Til toppen

Mikke Mus-faget slår tilbake


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det har blitt ein del av folkloren i akademia at medievitskap er eit Mikke Mus-fag, det vil seia at me ikkje driv med ordentleg forsking, og at me veljer våre forskingsobjekt utifrå kva me sjølv synest er gøy (tv-seriar og nettverking på web 2.0).

Sissel Benneche Osvold omtalte i si tid medievitarar som «såkalte forskere». Journalist Håkon Gundersen i Morgenbladet skreiv ei nidvise med tittelen «Mikke Mus-faget» (31.08.08) som enno får den akademiske offentlegheita til å humra i skjegget.

Gundersen skapar inntrykk av at medievitarane er forblinda av dei nye teknologiane, og rapporterer begeistra om den minste sosiale bevegelse. Medievitarane ser på TV og kallar det forsking. Alt er så gøy, synest den fjollete liksomforskaren!

Mange medievitarar vart irriterte på Gundersen si framstilling, sjølv om alle andre vitarar syntest det var gøy. Eg var sjølv på nippet til å skriva eit sint lesarbrev til Morgenbladet («Herr redaktør, no får det vera nok!»). Dette er eit ondsinna angrep som viser at Gundersen ikkje ser nytten av den saktegåande, forsiktig konkluderande metoden som forskarar har. Den fjerde statsmakt angrip stadig vekk den femte, men på sviktande grunnlag.

Norsk medietidsskrift eit bevis for at medievitarane sakte men sikkert habiliterer seg i den norske offentlegheita. Tidsskriftet er eit medium for omdømmestyrking, og har nytteverdi for vårt fag på fleire område.

Tidsskriftet produserer tolv vitskaplege artiklar av høg kvalitet kvart år. NMT har akkurat dei same slusene som sosiologiske, litteraturvitskaplege og statsvitskaplege tidsskrift. Me har ei streng fagfelleordning for å filtrera fram gode vitskaplege artiklar, og den er strengare enn kvalitetssikringa for antologibidrag og andre typar forlagspublisering.

Det viktigaste lakmustesten er imidlertid at NMT fekk inn langt fleire artiklar i 2008 enn for eksempel i 2003. Auken i tilfanget gjer at vårt utvalg på tre artiklar pr. nummer er mykje fagleg sterkare begrunna no enn for fem år sidan. NMT møter aukande respekt for våre kvalitetskrav både innafor medievitskapen; ved at forskarane legg lista høgare enn før når dei sender inn tekstar, og utanfor vårt fag; ved at andre forskarar og intelligente journalistar les våre artiklar og lærer av dei.

Som ei avspegling av medievitskapen er tidsskriftet er prega av fagleg toleranse. Medievitskap er eit djupt tverrfagleg fag, og tidsskriftet dyrkar heile breidda frå humaniora til samfunnsvitskap, frå filmanalyse til journalistikkforsking. Me aksepterer teoretiske artiklar med lite empiri, og empiriske artiklar med lite teori, så lenge dei kjem gjennom fagfellevurderinga.

Eit anna aspekt ved NMT sin faglege toleranse er at me aksepterer engelskspråklege artiklar til vurdering, under føresetnad av at dei vert omsett til norsk dersom dei vert antatt. Me aksepterer også artiklar basert på bahcelor- og masteroppgåver på A-nivå til vurdering, og me vurderer vitskapsteoretiske innlegg på lik linje med andre manuskript. Så lenge den faglege kvaliteten er god, vil me trykka artiklar frå heile spekteret av norsk medieforsking.

Tidsskriftet er ein offentleg arena for medievitarane sjølve. Bokmeldingane er den viktigaste sjangeren her, og heilt essensielle for eit godt fagtidsskrift. NMT har også skarp debatt, om enn i saktare fart enn Morgenbladet og dagsavisene. Me dyrkar den gode kommentaren, der Anders Johansen og Espen Ytreberg har skrive i eitt år kvar med ulike grader av provokasjonskraft. I 2009 er det Barbara Gentikow som skriv, og ho har valgt seg offentlegheita som ramme for sine fire kommentarar.

Dei tre artiklane som står på trykk er fasiten på tidsskriftets faglege kvalitetar. Fyrst i dette nummeret kjem ein klassisk samfunnsfagleg artikkel. Gunn Enli (UiO) har skrive «Kampen om markedsmakt i riksdekkende radio. En komparativ analyse av oppstartsfasen i P4 og Kanal 24». Enli skriv ein institusjonsanalyse av P4 og Kanal 24 (som no heiter RadioNorge). Gjennom å analysa oppstartsfasen i P4 og Kanal 24 belyser artikkelen nokre sentrale endringstrekk i den norske radiomarknaden. Enli deler den opp i fire, nemleg lyttarmarknaden, annonsemarknaden, legitimitetsmarknaden og arbeidsmarknaden.

Artikkel nummer to er heilt forskjellig frå Gunn Enli sin, men like lett å identifisera som ein medievitskapleg artikkel. Mattias Gripsrud (Transportøkonomisk institutt) har skrive «Kommunikasjonens to former – en kritisk analyse av samspillet mellom kommunikasjon og transport». Transport skal her forstås som materiell kommunikasjon, og er såleis nært beslekta med medieteknologiar. Gripsrud granskar årsakane til at det er så tette bånd mellom desse to kommunikasjonsformene. Artikkelen er i grenseland til informasjonsvitskap, og klart interessant for alle teknisk interesserte.

Den tredje artikkelen driv med «nye medier», altså det samfunnsfenomenet som Morgenbladet og andre krefter ynskjer å begrensa i medievitskapen. Karoline Andrea Ihlebæk og Espen Ytreberg har skrive «Moderering av digital publikumsdeltakelse: Idealer, praksiser og dilemmaer». Moderatoren er ein viktig ny funksjon som mediene har etablert for å takla den stadig meir omfattande deltakinga som foregår på internett. Artikkelen undersøker korleis moderatorane i praksis prøver å finne balansepunktet mellom ytringsfridom og krav til redaksjonell kontroll. For meg framstår det som absurd at nokon kan vera imot denne formen for medieforsking.