Til toppen

Sentralen og det norske nervesystemet


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Radio og fjernsyn har vorte stadig meir sentralstyrte. Overgangen frå NRK-monopol til kabel og satelitt var ein overgang frå ein stor til mange store sentralstyrte kanalar. Frisleppet i Noreg skapte endring frå ei politisk styring til mange marknadsstyringar av innhaldet. Summen av teknisk, økonomisk og redaksjonell styring over innhaldet er såleis større enn nokon gong før.

Folk si merksemd er usentralisert, ukoordinert, meiningsfri. Under monopoltida oppfatta nordmenn NRK som ei sterk samfunnspåverking, og vakta kvart ord som vart sagt. No er det så mange stasjonar å velga mellom at vår ideologiske vaktsemd er forandra til preferanse, til private valg av favorittar. Me diskuterer kvaliteten på programma me har valgt å sjå istadenfor legitimiteten til noko me er tvungne til å sjå. Mitt poeng er at i begge tilfella har me eit intellektuelt handlingsrom som er langt større enn innhaldet i programma. Folk var ikkje einsretta i 50-åra, det var NRK som var einsretta. Folk er ikkje kommersielle i 90-åra, det er TV2 som er kommersielle.

Mange postmodernistar påstår at fjernsynet er estetisert og gjort til eit underhaldningsspel, og det trur eg dei har mykje rett i. Før var motivasjonen for programinnhaldet politisk, no er den fyrst og fremst kommersiell og følsom for smakstrendar. Nedafor analyserer eg folk si merksemd i monopoltida og den kommersielle tidsalderen.

Evig elektronisk vekst

Det som er aller mest sentralisert er teknologistyringa. Kontrollen over den kybernetiske og materielle infrastrukturen ligg hjå nokre få instansar: statsmaktene og dei nasjonale eller internasjonale tele- og kringkastingsselskapa. Dei administrerer eit kolossalt nettverk av elektronikk som er sjølve mogleggjeringa av kulturen frå kringkastinga, blant anna telenettet, kringkastarar på Tryvann, Ulriken, Lønahorgi, uendeleg mange radioapparat, store studiokompleks på Marienlyst, Tyholt og Nøstet, analogt og digitalt mikrofon- og kamerautstyr, digre lyd- og biletarkiv og tilgang på kopiar frå heile den internasjonale audiovisuelle marknaden. Aktiviteten i dette nettverket utgjer ein verdsmarknad i sin eigen rett. I dataalderen er veksten større enn nokonsinne.

I starten bestod kringkasting av sjølvstendige småselskap, blant anna i Oslo, Stavanger, Bergen og Ålesund. Sentraliseringstendensen byrja før NRK-monopolet vart oppretta i 1933. Heilt frå starten var både det statlege og det private idealet å samla Noreg til eit radiorike, å gjera publikumsgrunnlaget så stort som råd, om enn med ulike motiv. Utviklinga har gått frå små einingar med skjøre linjer seg imellom, til eit gigantisk nettverk av sentralstyrte distriktssendingar og hundre prosent driftssikker samankobling mellom einingane. Dette gjeld TV2 såvel som NRK. Me treng ikkje lenger venta på å verta sett over til Bergen, for Bergen og alle andre stader er innebygd i infrastrukturen på førehand.

Når infrastrukturen fyrst er vel utbygd og vert godt vedlikehaldt, kjem stasjonane fram til vanvittig mange menneske på fast basis. Utover kjøp/salg av utstyr, er det lisens og reklame som er fremste livnæring for aktørane innafor kringkasting. Kringkastinga lever av at nesten alle menneska i landet brukar lite pengar og energi på hyppig bruk av dei elektroniske tilboda. Dei lever av ei formalisert merksemd som kan målast i pengar. Sjåaroppslutnad er den høgste økonomiske lova.

Enno har eg ikkje sagt eit ord om kulturar i kringkastinga, men det er fordi økonomisk sett er dei vilkårlege. Sjølvsagt trengst det eit programinnhald for at stasjonen skal verta sett og høyrt, og ein viss kvalitet må det ha for å få legitimitet. Men innhaldet i kringkastinga er nesten likegyldig så lenge det økonomiske apparatet har det komfortabelt. Kringkastarane har alltid kunna produsera omtrent det materialet dei ynskjer, og har råd til.

Raymond Williams (1975) seier det slik: «I kringkasting, både lydradio og seinare fjernsyn, vart dei største investeringane gjort i distribusjonsapparatet, og produksjonen vart berre satsa på for å gjera distribusjon teknisk mogleg og attraktiv. Ulikt alle andre kommunikasjonsteknologiar var radio og fjernsyn som system fyrst og fremst utvikla for transmisjon og resepsjon som abstrakte prosessar med liten eller ingen definisjon av kva innhaldet skulle vera. Når spørsmålet om innhald vart reist vart det hovudsakleg løyst parasittisk. Det fanst statshendingar, sportshendingar, teater og liknande som kunne distribuerast av desse nye teknologiane. Det var ikkje berre slik at tilgangen på kringkastingsfasilitetar kom før etterspørselen, det var slik at måten å kommunisera på kom før eitkvart innhald» (Williams 1975: 25).

Så lenge veksten kan haldast oppe, kan industrien leva enten det er monopol eller konkurranse. I Noreg rådde fyrst det sosialdemokratiske opplysningsidealet, og infrastrukturen vart bygd ut i så stort omfang at industrien levde høgt heile tida. No rår som kjent marknadsmekanismane. Begge regima var/er istand til å tilfredsstilla dei økonomiske logikkane i fjernsynsindustrien, og berre difor er det mogleg for dei å driva utsending.

I monopol-tidsalderen vart det store nedslagsfeltet og den sterke merksemda i liten grad direkte omsett til pengeverdiar, sidan motivasjonen for slik omrekning ikkje fanst. Investeringane i NRK sin digre infrastruktur vart etter beste evne omsett i ideologiske verdiar, dvs. folkeopplysning, oppfordring til innsats for landet, danna underhaldning – mentalitetar som gav inntekt i neste runde. Det var fyrst med reklamefinansieringa frå 80-talet at menneska vart endra frå borgarar til konsumentar. Frisleppet var eit farvel til den seige ideologiske veksten, og ei mottaking av den kortsiktige gevinsten i marknaden.

Å definera merksemd

I 1963 skreiv Finn Carling om det å sjå på fjernsyn: «Man behøver ikke reise seg, som når man skifter grammofonplate, man er ikke nødt til å gå ut av huset, som når man skal på kino. Nettopp det at seeren mottar uten å yde noe for det, at han faktisk lar seg fore som et passivt spebarn, er det som får enkelte til i fullt psykologisk alvor å oppfatte fjernsynet som en morserstatning» (Sitert frå Dahl 1996: 275).

Eg trur at det som er aller minst sentralisert er folk si individuelle merksemd. Av alle ting som er vanskelege å kontrollera, må folk si merksemd vera den vanskelegaste. Ingen har nervelivet under kontroll. Kringkastinga er kontinuerleg tilstades i folk sine heimar, bilar og generelle daglegliv, og kan brukast på eit utal måtar som ingen analysar kan avsløra. Det er absurd å hevda at folk tenkjemåtar var einsretta då monopolet dreiv si autoritative ideologifremjing, like absurd som det er å seia at alle i 1999 likar å sjå reklame.

I vår tid gjer sjåartalsmålingar at den mangfaldige merksemda vert redusert til eit marknadsmessig potent overslag over kor mange som har på radio- eller fjernsynsapparatet. I eit offentlegheitsperspektiv utgjer summen av menneska som vert nådde av fjernsyn og radio ei veldig kulturell merksemd, ei felles fokusering av intellekt og sansar som skapar identitet og pregar handlingslivet til majoriteten av folket både når det gjeld konsum og ideologi. Gjennom slike vitskapar vert me reduserte til i målgruppa for vaskemiddel så vel som til nordmenn.

Slike forklaringar på folk si merksemd er djupt prega av alle utvelgingsprosessane som gjer at den i det heile tatt kan skimtast som noko einheitleg. Det eine må dyrka kvantitet for å kunna brukast til å fastsetja sekundprisen, det andre må dyrka felles strukturar i forståinga for å kunna forklara at me identifiserer oss med kvarandre gjennom fjernsyn og radio.

Eg trur det er viktig å ikkje prøva å dra tydlege slutningar om kvalitetane i folk si merksemd utifrå sentralisert programproduksjon. Det er eit svært utbreidd, men feil slutning at ideologien i programma er lik folk sine meiningar om dei.

Livet gjennom NRK

I 1970 levde 95 % av befolkninga i Norge i område der mottakarforholda var gode nok til å kjøpa seg fjernsynsapparat (Bastiansen og Syvertsen 1994: 134). Fjernsynet var for lengst blitt ein akseptert del av folk sine daglegliv, ikkje minst hadde det blitt den sentrale scenen for politiske spenningar, nasjonale storhendingar, feiring av høgtider og for bearbeiding av kollektive traume.

Perioden frå seint femtital til seint syttital vert gjerne kalla høgmonopolet; epoken då NRK stod som aller sterkast i folk sitt medvit, mentalitetsliv og tidsbruk. Kva som helst som gjekk på lufta vart sett av minst 25 prosent av folkesetnaden, forsnakkelsar i Dagsrevyen vart omtalt på redaksjonell plass i avisene dagen etterpå, og det var ikkje uvanleg for populære program som Detektimen å ha seksti prosent sjåaroppslutnad. På ein måte vart alt sett av alle, for den totale utsendinga var lett å ha oversikt over, og det ein ikkje fekk sett kunne ein kjenning fortelja om.

Kringkastinga hadde fått ei kalendrisk rolle i folk sine liv. Den gjentok og gjentok kjente stemmer, program og tema gjennom sitt velordna sendeskjema, år inn og år ut. Folk sine rutinar var eit fundamentalt trekk ved kringkastinga sin påverking. Påverkinga tok fyrst og fremst form av eit nærvere, kringkastinga var ein skodeplass for identitetsdanninga på linje med skulen, familien, etc. Kringkastinga har vorte ein kulturell såvel som teknisk infrastruktur.

Kva var grovt sett dei vanlegaste sjangrane under høgmonopolet? Jo, praktiske, kvardagsnære, lærerike, dannande sjangrar. Det var meldingar om fiske, landbruk, børs, vêr, etc., det var andakter, foredrag, brevkurs og instruksjon i alt som kunne vera nyttig å vita. Og det var forsøksvis objektive og upolitiske nyheiter som skulle opplysa, men ikkje påverka. Utover dette var det ein del hyggeleg musikk.

Hovudsakleg bestod NRK-utsendinga altså av stoff folk umogleg kunne oppfatta som underhaldning, og som dei truleg sjeldan ynskte å oppleva. Dei var tvungne til å oppfatta norsk kringkasting som ei evig intellektuell øving, ei kjede av tungt stoff som krev konsentrasjon, med Radio Luxembourg som eit fristande alternativ. I tillegg kunne dei sjølvsagt skru merksemda heilt av, og lata apparatet dura som ein bakgrunn.

Det politiske dilemmaet

I monopoltida var ‘kringkastingen’ eit ord fylt av ærefrykt og hat. NRK vart sett og høyrt med argusauge og spissa øyrer i alle politiske leirar, i dei kristne miljø, blant nynorskrørsla, avhaldsfolket, skuleverket, etc. Sjølv i 50-åras etter sigande samansveisa politiske ålmente vart kringkastingssjefen omtala som den mest kritiserte mannen i Norge (Bastiansen og Syvertsen 1994: 123). Merksemda frå folk var altså streng. Den var vrangvillig, skeptisk, følsom, oppfarande, eksplosiv. Kringkastinga sitt største redaksjonelle dilemma er korleis dei skal takla dette alltid nærverande ideologiske aspektet ved menneskelivet.

Utifrå public service-idealet skulle programma vera upolitiske, for makta til radio og fjernsyn var så kolossal at ingen parti eller ideologiar måtte få kontrollen over den. Som resultat vart kringkastinga meiningslaus. Hans Fredrik Dahl skriv: Politikk var tabu i radio. Dette henger sammen med det generelle programpolitiske prinsipp i kringkastingens barndom om å unngå kontroversielle emner, dvs. emner som kunne føre den nye virksomheten inn i åpenbare spenningsfelter. Kringkastingen skulle ikke være kontroversiell. Den skulle bli akseptert, i videst mulige kretser og selvfølgelig også i de politiske (Dahl 1996: 36). Dahl skildrar haldninga til det private Kringkastingselskapet frå 20-talet, men tanken gjaldt i høgste grad også for NRK-monopolet. Utifrå ein premiss om at politiske spørsmål kan behandlast journalistisk utan stillingsstaking, vart nøytralitet og balansegang det fremste idealet for kringkastingsselskapa og NRK. Då utanrikskronikkane byrja i august 1927 skulle dei ifølgje Hallo!Hallo! sin introduksjon vera «helt objektive kommentarer uten spor av partitagen for den ene eller den anden deltager i det storpolitiske spil» (Halse 1998: 63).

Dette var ein håplaus ambisjon. Halse skriv at det ein i praksis gjorde var å behandla politiske spørsmål utan å kategorisera kronikkane som ‘politiske’. Det kom kronikkar som fremja kampen mot kommunisme og andre revolusjonære rørsler, det kom foredrag frå folk som openbert propaganderte for Nasjonal Samling. På slutten av 30-talet kom det talar frå statsminister Nygaardsvold som var så Arbeiderpartipolitiske som det er mogleg å få dei. I praksis kom politiske haldningar til uttrykk både direkte frå folk som deltok i programskapinga og indirekte gjennom påverking frå Stortinget. Naturlegvis gjorde det det!

Det finst alltid haldningar i kringkastinga, og på dette grunnlaget var den sterke og vedvarande kritikken av NRK nærmast for ei naturlov å rekna. NRK måtte akseptera at det alltid ville vera kritikk av programtilbodet, og spesielt når selskapet slapp til meiningar som mange ikkje kunne akseptera. Slik lyder konklusjonen på ein instruks frå programleiinga i 1929: «& den eneste løsning på den uløslige kombinasjon er at programledelsen tar det hensyn til kritikken som den finner at den bør ta. Men heller ikke mer» (Halse 1998: 66).

Subjektivt skjønn vert frå fyrste stund erkjent som ein heilt nødvendig faktor i kringkastingsjournalistikken. Sjølv om bindande regelverk om programføremålet, strenge journalistiske normer for innhaldet og ei stadig gransking av den politiske nøytraliteten er krefter som skal halda det personlege initiativet nede, er det samstundes slik at personleg dømmekraft er den sterkaste krafta i journalistikken.

Altså har kringkastinga aldri vore nøytral i noka tyding av ordet, og vil aldri koma til å verta det heller. Monopol-kringkastinga vart meiningslaus fordi den sa den var utan meiningar, men gav oss meiningar heile tida.

Kven har makta?

I vår samtid anstrenger kringkastarane seg for å ha profil og retning på noko som er svært lite ideologisk. I monopolalderen anstrengte dei seg for ikkje å profilera noko som var ytterst ideologisk. I begge tilfella kan me alle erkjenna nettopp dette.

Kva påverkingsmakt ligg i den sentralstyrte kringkastinga? Standardsvaret er at den har veldig stor makt, særleg på lang sikt. Det svaret eg vil antyda gjev kringkastinga mindre makt. Problemet er at når du seier at nokon har mykje makt, føreset du samtidig at makta kan brukast på nokon som har lite av den. Ingenting tyder på at publikum svelgjer rått det dei får servert i kringkastinga. Ingenting tyder på at me føler oss svake når me står overfor fjernsynsapparatet, eller når Per Ståle Lønning regjerer på lufta. Dersom mediene har stor makt, er det fordi publikumma deira har endå større makt.

Eg vil utdjupa dette ved å skilja mellom to henvendingsformer; den bydande og den bedande (I retorikken vert dei kalla koersiv og rogativ henvending). Heilt generelt handlar journalistikk om å laga utdrag frå og kommentera verkelegheita. Journalistar monterer opptaka saman til ein verkelegheitsversjon som vert offentleg idet den går på lufta. Den kringkasta forståinga av verda kokar ned til stoffet stasjonane offentleggjer på sine frekvensar. I monopoltida måtte folk svelga denne versjonen same korleis han smakte, no kan folk velja sin favorittsmak.

Rettare; i monopoltida trengte dei ikkje ta omsyn til publikum for å halda hjula i gang, og kunne difor seia akkurat det styresmaktene bestemte. Henvendinga var paternalistisk, viljesterk, beordrande i tonen. Folk vart beordra utan heimel. Mange vart uviljuge, fornærma motstandarar. I konkurransealderen må stasjonane oppfordra oss om å sjå på deira program, dei må innynda og frista og tigga. Me vert smigra. I denne endringa finst det kanskje eit argument for at folk har fått meir makt i forhold til kringkastinga, men eg trur det som har skjedd er at maktforholdet har vorte meir synleg. I realiteten har publikum hatt kontrollen heile tida.

Finst det då ikkje noko meir innhald i kringkastinga enn det den enkelte er i humør til å putta inn? Noko som er autentisk, truverdig, til å stola på? Dersom den sentralstyrte kringkastinga ikkje kan styra vår forståing, kan den då formidla noko som helst sant og ekte?

Eg vil antyda eit svar: Personane er autentiske. Dei levande menneskekroppane som faktisk ytrar stoffet i kringkastinga er både formgjevar og viktigaste innhaldskategori. Dei har eit sjikt som er seg sjølv likt heile tida. Dei temperamentsfulle, haldningsstyrte og idiosynkratiske enkeltmenneska som til eikvar tid praktiserer kringkastinga er til å stola på. Me kan nemleg stola på at dei er som alle andre menneske, og berre framfører alt alvoret og all underhaldninga som sentralstyringa krev. Me kan sjå gjennom rituala, og då ser me menneske som enten føyer seg inn under konvensjonane eller driv dei til endring.

I mi fortolking betyr dette at kringkasting djupast sett er eit subjektivt medium, nærare bestemt personleg og kroppsleg basert (jamfør Nyre 1997). Det føregjev å vera eit stabilt samfunnsfenomen, men er like nervebasert som folk sitt daglegliv elles. Det rådande settet av reglar og normer er slik sett eit kontrollregime med mål om å begrensa den personlege kreativiteten og verkelysta til å uttrykka det som er politisk passande, økonomisk opportunt og sosialt akseptabelt. Slike regime vil aldri vera meir enn ein guide for journalistisk åtferd og ein guide for publikum si orientering i samfunnet.

Den avslørande dynamikken mellom menneska i kringkastinga og menneska heime er vår vår sikkerheit for at den journalistiske retorikken ikkje styrer oss. Kreativ utvikling kjem frå journalistar som er kjenslevare nok til å merka våre strenge blikk. Det vil alltid finnast ei rekkje sterke personlegdomar som bryt reglane fordi dei føler seg avslørt av publikum, og etablerer nye reglar med andre grenser som nokon vil koma til å bryta av same grunn.

Liksom-spontaniteten i 90-åra

Kva samspel vert det lagt opp til i vår tid? Eg har alt antyda at henvendinga er oppfordrande. Kampen er hard, midla for å skapa merksemd må vera effektive. Den redaksjonelle romslegheita vert mindre fordi alt må vera fortare ferdig fordi det vert laga så mykje meir stoff enn før. Spekteret av tilnærmingsmåtar vert mindre, og journalistikkfaget vert meir og meir eit handverk.

Grovt sagt kan ein seia at journalistane må spela eindimensjonale. Det har kome ei endringa frå vekt på innhald/sak/overtyding til vekt på uttrykk/personlegdom/underhaldning, frå sakleg truverde og tale til image og snakkejazz.

Me kjenner alle den vennlege og nesten kvalme intimiteten i notidas kringkasting. Eg kallar den liksom-spontanitet fordi det ofte er åpenbart at journalistane ikkje eigentleg er så blide og tjomslege som dei prøver å vera. Dette er ei journalistisk åtferd som står i nær samanheng med kommersialiseringa fordi det no er ‘kunden’ som har makta, for han kan skifta merksemd ved å skifta kanal. Overgangen til denne henvendingsstilen har tatt lang tid. Ingolf Håkon Teigene har umerkeleg endra seg frå ein som smiler breidt av og til, til ein som smiler stivt og ivrig heile tida.

Tredve kanalar til dagleg

Kvar kjem liksom-spontaniteten og den nye henvendinga frå? Sjølvsagt frå reklamefjernsynet sin marknadsideologi. Liberaliseringa av kringkastinga frå 1981 gjer at mediesituasjonen i Noreg lenge har likna på den i resten av Europa, USA og andre vestleg-kapitalistiske land. Me har flow på fjernsyn, me zappar mellom minst tre-fire kanalar.

Jostein Gripsrud er ein av dei som ikkje automatisk meiner at kreftene som var involvert i kommersialiseringa var onde og egoistiske og intellektuelt skadelege (Gripsrud 1995). Han snakkar om ein populær revolusjon i norske medier og norsk kulturliv, ein siger for folk flest sin smak. Han set fram den hissige Dynasti-debatten i 1983-84 som sjølve klimakset: For eller imot at amerikansk massekultur skal få invadera norsk fjernsyn. Mange følte at dei endeleg fekk TV-seriar og underhalding som var kjekke å sjå på. Dei følte at kringkastinga føya seg etter deira smak, snarare enn å tvinga seg på. Folk fekk videomaskiner, kabeldistribusjon og satelittfjernsyn. For fyrste gong vart heimen og fjernsynsapparatet opna for reell innhaldsmessig valfridom. Folk kunne sjå porno om dei ville.

Kontrollrommet flytta altså inn i heimen. Publikum sitt nye handlingsrom deltok i å vri engasjementet bort frå rolla som politiske borgarar i nasjonalstaten Noreg til ei rolle som konsumentar i ei marknadsliberal og internasjonalisert (evt. angloamerikanisert) verd. Gripsrud understrekar at dei nye bransjane handlar om meir enn den amerikanske kulturimperialismen sitt inntog på nye marknadar, dei er rasjonelt fundert i kunnskap om kva folk ville hatt dersom dei fekk tilbodet: meir populærunderhaldning, 24-timars service, eit breiare spektrum av programmateriale til eikvar tid, etc (Gripsrud 1995: 81).

Dersom slike faktorar vert kobla med fascinasjonen for utlandet, det som er annleis og meir eksotisk, gjerne meir dekadent enn det trauste norske, byrjar svaret på den populære revolusjonen å gje seg. Den er ein siger for det fascinerande, det ikkje-heilt-verkelege, det som er utanfor dagleglivet. Ikkje berre den bedriftsmessige kapitalen endrar flyt, den danningsmessige og kulturelle kapitalen kjem i endring frå opplysnings- til underhaldningsprofil. Det skjer ein mentalitetsrevolusjon i kringkastinga. Eg vil advara mot å oppfatta dette som dokumentasjon for at dei same mentalitetane finst i publikum.

Leiken styrer innhaldet

Det som har skjedd er at kringkastarane driv profesjonell henvending. Måten å forsøka å engasjera folk på har flytta seg frå hovudet til kroppen, frå logikk og resonnement til kjensler og identitet. Henvendinga ber eit visst preg av minste felles mulitiplum, det vil seia at dei den er preglaus nok til å kunna aksepterast av mange.

Den sikraste måten å engasjera folk på er gjennom leik og konkurranse og historiar. Det har utvikla seg ein ny ideologi i kringkastinga: folk fortener å mora seg, fortener å få friminutt frå kvardagen. Konkurransen står om å skapa det mest attraktive friminuttet. Sjølv nyheiter kan presenterast gjennom leik, tenk berre på debattprogramma. Sportssjangeren er det fremste eksempelet på kor framtredande leiken har blitt i 1990-åras fjernsyn. Dette er brød og sirkus i nittitalsversjonen.

Roger Silverstone skriv om det leikande rommet i kommunikasjonen, som han kallar området for emosjonell sanning og verkelegheitsflukt (Silverstone 1996: 89). Leik er eit vesenstrekk ved det å vera menneskeleg. Den er ein frivillig aktivitet, og vil såleis ikkje kunna vera særleg autoritativ. Me er berre med på leiken dersom me kan reglane og har lyst å spela, så det hjelper ikkje å tvinga oss. Leik er ikkje det vanlege kvardagslivet, den er mykje tryggare. Den inneber å trø inn i ein aktivitetssfære som er begrensa, som har ei viss varigheit, og ein viss orden gjennom eit sett av reglar som fortel kva som gjeld i denne leikeverda. Leik er ein suspension of disbelief som fjernsynet avheng fullstendig av.

Ein vellukka leik inneber engasjement frå heimen til skjermen, istadenfor engasjement frå studio til sjåaren. Leiken skapar ikkje eit irritert og opprørt ideologisk engasjementet, den skapar spenninga under lottotrekninga og sorgen over at Brann tapte. Leiken oppnår ei grad av positivt engasjement som alvoret aldri kan få til. Sendeflatene er i stor grad fylte med ei leikande henvending, rett og slett fordi det er den mest elegante måten å oppfordra folk på. Den er ikkje tiggande, den er kvikk, assosiasjonsrik, tullete og ofte intrikat. Leiken er folk sin største siger over kringkastinga, og det veit kringkastarane å utnytta.

Evigheitsmaskina

Mitt resonnement knakar nok i samanføyingane her og der, men står på eit solid fundament, nemleg påstanden om at kringkastingsstasjonane er veldig sentralstyrte og folk si ideologiske merksemd om kringkastinga veldig lite sentralstyrt. Eg argumenterer for at i Noreg har den stadig aukande teknologiske og redaksjonelle sentraliseringa gått hand i hand med ei frigjering av publikum si merksemd gjennom leiken.

Eg er ikkje sikker på kor stor verdi slik frisetjing har. Var forholdet mellom kringkastinga og folket kanskje betre før underhaldningssamfunnet vaks fram? Var dei gode, gamle dagane faktisk gode? Neppe. I monopoltida var det så sterke samfunnsmessige og private interessemotsetningar at det åleine avkreftar eikvar forestilling om sosialdemokratisk harmoni og felles glede over monopolet si makt. Folk er alltid frustrerte. Nervesystemet er alltid i ubalanse. Den einaste forskjellen mellom før og no er at i 1998 står kampen mellom kommersiell, vekstbasert drift og kritikk av det låge kulturelle nivået, før stod den mellom utilfredsstilt folkeleg smak og høgkulturell kontroll over innhaldet. Verdiane som vert representert i konflikta er dei same. Før var det høgkulturen som styrte, no er det populærkulturen.

Mi store sorg er at marknaden har så hardt grep på produksjonen i kringkastinga. Marknaden er alltid den sterkaste strukturen i fjernsynsuniverset, og sjølv utan krav om profitt er det vanskeleg å formulera ei alternativ organisering som kan brødfø dei tilsette. Kanskje det må vera slik i all framtid, for monopolet kan ikkje koma tilbake.

Litteraturliste

Bastiansen, Henrik og Syvertsen, Trine (1994) «Towards a Norwegian Television History» i Nordic Television. History, Politics, Aesthetics, København: Sekvens.
Dahl, Hans Fredrik (1996) NRK i krig og fred, Oslo: Universitetsforlaget.
Gripsrud, Jostein (1995) The Dynasty Years, London: Routledge.
Halse, Ketil (1998) Radiojournalistikk mellom teknikk og politikk, Volda: Møreforsking.
Nyre, Lars (1997) Radioen og det lydlege, Bergen: Institutt for medievitskap sin rapportserie.
Silverstone, Roger (1996) «Rhetoric, Play, Performance» i Media and Knowledge. The Role of Television, Bergen: KULT-programmet.
Williams, Raymond (1975) Television. Technology and Cultural Form, London: Routledge.