Framtidas mediestøtte
Sats på ein kombinasjon av konserverande støtte til papiraviser og etablerande støtte til mobile digitalmedier!
I innlegget ”Gi avisene sluttpakke” i E24 og Vox Publica 15. april viser Erling Dokk Holm kor flink han er til å ta trenden på pulsen. Han skriv: ”Det er ingen dristig spådom å anta at en rekke papiraviser i løpet av de neste 3 årene vil måtte gi opp papirutgaven, og i løpet av 10 år er det neppe en eneste papiravis igjen i den vestlige verden.”
Dokk Holm er ein ivrig apostel for maksimal bruk av lesebrett, sosiale medier, mobiltelefon og alt anna som er digitalt. Hans spådom passar inn i den utviklingslinja som vert presentert av liberale pressgrupper, der Apple-entusiastar, medie- og teknologikommentatorar og elektronikk- og dataindustrien står sterkt. Ja, spådommen om papiravisas død passar så godt inn i samtida at skuleelevar skriv det same i stilane sine, og dei får pluss i margen hvis dei som Dokk Holm legg til at kritisk journalistikk må bevarast.
Ein spådom om samfunnsutviklinga er ikkje nøytral, den er djupt politisk.
Dokk Holm spår om framtida etter ein kjent metode. Det gjeld å finna eit dominerande utviklingstrekk i samtida, og så tenkja seg at dette blir dobla eller tripla etterkvart som åra går. I nokon tilfelle er det svært sannsynleg at du vil treffa blinken, slik som i spådommar om at det private konsumet vil auka i takt med det aukande velstandsnivået, eller at kostnadane til helsetenester vil auka så lenge talet på eldre menneske aukar. Sidan papiravisene har hatt opplagsfall og inntektssvikt i mange år, så går det fint an å tenkja seg at det til slutt ikkje vil vera ei einaste papiravis igjen i den vestlege verda.
Det kan sjå ut som Dokk Holm dermed presenterer ei innlysande sanning, og at alle som protesterer er bakstreverske nostalgikarar som ikkje er i pakt med si eiga tid. Men ein spådom om samfunnsutviklinga er ikkje nøytral, den er djupt politisk. Dokk Holm sin spådom føreset at ingen vil kunna ynskja ei anna utvikling enn den som er mest sannsynleg akkurat no. Spådommen hans er grunnleggande prega av at dei marknadsmekanismane som utviklar seg på lesebrettet og internettet er gode, og at dei må få råda fritt når dei berre har etablert seg ordentleg. Han skriv at det burde vera mogeleg å akselerera utviklinga i retning av lesebrettbruk. ”Gi alle avisene som i dag får denne subsidien en engangsutbetaling på tre års pressestøtte. Slik vil de få et sterkt insitament for å bevege seg raskt over i den nye tilværelsen”. Dette er vakre ord i øyrene til Steve Jobs.
Eg vil koma med ein spådom som ikkje tek for gitt at ”den nye tilværelsen” er lesebrettet. Og istadenfor å snakka breitt og ansvarsfråskrivande om alle medier, slik Dokk Holm gjer, vil eg snakka om lokale medier. Kva bør gjerast med pressestøtta dersom føremålet er å bevara livskraftige journalistiske kommunikasjonsformer i bygde-Norge?
Det vil vera framtidsretta å bruka pressestøtta til å subsidiera ei papiravis i einkvar by, bygdeby og småstad.
Fyrste del av spådomen min er konserverande. Papiraviser har ein kommunikativ kvalitet i sin eigen rett, og den er knytt til faste dagar for utgjeving, distribusjon til kioskar, butikkar, sjukehus, eldresenter, etc. og til sjølve leseopplevinga ved eit bord og på eit kne på rutebilstasjonen. Reint estetisk har også papiravisene kvalitetar knytt til skriftstorleik, bilete og layout på sida som fungerer godt til formidling av nyheitssaker. Dersom pressestøtta vert innretta på å beskytta denne kommunikasjonsforma mot økonomisk fallitt, vil den framleis ha ei viktig rolle i lokale offentlegheiter om ti år. Funksjonen som dagsordensetjar, identitetsmarkør og meir eller mindre kontroversiell aktør i kommunepolitikken vil då truleg vera endå sterkare enn no. I ein tidsalder prega av smart-telefonar, laptop og lesebrett vil det vera framtidsretta å bruka pressestøtta til å subsidiera ei papiravis i einkvar by, bygdeby og småstad. Det vil seia at pressestøtta på eit område bør fungera akkurat som no.
Andre del av spådomen er etablerande. Det trengst nye digitale aktørar i det lokale medielandskapet, og pressestøtta kan innrettast på å stimulera tekniske og journalistiske tenester laga for bærbare datamaskiner, mobiltelefonar og lesebrett. Til dømes er det mykje som tyder på at lokaljournalistikk med fordel kan lagast for brukarar med GPS-utrusta mobiltelefon. Forskingsprosjektet ”Lokanytt” ved Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda har i fleire år utforska muligheitane for slik lokaljournalistikk, og me har testa den ut empirisk i Bergen, Volda og Voss (sjå www.demostasjon.no).
Utviklinga av nye medieløysingar må foregå i form av empiriske utprøvingar.
Brukaren beveger seg gjennom lokalmiljøet, og får servert nyheiter som er direkte relevant for den plassen ho er på til eikvar tid. Sakene er knytt for eksempel til eit gatehjørne der eit overfall skjedde, ei bru der reguleringsplanen enno er under diskusjon, eller eit jorde der det føregår arkeologiske undersøkingar. Slik lokaljournalistikk vil gjera innbyggarane meir sensitive for samfunnsrelevante trekk ved stader dei beveger seg gjennom til kvardags, og informera om ting som har skjedd eller skal skje akkurat der dei ferdast. Tradisjonelle nyheitssaker kan også presenterast i dette grensesnittet.
Lokanytt-prototypen har det same problemet som dei fleste andre digitale initiativ: det er dyrt å produsera kvalitetsinnhald, og inntektsmuligheitane er små. Det trengst ein ordentleg redaksjon med vaktsjefar, journalistar og fotografar, samstundes som publikum vil forventa at det heile er gratis tilgjengeleg. Men Lokanytt er i det minste eit konkret, innhaldsorientert scenario som har potensiale for velplasserte annonser og eventuelt ei abonnementsordning, dersom det vert forsøkt realisert. Dessutan illustrerer det at utviklinga av nye medieløysingar må foregå i form av empiriske utprøvingar både på universitet og høgskular og i privat sektor.
Kort oppsummert spår eg at norske bygder og småbyar framleis har ein livskraftig lokal medieøkologi om ti år dersom Stortinget vedtek å satsa på ein kombinasjon av konserverande støtte til papiraviser og etablerande støtte til mobile, lokasjonsorienterte medier. Det verste som kan skje er at Erling Dokk Holm får gjennomslag for tanken om einsidig støtte til digitale løysingar.