‘lydar’. Ibde hevdar at ‘indre tale’ er den fremste forma for auditiv førestilling. «Det er røystene i språket som inntek ein sentral rolle i den auditive dimensjonen til menneska si førestilbngsevne» (1976: s. 120). Alt etter våre biografiske situasjonar kan me ‘høyra’ røystene til mor, Knut Borge og Paul McCartney; eller røystene til typane ‘småbarn’, ‘bergensarar’ og ‘engelskmann’. Me øver inn formuleringar gjennom indre tale før me ytrar dei for andre, og driv generelt mykje av tenkjinga gjennom monologar overfor oss sjølve.
Attåt slik førestilling av tale, ‘høyrer’ me for oss musikk, fossedur og bilstøy, i stor mon etter same mønster som me ‘ser’ for oss musikarar, fossar og bilar. Eksistensielt er det slik at ting ‘talar’, skriv Ihde. «Tinga i verda lyder på sine eigne måtar. Ting, andre, gudane, kvar har sine røyster som me kan lytta til» (Ibid: 118). Dersom auditive førestillingar skal nemnast med eit eige omgrep parallelt til ‘bileta’ me førestiller oss, må dei etter hans argumentasjon kallast røyster.
Ihde omtalar ikkje radiolydar og liknande teknologisk reduserte sansingar i samband med førestillingsevna. For å syna kva rolle auditive førestillingar kan spela i forståinga av radioen, vil eg ta omvegen om eit element i Jean-Paul Sartre sin førestillingspsykologi. Når eg persiperer eit portrett av Peter, skriv han, ser eg materialet for eit bilete. Fotografiet er ein ting som eg kan sjå fargetonane, mønstra og linjene i, utan å tenkja på at dei skulle representera noko (1978: s.17-18). Fyrst ved ei særskilt medviten haldning vert materialet til eit bilete av Peter, for eg førestiller meg eit fråverande menneske gjennom det nærverande, persiperte materialet (Ibid:s.19).
Dette liknar på Iser sin definisjon av litterær førestillingskraft: å framkalla nærveret til noko som ikkje er gjeve i persepsjonen. Me les skriftorda, og førestiller oss noko som dei representerer. Likeeins ser me mønstra i fotografiet, og førestiller oss det dei representerer. Er tileigninga av meining frå radioen ein auditiv parallell til slike visuelle forhold? Høyrer me lydar frå eit apparat, og førestiller oss det dei representerer, eller høyrer me menneske og handlingar som me utfyller slik eg skisserte i avsnittet ovanfor?
I desse spørsmåla møtest to forskjellige oppfattingar av kva persepsjon er. Sartre har openbert ei snevrare og meir tradisjonell forståing av omgrepet enn Merleau-Ponty har. Den fyrstnemnde skriv at førestillingane er representasjonar av fråverande objekt som forblir fråverande. Sistnemnde skriv, truleg i direkte referanse til Sartre sitt argument: «Å seie at eg førestiller meg Peter er å seie at eg bringer fram Peter i eit pseudonærvere ved å setja igang Peter-oppførsel-mønstret» (Merleau-Ponty 1992:s.181). Merleau-Ponty synest å meina at førestillingane er kroppslege aktualiseringar av noko fråverande. «Peter i førestillinga er berre ein av modalitetane ved mitt vere i verda» (Ibid). Vert kjeldene for radiolydane pseudo-nærverande ved ei perseptuell innleving i det ikkje-lokale, eller er lydane materiale for førestilte representasjonar av kjelder som forblir fråverande?
Eg vil ikkje forsøka å svara på dette spørsmålet, men set det fram for å visa at argumentet om kroppsleg innleving i radiorommet er ei følge av Merleau-Ponty sitt svært vide persepsjonsomgrep. Dersom omgrepet ‘persepsjon’ vert gjeve eit snevrare handlingsrom overfor forståinga av radioen, må omgrepet om ‘førestilling’ få eit større. Jo mindre rolle kroppen vert gjeven i forståinga, jo større rolle må det mentale livet få. Men i lys av den naturlege høyringa på radioen er dette eit reint teoretisk problem.
Sjette bolken – Kroppen i kommunikasjon
6.1. Det før-medvitne.
Denne oppgåva gjev merksemd til det materielle elementet i radiobruken, til korrelasjonen mellom dei teknologiske lydane og den kroppslege høyringa. Eg legg med vilje lite vekt på dei semantiske strukturane i folk si forståing av massekommunikasjonen, vel vitande om at desse er langt framme i dei fleste andre mediestudier. Istaden legg eg vekt på tileigninga av språkleg meining når det står ein sanseteknologi mellom partane, på Mirrem-strukturar som overskrid den romlege og intersubjektive avstanden som moderne medier har tilført kommunikasjonen.
Dei perseptuelle endringane som innføringa og trivialiseringa av radio må ha medført har eg ikkje drøfta, for då måtte eg ha studert dei perseptuelle typane i forskjellige historiske periodar, og gjort samanlikningar som ville reist alvorlege metodiske problem for handsaminga av den naturlege haldninga. Men eg har omtalt nokre kroppslege aspekt ved mediebruken som truleg er sentrale i endringsprosessane, og såleis har eg spunne nokre trådar i den veven av teknologiforhold som kvardagslivet i 90-åra dreier seg om. Etter mitt syn har teoriane eg brukar og resonnementa eg utviklar eit potensiale for å klargjera føresetnadane for sanseteknologiane si endring av persepsjonen, særleg dersom før-medviten kroppsleg åtferd i kommunikasjonen sitt materielle felt vert gjort til gjenstand for studium.
Teknologien endrar persepsjonen, vert det ofte hevda. Eg oppfattar denne påstanden som sjølvinnlysande, men korleis persepsjonen vert endra og kva handlingsrom endringane skapar for einskildpersonane i samfunnet, er derimot spørsmål utan klare svar. Det er uråd å analysera eit levande menneske sin heilskaplege persepsjon, og hevda at den er summen av så og så mange reiskapar brakte på den og den måten. Effektane gjer seg gjeldande på eit pre-objektivt og umedvite nivå. Me veit ikkje kva perseptuelle eigenskapar me kan takka bilen, fjernsynet eller Internettet for. «Effektane av teknologien oppstår ikkje på opinions- og omgrepsnivå, men endrar forholda mellom sansane og mønstra i persepsjonen jamnt og utan nokon motstand» (McLuhan 1987: s.18).
I eit forsøk på å komma nær dei strukturane som skapar perseptuell endring, må ikkje berre meininga med teknologibruken søkjast, snarare må denne setjast i parantes til fordel for ei merksam skildring av kva kroppsleg aktivitet menneska har i slike forhold, kva som er meininga i bruken. Det er råd å dyrka eit perspektiv der kommunikasjonen vert oppfatta mindre som ei utveksling av meiningar og idear om eitkvart, «og meir som ei framføring som vert driven til rørsle av ulike materielle uttrykk», skriv Pfeiffer (1994: s.6). Denne haldninga er oppteken med «dei potensiala for og trykka på stilisering som ligg i teknikkar, teknologiar, materiale, prosedyrar og ‘media'» (Ibid). Ei slik haldning kan vera vanskeleg å oppnå, antyder Pfeiffer, for teoretikarar har ofte ein «intuitiv motstand mot å tillegga oss sjølve eller andre handlingar som ikkje ‘representerer’ ein intensjon eller ei meining, og denne kan – alt etter institusjonar og medier – hardna til ei tvungen sjåing av tydingar, spesielt skjulte, overalt» (Ibid: s.7-8).
Istadenfor å fokusera på kva rasjonelt føremål eit særskilt kommunikasjonsapparat har og kva meining bruken gjev i forhold til føremålet, kan ein gje merksemd til det materielle møtet mellom eit menneske og apparatet. Då vil ein skildra praktiseringa av ein perseptuell type som stammar frå den aktuelle instrumentelle intensjonaliteten, ei viss innretting frå den einskilde personen som har visse høyrlege, synlege, taktile osb. verknader. Dei perseptuelle typane pregar oss på ulike vis til visse oppfattingar av omverda som mest er uråd å skildra ved til dømes å fortelja kva program som vart høyrt, eller i kva konkret sosial situasjon persepsjonen føregjekk. Slik stum kunnskap i forholdet mellom menneske og mediet ligg alltid i kroppen som eit før-personleg og før-medvite åtferdspotensiale. Den let seg ikkje observera, den må gjerast.
Åtferd skapar meining som er overskridande i forhold til det anatomiske utstyret, og likevel ligg immanent i åtferda som såvore, sidan den kommuniserer seg sjølv og vert forstått. Det er uråd å laga ei liste over innhaldet i denne irrasjonelle krafta som skapar meiningar og vidarebringer dei. Talen er berre eit særskilt tilfelle av den (Merleau-Ponty 1992: s. 189).
Denne irrasjonelle krafta er både teknologisk og biologisk skapt, skriv Merleau-Ponty. «Alt er både fabrikert og naturleg i mennesket» (Ibid). Det må vera plausibelt å seie at materialiteten i mennesket og materialiteten i apparata er to sider av same sak. «Eg har gjentekne gonger insistert på at materialiteten til teknologiane må takast vare på», skriv Don Ihde om sitt teoretiske prosjekt, «for det konkrete ved slik ‘hardware’ koblar seg i den vidaste tydinga med den tilsvarande konkretheita i vår kroppslege eksistens» (1990: s.26). Teknologien sin materialitet er i kontinuerleg korrelasjon med kroppen sin materialitet, og i dette møtet oppstår dei perseptuelle typane og endringane.
6.2. Vidare perspektiv.
Fenomenologi er i utgangspunktet ein veleigna teoretisk reiskap til å dyrka materialiteten i mediene, for dei fleste fenomenologar etter Husserl har vore inspirerte av ynskjet om å erstatta den gamle dualismen mellom mentalt og materielt liv med eit heilskapleg,
uoppløysleg menneske.
Istadenfor å spørja korleis mennesket når ‘ut’ i verda, vert det sett fram som alltid allereie verande i verda gjennom ein intensjonal kropp. Kroppen og verda former eit system, skriv Merleau-Ponty (1992: s.203), me eksisterer i verda gjennom ei «levande samankobling som kan samanliknast, eller er idenbsk, med den som eksisterer mellom delene av kroppen min»
(Ibid: s.205).
I vår tid inkluderer ‘verda’ ei rad sanseteknologiar som me er ‘levande samankobla’ med, utan at desse forholda har fått noka sentral rolle i fenomenologisk teori. Grunnen er truleg at fenomenologi i hovudsak er eit studium av essensar ved menneskeleg eksistens. Desse har ein tendens til å verta ahistoriske vesenstrekk, istadenfor å vera strukturelle variablar som
kan klargjera korleis perseptuell og sosial endring finn stad.
Moderne sanseteknologiar har ei underordna rolle i ‘klassiske’ fenomenologiske tekstar, sjølv om desse i hovudsak er skrivne etter at telefon, radio og film var internaliserte i livsverda til folk flest. Eg har vorte frustrert over kor liten relevans massekommunikasjonen vert gjeven i kroppen sitt umiddelbare perseptuelle og sosiale felt. Ihde skriv ein fenomenologi om lytting (Ihde 1976) utan noka vekt på sanseteknologi. Rett nok skriv han ei bok om teknologien og livsverda (Ihde 1990), som handsamar forholdet mellom menneska og teknologiane, men mediene får berre ei tilfeldig rolle.
Frustrasjonen min gjeld i særskilt grad Merleau-Ponty og Schutz. Omtrent alle emna dei tek opp i forholdet mellom menneska og omgjevnaden vert handsama utan omsyn på kommunikasjonsteknologien sitt endringspotensiale. Dei radikale forskjellane mellom livet med og livet utan telefon, radio, fjernsyn, film osb. vert ikkje problematiserte. Deira grundige skildringar av den perseptuelle og sosiale kommunikasjonen ville vore langt meir verdfulle dersom modifikasjonane av nærvere og fråvere på 1900-talet vart tekne omsyn til.
Det finst naturlegvis mykje annan faglitteratur om persepsjonen og massemediene, ikkje minst teori som gjer kreativ bruk av dei grunnleggande fenomenologiske innsiktene (til dømes Johansen 1993, Lowe 1982 og Sobchack 1994). Men i hovudsak er desse historisk orienterte, og presenterer lange linjer i teknologiutviklinga istadenfor djupskildringar av noverande perseptuelle typar. Eg vil hevda at det finst ein teoretisk mangel i medieforskinga, ein blind og døv flekk som dreier seg om mikroperseptuelle studier av materialiteten i einskilde sanseteknologiar. I særleg grad manglar det fenomenologiske studia av korrelasjonen mellom lydlege medier ogbrukarane.
Eitt medium kan ikkje studerast åleine dersom føremålet er å seie noko generelt om kva strukturar som ligg til grann for perseptuell endring. Telefonen skapar intersubjektivitetsforhold som er ganske ulike radioen sine, og stereoanlegg skapar endå ein annan lydbruk.
Trass ulikskapane mellom lydmediene er det råd å ha som utgangshypotese at det finst uavklarte, før-medvitne strukturar mellom menneske og lydteknologi som er felles for desse apparata, nettopp fordi teknologiforholda er kroppslege like mykje som dei er intellektuelle og føremålsretta. Slike eventuelle djupstrukturar i korrelasjonen teknologiske lydar – kroppsleg høyring er etter alt å dømma ikkje ahistoriske essensar som eine og åleine er tillempa frå andlet til andlet-situasjonen. Ei klarlegging av slike forhold ville truleg kunna tilføra vesentlege element til ei skildring av perseptuelle endringsprosessar.
Ei utvikling av dette perspektivet måtte ha overskride det fenomenologiske grunnfjellet, særleg måtte dei metodiske tilnærmingsmåtane vorte fleire. Den historiske utviklinga og internaliseringa av einskildteknologiane måtte vorte studert med vekt på brukarane si tilvenning til dei, hovudsakleg ved hjelp av kjeldemateriale frå dagspresse, fagpresse og skjønnlitteratur. Våre noverande forhold til dei måtte vorte studerte ved empiriske undersøkingar av produksjonspraksisar, lyttemåtar og kroppslege innstillingar. Ikkje minst måtte dei daglegdagse måtane å snakka om teknologiforholda på vorte undersøkte, for dei ville kunna gje teikn på kva aspekt ved braken som vert tekne for gjevne. Det estetiske nivået i teknologiforholda måtte i særleg grad ha vorte sentralt, ikkje minst i av form av merksemd om dei ‘kroppsleg-auditive’ haldningane til musikk. Her ligg truleg eit stort potensiale for å avdekkja det spesifikt kroppslege i kommunikasjonen.
Kroppen er ikkje i kommunikasjon berre på lyttarsida av teknologiforholdet, og framførarane sine metodar for å uttrykka seg gjennom teknologien til fråverande tilhøyrarar, er i svært liten grad handsama i denne oppgåva. Dette aspektet ved massemediene har ei like sterk før-personleg og før-medviten avstamming som brakar-aspektet. På eitt nivå er nok journalistar, musikarar og andre kulturprodusentar medvitne om kvifor, korleis og til kven dei vil uttrykka seg, og brakar dessutan mikrofonar og kamera som spesifikke reiskapar til føremåla sine. Men nettopp fordi kulturarbeidarane har internalisert visse perseptuelle typar kan teknologiforholda trekkja seg tilbake som tause føresetnader for framføringane, og gjera kommunikasjonen til eit umiddelbart, intersubjektivt fenomen. Det gjenstår å gå empirisk inn på kringkastinga si oppretthalding av Mitsein. Men dersom til dømes samanhengar mellom framføringssjangrar og lyttematar vert studert, må ikkje dette møtet mellom menneske gjennom sanseteknologiane verta fråteke sitt levande novere ved objektiverande analysar. Uttrykksfenomenet kan berre fungera fordi det er eit irreduktibelt, umiddelbart forhold. Det kan ikkje verta til tekstar utan at dei strukturane som opprettheld kommunikasjonen vert borte.
Overalt er uttrykkshandlinga kreativ, og det som vert uttrykt er alltid uløysleg knytt til den. Det finst inga analyse som kan gjera språket krystallklart og stilla det opp framføre oss som om det var eit objekt. Talehandlinga er berre klar for personen som faktisk taler eller lyttar, den vert obskur så fort me forsøker å kasta lys over grunnane til at me forstår den slik, og ikkje annleis. Me kan seie det same om den som me har sagt om persepsjonen, og som Pascal seier om haldningar [opinions]: i alle tre tilfella har me mirakelet med ein umiddelbart oppfanga klarleik, og denne forsvinn så snart me forsøker å bryta den opp i det me trur er dei elementa den er samansett av (Merleau-Ponty 1992: s.391).
Noter:
1. ‘Naturleg’ viser ikkje til ahistoriske, universelle vesenstrekk ved mennesket, men til at me lever kvardagslivet på ein uproblematisert måte som er heilt naturleg for oss. Jamfør avsnitt 2.2.
2. I tredje bolken utgreier eg grunntrekka i min bruk av fenomenologi. Edmund Husserl spelar ei rolle berre i den grad han har prega dei teoretikarane eg gjer eksplisitt bruk av. Eg tek ikkje utgangspunkt i hans strenge subjektfilosofi, men i den modifiserte varianten som vert kalla eksistensfilosofi.
3. Persepsjonen er sjølvsagt historisk, den endrar seg både i livslaupen til den einskilde og i kulturane si teknologiske og sosiale utvikling (jamfør Lowe 1982; Ihde 1990; Schutz 1970).
4. Dette omgrepet hentar eg frå Espen Aarseth. Hjå han dekkjer det «enhver kommunikasjonsform som skaper et sosialt rom uavhengig av geografiske begrensninger. Et eksempel på et ikkelokalt rom kan være en telefonkonferanse mellom personer i Tromsø, Stavanger og Bergen» (Aarseth 1993: s.24).
5. «Er lyttaren som les ei avis med akkompagnement frå ein radiodiskusjon del av publikumet for den, eller er han ikkje?» (Crisell 1994: s.220). Her fordunklar omgrepsbruken ei interessant problemstilling, for kan ein ‘lyttar’ lesa ei avis, eller må han i så fall vera ein ‘høyrar’?
6. Sjå Hammond et.al. 1994 og Liibcke (red.) 1991 for innføring.
7. SjåFløistad 1993: s.96-97 for innføring.
8. Eg vil presisera at ‘verd’ og ‘omgjevnad’ er omgrep som inkluderer medmenneska i den sosiokulturelle fellesskapen, dei nemner ikkje den strengt fysiske dimensjonen åleine.
9. Eit slagord han låner frå Husserl.
10. Eigentleg Husserl sitt omgrep Prasenzfeld; i den engelske omsetjinga «field of presence». Både Husserl og Merleau-Ponty spelar på dobbelttydinga i omgrepet ‘present’: nærverande og noverande.
11. «We must therefore avoid saying that our body is in space, or in time. It inhabits space and time». Merleau-Ponty spelar på ordet ‘habit’, som han kallar «the grasping of a significance» (s. 143), og kroppen sine vanar er ei aktiv tileigning og oppretthalding av verda, me er ikkje passivt i den.
12. På fransk tyder «sens» både sansing, meining og retning. På engelsk tyder «sense» sansing og meining.
13. ‘Objekt’ har same tyding som eg gav ‘gjenstand’ i avsnitt 3.2: objekt for perseptuell merksemd.
14. Dette er typar som følgjer med den naturlege haldninga, men istadenfor å vera sosialt bestemte vert dei bestemte av sanseevnene sine korrelasjonar med materialet i verda.
15. Ihde låner omgrepet «alterity» frå Emmanuel Levinas, der det viser til den radikale forskjellen mennesket erfarer i møtet med eit anna menneske, eit forhold som ikkje kan reduserast til mål/middel-relasjonar.
16. Hjå Gibson nemner omgrepa «wave trains» og «wave fronts» lydbølgene frå ei spesifikk kjelde, ikkje alle lydane som når øyro til eit tidspunkt. Eg brukar ‘bølge- front’ i denne presise tydinga.
17. Hjå Altman tyder ‘direktelyd’ lydar som vert persiperte i heilskap, med kjeldene sine i den lokale omgjevnaden.
18. Sjå Lastra 1992 for ei drøfting av dei reproduserte lydane sin røyndomsstatus.
19. Sitert frå Philosophie der symbolischen Formen III, 1954: s.73, i Skjervheim 1974, s.62. Omsett av Skjervheim.
20. Eg vel å oppfatta stille som ei form for lyd, sidan den fenomenologiske definisjonen på lydar er ‘noko me kan høyra’.
21. Internettet sin skriftlegdom kan ikkje kallast meir enn midlertidig permanent.
22. «Kvar lyd er spatio-temporalt spesifikk, eller i ei vid tyding av omgrepet, historisk», «ein lyd er uløysleg knytt til tida og rommet den vart produsert i» (Lastra 1992: s.67). Dette aspektet ved lydane er uråd å erfara når dei kjem frå radioapparatet. Me lever ikkje i det rommet, og kanskje heller ikkje i den tida då framføringane vart laga til.
23. I Bergen finst det minst sju frekvensbånd; NRK Pl, P2 og P3 (nattradio felles med Pl), P4, Puddefjord Radio, Radio 1 og MFM Bergen.
24. Midt på tredvetalet måtte lydinnspeling enno gjerast på plate eller «Blattnerphone», og var berre råd å bruka i studio. Den vart hovudsakleg brukt til å lagra døme på vesentleg kringkastingsmateriale (Scannell og Cardiff 1991: s.146)
25. I dei fyrste tiåra var innspelingsteknologien så dårleg utvikla at lydkvaliteten naud- synlegvis gav lyttarane teikn på om det høyrte var innspelt eller direkte (jamfør Crisell 1994: s.23).
26. Formelt er radiolydane ein del av omgjevnaden, og såleis fullt tilstades. Dei er her og no i persepsjonen, slik klærne eg mine er. Men framføringane er forslåtte lydar, og difor er det ikkje-lokale sitt eventuelle nærvere eller fråvere ein subjektiv storleik.
27. Me lyttar naturlegvis også til musikk, men den har ikkje på same vis som talen ei intendert språkleg meining, og skiljet lytting/høyring vert ikkje like klart.
28. Han brukar ordet «sens» som tyder både retning og meining på fransk.
29. Men jamfør likevel Merleau-Ponty si framheving av at synet ikkje er innestengt i det perspektivet som kroppen bind det til fordi andre moglege synsvinkar på ein ting er inkludert i den aktuelle sjåinga (1992: s.67), sjå avsnitt 3.5.
30. Stille er ein relativ storleik. I høyrefeltet mitt er det aldri stille, men gjenstandar i det kan sjølvsagt vera stille, til dømes bøkene i hylla. Det kan verta så stille kring meg at eg høyrer lydar som vanlegvis vert overdøyvde, og i eit akustisk daudt studio vil eg om ikkje anna høyra hjarteslaga mine.
31. Som gjeld gjenstanden sitt meiningsinnhald.
32. Alle lydar har omringande aspekt, medan omslutting er ein sterkare modus som delvis skuldast visse typar av lyd sine akustiske eigenskapar (musikk), og delvis skuldast lyttaren si merksemd. Me kan lata oss omslutta, medan me vert omringa.
33. Det finst ei estetisk og teoretisk rørsle som studerer «soundscapes»; akustiske omgjevnader i byar, på bondegardar, osb. Jamfør Jarviluoma 1994.
34. Somme speler nok inn program på band for å kunna høyra dei ekstra grundig ved fram- og tilbakespoling, men dette er unntak frå dei typiske kvardagsrutinane.
35. Eg utelet semantiske, semiotiske og sjangermessige vurderingar. Emnet mitt er å skildra den perseptuelle forståinga, ikkje å analysera språkbruk. Radiospråket vert utlagt til dømes i Vagle 1990, Scannell (red.) 1991 og Crisell 1994.
36. Prosodien er den delen av lydlæra som omhandlar lengda, styrken, høyrlegheita og tonehøgda til språklydane.
37. Ihde skriv at for Husserl er førestillingskrafta ein reproduksjon av inntrykk som fyrst var perseptuelle, men som får eit uavklara overskot over persepsjonen i førestillinga (Ihde 1976: s.l 19).
Litteraturliste:
Altman, Rick (1992): «The Material Heterogenity of Recorded Sound» i Altman (red.): Sound Theory/Sound Practice, New York: Routledge
Austin, J.L. (1989): How to Do Things With Words, Oxford: Oxford University Press (Utgjeven i 1962)
Barthes, Roland (1977): Image, Music, Text, London: Fontana (Omsett frå fransk av Stephen Heath)
Bastiansen, Henrik G. (1993): «Om kringkastingshistorie som forskningsfelt» i Skretting (red.): Kringkasting og kino, Oslo: KULTs skriftserie nr. 15
Branigan, Edward (1996): «Sound, Epistemology, Film» (Upublisert utkast)
Cavell, Stanley (1979): The World Viewed, Cambridge: Harvard University Press (Utgjeven i 1971)
Chion, Michel (1994): Audio – Vision. Sound on Screen, New York: Colombia University Press (Utgjeven 1990, omsett frå fransk av Claudia Gorbman)
Colbjørnsen et. al. (1987): Radioarbeid, Oslo: NKS-Forlaget
Crisell, Andrew (1994): Understanding Radio, London: Routledge (Utgjeven i 1986)
Fiske, John (1994): Kommunikationsteorier, en introduktion, Stockholm: Wahlstrøm & Widstrand (Utgjeven i 1982, omsett frå engelskav Lennart Olofsson)
Fiske, John (1991): «Moments of Television: Neither the Text nor the Audience» i Ellen Seiter (red.): Remote Control, London: Routledge
Fløistad, Guttorm (1993): Heidegger. En innføring, Oslo: Pax
Gibson, James J. (1966): The Senses Considered as Perceptual Systems, Boston: Houghton Mifflin
Gumbrecht, Hans Ulrich (1994): «Rhythm and Meaning», i Gumbrecht og Pfeiffer (red.): Materialities of Communication, Stanford: Stanford University Press
Hammond, Michael et.al. (1994): Understanding Phenomenology, Oxford: Blackwell
Hutchby, lan (1991): «The Organization of Talk on Talk Radio», i Scannel (red.): Broadcast Talk, London: Sage
Ihde, Don (1976): Listening and Voice, Athens: Ohio University Press
Ihde, Don (1990): Technology and the Lifeworld, Indianapolis: Indiana University Press
Iser, Wolfgang (1991): The Act ofReading, Baltimore: Johns Hopkins University Press (Utgjeven i 1978, omsett frå tysk av forfattaren)
Jensen, Klaus Brunn (1995): The Social Semiotics of Mass Communication, London: Sage
Johansen, Anders (1993): Nærvær og virkelighet. Synsgleder i de tekniske bilders tid, Bergen: intern publikasjon ved Institutt for medievitskap
Johansen, Anders (1995): «Medmennesker, landsmenn, samtidige», i Norsk medietidsskrift nr. 1, Oslo: Novus
Jonas, Hans (1970): «Nobility of Sight» i Spicker (red.): The Philosophy of the Body, New York: Quadrangle
Jarviluoma, Helmi (1994): Soundskapes. Essays on Vroom and Moo, Tampere: Tampere University Printing Service
Larsen, Peter (1996): «Imaginære rum. TVs ‘sted’ i hverdagsbevidstheden», i Kultur & Klasse. Kritik & Kulturanalyse, nr.2, København: Medusa
Lastra, James (1992): «Reading, Writing, and Representing Sound» i Altman (red.): Sound Theory/Sound Practice, New York: Routledge
Lowe, Donald M. (1982): History of Bourgeois Perception, Chicago: The University of Chicago Press
Lubcke, Poul (red.) (1991): Vor tids filosofi: Videnskap og sprog, København: Politikens Forlag (Utgjeven i 1982)
McLuhan, Marshall (1987): Understanding Media. The Extensions of Man, New York: Ark (Utgjeven i 1964)
Meland, Ingmar (1994): «Kroppen som kreativ instans» i Utskrift nr.1, Bergen: Institutt for kunsthistorie og kulturvitenskap
Merleau-Ponty, Maurice (1992): Phenomenology of Perception, London: Routledge (Utgjeven 1945, omsett frå fransk av Colin Smith og utgjeven på engelsk i 1962)
Merleau-Ponty, Maurice (1995): Perceptionens primat, København: Det kgl. danske kunstakademi (Føredrag frå 1946, omsett frå fransk av Otto Jul Pedersen)
Meyrowitz, Joshua (1986): No Sense of Place, New York: Oxford University Press
Maasø, Amt (1994): Lyden av levende bilder, Oslo: Hovudoppgåve ved Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo Nygaard, Thomas (1995): Den lille sosiologiboka, Oslo: Universitetsforlaget
Ong, Walter (1991): Orality and Literacy, New York: Routledge (Utgjeven i 1982)
Pfeiffer, K. Ludwig (1994): «The Materiality of Communication» i Gumbrecht og Pfeiffer (red.): Materialities of Communication, Stanford: Stanford University Press
Rasmussen, Terje (1993): «Synsmåten: Notater til persepsjonens historie» i Rasmussen og Søby (red.): Kulturens digitale felt, Oslo: Aventura
Sartre, Jean-Paul (1978): The Psychology oflmagination, London: Methuen (Originalt utgjeven i 1940, omsett frå fransk av Mary Warnock)
Scannell, Paddy (1991): «Introduction: the Relevance of Talk» i Scannel (red.): Broadcast Talk, London: Sage
Scannell, Paddy og Cardiff, David (1991): A Social History of British Broadcasting, Oxford: Blackwell
Scannell, Paddy (1993): «Time, Place and Space in Broadcasting» i Skretting (red.): Kringkasting og kino, Oslo: KULTs skriftserie nr. 15
Schutz, Alfred (1970): On Phenomenology and Social Relations, Chicago: University of Chicago Press (Tekstar utvalgte av Helmut R. Wagner)
Seiter, Ellen (red.) (1991): Remote Control. Television, Audiences & Cultural Power, London: Routledge
Skjervheim, Hans (1974): Objektivismen og studiet av mennesket, Oslo: Gyldendal (Utgjeven 1959 som Objectivism and the Study of Man, 1959, omsett til norsk av forfattaren og Atle Måseide).
Skjervheim, Hans (1996): Deltakar og tilskodar og andre essays, Oslo: Aschehoug (Utgjeven 1976, nytt utval 1996) Sobchack, Vivian (1994): «The Scene of the Screen: Envisioning Cinematic and Electronic ‘Presence'» i Gumbrecht og Pfeiffer (red.): Materialities of Communication, Stanford: Stanford University Press
Vagle, Wenche (1990): Radiospråket – talt eller skrevet?, Oslo: Novus
Wurtzler, Steve (1992): «She Sang Live, but the Microphone was Tumed Off i Altman (red.): Sound Theory/Sound Practice, New York: Routledge
Wuthnow, Robert (1991): «The Phenomenology of Peter L. Berger» i Wuthnow etal.: Cultural Analysis, London: Routledge (Utgjeven i 1984)
Zumthor, Paul (1994): «Body and Performance» i Gumbrecht og Pfeiffer (red.): Materialities of Communication, Stanford: Stanford University Press
Aarseth, Espen (1993): «Postindustriell kulturindustri» i Rasmussen og Søby (red.): Kulturens digitale felt, Oslo: Aventura