Til toppen

Norsk radio på pauseknapp


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Den danske radiosjefen sin strategi inneber ei dristig fornying av radiomediet, mens Vasaasen sin strategi inneber at slik fornying neppe vil finna stad i Norge i hans sjefstid.

Lonsmann ynskjer å utvikla radio som eit tredelt fenoment: 1) Som eit massemedium med høgkvalitetsinnhald, med full uavhengigheit frå kommersielle interesser. 2) Som eit gruppemedium i kobling til internett, med ein lang hale av spesialtilpassa nisjeprodukt som kan tilfredsstilla eikvar gruppe sine interesser. 3) Som eit personleg medium, med personaliserte tenester som tillet lyttaren å bidra, browsa, søka, velja og laga sin eigen radio etter on-demand-prinsippet. Dette bør helst skje i tilknytning til håndholdt medieutstyr, slik som mobiltelefonen.

For at denne ambisiøse medieutviklinga skal bli mogeleg, trengst det tett samarbeid med utstyrsleverandørar, ikkje berre dei som lagar radioapparat, men med produsentar av alle slags dippeduttar som kan frakta lyd, inkludert mobiltelefon, fjernsynsapparat, etc.

Det vil også vera viktig å alliera seg med rettigheitshavarar, der plateindustrien er det fremste eksempelet. Då kunna public service-stasjonar introdusera tenester som “hear it – click it – save it”, der radiolytting vert kombinert med musikknedlasting.

Lonsmann talte direkte til leiinga i EBU, fordi sentrale leiarskikkelsar sat i salen. Han understreka kor viktig det er at EBU skapar det nødvendige presset på europeiske og internasjonale beslutningstakarar, slik som EU-kommisjonen, copyright-organisasjonane og frekvensregulatorane.

Lonsmann sin konklusjon var at allmennkringkastinga må sikra seg full tilgang til alle hovudområda på den digitale marknadsplassen og fungera som ei uavhengig motvekt til dei kommersielle tenestene.

Kva var så Vasaasen sin konklusjon? 10, 4 % av norske radiolyttarar brukar DAB-radio til kvardags. 85 % er klar over at det finst eit tilbod på DAB, og truleg vil 12 % av dei kjøpa seg DAB-radio neste år. Utviklinga er altså ganske oppmuntrande, sa Vasaasen.

Dette er å skru på pauseknappen, og når NRK skrur den av igjen har resten av medieverda kome eit langt skritt vidare. Vasaasen vil sørga for at historia gjentek seg. Då radioen blei innført til Norge på 1920-talet var den fiks ferdig utvikla i dei førande industrielle nasjonane (USA, England, Tyskland). Norge tilførte ingenting anna vårt eige nasjonale innhald. På 2000-talet ser det ut til å bli ein liknande situasjon på utviklingsfronten.

DAB sørger for at tradisjonell radiojournalistikk får ein plattform også i framtida, men opnar ikkje for kreativ utvikling av journalistikken. Den kreative utviklinga skjer i dristige kombinasjonar mellom radio, internett og mobiltelefon. I Norge vil me i verste fall komma heilt bakpå i den utviklingsfasen som pågår no.

Eit innlegg skilte seg ut. Den danske radiosjefen Leif Lonsmann (DR) snakka om korleis radio bør endra seg for framleis å vera eit viktig allmennkringkastingstilbod i framtida. Eit dristig forslag var å kombinera sosiale nettverksfunksjonar (Facebook, MySpace) med programtilbodet i den tradisjonelle kringkastinga. Då får du i alle fall noko nytt, enten det blir bra eller dårleg.

Men mi historie handlar eigentleg om norsk radio. NRK sin radiosjef Øyvind Vasaasen haldt nemleg innlegg etter Lonsmann, og han sa at NRK ynskjer å flytta radioen frå det analoge sendenettet og over på DAB. Den viktigaste grunnen var at det analoge nettet snart må rustast opp, og då er det meir økonomisk å erstatta det med noko nytt og betre. Dette er å setja radioverkelegheita på pauseknapp.

Kanskje radiosjefen har dristige planar som han held hemmeleg for EBU, men det ville vera utypisk for måten medlemslanda i EBU snakkar saman på. Det mest sannsynlege er at Vasaasen ikkje har nokon spesielle framtidsvyer, og at DAB-satsinga fyrst og fremst er eit forsøk på å konsolidera NRK sin posisjon som leverandør av tradisjonelle radioprogram (Sånn er livet, Reiseradioen, P3 morgen).

Eg var på konferanse i Geneve, der European Broadcasting Union inviterte til diskusjon om digitalradio i framtida. Her var det mange kompliserte fakta om stoda for sattelittradio, DAB, DMB og dei andre forkortelsane som jevnleg dukkar opp.