Til toppen

Teknologiar er moralske aktørar


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Teknologiar har si eiga meining gjennom å vera samtalepartnarar for menneska. Dette kan dagens Holbergpris-vinnar lære oss.

Jon Elster synest ikkje det bra at Bruno Latour får Holbergprisen 2013. I Aftenposten 24. april formulerer Elster sin skepsis, og skriv blant anna «Hva betyr det at bjørketre og slimålen, for eksempel, «lager sin egen mening». Kanskje Bruno Latours norske tilhengere kan svare?»

Klassisk argument

Det er ifølgje Elster urimeleg å påstå at ting lagar si eiga meining. Meining må tolkast fram gjennom til dømes vitskap, journalistikk eller kulturkritikk. Etterpå kan det godt verka som meininga var i tingen heile tida, men eigentleg er den i menneska.

Dette er eit klassisk humanistisk argument som eg ikkje aksepterer for alle ting heile tida. Slik eg ser det er teknologiar eit godt døme på ting som har si eiga meining, og eg vil underbygga dette synet utifrå Latour sin teknologiteori.

Fest setebeltet

Teknologiar er moralske aktørar fordi dei kan tvinga menneska til å gjera visse handlingar i staden for andre. Når nokon sit bak rattet i ein bil må dei ha på seg setebelte. Viss ikkje byrjar ei lampe å lysa, og kanskje byrjar også ein alarm å tuta. Nokon biltypar er bygd slik at straumen til tenninga går via ein kontakt i låsen på setebeltet, og då er det uråd å starta motoren utan at setebeltet er festa.

Latour forklarer slike samanhengar mellom menneske og teknologi med at det vert sett i verk eit handlingsprogram som i dette tilfellet kan kallast ’Viss ein bil køyrer må føraren ha setebelte på’. Det har vorte umogeleg å køyra utan å ha på seg beltet. Eg kan ikkje oppføra meg dårleg lenger. Eg sjølv, pluss bilen, pluss dusinvis med ingeniørar, pluss politiet gjer meg til ein moralsk aktør.

Moralsk tvang

Menneska kan altså delegera den moralske tvangen til ein ting. Når påbodet er bygd inn i ein teknologisk mekanisme vert den moralske lova mykje sterkare enn viss det skulle stått eit menneske der og sagt Ta på deg sikkerheitsbeltet, er du snill! Då kunne dei andre menneska lett ha utfordra handlingsprogrammet, og det ville dessutan vore både dyrt og upraktisk å ha ein person ståande ved kvar bil for å passa på at alle tek beltet på.

Men ingeniørane som konstruerte setebeltet styrer ikkje meininga det kan laga. Dei fann ikkje opp behovet for trafikksikkerheit, dei skjønte ikkje nødvendigvis kva funksjon beltet ville få i folk sine liv, og forholdet mellom beltet og menneska endrar seg uansett etter kvart som tida går. Teknologien har overteke meininga og forvaltar den i fortsetjinga. Slik sett liknar innføringa av nye teknologiar på innføringa av nye lover eller iverksetjinga av politiske vedtak. Lovverket gjeld like mykje for lovgjevarar som for alle andre.

Forbanna bil!

Teknologiar har si eiga meining gjennom å vera samtalepartnarar for menneska. Eg vil ikkje ta sikkerheitsbeltet på sidan eg berre skal ein kort tur på butikken, seier du til ingen nytte, for lyset blinkar jo og alarmen tutar. Du vert irritert, og ropar Forbanna bil! Folk kan oppfatta handlingsprogrammet som eit urimeleg krav det er heilt på sin plass å sabotera. I Latour sitt vokabular heiter det at me lagar anti-program.

Slik kritikk kan oppfattast som at folk tolkar meining inn i teknologiane. Dette kan ikkje Latour gå med på. Meininga er der uansett, men dersom den er lite utfordrande så diskuterer me lite med den. Tenk deg dette handlingsprogrammet: Viss ein bil køyrer fortare enn 50 km/t må føraren bremsa ned. Eit skilt med fartsgrense 50 kan lett ignorerast. Eit fartsmålarsystem som varslar om at du køyrer i 61 km/t utfordrar deg meir. Fotoboksar som registrerer farten, tek bilete av bilnummeret ditt og sender det til myndigheitene så dei kan gje deg bot byrjar verkeleg å utfordra deg. Det mest talande er fartsdumpar som er bygd slik at du øydelegg understellet på bilen viss du køyrer særleg fortare enn fartsgrensa. Dette kan du verkeleg kritisera!

Taus teknologi

Vår samtale med teknologiane vert vanskeleggjort av at dei i all hovudsak er tause, med tilforlatelege og praktiske funksjonar. Latour meiner at teknologiane si eiga meining er så stor nettopp fordi dei ikkje har språk slik menneska har. Tausheita gjer teknologiane meir akseptable for oss. Det skal meir til før me går i rette med funksjonane deira enn viss det var eit anna menneske som stod for dei.

Latour formulerer eit prinsipp om at det er moralsk symmetri mellom menneske og teknologiar. Han tilkjenner dei altså det same moralske ansvaret som menneska sjølve. Handlingsprogrammet ’viss ein bil køyrer må føraren ha setebelte på’ er ein samverknad mellom likeverdige partnarar.

God rettesnor

Jon Elster treng ikkje å vera samd i dette. Etter hundrevis av år med humanisme har menneskets forrang vorte bygd inn i språket og teoriane våre, og det er ikkje merkeleg at han reagerer når det vert føresett at teknologiar (eller andre ting) har ei sjølvstendig, meiningsberande rolle i liva våre.

Eg synest Latour sitt symmetriprinsipp er ei god rettesnor. Det hjelper oss å oppdaga den kunstige motsetnaden mellom teknologi og menneske, der teknologien anten er underlagt det frie mennesket eller mennesket er underlagt teknologiens kalde effektivitet. Kvifor ikkje anerkjenna at det er ein eksistensiell samverknad mellom to partar som begge kan laga meining, og som begge er aktørar i samfunnet?

I alle detaljar

I eit intervju etter at han fekk Holbergprisen vart Latour spurt kva rolle han tenkjer at teknologi vil spela i det 21. hundreåret. «Dette er vanskeleg å svara på sidan teknologi er overalt i alle detaljar ved vår eksistens, slik at den ikkje har nokon spesiell rolle, og heller ikkje ein større rolle i det 21. hundreåret enn for hundre tusen år sidan».

Dette fekk meg til å tenkja på noko eg nyleg leste i New Scientist. For cirka 1,7 millionar år sidan byrja urmenneska å hogga til handøkser i staden for å bruka ubehandla steinar til å øksa med. Slik tilverking fungerte best med sterke og fleksible handledd, og dei individa som hadde dét fekk ein fordel i evolusjonen. Dette er det tidlegaste beviset på at anatomien utvikla seg for å passa til ein teknologi.

Me tvinger og vert tvungne av teknologiar, me snakkar med dei og vert tilsnakka av dei, og me må leva med at teknologiar er sjølvstendige aktørar akkurat som oss. Tanken er radikal, men den er ikkje absurd.