Til toppen

Framtidas mediestøtte


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Sats på ein kombinasjon av konserverande støtte til papiraviser og etablerande støtte til mobile digitalmedier!

I inn­leg­get ”Gi avi­sene slutt­pakke” i E24 og Vox Pub­lica 15. april viser Erling Dokk Holm kor flink han er til å ta tren­den på pul­sen. Han skriv: ”Det er ingen dris­tig spå­dom å anta at en rekke papir­avi­ser i løpet av de neste 3 årene vil måtte gi opp papir­ut­ga­ven, og i løpet av 10 år er det neppe en eneste papir­avis igjen i den vest­lige verden.”

Dokk Holm er ein ivrig apos­tel for mak­si­mal bruk av lese­brett, sosiale medier, mobil­te­le­fon og alt anna som er digi­talt. Hans spå­dom pas­sar inn i den utvik­lings­linja som vert pre­sen­tert av libe­rale press­grup­per, der Apple-entusiastar, medie- og tek­no­logi­kom­men­ta­to­rar og elektronikk- og data­in­du­strien står sterkt. Ja, spå­dom­men om papir­avi­sas død pas­sar så godt inn i sam­tida at skule­ele­var skriv det same i sti­lane sine, og dei får pluss i mar­gen hvis dei som Dokk Holm legg til at kri­tisk jour­na­lis­tikk må bevarast.

Ein spå­dom om sam­funns­ut­vik­linga er ikkje nøy­tral, den er djupt politisk.

Dokk Holm spår om fram­tida etter ein kjent metode. Det gjeld å finna eit domi­ne­rande utvik­lings­trekk i sam­tida, og så ten­kja seg at dette blir dobla eller tri­pla etter­kvart som åra går. I nokon til­felle er det svært sann­syn­leg at du vil treffa blin­ken, slik som i spå­dom­mar om at det pri­vate kon­su­met vil auka i takt med det aukande vel­stands­ni­vået, eller at kost­na­dane til helse­te­nes­ter vil auka så lenge talet på eldre men­neske aukar. Sidan papir­avi­sene har hatt opp­lags­fall og inn­tekts­svikt i mange år, så går det fint an å ten­kja seg at det til slutt ikkje vil vera ei ein­aste papir­avis igjen i den vest­lege verda.

Det kan sjå ut som Dokk Holm der­med pre­sen­te­rer ei inn­ly­sande san­ning, og at alle som pro­te­ste­rer er bak­stre­verske nos­tal­gi­ka­rar som ikkje er i pakt med si eiga tid. Men ein spå­dom om sam­funns­ut­vik­linga er ikkje nøy­tral, den er djupt poli­tisk. Dokk Holm sin spå­dom føre­set at ingen vil kunna ynskja ei anna utvik­ling enn den som er mest sann­syn­leg akku­rat no. Spå­dom­men hans er grunn­leg­gande prega av at dei mark­nads­me­ka­nis­mane som utvik­lar seg på lese­bret­tet og inter­net­tet er gode, og at dei må få råda fritt når dei berre har etab­lert seg ordent­leg. Han skriv at det burde vera moge­leg å akse­le­rera utvik­linga i ret­ning av lese­brett­bruk. ”Gi alle avi­sene som i dag får denne sub­si­dien en engangs­ut­be­ta­ling på tre års presse­støtte. Slik vil de få et sterkt insi­ta­ment for å bevege seg raskt over i den nye til­væ­rel­sen”. Dette er vakre ord i øyrene til Steve Jobs.

Eg vil koma med ein spå­dom som ikkje tek for gitt at ”den nye til­væ­rel­sen” er lese­bret­tet. Og ista­den­for å snakka breitt og ansvars­frå­skri­vande om alle medier, slik Dokk Holm gjer, vil eg snakka om lokale medier. Kva bør gje­rast med presse­støtta der­som føre­må­let er å bevara livs­kraf­tige jour­na­lis­tiske kom­mu­ni­ka­sjons­for­mer i bygde-Norge?

Det vil vera fram­tids­retta å bruka presse­støtta til å sub­si­diera ei papir­avis i ein­kvar by, bygdeby og småstad.

Fyrste del av spå­do­men min er kon­ser­ve­rande. Papir­avi­ser har ein kom­mu­ni­ka­tiv kva­li­tet i sin eigen rett, og den er knytt til faste dagar for utgje­ving, dis­tri­bu­sjon til kios­kar, butik­kar, sjuke­hus, eldre­sen­ter, etc. og til sjølve lese­opp­le­vinga ved eit bord og på eit kne på rute­bil­sta­sjo­nen. Reint este­tisk har også papir­avi­sene kva­li­te­tar knytt til skrift­stor­leik, bilete og lay­out på sida som fun­ge­rer godt til for­mid­ling av nyheits­sa­ker. Der­som presse­støtta vert inn­retta på å beskytta denne kom­mu­ni­ka­sjons­forma mot øko­no­misk fal­litt, vil den fram­leis ha ei vik­tig rolle i lokale offent­leg­hei­ter om ti år. Funk­sjo­nen som dags­or­dens­etjar, iden­ti­tets­mar­kør og meir eller mindre kon­tro­ver­si­ell aktør i kom­mune­po­li­tik­ken vil då tru­leg vera endå ster­kare enn no. I ein tids­al­der prega av smart-telefonar, lap­top og lese­brett vil det vera fram­tids­retta å bruka presse­støtta til å sub­si­diera ei papir­avis i ein­kvar by, bygdeby og små­stad. Det vil seia at presse­støtta på eit område bør fun­gera akku­rat som no.

Andre del av spå­do­men er etab­le­rande. Det trengst nye digi­tale aktø­rar i det lokale medie­land­ska­pet, og presse­støtta kan inn­ret­tast på å sti­mu­lera tek­niske og jour­na­lis­tiske tenes­ter laga for bær­bare data­ma­ski­ner, mobil­te­le­fonar og lese­brett. Til dømes er det mykje som tyder på at lokal­jour­na­lis­tikk med for­del kan lagast for bru­ka­rar med GPS-utrusta mobil­te­le­fon. Fors­kings­pro­sjek­tet ”Loka­nytt” ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen og Høg­sku­len i Volda har i fleire år utforska mulig­hei­tane for slik lokal­jour­na­lis­tikk, og me har testa den ut empi­risk i Ber­gen, Volda og Voss (sjå www.demostasjon.no).

Utvik­linga av nye medie­løy­sin­gar må foregå i form av empi­riske utprøvingar.

Bru­ka­ren beve­ger seg gjen­nom lokal­mil­jøet, og får ser­vert nyhei­ter som er direkte rele­vant for den plas­sen ho er på til eik­var tid. Sakene er knytt for eksem­pel til eit gate­hjørne der eit over­fall skjedde, ei bru der regu­le­rings­pla­nen enno er under dis­ku­sjon, eller eit jorde der det føre­går arkeo­lo­giske under­sø­kin­gar. Slik lokal­jour­na­lis­tikk vil gjera inn­byg­ga­rane meir sen­si­tive for sam­funns­re­le­vante trekk ved sta­der dei beve­ger seg gjen­nom til kvar­dags, og infor­mera om ting som har skjedd eller skal skje akku­rat der dei fer­dast. Tra­di­sjo­nelle nyheits­sa­ker kan også pre­sen­te­rast i dette grensesnittet.

Lokanytt-prototypen har det same pro­ble­met som dei fleste andre digi­tale ini­tia­tiv: det er dyrt å pro­du­sera kva­li­tets­inn­hald, og inn­tekts­mu­lig­hei­tane er små. Det trengst ein ordent­leg redak­sjon med vakt­sje­far, jour­na­lis­tar og foto­gra­far, sam­stun­des som pub­li­kum vil for­venta at det heile er gra­tis til­gjen­ge­leg. Men Loka­nytt er i det minste eit kon­kret, inn­halds­ori­en­tert sce­na­rio som har poten­siale for vel­plas­serte annon­ser og even­tu­elt ei abon­ne­ments­ord­ning, der­som det vert for­søkt rea­li­sert. Dess­utan illust­re­rer det at utvik­linga av nye medie­løy­sin­gar må foregå i form av empi­riske utprø­vin­gar både på uni­ver­si­tet og høg­sku­lar og i pri­vat sektor.

Kort opp­sum­mert spår eg at norske byg­der og små­byar fram­leis har ein livs­kraf­tig lokal medie­øko­logi om ti år der­som Stor­tin­get ved­tek å satsa på ein kom­bi­na­sjon av kon­ser­ve­rande støtte til papir­avi­ser og etab­le­rande støtte til mobile, loka­sjons­ori­en­terte medier. Det ver­ste som kan skje er at Erling Dokk Holm får gjen­nom­slag for tan­ken om ein­si­dig støtte til digi­tale løysingar.