Til toppen

Smarttelefonen lagar revolusjon


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Mobiltelefonen har store muligheiter for å laga medierevolusjon i Norge, særleg dersom GPS-lokalisering blir tatt meir kreativt i bruk.

Medie- og elektronikkbransjen posisjonerer seg heile tida i forhold til mobiletelefonen sin rolle som multimedieapparat. Folk etterkvart kan både senda og motta alle slags former for lyd, bilete, tekst og grafikk over nettverket. Dette kan bli ein kjempestor industri i framtida, og utviklinga er allereie godt i gang.

Eg vil diskutera tre av dei interessante muligheitene på mobilen, nemleg det veletablerte WAP-grensesnittet, det ganske nye breibåndet (3G) og dei lite utforska muligheitene for å bruka lokaliseringsdata på GPS.

WAP har aldri blitt ein stor ting, men det er ein veldig viktig bunnplanke i mobiltelefonen som massemedium. Det kan vera nyheiter, vermeldingar, busstider og andre praktiske informasjonssøk. Sidene kjem opp sakte og med lita skrift, men det er ein ytterst effektiv måte å skaffa seg umiddelbar informasjon på. Dette er tenester som kanskje blir fasa ut etterkvart som 3G-breibånd kjem for fullt.

Telenor og Tele2 tilbyr 3G i dei store byane til ein dyr pris. Her kan du surfa på internett, lasta ned filer, logga deg på YouTube for å lasta opp videoen du lagde (på mobiltelefonen) i går, og selja eit dramatisk foto til VG. Det ligg ein mosaikk av mogelegheiter for journalistiske og sosiale nettstader i alt dette.

Hugs at internett har vore i allmenn bruk sidan 1993, og i heile denne perioden har borgaren blitt oppfordra til å vera ein aktiv skrivar like mykje som ein passiv lesar. Sjølv om det er ein klisje at internett fostrar interaktivitet, og sjølv om den har blitt misbrukt på nesten alle mogelege måtar allereie, så er det eit faktum. Folk byrjar verkeleg å bli fortrulege med å bruka internett aktivt og sjølvstendig, og det same vil gjelda for mobiltelefonen i framtida.

Men det mest radikale av alt er lokaliseringsdata på Bluetooth og GPS. Her dreier det seg om at telefonen kan lokaliserast ned på meternivå, og både brukaren og telekom-selskapa og mediebedriftene kan bruka desse lokaliseringsdata, både overfor enkeltpersonar og grupper som har ein viss type lokalisering til felles (i bevegelse på motorvegen, for eksempel).

Dei marknadsmessige muligheitane i slik lokalisering er ikkje noko å kimse av. Lokaliseringsdata attraktivt for konsumentane, for eksempel automatisk utpeiking av den næraste pizzasjappa og det næraste ledige hotellrommet. Det er allereie ein marknad for slike tenester, men GPS er enno ikkje standardutrustning på mobiltelefonen slik som WAP og SMS.

Lokaliseringsdata er ytterst interessant i journalistisk forstand. Når det gjeld sosial nettverksbygging er Facebook berre førenamnet. Tenk kor tett på livet til folk det rer råd å koma hvis informasjon of folk sin lokaliser og bevegelse gjennom byen blir ein del av sjølve nettverksbygginga. For eksempel kan folk organisera seg i adhoc-grupper for å demonstrera, eller styrka fellesskapen i supportergrupper for fotball-lag. Her kan det utvikla seg sterke lokale nettverk, vennegrupper og interessefellesskap, og det er store muligheiter for eksperiment med nye redaksjonelle format.

Eg ynskjer ikkje å framstå som ein blind optimist. Det er eit problem med den omfattande personlege identifikasjon som mobiltelefonen åpnar for. Leverandørane av tenester og innhald kan logga svært mykje informasjon om brukaren. Lokaliseringsdata også brukast (og misbrukast) av etteretningstenester, statlege instansar og kommersielle selskap. Alle tastetrykk på mobilen kan loggast og alle SMSar og samtalast kan bli lagra. Alt som er i minnebrikka kan hackast inn i, og lokaliseringa til brukaren kan overvåkast i sanntid.

Denne registreringa er like negativ som dei nye mediemuligheitene er positive, og her ligg det ein trade-off. Du får ekstreme moglegheiter for kommunikasjon hvis du er med, men kostnaden er at du får svekka anonymitet som brukar. I verste fall kan personleg informasjone brukast mot deg resten av ditt liv. Dette kan få mange til å betakka seg for å bruka lokaliseringsbaserte tenester.

Ikkje berre er det eit problem at all auke i interaktivitet blir følgt av auke i registrering av personleg informasjon, det er også sannsynleg at dei store selskapa vil skvisa mest mogleg pengar ut av dei nye muligheitene på kortast mogleg tild. Det er ei gammal historie at det radikale potensialet forsvinn i overgangen frå prototype til eit konkurransedyktig produkt på marknaden. Her har Telenor og dei andre store selskapa eit spesielt ansvar.