Til toppen

Menneska kjem i andre rekke


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I framtidas arbeidsliv treng ikkje menneske ein gong å søka, for det vil uansett vera ei maskin som gjer jobben.

Eg melder åtte bøker om kunstig intelligens, og dagens bok er på femteplass. Det gjeld Jerry Kaplan: ”Humans Need Not Apply. A Guide to Wealth & Work in the Age of Artificial Intelligence” (2015).

Kaplan seier at teikna på trøbbel er overalt i arbeidslivet, særleg i form av ei vedvarande høg arbeidsløyse og stadig aukande lønsforskjellar i USA.

Arbeid og inntekt er så viktige faktorar for eitkvart menneske at dei påverkar sosiale relasjonar, politiske haldningar, muligheiten til å få seg ei utdanning og kjensla av å ha eit godt liv eller ikkje. Alt dette vert påverka av kunstig intelligens, seier Kaplan. Slik sett er han ein teknologideterminist av ypperste slag, men i det minste er han ganske bevisst på nettopp dette.

Kaplan definerer to typar av kunstig intelligens som han meiner vil dominera i framtida; ”synetetisk intellekt” og ”kunstig arbeidar”. Desse utfører både kontorarbeid og fysisk arbeid, og vil gjera menneske overflødige på stadig fleire virkeområde. Slike system dreg nytta den eksponensielle veksten i datakraft, som gjer at firma no kan basera seg på big data-prosessar som var heilt utenkjeleg i det ordinære arbeidslivet berre for nokre få år sidan.

”Syntetisk intellekt” (s. 4) er den mest avanserte typen AI. Slike system er basert på nevrale nett der det foregår ”maskinlæring”, og dei kan gå gjennom langt større mengder informasjon enn eit menneske kan, og lærer å forbetre ressonementa og åtferda utifrå all den relevante inputen som den prosesserer på ein meir systematisk og ”tolmodig” måte enn menneska.

Kaplan ber oss forestilla oss kor smarte me ville vore hvis me kunne sett med tusenvis av auge, høyrt lydar frå langt borte, og lest kvart ord i same sekund som det vart publisert (s. 4), og samstundes trekka lynraske, godt grunngjevne slutningar om viktige forhold utifrå all denne informasjonen. Syntetiske intellekt får alle ”white collar”-jobbar gjort raskt, nøyaktig og når som helst på døgnet, til ein kostnad som er langt lågare enn eit menneske kan tilby.

Kaplan brukar store delar av boka på å beskriva korleis syntetiske intellekt vil endra arbeidslivet. Høgfrekvent databasert aksjehandel har allereie har endra premissane for aksjesal. No kan gevinstar sikrast med eit 0,1 sekunds eigarskap i ein aksje, noko berre andre finansmaskiner kan konkurrera med. Menneska står ved sida og ser det som skjer på skjermen.

Amazon brukar personinformasjon om kundane, hausta inn via cookies, til å variera produktprisinga på ein måte som er uråd å få oversyn over for den vanlege konsumenten, men som aukar profittmarginen enormt samanlikna med hvis det var faste prisar.

”Kunstig arbeidarar” (s. 6) er mindre sjølvstendige enn ”syntetiske intellekt”, men nesten endå farlegare fordi dei kan jobba utandørs med manuelt arbeid. Robotar gjorde fyrst repetitive arbeidsoppgåver der miljøet var bygd rundt dei, t.d. lakkeringsrobotar på bilfabrikkar.

Men dei nye systema er autonome. Dei kan overvåka alle prosessar med datasyn, datahøyrsel og kybernetiske rørslemuligheitar. Utifrå dette oversynet kan dei ta beslutningar på sjølvstendig grunnlag, slik som sjølvkøyrande bilar kan. Kunstige arbeidarar treng ikkje eit spesiallaga miljø rundt seg. Dei kan stella grønsakene på jordet, måla huset, vaska fortauet, og så vidare.

Kaplan lagar eit scenario der du treng å få malt huset, og så ringer du til eit firma som leverer autonome maletenester. Fleire dusin små droner flyr systematisk fram og tilbake og sprayar veggen med malinga – som dei sug opp i passande volum kvar gong dei bunkrar. Det ville berre ta nokre timar å mala eit strøk på eit heilt hus, og då er alle krinkelkrokar inkludert, pluss ulike fargar malt med stor presisjon.

Verknaden av kunstig intelligens-arbeidsmarknaden er lite merkbar på kort sikt. Den langsiktige verknaden kan me til dels allereie merka. Kaplan skriv: ”Du kan bestilla ein ny riskokar på nettet i kveld og få den levert i morgon, men det vert ikkje rekna med i kostnaden at butikkar i nærområdet sakte men sikkert stenger, og at nokon av naboane dine mistar jobben” (s. 7, mi omsetjing). Dette var verkeleg tankevekkjande, synest eg.

”Humans Need Not Apply” er skremmande realistisk, men dei skumlaste scenaria følest meir gyldige for USA enn for til dømes Noreg. Deira kapitalisme er spesielt kynisk, og er sterkt kopla til teknologiutviklinga i Silicon Valley. Utslaga av kunstig intelligens-teknologiar vert truleg meir dramatiske der borte – i det minste på kort sikt.

———–

KOMMANDE MELDINGAR:

4:8. Ray Kurzweil: ”The Singularity is Near. When Humans Transcend Biology” (2005).

3:8. John von Neumann: ”The Computer & the Brain” (1958, tredje utgåve 2012).

2:8. Daniel Dennett: ”From Bacteria to Bach and Back. The Evolution of Minds” (2017).

1:8. Herbert Simon: ”The Sciences of the Artificial” (1969, tredje utgåve 1996).