Kritisk tillit til journalistikk
Vert du ofte irritert over ting du ser og høyrer i media? Slik irritasjon kan nokon gonger vera vag og retningslaus, andre gonger er den uttrykk for aktiv mistillit. Du bør kanalisera irritasjonen din i ei konstruktiv retning, og dette essayet syner fram ein muligheit.
Media produserer ein verkelegheitseffekt gjennom alle sine oppslag og reportasjar, og gjennom sine sanselege former. Men borgarane bør ikkje utan vidare tenkja at denne verda er verkeleg, slik som det du kan sjå og høyra direkte. Tvert imot må me vera vaktsame overfor journalistiske media slik me er overfor dei fleste andre kreftene i samfunnet. Ingen andre kan ta ansvar for korleis du forstår ting, og du bør forstå dei utifrå din kvardag, i ditt sosiale stratum og utifrå dine politiske haldningar. Men det er eit krav til, nemleg at du ikkje berre føyer deg inn i den konvensjonelle haldninga, med faste formuleringar og faste syndebukkar. Ei slik haldning kan kallast «å ha kritisk tillit».
Samfunnsoppdrag, skepsis og forvirring
Terrenget er forvirrande. Samstundes som me forbinder tillit med noko grunnleggande positivt, går journalistikkens samfunnsoppdrag ut på å setja dei rådande tillitsforholda i tvil. Personlege tillitsforhold treng nemleg ikkje alltid vera gode for samfunnet. Dei kan vera egoistiske, og skjula kameraderi og intern maktmisbruk i sentrale institusjonar. Journalistikken har difor ikkje som samfunnsoppdrag å inngje tillit så mykje som å inspirera borgarane til å vera skeptiske mot tvilsame alliansar. Naturleg nok er journalistikken sjølv ei av dei maktene som kan misbrukast, og dermed vert det slik at samstundes som den inspirerer til samfunnskritikk, så må den møtast med skepsis. Forholdet mellom positiv og negativ varierer heile tida, og dét gjer at borgaren må vera vaktsam mot media heile tida.
Det vert stadig gjort målingar av borgarane sin tillit til journalistikk, politi, lærarar og andre yrkesgrupper og institusjonar i samfunnet. I mai 2014 presenterte Dinamo PR si årlige tillitsundersøking gjennomført av analysebyrået YouGov. Her kom det fram at 60 prosent av alle nordmenn har tillit til at myndigheitene handlar til samfunnets beste, mens 57 prosent har tillit til at frivillige organisasjonar gjer det. Tilliten til at media har ei samfunnsnyttig rolle er berre på 35 prosent, og for næringslivet er den 33 prosent. Men kva betyr tillit i dette tilfellet? Dei informantane som svarer positivt, stoler på at det som vert publisert i journalistiske medier er sant, og at det som vert publisert er relevant for samfunnet og ein sjølv.
Men det er endå meir interessant å ta for seg dei 65 prosent som svarer negativt på spørsmålet om tillit til journalistikk. Dei har ei eller anna form for misnøye, tvil, mistillit eller kva slags ord ein ville velja. Dei har nok ulike grader av bevisstheit om skepsis, men har ikkje nødvendigvis formulert den tydeleg. Eg mistenkjer at folk er svært forvirra i sine kjensler overfor media, og at dei har vanskeleg for å setja ord på ting. Dette essayet er difor meint å ha ein terapeutisk funksjon, der lesaren vonaleg får nye knaggar å henga frustrasjonen på, og kanaliserer den inn i ei form for forståing. Mistillit kan omsetjast til kritisk tillit.
Mot slutten diskuterer eg også ein meir problematisk relasjon, nemleg dei tilfella der folk har grunngjeven mistillit til media, og der det ikkje er mogeleg eller ynskjeleg å utvisa kritisk tillit. I 2011 vart det avslørt at News of The World dreiv med hemmeleg avlytting; denne avsløringa førte til ein akutt og uoppretteleg mistillit til redaksjonen, og avisa vart lagt ned kort etterpå.
Tillitsteori og media
No skal eg gå meir sosiologisk til verks, og definera fenomenet tillit i forhold til personar og institusjonar i media, blant anna med hjelp frå Skirbekk og Grimen Tillit i Norge (2012). Deretter nyttar eg denne teorien på journalistiske medium og den generelle mediesituasjonen i Noreg i 2014, og går gjennom sunne og usunne grunnar til ikkje å stola for mykje på journalistikken.
Presse og media er ein stor sak i samfunnet. Media er menneskas viktigaste verktøy til å forstå kvarandre og samfunnet me lever i, og til å forstå vår eiga rolle som deltakar i denne galskapen. I tusenvis av år har avanserte signalsystem vore i bruk for kommunikasjon, og dei har sine eigne sanselege og tekniske særtrekk. Dei har også eit institusjonelt aspekt, med ulike normer og reglar. Det er eit stort sosiologisk landskap med alt frå hermeneutikk til rational choice-teori, og det spenner frå Jon Elster til Bruno Latour.
Mediene er ein alvorleg sak fordi det ikkje er garantert at kommunikasjonen er god, sjølv om det vert stadig meir av den. Det er til dømes ikkje innlysande at dei digitale mediene har gjort oss til betre menneske enn me ville vore utan dei. Ein av dei store frustrasjonane i folks kvardag, og som kan utløysa alt frå raserianfall til ugjennomtenkt rasisme, er nettopp kjensla av at kommunikasjonshandlinga er ein eksistensiell byrde i staden for å vera ein effektiv formidlingskanal for nyheiter og anna nyttig stoff.
Det har vore mykje snakk om tillit i den offentlege debatten dei siste åra. Då dreier det seg ofte om graden av det sosiologen Russell Hardin (2006: 2) kallar «cooperativeness» eller samarbeidsvilje. Rikssynsarane er bekymra for at folk får svekka tiltru til helsebyråkratiet etter Ahus-skandalen, og ikkje stolar på at politiet taklar ein liknande terroraksjon som 22. juli, og heller ikkje stolar på rettspsykiatrien lenger. Med minkande tillit vil me få eit farlegare og meir brutalt samfunn. Det vert fleire tvistar, fleire advokatar og eit mykje meir tungvint liv.
Men så gale er det ikkje. Redaktørane av Tillit i Norge skriv: «Det høye tillitsnivået er den viktigste forklaringen på at velferdsstatene kan være så omfattende som de er» (2012: 16). Forfattarane viser at tilliten vår faktisk er sterk både til personar rundt oss, og overfor statlege institusjonar. Sosiolog Dag Wollebæk & co studerte den generaliserte tilliten før og etter 22. juli. På kort sikt medførte terroren ein tydeleg auke i tillit i alle samfunnsgrupper. Terroren fungerte samlande i staden for splittande, og bidrog til å dempa utviklinga av frykt. Hausten 2012 var tilliten på same høge nivå som før 22. juli (Wollebæk et al. 2012).
Skiljet mellom persontillit og institusjonstillit
Eg vil i framhaldet skilja mellom to nivå av tillit; persontillit og institusjonstillit. Me har eit omgrepsproblem på norsk, fordi me ikkje har noko etablert skilje mellom vendingar som ha tillit til, lita på, stola på eller ha tiltru til. I kvardagsspråket betyr dei omtrent det same, og kan brukast på alle slags gjenstandar for tillit.
Skiljet mellom å forholda seg til institusjonar eller personar kjem mykje betre fram i engelskspråkleg faglitteratur. Der har dei eit skilje mellom orda «confidence» og «trust» som me ikkje har på norsk. «Confidence» er knytt til stabile og føreseielege forhold, medan «trust» er knytt til risikofylte, uføreseielege og oftast ganske personlege forhold. Vi har «confidence in institutions» og «trust in persons». Blant teoretikarar som opererer med dette skiljet finn me filosofen Niklas Luhmann (1979) og sosiologen Adam Seligman (1997). Den omtalte boka Tillit i Norge introduserer skiljet i forordet, og det vert brukt nokolunde systematisk etterpå.
Eg vil bidra til å etablera skiljet mellom institusjonstillit og persontillit i norsk tillitsteori, men eg er ikkje nøgd med dei omgrepa me har funne på så langt. Eg håpar å finna noko som beskriv opplevinga av tilliten meir nyansert, for no vert jo ordet «tillit» brukt i begge tilfelle. Der er «confidence» og «trust» mindre forvirrande.
Persontillit (trust) er ein relasjon der du aksepterer å vera sårbar for andre menneske sine handlingar i forhold til eit visst utkome. Luhmann oppfattar «trust» som villigheit til å risikera noko, og dette gjeld for både gjevaren og mottakaren av tillit (Luhmann 1979: 69). Her vert avgjerda om å vera tillitsfull gjort bevisst, utifrå ein evalueringsskala for kva slags gode kvalitetar det er rimeleg å tillegga andre aktørar. Du stolar på at bror din vil hjelpa deg med eit naudlån for å dra til Syden, men ville ikkje spurt ein kollega. Folk er meir bevisste på slike nære relasjonar enn relasjonen til institusjonar.
Forskarane Wiese et al. (2011) har vist at folk si oppfatning av nærleik til ein viss person er den viktigaste faktoren for å bestemma om me kan stola på denne personen. Dersom me føler oss like nært knytt til to personar der den eine er familie og den andre ikkje, vil me vera meir tilbøyelege til å stola på familiemedlemmen.
Institusjonstillit (confidence) er ein føreseieleg relasjon basert på tidlegare erfaring med at ting går som dei skal. Giddens (1990) skriv at det er gode grunnar til å stola på abstrakte system som ’pengar’. Folk kan vera nesten sikre på at eit visst utkome vert realisert, til dømes at minibanken faktisk gir ut pengar når du vert registrert med eit kontotrekk.
Visse forhold er stabile og vert haldne ved like kontinuerleg, og det er ikkje grunn til å reflektera over risiko i kvart enkelt tilfelle. Harald Grimen seier, sitat: «Gode institusjoner gjør det fornuftig for mennesker å unnlate å ta visse forholdsregler, som det ellers ville ha vært rasjonelt for dem å ta» (Grimen 2012: 89). Når det gjeld flytoget i Oslo er institusjonstilliten tydelegvis svært høg, for det kom øvst på ei «omdømmemåling» no nyleg.
Her passar også omgrepet «generalisert tillit» godt inn. På flyplassen treng du kanskje å spørja ein medpassasjer om å passa på kofferten din mens du er ein rask tur på toalettet. Er det nokon her du kan stola på? Jo meir generalisert tillit det er i samfunnet, jo større sjanse er det for at du spør nokon. Generalisert tillit liknar mest på det som eg her kallar institusjonstillit.
Analysen byrjar med ein klassisk samfunnsvitskapleg firefeltstabell der eg skil mellom sunn og usunn mistillit, og skil mellom å retta denne haldninga mot enten institusjon eller person. Då vert tabellen slik:
Kritisk tillit | Mistillit | |
Institusjon | Fortel sanninga, har dagsordenmakt, er relevant | Rå marknadskapitalisme, mangel på relevans, dialog og realisme |
Person | Har integritet, er prinsippfast, har ideologisk tru | Eigeninteresse, verdiblindskap, oligarkiske bindingar |
Eg vil bruka tabellen til å halda orden på argumentasjonen vidare her. I boksane har eg plassert åtferdstypar som korresponderer med den typen tillit og mistillit eg påpeikar i forhold til journalistikken.
Kritisk tillit
Det finst klart positive grunnar til ikkje å stola på journalistikken. Viss journalistikken set tillitsforholda systematisk i tvil, vil dei kunna avsløra kameraderi og maktmisbruk i sentrale institusjonar. Den vil vera farleg for maktmisbrukarar. Slik sett har ikkje journalistikken som samfunnsoppdrag å alliera seg med andre aktørar for å inspirera til tillit, men å vera så kritisk at den heller inspirerer til vaktsemd mot sjølv å handla i strid med normer og reglar.
Oppdraget går ut på å fortelja sanningar som kan vera svært ubehagelege, og som vil skapa sterk gjensidig forsiktigheit, kanskje også direkte konflikt, mellom ein redaksjon og dei berørte partane. Mang ein bedriftsleiar på Vestlandet har lagt Bergens Tidende for hat etter avslørande oppslag. Alle dei utruleg mange tinga som er sanne kan i prinsippet formidlast på ein legitim måte av journalistikken. Sanning er journalistikkens fremste våpen i avsløringa av kreftene som svekkjer demokratiet.
Difor er det gode strukturelle grunnar til ikkje å ha tillit til journalistar. Dersom du er i posisjon til å stola på at media trykker saker slik du vil, så er journalistikken inhabil eller direkte korrupt, og du sjølv like så. Vaktsemd eller usikkerheit hjå mektige aktørar er eit kvalitetsteikn i seg sjølv.
Dagsordenfunksjonen er ei viktig side ved medias makt. Media bestemmer ikkje kva folk skal meina, men dei bestemmer kva folk skal meina noko om. Redaksjonen tenkjer: Kva bør den politiske offentlegheita verta opplyst om i dag? Det gamle slagordet «All the news that’s fit to print» er reklame for avisa si gode dømmekraft og ansvarlege haldning. Media set dagsorden for kvardagsdebatten heime i stovene, særleg når det gjeld nyheiter. Media bestemmer i realiteten kva det vil seia å vera ein oppdatert borgar. Politikarar og andre framskotne aktørar er endå meir påverka av dagsordenmakta. Dei får ofte sine strategiske val bestemt av emnevala og vinklingane som vert gjort.
Makta til å setja dagsorden for offentleg debatt har vore i mediene sine hender i fleire hundre år. Journalistar og redaktørar fekk etterkvart så stor innflytelse at dei blei oppfatta som ei fjerde statsmakt. Dei overvakar dei tre statsmaktene regjering, storting og domstolar på vegne av sivilsamfunnet. Me har vorte opplærde til å tru at mediene si dagsordenmakt er noko naturleg og sjølvsagt, men det er berre på grunn av deira tilsvarande kritiske rolle at dei fortener denne makta. Det er bra at mediene har denne forpliktinga på sanning. John Dewey har prisa den, og Walter Lippmann endå meir. Kritisk journalistikk er eit gode fordi den førebygger maktmisbruk i alle sektorar av samfunnet, og sørgjer for at moralsk svake menneske jamleg vert reinska ut av statsapparatet.
Det er naturleg at eg også tar inn enkeltpersonane i denne analysen, og ikkje berre snakkar om det prinsipielle. Kvar journalist er jo eit menneske av kjøt og blod, med høg eller låg utdanning, sterk eller svak moral, og med ulik utstråling, integritet, og så bortetter. Dette er ein emosjonell dimensjon som påverkar oss alle i oppbygginga av tillitsbånd.
Integritet. Det viktige er at desse personane deler journalistikkens verdiar. Då går det an å ha kritisk tillit til personar som arbeider innafor journalistyrket. Den gode journalisten oppfattar makta si som ein personleg kvalitet. Det er eg som har denne kunnskapen, og denne kompromissløysa og integriteten, og eg utfører funksjonen min i systemet på ein spesielt god måte.
Journalistar har innflytelse over sosiale og politiske stemningar i publikummet sitt nettopp på grunn av personlegdomen sin. Dei har denne makta, sjølv om dei er underlagt ein streng redaksjonssjef, og sjølv om allslags konvensjonar kan gjera handlingsrommet avgrensa. Journalistar har stor makt anten dei veit om det eller ikkje, og om dei bryr seg eller ikkje. Nokon lever så intenst i denne rolla at dei ikkje ser makta si, og dermed endar opp med å misbruka henne. Dei som held maska i ei offentleg rolle av denne typen er vanlegvis fornuftige folk med integritet. Ingen nemnde, ingen gløymde.
Prinsippfast. Denne typen journalist tonar bevisst ned det faktum at han har makt. Det vedkjem ikkje saka. Han er ein dyktig avslørar, og skriv sjeldan noko feil. Og same kva som skjer som følgje av journalistikken hans, beklagar han aldri noko. Kvar gong han får kritikk eller truslar om søksmål, viser han til ytringsfridomen, og redaksjonen sine advokatar går i striden for han. Så lenge målet er heilagt, må ein også tola nokre vådeskot mot uskuldige.
Ideologisk. Den ideologiske eller idealistiske journalisten er enklare å forstå seg på. Han driv politisk kritikk mot styresmakter og andre mektige aktørar, systematisk og med eit jamt trykk. Han trur så sterkt på saka at han set til side alle andre omsyn. Den ideologiske journalisten brukar mediet som verktøy eller brekkstong til å få ei løysing på eit politisk problem. Han nærer ikkje urimeleg tillit til nokon aktørar.
Mistillit
Det journalistiske feltet har nær omgang med dei maktene den er sett til å overvaka, og vert no til dags i stor grad eigd av tunge marknadsaktørar som Schibsted, Amedia, Egmont, etc. Viss redaksjonen har tette relasjonar til viktige institusjonar i samfunnet så vatnar den ut si fremste kjelde til truverde, nemleg det (prinsipielt) komplette fråveret av tillitsrelasjonar.
Eksempelet med News of the World viser korleis det kan oppstå akutt mistillit hvis borgarane oppfattar at ei medieverksemd bryt med den moralske haldninga som er føresett i samfunnsoppdraget. Her er det lite å reparera, og vanskelegare å kanalisera den negative energien i positiv retning.
Rå marknadskapitalisme. Det er store pengar knytt til medieverksemd. Det har både TV 2, VG, Google og Facebook til dømes nytt godt av. Det finst ingen meisterhjerne som trekkjer i trådane, berre marknad, aktualitet og intertekstualitet i ei hysterisk blanding. Desse ukontrollerbare trekka gjer at mediene vert dårlegare verktøy enn dei kunne vore.
Kapitalismen gjev ikkje grunnlag for kritisk tillit, men er ein slags medfødt skavank ved den journalistiske institusjonen. Den britiske medieforskaren Colin Sparks seier at «you can’t tame the tiger» og Paul Bjerke seier at du ikkje må verta forbausa over at tigeren har striper. Tigeren brasar gjennom jungelen utan retning eller strategi.
Nokon vil meina at det også er positivt at medieverksemd gjev grunnlag for store pengar og sentralisert makt. Det tillet mediene å bygga opp sterke institusjonar som ikkje så lett let seg pressa av dei endå mektigare aktørane dei skal overvåka. Ein kan frykta kva som vil skje dersom dei store avisene går dukken og me får eit mylder av mindre redaksjonar i stadenfor. Det beste er ei blanding av eigarformer, med både børsnoterte selskap, lisensfinansiering, filantrop-finansiering og familieselskap.
Mangel på relevans. Paul Bjerke (2013) peikar på at engelske aviser brukar store journalistiske ressursar på ting som har liten samfunnsmessig relevans. Det kan vera ei grundig og kostbar gravestudie som avslører at fotballspelar X har vore utru med kona til fotballspelar Y. Då vert dei journalistiske ressursane heilt klart brukt på feil ting.
Mangel på dialog. Mediene kan gjera ein vanleg tilskodar til ein aktiv deltakar ved hjelp av tovegsmedia som SMS, e-post, chattesider, innringing, debattprogram og liknande. Men interaksjon vert i liten grad brukt til å forbetre dialogen mellom heim og offentlegheit. Interaksjonen vert i hovudsak brukt til konkurransar, avstemmingar og andre kommersielle format, og har som føremål at stasjonen skal kunne tena mest mogleg pengar. Den ekspertbaserte offentlege debatten er ikkje mykje betre. Her er det ei endelaus rituell posisjonering der ingen av synsarane skiftar standpunkt, men blir meir og meir kjente for standpunktet sitt. Slike format har heller ikkje ein spesielt positiv innverknad på den offentlege samtalen. Redaksjonar som lever av å føre offentlege samtalar må streva etter å finna fram til gode prosedyrar, og prøva å laga god kommunikasjon.
For svak audiovisuell realisme. Journalistikken er så hardt redigert at det er vanskeleg å kjenna igjen røynda slik me ser den omkring oss til dagleg. Me skjønar mykje fordi me er velskulerte i mediet sine eigne konvensjonar, og taklar både høg klipperytme og soundbite-redigering. Men dette er ikkje røynda utanfor vindauga, det er røynda inne i media. Ting vert ikkje formidla på ein måte som er relevant for folks sosiale og politiske kvardag.
Igjen må me hugsa den meir emosjonelle relasjonen til menneske av kjøt og blod, journalistikkens sterkaste identitetsmessige faktor. Det går an å skilja mellom fleire former for usunn mistillit; ei snikande kjensle av at samfunnet ikkje fungerer som det bør, og at nettopp desse folka har ein del av skulda for det.
Eigeninteresse. Mistillit kan skuldast arroganse, eigeninteresse eller nedlatenheit. Slike dårlege eigenskapar visar igjen i skrift og på TV, og skapar eit konstant tillitsproblem. Journalisten og programleiaren er flink framfor kamera, og gjer seg til eit ankerfeste for identifikasjon og beundring. Men har han gjort seg fortent til dét på bakgrunn av livet utanfor mediene? Tja. Enkeltpersonar blant journalistane har til dels lågt truverde og driv uhemma tilfredsstilling av sine eigne materialistiske behov. Slapp åtferd gjev borgaren eit negativt inntrykk av journalistikken, og dét kan forsterka ei vag oppfatning av at andre trekk også er negative. Då vert det ein vond spiral av dårleg renommé for både person og institusjon.
Byråkratisk, verdiblind profesjonalitet. Journalistane sin stadig aukande profesjonalitet gjer at ein heil generasjon journalistar er sosialiserte inn i ei åtferd utan politiske ideologiar, og utan andre ideal enn å laga gode program og gode artiklar. Alle er sofistar! Denne pragmatismen vert følgt av ein funksjonærmentalitet. Redaksjonen kan verta sløva av det rutinemessige i arbeidet sitt. Viss noko går gale, ligg ansvaret hjå redaktøren, som også har funksjonærmentalitet og rapporterer vidare til eigarane, som forklarer alt som ein nødvendig konsekvens av marknadslogikken. I verste fall appellerer dei samla til ytringsfridomen og ansvaret som den fjerde statsmakta, og vatnar ut forholdet til ideologi, politikk og marknad. Dersom det ikkje er noko retning, så er det heller ikkje nokon grunn til å anta at funksjonen deira er positiv for samfunnet.
Oligarki. Det finst ein eksklusiv krets av folk som styrer dei institusjonane som set dagsorden, og dei beskyttar sine maktmidlar og forsøker å utvida rekkjevidda si. Dette gjeld aksjeeigarar, styremedlemmer, medierådgivarar, spin doctors, kjendisar, reklamefolk, PR-folk og lobbyistar. Alle desse yrkesgruppene er opne for overgangar, og karrieren kan byrja på ein stad og slutta ein heilt annan stad. Det dei treng for å komma vidare er at media sin dominans i samfunnet vert oppretthalden, og mangel på innsyn.
Konklusjon: Vêr vaktsam!
Rundt 65 prosent av folkesetnaden i Noreg har ikkje tillit til at journalistikken har ei samfunnsnyttig rolle, og eg har forsøkt å tolka kva dette kan skuldast. Eg har formulert ei hugseliste over trekk ved journalistikken som bør møtast med kritisk tillit, og nokre punkt som kan føra til uoppretteleg mistillit.
Borgaren er ikkje ein uskuldig tredjepart i offentlegheita. Det er ei fordømt plikt for borgaren å ha ei konstruktiv tilnærming til makta frå media, og sjølv gjera sitt beste for at offentlegheita kan fungera godt. Dersom borgaren vert meir medviten på grunnane til sin eigen skepsis, kan dei negative kjenslene omsetjast til noko meir konstruktivt, nemleg ei kontinuerlig vurdering av tillitsverdigheita til mediene. Det er berre du sjølv som kan identifisera det som er sant og relevant. Ingen andre kan tenkja for deg! Vêr vaktsam!
Litteraturliste
Bisgaard, Anders B. (2014) «Dinamo PR vurderer navneendring», i Kampanje 27. mai 2014.
Bjerke, Paul (2013) «Et forsvar for papiravisa» i Klassekampen 10. mai 2013.
Enjolras, B., Karlsen, R., Steen-Johnsen, K. og Wollebæk, D. (2013) Liker – liker ikke. Sosiale medier, samfunnsengasjement og offentlighet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
Giddens, A. (1990) The Consequences of Modernity. Cambridge: Polity Press
Grimen, Harald (2009) Hva er tillit. Oslo: Universitetsforlaget.
Grimen, Harald (2012) «Gode institusjoners betydning for tillit», i Skirbekk, H. og Grimen, H. (2012) Tillit i Norge. Oslo: Res Publica.
Hardin, Russell (2006) Trust. Cambridge, UK: Polity Press.
Luhmann, N. (1979) Trust and Power. New York: John Wiley.
Seligman, A. B. (1997) The Problem of Trust. Princeton: Princeton University Press.
Skirbekk, H. og Grimen, H. (2012) Tillit i Norge. Oslo: Res Publica.
Wiese, Jason, Patrick Gage Kelley, Lorrie Faith Cranor, Laura Dabbish, Jason I. Hong, John Zimmerman (2011) Are you close with me? Are you nearby?: investigating social groups, closeness, and willingness to share. Ubicomp 2011: 197–206.
Wollebæk, Dag, Berjard Enjolras, Kari Steen-Johnsen og Guro Ødegård (2012) «Tillit i Norge etter 22. juli», i Skirbekk, H. og Grimen, H. (2012) Tillit i Norge. Oslo: Res Publica.