Til toppen

Prinsipp for massedialog i norsk radio


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Nye medium skapar revolusjon, blir det hevda. Mobiltelefonen og Internettet gjev folk større kontroll over mediekvardagen sin, og dei kan difor oppføra seg meir sjølvstendig og fritt enn i gamle dagar. Viss dette er sant; korleis kan det slå ut i norsk radio i framtida?

På eit nivå er det ingen tvil om at dei nye digitale moglegheitene har styrka radiobrukaren, nemleg når det gjeld SMS- og epost-deltaking i programma. Alle program med respekt for seg sjølv tek imot innspel og kommentarar på SMS, og slepper såleis folk til på ein måte som var ukjent for berre ti år sidan. Men det er for tidleg å seia om slike «interaktive tenester» kan skapa ein genuin brukarrevolusjon og såleis endra radio og fjernsyn for alltid.

Det er likevel sikkert at dersom allmenn deltaking skal kunna bli ein vanleg del av kringkastinga på lengre sikt, må nokon kjempa for dette som ein mediepolitisk verdi, og forsøka å gjennomføra det i radio- og fjernsynskanalar på ein betre måte enn det som er tilfelle no.

Deltaking som grunnverdi

Det ville vore ei dramatisk endring av radiomediet dersom «alle» kunne vore deltakarar. Sjølve definisjonen på eit massemedium er jo at det sender frå store sentralar til dei mange små og spreidde mottakarane. Både dei redaksjonelle verdiane og forretningsmodellen til stasjonane ville blitt endra dersom det skulle bli alvor av den digitale medierevolusjonen.

Er det verdt å satsa på ei slik utvikling? Kva er det som gjer folkeleg deltaking i media så viktig at forskarar og journalistar enno ein gong bør satsa på å få det til? Alt kjem an på verdisynet ditt. Eg meiner media er ein samfunnsmessig ressurs som også må forvaltast demokratisk, slik tilfellet er med straumforsyning og kollektivtransport. Alle må få høve til å uttrykka seg i media viss media skal kunna seiast å vera ein allment tilgjengeleg ressurs.

I vår høgteknologiske samtid er det berre massemedia som kan spegla og kultivera samhaldet i ein stat på ein realistisk måte, sa den amerikanske filosofen John Dewey i 1927. Berre massemedia har ei kulturell og politisk rekkevidde som er stor nok til å kunna sleppa laus borgarane med alle dei konfliktane og dialogane som samfunnet faktisk er prega av. Då er det ein fordel for radiomediet at det berre krev snakking. Snakking er ein uhyre mangesidig ressurs for produsentar sidan telefonen er tilgjengeleg for alle i Noreg. Sjølv åtteåringar har jo mobiltelefon i våre dagar. Radio (og fjernsyn) kan lettare enn andre medium gje folk flest ei stemme så dei kan ytra meiningane sine offentleg.

Kva slags redaksjonell organisering er best eigna for å kunna gjennomføra ein slik «nasjonal telefonsamtale» i radio? Etter mitt syn formulerte Berthold Brecht grunnprinsippet for slik demokratisk fordelt deltaking i massemedia allereie i 1932. Alt då hadde elektroniske teknologiar gjort radikale utviklingar av den offentlege sfæren mogleg. I dei fleste land var radioen på denne tida prega av statspropaganda og sentralisert styring, mens Brecht meinte den heller skulle vore organisert for massedeltaking.

«Radio er einsidig når den skulle vore tosidig. Den er eit reint distribusjonsapparat, den deler berre ut. Så her er eit positivt forslag: skap ei endring i dette apparatet frå distribusjon til kommunikasjon. Radioen ville blitt det finast tenkjelege kommunikasjonsapparatet i det offentlege livet, eit veldig nettverk av kontaktar. Men då må radioen vite korleis den skal motta så vel som å sende ut, korleis den skal få lyttaren til å tale så vel som å høyre, korleis den skal kome i eit forhold til lyttaren i staden for å isolere han. Radioen burde bruke dette prinsippet til å forlate leverandørbransjen og organisere lyttarane sine som leverandørar» (Sitat frå Brecht 1932, mi omsetjing til nynorsk).

Brecht ynskte å skapa «den store samtalen»; ei ansvarleg meiningsutveksling der det helst bør vera like mange deltakarar som lyttarar. Han tenkte på lyttarane som kringkastarar i bokstavleg forstand, fordi mange hadde kraftige apparat og kunne sende Morsekode og lyd like vidt omkring som ein ordentleg radiostasjon. Slike private initiativ kunne då organiserast til å fylle stasjonen sin frekvens og sendetid istadenfor at stasjonen sjølv leverte innhaldet. Verdiformuleringa til Brecht er like gyldig no som i 1932, men dei tekniske forholda er jo dramatisk annleis.

No kan me organisera offentleg samtale på heimesider på internett, i kombinasjon med mobiltelefon og andre nye teknologiar. I ein periode vil dette vera den beste staden for demokratiske eksperiment, og det finst allereie mange subkulturelle suksessar på Internett.

Behovet for massedialog

For å nå målet om allmenn deltaking i framtidas radio og fjernsyn foreslår eg altså massedialog som fremste redaksjonelle verkemiddel. Med massedialog meiner eg ei allmennmenneskeleg deltaking i radio basert på telefoni. For at det radikale i dette prinsippet skal komma til syne vil eg peika på at det neppe er råd å snakka om demokratisk deltaking utan at minst 15-20 prosent av innbyggarane er med kvar einaste dag, det vil seie 600-800.000 menneske på landsbasis. Dette er ikkje noko realistisk mål, men det viser ein interessant forskjell. Ankerpersonar og programvertar som Kari Sørbø i NRK P1 og Tor Endresen i P4 er på lufta i mange hundre timar pr. år, medan nesten alle andre i Noreg  er på lufta i null timar og null minuttar.

Her er det altså ei skeiv fordeling av dei offentlege ressursane, og eg meiner at prinsippet om massedialog ville kunna retta det opp. Det kan innvendast at her i Noreg  fungerer jo demokratiet heilt fint utan slike radikale initiativ. Det er heller unge demokrati som Bosnia som treng ekstremt deltakande kringkasting. Samstundes vil nok mange hevda at dette er komplett umogleg å realisera, og difor berre er idealistisk tankespinn.

Eg avviser begge desse ankepunkta. Me har andre demokratiske problem i Norge enn i Bosnia, men dei er like alvorlege. Hjå oss rår det noko som liknar eit «kjendisdiktatur», og det må svekkast før demokratiske funksjonen til radio, fjernsyn og Internett kan bli som den bør. Og det er mogleg å realisera ei slik reform, fordi det bevisleg finst vilje til endring blant folk.

Misnøya blir jo ytra på brei front kvar einaste dag, og det er i realiteten den som vil fylla eteren med nye stemmer. I kaffipausar, på bussen og over hagegjerdet vert det klaga på mykje av det som pregar NRK og andre kanalar, enten det er kjendisfokuset, tvilsam sponsing og produktplassering, stadig meir reklame, eller nye og provoserande programformer som Big Brother. Mange føler at det er ei kynisk haldning  i dei store massemedia, enten dei er allmennkringkastarar eller reint kommersielle. Det går rykte om at NRK P3 diktar opp SMS-meldingar til føremiddagsprogramma sine fordi dei ikkje får inn mange nok brukbare svar, eller fordi dei likar sine eigne innspel betre. Skepsisen og mistilliten som mange føler overfor slike journalistiske praksisar er eit symptom på at folk oppfattar media som ein ressurs som blir vanskjøtta, og som dei sjølve kunne medverka til å forvalta betre. Misnøya med den kulturelle forvaltinga av media er det fremste symptomet på at massedialog er mogleg.

Regimet for sentralisert deltaking

Det vil alltid stå verdiar på spel i mediepolitikken. Kirke- og kulturdepartementet styrer langt på veg etter allmennkringkastingsideala. Dei blir forvalta av Allmennkringkastingsrådet, som blei oppretta i 1996 og nedlagt i 2004. Allmenkringkastingsideala består av fem punkt som vert undersøkt og vurdert for alle radio- og fjernsynskanalar som har status som «allmennkringkastarar». Det gjeld TV2, P4, Kanal 24 og NRK-systemet, sjølv om NRK strengt tatt vert regulert gjennom kringkastingslova. (Sitat frå Allmennkringkastingsrådet sin rapport for 2003, s. 18).

1. Sendingene skal kunne mottas av hele befolkningen.
2. Sendingene skal inneholde en variert programmeny med program for så vel brede som smale lytter/seergrupper, herunder barn og unge, den samiske befolkningsgruppe, etniske og andre minoriteter.
3. Det skal være daglige nyhetssendinger og solid, løpende orientering om viktige samfunns- og kulturspørsmål, nasjonalt og internasjonalt.
4. Allmennkringkastingsprogrammene skal bidra til å styrke norsk språk, identitet og kultur.
5. Allmennkringkastingskanalene skal ha redaksjonell selvstendighet.

Medieverksemdene har full ytringsfridom, og det er difor i praksis dei sjølve som forvaltar dei fem punkta gjennom programstrategien sin. Rådet evaluerer programma i ettertid utifrå sine undersøkingsprosedyrar, og gjev innstillingar som Kulturdepartementet kan bruka som grunnlag for sin politikk. Allmennkringkastingsrådet har årleg kome med kritiske konklusjonar om programformer og -innhald i kanalane som dei har tilsyn med, men er utan makt til å endre på noko. Det er berre departementet som kan sanksjonere stasjonane sin produksjonspraksis.

Men desse ideala inneheld ikkje eitt ord om allmenn deltaking i kringkastinga. Dei fungerer i praksis som moralsk belegg for det eg vil kalla sentralisert deltaking. Sentralisert deltaking inneber at det er få menneske som deltek, og at offentlegheita i brei forstand oppfattar dette som naturleg. Alt som kjem på lufta er laga av profesjonelle mediemenneske, enten dei er journalistar, produsentar, redaktørar eller teknikarar. Sendetida vert brukt av journalisten, ankerpersonen og talkshow-verten, enten det gjeld Rolf Kirkvaag, Hans Wilhelm Steinfeldt, Fredrik Skavlan eller Dorthe Skappel. Slik elitedeltaking har prega heile den over sytti år lange historia til radio og fjernsyn i Noreg . Sentralisert deltaking er det motsette av massedialog.

I 2004 fekk medieoffentlegheita i Noreg  verkeleg føla den demokratiske svekkinga av media som Bondevik-regjeringas sin mediepolitikk medfører. Landet skulle få ein ny nasjonal radiokanal med arbeidstittel P5, og ein ny versjon av P4. Noko liknande har berre skjedd to gonger før i norsk radiohistorie, i 1933 då NRK vart etablert og dei private kringkastarane nasjonalisert, og i 1993 då NRK lanserte P3 og trekanalsystemet, og P4 blei starta opp. Som kjent enda radioutvidinga i 2004 med at Kanal 24 fekk det sendenettet som P4 tidlegare hadde disponert, medan P4 fekk det nye, mindre omfattande «P5-nettet».

Kva slags radiooffentlegheit sit me att med eit års tid etter denne prosessen? Jo, to ultrakommersielle selskap som kvar på sin måte vil nå dei same lyttarane og annonsørane med dei same velkjente verkemidla Dei har begge status som allmennkringkastingskanalar.

Behandlinga av dei to nye radiokonsesjonane viser at Kulturdepartementet under Bondevik si samarbeidsregjering har ein mediepolitikk som ikkje er orientert mot demokratisk deltaking i det heile tatt. Her er det ingen omsorg for kvaliteten på massekommunikasjonen i Noreg , men stor omsorg for store aktørar i mediebransjen. Dei verdiane som blir dyrka er driftsmessig overlevelsesevne og avkastning for eigarane. Her vil eg presentera denne prioriteringa i ein viss detalj, slik at det maktbruken til det noverande regimet kjem klart til syne.

Kanal 24 fekk tilgang til 90 % av folkesetnaden til ein pris av 160 millionar kroner, medan P4 no dekkjer 60 % av folkesetnaden til ein pris av 90 millionar. Med slike kolossale pengesummar i inngangsbillett gjorde Departementet det økonomisk umogleg for verdiorienterte aktørar å verta reelle søkarar. Studentradio-samarbeidet søkte om å laga regionalradio over heile Norge gjennom 160-millionarskonsesjonen. Deira framlegg, som verkeleg ville ha ført til fleire stemmer i eteren, vart ikkje behandla seriøst av departementet fordi søkjarane ikkje kunne dokumentera at dei hadde 160 millionar kroner til rådigheit. I røynda ville ingen søknadar som primært la vekt på kommunikasjonsverdiar hatt sjanse til å få konsesjon på nasjonal radio i Noreg.

Den politiske strategien til kulturdepartementet i 2004 føresette at marknads- og profittdrivne stasjonar er det einaste som er verdt å forvalta. Kulturdepartementet er utan omsorg for ein av kjerneverdiane i vår samfunnsformasjon: reell dialog mellom borgarane. I minst ti år framover kjem det no til å verta laga radio for aksjeeigarane i TV2 og P4, og ikkje for lyttarane. Mitt skrekkscenario er at Kanal 24 kanskje vil trenga heile sin ti år lange konsesjonsperiode for å komma i overskot. Då kan me sjå fram til ei blodig profittkrig mellom P4 og Kanal 24 på ubestemt tid, og dette vil ikkje ha nokon positive verknader for programinnhaldet eller deltakingsprosenten.

Bondevik-regjeringa sin mediepolitikk har altså ikkje skapt fornying i retning av auka deltaking eller andre demokratiske verdiar, men har sørgt for at eit svært einsidig kommersielt programspekter skal få dominera norsk radio i minst eit tiår til.

Regimet for allmenn deltaking

Sjølv om Noreg  hadde kringkastingsmonopol i femti år betyr ikkje det at me må ha femti år med den villaste liberalisme. Det går an å erstatta allmenkringkastingsideala med ei anna verdiorientering utan å gjeninnføra NRK-monopolets opplysningsideal. På bakgrunn av mediepolitkken til Bondevik-regjeringa,  meiner eg det er heilt nødvendig med ein reform av radioen i Noreg . Den burde konkret bestå i at det blei etablert ein nasjonal stasjon som er hundre prosent tilpassa innringing, debatt og samtale.

Kulturdepartementet måtte hatt sterk styring med dei formmessige rammene for denne stasjonen. Fleire verdiar enn dei økonomiske måtte krevjast av ein eventuell konsesjonær, og sanksjoneringa av mandatet måtte vera strengare enn den er no. Berre slik kan allmenn deltaking sikrast i praksis, og ikkje berre i teorien.

På grunn av denne «tvangen» måtte det også vera eit sterkt økonomisk incentiv for konsesjonssøkarane, og det kunne eigentleg berre bestått av statsstøtte til drifta. Viss søkjarar utan 160 millionar kroner hadde hatt håp om å bli vurdert på alvor, så ville det kunne leggast mykje større krefter inn i arbeidet med ein velfungerande redaksjonell plattform. Då kunne ein modigare og meir radikal stasjon på sikt ha blitt bygd opp.

Men det er eit kritisk punkt her. Det er klart at journalistiske prinsipp må vera nedfelt i konsesjonsutlysinga for ein slik stasjon. Kva skal den redaksjonelle instruksjonen heilt konkret bestå av? Eg har laga ei provisorisk liste over element som kunne vere sentrale i ein slik proaktiv mediepolitikk.

1. Stasjonen skal ha redaksjonelt og politisk sjølvstende. Dette punktet er nesten det same som i allmennkringkastingsideala, men det må praktiserast mykje friare. I Kulturdepartementet si utlysing av 160-millionarskonsesjonen som gjekk til Kanal 24 stod det: «Konsesjonæren skal opptre fullt ut uavhengig av interessegrupper av politisk, økonomisk eller annen karakter» (sjå Kirke- og kulturdepartementet, «Søknadsdokument for radiokonsesjon», 2003). Dette er komplett umogleg i praksis, og Kanal 24 blir jo også stadig sterkare prega av dei økonomiske interessene til TV2-konsernet. Sidan eit slikt ideal om uavhengigheit er umogleg å oppfylle burde det ikkje bli sett fram som eit krav.

Konsesjonæren burde stå fritt til å fremje sine politiske og økonomiske verdiar slik dei er formulerte i søknaden, så lenge dei formmessige prinsippa for demokratisk deltaking vert følgt (sjå punkt 3 nedanfor). Dette betyr at ein stasjon for eksempel kunne ha ei eksplisitt tilknytning til partiet Høgre. Det er verdt å ta risikoen ved å sleppe eit politisk initiativ laus på landsdekkande nivå, for det vil truleg inspirera til ein eksplosiv auke i talet på ytringar, kritiske så vel som støttande.

2. Stasjonen skal kunne takast i mot av heile folkesetnaden. Dette punktet er også henta frå allmennkringkastingsideala. Verdien av eit nasjonalt fellesskap må ikkje undervurderast i globaliseringas tidsalder. Det trengst ein offentleg arena på alle nivå der det føregår demokratiske prosessar, og i fyrste omgang må ein reform vere fokusert på nivået for Stortingsval og styring av staten som heilskap.

Stasjonen må difor ha eit nasjonalt sendenett på den tekniske plattforma som til ei kvar tid er dominerande. I Noreg  i 2005 er det framleis FM-sending. For framtida bør det truleg satsast på ei form for breibandsbasert radiomottaking, med dei ekstra interaksjonsmoglegheitene det gjev.

3. Stasjonen skal legge til rette for telefonisk deltaking for alle borgarane i Noreg . Eg vil peike på fire viktige element i det redaksjonelle formatet som burde lagast: 1) Regelbasert, og difor føreseieleg rammeverk for diskusjon, 2) Maksimal fridom frå manipulasjon og maktbruk frå journalistane, 3) Tid for deltakaren til å tenkje ordentleg over temaet under samtalen på lufta, 4) Rom for fri interaksjon mellom deltakarane, utan at studio vert prioritert særskilt (Sjå Elgesem 2004). Desse punkta må vidareutviklast i reelle eksperiment før det kan presiserast meir nøyaktig korleis prinsippa skal vera.

Det er viktig å merka seg at ein stasjon som vert styrt av slike prinsipp likevel kan ha ein sentralisert organisasjon. Det går fint an å sleppe allslags stemmer til på lufta sjølv om hovudkvarteret er i Bergen.

4. Stasjonen skal ha kontinuerleg diskusjon omkring samfunns- og kulturspørsmål som er relevante for styringa av staten. Dette punktet skal sikra at innhaldet er prega av radiomediets evne til å ta opp dagsaktuelle emne og kommentera dei frå ulike perspektiv. Viss den skal vera demokratisk vil stasjonen måtta venda seg til mange forskjellige lyttargrupper med mange forskjellige emne. Den treng difor ikkje å kobla seg til eit minste felles multiplum av lyttarinteresser (musikk, koseprat, nyheiter), slik kommersielle stasjonar er tvungne til. Dette gjer at mangfaldet i dei redaksjonelle emna kan vera stort, sjølv om dei tilletne journalistiske formene er sterkt avgrensa.

5. Stasjonen skal i all hovudsak senda på direkten. I direktesendt samtale vil lekmannsdeltakaren stå meir på like fot med programleiaren og andre profesjonelle talarar. Munnleg diskusjon er den mest tilgjengelege kommunikasjonsforma som finst, og ved å dyrka den utifrå vanlege telefonsamtalar vil ein del av definisjonsmakta for innhaldet i stasjonen flyttast over til den enkelte borgaren.

Dersom lyttaren attpåtil anerkjenner makta i denne arenaen og byrjar å ta initiativet på lufta kan ho få ei kjensle av reell påverking på samfunnet. Her er det eit sjølvforsterkande potensial. Jo fleire forskjellige menneske som har opplevd sin spontane eller nøye planlagde medverknad som verdifull, jo fleire deltakarar vil den nye offentlegheita kunna få.

6. Stasjonen må senda på breiband, gjennom ei heimeside. Når det gjeld bakkebasert radiokringkasting er framtida allereie bestemt, i det minste for ti år framover. Det er NRK, TV2, P4 og Kanal 24 som gjeld, og ingenting nytt finst på den nasjonale horisonten. Men det er klart at prinsippa for massedialog kan utviklast og gjennomførast på ein Internett-plattform. Det vil krevja god grafisk tilrettelegging for streaming audio (og video), og plattforma føreset at brukaren har breiband. Ikkje minst føreset det ei tung investering i digitale distribusjonsteknologiar. Moglegheitene i dette oppsettet er radikalt annleis enn i den analoge kringkastinga.

Nettbasert kringkasting er veleigna til bruk for snakking, chatting og utvekslingar av andre slag fordi den er «live» eller «direkte» slik kringkasting alltid har vore, samtidig som den har ei rekkje funksjonar knytta til tekst, grafikk, video og andre medieformer. Alt dette opnar nesten i seg sjølv for kreativitet og fornying. Velutvikla Internettformat kan også koordinerast med bakkesendte FM-signal viss det etterkvart blir aktuelt.

Demokratiet i hendene

Det viktigaste og vanskelegaste trekket ved å etablera ein stasjon etter desse prinsippa er å inspirera til god offentleg åtferd blant innbyggarane i Noreg . For er det sannsynleg at mange menneske vil slutta seg til prinsippa for massedialog, og endra åtferda si i pakt med dei? Mange vil seia at folk ikkje er interesserte i slikt, og at resultatet ville blitt ein smal stasjon for elitane eller ein overpopularisert underhaldningsstasjon.

I alle tilfelle er det praktisk mogleg å gjennomføra ein reform av massemedia som reint teknologisk byrjar hjå folk flest. Men dette ville blitt ein tung jobb for enkeltpersonen. Du må vere viljug til å ta del i radio- og fjernsynsprogram på regulær basis. Du må læra deg å bruka nye grensesnitt og nye programformat, særleg på Internett. Du må gjere eit gjennomtenkt utval av dei interaktive teknologiane og tenestene som er tilgjengelege, og bruke akkurat passe mykje tid på det. Og det vanskelegaste av alt: Du må anerkjenne at du faktisk har eit ansvar for kvaliteten på den offentlege kommunikasjonen, og at du difor må ta konsekvensane av det i handling.

Men kva betyr ansvar i denne samanhengen? Mitt utgangspunkt er at viss du har stor personleg kontroll over kommunikasjonshandlingane dine, så har du også eit stort ansvar for kvaliteten på dei.

Tenk deg kor omfattande din omgang med teknologiar er, og tenk på kor ressurskrevjande denne kolossale handlefridomen er. Utrustninga for å erfara verda er veldig omfattande, og ting som PC-ar, internett, mobiltelefoni, radio og fjernsyn, film, flytransport og bilisme blir oppfatta som heilt sentrale gode. Ein treng ikkje ei spesiell utdanning og stor livserfaring for å evaluera kvaliteten på bruken av denne utrustninga. For eksempel kan kven som helst vurdera ein sjåfør si åtferd i trafikken dersom dei sjølve har sertifikat og litt erfaring med bilkøyring. Og alle høyrer det når eit argument i eit debattprogram held på å bryta saman. Det er lett å oversjå den kritiske energien som ligg i denne praktiske omgangen med kommunikasjonsmidlane. Men dersom dette kontaktpunktet vert oversett misser me av syne det punktet der samfunnet vert omsett til individuell erfaring, og omvendt.

Det er på denne bakgrunnen at spørsmålet om ansvar for den politiske diskusjonen må stillast. Er det rettferdig å gje borgaren ansvaret for kvaliteten på den offentlege samtalen berre fordi ho har så mykje teknologisk utstyr mellom hendene? Har borgaren verkeleg så stor påverknad på mediekvardagen sin at ho må stå til rette for det innhaldet han får? Eg meiner svaret er ja.

Litteratur

Allmennkringkastingsrådet (2004) Rapport 2003. Fredrikstad: Statens medieforvaltning.
Brecht, Berthold (1932) [1967] Der Rundfunk als Kommunikationsapparat, i Gesammelte Werke, Bd. 18, Frankfurt/M.
Dewey, John (1927) [1991] The Public and its Problems. Athens (Ohio): Swallow Press.
Elgesem, Dag (2004) «Deliberative Technology?». Paper presentert ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen, 12.11.2004.
Kirke- og kulturdepartementet (2003) Søknadsdokument for radiokonsesjon. Sjå http://odin.dep.no/kkd/norsk/tema/medier/konsesjon/043061-990048/dok-bn.html