journ

Teknologi

  • Ingen kategorier
  • Eg har forska på teknologiens rolle i menneskelivet sidan starten av doktorgradsstudiet mitt i 1997, og i løpet av alle desse åra har eg lagt merke til at digitale teknologiske nettverk tek over fleire og fleire aspekt ved kommunikasjonen. Kunstig intelligens er eit spesielt interessant og farleg fenomen. Det er viktig at universitetet har ei fagleg sterk forståing av slike tekniske ordningskrefter.


    Nei, det er ikkje ein Facebookrevolusjon

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Det tristaste eg har lest om storhendingane i Tunisia, Egypt og Libya er nyordet ”Facebookrevolusjon”. Tanken bak ordet er at Facebook var så viktig for koordineringa av møte og protesthandlingar på Tarhirplassen i Kairo, at det forandra verkelegheita i Egypt. Facebookrevolusjonen har blitt proklamert i mange norske medier, og blitt grundig analysert i New York […]

    Medieavhengig i Amerika

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Mitt mål var Niagarafossen. Eg leigde ein Chevrolet Suburban i Brooklyn, og kryssa austkysten frå New York til Toronto, med to stopp ved fossen. I fire dagar køyrde eg gjennom den amerikanske kvardagen med handa på rattet og blikket skiftande mellom veg og bakspegel. Sidan dette berre var ein svipptur vart erkjennelsane mine likeeins. Sonderingane […]

    Fjernsyn: det personlege mediet

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    På 1960-talet laga den kanadiske medieforskaren Marshall McLuhan stor furore ved å omfavna fjernsynet som ein heilt naturleg del av den sosiale og sanselege omgjevnaden. Han meinte at fjernsynets lydar og levande bilete skapte eit spesielt sterkt personleg engasjement hjå publikum. Det dreier seg om at andlet, kroppar og stemmer er utgangspunktet for kommunikasjonen, og […]

    Framtidas mediestøtte

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Sats på ein kombinasjon av konserverande støtte til papiraviser og etablerande støtte til mobile digitalmedier! I inn­leg­get ”Gi avi­sene slutt­pakke” i E24 og Vox Pub­lica 15. april viser Erling Dokk Holm kor flink han er til å ta tren­den på pul­sen. Han skriv: ”Det er ingen dris­tig spå­dom å anta at en rekke papir­avi­ser i løpet av de neste […]

    Den ekstraordinære høyringa

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Eit resepsjonsteoretisk hovudoppgåveprosjekt ved HF-seksjonen på Institutt for medievitskap. Sidan kring hundreårsskiftet har det vore råd å flytta, spela inn og endra på lydar slik at dei vert lausrivne frå den materielle situasjonen dei oppstår i. Den teknologiske utviklinga førte til noko grunnleggande nytt. Tidlegare forsvann alltid lydane der dei oppstod, men no kan dei […]

    Clay Shirky i Bergen

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Internettguruen Clay Shirky passar perfekt inn i si tid. Men har han noko å fara med? Den glo­bale riks­syn­sa­ren Clay Shirky kom til Ber­gen tors­dag 27. okto­ber. New­york­e­ren er eks­pert på inter­nett, og 300 medie­men­neske lytta nys­gjer­rig til han i Grieg­hal­len. Job­bane deira avheng av kva som skjer, og difor vil dei så gjerne for­stå det. Denne […]