Til toppen

Clay Shirky i Bergen


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Internettguruen Clay Shirky passar perfekt inn i si tid. Men har han noko å fara med?

Den glo­bale riks­syn­sa­ren Clay Shirky kom til Ber­gen tors­dag 27. okto­ber. New­york­e­ren er eks­pert på inter­nett, og 300 medie­men­neske lytta nys­gjer­rig til han i Grieg­hal­len. Job­bane deira avheng av kva som skjer, og difor vil dei så gjerne for­stå det.

Illustrasjon: Håvard Legreid
Illustrasjon: Håvard Legreid

Denne artik­ke­len er delt i fire, og dei enkelte opp­slaga kan langt på veg lesast uav­hen­gig av kvar­andre. Fyrst for­mu­le­rer eg eit pro­blem med Clay Shirky sitt tru­verde som sam­funns­ana­ly­ti­kar. Der­etter går eg kri­tisk gjen­nom tre opti­mis­tiske inn­sik­ter frå Shirky: sosiale medier ska­par slag­kraf­tige poli­tiske offent­leg­hei­ter, ein ny type kol­lek­tivt tol­kings­ar­beid, og eit stort kog­ni­tivt over­skot. Shirky har gode poeng, men dei vert svekka av pub­li­kum sin tendens til å tolka dei i kom­mer­si­ell retning.

Yrke: Medie­guru

Eg skjø­nar kvi­for Shirky har fått sta­tus som medie­guru. Han snak­kar med ein kom­bi­na­sjon av empi­riske anek­do­tar og teo­re­tiske afo­ris­mar som er ganske enga­sje­rande. Det var mange som lente seg fram då han sa «The design of the invi­ta­tion mat­ters as much as the nature of the task». Dette er ei moder­ni­se­ring av Mar­shall McLu­hans ”the medium is the mes­sage” som er mes­te­ren verdig.

I 1965 skreiv Tom Wolfe eit inter­vju med McLu­han som heitte ”What if he is right?” Paral­lel­len til Shirky er klar. Det har kome eit nytt medium som alle bru­kar, enten det er fjern­syn eller sosiale medier, og det er stor for­vir­ring om kor­leis det bør bru­kast. Alle treng rett­lei­ing, og medie­gu­ruen gjev oss det.

Det største pro­ble­met for Shirky er at hans sta­tus som medie­guru vir­kar mot at han vert tatt på alvor i fors­kings­mil­jøa, og even­tu­elt av his­to­rie­skri­va­rar. På 1960-talet var dei ’ekte’ fors­ka­rane svært skep­tiske til McLu­han, og avskreiv han som ein tab­loid tek­no­lo­gisk deter­mi­nist, i lomma på Cor­po­rate America.

Fore­drags­verk­semda føre­går på ein ame­ri­kansk kapi­ta­lis­tisk måte der guruen for­sø­ker å mak­si­mera inn­tek­tene sine mens han er ’hot’. Han tek difor gjerne over 200.000 kr for å halda eit fore­drag. Det er ikkje slik at orda hans difor auto­ma­tisk blir til salgs for høgst­by­dande, men det kan henda at han vel­jer ut dei poenga som fell i best jord hjå pub­li­kum og bok­le­sa­rar.

 Shirky-show i Grieg­hal­len (foto: Jon Hoem, CC:by-sa)

Shirky-show i Grieg­hal­len (foto: Jon Hoem, CC:by-sa)

Her lurer det ein sjølv­for­ster­kande kom­mer­si­ell logikk. For arran­gø­rane blir det vik­tig å gjera ei stor­hen­ding ut av Shir­kys fore­drag for å få selt dei dyre bil­let­tane, og for Shirky blir det vik­tig å seia noko som blir tatt vel imot. I det minste vil ein kunna mis­tenka at han opp­trer slik.

På grunn av pris­ni­vået snak­kar Shirky mest til nærings­li­vet, og fordi ingen i den bran­sjen for­tel gode idéar til sine kon­kur­ren­tar dreier det seg mest om å bli inspi­rert. Dette vart bekrefta i Ber­gen: På Twit­ter skriv @emodal: «Er inspi­rert etter møte med Clay Shirky og andre digi­tal­folk på #nmds­hirky i Ber­gen i går». Ei anna for­mu­le­ring av inspi­ra­sjon kjem frå @herdis: «Noko av det beste med #nmds­hirky var å få stad­festa at det vi job­bar med til dag­leg, er rett. Samt få puste­pro­blem fordi end­ring has­tar». Shir­kys jobb er lik­som å få oss alle til å føla at me no for­står inter­nett betre på godt og vondt, og dra heim med ny energi.

Men McLu­han hadde gode poeng på tross av sin cor­po­rate guru-profil, og kan hende er det meir enn ein grunn til at dusin­vis av norske bran­sje­folk flyr eins ærend frå Oslo til Ber­gen for å høyra på Shirky. What if he is right?

Lause poli­tiske offentlegheiter

Den ara­biske våren og Occupy Wall Street er to feno­men som er ver­ke­leg impo­ne­rande å føl­gja med på, for dei har så sterk poli­tisk kraft i seg. Sosiale medier vert gjeve mykje av æra for deira gjen­nom­slags­kraft, og Clay Shirky er i front inter­na­sjo­nalt når det gjeld ana­ly­sen. ”Do digi­tal tools enhance democracy?”, spør han. Blir det meir kol­lek­tiv hand­ling, og blir det poli­tiske livet betre enn før desse verke­midla var oppfunne?

Han for­mu­le­rer ei fin lovmessigheit:

«As the com­mu­ni­ca­tions lands­cape gets den­ser, more com­plex, and more par­ti­ci­pa­tory, the networ­ked popu­la­tion is gai­ning grea­ter access to infor­ma­tion, more opport­u­nities to engage in pub­lic speech, and an enhan­ced abi­lity to under­take col­lective action. These increased free­doms can help loo­sely coor­di­nated pub­lics demand change»

Og hen­din­gane det siste året ber preg av å vera laust koor­di­nerte offent­leg­hei­ter. Både Facebook-mobiliseringa på Tahrir-plassen og Occupy Wall Street fram­står som glim­rande eksem­pel på kva som kan skje iføl­gje Shir­kys ana­lyse, og han for­mu­lerte ana­ly­sen før nokon av desse hen­din­gane skjedde. Her synest eg Shirky er god.

Shirky seier at sosiale medier ska­par ”ridi­cu­lously easy group-forming”. Eit enga­sje­rande tema kan mobi­li­sera hundre­tu­sen­vis av men­neske sjølv om dei ikkje er på same stad, og dei kan utføra ei kol­lek­tiv hand­ling på kort var­sel, gjerne i løpet av minut­tar og timar etter den fyrste mel­dinga. Dette er flash­mob i stor skala. Orga­ni­sa­sjons­ap­pa­ra­tet ligg klart frå før, og hei­ter Face­book eller Twitter.

Det er inter­es­sant å saman­likna Tahrir i Egypt med 22. juli i Norge. Er det noko i Shir­kys ana­lyse som gjeld for begge to? Desse hen­din­gane føre­gjekk jo i to svært for­skjel­lige poli­tiske kul­tu­rar, og var også svært for­skjel­lige i sine poli­tiske impli­ka­sjo­nar. I Egypt dreide det seg om eit under­trykt raseri over urett­fer­dig­heit og kor­rup­sjon, og det vart mobi­li­sert til pro­test gjen­nom sosiale medier. I Noreg dreide det seg om ei plut­se­leg over­vel­dande ter­ror­hand­ling som skapte sjokk, avsky, sorg og hat, og alle nyan­sar vert dis­ku­tert gjen­nom sosiale medier. I Noreg fekk den lause poli­tiske offent­leg­heita ein reint tera­peu­tisk funk­sjon, og dette gjer den reak­tiv i mot­set­ning til Egypts aktive mobi­li­se­ring. Eg synest ikkje Shirky sin ana­lyse er nyan­sert nok til å fanga opp denne typen nasjo­nale og kul­tu­relle forskjellar.

Epi­so­diske fellesskap

På fram­sida av Here Comes Eve­rybody (2008) står det føl­gjande: ”Revo­lu­tion doesn’t hap­pen when society adopts new tech­no­logy, it hap­pens when society adopts new beha­viors”. Her posi­sjo­ne­rer Shirky seg som sosio­log, og ikkje som tekno-geek slik mange andre guruar gjer. Under fore­dra­get i Grieg­hal­len sa han: «We over­es­ti­mated the impor­tance of access to infor­ma­tion, and under­es­ti­mated the impor­tance of access to each other» (sitert frå @benteka).

Shirky ser­verte mange teo­re­tiske afo­ris­mar, og ein av dei føl­test som ei god opp­sum­me­ring av hans sosiale teori. «Large crowds don’t self-moderate well». Jo større antal men­neske som skal utføra kol­lek­tive hand­lin­gar, jo vans­ke­le­gare er det å orga­ni­sera dei. Slag­kraf­tig kol­lek­tiv hand­ling vert nes­ten all­tid utført av regje­ring, stat­lege insti­tu­sjo­nar og tunge nærings­livs­ak­tø­rar. Men på grunn av dei sosiale mediene er det ikkje len­ger noko pro­blem for nye aktø­rar å koor­di­nera hand­lin­gane til mange menneske.

I sosiale medier vert det heile tida skapt nye tol­kings­fel­les­skap. Der­som du føl­gjer ein viss hasj­tag eller ein venne­krets på Face­book, så har du eit ramme­verk for å for­stå og tolka ver­ke­leg­heita. Det er ei epi­so­disk offent­leg­heit som gjev deg ein ny tryggleik.

Lat meg ta twit­ringa på hasj­ta­gen #nmds­hirky som eksem­pel. Den føre­gjekk hovud­sak­leg på smart­te­le­fon mens folk var i Grieg­hal­len, og på byens ute­sta­der. Eg var sjølv aktiv på Twit­ter under fore­dra­get. Frode Bjerke­strand i BT skriv: «En stund var det nes­ten ufri­vil­lig komisk i Peer Gynt-salen. Mange del­ta­kere så ut som om de var mer opp­tatt av å tvitre om fore­dra­get, enn fak­tisk å absor­bere alt som ble sagt. Tref­fende nok er denne multi­ta­s­kin­gen et pre­sist eksem­pel på Clay Shir­kys argu­men­ter om medie­bruk og samhandling».

Eg trur det ligg noko her som er meir sub­stan­si­elt enn årets fer­dig­hei­ter i multi­ta­s­king. Då eg sat der og trykte på touch­scre­enen min var eg med på å laga ei lita offent­leg­heit som varte i ca. to dagar, men som gav del­ta­ka­rane ei svært pre­sis nytte og inn­sikt (og snikk­snakk). Slike epi­so­diske offent­leg­hei­ter har utfordra sen­trale insti­tu­sjo­nar i sam­fun­net sidan 1990-talet, og det er ingen­ting som tyder på at dei er kome under kon­troll. På fore­dra­get sa Shirky: «It is less mana­ge­ment and more cul­ture that now deter­mi­nes what hap­pens in the media». Dette er ein høf­leg måte å seia at alt er kom­plett kaos.

Kven får overskotet?

Tol­kings­ar­bei­det i sosiale medier ska­par eit kog­ni­tivt over­skot. For kva er det folk gjer når dei twit­rar og skriv og foto­gra­fe­rer? Dei akku­mu­le­rer ein enorm kul­tu­rell time­inn­sats som i prin­sip­pet kan bru­kast til alt moge­leg. Shirky bru­kar eksem­pe­let med Wiki­pe­dia ver­sus fjern­syn (sjå Øvrebø 2008, Hoem 2011, Wiese 2011). Det trengst berre ein brøk­del av tida ame­ri­ka­na­rane bru­kar på TV for å få skrive heile Wiki­pe­dia, og jo meir av folks inter­es­ser som går i ret­ning av tol­king og skri­ving, jo større vil over­sko­tet bli. Shirky snak­kar om folks tol­kings­ar­beid; ein res­surs som har uen­de­leg stort poten­siale der­som folk er vil­juge til å endra måten dei bru­kar tida si på.

Og her har Shirky eit sne­dig poeng. Eit slikt over­skot finst berre ei kort stund etter at eit nytt medium er opp­funne: «If people knew what to do with a sur­plus with refe­rence to the exis­ting social insti­tu­tions, then it wouldn’t be a sur­plus, would it?” I denne fasen er det eigent­leg ingen som har anelse om kor­leis over­sko­tet skal utnyt­tast, og folk byr­jar å eks­pe­ri­men­tera med kor­leis dei kan inte­grera det i kvar­dags­li­vet. I den pro­ses­sen kan sam­fun­net verta endra, sær­leg der­som det finst radi­kale kon­struk­tø­rar som pres­sar mulig­hei­tane til det ytterste.

Her i Noreg følest det ikkje som dei sosiale mediene er i ferd med å skapa revo­lu­sjon. Arbei­det med å pro­fi­tera på det nye kol­lek­tive tol­kings­ar­bei­det er for­ut­sig­bart, ikkje minst i medie­bran­sjen. Folks fri­vil­lige arbeids­kraft må bru­kast til å spara løns­mid­lar i bedrif­tene. @vampus: «VG hadde god utnyt­telse av kog­ni­tivt over­skudd da de lot leserne fylle ut info om lokal­po­li­ti­kere etter kom­mune­val­get 2007″. Kudos til VG, liksom.

Inna­for det indi­vi­dua­lis­tiske moral­sy­net som rår i bran­sjen er natur­leg å pro­mo­tera seg sjølv og andre, gjerne i ei litt uskul­dig og kame­rats­leg form. Under fore­dra­get twitra @bergenmediarena at «Om noen på #NMDShirky-arrangementet vil rekrut­tere unge smarte medie­ho­der bør de følge @KommVolda. Bra med enga­sjerte stu­den­ter!» Her hand­lar det om suk­sess og atter suksess.

Både i Ame­rika og Noreg er det utan tvil mark­na­den som kjem til å stikka av med over­sko­tet. Men er det bra at ver­ke­leg­heita er slik? Ten­kjer Shirky på dét spørs­må­let? Hjå Shirky dreier det seg om effek­ti­vi­tet og rasjo­na­li­tet, for han snak­kar til medie­bran­sjen. Google og Face­book har blitt gigan­tiske kom­mer­si­elle fore­tak utan genuin sosial omtanke for befolk­ninga, og når Shirky ana­ly­se­rer befolk­ninga så ten­kjer han i same stem­nings­leie som dei store bedriftene.

Shirky pas­sar per­fekt inn i si tid. Ikkje berre spinn han mediene slik at han tener mest moge­leg pen­gar, han for­tel folk noko som gjer at dei bøyer nak­ken og går ut att i ver­ke­leg­heita med for­nya styrke til å driva busi­nes­sen vidare. Det dreier seg ikkje om å dyrka eit best moge­leg sosi­alt liv mel­lom men­neske, men om å skjøna meka­nis­mane for det sosiale livet best mogeleg.

Lit­te­ra­tur og len­ker

Grøn­dahl, Carl Chris­tian (2011): ”Clay Shirky #NMDS­hirky”, 27. okto­ber 2011.
Kals­nes, Bente (2011): «10 ting du bør vite om Clay Shirky», 26. okto­ber 2011.
Nyre, Lars (2011): «Nei, det er ikkje ein Face­bo­ok­re­vo­lu­sjon», 4. mars 2011.
Nyre, Lars (2011): ”Poli­tisk kri­tikk av sosiale medier”, 8. april 2011.
Shirky, Clay (2008): Here Comes Eve­rybody. The Power of Orga­ni­zing Wit­hout Orga­niza­tions. New York: Pen­guin.
Shirky, Clay (2010): Cog­ni­tive Sur­plus. Crea­ti­vity and Geno­ri­sity in a Con­nected Age. New York: Pen­guin.
Shirky, Clay (2011): ”The poli­ti­cal power of social media. Tech­no­logy, the pub­lic sphere, and poli­ti­cal change”, i For­eign Affairs 90(1).