Til toppen

Fjernsyn: det personlege mediet


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


På 1960-talet laga den kanadiske medieforskaren Marshall McLuhan stor furore ved å omfavna fjernsynet som ein heilt naturleg del av den sosiale og sanselege omgjevnaden. Han meinte at fjernsynets lydar og levande bilete skapte eit spesielt sterkt personleg engasjement hjå publikum. Det dreier seg om at andlet, kroppar og stemmer er utgangspunktet for kommunikasjonen, og ikkje for eksempel skrift på papir. Då blir det meir intenst. Å sjå på TV i den elektroniske alderen er som å dansa rundt leirbålet i steinalderen, seier McLuhan. På 2000-talet er fjernsynet sitt særpreg som eit intimt og personleg medium tydelegare enn nokonsinne før.

McLuhan var den fyrste ekte medievitaren, og vart ikkje tatt heilt på alvor. Også i vår tid er det fordommar mot medievitarar.     Sissel Benneche Osvold omtalte i si tid medievitarar som ’såkalte forskere’. Journalist Håkon Gundersen i Morgenbladet skreiv ei nidvise med tittelen ’Mikke Mus-faget’ som enno får den akademiske offentlegheita til å humra i skjegget (31.08.08). Gundersen skapar inntrykk av at medievitarane er forblinda av dei flotte teknologiane, og rapporterer begeistra om den minste sosiale bevegelse. Medievitarane ser på TV og kallar det forsking. Alt er så gøy, synest den fjollete liksomforskaren!

Slik sett ligg lista høgt. Me må bevisa ekstra tydeleg at me ikkje er fjollete. Så kva er eigentleg medievitskap? Det finst ein enkel og inkluderande definisjon; nemleg at me forskar på det som har med medier å gjera. Psykologi studerer jo det som har med psyken å gjera, og sosiologi studerer sosiale krefter mellom menneske, og litteraturvitskap studerer ganske liketil litteratur. I 2009 har vårt fag ein tydeleg meny av metodar og teoriar som har blitt bygd opp gjennom fleire tiårs forsking på norske og  internasjonale medieforhold.

For vår del trengst det inga aktuell hending for å bringa fjernsynet på bane. Vår akademiske friheit tillet oss for eksempel å feira fjernsynets 49-årsjubileum i Norge viss me vil; eller at det er 37 år sidan NRK gjekk over til fargar. Det trengst ingen unnskyldning for å diskutera TV-mediet. Det står i ei særstilling samanlikna med andre medier. Det er svært utbreidd i folkesetnaden, både i timar sett pr dag og i alle aldersklassar. TV-faget har høg status i medieindustrien. Kjendiseri og trendar blir i stor grad styrt av opptreden i tv-program, for eksempel Skavlan og God Kveld Norge. Fjernsynssjåaren har mange sendeplattformar å velja mellom: kringkasting, satellitt, kabel, internett, mobil. Dette er viktige ting, men det er likevel ting eg ikkje skal snakka om.

Eg er meir filosofisk interessert, og vil prøva å peika ut det som den engelske medieforskaren Paddy Scannell har kalla fjernsynets ontologi. Kva skjer når du skrur på TV-apparatet, spør han. Jo, du koblar deg på eit gigantisk ståande reservoar av audiovisuelle program laga etter alle kunstens reglar. Dei er laga for å fanga merksemda di, og både lydar og levande bilete eignar seg godt til dette formålet.

Når det gjeld fjernsynets fascinasjonskraft er det naturleg å knyta an til McLuhan igjen. ”The medium is the message”, sa han. Måten mediet fungerer på, er det eigentlege innhaldet i mediet. Her følgjer eg opp McLuhan, og deler fjernsynet sin grunnleggande virkemåte i tre. Det dreier seg om 1) dokumentarisk autoritet, 2) liveness og 3) personfokus. Det er ikkje eigentleg tre forskjellige ting her, for dei er aspekt ved det same fenomenet, men for formidlinga si skuld deler eg dei i tre.

Figur 2: New York, 11. september 2001.

Viss du ser det med dine eigne augo, så veit du at det er sant. TV utnyttar vår instinktive tendensen til å tru på augo våre, for denne tendensen vert jo ikkje skrudd av når me skrur på TV. Då Twin Towers blei angrepne med passasjerfly 11. september 2001 blei hendingane filma med tusenvis av kamera, og det skal mykje til for å tvila på at dette har skjedd. Koblinga frå kamera til kontrollrom til sendetårn til mottakarapparat er eit effektivt maskineri for å skapa verkelegheitseffektar.

Figur 3: Månelandinga, juli 1969

Har dette skjedd? Konspirasjonsteoriane er mange, men for det store fleirtalet av folk som følgte med i 1969 er månelandinga innlysande verkeleg, og ei stor teknologisk bragd.

Månelandinga og 11. september viser at lyd og levande bilete har tung autoritet som representasjon av verkelegheita. Eit bilete seier meir enn tusen ord. Mikrofonar og kamera gjenskapar den romlege arkitekturen som folk kjenner igjen frå sine eigne liv. Offentlege hendingar frå Storting og sportsarenaer og studio vert gjengitt med fotografisk og mikrofonisk nøyaktigheit. Innføringa av fargefjernsyn i 1972 var forøvrig ei stor forbetring av den dokumentariske autoriteten til fjernsynet.

Fjernsynet har høg truverdigheit som formidlar av hendingar, og denne effekten fungerer uavhengig av om temaet er viktig eller ikkje. Fjernsynet set dagsorden på så mange slags måtar, og sjølv om fjernsynet kanskje ikkje er viktig så er det utruleg verkeleg.

Figur 4: Vebjørn Rodal, 1996.

Det andre særtrekket eg vil snakka om, er liveness. Medievitaren Anders Johansen omtalar liveness som kjensla av at dette skjer akkurat no, ein annan stad. 800-meteren i Atlanta gjekk live på radio og fjernsyn, og gjorde sterkt inntrykk på nordmenn. Spenninga steig gjennom løpet, og med ein fantastisk avslutning kom Rodal først over målstreken. Utruleg! Eit klassisk live-øyeblikk sit som spikra i hukommelsen til sportsinteresserte folk. Slike direkteoverføringar blir også brukt i nyheiter og kultur, og dei engasjerer lett forventning, nysgjerrigheit og vitebegjær.

Men sjølvsagt treng ikkje sendinga gå live for å vera engasjerande. Me let oss for eksempel engasjera av TV-opptak med folk som for lengst er daude, for eksempel Alf Prøysen. Han syng og spelar berre me trykkjer på ein knapp.

Figur 5: Familie ser på TV, 1960-talet.

Noko av attraksjonen er at desse lydane og bilete er inne i folk sine heimar. Radio og fjernsyn er privatlivsmedier de luxe. Fjernsynet har frå fyrste stund hatt ei samlivsorientert rolle i folk sine liv. Historia byrjar med radio. Fram til rundt 1925 måtte lyttarane høyra radio i høyretelefonar (på krystallapparatet), men med elektronisk forsterking kunne lyden sendast ut i høgtalarar. Slik vart programma åpna opp for  ein meir sosial omgang. Istadenfor å sitja isolerte på kvar sin stol kunne folk lytta saman, og aktivisera seg meir saman. Det vart danseprogram, trim for eldre og barnetime med aktivisering, gudskjelovkveld og laurdagskos i de tusen hjem. Alf Prøysen gjekk inn i ein 30-40 år lang tradisjon for sosial bruk av kringkasting då han kom på TV på 1960-talet. Dette er ein viktig dimensjon ved liveness som ikkje føreset at programmet går ut på direkten.

Den sosialt omsluttande følelsen kan dyrkast strategisk av produsentane. Eit talkshow med publikum og hujing i salen skapar ein så sterk følelse av liveness at det ikkje betyr noko om det vert sendt nokre timar eller dagar etter opptak.

Figur 6: Skavlan, 2009.

Produsentar og journalistar kan bruka liveness-effektar med vilje, på ein gjennomtenkt retorisk måte. Fredrik Skavlan styrer ein energisk og framoverlent samtale med sine gjester. Eit anna eksempel er at tv-produsentar kan arrangera stress og stor spenning for deltakarane i eit realityprogram. Dei får lite mat og dårleg søvn, og blir kasta ut i konfliktar. Alt dette følest veldig live og truverdig sjølv om det vart spelt inn for mange månader sidan. Sjåarar får sterke sosiale sympatiar og antipatiar på grunn av slike liveness-effektar.

Det tredje særtrekket eg vil dra fram er personfokus. Fjernsynet kommuniserer ved hjelp av personar som formidlar bodskapar i ansikt, kroppar og ord. Alt må seiast av stemmer som er prega av alder, kjønn, landsdel og utdanning. Nervøsitet og usikkerheit kan også høyrast. Stemma er lyden av kroppen, seier Anders Johansen. Det har utvikla seg eit offentleg rollespel der TV-folk brukar sin eigen personlegdom som eit retorisk verkemiddel, enten dei er reporterar, programleiarar eller underholdarar.

Figur 7: Rolf Kirkvaag, 1960.

Etter andre verdskrig gav USA Marshall-hjelp til mange land i Europa. Amerikansk kultur byrja å dominera også i norsk kringkasting. I program som ”Det spørs” og ”20 spørsmål” blei Rolf Kirkvaag kjendis i Norge, og med han kom det sjølvspelet til syne for alvor. Sjølvspel er eit begrep som medievitaren Espen Ytreberg har laga, og det viser til ei iscenesetjing av seg sjølv istadenfor ein meir formell rolle, slik som i teateret eller rettsalen. Rolf Kirkvaag var avslappa og beleven, han flørta lett med damene og var litt som ein amerikansk Las Vegas-crooner. Han oppførte seg heilt annleis enn Erik Bye, som var følsom og forståelsesfull og djup og kultivert. I den tidlege TV-alderen var det ingen tvil om forskjellen mellom privatliv og offentleg sjølvspel, men dette har endra seg det siste tiåret.

Figur 8: Davy Wathne.

Nokon har hatt kamera på seg i fleire tiår, og Davy Wathne er så vant til å snakka på fjernsyn at han knapt nok skil mellom privatliv og offentleg framtoning. På TV2 sitt sladderprogram God Kveld Norge laurdag 19. september sette han ny norsk rekord i betroelsar frå privatlivet. Dei fleste av oss ville ikkje ha uttalt seg til riksdekkande tv om bitre barn og skilsmisser. I internasjonal kjendissamanheng er dette imidlertid standard vare. Mykje heftigare innrømmelsar har kome frå Britney Spears og Paris Hilton.

Me er på veg inn i eit brutalt ærleg TV-opptak, på linje med det verste i utlandet. ”Mitt levesett, min måte å jobbe på, min måte å innrette livet mitt på er antagelig så belastende at det ville være vanskelig for en kvinne å holde ut med det, eller føle seg viktig eller betydningsfull. Eg har på en måte tatt konsekvensen av det og valgt å leve for meg sjølv og døtrene mine”.

Davy gir oss så ei eigenevaluering. ”Hvis du då er på en måte en pest og en plage for dine nærmeste, de som du burde være en ressurs og en glede for, så håper eg de bare holder en pute over åndedrettsorganene mine til eg ikkje puster lenger, så det ikkje er sånn – åh eg skulle besøkt pappa – en sånn kilde til dårlig samvittighet, det har eg ikkje lyst å vere”.

Dette ville Rolf Kirkvaag i høgda sagt til ein kamerat over eit glas øl, men Davy seier det til sine venner i God Kveld Norge. Verkemidla har blitt sterkare, og me tenkjer knapt over kor mykje av privatlivet som utspelar seg i fjernsynsoffentlegheita. Moralisten i meg seier at dette er pinleg, at det ikkje høver seg for ein mann med to voksne døtre å snakka slik offentleg. Han skjemmer ut familien. Samstundes må eg seia at Davyen sitt sjølvspel er heilt typisk for kommersielt fjernsyn.

Figur 9: Marshall McLuhan.

No går eg tilbake til start. ”The medium is the message”, sa McLuhan. Måten mediet fungerer på, er det eigentlege innhaldet i mediet. Eg har påståttt at fjernsynet så lett tiltrekker seg merksemda vår, både visuelt, lydleg og sosialt. Fjernsynet skapar ein verkelegheitseffekt, eller menneska skapar den ved hjelp av fjernsynet.

Eg har prøvd å beskriva tre grunntrekk, som folk burde vera klar over, slik at dei kan gjennomskua nokon av triksa i bransjen. Eg synest forskarane bør gjera borgarane meir bevisste på korleis ulike medier faktisk fungerer. Det gjev eit betre grunnlag for kritiske vurderingar, og kritikken får større kraft. No er det like før eg gjev frå meg ordet.

Elise Seip Tønnessen snakkar fyrst i dag, og tittelen er «Barn, unge og TV: fra tolkningsutfordring til underholdning og identitetsmarkør». Ho meiner den offentlige samtalen ser ut til å stilla heilt andre spørsmål til forsking på barn og medier enn til medieforskninga ellers. Det kan virka som bevilgande myndigheiter gjerne vil ha ein viss andel «bekymringsforskning». Seip Tønnessen meiner at viktige fenomen i mediekulturen med fordel kan utforskast blant barn og unge, fordi endringane kjem raskt og blir ekstra tydelige i denne aldersgruppa.

Trine Syvertsen har eit liberalt syn på fjernsynet, og deler Tønnessen si oppfatning av at forsking på fjernsyn ofte er forutinntatt. Hennar foredrag heiter «TV – en stor ressurs i hverdagslivet». Sjølv om mange framleis ser på TV-mediet med bekymring, og fryktar at det fremjer sløvskap og forenkling, så viser dei fleste empiriske undersøkingane at tv er ein stor ressurs. Ikkje minst har TV stor betydning for eldre menneske, og dette vil Syvertsen ta for seg.

Toril Aalberg forskar på mediene si rolle for den offentlege åtferda til stortingsrepresentantar. Dagens foredrag heiter ”Politikere og TV: Medievridde menn og kritiske kvinner på Stortinget”. Aalberg fann ut at mannlege representantar har hyppigare kontakt med journalistar enn sine kvinnelige kollegaer, og mennene har i større grad tilpassa seg mediene sin logikk. Kvinnene synest å vera meir kritiske til krava som vert stilt for å få oppmerksomhet i mediene. Ho vil presentera dei viktigaste funna frå undersøkinga, med spesiell vekt på fjernsynets rolle.

Då gjev eg ordet til Elise Seip Tønnessen.