Til toppen

Vikingar i Technicolor


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


viking

Interessant og fargesprakande formidlingsperspektiv på vikinganes teknologi og hærtog.

Vikingtida er eit nesten populistisk temaval, med den tvers gjennom actionfylte handlinga. Vikinger i krig utnyttar dette maksimalt, og blir ein våt draum for alle hobbyhistorikarar. Boka gjev eit spennande og originalt «Technicolor-preg» til historia, på grunn av alle dei grafiske illustrasjonane.

Boka har eit interessant formidlingsperspektiv. Ho dreier seg fyrst og fremst om teknologi og alle dei handlingane som vikingane gjorde med teknologiane sine. Fyrste del handlar (nesten overdetaljert) om kvardagsarbeid, militære anlegg, skip og våpen, og forklarer korleis vikingane vart så farlege og effektive. Arkeologifaget blir utnytta bra her.

Andre hovuddel tek for seg ekspedisjonar til framande stader som Bysants, Frankarriket, England, Island og Amerika, og dette er den mest engasjerande delen. Her er det detaljerte attforteljingar av tokt og hærtog, til dømes «den store hæren» si ti år lange ferd gjennom Mercia og Wessex (i England) på slutten av 800-talet.

Kim Hjardar er historikar og lærar ved St. Hallvard videregående skole i Drammen, og Vegard Vike er arkeolog ved Historisk museum, Universitetet i Oslo. Kombinasjonen av lærar og arkeolog har gjeve boka eit veldefinert visuelt forteljenivå som er den fremste styrken til boka, som gjer at ho skil seg ut frå vanlege fagbøker.

Boka har tre nivå av Technicolor, om eg kan seia det slik. Det mest fargesprakande er eit titals fargefoto av arkeologiske funn som gullskattar, skip, sverd, tekstilar og hustufter. Det er også gode flyfoto av ruinlandskap og naturlege hamner. Eit anna grafisk nivå er dei mange originalteikna karta med linjer over land og vatn som markerer ferdselsmønsteret til vikingane, og ulike ikon som markerer slagstader, busetjingar, gravplassar, og så bortetter.

Det tredje grafiske nivået er mest uvanleg, og mest engasjerande. Det er originalteikningar av folk som gjer noko. Desse teikningane er meint å visa heilt konkret korleis viktige handlingar blei gjort. Til dømes viser ei teikning korleis krigarar er i ferd med å hoppa i land på ei strand, og skipet er teikna med eit snitt gjennom kjølen som viser kor høgt det ligg i vatnet, og kor langt inn skipet difor kan komma. Dette er ei effektiv blanding av realistisk teikning og tekniske modellar.

Dersom du lurer på korleis vikingane slost, så kan du sjå teikningar av hirden som omkretsar og beskyttar kongen i eit slag, og ei fylking som står i skjoldborg for å ta imot eit pilregn, og eit snitt gjennom fylkinga, der skjoldmenn står fyrst, deretter kjem sverd-, øks- og spydangriparar, og lengst bak menn med kastevåpen og pil og boge. Det er minst hundre slike realistiske og tankevekkande illustrasjonar i boka.

Alle bøker blir skrivne med ein implisitt lesar for auga, og i dette tilfellet viste eg meg å realisera akkurat den leseopplevinga forfattarane ville gje. Det er eit sikkert teikn på ei god sakprosabok når eg byrjar å sakna ein grundigare omtale av X, og så blar eg om, og der står det plutseleg masse om X. Vikinger i krig gav meg ei kjensle av at forfattarane har full kontroll over kunnskapsbehova mine.