Til toppen

Folket på TV


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Forstyrrar det samfunnsdebatten at vanlege folk deltek meir i mediene?

I kronikken «Folkevandringen inn i mediene» (10. oktober) formidlar Espen Ytreberg det enkle faktum at «hele 38 prosent av Norges befolkning fra 9 år og oppover har deltatt på TV minst én gang». Ytreberg har bevis for mistanken om at det er store endringar på gang i mediene. «Grovt sagt har vi gått fra en tid der elitene dominerte i mediene til en tid der de i stigende grad får konkurranse om oppmerksomheten fra vanlige folk».

Det kan høyrast ut som folk hamrar taktfast på dørene til mediehusa på Nøstet og Marienlyst med krav om å koma på fjernsyn. Men ingen innbiller seg vel at dei ville få politisk innverknad ved å koma på TV ein gong (eller to)? Det er uansett fjernsynsstasjonane sin agenda som blir fremja, og deltakarane er eit av dei verkemidla som blir brukt til iscenesetjinga.

GRUNNEN TIL at redaksjonane i stigande grad lagar program med vanlege folk istadenfor elitepersonar er truleg noko så trivielt som at dei rir på ein trend, omtrent slik tema knytt til romfart var ein trend på slutten av 60-talet. Når NRK og TV2 brukar vanlege folk på SMS og telefon i beste sendetid («På tråden med Synnøve», «Svigerdatter søkes») så betyr det altså ikkje at vanlege folk har fått stor makt og innflytelse i mediene. Det faktum at 38 prosent av befolkninga i Noreg har vore på TV seier lite om det demokratiske potensialet i mediene, og mykje om profittpotensialet i deltakingsprogram. Men sjølvsagt har Ytreberg rett i at det no breier seg nye og meir aktive måtar å bruka mediene på. «Nye roller er i ferd med å bli etablert, men det gjenstår å finne ut hvilke rettigheter og plikter som følger med dem», skriv han. Ytreberg kjem likevel ikkje lenger enn til å formulera spørsmålet om nye rettigheiter og plikter.

DET BURDE gå an å foreslå eit svar også. Eg vil sitera C. Wright Mills, ein venstreorientert amerikansk sosiolog frå 1950-talet, som gav eit ytterst presist forslag til kva rettigheiter og plikter som følgjer med offentleg samtale: «I ei offentligheit slik me forstår begrepet (1) er det omtrent like mange menneske som uttrykker meiningar som det er mottakarar av dei. (2) Offentleg kommunikasjon er oganisert slik at det er ein sjanse for å svara umiddelbart og effektivt på ei meining som blei uttrykkt offentleg. Meiningar som er forma av slik diskusjon (3) finn lett uttrykk i verknadsfull handling, om nødvendig i motstrid til dei rådande autoritetar. Og (4) autoritative institusjonar gjennomsyrer ikkje offentlegheita, og den fungerer difor på ein meir eller mindre autonom måte». Det er langt mellom Wright Mills’ og Ytreberg sine perspektiv på offentlegheita. Kanskje fjernsynet har vore så uendeleg langt unna å oppfylla demokratiske krav til deltaking at det fyrst er i 2006 at fjernsynsprofessoren i det heile tatt oppdagar mogelegheita (og den elitistiske borgaren for fyrste gong ser for seg eit skrekkvelde under utvikling).

PROBLEMET BLIR tydeleg når Ytreberg seier at «mediedeltakelse fra vanlige folk bør diskuteres som noe annet og mer enn en forstyrrelse av den egentlige samfunnsdebatten.» For Wright Mills trur eg det ville vera umogeleg å tenkja seg at deltaking frå vanlege folk skulle vera ei forstyrring av samfunnsdebatten. Dette er eit falsk dilemma i den forstand at omtrent alle offentlegheitsteoretikarar sidan Sokrates set fram deltaking frå vanlege folk som eit grunntrekk ved samfunnsdebatten.

Vanlege folk har i hvert fall ikkje som utgangspunkt at dei forstyrrar samfunnsdebatten. Saken har nemleg blitt undersøkt av forskergruppa Kulturteknikker ved Universitetet i Bergen, med midlar fra Norges Forskningsråd sitt KIM-program. Vår intervjuundersøking fanga opp påstandar om ein mangel på kommunikativ fornuft i måten redaksjonane isceneset deltakinga til vanlege folk på.

HJELPEPLEIAREN Stine (27) meiner at det faktisk er mediene som forstyrrar samfunnsdebatten. Ho seier at «det er så mange debatter der privatfolk, eller mannen i gata, skal prate om ditt og datt. Men de får ikke snakke særlig lenge, eller de blir avbrutt hele tiden. Her er det et mønster som gjør at jeg slår av, jeg blir mer og mer irritert og kan ikke høre på. PåTabloid og slike programmer går debatten så fort, det er så mange meninger, men det er ingen som diskuterer ting. De bare står og slenger ut argumenter, og det er ikke de gode argumentene som kommer frem, det gjelder bare å skrike høyest. Det er ikke en debatt, bare meningsytringer». Kulturforskaren Lise (47) meiner fjernsynsstasjonane behandlar vanlege folk respektlaust. Ho blir spurt om ho synest folk kjem tilstrekkeleg til orde i deltakingsprogram på fjernsyn og radio. «Nei, jeg synes det er ustrukturert og kaotisk og respektløst både for den ene og den andre parten. Som lytter følte jeg meg også krenket av den formen. Denne formen får innringerne til å fremstå som idioter, og det ligger i formatet – selv om de jo ikke akkurat er verdens skarpeste de der som ringer inn heller.»

SKEPSISEN til at det vil oppstå ei meir verdig deltakarbasert offentlegheit er stor. Butikkdama Ylva (58) blir spurt om ho trur at nye teknologiar som Internett og mobiltelefon har gitt folk større innflytelse over innholdet i mediene. «Nei, jeg tror ikke det har gitt vanlige folk større innflytelse. Det tror jeg ikke. Det finnes avgjørelser som blir tatt i forhold til hvordan programmet skal være, og de blir jo tatt på et helt annet plan. Og vanlige folk får ikke noe å si over det, annet enn at de har disse stemmerundene når kabelselskapet skal skifte kanaler, hvilke de skal utelukke, så er det vel en viss innflytelse, men generelt tror jeg det blir bestemt på et annet plan».

I debattinnlegget «Uinteressant dill» i Dagbladet 13. oktober slår Jan Rokne an eit foraktfull tone overfor deltakingsprogramma på fjernsyn. All deltakinga frå vanlege folk er «fyllstoff og tomt prat – myntet på dem under 35 år og glemt på to sekunder». Rokne løftar seg etterkvart til store høgder i sin skepsis mot den kulturelle verdien av slike program. «Det norsk fjernsyn trenger for ikke å bli helt infantilisert, er smuler fra ånden til den dikteren landet feirer dette året», altså Henrik Ibsen.

HER ER ROKNE på veg inn i parodien. Det som verkeleg trengst er fantasi til å tenkja seg programformer som er mykje meir kommunikativt fornuftige enn dei noverande, slik at vanlege folk kan utfalda seg på ein meir ansvarleg måte, slik at det ikkje lenger blir mogeleg å tenkja på innhaldet i deltakingsbaserte program som fyllstoff og tomt prat. Dei tre kvinnene som blei sitert ovanfor tenkjer slik. Men det er vanskeleg å sjå for seg ei framtid der mediene viser tiltru til vanlege folk. Henrik Ibsen er ikkje til nytte i denne demokratiske øvelsen, og heller ikkje Dag Solstad, Jan Rokne og dei andre elitistane. Jo, forresten, dei kunne jo holda munn ei stund, og sjå om det dukka opp nokon som sa noko viktig om vilkåra for det offentlege livet. Det er vanskeleg å sjå for seg ei framtid der mediene viser tiltru til vanlege folk.