Lista viser alle tekstar sortert under publikasjonen "Norsk Medietidsskrift" på larsnyre.no.

Norsk medietidsskrift bør slutta å publisera på papir

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det papirbaserte tidsskriftet vert mindre viktig år for år. Til kvardags brukar forskarane bibliotekets elektroniske tidsskriftskatalog, sidan universitet og høgskular uansett abonnerer på dei mest sentrale tidsskrifta. Forskarane lagrar dei vitskaplege artiklane som PDF-filer på sine personlege datamaskiner, medan papirversjonen står til pynt i hyllene på universitetsbiblioteket. Tidsskriftet Digital kompetanse, eller Nordic Journal of Digital […]

Den amerikanske professoren

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Norske professorar og førsteamanuensisar har altfor stor avstand til studentane sine. Den amerikanske professoren, derimot, diskuterer, rettleiier og foreleser tett på studentane sine. Professorane er tilgjengelege og interesserte, og dette skapar ein tillitsfull fagleg kontakt. Tillit kan her definerast som villigheit til å oppfatta påstand X som fakta, nyttig informasjon, viktig, etc. Ein kan innvenda […]

Offentleg mediedesign

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Kva er den vesentlegaste medieforskinga fram mot 2020? Svaret er forskingsbasert mediedesign. Her er det offentleg tilsette medieforskarar som lagar eit komplett medium, med grensesnitt, prosedyrar for redaksjonelt innhald, og ein invitasjon til ei viss form for sosial interaksjon. Forskarar har allereie byrja å arbeida direkte med verkelegheita, og det finst gode eksempel på konkrete […]

Tidsskriftet er daudt, leve tidsskriftet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Papirversjonen av Norsk medietidsskrift vart nedlagt den 18. oktober på Hotel Norge i Kristiansand. Då avgjorde generalforsamlinga i Norsk medieforskarlag «å gå over til ren elektronisk publisering av NMT». Dette vil truleg skje frå byrjinga av 2015, for då går den gjeldande kontrakten mellom tidsskriftet og Universitetsforlaget ut, og tidspunktet er passande i forhold til […]

Farvel leiarskap!

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Hermed sluttar eg som redaktør i Norsk medietidsskrift. Eg seier takk til redaksjonsmedlemmer, fagfeller, forfattarar og forlag for godt samarbeid i fire og eit halvt år. Redaktørvervet i NMT er det mest givande av dei leiarverva eg har hatt. Alt arbeidet er fagleg orientert, det vert gjort på dugnad, og redaksjonen får ikkje noko anna […]

Innspel til den nye regjeringas ytringsfridomspolitikk

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Redaktør Lars Gauden-Kolbeinstveit har samla ti artiklar med ulike verdikonservative oppfatningar om ytringsfridom. Boka har bidrag frå aktive politikarar som Michael Tetzschner, Siv Jensen og Trine Skei Grande, akademikarar som Thomas Hylland Eriksen og Lars Fr. H. Svendsen, og ein politisk teiknar. Boka er utgitt av Civita, og redaktøren pluss tre av artikkelforfattarane er lønna […]

Språkrørsler i radio

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Den kvardagslege forståinga av radiotale liknar meir på musikkoppleving enn på lesing av tekstar. Å snakka dreier seg om å utøva ein retorikk der klangen frå stemmer og personlegdomar er fundamentet for samforståing. Å lytta er like mykje eit levande, kroppsleg forhold som ein intellektuell og rasjonell prosess. Snakkinga er så kvardagsleg at både sosio-materielle […]

Mediumteori

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I løpet av det 20. århundret vart vestlege samfunn sterkt prega av elektroniske medier. Ved fyrste augekast er det kontakten med skjermar og kamera, høgtalarar og mikrofonar, mus, tastatur og telefon som pregar informasjonsoverføringa. Og utan denne fyrste teknologiske kontakten ville ikkje menneska kunna hatt kontakt med kvarandre gjennom mediene. Forskarblikket bør dvela ved denne […]

Apologetisk medieforsking

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det er liksom ikkje forskaren sin jobb å drive politikk, å gjere kommunikasjon til eit spørsmål om interessekamp og konflikt. Slik føler eg at mange i medieforskarmiljøet tenkjer, og eg synest det er å ta for enkelt på ting. Apologetisk medieforsking er ei samlenemning for forskingsprosjekt som voktar og vidarefører grunnleggande verdiar i mediebransjen utan […]

Medieforskaren som teknologisk determinist

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Medieutviklinga er hypergira, og medieforskarane hjelper til å halda den slik. Karl Marx sa at «religion er opium for folket». Makthavarar på 1800-talet tente på at vanlege menneske engasjerte seg i religion, for då vart dei åtspreidde og protesterte mindre mot den urettferdige ressursfordelinga dei var offer for. Nye medier er notidas opium, og medievitaren […]