Til toppen

Fortidas visuelle retorikk


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


tale

Forfattaren forsøker å tilfredsstilla ekspertar og eit allment publikum samtidig, men han burde ha satsa på det allmenne publikumet, meiner vår bokmeldar.

Boka handlar i hovudsak om korleis berømte retorikarar har bruka biletkunst og skulptur i talekunsten, og er spekka med eksempel. Kjeldsen siterer romaren Quintilian (ca. 35–100 e.Kr.), som samanliknar kvardagsspråket med ein stivt oppreist kropp og retorisk språk med den greske statuen «Diskoskastaren». Statuen er smidig og «yndefull», og på same vis har retorikken større variasjonsrikdom og «ynde» enn vanleg språk.

Kjeldsen lagar ei teoretisk oversikt over visuell retorikk, og Quintilian illustrerer paravisuell retorikk, der talaren verbalt malar fram bilete av kunstverk for publikum. Den andre hovudforma er direkte optisk retorikk. Romaren Marcus Antonius (83–30 f.Kr.) forsvarte ein tiltalt politikar ved å riva kjortelen av han, slik at alle kunne sjå dei ærefulle såra han hadde fått i kampen mot Romarrikets fiendar. Slik optisk retorikk kan vera svært effektiv, og politikaren vart frikjent.

Kjeldsen hevdar overtydande at visuelle verkemiddel er sentrale i retorikken. Han brukar Quintilian til å forklara kor viktig talarens blikk, gestikk og kroppsholdning er. Talarens actio er det mest visuelle trekket ved retorikken, og særleg viktige er hendene. «Er ikke hendene i stand til å opphisse, til å hindre, til å uttrykke anerkjennelse og undring eller skam?» spør Quintilian.

Boka har grundige analysar av klassiske retoriske verk, blant anna Gorgias’ Lovprisning av Helena frå 300–400-talet før Kristus og Leon Battista Albertis De pictura frå 1400-talet. Kjeldsen plasserer tekstane i sine respektive samtider, og fortel kva dei andre kunstnarane og retorikarane meinte om same sak. Slik vert desse urgamle tekstane levande og relevante.

Men Kjeldsen brukar faglitteraturen på ein litt inkonsekvent måte. I dei delane av boka som handlar om antikken, siterer han nesten berre dei antikke kjeldene sjølv, særleg Cicero og Quintilian. Men i delane om renessansen og nytida lener han seg tett på moderne teoretikarar i analysen av kjelder. Ein skulle jo tru det var skrive endå meir faglitteratur om antikken, og det verkar som Kjeldsen brukar meir teori jo mindre sikker han sjølv er på temaet.

Boka har ein forvirrande struktur. Kjeldsen går rett på ein krevjande diskusjon av antikk retorikk, medan ein introduksjon til retorikk er plassert som appendiks lengst bak i boka, saman med to andre forklarande appendiks. Eg måtte bla mykje fram og tilbake for å finna ut av samanhengane. Her forsøker forfattaren å tilfredsstilla ekspertar og eit allment publikum samtidig, men han burde ha satsa på det allmenne publikumet.

Eg undrar meg også over kvifor Kjeldsen har avgrensa det spennande emnet sitt til antikken og tidleg nytid. Han kunne jo også tatt for seg det 20. hundreårets retorikk slik han utspelar seg i film, fjernsyn, webdesign, etc. Eg får ei kjensle av at retorikkfaget trivst best i fortida.