Til toppen

Lokaljournalistikk for mobilen (forskingsartikkel)


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Papir vert tradisjonelt oppfatta som standardteknologien for lokaljournalistikken, sjølv om det har funnest radio og tv-kanalar i mange tiår, alle med eigne teknologiar for presentasjon og distribusjon av journalistiske produkt. Lokaljournalistikken har i liten grad flytta seg over i dei nye media, der nettlesaren er mest etablert, og smarttelefonen og nettbrettet seglar opp. Den journalistiske praksisen har ikkje endra seg vesentleg frå avisjournalistens glansdagar.

Det har vore jamn nedgang i opplaga for papiraviser i fleire tiår. I stor grad dreier det seg om å skifte medium for nyheiter. Frå 1990-talet har det vore ein dramatisk nedgang i papiravislesing blant unge mellom 20 og 29 år – frå 80 prosent daglege lesarar i 1994 til 60 prosent i 2008 (Høst 2010: 28). Men ingen trur vel at det har vore ein tilsvarande nedgang i interessa for nyheiter, informasjon og kultur? Folk sitt engasjement har berre funne nye uttrykksformer som ikkje vert kontrollert av dei som lagar papiravisene. Vi er interesserte i den typen journalistikk som lokalaviser på Vestlandet lagar i 2012, og som vi finn til dømes i Hordaland på Voss (9386) og Fjordingen i Stryn (4269) (opplagstal MedieNorge 2012). Dei er lokaliserte i terreng prega av djupe fjordar, høge fjell, elver og dalar, og stadene har omtrent lik politisk og økonomisk rolle som bygdebyar. Kva tilbyr dei på web og mobiltelefon? Deira webutgåver brukar i liten grad hyperlinkar til andre nettstader, det er ikkje mogleg for lesarar å kommentere artikkelen direkte, men det kan gjerast via sosiale media. Det finst ingen interaktive kart som lesaren kan trykke på, og multimedia er praktisk tala fråverande. Dei har mobilvising av nyheiter, men tilbyr ikkje mobil- eller nettbrett-applikasjonar som er utvikla med tanke på nyheitsvising. Vi får inntrykk av at det dreier seg om ei teknisk og ikkje ei journalistisk nyorientering; innhaldet ber preg av å vere tilpassa papirformatet.

Vi skal her i særleg grad sjå på det journalistiske opplandet til Hordaland på Voss. Denne bygda er full av skiturisme, hytteliv, jazz og barnefotball, og har mangfaldige og motstridande interesser knytt til næringsliv og kommunalutvikling. Den dynamikken vi ser i dette området, kunne vore presentert på ein spanande måte med lokasjonssensitive media, det vil seie at presentasjonen av innhald varierer etter kvar du er. Ein lokalavis-app kan i prinsippet ha innsikt i brukarens preferansar; den veit kven som er venene dine, kven og kva du er interessert i, veit kvar du er, og veit kanskje kva som skjer der du er. Dersom lokalavisa Hordaland vert utvikla for nye informasjonsreiskapar, skulle det vere mogleg for ein vossing å få skreddarsydd journalistikk som er nyttig her og no, akkurat på den plassen han er, i den sosiale konteksten han er, og presentert i ei form som passar til informasjonsreiskapen han har med seg. Men dit er altså ikkje lokaljournalistikken på veg enno. Utviklingskostnadane er høge og inntektsgrunnlaget svakt. Lokalavisene kan knapt investere i kontekstsensitiv teknologi fordi dei treng abonnentar som betaler for avisa, og det er vanskeleg å få til for mobiltelefon-versjonar (enno). Dei vil ikkje kannibalisere seg sjølv, og andre må kanskje prøve ut desse moglegheitene.

På grunn av den låge graden av journalistisk eksperimentering i bransjen vil vi som forskarar ta ansvar for å undersøke moglegheitene. Forskingsprosjektet LokaNytt (2009) gjorde lokasjonssensitivitet til eit fokus. Vi spurde: Kan vi lage eit enkelt medium som er bygd rundt lokasjon i staden for aktualitet? (Vårt svar er ja.) Er journalisten i stand til å tenkje slik dette mediet krev utifrå dagens profesjonsreglar? (Vårt svar er nei.) Har lesaren utbyte av denne kontekstsensitiviten? (Ja.) I vidare forstand er vi opptatt av å finne ut kva som trengs av teknologi, journalistiske prosedyrar, utforming av informasjon, og presentasjon for brukaren for å kunne skape ei medieoppleving som utnyttar potensialet til teknologien og viser seg relevant for ein brukar av moderne informasjonsreiskapar. Kunnskapen vi finn, kan vonleg vere til nytte for framtidige satsingar i lokal medieutvikling.

Studiet vårt går inn i ein større internasjonal trend med forsking på lokasjon, GPS og navigasjon i høve til tradisjonelle media. Ein kan gå til Goggin (2011) og Gordon og de Souza e Sliva (2011) for to gode og grundige studier på området. Vi ønskjer å dra nytte av desse nye teknologiske tilhøva for å peike ut ein best mogleg journalistikk i framtida. Andre har studert korleis nye teknologiar og praksisar trengjer seg på i journalistikken, og krev at den endrar seg. Øvrebø (2010) drøftar utfordringa bloggarar gjev journalistikken, og understrekar særleg den sterke viljen hos bloggarane til å diskutere og kommentere nyheitssakene i nettaviser. «Striden om hvordan kommentarfeltet skal styres, vitner om at journalister er inne i en mental omstillingsprosess, der de begynner å venne seg til at publikum ønsker å kommunisere om nyhetene, ikke bare konsumere dem. Og den først svært motstrebende, deretter mer positive holdningen til lenking som journalistisk virkemiddel, forteller om en yrkesgruppe som begynner å forsone seg med selve grunnlaget for omstruktureringene Internett forårsaker» (Øvrebø 2010). Vi relaterer oss til ei liknande omstrukturering, nemleg den som kan kome når mobiltelefonen vert tatt i bruk til lokalnyheiter. Men vi ønskjer altså å vere proaktive.

Vi vil understreke at vi slik sett startar i tradisjonell journalistikkforsking, og held oss til det same etiske normverket som Brurås (2010) fremjar, og tenkjer pålokalavisa ut frå same empiriske røyndom som til dømes Roppen (1991). Vidare er vi medvitne om den omfattande forskinga på tilhøvet mellom journalistikken og nye media i Noreg det siste tiåret. Store prosjekt som Digitale medier og redaksjonell endring (Ottosen og Krumsvik 2008b), Journalistikkens samfunnsoppdrag (Roppen og Allern 2010) og Journalistiske nyorienteringer (Eide 2009) har gjeve oss eit fagleg underlag for forståinga av teknologi, økonomi, regulering og etikk.

Lokanytt-eksperimentet på Voss

Tenk deg at vi kan lage journalistisk innhald som varierer etter staden du er på, og der den nyheiten som står øvst i mobil-avisa di, er den saka som er nærast deg sjølv. I Lokanytt-prosjektet brukte vi vev- og mobilteknologiar for å konstruere eit programvaresystem for å produsere og presentere nyheiter på akkurat ein slik lokasjonssensitiv måte. Systemet består av to hovuddelar, Lokaskrivar og Lokalesar. Lokaskrivar er ein vev-applikasjon som gjer det mogleg for journalistar å skrive artiklar merka med ein geolokasjon. Vidare er det mogleg for ein redaktør å akseptere, redigere eller forkaste artiklar. Lokalesar er ein mobil applikasjon som gjer det mogleg for ein brukar å få tilgang til nyheiter som er lokale for lesaren. I tillegg er det slik at journalisten kan variere presentasjonen av ei sak, alt etter om lesaren er nærare enn 100 meter, mellom 100 og 500 meter eller meir enn 500 meter vekke frå saka. Marianne, som er eit steinkast frå eit kulturarrangement, vil kanskje ha meir interesse av detaljar om arrangementet som kan gjere det attraktivt for henne, medan Per, som er i nabokommunen, kanskje er meir interessert i å få ei kort oversikt over arrangementet.

Ekstremsportveko på Voss er eit årleg arrangement som byrja i 1998. Folk frå heile verda kjem til naturområda på og omkring Voss for å delta i tevlingar knytt til ekstremsport, slik som fallskjermhopping, BASE-hopping, hanggliding, elvepadling, og mountain biking. Lokanytt vart testa ut i 2009, under ein festival som hadde 30 varmegrader heile veka, med tusenvis av tilreisande pluss fastbuande som og er med på konsertar og andre kulturelle arrangement i tilknyting til Veko. På ein slik stad, under eit slikt arrangement, kan det tenkjast at mobiltelefonen kan vere standardteknologi for nyheitsspreiing. Eit medium som Lokanytt kan vere nyttig for deltakarar, tilskodarar og andre interesserte i omegna. Brukarane ville uansett hatt vanskeleg for å bringe med seg ei papiravis i alle settingane dei er i. For forskarane skapte Ekstremsportveko ein kontekst som var ideell for utprøving av det mediet vi har utforma.

Fotografi av Voss frå Hjelle. Vossevangen ligg ved vatnet Vangsvatnet under Hanguren, og var saman med landskapet innover i dalføret arena for Lokanytt-eksperimentet 2009. Karta i figur 1 og 4 viser det same området.

Viktig for Lokanytt, som for lokaljournalistisk praksis elles, var den lokale geografien på Voss. Voss kan topografisk skildrast som eit landskap med elvar og vatn, som saman utgjer eit vassdrag med endeleg utlaup i Bolstadfjorden mot vest. Det urbane sentrumet Vossevangen ligg ved Vangsvatnet, sentralt plassert i kommunen. Dalsidene utgjer ei naturleg grense mellom det kultiverte landskapet med infrastruktur og bygdesentrum og det kalde, barske høgfjellet som når 1 500 meter over havet. Voss er eit kommunikasjonssentrum med ein viktig stasjon på Bergensbana og vegar frå Bergen nordover til Sognefjorden, austover til Oslo og sørover til Hardangerfjorden.

Journalisten som arbeidde med LokaSkrivaren vart møtt av ein vev-applikasjon der alt var lagt til rette for at det skulle lagast tre versjonar av ei sak, tre titlar, tre ingressar, tre hovud og tre halar på stoffet – og i tillegg tre ulike bilete knytt til saka. Journalisten skulle og trykke på eit interaktivt kart for å lokalisere saka. Det var forventa at dette vart gjort svært nøyaktig. Journalistar finn det nok vanskeleg å følgje eit slikt oppsett, og det var og vår erfaring med dei personane som prøvde seg i den rolla. Så undervegs i utprøvinga av LokaNytt varierte og reduserte vi på krava til dei tre tekstvariantane.

Tessem, Bjørnar og Lars Nyre (2012) “Lokaljournalistikk for mobilen”, i Eide, Martin, Leif Ove Larsen og Helle Sjøvaag (red) Nytt på nett og brett. Journalistikk i forandring. Oslo: Universitetsforlaget.
Tessem, Bjørnar og Lars Nyre (2012) “Lokaljournalistikk for mobilen”, i Eide, Martin, Leif Ove Larsen og Helle Sjøvaag (red) Nytt på nett og brett. Journalistikk i forandring. Oslo: Universitetsforlaget.

Utover sjølve skriveverktøyet var det og høve til å sjå korleis saker fordelte seg i terrenget. Det kunne ein gjere ved å sjå på eit kart som viste området for den journalistiske aktiviteten. Journalisten og redaktøren som godkjente saka for publisering, var og i stand til å sjå ei presentasjon av dei tre sakene slik dei vil arte seg i mobil-telefonen. Figur 1 illustrerer korleis dette arta seg for journalisten.

I den andre enden av Lokanytt-mediet fann vi brukaren, ein nyheitslesar på veg gjennom landskapet. Han opplever at Lokalesaren finn ut kvar han er hermed GPS-teknologi som er bygd inn i telefonen, han kan velje kva nyheiter han vil sjå på, dei som er «Her» (innanfor 100 meter), dei som er «I nærleiken» (mellom 100 og 500 meter), eller dei som er på «Resten av Voss» (fjernare enn 500 meter) – eller alle tre kategoriane samtidig om ein ønskjer det. Etter valet får lesaren presentert ei liste med nyheitssaker som han kan velje mellom, og når han vel ut den mest interessante overskrifta, får han den versjonen av saka som passar til avstanden akkurat no. Slik kan vi seie at Lokalesaren er kontekstsensitiv, eller meir spesifikt: lokasjonssensitiv, sidan presentasjon av kva saker som er aktuelle, varierer med staden, samstundes med at innhaldet i dei einskilde sakene óg varierer med avstanden. Brukaren kan ikkje endre dette, og intensjonen er å gje ei kjensle av at nyheitene tilpassar seg etter som brukaren flyttar seg rundt i landskapet. Figur 2 viser korleis brukaren ser brukargrensesnittet til Lokanytt slik det såg ut i Nokia Symbian 60-telefonar (t.d. Nokia N95) i 2009.

Figur 2: Tre skjermbilete frå Lokalesar, til venstre vel brukaren nyheiter her (dvs. innanfor 100m), det dukkar opp ei rekke med nyheiter med avstand til lesaren spesifisert, og lesaren vel ei av nyheitene og den vert vist til brukaren.
Figur 2: Tre skjermbilete frå Lokalesar, til venstre vel brukaren nyheiter her (dvs. innanfor 100m), det dukkar opp ei rekke med nyheiter med avstand til lesaren spesifisert, og lesaren vel ei av nyheitene og den vert vist til brukaren.

Programmet tek i bruk etablert brukargrensesnittdesign, ein brukar standardmåtar for å utnytte mobilens vesle skjermbilete, normal bruk av trykk-knappar for å velje på menyar – og scrolling likeeins. Layouten på nyheitene er vel etablert slik ein finn den i mobilvising av vev-nyheiter. Vi ønskte minst mogeleg perseptuell motstand frå brukarane.

Lokanytt er berre ein av mange teknologiar som har dukka opp i det siste, anten med kommersielle eller forskingsorienterte målsetjingar. Mobile teknologiar gjer det mogleg å bære med seg Internett-veven i lomma, vi kan finne fram og formidle informasjon kvar enn vi er, og lokasjons- og kontekstsensitivitet er ein sentral idé i mange appar. Eksempelvis er Facebook, Twitter og Flickr loka-sjonssensitive, noko som har gjeve opphav til ny og annleis bruk av desse sosiale tenestene. Vi har sett kontekstsensitiv støtte for kulturturisten (O’Grady og O’Hare 2002) og museumsguidar (Bellavista et al. 2006). Burrel og Gay (2002) diskuterte allereie for 10 år sidan støtte for å lage e-graffiti som kan leggast igjen på ein lokasjon og lesast av andre på staden. Textopia (Løvlie 2009) er eit eksperiment der brukarar kan registrere eit sitat frå ein forfattar når dei er på ein stad i Oslo som er nemnt i sitatet. Brukarar som går forbi, får sjå sitatet. Liestøl (2009), Aam (2011); Øie (2011), Laws (2012) er eksempel på andre som har laga teknologiske oppsett med mediefunksjonar, og samtidig forska på det.

I Lokanytt var det vesentleg å undersøke folks respons på kontekstsensitiviteten, altså den tredelte journalistiske tilnærminga til same sak. Eit godt medium kan gjere oss alle meir vare for geografiske tilhøve, ein eigenskap som er ein verdifull dugleik eller type kunnskap. Lokasjonssensitiv informasjon hjelper oss med det i den grad journalisten klarer å formulere seg kjenslevart og relevant om stader, hendingar og lokalitetar. Slik informasjon kan opplevast mest meiningsfullt på ein bestemt stad, og gjev innhaldet ein informasjonsverdi som er spesifikk for plassen. Det kan vere så trivielt som inntrykket ein får av å sjå på eit skildreri frå ein bestemt vinkel, informasjon om korleis ein kan fikse kaffi-maskina eller ein digital lapp som reserverer eit sete på lesesalen.

Nyheitspresentasjonen og formuleringane til journalisten kan altså vere til-passa lokasjonen og såleis vere betre tilpassa konteksten enn det ein får ved å lese den statiske presentasjonen ein finn i papiravisa. Dette kan óg representere ein ny måte å gjere lokaljournalistikk relevant på for dei unge nyheitslesarane som nyttar Internett og mobil. Lokalavisa kan flytte seg over til denne nye plattforma på ein meir kompetent måte enn nokon andre organisasjonar i det lokale verksemdslivet; til dømes kan redaksjonen i Hordaland respondere kjappare og meir sensitivt på rørslene til lesaren gjennom deira felles omgjevnader enn nokon andre på Voss. Den lokale journalisten som er kjenslevar for korleis grenda verkar, kan godt verte eit viktig salsargument for dei lokale nyheitsleverandørane. Lokanytt, slik som det er konstruert, er altså vårt forsøk på å utvikle desse omgrepa og forstå implikasjonane av ideane, både for korleis ein skal utforme den støttande teknologien og korleis ein skal produsere det journalistiske innhaldet.

Eksperimentell utprøving

Prosjektgruppa rundt Lokanytt besto av 13 menneske, inkludert teknologiutviklarar, redaktør, journalistar, fotografar og forskarar. Vi byrja arbeidet i Bergen hausten 2008, og designa mediet Lokanytt som vart pilottesta i februar 2009, før vi tok det med oss til Voss i juni. Her gjennomførte vi noko som strengt metodisk kan kallast eit kvasieksperiment. Dette er ein type eksperiment der ein har same behandling (eller tilnærma lik) av alle informantar, og brukar andre faktorar til å analysere effekten av behandlinga. Omgrepet er meint å setje ei grense mot formelle eksperiment, der ei eksakt behandling vert utført, men med ei kontrollgruppe som ikkje får behandlinga. Styrken i vårt eksperiment er at vi kan registrere ein mengde data om gjentakelege og forklarlege handlingar – og såleis får ei metodisk stringent rapporteringsmoglegheit. Vi organiserteLokanytt-eksperimentet som tre forskjellige arbeidsoppgåver:

1. Bygge eit funksjonelt medium. Våre medarbeidarar programmerte og designa to forskjellige program og brukargrensesnitt: Lokaskrivaren for journalistar, fotografar og redaktør og Lokalesaren for lesarane. Det var spesielt viktig å integrere GPS-data i applikasjonane og å lage ein enkel, fleksibel mobilapplikasjon.

2. Lage journalistisk innhald til mediet. Den journalistiske innsatsen i Lokanytt vart organisert for å likne på norsk lokaljournalistikk, særleg når det gjeld produksjonskapasitet og stoffprioritering, men óg når det gjeld klassiske dygder som å gjere redaksjonen kritisk og uavhengig. Vi organiserte arbeidsdagen i dag- og ettermiddagsskift, og hadde eit redaksjonslokale der vi heldt redaksjonsmøte og evalueringar. Journalistane laga 31 ulike hovudsaker, som kvar besto av tre versjonar tilpassa tre ulike avstandar frå eit hendingspunkt. Det vart 93 saker, som er blitt kvantitativt analysert (Klausen, 2011). Journalistane oppsøkte aktivitetar som kunne vera av nyheitsinteresse, hovudsakleg med bil, og dekka alle dei områda i Vossa-regionen som hadde ekstremsportsarrangement.

3. Prøve ut mediet i ei offentleg setting. Det var viktig for prosjektet at våre saker var offentleg tilgjengelege, og vi publiserte dei på nettet (sjølv om det var svært avgrensa kven som hadde tilgang til dei). Vi testa programvare og innhald på 32 informantar som vandra omkring med Lokalesaren i gjennomsnittleg 1,5 time, og svarte på eit skjema med både avgrensa og opne spørsmålstillingar. Vi ønskte informantar som var engasjerte i Ekstremsportveko, og dette medførte at dei fleste var i tjue- og trettiåra. Vi ønskte ei god spreiing i lokalkunnskap, og såg til at vi fikk ei 50/50-blanding mellom lokale og ikkje-lokale informantar. Kjønnsbalansen var ganske god, med fjorten kvinner og atten menn.

Journalistforskarar er flinke til å analysere den journalistiske praksisen som er standard i samfunnet, men er i liten grad til stades når medieteknologien vert utforma og utprøvd. Denne a posteriori-haldninga er naturleg for humanistisk og historisk informert forsking, men gjer at forskinga i hovudsak er avgrensa til å observere det som skjer inni dei etablerte media. Vi er ikkje nøgde med dette, og bruker informasjonsvitskap til å forstå moglegheitene og problema til eit nytt medium. Difor tek vi i bruk designvitskap: ein metode som vert brukt i informasjonsvitskap der fokuset nettopp er på det å designe artefaktar som handterer informasjon, og bruksmåtar til desse artefaktane, med tanke på å få kunnskap om korleis slik teknologi bør utformast, og kva nytte den kan ha. Viss vi som medieforskarar skal få innblikk i design av media, og kva nye media kan gje oss, må vi óg utforske moglegheitene som ny teknologi kan gje, på ein frilyndt måte.

Gjennom heile analysen bruker vi ei hermeneutisk tilnærming. Deltakarane i eksperimentet var «vanlege menneske», og vi studerte deira strev med å forstå konseptet. Dei vanlege vossingane dreiv med sin daglege dont, og vart avbrotne både av Ekstremsportveko og vår førespurnad om å intervjue dei. Dei litt hippe og kule ekstremsportdeltakarane var hovudsakleg studentar, pluss ei rekkje yngre arbeidstakarar med relativt god råd, som drog til Voss for å ha det gøy ei langhelg i juni. Ingen hadde kome til å tenkje særleg nøye på lokasjonssensitiv journalistikk om ikkje vi hadde utfordra dei til det.

Ei gruppe av informantar er spesielt viktige. Dei som skreiv og fotograferte for Lokanytt var studentar frå medieutdanninga ved Høgskulen i Volda, og var våre fremste testpersonar fordi det var dei som skulle prøve å skrive den nye typen journalistikk. Dei passar godt inn i den papir-likesæle generasjonen som vi føreset at dei skal skrive til. Norske journaliststudentar er nemleg ikkje særleg aktive lesarar av papiraviser, viser ei representativ undersøking frå 2008. Då las dei aviser i 3,6 timar pr. veke, men brukte nettet i 9,8 timar. Og dessutan slo TV framleis alle andre media, med 10,9 timars bruk pr. veke (Hovden 2010: 44-45).

Dette betyr at våre unge informantar var godt skolerte til å tenkje og tolke Lokanytts type journalistikk. Dei er sjølvrefleksive, slik Gentikow (2005) skriv. I denne prosessen må lesaren fylle ut mange hol i samanhengane sjølv, og vil stadig måtte revurdere sine forståingar. Du har jo lært meir, og når du vender tilbake til det same fenomenet for andre gong, forstår du det annleis og kan gå djupare inn i det. Kunnskap avlar ny kunnskap. Denne prosessen er kalla den hermeneutiske sirkel, og har blitt ein berømt metafor for menneskeleg forståing.

Våre informantar kan tenkje sjølve, og er difor eit vrient forskingsobjekt. Medan naturvitskaplege forskarar ofte møter objekt som er utan forståing av konteksten, så må samfunnsforskarar halde seg til objekt som kan tenkje sjølv, og moglegvis kjem til å protestere på opplegget. Vi må halde dialogar med våre informantar, og dette gjer slik forsking mindre (positivistisk) eintydig. Omgrepet «dobbel hermeneutikk» fangar godt opp dette dilemmaet. Anthony Giddens (1984) definerer dobbel hermeneutikk som ei kopling mellom to meiningssfærar: den meiningsfulle sosiale verda til det vanlege mennesket og metaspråket som samfunnsforskarar har funne opp for å skildre den sosiale verda. Forskarane fortolkar utsegnene til folk som fortolkar seg sjølv gjennom utsegnene sine. Dette er eit metodisk kjernepunkt i vår tilnærming.

Ei skriveprosedyre for lokasjonsjournalistikk

Vi brukte tre informasjonstypar i arbeidet med å kultivere lokasjonssensitivitet blant våre journalistar: nærheit til ein stad som var plotta på eit kart; fotografi av folk, stader og hendingar, og journalistiske skildringar og argument i skriftleg form. Fotografia, skildringane og argumenta vart laga med sterkt preg frå den etablerte profesjonelle nyheitspraksisen, og liknar på kva som helst slags anna nyheitsapplikasjon for mobiltelefonar. Vårt hovudprosjekt var lokaliseringa, ikkje utforminga av journalistisk innhald.

Nærheita vart som nemnt registrert ved hjelp av GPS, og var det einaste genuint nye kriteriet for prioritering av nyheitssaker. Journalistane skulle skrive tre klart differensierte versjonar av ei gjeve sak, der både tekst og bilete vart utnytta maksimalt. Vi føresette at når desse nyheitene vart lest på den mobile Lokalesaren i det same miljøet som dei handlar om, så ville dette skape ei sterk kjensle av relevans for lesaren. Etter at prosjektet er fullført, veit vi at det ikkje er så enkelt. Sjølv om testbrukarane fekk ei positiv oppleving av journalistikken, var kvaliteten på vår journalistikk jamt over låg, og vi fekk ikkje utnytta lokasjonspotensialet så sterkt som vi ønskte på førehand. Å skrive slike tredelte saker var vanskeleg for journalisten.

Eit godt, meir vellukka eksempel på korleis sakene kunne bli laga er «Klessnor-saka» (sjå figur 3 og 4), som handlar om eit PR-stunt som vart gjort i samband med Ekstremsportveka. Klesfirmaet Bula har hengt opp ei liksom-klessnor tvers over det djupe gjelet som utgjer utløpet av Bordalen. Snora er over ein kilometer lang, og svære underbukser, trøyer og truser heng på den. Dette er liksom klesvasken til Kari Traa, og slik sett synest opplegget å vere både morosamt og litt ironisk. Men på grunn av at dette er svært synleg på Vossevangen, er det eit samtaleemne, og mange er imot det fordi det er kommersielt og forsøplar utsikta.

Figur 3: Tre versjonar av klessnor-saka. Til venstre versjonen for «Resten av Voss»,der lesaren vert oppmoda om å komme nærare. I midten saka «I nærleiken», der lesaren vert freista med den utsikta ho vil få når ho er framme. Til høgre saka «Her», som føreset at lesaren er på rett stad.
Figur 3: Tre versjonar av klessnor-saka. Til venstre versjonen for «Resten av Voss»,der lesaren vert oppmoda om å komme nærare. I midten saka «I nærleiken», der lesaren vert freista med den utsikta ho vil få når ho er framme. Til høgre saka «Her», som føreset at lesaren er på rett stad.

Sentrum for klessnor-saka er eit lite område ved Vangsvatnet nedanfor Park Hotell (sentralt på Vossevangen), der det absolutt beste utsiktspunktet er. Dette er samtidig eit lett tilgjengeleg punkt, noko opphengarane nok har tenkt på i forkant. I versjonen som heiter «Resten av Voss» (fjernare enn 500 meter), er det kritiske utsegner om klessnora frå vanleg folk. Det vert uttala at opplegget er stygt, og at kommunen ikkje burde gjeve løyve til det. Dette er ei litt kontroversiell vinkling som er meint å gjere det meir interessant for lesaren å oppsøke den. Lokanytt forklarer korleis lesaren skal komma seg til det rette området for å sjå klessnora. I versjonen som heiter «I nærleiken» (500-100 meter) er det intervju med turistar, lokale folk og kafégjester, som alle har ei meining om klessnora. Den beste utsiktsposisjonen vert skildra, og artikkelen har ei eksplisitt oppfordring om at lesaren må dra dit.

I versjonen som heiter «Her» (nærare enn 100 meter), vert det først stadfesta at du no har nådd den beste visuelle posisjonen, og bør byrje med å studere det anbefalte synet før du les vidare. No har det nemleg maksimum effekt. Det er bakgrunnsinformasjon om korleis dei faktisk strekte opp wiren over dalen, og andre fakta som ein kan føresetja at lesaren er interessert i, dersom ho har tatt seg bryet med å følgje oppfordringa. Saka skal vere relevant for ein person som står og ser på det akkurat no, akkurat her.

Det kan vere opplysande med ein analyse av korleis journalistane måtte tenkje for å praktisere Lokanytt si nærleiksprioritering. I «Resten av Voss»-versjonen vil ein føresette at sidan lesaren i desse tilfella neppe kan sjå nyheitslokasjonen, skulle teksten vere skriven slik at den er interessant for kven som helst på Voss, same kor du er. Dette inkluderer folk som kjem reisande i retning av Voss, til dømes med Bergensbanen eller med bil frå Oslo. Dei to tjukke svarte pilene i figur 4 viser den intenderte reiseretninga. Denne «ytste» versjonen skulle ha eit kritisk journalistisk perspektiv, og gjerne fokusere på avgjerdstakarar og andre mektige personar og organisasjonar (nett slik god lokaljournalistikk og er meint å gjere). Det var óg meininga at saka skulle ha ein tabloid og nysgjerrigheitsskapande stil, slik at lesaren skulle ønskje å sjå det heile sjølv.

Når ein les den mellomste versjonen, som vi kalla «I nærleiken», kan det hende at nokre lesarar kan sjå lokasjonen, men mange kan ikkje det, og dessutan er ikkje alle saker relatert til eksplisitt synlege forhold. Planen var at denne versjonen skulle fange opp den sosiale stemninga i eit visst nabolag, og journalistane skulle intervjue folk som bur der, for å gje lesaren ei førestelling om korleis dei lokale oppfattar saka. Tanken var og at lesaren kan gå til den eksakte lokasjonen i løpet av nokre minutt dersom saka er interessant, og difor kan saka ha høg relevans for mange. Dei grå pilene i figur 4 viser den intenderte reiseretninga.

Figur 4: Ein illustrasjon av prosedyren for zoom inn-historiar, med klessnor-saka som utgangspunkt. Dei tjukkaste pilene viser moglege retningar lesaren kan kome frå, dei grå pilene viser vegen lesaren bør ta for å nå utsiktspunktet, og det svarte punktet viser artikkelplassen.
Figur 4: Ein illustrasjon av prosedyren for zoom inn-historiar, med klessnor-saka som utgangspunkt. Dei tjukkaste pilene viser moglege retningar lesaren kan kome frå, dei grå pilene viser vegen lesaren bør ta for å nå utsiktspunktet, og det svarte punktet viser artikkelplassen.

I den næraste versjonen, «Her»-versjonen, posisjonert i det svarte punktet i figur 4, var planen at intervju og vitneskildringar skulle skrivast på ein personleg, subjektiv og innlevande måte, slik at kjensla av nærvere vart ekstra sterk. Ikkje berre kan du sjå viktige omstende for saka, du er så nær at du kan ta på dei og relatere deg heilt fysisk til folk og pågåande hendingar. Det var ikkje eit poeng å fotografere eller skildre akkurat det lesaren kan oppleve sjølv her og no, men å sensitivere dette nærveret maksimalt. Det kan for eksempel skje gjennom forklaringar av historia til ein stad eller skildring av planar for store endringar, som vil gjere staden heilt annleis i framtida.

Klessnor-saka illustrerer korleis vi potensielt kan bruke dette tredelingsverkemiddelet til noko som var treffande, verdifullt, og potensielt ei forbetring samanlikna med vanleg lokaljournalistikk, for vi ser i dette eksempelet ein enkelprosedyre som kan ha nytteverdi. Vi har gjeve denne prosedyren namnet «zoom inn-historie», men den kunne og vorte brukt til zoom ut. Zoom inn-historiar er skrivne for å oppfordre lesaren til å gå, sykle eller køyre nærare ein viss lokasjon fordi han/ho vert overtydd om at det er noko der som er verdt å oppleve. Vidare analyser vil kanskje gjere det mogleg å finne andre gode narrative prosedyrer for eit slikt medium, men vi har enno ikkje lagt vekt på å identifisere alternativ til zoom inn-historia.

Vanskeleg å skrive

Det viste seg å vere vanskeleg å lage enkle, praktiske nyheitskriterier for lokasjonssensitiv lokaljournalistikk. Redaksjonen lykkast ikkje med å utvikle den analytiske klarheita som trengst for å skilje systematisk mellom tre ulike grader av nærheit til ei hending, og skrive og fotografere på måtar som er spesialtilpassa til dette, og som samstundes er relevante for ålmenta på Voss.

Mangelen på sensitivitet viste seg for eksempel i at den same overskrifta og/eller biletet ofte vart brukt i alle tre versjonane, slik at det vart liten eller ingen slåande forskjell. Dei fleste tema enda og opp med å verte presentert med den same skrivestilen i alle tre versjonar, særleg den deskriptive stilen – der ein arena, konserthall eller allmenning og aktivitetane som føregår, vert skildra forsøksvis nøytralt. Det vart for eksempel ikkje slik at den næraste versjonen hadde ein personleg, subjektiv stil, medan den lengst borte hadde ein meir formell, samfunnsanalytisk stil, slik ein kanskje kunne ønskje. Det var rett og slett svært vanskeleg å finne stimulerande og gode journalistiske kriteria for å skilje mellom versjonane. Forskarane burde ha føresett dette betre, og vore betre førebudd gjennom også å gjere grundige pilotøvingar med journalistiske kriteria og stilkrav. Ei feilkjelde kan vere at våre journalistar ikkje var fastbuande på Voss, eller ikkje hadde vore der særleg mykje på førehand. Dersom journalistane hadde vore svært godt kjente frå før, ville dei nok lettare kunna setje i verk den sensitiviteten som vår journalistikk trengte, men aldri fekk. Kjensla av at journalistikken ikkje var god, var lett å merke undervegs i eksperimentet, og gjorde det stadig vanskelegare for journalistane å vere entusiastiske til oppdraget. Det viste seg svært vanskeleg for dei involverte å motstå dei etablerte nyheitskriteria i arbeidet med Lokanytt. Vi møtte fem konkrete problem som vart stadfesta av ei kvantitativ analyse av dei 93 oppslaga (Klausen 2011).

1. Aktualitet i staden for lokalitet. Særleg var forventninga om aktualitet i høve til tid dominerande i sakene. Aktualitet vart og i Lokanytt det mest slåande kriteriet, sjølv om vi hadde eksplisitt plan om å fokusere på romleg nærleik/avstand.

2. Hendingar i staden for strukturelle tilhøve. Sidan Lokanytt skulle dreie seg om stader, registrerte vi dei forskjellige typane stad som vart identifisert i oppslaga. 26 prosent av oppslaga føregjekk ved ein elvebreidd eller ei strand, noko som kan forklarast av dei mange hendingane som involverte kajakkar og kanoar, men og ved det flate, innbydande terrenget langs elvene og vatna på Voss. Her er mykje av infrastrukturen plassert, og det er eit naturleg terreng å oppsøke. Vidare var 40 prosent av oppslaga knytt til fjelltoppar og dalsider, der det óg fanst mange viktige arenaer for ekstremsport, slik som basehopping, sykling, skikøyring, kiting. Berre 20 prosent av oppslaga fann stad på ein offentleg stad i bygdene, i offentlege bygningar eller i private heimar.

3. Sosiabilitet i staden for politikk. Vi kategoriserte sakene etter kva for skildring som dominerte, og fann at sosiale omgjevnader og aktivitetar dominerte i 46 prosent, handlingane til andre personar i 37,6 prosent og dei større geografiske omgjevnadene i 7,5 prosent av sakene. Dette reflekterer kva hendingar som er sett på som nyheitsverdige på ein festival, der hundrevis av personar samlar seg rundt ein sentral aktivitet i eit par timar, så spreiar dei seg og møtest igjen på ein ny stad. Journalistane våre fanga denne tilbakelente vandringa gjennom landskapet utan å bruke eit førstepersonsperspektiv. Berre 5 prosent av historiane var dominert av journalistens eige perspektiv.

4. Observasjonar i staden for kritisk analyse. Det viste seg at Lokanytt-journalistikken var svært skildrande, nøytral, attgjevande og i liten grad analytisk eller kritisk. Statistikken viser at ukontroversielle tema som utandørsaktivitetar, sport, turisme og underhaldning utgjer 80 prosent av innhaldet, medan kulturjournalistikk utgjer 13 prosent. Då står det igjen mindre enn 7 prosent som på ein eller annan måte er utfordrande, kritisk eller konfliktorientert. Denne tendensen til fargerike og levande skildringar utan bakgrunnsresearch vert støtta av det faktum at det var langt fleire bilete enn intervjuobjekt i våre saker. Det gjennomsnittlege talet på fotografi i Lokanytt-sakene var 2,8, medan det gjennomsnittlege talet på intervjuobjekt var 0,9. Ein må gå ut frå at dersom journalistane hadde vore meir kritisk innstilte, ville dei ha intervjua fleire folk til sakene.

5. Positiv i staden for negativ grunnhaldning. Vi koda alle oppslaga ut frå den opplevde grunnhaldninga til emnet. Det viste seg at 13 prosent var sterkt positive, 46 prosent positive, 40 prosent nøytrale, og berre 1 prosent hadde ei negativ eller konfronterande tilnærming. Det var 0 prosent dekning av presumptivt kontroversielle saker som kommuneøkonomi, forretningsdrift, landbruk, kriminalitet og helsevesen. Mangelen på konfliktorientering viser óg igjen i mangelen på kjelder i artiklane. Faktisk hadde 37 prosent av artiklane ingen kjelder, medan 26 prosent var festivalorganisatorar, 15 prosent utøvarar og 9 prosent publikum. Resten var bransje- og mediefolk, medan det altså ikkje var eit einaste intervju med politikarar, politifolk, Vegvesenet eller kommunetilsette.

Lett å lese

Men korleis vart alt dette opplevd «på bakken»? Brukarar som fikk prøve seg med Lokalesar, var stort sett nøgde med det dei fikk prøve, i alle fall om vi ser på dei kommentarane dei kom med. Kommentarar som «Kjempenyttig teneste om du ikkje har vore her før», «Fikk lyst til å dra dit. (Hanguren)», «Systemet fungerer veldig godt på ein festival» sat laust hos brukarane. Nokre var meir avdempa og kanskje litt kritiske: «Eg ser nytteverdien av systemet. Mest nyttig for sakene som seier noko om kva som kjem til å skje», og «Gøy konsept, men usikker på hvorvidt det er nyttig». Vi lagar tre personlege portrett av brukarar som fortel mykje om korleis dei relaterte seg til Lokanytt. Ingen av desse tre hadde brukt Internett på telefonen før – eller GPS for den del.

Heidi er ei 34 år gamal kvinne fødd og oppvaksen på Voss, involvert i Ekstremsportveko på eit halvprofesjonelt nivå. Vi starta testen på Gjernes i sør og køyrde henne til sentrum av Voss for å vitje ein sentral plass og festivalområdet. Testen tok 48 minutt. «Eg veit alt dette frå før,» uttalte Heidi. Ho kjente fleire av dei intervjua personane ved namn, til dømes eit eldre par som vart intervjua om oppstyret rundt festivalen. Men sjølv om ho visste om mykje av dette frå før, fann ho det engasjerande å lese nyheitene. Dei fungerte som stadfestingar like så mykje som ny informasjon.

Camilla er ei 21 år gamal kvinne frå eit naboområde til Voss. Ho var ikkje involvert i festivalen. Ho har sommarjobb på Voss, og vil forlate bygda etter det. Vi møtte henne ved Svartenakken, og tok henne med til dei andre sentrale arrangementsstadene, inkludert Bavallen sykkelarena. Ho brukte tenesta i 37 minutt. Camille tykte ho hadde for lite lokalkunnskap til verkeleg å kunne setje pris på detaljnivået. «Det hadde vore meir interessant om eg var her frå Voss, eller om Loka-nytt var sett på Stamnes [heimstaden hennar].» Det var vanskelegast å lese lange tekstar. Det lettaste var å finne nyheitshistoriane, og ho likte dei tre kategoriane. Ho hadde inga særskilt meining om det å lese medan ho gjekk. Ho likte historiar om 1) Sentrumsplassen, 2) Lokanytt-redaksjonens kontor og 3) Klessnora.

Ulrik er ein 25 år gamal mann frå Oslo-området som arbeider som lærar, og som ikkje er involvert i festivalen, unnateke som tilskodar og konsertgjengar. Ulrik, slik som Camilla, er ikkje ein avansert mobilbrukar. Vi møtte han ved teltleiren på Bømoen, han var med til Voss sentrum og vi køyrde han tilbake. Testen hans varte i 37 minutt. Ulrik syntest prototypen var ganske lovande. «Det er strålande for ein festival viss alle har kontakt med kvarandre. Det kunne vere ulike påloggingar for organisatorar, deltakarar og publikum. Det kunne óg vere nyttig for turisme, til dømes dersom 500 turistar strøymde ut av toget på stasjonen.»

Kva er det vi ser her? Brukarane ser ut til å synast at Lokanytt er eit greitt konsept, dei forstår det og er i stand til å bruke det. Dette skil seg frå journalistens erfaringar, som i stor grad var at det var vanskeleg å lage stoff for dette mediet. Brukarane er nøgde med journalistikken. Men vi må spørje oss om kanskje informantane jattar med forskarane, slik at det eigentleg dreier seg om ein metodemangel. Meir truleg er det at dei hadde låge forventningar, eller var så lite kjent med teknologien at dei fekk ei kortvarig kjensle av å vere imponert. Kanskje ville dei vore meir likegyldige til det heile dersom vi snakka med dei igjen nokon dagar etterpå?

For å sikre oss gjorde vi ei kvantitativ undersøking, der nettopp slike subjektive innfall vert utjamna. I spørjeskjema våre var hovudparten av spørsmåla slik at den intervjua personen fikk graderte svaralternativ av typen bra, ganske bra, middels og så vidare, eller slik at den intervjua kunne velje ein eller fleire kategoriar. Dette opna for ei kvantitativ analyse av data. Kunne vi sjå statistiske samanhengar som ikkje var openberre ut frå ei gjennomlesing av data? Her er det verdt å merke seg at vi som forskarar no tolkar materialet, og såleis går gjennom den same hermeneutiske prosessen som vi påpeikar for våre journalistinformantar og dei vanlege menneska på Voss. Vi tolkar data intensjonelt, og ladar dei med meining i ei viss retning som vi meiner er viktig.

For å kunne gjere ei kjenslevar analyse måtte vi bestemme oss for kva oppfatningar vi syntest var viktige, og samstundes let seg hente frå data. Vi måtte velje ut dei spørsmåla som vi trudde kunne gå inn i målinga (operasjonaliseringa) av komplekse, samansette variablar. I alt gjorde vi analysen med åtte variable (av typen som mange gjerne vil kalle indeksvariable), og seks uavhengige variable som hadde å gjere med interesse for ekstremsport, bustad, og ulike grader for erfaring med informasjons- og medieteknologi. To avhengige variable vart målt: brukarvennlegheit ved den mobile programvaren, og kor stor sans dei hadde for lokasjonsjournalistikk. Dette var altså ikkje ting vi spurte om direkte, men vi hadde ein del spørsmål som faktisk bidreg til å fortelje korleis kva brukar scorer på desse variablane.

Eit viktig funn frå denne analysen er at brukarane fann at den mobile programvaren var lett å forstå og bruke, sjølv om vi brukte teknologi utan berøringsskjerm og ganske små mobilar. Vi ser og i desse data at brukarane har eit anna forhold til denne teknologien enn journalistane. Figur 5 viser at alle klumpa seg i området mellom verdiane 6 og 13, som let seg tolke som frå svært brukarvenleg til middels brukarvenleg i vår scoring av spørsmål som hadde med brukarvenlegheit å gjere.

Figur 5: Fordeling av indeksvariabelen for «brukarvenlegheit». Den horisontale aksen går frå positiv til negativ haldning, og viser at ingen hadde negativ haldning.
Figur 5: Fordeling av indeksvariabelen for «brukarvenlegheit». Den horisontale aksen går frå positiv til negativ haldning, og viser at ingen hadde negativ haldning.

Ved å kikke på dei ulike svara så veit vi at brukaren som scora 6 på denne variabelen var svært positiv til brukarvenlegheita, medan den som scora 13, svarte litt middels på alle spørsmåla som inngår i brukarvenlegheit. Konklusjonen vår er at svara går frå litt over middels høg brukarvennlegheit til svært god brukarvennlegheit. Vi gjorde ei tilsvarande analyse for variabelen som omhandla i kor stor grad respondentane tykte om lokasjonsjournalistikk. Alle scora gjennomgåande positivt her og, men noko meir kritisk enn det vi fann for brukarvenlegheit. Figur 6 viser korleis denne variabelen fordelte seg.

Vi fann ingen signifikante korrelasjonar (statistiske kausalsamanhengar) mellom dei uavhengige og dei avhengige variablane. Det kan sjølvsagt fortolkast negativt i den forstand at vi fann ingen samanhengar i våre data. Men samstundes stadfester det at uavhengig av bakgrunn, så verkar lokasjonsjournalistikk fornuftig på folk, og uavhengig av kor erfaren ein er med informasjonsteknologi, så tykkjer ein brukaropplevinga er bra. Vi kan altså seie at brukarar er modne for denne typen teknologi og finn konsepta lette å forstå. Såleis er ein viktig empirisk føresetnad for kontekstsensitiv lokaljournalistikk på plass ute i verkelegheita, og det er ikkje lite berre dét.

Figur 6: Fordeling av indeksvariabelen «sans for lokasjonsjournalistikk». Den horisontale aksen går frå positiv til negativ haldning, og viser at ingen hadde negativ haldning.
Figur 6: Fordeling av indeksvariabelen «sans for lokasjonsjournalistikk». Den horisontale aksen går frå positiv til negativ haldning, og viser at ingen hadde negativ haldning.

Undervegs i analysen av brukarane sine erfaringar må vi sjølvsagt vere kritiske til funna, og vi må akseptere at vi kanskje gjer noko upresise fortolkingar av brukarane sine eigne oppfatningar (fortolkingar). Det som ein kan merke seg her, er likevel at denne fortolkinga vert gjort likt for kvar brukar, og det kan gje eit meir einsarta bilete av kva som skjer. Konklusjonane våre er altså basert på i kor stor grad vi greier å føre haldbare kvalitative argument for dei fortolkingane vi legg til grunn. Samstundes er dei data vi har, så eintydige at det er vanskeleg å kome til nokon annan konklusjon enn vi har gjort.

Status quo 2012

Etter eit forsøk på å fornye den lokaljournalistiske praksisen må vi konkludere med at praksisen rett nok let seg flytte over på mobilplattforma, men den vert neppe annleis enn den gamle journalistikken av den grunn. Vårt fremste resultat er såleis å stadfeste at det er kjempeenkelt å lage normal journalistikk for mobilen. Ei slutning ein kan dra, er at dersom lokalavisene ikkje reorienterer seg, vil små oppstartverksemder gjera det. Smarte unge menneske frå Voss kan dra heim att etter ferdig utdanning og lage noko som Hordaland ikkje torer satse på (før det er for seint), og etter tjue år har det nye mediet overteke den lokale nyheitsmarknaden.

Samstundes fungerte ikkje Lokanytt spesielt fornyande som journalistikk. På tross av aktive forsøk på å vere lokasjonssensitiv og kritisk, vart den berre lokasjonsorientert og skildrande. Det er fleire genuint verdifulle moglegheiter i lokasjonsjournalistikk, som absolutt bør integrerast i framtidige forsøk. Vi stilte våre brukarar eit ope spørsmål om kva dei synest kan forbetre teknologien vår. Slike svar er alltid nyttige fordi ein i neste omgang veit kva ein bør legge til av funksjonalitet for å vere der som brukarane er, teknologisk sett. Utover mindre pirk på brukargrensesnittet var brukarane spesielt misnøgde med fire ting:

1. Dei ønskte at lokasjon vart kombinert med tid i redaksjonens rangering av artiklar.
2. Dei ønskte at grensesnittet inkluderte dynamiske kart og skriftlege rettleiingar som kan hjelpe dei å kome til artikkelplassen.
3. Dei ønskte større sensitivitet for brukarens preferansar, altså eit ønskje om endå sterkare kontekstsensitivitet.
4. Dei ønskte større tekst- og biletstorleik.

Her ser brukarane eit potensial som vi teknisk sett lett kunne ha realisert, men som journalistane våre truleg ville slite med å få utnytte på ein kreativ måte. For journalistikken forandrar seg ikkje særleg fort, men vert halden på plass av normer, forventingar og vanar i profesjonen. Dei som jobbar i lokalavisene frå før av, kjem neppe til å praktisere den mest radikale versjonen av lokasjonsjournalistikk, og treng stimulans frå utsida. Med litt trykk på seg kan dei lokalkjende journalistane utvikle spennande nye innhaldsformer. Men først må dei overvinne dei økonomiske utfordringane, og kanskje og ein konservatisme i møtet med den nye teknologien.

Litteratur

Bellavista, P., et al. (2006) ”A mobile computing middleware for location- and context-aware internet data services”. ACM Trans. Internet Technol., 6, 356-380.
Bjørnestad S, Tessem B and Nyre L. (2011a) ”Design and Evaluation of a Location-based Mobile News Reader”. Proceedings of The 4th IFIP Internatioanl Conference on New Technologies, Mobility, and Security, IEEE, ISBN 978-1-4244-8704-2. Paris, France. February 2011.
Bjørnestad S, Tessem B and Nyre L. (2011b) ”Experimental Evaluation of Tools and Concepts for Location-aware Journalism”. e-Society 2011, IADIS International Conference, Avila, Spain, 11-13 March 2011.
Brurås, Svein (2010) Etikk for journalister. 4. utgave. Bergen: Fagbokforlaget.
Burrel, J. & Gay, G. K. (2002) ”E-graffiti: evaluating real-world use of a context-aware system”. Interacting with Computers, 14, 301-312..
Eide, Martin (red) (2010) Journalistiske nyorienteringer. Oslo: Scandinavian Academic Press
Gentikow, Barbara (2005) Hvordan utforsker man medieerfaringer? Kvalitativ metode. Kristiansand: IJ-forlaget.
Goggin G. (2011) Global Mobile Media, London: Routledge.
Gordon E and de Souza e Sliva A. (2011) Net Locality. Why location matters in a networked world, Oxford: Wiley-Blackwell.
Hovden, J. (2010) “Nordiske Journaliststudenter 2008.” Powerpoint på websida Project Hovdebrekka. Sjå: http://hovdabrekka.wordpress.com/resources-for-teachers/
Høst, Sigurd (2010) Avisåret 2009. Rapport nr. 6/2010. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Klausen R. (2011) Lokasjonsstyrte medietekster for mobile medium. Bacheloroppgåve. Volda: University College of Volda.
Laws, Ana (2012) ”HCI Design “in the wild”. Children and multi-touch at the Panama Viejo Museum”. Upublisert manuskript.
Leirvåg C. (2009) Lokaleser – brukersentrert design av en lokasjonssensitiv mobilapplikasjon. Masteroppgåve. Bergen: Universitetet i Bergen.
Liestøl G. (2009) ”Situated simulations: A prototyped augmented reality genre for learning on the iPhone”, i International Journal of Interactive Mobile Technologies 3.
Løvlie, A. S. (2009) ”Poetic augmented reality: place-bound literature in locative media”, i Proceedings of the 13th International MindTrek Conference: Everyday Life in the Ubiquitous Era. Tampere, Finland, ACM. Nokia Forum (2009) Symbian C++ Forum.
MedieNorge (2012) “Opplagstall norske aviser 2010”. Henta frå: http://medienorge/?cat=statistikk&medium=avis&queryID=190..
Nyre L. (2007) ”Minimum journalism. Experimental procedures for democratic participation in sound media”, i Journalism Studies (8)3: 397-413.
Nyre L. (2010) ”Experimenting with new media for journalism”, i Nordicom Information 32(2-3): 83-93.
O’Grady, M. J. & O’Hare, G. M. P. (2002) ”Accessing Cultural Tourist Information via a Context-Sensitive Tourist Guide”, i Information Technology & Tourism, 5, 35-47.
Ottosen, Rune og Arne H. Krumsvik (red) (2008) Journalistikk i en digital hverdag. Kristiansand: IJ-forlaget.
Roppen, Johann (1991) Kva står i avisa? Ein innhaldsanalyse av eit utval norske lokalaviser. Volda: Senter for kommunalforsking.
Roppen, Johann og Sigurd Allern (red) (2010) Journalistikkens samfunnsoppdrag. Kristiansand: IJ-forlaget.
Skjervheim, Hans (2000) [1959] Objektivismen – og studiet av mennesket. Oslo: Gyldendal Akademisk. Til norsk ved Atle Måseide.
Stavelin E. (2009) Utviklingen & evalueringen av LokaNytt CMS – et informasjonssystem for lokasjonssensitive journalistiske tekster for mobiltelefon. Masteroppgåve. Bergen: University of Bergen.
Øie KV. (2011) ”A sense of news. Investigating user experiences when reading locative news”. Paper presentation at NordMedia 2011 Conference, Akureyri, Iceland, August 11-13, 2011.
Øvrebø, Olav Anders (2010) «Omskolering av portvakter”, i Martin Eide (red) (2010) Journalistiske nyorienteringer. Oslo: Scandinavian Academic Press
Aam, Pål (2010) ”TV-reportasjen 2.0. Ny teknologi – styrking av samfunnsoppdraget for TV- og videojournalistar”, i Johann Roppen og Sigurd Allern. Journalistikkens samfunnsoppdrag. Kristiansand: IJ-forlaget.