Til toppen

God vitskap om tillit


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


tillit

Grundige empiriske analysar av tillitsforhold i dagens Noreg.

Kvar gong eg opnar avisa, ser eg ordet «tillit» i ei overskrift. Offentlegheita er uroleg for at folk får svekt tiltru til helsebyråkratiet etter Ahus-skandalen, eller til politiet etter 22. juli-handteringa. Med minkande tillit ville me få eit farlegare og meir brutalt samfunn, og det er alle redde for. Men Tillit i Norge viser at tilliten vår faktisk er sterk både overfor personar rundt oss, og overfor statlege institusjonar.

Antologien har 15 forfattarar som tek for seg den sterke norske tilliten både sosiologisk og filosofisk, og nyleg avlidne Harald Grimen er ei sentral kraft i boka. Dette er ei krevjande bok å lesa, med både kompleks statistikk og omgrepsdiskusjonar som føreset at ein har kjennskap til tillitsforskarar som Anthony Giddens og Russel Hardin.

Det mest pedagogiske kapitlet heiter «Tillit og mistillit i Norge og Sicilia», og her forklarer Helge Skirbekk og Gunnar Skirbekk kvifor dei to landa har så ulik grad av generell tillit. I Noreg er borgarane materielt, økonomisk og helsemessig svært likestilte, medan Sicilia har stor ulikskap på dei same dimensjonane. Land med høg tillit treng ikkje kontrollera og sanksjonera så mykje av åtferda som andre land må, og dette er skapar igjen ei auka kjensle av tillit. Her er det ein sjølvforsterkande positiv effekt som Sicilia ikkje nyt godt av, men som har fungert godt i Noreg i mange generasjonar.

Låg korrupsjon er eit teikn på gode institusjonar. Harald Grimen skriv at gode institusjonar er dei som kan læra av sine feil og reformera seg. Dei må ha insentivsystem som gjer at dei tilsette ynskjer å følgja målsetningane, og likeins ha rettferdig sjølvjustis og ei god forvaltning av sitt eige renommé. Grimens kapittel er det mest instruktive i boka, og kan langt på veg fungera som ein metodedesign for analyse av graden av funksjonsdyktigheit i institusjonar som NRK Drama eller PST.

Boka burde vorte utgitt på engelsk for å nå det internasjonale miljøet for tillitsforsking.

Boka har grundige empiriske analysar av tillitsforhold i dagens Noreg. Dag Wollebæk har saman med kollegaer ved Institutt for samfunnsforsking studert tilliten før og etter 22. juli. På kort sikt medførte terroren ein tydeleg auke av tillit i alle samfunnsgrupper. Terroren fungerte samlande i staden for splittande og bidrog til å dempa utviklinga av frykt. På lengre sikt viser tilliten seg å vera på same høge nivå som før 22. juli. Dette kapitlet står fram som ein botnsolid empirisk studie.

Antologiar har ofte ei salig blanding av tema og tilnærmingsmåtar, men denne har ein tydeleg raud tråd. Det er lett å merka at forfattarane har arbeidd lenge i den same fagtradisjonen. Då Harald Grimen ulukkelegvis døydde før han var ferdig med sitt kapittel, skreiv Helge Skirbekk det ferdig, og det verkar heilt naturleg.

Tillit i Norge presenterer nesten eit komplett omgrepsapparat for tillitsforsking. Men viktige omgrep som «tillitsgjevar» og «tillitsmottakar» kunne vore brukte gjennom det heile, og likeins burde Grimens verktøy for å analysera institusjonar vorte brukt gjennomgåande. I sum er boka likevel så god at eg tenkjer ho kunne vore endå betre. Ho burde vorte mildt revidert og utgitt på engelsk for å nå det internasjonale miljøet for tillitsforsking.